Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 193
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det ville no vere litt rart at Sverige og Finland går ut med dette, medan Norge prøver å halde det "hemmeleg".
  2. Når dei fyrst reagerte stengte dei ned landet på grunn av den mindre farlege omikronvarianten. Så viste det seg at den nye varianten både var meir smittsam og mindre farleg. I tillegg var befolkninga så godt vaksinerte at det ikkje lenger var snakk om pandemi. Dermed var full gjenopning uungåeleg. Men nedstenginga førte i det minste til ein rask slutt på deltavarianten, som var ei stor belastning på sjukehusa i førjulstida 2021. I etterpåklokskapens lys måtte ein evt. ha innført den siste nedstenginga før, og så byrja på ein strategi mot full gjenopning så snart omikronvarianten utkonkurrerte deltavarianten. Mi meining er at den norske koronahandteringa redda mange liv både direkte og indirekte (belastning på helsevesenet) i tida fram til det store fleirtalet var vaksinerte. Så får ein håpe at styresmaktene tek vare på alt ein har lært om beredskap, smittevernstiltak, skadeverknader ved nedstenging osv., slik at ein f.eks. ikkje hamnar i ein situasjon med mangel på smittevernutstyr eller behandlingskapasitet ved neste pandemi, og at ein då også kan unngå ein del av skadeverknadane som kom på grunn av sjølve nedstenginga.
  3. Om det ikkje oppstod problem før, oppstod det problem når desse skulle ut att i skule, arbeid osv. Det var lite kriminalitet under pandemien, men etter at samfunnet opna opp har ein fått ein epidemi av svenske tilstandar når det gjeld ungdomskriminalitet. Bortfall av skule, organiserte fritidsaktivitetar og møte med andre menneske har tydelegvis skubba mange unge ut på skråplanet. Elles har ein også sett auke i eteforstyrringar og psykiske problem både under- og etter pandemien.
  4. Eg kosar meg litt over dei 400(?) russarane som Ukraina har fanga i fabrikken i Vovtsjansk. Om ein får dei fleste til å overgje seg bør dette gje ein moralsk boost til ukrainarane, samt svekke moralen til dei russiske soldatane. I tillegg blir det enklare å jage russarane ut av Kharkiv-regionen, samt at fangane kan gje nyttig informasjon til Ukraina og brukast i fangeutvekslingar med Russland (eller evt. kjempe vidare for rebellane/på ukrainsk side). Det er elles interessant at den russuske framgangen i aust ser ut til å vere i ferd med å stagnere.
  5. Dei to siste dagane har vore "rolege" samanlikna med tidlegare. Er russarane byrja å spare på materiellet, og gått meir over til reine kjøtbølgjer?
  6. Skilnaden er at mange har hatt influensa, medan ingen hadde hatt korona. I dag har dei fleste ein viss immunitet mot både korona og influensa. Korona er ikkje lenger ein pandemi. Dette var meint som ein spøk. Men FHI har følgjande råd: Kjelde:
  7. Då kom følgjande epost: Dermed er ikkje straumavtale frå Vibb lenger gratis for nye kundar. I samsvar med prisgarantien vil eksisterande kundar behalde den gamle avtalen til det har gått 3 år sidan avtalen vart teikna.
  8. Korona? No er det kikhoste som gjeld. Hugs å sprite hendene, bruk munnbind og hald 2 meters avstand! 😂
  9. Kvifor skulle eit norsk fly hamne i russisk luftrom i utgangspunktet?
  10. Diverre er det nokon som snakkar ukrainsk(?), slik at ein ikkje får høyre kva ho eigentleg seier. Og i det eg skulle stille spørsmål har nokon på Twitter skrive kva det eigentleg var som vart sagt, og at det ikkje er nemnt noko som helst om russisk kapitulasjon. Meloni og Italia er vel mellom dei som framleis ikkje vil la Ukraina forsvare seg med å angripe inn i Russland.
  11. Dette er vel det ein i Norge kallar ein tohjulstraktor. Bakparten på desse kan takast av, og så kan ein f.eks. setje plog på framparten og bruke den til å pløye opp ein potetåker. Desse var vanlege på Vestlandet for 50-60 år sidan. Traktorane var gjerne av merket AEBI, og produserte i Sveits. Naboen hadde ein AEBI AM80. Ei slåmaskin er også eigentleg ein tohjulstraktor. Nok ein gong ser ein at russarane må hente fram gammalt utstyr. EDIT: Ser at @Mannen med ljåen og @bojanglesallereie har sagt det same.
  12. NATO-landet Tyrkia gjorde dette for nokre år sidan.
  13. Er årsaka til at Russarane rekk å evakuere flya at dronene er for trege, eller har Denis Davydov rett når han peikar på forredarar på innsida av det ukrainske forsvaret som årsak?
  14. I så fall er det vel rett og rimeleg at dei samstundes innfører ein regel om at ein kan investere i solceller og trekkje dette frå på skatten.
  15. Og dersom ikkje F16-flya endrar spelet nevneverdig, så kan du framleis ha rett likevel. Dersom det er slik at Ukraina berre er ein del av eit spel der ein held Russland nede, men at ein ikkje vil risikere at Russland taper med kaos og oppløysing som mogelege følgjer blir ein berre oppgitt. I så fall har Ukraina blødd i over 2 år forgjeves, berre for å vere ei brikke i eit spel. Ein må gje Ukraina det som skal til for at dei skal vinne. Når det blir skapt eit inntrykk av at Vesten er handlingslamma og demokratiet forsvarslaust kan det like gjerne ende med at det blir Vesten som til slutt blir svekka og går i oppløysing.
  16. Kva skjer med dei gamle fasttelefonnummera no som dei gamle koparkablane er fjerna og knapt nokon har fasttelefon lenger? Vil desse nummerseriane etter kvart bli brukt til mobiltelefoni?
  17. Før du kastar fjernkontrollen kunne det vel vere interessant å prøve om knappane fungerer når du trykkjer direkte på dei små rundingane.
  18. Trådstartar må evt. oppklare om han aktivt har sagt opp eller ikkje. Eg er uansett ganske sikker på at dersom ein har ein kontantkort-sim og legg den i ei skuff i... la oss seie 10 år, så vil abonnement og nummer vere tapt.
  19. I dette tilfellet er det vel snakk om russiske turistar som vil ut av Russland.
  20. Finn du nummeret forresten dersom du søkjer i opplysingsteneste som telefonkatalogen.no, 1881 eller 1890?
  21. Telenor sender tekstmelding om at abonnementet blir stengt om ein ikkje ladar innan den og den dato. Eg er usikker på om det er 12 eller 15 månader, men dette vil ein finne om ein les vilkåra. Minste ladebeløp er 25 kr., og då har ein nummeret 12 (eller 15?) månader til.
  22. Og frå Wikipedia: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Democratic_Alliance Kan dette samarbeidet føre til at Sør-Afrika distanserer seg litt frå Russland?
×
×
  • Opprett ny...