Kva var uklart/feil med dette? Dette må de forklare nærmare. Eg beklagar om eg er dum, men dette må eg ha inn med teskei. Eg opplever det også som litt utidig at nokon hevdar at eg støttar Russland, noko som eg absolutt ikkje gjer. Vi er her for å diskutere sak, ikkje person.
Ukraina veksla tidlegare mellom Russlandvennlege og vestvennlege regjeringar. Eg tenkte på Maidan-opprøret for nokre år sidan, som starta etter at den russiskvennlege presidenten ikkje ville godkjenne ein avtale med EU. Vi veit kva som skjedde etter dette, at presidenten flykta til Russland, nyval i Ukraina, anneksjonen av Krim, opprøret i Aust-Ukraina som russarane støtta, og som dei seinare tok over. Og no krigen som russarane starta. Er det ikkje rett å seie at regimet i 2014 vart kasta/styrta/avsett av det ukrainske folket?
Takk til @SerpentbaneSerpentbane, som faktisk svarte på spørsmålet mitt. Når det gjeld Kazhakhstan forbind eg landet fyrst og fremst med skiløparen Vladimir Smirnov, og har lite greie på landet og forholda der utover dette.