Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 191
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det fyrste spørsmålet som melder seg er om du har jordfeilbrytar, evt. automatsikringar med innebygd jordfeilbrytar for kvar kurs. Løyser jordfeilbrytaren eller evt. automatsikringen ut når du trykkjer på testknappen? Dersom du har eit gammalt anlegg med skrusikringar utan jordfeilbrytar kan det vere farleg. I så fall bør du skifte ut innmaten i sikringsskåpet, slik at du får moderne automatsikringar (som har innebygd jordfeilbrytar), samt overspenningsvern. Dette vil truleg koste nokre/ein del tusenlappar, men er vel verdt det. Her i huset hadde vi ein gammal Elektra-komfyr frå 1967, og etter at eg fekk skifta ut innmaten i sikringsskåpet måtte komfyren skiftast ut fordi sikringen (jordfeilbrytaren) slo ut. Eg er i ettertid glad for at dette vart gjort.
  2. Eg kan forstå frustrasjonen. Likevel er det ofte slik at ei sak har fleire sider, og dersom alle var einige om alt ville det heller ikkje bli nokon diskusjon. Etter mi meining er det positivt med ulike innfallsvinklar, og også meiningsmotstandarar vil kunne ha gode poeng. Resultatet er at alle lærer noko. Slik er det i eit demokrati, og motsetnaden er eit samfunn der berre ei meining får komme fram, og der folk får 15 år i fengsel for å seie noko som ikkje er i tråd med det offisielle synet.
  3. Ytringsfridommen blir stadig innskrenka i Russland. https://www.nrk.no/nyheter/1.16202019
  4. Då får ein sende med ekspertar frå Nato som kan bruke systema og lære opp ukrainarane. Luftvernet må kunne takast i bruk før alt er øydelagt, elles kan innsatsen bli forgjeves. Når russarane har fått slått ut straumnettet er vel våpenlager og kommandosentralar neste mål. Sjølv om den amerikanske "eksperten" det blir referert til ovanfor står på russarane si side har han kanskje nokre poeng. Dette er ikkje tida for å diskutere, men for å handle!
  5. Når dei har "bestemt" seg bør luftforsvarssystema allereie vere ferdig utplasserte i Ukraina.
  6. https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/usa-lover-53-millioner-dollar-til-stroemnettet-i-ukraina.btq3lH2Ac?utm_source=vgfront&utm_content=direktewidget&utm_medium=direktewidget_nyhetsdognet
  7. Det er forståeleg at Ukraina ynskjer å ta igjen, men eg er usikker på om dette (dersom det stemmer) er taktisk klokt. Resultatet blir fort at propagandamakarane som hevdar at dei kjempar mot "nazistar" får vatn på mølla, angrepa frå Russland blir enno meir omsynslause samt at støtta i Vesten minkar.
  8. Og så? La dei prøve seg. Dersom Russland angrip Nato-land vil Nato utslette dei russiske styrkane i Ukraina.
  9. https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/rettssak-i-gang-mot-opposisjonspolitiker-i-russland.3QtniXdkn?utm_source=vgfront&utm_content=direktewidget&utm_medium=direktewidget_nyhetsdognet
  10. https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/storbritannia-utestenger-kina-fra-samarbeid-om-atomkraft.GhhAlj1g1?utm_source=vgfront&utm_content=direktewidget&utm_medium=direktewidget_nyhetsdognet Etter mi meining bør ein ikkje kutte for mange band til Kina akkurat no. Det vil berre gjere at Kina har mindre å tape på å samarbeide med russarane.
  11. https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/flyarlarm-over-hele-ukraina.tqEgORm-d?utm_source=vgfront&utm_content=direktewidget&utm_medium=direktewidget_nyhetsdognet
  12. Det fyrste som må gjerast er å finne ut korleis desse luftangrepa kan stansast, elles vil ein aldri greie å få straumnettet på beina.
  13. Det kjem ein kuldeperiode no, og særleg neste veke blir kald i dei områda kampane no går føre seg. https://charts.ecmwf.int/products/extended-anomaly-2t?base_time=202211280000&projection=opencharts_europe&valid_time=202212050000 Det blir spennande å sjå kva effekt dette får for krigen, og om dei som hevdar at russarane er dårleg førebudde får rett.
  14. Når Russland bombar straumnettet over heile Ukraina blir det meiningslaust å ikkje gje Ukraina våpen fordi dei kan nå mål inne i sjølve Russland. Russland tek i bruk alle midlar, og då må Vesten gjere det same. Eg har ein følelse av at hjelpa til Ukraina frå m.a. USA er halvhjarta, og resultatet blir store lidingar for det ukrainske folket gjennom ein langvarig og utmattande krig som dei til slutt taper når USA blir lei.
