-
Innlegg
8 191 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Frankrike slit med å danne ei styringsdyktig regjering etter parlamentsvalet. https://www.nrk.no/urix/sju-veker-etter-valet-star-frankrike-framleis-utan-ei-regjering-1.17019385 (Frankrike er viktig som støttespelar for Ukraina). -
Hadde ho rett likevel? Forskar og lege vart "frosen ut" etter å ha delteke i "Debatten" hos Fredrik Solvang i mars 2020. https://www.nrk.no/buskerud/xl/virusvarsleren-1.16898600
- 182 svar
-
- 1
-
Israels utanriksminister med propaganda-utspel på Twitter: https://www.nrk.no/urix/israels-utanriksminister-seier-store-jobbar-for-ein-terrorstat-styrt-av-hamas-og-iran-1.17016014 Har dette utspelet med bilete av Geiranger noko som helst slags rot i verkelegheita? Dette minner vel mest om ting ein ser frå russiske propagandistar i samband med Ukraina-krigen. Sjølv Kina oppførte seg ikkje på denne måten då dei boikotta Norge etter den kontroversielle fredsprisutdelinga. Til det som står i artikkelen: Den norske regjeringa gjorde ein grov feil når det tok dei heile 4 dagar før dei omsider valde å kalle angrepet 7/10 for terror.
- 309 svar
-
- 2
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russland brukar arrestasjonen av Telegram-grunnleggjaren til å drive propaganda: https://www.nrk.no/urix/telegram_-_-pavel-durov-har-ingenting-a-skjule-1.17016638 Krigen er også ein informasjonskrig, og denne hendinga har vel vore eit bidrag til å styrke russiske narrativ. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kvar blir det av det vestlege luftvernet som er lova? Neste steg bør vere å bombe basane der dronene og missila kjem frå. Om ikkje USA vil la dei bruke amerikanske våpen får Ukraina bruke eigenutvikla Neptun-missil eller droner. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Treng ein ikkje begge deler? Det er liten vits i å følgje med på ein tråd dersom den er eit ekkokammer som berre formidlar ein del av sanninga. I staden for å fokusere på personar bør ein diskutere sak. At kvaliteten på mobiliserte ukrainarar ikkje alltid er så god som den burde vere ser ut til å vere eit reelt problem. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kan du utdjupe dei fyrste tinga litt? Kva var fiaskoen mot Russland i 1992, og var det ikkje republikanaren George Bush Sr. som var president fram til og med 1992? I 1999 gjekk trass alt NATO til krig mot Jugoslavia, slik at ein fekk slutt på serbiske overgrep mot Kosovo-albanarane. Rett nok var vel dette innblanding i interne forhold, og har blitt brukt som påskot for seinare russiske invasjonar i andre land. Meiner du at NATO burde ha halde seg unna? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No er vel påstandar frå ein russisk viseforsvarsminister på russisk propaganda-tv uansett ikkje så mykje å feste lit til. Dette kan vel like godt vere eit teikn på at russarane vil prøve å drepe Zelenskyj, jf. det at dei pleier å skulde andre for det dei har tenkt å gjere sjølv. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kvifor det? Har du nokon kjelder på dette? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er IS identisk med Ilta Sanomat? https://en.m.wikipedia.org/wiki/Ilta-Sanomat -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Betre seint enn aldri. Det har vel blitt nemnt tidlegare at USA ikkje delte etteretningsinformasjon frå russiske område med Ukraina, slik at ukrainarane har måtta greie seg sjølv. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er kanskje ein konsekvens av at Zelenskyj venta for lenge med å mobilisere? Det er vel elles ei kjent sak at mange av dei mest patriotiske som melde seg i starten av krigen er døde, og det er naturleg at dei som blir (tvangs)mobiliserte ikkje har heilt den same viljen- eller evnene til å kjempe for landet sitt. Dette ser ein i enno større grad blant russiske vernepliktige i Kursk, som sikkert heller ikkje forstår kvifor ein har denne krigen i utgangspunktet. (Eller kanskje er det akkurat dette dei har forstått). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når det er dei folka der som forsvarar Telegram seier det kanskje sitt. Har dei litt rett, eller er det eg som tek heilt feil? