-
Innlegg
8 192 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/reuters-ti-russiske-tjenestemenn-skadet-i-eksplosjon-i-russland.r9rDdNC0W -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/_stoltenberg-varsler-flere-vapen-til-ukraina-1.16257852 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I følgje Nrk-artikkelen var talet på stridsvogner 14. Helikopter er ikkje nemnt. https://www.nrk.no/urix/storbritannia-gir-ukraina-14-moderne-stridsvogner-1.16250584 Så dette spriker i alle retningar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om russarane skulle vere så galne blir det ein rask slutt på krigen. Svaret frå USA og Nato ville bli nådelaust. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Han bør nok passast godt på og behandlast forsiktig. Han kan ha mange nyttige opplysningar som Norge, Nato og/eller Ukraina kan ha bruk for. Om han samarbeider bør dette vere formildande i forhold til evt. straff. Det er viktig at ikkje russarane greier å drepe han. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/minst-12-dode-i-dnipro-i-ukraina-1.16257413 https://www.nrk.no/urix/storbritannia-gir-ukraina-14-moderne-stridsvogner-1.16250584 Då er det opp og avgjort at Ukraina får stridsvogner. Storbritannia har heile tida vore blant dei ivrigaste til å støtte Ukraina. Så bør det vere eit tidsspørsmål før bremseklossen Tyskland godkjenner at Leopard-stridsvogner blir gitt til Ukraina. Argumentet om eskalering er ikkje lenger gyldig. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/jlLbpo/hevder-sivile-er-fanget-i-sammenrast-boligblokk-i-dnipro -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Israel har vel den mest ytterleggåande høgrevridde regjeringa dei har hatt nokon sinne. Dette kan bli interessant å følgje med på. Ein eventuell maktkamp på toppen i Kreml vil også bli spennande. Det er lite truleg at kaos på toppen er det som skal til for at Russland vinn krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er ikkje så lett å kvitte seg med eit diktatur. Ein kan f.eks. sjå på kva som har skjedd i Iran. Eller Kviterussland. Har demonstrantane oppnådd noko? Men dersom eit opprør blir stort nok kan snøballen byrje å rulle. Sjansen for opprør aukar etter kvart som det går dårleg med krigen, mange søner og ektemenn blir drepne, ytterlegare tvangsmobilisering til ein meiningslaus krig og der fleire og fleire av løgnene blir gjennomskua. -
Spørsmålet er då om det kan vere slik: Kontroll inntil 2 mnd. ETTER: Beheld opprinneleg frist. Kontroll meir enn 2 mnd. ETTER: 2 år frå kontrolldato. Vegvesenet veit forhåpentlegvis svaret.
-
Slik var det før, men slik er det vel ikkje lenger?
- 28 svar
-
- 3
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/wsj_-biden-krever-nato-ja-fra-tyrkia-for-de-far-f-16-1.16256486- 71 282 svar
-
- 16
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/ukraina-hevder-de-i-realiteten-har-blitt-nato-medlem-1.16255799 Eit land i krig kan ikkje bli medlem av Nato. Men dersom krigen endar opp i ein eller annan fredsavtale vil eg tru at vegen til Nato-medlemsskap vil vere kort. Russarane vil ha interesse av at krigen endar med ein frosen konflikt slik som i Abkhasia, Sør-Ossetia eller Transnistria, slik at dette blir eit hinder for ukrainsk Nato-medlemsskap. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er vel truleg ei ulukke. Evt. vil auka militær støtte til Ukraina vere eit passande svar. Ingen ynskjer verdskrig. -
Ei kvar stemme som bidreg med å formidle gode haldningar og sakleg debatt utgjer ein skilnad. Eg tykkjer at denne tråden er blitt både balansert og tankevekkande. Så får ein håpe at både ungdommen og foreldregenerasjonen ikkje berre held seg på facebook og instagram, men at nokre også sveipar innom eit tradisjonelt forum som diskusjon.no.
- 35 svar
-
- 2
-
Dette har du sjølvsagt rett i. Men dersom eksempela er ein del av ein trend må det også vere "innanfor" å diskutere dette fenomenet, på same måten som at ein diskuterer slankepress/fedme o.l. Men fleire av eksempela i denne tråden viser nok naturleg aldring eller tilfeldigheiter, og det kan ikkje dokumenterast at evt. endringar er eit resultat av fenomenet trådstartar ynskjer å ta opp. Heller tvert imot. Innlegget til @0lafillustrerte dette godt. Kanskje er ikkje dette "samfunnsproblemet" så utbreidd likevel?
- 35 svar
-
- 3
-
Dersom ein ser på tilfeldige bilete av nokon vil ein sjå at personen er meir "lik seg" på nokre av bileta enn på andre. Det betyr sjølvsagt ikkje at personen har operert ansiktet frå den eine dagen til den andre, og så tilbake igjen den tredje.
