-
Innlegg
8 191 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/evakuering-fra-kherson_-beskytes-av-russiske-styrker-1.16196194 Redigert: Dette var visst allereie nemnt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Snø og kulde rammar Kiev. https://www.nrk.no/nyheter/1.16196862 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein har vel sett forsøk på slikt før. https://no.wikipedia.org/wiki/Viktor_Jusjtsjenko -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/finnes-det-noen-mulighet-for-fred-i-ukraina_-1.16190715 I følgje artikkelen skal det ha blitt lagt fram eit forslag på G20-møtet om at Russland skulle gje tilbake heile aust-Ukraina mot at spørsmålet om Krim samt spørsmålet om ukrainsk Nato-medlemsskap skulle liggje på vent i 7 år. Russland "svarte" som kjent med rakettregn mot ukrainsk infrastruktur. Nrk-artikkelen lenkar til ein artikkel i Ukrainska Pravda, som eg har sendt gjennom Google translate: https://www-pravda-com-ua.translate.goog/rus/articles/2022/11/22/7377356/?_x_tr_sl=auto&_x_tr_tl=no&_x_tr_hl=no&_x_tr_pto=wapp Det mest interessante her er vel (om eg forstår dette rett) at dette også skal ha vore foreslått allereie i april, men at Zelensky då meinte at ein slik avtale var for tapande, og at samfunnet ikkje ville akseptere den. Det er uansett ein fare dersom Russland skulle greie å overbevise nokon om at det er dei som vil forhandle, men at det er Ukraina som ikkje vil. Etter mi meining er det berre russarane som ville tene på forhandlingar no, og det er såleis viktig at Vesten med USA i spissen ikkje vinglar, men at ein held fram med støtta så lenge det er nødvendig. Når Putin brukar alle mogelege midlar for å øydeleggje Ukraina og tvinge dei i kne må heller støtta intensiverast. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/faeroeyene-inngaar-omstridt-fiskeriavtale-med-russland.i0rFJoOhB -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/norge-har-utfordringer-med-aa-skaffe-forsvarsmateriell.txYOdJHSZ -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No er ikkje dette "problemer på hjemmebane", men Russland som invaderer eit naboland. Eg trur Norge og andre land skal vere glade for at vi har USA og Nato i ryggen.- 71 273 svar
-
- 10
-
Black Friday, Black Week, Cyber Monday og Singles day 2022
torbjornen svarte på Labelle sitt emne i Pris- og produktjakt
E24: Black friday innfridde ikkje. https://e24.no/privatoekonomi/i/9zkqjq/oekte-priser-foer-black-friday-risikerer-omdoemmetap?referer=https%3A%2F%2Fwww.vg.no- 285 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
130 000 framleis utan straum i Kiev. (Eg tykkjer ukrainarane har vore flinke som allereie har fått nesten alle på nett igjen). https://www.nrk.no/nyheter/1.16196334 Det står verre til andre stader. Over 6 millionar ukrainarar utan straum. https://www.nrk.no/nyheter/1.16196022 Gratis å sende pakkar til Ukraina. https://www.nrk.no/nyheter/1.16196134 Storbritannia hevdar russarane skyt med uarmerte rakettar, også nemnt eit par gonger her i tråden. (Poenget er vel å skyte i par, slik at ukrainarane skyt på narremålet slik at den andre raketten kan treffe målet uhindra). https://www.nrk.no/nyheter/1.16196126 Ukraina hevdar at dei har drepe iranske droneinstruktørar. https://www.nrk.no/nyheter/1.16196114 Folk blir evakuert frå Kherson på grunn av stadige russiske angrep. https://www.nrk.no/nyheter/1.16196088 Russisk bombing av Kramatorsk. https://www.nrk.no/nyheter/1.16196036 Alt henta frå https://www.nrk.no/nyheter/krigen-i-ukraina-1.11480927 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel blitt hevda at russarane slit med mangel på utstyr. Ukrainarane får hjelp frå Vesten. Ein kald vinter kan såleis vere ein fordel på slagmarka, gitt at ein greier å halde oppe logistikk og eit fungerande sivilsamfunn trass i russisk terrorbombing av straumnettet og annan infrastruktur. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kina kan også vere tent med at merksemda til USA er andre stader, slik at dei ikkje får fleire sanksjonar tredd ned over hovudet. Jf. Huaweii. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dei ber også om både meir våpen og meir luftvern. https://www.nrk.no/urix/zelenskyj-radgiver-ber-om-stromgeneratorer-og-hjelp-til-oppvarming-1.16195794 Skal tru om tyskarane vil gå frå å diskutere å sende Patriot-luftvern til Ukraina til å gjere alvor av dette? Er det USA som er bremseklossen som gjer at Nato ikkje har sendt f.eks. kampfly eller meir luftvern til Ukraina? Når russarane brukar alle midlar kan ikkje Nato halde att dersom Ukraina skal vinne krigen. Det er elles bra at Stoltenberg som tidlegare har nemnt at det truleg vil bli forhandlingar på eitt eller anna tidspunkt no strekar under at Nato vil halde fram med å støtte Ukraina " as long as it takes". -
Hugs også at vi er alle ulike, og med ulike preferansar. For min del (eg er 1,80) trur eg heller at eg ville føretrekkje ei jente som var litt høg og med "normal" kroppsfasong enn ei som var lita og tynn. Det er uansett mange andre ting som har meir å seie.