  15. https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/peskov-kjenner-ikke-til-underskriftskampanje-mot-krigen.bs1kxlkV8?utm_source=vgfront&utm_content=direktewidget&utm_medium=direktewidget_nyhetsdognet
  16. Nato forventer at allierte øker støtten til ukrainsk luftforsvar. https://www.nrk.no/nyheter/1.16198743 Så får ein håpe at ikkje neste bølgje med russiske rakettar kjem før Nato-landa greier å bestemme seg.
  17. Om ein hadde partipresse for 2 generasjonar sidan, så hadde partitilknytinga likevel lite å seie for journalistikken. Vi abonnerte på 3 ulike lokalaviser då eg voks opp, og eg kan ikkje hugse at det var noko skilnad på journalistikken, trass i at to av desse var Ap- og Venstre-aviser og den tredje var rekna for å vere Høgre-vennleg. Partitilknytinga viste seg fyrst og fremst på leiarplass. Dette er i sterk kontrast til eit land der media blir forbode fordi dei skriv kritisk om krigen, og der folk blir sendt i fengsel for å kalle krigen i Ukraina for krig.
  18. No er ikkje høgt blodtrykk så heilt uvanleg i utgangspunktet, og har å gjere med både arv, miljø/livsstil, alder, kjønn osv. Mi erfaring er dessutan at digitale blodtrykkapparat måler høgare blodtrykk enn "gammaldags" manuell måling. Skal ein kunne svare på spørsmålet ditt må det gjerast ein studie der ein samanliknar ei gruppe som er vaksinerte med ei anna gruppe som ikkje er vaksinerte, for å sjå om det er skilnad på gruppene. Eg måtte byrje med blodtrykksmedisin lenge før koronaviruset oppstod, har teke 4 dosar koronavaksine og har ikkje merka noko endring i blodtrykk til- eller frå.
  19. Norge forlengar avtale om medisinsk evakuering. https://www.nrk.no/nyheter/1.16197268 Straumen tilbake i det meste av Kiev. (Men Klitsjko får kritikk frå Zelenskyj for at det ikkje går fort nok). https://www.nrk.no/nyheter/1.16196970
  20. https://www.nrk.no/urix/dei-vann-slaget-om-kherson-_-no-ventar-donbas-1.16191743 Ukrainarane mekkar og skrur det dei kan, og hentar deler frå øydelagde stridsvogner for å reparere så mange som mogeleg. Den russiske typen har som kjent også ei svakheit ved at eit velretta skot får ammunisjonen til å eksplodere, slik at toppen blir blåst av og dei som sit inni blir drepne. Det er heilt tydeleg at Ukraina har bruk for fleire vestlege stridsvogner enn det dei får. Om Vesten meiner noko med å støtte Ukraina må landet få den støtta dei treng for å vinne krigen. Elles hadde det nesten vore betre å la russarane valse over Ukraina, slik Putin tenkte i utgangspunktet. Ein kan ikkje støtte Ukraina delvis, ein må støtte fullt og heilt!
  21. Og på norsk: https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/britisk-etterretning-russisk-gjennombrudd-lite-sannsynlig.Y133GPgPX?utm_source=vgfront&utm_content=direktewidget&utm_medium=direktewidget_nyhetsdognet
  22. Det er eg klar over, men eg er ein stabukk som skriv det eg vil, nemleg det eg har skrive sidan muren fall og Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Vi skriv ikkje Russia eller Rossija, Türkie, Deutschland, France, United Kingdom eller Suomi på norsk. Einaste årsaka til dette tullet (orsak!) er at opposisjonsleiaren har bedt Norge å skrive namnet på landet på deira eige morsmål (som forresten er den same skrivemåten som Russland brukar), og at Norge med dette viser støtte til den kviterussiske opposisjonen (og det er forsåvidt ein bra tanke), men dette blir etter mi meining ei symbolsak og lite konsekvent. Aftenposten hadde forresten ein bra kommentar når det gjaldt dette: https://www.aftenposten.no/meninger/kronikk/i/Ea8vjK/hvorfor-bytte-hviterussland-med-belarus
  23. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/l3K9n7/utenriksminister-doede-visste-mer-om-lukasjenko-enn-noen-andre Vil Russland vil ta over Kviterussland fullt og heilt for å tvinge landet inn i Ukraina-krigen på russisk side? Russland driv eit stadig høgare spel, og ein kan nok ein gong lure på om Putin er ved sine fulle fem.
×
×
  • Opprett ny...