-
Innlegg
8 192 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Om status påvirkar utfallet av rettsaker får ein eit problem med tilliten til rettstaten. Det gjeld uavhengig av om det er kongefamilie, politikarar, forretningsfolk eller andre kjendisar som er innblanda eller har tilknyting til dei involverte. Ein løyser ikkje dette problemet med å skifte om frå monarki til republikk.
-
Den eine gongen ein norsk konge i moderne tid har sagt nei plasserte iallefall denne kongen på rett side i historiebøkene. Vi kan vere einige om at kongen i fredstid i praksis ikkje har politisk makt, bortsett frå at han kan foreslå ting i statsråd.
- 117 svar
-
- 3
-
Kva ho måtte meine som mor er like irrelevant som kva andre mødre måtte meine om borna sine. Det er domstolane som avgjer, og det kan verken Mette-Marit eller nokon annan gjere noko med.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Naturvernarar ville ha tak i han, og det var vel bestemt at han skulle flyttast både hit og dit. Eg vil tru at dette har ei naturleg årsak. Når han ikkje kunne få vere i fred trur eg at det var best for han at naturen gjekk sin gang på denne måten. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sjølve hovudet burde kanskje ikkje ha vore måla, men elles er eg einig. Eg elskar den ukrainske humoren. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
McCaul sa at Huset/kongressen ikkje hadde lagt restriksjonar på støtta, men at det er Biden-administrasjonen som har gjort dette. Eg er ganske sikker på at han ikkje lyg. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Korleis går det med russarar som overgjev seg, og som sidan blir utveksla med ukrainske krigsfangar frå Russland? Om eg hadde vore russisk krigsfange i Ukraina ville eg ha vore mest redd for å bli sendt tilbake til Russland. Forresten ville vel eit alternativ vere å melde seg som frivillig til dei russiske rebellane? -
Kunne det vere mogeleg å få til ein avtale med grunneigar(ar), kommune, idrettslag og/eller andre frivillige der ein sette opp grindar, rydda skog og kratt, laga gruslagt eller steinsett sti og evt. klopper gjennom våte område og trapper der det er bratt? No veit ikkje eg om bonden er grunneigar der stien måtte leggjast, men dersom han er det burde han vere positiv sidan han då slepp å få turfolk rett forbi husa eller i vegen for rygging med traktor eller maskiner i tide og utide.
- 47 svar
-
- 1
-
Märtha Louise er prinsesse. Det er ho fødd som, og altså noko ho er. Ho representerer ikkje kongehuset. Marius har aldri vore nokon prins, og har aldri hatt noko rolle som representant for kongehuset. Heller ikkje Lorentsen-familien eller Ferner-familien representerer kongehuset. På den andre sida er alle desse i familie, og det er heilt naturleg at sjølv ein konge snakkar med dottera si og har normale familiære relasjonar privat. Og då har du kanskje allereie forstått kva eg vil fram til. Så lenge dei som faktisk representerer kongehuset, altså kongen, dronninga, kronprinsen, kronprinsessa og Ingrid Alexandra gjer ein god jobb, og det meiner eg at dei gjer. Så meiner eg at dei skal halde fram med dette. All støyen i media om meir perifere medlemmer av kongefamilien er irrelevant for den jobben som kongen og dei andre som eg nemnte gjer. Og etter mi meining finst det langt viktigare saker som media kunne ha skrive meir om enn rotekoppen (og kvinnemishandlaren?) Marius Høiby.
- 117 svar
-
- 4
-
https://www.nrk.no/urix/det-israelske-forsvaret-atvarar-mot-_jodisk-terrorisme_-pa-vestbreidda-1.17023244 Trass i at Israel har ei ytterleggåande høgrevridd regjering er det deler av det israelske systemet som fangar opp det som skjer på Vestbreidda, og som forstår at busetjarvalden kan føre til at situasjonen kjem ut av kontroll.