-
En merkelig historie om VoLTE hos ICE
torbjornen svarte på NorsknRev sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Eg lurte på om eg skulle slå til på Black week-tilbodet frå Samsung og Chilimobil, men då sparer eg heller dei pengane til ein annan gong. Den snart 10 år gamle mobilen min (Galaxy S4 med LineageOS) fungerer framleis greit, og har både vipps og bank-id app, men må ha 2G for å kunne ringe/motta samtalar. Så lenge ein ikkje har bruk for ny er dette bra både for lommeboka og miljøet. -
En merkelig historie om VoLTE hos ICE
torbjornen svarte på NorsknRev sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Er det sagt noko om kor tid operatørane byrjar å slå av 2G-nettet? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I så fall er det jo heller ikkje så mykje å forhandle om. Vi får håpe at Ukraina er sterke nok til å drive russarane ut, og at Vesten er villige til å halde fram med å støtte Ukraina sjølv om krigen skulle bli langvarig. Eg tykkjer at det går trått for tida, og enkelte stader har vel til og med russarane hatt litt framgang(?). I tillegg har Russland funne ein effektiv måte å straffe sivilbefolkninga på ved å ramme straumnettet. Det har lenge vore snakk om at russarane snart er tomme for rakettar, men likevel greier dei å skyte straumnettet i filler gong på gong. Eg håpar at Vesten gjev dei våpena og det luftvernet Ukraina treng for å forsvare seg, og at det snart må komme ein russisk kollaps og nye gjennombrot. Korleis utviklar tapstala til russarane seg no? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/gutten-som-ble-et-symbol-pa-et-folk-i-krig-1.16193081 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein annan ting er at dersom befolkninga på Krim og/eller i dei såkalla folkerepublikkane i stor grad er russiskvennlege (noko som ein i dag ikkje veit) kan det faktisk vere ein fordel for Ukraina å bli kvitt desse områda. Det vil gjere det enklare å halde på eit stabilt vestvennleg styre i framtida, og vil gjere det enklare å få Ukraina inn i EU og Nato. Om Ukraina beheld områda aukar sannsynlegheita for russiskvennlege regjeringar som den som vart kasta i Maidan-opprøret i 2014 eller som den i Ungarn. Og då har jo plutseleg Putin oppnådd den opprinnelege målsetjinga for krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det må vere dei som budde der i 2014 som har stemmerett ved ei slik folkeavstemming. Dersom Ukraina berre turar fram risikerer ein mindre støtte frå verdssamfunnet samt at Russland mobiliserer enno meir. Det kan difor vere slik at forhandlingar om desse områda sin status, og der Russland trekkjer seg frivillig ut blir eit mindre vonde enn å halde fram krigen og prøve å drive russarane heilt ut. Men fyrst må iallefall russarane drivast tilbake til grensene før 24/2 2022. Minst. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ikkje dersom FN har kontroll over folkeavstemminga. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er også mitt inntrykk. Då krigen starta var det reportasjar frå Kina i Nrk, og eg fekk inntrykk av at Kina stillteiande støtta Russland, at media var forsiktige med å kalle det krig og at folk på gata var skeptiske mot Vesten og meir opptekne av vestleg hykleri med tanke på andre krigar enn av det som gjekk føre seg i Ukraina. Det kan kanskje virke som at stemninga har snudd litt, og det er i så fall bra. Ein kan kanskje spekulere i om årsakene kan vere den ekstreme russiske retorikken, den omsynslause maktbruken/terroren mot sivilbefolkninga, at det går dårleg på slagmarka samt at landet blir meir og meir isolert. På same tid har Kina inga interesse av å bli blanda inn i konflikten, og har heile tida vore imot sanksjonar og prøvd å halde seg nøytrale, slik at dei kan drive handel med alle sider og kanskje til og med tene på krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/1.16192927 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det skulle ha vore interessant å få vite kva kinesarane sa under møtet i sikkerheitsrådet. Elles kan eg ikkje forstå at ikkje USA fører Russland opp på lista over land som støttar terror. Det er mange land på den lista som har gjort langt mindre alvorlege ting enn Russland. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Bra! Polen har vore ein av Ukraina sine viktigaste støttespelarar heile tida, trass i at dei sjølv ligg utsett til om noko skulle skje. Eg håpar at Tyskland følgjer dette rådet, Ukraina treng meir luftvern NO. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er gode poeng, men det er også ein viss skilnad på innvandring og folk som har budd der i generasjonar. Dersom vi meiner noko med håpet om demokrati må det jo også vere interessant å få vite kva folket der eigentleg meiner. Tenk på det slaget det vil vere for Putin og dei russiske nasjonalistane dersom det skulle vise seg at eit stort fleirtal i Donetsk, Luhansk og/eller på Krim heller vil bli i Ukraina enn at områda skal bli ein del av Russland. Om Ukraina i staden berre overkøyrer lokalbefolkninga kan russarane påstå at det er gjort ein stor urett mot dei, noko som kan leggje grunnlag for ny krig ein annan gong. Så er det også gode argument for at ein bandittstat som Russland heller må gje frå seg land som straff, slik som f.eks. Tyskland måtte gjere etter 1. og 2. verdskrigen. Det beste som kunne skje er kanskje at Russland går i oppløysing slik at dei aldri kan komme tilbake som stormakt. Når det gjaldt tyskarane følte dei seg audmjuka og ville ha gammal storheit tilbake og resultatet vart at Hitler kom til makta og det vart ny krig og eit skrekkvelde med masseutrydding av jødar, sigøynarar og andre som ikkje passa inn i nazistane sine ideal. Det finst nok visse likheitstrekk med Russland: Kaos under Jeltsin på 90-talet, russarane følte seg svikta av Vesten og ville ha gammal storheit tilbake, resultatet er Putin, nasjonalisme og krig mot naboland.