-
Innlegg
8 193 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Som trådstartar sjølv seier var det tidlegare ikkje uvanleg for kvinner å få born fram til ein er 46-47 (mor mi var 41, farmor 46), men sjansen vil vel minske alt frå ein er i 30-åra. Ein skal vel heller ikkje sjå vekk frå at livsstilsendringar og ureining/miljøpåverknader gjer at fertiliteten i dag er lågare og/eller at overgangsalderen kjem tidlegare. Det er vel uansett berre ein måte å finne ut dette på, nemleg å prøve. Om det ikkje fungerer skulle jo også adopsjon vere eit mogeleg alternativ.
- 43 svar
-
- 1
-
Har krigen i Ukraina, alliansen mellom Russland og Iran, 7. oktober-terroren og/eller Gaza-krigen påverka forholdet mellom Israel og Russland? Korleis er synet på Russland i Israel i dag?
- 62 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det nokon som kan nekte dei det, dersom Ukraina ynskjer dei velkommen? -
Og kvifor er Israel alliert med Tyrkia og Azerbajdsjan? Er det fordi alle desse landa har sterke leiarar som "snakkar same språk", og som ikkje går av vegen for å føre krig for å oppnå sine mål?
- 62 svar
-
- 2
-
Er forholdet mellom Israel og Russland tradisjonelt like dårleg? Og evt. kvifor ikkje? Ein stor del av den jødiske befolkninga i Israel er vel nettopp frå Russland. Har religion noko å seie? Korleis ville russiskortodokse kristne bli behandla i Israel samanlikna med den armensk-kristelege minoriteten?
- 62 svar
-
- 2
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Elles trur eg at mange av Russland sine vener jattar med Russland fordi dei ser at Vesten er svake. Dersom Ukraina skulle få frie tøylar og nok støtte til at dei kjem på offensiven og krigen snur skal ein ikkje sjå vekk frå at India og ein del andre land lener seg meir mot Vesten. Under krigen var Sverige nøytralt men tyskvennleg så lenge tyskarane hadde framgang, og nøytralt men alliert-vennleg etter at den tyske krigslukka snudde. Dersom ein utelukkande tenkjer på sitt eige land sine interesser er dette ei fornuftig tilnærming. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kan det vere slik at Lukasjenko prøver å snu ryggen til Putin for å ikkje bli dregen inn i krigen, samstundes som han søkjer støtte hos storebror, Kina? -
Kvifor er forholdet dårleg mellom Israel og Armenia, evt. mellom Israel og armensk-kristne innbyggjarar? Og kvifor støttar Israel Azerbajdsjan? Både jødar og armenarar har historisk blitt utsette for folkemord. Burde ikkje desse landa då heller ha vore allierte?
- 62 svar
-
- 2
-
Er denne muslimen ansvarleg for kva andre muslimar gjer eller har gjort opp gjennom historia? Er du og eg ansvarlege for det norsk politi og styresmakter gjorde då nazistane sendte dei av dei norske jødane som ikkje rakk å komme seg ut av landet på førehand til tyske utryddingsleirar? Har vi noko ansvar for at folk frå Afrika med ein annan hudfarge vart sendt til USA som slavar? Skulle ein også nekte norske jødar å meine noko om alt det som er gale i verda på grunn av at Israel driv ein krig som i stor grad rammar sivilbefolkninga i Gaza? Dette er godt sagt. Men om ikkje berre ein sjølv, men også landet ein representerer, andre med det same livssynet som ein har sjølv osv. skulle måtte vere utan skuld før ein kan kaste den fyrste steinen diskutere andre ting trur eg at det ville bli svært stille - både på diskusjon.no og i samfunnet generelt.