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om paven ikkje er betre informert enn dette burde han ha halde kjeft og halde seg unna politikk. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Denys brukte litt tid på dette i den siste youtube-oppdateringa. Han meiner at dette er eit feilgrep. Han brukar sjølv Telegram til å informere, og må drive mykje sjølvsensur når han lagar Youtube-oppdateringane for å unngå at videoane skal bli blokkerte. Også demokratiske land i Vesten prøver å kontrollere brukarane, om enn ikkje i ei grad som tilsvarar det ein ser i Russland. Han snakkar også om Twitter som alternativ, og ein veit korleis det fungerer med ruzziske bot-ar og ein eigar som er langt ute på høgresida og tildels støttar Russland. Durov har på si side nekta å samarbeide med- og utlevere data til det russiske regimet. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ikkje forstyrr, dei er nok opptekne med krigen på Gaza og konfliktane i Midtausten. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Då får ein håpe at Sør-Afrika med dette skadar seg sjølv, slik at ingen torer å bruke dei som leverandør og at Rheinmetall flyttar produksjonen til land som ein kan stole på. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ukrainske bønder med traktorar er vel kjent for å vere flinke til å taue med seg russisk skrot. Det er bra at det finst kraftigare hjelpemidlar når traktorar ikkje strekkjer til. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om dette stemmer var det altså verken atomtruslar, frykt for oppløysing og atomvåpen på avvege eller ynsket om å svekke Russland så mykje som mogeleg ved å kjempe til siste ukrainar som var årsaka til den vaklande støtta, men rett og slett pengar og ei målsetjing om å drive bisniss med Russland i framtida. Biden har tydelegvis meir til felles med Donald Trump enn kva ein har trudd. Ein får håpe at Kamala Harris kan bli president og føre ein handlekraftig politikk som får sett ein stoppar for galskapen, og som får Russland ut av Ukraina for godt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Et lite flisespikk, bare Ingenting i Ukraina er å regne som legitime mål. Krigen er ulovlig og det er ingen erklært krig eller militære mål i Ukraina. Absolutt alt Russland foretar seg der er statlig sponset terror. Alle land som ønsker, inkludert Norge, kan sende hva de enn ønsker til Ukraina, uten at det finnes noen rimelig eller legitim russisk militær responst. Angriper Russland norske borgere og representater for forsvaret eller forsvarsindustrien inne i Ukraina, så har Norge rett til å konsultere om og påkalle Artikkel 5 av NATO-traktaten. Om angrepet på NATO-styrker skjer i internasjonalt farvann eller i et annet land er egentlig ikke relevant så lenge det skjer i NATOs ansvarsområde i Nord-Amerika eller Europa og den nordlige vendekrets (tropic of cancer). Poenget var nok at våpenproduksjon i Ukraina vil vere eit militært mål, og at ein difor vel å lære opp ukrainarar framfor å sende nordmenn dit. Han sa faktisk "legitimt militært mål", men eg ser på dette som at det er lett å forsnakke seg under eit intervju på riksdekkande tv. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Vestlandsrevyen nemnte at det er ukrainsk nasjonaldag i morgon. -
Om ein reknar slik er det også dobbeltbeskatning på utbytte. Fyrst skattar bedrifta for overskotet, deretter må den som mottek utbytte betale utbytteskatt på det som blir att.
- 70 svar
-
- 3
-
Er det kommunen som betalar for nytt regjeringskvartal? Dette burde etter mi meining vere ei statleg oppgåve. Elles kunne vel overskridingane til Stortingsgarasjen ha finansiert eit heilt vegprosjekt i Sogn og Fjordane. Tilsvarande med prestisjeprosjektet med minnestad på fastlandet ved Utøya, og som vart tredd ned over hovudet på naboane som framleis slit med traumer etter terroren 22/7 2011.
- 70 svar
-
- 1
-
Dette er eit godt poeng. Det er f.eks. ikkje alle som brukar opp pengane på sydenferiar og reising. Eller som har mogelegheit til å reise.
- 70 svar
-
- 3