Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 854
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Men sjølve promisset er feil, på same måten som tesen om at jorda er flat. Europa har aldri hatt fri innvandring. Samstundes er ein heilt avhengig av innvandring for at Norge og Europa skal gå rundt. Mangfald, som Trump-administrasjonen har gått til krig mot inneber at ein kan seie og meine det ein vil (med visse unntak knytt til hat, truslar og terror), vere den ein er, liggje med den ein vil, og at alle skal ha dei same rettane og dei same mogelegheitene uavhengig av kven ein er. Dette er europeiske verdiar som ein må slå ring om i ei tid der demokratiutviklinga går i revers over store deler av verda. Det er også slik at klimaendringane iallefall for ein stor del er menneskeskapte, og det må radikale endringar til for at det skal vere mogeleg å leve- og ha gode liv på denne planeten i framtida. Men eg forstår godt at dei som oppfattar dette heilt annleis enn meg, og som føler at deira stemme ikkje blir høyrt går til alternative parti på ytterfløyane. Det hjelper heller ikkje at politikarar med tunnelsyn gjer dumme ting som å leggje ned atomkraft og satse einsidig på ustabil vindkraft som vil øydeleggje mykje natur. Utfordringa er å nå fram til desse veljargruppene, slik at dei i det minste kan ha ei oppfatning av verda som stemmer mest mogeleg med verkelegheita, og ikkje lar seg forføre av folk som er imot mangfald og innvandring for ein kvar pris, som hevdar at klimaendringane ikkje er menneskeskapte, som alltid treng nokon syndebukkar å leggje skulda på, eller som hevdar at jorda er flat.
  2. Denys Davydov har nemnt dette mange gonger, og meiner at det må reformer til.
  3. Lat no amerikanarane få ha kulturkrigen sin i fred. Du argumenterer nesten som Donald Trump.
  4. Heile lista: Handlar Trumps USA mykje med Iran? Dei slepp i følgje lista unna med 10%, medan det blir lagt 17% på varer frå Israel.
  5. https://www.vg.no/nyheter/i/alxMyL/usa-med-nye-sanksjoner-mot-russland-ifoelge-finansdepartementet
  6. https://www.nrk.no/direkte/xl/uken-uten-usa-1.17344455 Konklusjon: Ein er altfor avhengig av amerikansk teknologi, noko som i framtida kan utgjere ein sikkerheitstrussel.
  7. https://www.nrk.no/urix/usa-krev-igjen-at-militaerstotta-blir-betalt-tilbake_-_-ei-skam-1.17365253
  8. Eit vaklande USA som stiller seg på sidelinja kan vel også auke sannsynlegheita for at interne konfliktar som f.eks. den mellom Hellas og Tyrkia kan komme opp til overflata.
  9. Akkurat Sudsja er det vel ikkje avklart kven som sprengte?
  10. https://www.nrk.no/urix/finland-trekker-seg-fra-den-internasjonale-landminekonvensjonen-1.17365378
  11. Det er vel snakk om verneplikt, og ikkje ei ny mobilisering slik ein såg hausten 2022? Mobilisering er upopulært, og Putin har difor lokka med skyhøge bonusar for kjøtfyll som melder seg frivillig framfor å gjennomføre generell mobilisering.
  12. Det er viktig at Ukraina og Europa nyttar tida til å gjere både Ukraina og seg sjølv mindre avhengig av amerikansk hjelp og etterretning, slik at ein kan greie seg så godt som mogeleg når Trump skrur av brytaren for godt.
  13. https://www.nrk.no/urix/stortingspresidenten-er-i-ukraina-1.17363004
  14. https://www.nrk.no/urix/kan-nato-klare-seg-utan-usa_-dette-har-vi-av-pengar_-soldatar-og-vapen-1.17354680
  15. Det var nok lurt av Ukraina å halde amerikanarane utanfor. Planar og informasjon som vart delt med USA ville ofte bli lekt til Russland. Amerikanarane trudde vel i utgangspunktet også at Russland skulle ta Ukraina på nokre dagar, og hadde ikkje planlagt å hjelpe landet.
  16. Gjer dette det meir sannsynleg at Kertsj-brua kan ryke i nær framtid?
  17. Dette blir rett nok utanfor temaet for tråden. Men kvifor i all verda tok ein vaksine mot tuberkulose ut av barnevaksinasjonsprogrammet? Så lenge denne sjukdommen er aktiv andre stader i verda vil den før eller sidan blomstre opp også her i Norge.
  18. I dag er vel fokuset fyrst og fremst på nyting og forbruk, framfor fasting og ettertanke. Det er vel heller ikkje så mange som er særleg religiøse. For 100 år sidan låg bibelen framme i stova, og folk las i den om sundagane.
  19. Eg slenger meg på, og håpar at de får ei fin feiring. Et de noko spesielt før fastetida byrjar, som f.eks. fastelavnsbollar med syltety og krem?
×
×
  • Opprett ny...