- 62 svar
-
- 5
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det som held Russland inne i krigen er Biden, Scholz og alle andre som heile tida gjev Ukraina litt for lite, altfor seint og som stadig legg begrensningar på korleis Ukraina kan kjempe fordi dei er redde for "eskalering". Ein er altfor redd for kva som kan skje dersom Ukraina skulle komme på offensiven og vinne krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, her burde ein ta fram popcornet medan ein sendte Orban til Kina eller Pakistan med ein "fredsplan". -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg skulle helst ha sett at restriksjonane ikkje var "reduced", men derimot "removed". Ukraina veit best korleis dei kan bruke vestlege (samt eigne/sovjetiske) våpen til å slå til mot Russland på ein fornuftig måte, og har bevist dette over lang tid. Det er viktig at Ukraina får lov til å slå til mot russiske flybasar, slik at det blir vanskelegare for Russland å bombe Ukraina i filler med glidebomber. Det er meiningslaust at dei må kjempe denne krigen med ei hand på ryggen.- 71 290 svar
-
- 14
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Takk for artikkelen. Dette var oppklarande. Det går fram at det har vore begrensningar heile tida, men Zelenskyj hevda sjølv at den nye britiske regjeringa ville løsne på desse begrensningane. Men dette viste seg å ikkje stemme. Så situasjonen er uendra, i allefall så langt. Også britane ser med andre ord ut til å lide av "eskaleringsfrykt". -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kven er det tredje landet? Er det Biden og USA som er bremsekloss igjen? Eg tek gjerne imot artikkelen på PM. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
99 land stemte for, 60 avsto frå å stemme. Deriblant India og Kina. Dei 9 som stemte imot (Kjelde: Denys Davydov): -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://t.me/pilotblog Bileta i siste video frå Davydov om "førebuingar på Krim" viste seg altså å vere frå Odesa. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.telegraph.co.uk/world-news/2024/07/11/starmer-ukraine-british-storm-shadow-missiles-russia/ Britisk snuoperasjon om bruk av Storm Shadows mot mål inne i Russland, om ein skal tru The Telegraph. Artikkelen er bak betalingsmur, så eg får ikkje lese den. Held heile den vestlege støtta til Ukraina på å falle saman? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Scholz burde ta seg ein tur til Kharkhiv for å finne ut om det er "unødvendig" å forsvare seg mot russiske glidebomber som kjem fordi Ukraina ikkje får slå til mot flybasane som Russland brukar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg er sanneleg ikkje sikker. I mai grilla leiaren i utanrikskomiteen i kongressen (republikanar) Blinken om frisona Russland hadde bak grensa til Kharkhiv-regionen, og understreka at kongressen ikkje hadde lagt begrensningar på bruken av amerikanske våpen, og framståande republikanarar har også ved andre høve sagt at Ukraina burde få bruke amerikanske våpen slik det passar best. Trump har trua med å svikte NATO-land som ikkje betalar nok, men truslane kan sjåast på som eit krav om at medlemslanda betalar meir i ei tid der dette er heilt naudsynt. Trump har også lova at han vil ha ei rask avslutning på krigen, i motsetnad til utmattingskrigen som Biden-administrasjonen har stått for. Det er ingen annan måte han kan få dette til på enn ved ein ukrainsk siger. Europeiske land har saman med NATO involvert seg så sterkt i denne krigen at det vil vere umogeleg for ein amerikansk president å stanse dette. Samstundes vil Ukraina halde fram med å kjempe for eigen eksistens så lenge dei kan. Biden og Scholz er nesten like store problem som Orban, om enn på ein annan måte. Trump har kritisert Biden for den lite ærefulle tilbaketrekkjinga frå Afghanistan, men får no sjansen til å vise kva han duger til. Eg kryssar fingrane for at Trump og republikanarane fjernar alle sjølvpålagde begrensningar og syter for at Russland må trekkje seg ut av Ukraina for godt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/norge/fly-angripes-av-fiendtlige-signaler-_-mister-kontakten-1.16914179 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein får håpe at polakkane er i stand til å tenkje sjølv og ta sjølvstendige avgjerder. Om Biden får det slik han vil blir det ein langvarig blodig utmattingskrig som til slutt endar med at Ukraina må inngå ein "fredsavtale" på Putin sine premissar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Han der skulle eg ynskje hadde stått fram etter 11/9 2001, då USA invaderte Afghanistan og Irak. Men dette er heilt malplassert i ein situasjon der Russland er den eskalerande parten, og Europa står ovanfor trusselen frå ein ny Hitler. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein kan byrje å lure på om Ukraina får nokon fly før etter at Donald Trump har teke plass i det kvite huset. Danmark har lova F16 i Ukraina i løpet av sommaren, altså innan 1/9. Kan dette halde, eller ville Biden komme til å "pisse i buksa" av "eskaleringsfrykt"? Redigert: Ser at Danmark nok ein gong stadfestar at Ukraina vil få F16 i sommar. Dette er lovande. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er dette dei same Patriot-systema som har blitt lova i lenger tid? Kor tid kjem desse til Ukraina. Ser ein dei i bruk før Ukraina er gått i svart i vinterkulden? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Smilet minner om ABB.