- 35 svar
-
- 4
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når det gjeld diskusjonen om kvifor m.a. Tyskland og USA er tilbakehaldne med å gje kraftigare våpen, så tykkjer eg at det virkar som at ein vil vere litt forsiktige med bjørnen og teste litt grenser undervegs. Som ein hugsar byrja mange vestlege land å evakuere diplomatar o.a. før krigen braut ut. Dette viser vel at mange frykta at russarane skulle greie å ta kontroll over Ukraina på kort tid. Sidan har mykje skjedd, og ein har sett ukrainarar med sterk kampmoral slå tilbake, medan russarane har vist seg å vere både inkompetente, ha dårleg kampmoral, vere dårleg utstyrte og vere dårlege på å vinne fram med si "forteljing" og propaganda. Russarane er svekka militært, og har trua så lenge med atomvåpen at ingen lenger tek den trusselen seriøst. Brukar Russland atomvåpen i Ukraina vil dei russiske styrkane bli utsletta av USA og Nato. Russarane har vist at dei ikkje skyr nokon ting, og at dei går systematisk på sivile mål når krigen ikkje går slik dei ynskjer. På den andre sida har Ukraina vist seg som ein ansvarleg part (samanlikna med Russland) og stort sett late vere å angripe mål inne i Russland, sett vekk frå legitime mål som flyplassar o.l. som blir brukt til å angripe Ukraina. Dette har ført til at grensene for våpenhjelpa har blitt flytta mange gonger. Det som skjer no er vel at ein førebur bjørnen på at Ukraina vil få tyngre våpenhjelp, slik at det er "opplest og vedtatt" når det skjer. Etter kvart som Russland blir meir og meir svekka kjem det kanskje også etter kvart til å bli sendt vestlege jagarfly, samt rakettar med lengre rekkevidde til Ukraina? Ein kan iallefall håpe. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
For å problematisere: Kor sikkert er dette? Her i Norge pleier ein ikkje å gå ut med kva ein har gitt før hjelpa er trygt framme. -
Dette er eit godt poeng. Likevel: Det fyrste biletet er vel kanskje eit bilete som ho sjølv har valt ut? Det siste er vel kanskje teke av ein fotograf i "forbifarten". Ser ein nøye på det fyrste biletet er ikkje ansiktstrekka så ulike det siste biletet, men det er ei anna lyssetjing som gjer dei litt mindre tydelege. Det siste biletet er frå "verkelegheita". Har du noko kjelde på at ho verkeleg har endra på ansiktet, og at dette ikkje er ein meir tilfeldig grimase, at ho er eldre, sjukdom osv? F.eks. vil kortison (mot betennelsar osv.) kunne føre til at ein svulmar opp.
- 35 svar
-
- 5
-
Mange koronasmitta har det vore her i Vesten i eit år allereie, og nye variantar kan like godt oppstå i USA (som f. eks. Kraken) eller i Europa. Den opprinnelege Omikron-varianten som har "berga" oss ved å utkonkurrere dei farlegare variantane ein hadde tidlegare kom som kjent frå Sør-Afrika. Her heime er vi no over toppen av den 3.(?) bølgja etter gjenopninga, og fleire vil komme i månadane og åra som kjem. Sjølv om Kina har handtert gjenopninga dårleg meiner eg at dette ikkje er nokon god grunn til å gjeninnføre reiserestriksjonar for kinesarar når ein forlengst har fjerna både tiltak og reiserestriksjonar for andre land/område som f.eks. Sør-Afrika og USA. Nye variantar kan uansett oppstå kor tid som helst, kvar som helst i verda. Når det gjeld "skade av koronaviruset" vil vel dei fleste vere einige i at i dagens situasjon ville tiltak/restriksjonar/nedstenging ført til langt større skader enn dei skadane ein prøver å beskytte seg imot. For dei som har alvorleg svekka immunforsvar, ofte folk langt oppe i åra er det ofte uvesentleg om dei blir smitta med korona, influensa eller forkjølelse. Dei vil slite uansett, og slit no ekstra mykje på grunn av mykje smitte og den "immunitetsgjelda" som alle tiltaka førte til. Alle skal døy ein eller annan gong, og så må ein setje sin lit til at dei som er ekstra utsette får både vaksiner, tablettar dersom dei fyrst skulle bli smitta, samt hjelp for alt mogeleg anna enn korona slik at dei kan ha eit godt liv så lenge som mogeleg.
- 36 303 svar
-
- 1
-
- virus
- koronavirus
-
(og 2 andre)
Merket med:
-
At forholdet held på å rakne?
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.dn.no/invasjonen-av-ukraina/# -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/leopard-stridsvogn-til-ukraina-kan-endre-krigen-1.16253406 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er nok mykje betre at Ukraina sjølv kjempar mot invasjonen av sitt eige land enn at Nato involverer seg og kjem i direkte krig med Russland. Men Ukraina har ofra mykje i det som også er ein kamp for at vi i Vesten skal få behalde vår friheit. Difor må Ukraina få all støtte og våpen dei treng for å drive Russland ut av Ukraina.