- 309 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Brother Ursus har nemnt at dei offensive styrkane i Kursk ikkje ville ha hatt noko i ein skyttargravskrig å gjere. Denys Davydov nemner akkurat det same i si siste youtube-oppdatering, som elles i si heilheit er via den kritiske situasjonen på austfronten. Denne gongen er han ikkje nådig. Årsaker som blir nemnt er at andre ikkje har laga skikkelege skyttargraver i forkant som soldatane kan trekkje seg tilbake til, for dårleg kommunikasjon og samhandling, jamming som rammar eigne droner like mykje som dei russiske (berre 15% av ukrainske droner når målet sitt), underordna som lyg til overordna om situasjonen på bakken fordi dei fryktar represalier om dei fortel sanninga (kvar har vi høyrt om liknande før?), overordna som tek feil beslutningar med fatale konsekvensar fordi dei er feilinformerte - kort sagt at filosofien framleis i stor grad er eks-sovjetisk. Det er viktig at slik systemkritikk får komme fram, og at den ikkje utan vidare blir stempla som pro-russisk. Det same gjeld f.eks. innlegga frå JK22. For dersom det berre er positive nyheiter som får komme fram vil ein aldri lære noko, slik at ein får lagt om kursen. Ein får verkeleg håpe at både dei som sit på toppen i Ukraina, samt dei vestlege støttespelarane får med seg- og lyttar på kritiske stemmer.- 71 282 svar
-
- 12
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er vel ikkje så ulikt NAMMO, som ikkje ville sende nordmenn til det som var "eit legitimt militært mål". Kva dersom ein byter ut ordet Ukraina med ordet Israel? Ville USA, Storbritannia eller andre ha henta heim alle eigne borgarar fordi Iran trua med å angripe med nokre hundre missil, og så berre la det stå til? Nei, då bidreg ein i staden med både luftvern og flystøtte slik at ikkje ein einaste rakett når målet sitt. Den manglande vestlege støtta til Ukraina vil nok bli hugsa i generasjonar framover. Ukraina vil måtte gjere som Polen, men i enno større grad. Ruste opp, slik at ein kan greie seg sjølv. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg meiner å hugse at Mike Johnson har uttalt seg positivt om å fjerne restriksjonane. Dessutan stod leiaren i utanrikskomiteen i huset (McCaul, republikanar) under grilling av Blinken og viste fram eit kart og fortalde at her har Russland trygge tilfluktstader for å angripe Ukraina. Han streka under at kongressen ikkje hadde lagt begrensningar på støtta - men at dette vart gjort av Biden-administrasjonen. Kunne Biden ha gjort ting verre dersom han tok republikanarane på ordet, og fjerna restriksjonane ein gong for alle? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette har eg ikkje fått med meg. Tyrkia sitt kjøp av russisk luftvern førte vel til at USA ikkje ville selje F35, og treneringa av svensk og finsk NATO-søknad førte vel til at dei heller ikkje fekk fleire F16 før treneringa tok slutt. Så då har tydelegvis Erdogan forstått at å støtte Russland har ein pris. -
Ei anna sak frå same lokalavis: https://www.firda.no/selja-forlag-vann-over-fosse-soskena-i-lagmannsretten/s/5-15-1489749
-
Eg kom til å tenkje på ei sak som vart bretta ut i avisa Firda for nokre år sidan: https://www.firda.no/nyheiter/hoyanger/rettssak/kommunen-gjev-opp-etter-a-ha-brukt-nar-ein-million-pa-tunstriden-i-vadheim/s/5-15-577323
- 47 svar
-
- 4
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er viktig at Putin ikkje misforstår og trur at han kan ta Finland på 3 dagar. Det er betre å førebyggje krig enn å måtte delta i krigen.- 71 282 svar
-
- 12
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/finland-ber-norge-om-militaer-hjelp-til-felles-nato-styrke-i-nord-finland-1.16995065 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/norge/smarte-landinger-skal-spare-tonnevis-1.17002233 Så spørst det om dette er så smart dersom Russland jammar GPS-signala. Beredskap er ikkje nemnt med eit ord i artikkelen. Blir sikkerheit prioritert lågare enn ynsket om å spare litt CO2? Eller vil det vere enkelt å bruke det gamle systemet som backup dersom GPS-signala skulle falle ut midt under landinga? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
... til etter at presidentvalet er over. Også amerikanarar likar vinnarar og at det blir slutt på krigen. Om Kamala gjev Ukraina nok støtte til å få avslutta krigen raskt kan det også koste USA mindre økonomisk enn å kjempe til siste ukrainar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sjølv om mange serbiske fotballfans støttar Russland har landet markert avstand til Russland og ser ut til å bevege seg mot Europa. Har dei ledige russiske fly som kan sendast til Ukraina? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Skulle ikkje Ukraina ha utvikla eit missil som skulle kunne gjere mykje det same som amerikanske ATACMS (og med eit namn som er vanskeleg å uttale for russarar)? Eller er dette blitt oppskrytt. Forresten er det vel januar som ikkje kan komme raskt nok. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Morten Jentoft har skrive ein artikkel om Kashakhstan og forholdet til Russland: https://www.nrk.no/urix/kasakhstan-_-mer-enn-et-langtvekkistan-1.17021801 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Denys Davydov hevdar i youtube-video publisert for nokre timar sidan at ukrainarane er for dårlege til å grave skyttargraver, og at dette forklarar noko av den store framgangen russarane har i aust. Om eg forstår det rett burde ein ha brukt maskiner, medan realiteten er at soldatane har måtta gjere dette med spadar og handemakt. Han viser samstundes til at russarane har bygd nye skyttargraver i Kursk på rekordtid. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
For ei stund sidan brukte arbeidarane her tida til å plante blomster langs vegane i staden for å grave skyttargraver. Då kan ein stille spørsmålet om moralen er fallande, og at folk rett og slett har gitt opp. At folk er lei krigen er forståeleg.