-
Innlegg
8 192 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ja, no har dette blitt sagt så mange gonger at ein snart må kunne byrje å tru på det. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nøytralitet krev eit sterkt forsvar, slik at ein kan forsvare nøytraliteten. Det hadde Finland i 1939, men ikkje Norge i 1940. Sverige har hatt eit sterkt forsvar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No er det ikkje dermed sagt at han blir å sjå på gata. Han må framleis beskyttast mot f.eks. å falle ut av eit vindauge i 7. etasje. Eg tippar at han framleis vil bli passa godt på, også for Norges sikkerheit si skuld. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kjelde: nrk.no Snøballen rullar vidare. Det er interessant at også vanlegvis så nøytrale Sveits no truleg vil godta eksport til Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Biden har vel allereie sagt at USA vil forsvare Taiwan dersom Kina går til angrep. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/foreslar-ny-russisk-lov_-folk-ma-bestille-time-for-a-krysse-grensa-1.16269110 Her må det vere om å gjere å hindre folk i å forlate Russland ved neste mobilisering. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kva med eit tredje alternativ, nemleg der Russland blir pressa tilbake til grensene for 2014, slik at grensene blir i samsvar med folkeretten? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Paludan gjorde sikkert dette berre fordi han rekna med at han ville få merksemd om seg sjølv, men meiner du at Paludan er heilt utan ansvar for at prosessen rundt svensk Nato-medlemsskap er lagt på is? Det er uansett tragisk at Erdogan gjev ein og annan svensk høgreekstremist vetorett i ei sak som er viktig for europeisk sikkerheit. Men det er klart at Paludan veit kva han gjer, og at han personleg har eit ansvar for det som no skjer. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Bra! Det beste ville vere om den opplæringa allereie er godt i gang. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sjå svar ovanfor. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nettopp! Og så må ein også ta inn over seg realitetane i denne saka, nemleg at det er opp til eit land med heilt andre tradisjonar når det gjeld ytringsfridom å bestemme om Sverige får bli medlem av Nato. Slik sett liknar kanskje Tyrkia meir på Russland enn på Norge og Sverige. Vi kan diskutere ytringsfridom her i forumet til vi blir blå, men det er uansett Tyrkia som bestemmer. Mi meining er at det å brenne koranen framfor den tyrkiske ambassaden har like lite med ytringsfridom å gjere som når Atle Antonsen seier til ei kvinne at "du er for mørk til å være her". For min del kunne ein difor godt ha hatt eit lovverk som hadde hindra akkurat den type provoserande handlingar som Paludan stod for. Eg respekterer at nokon meiner at det å tillate brenning av heilage bøker framfor ambassadar er viktig for ytringsfridom, men det er uansett himmelvid skilnad på dette og eit land der folk blir arresterte for å leggje ned roser til minne om alle dei drepne og skadde etter terrorbombing i Dnipro. Det er dette denne krigen dreiar seg om, og i den samanheng håpar eg at alle her er einige om at diskusjon rundt koranbrenning og ytringsfridom er ganske så uvesentleg. Det er uansett bra at ein i Sverige har gått ut og markert avstand frå koranbrenninga, og på den måten vist forståing for at dette blir oppfatta som støytande i både Tyrkia og mange andre land. Då har Sverige etter mi meining gjort det dei kan og skal, og så får ein sjå om ikkje dette går seg til med tid og stund etter valet. Dette står ikkje om livet så lenge som Russland er svekka og sit fast i hengemyra i Ukraina. Om Sverige på eit seinare tidspunkt skulle innføre ei eller anna form for blasfemilov bør det uansett gjerast fordi dei evt. ser seg tent med det, og ikkje på grunn av press frå land som Tyrkia. Det er uansett tragisk om nokre få høgreekstremistar skal bli gitt ein masse merksemd samt vetorett for om Sverige skal bli med i Nato eller ikkje. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein litt lengre artikkel: https://www.nrk.no/urix/finland-vurderer-a-bli-med-i-nato-uten-sverige-1.16268767 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No vil vel uansett ikkje Russland utgjere nokon trussel mot Norden på ei god stund, sidan dei er svekka på grunn av Ukraina-krigen. Dessutan har både Sverige og Finland fått sikkerheitsgarantiar. Så dette har ikkje noko hastverk. Men det kan vere greit å nytte høvet til å få Finland inn i Nato, sidan dei grensar til Russland. Så kjem nok også Sverige inn med tid og stund etter at det tyrkiske presidentvalet er unnagjort, med mindre svenske høgreekstremistar finn på meir djevelskap. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/yle_-finland-apner-for-a-bli-med-i-nato-uten-sverige-1.16268719 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Fjerning av korrupte leiarar: https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/reuters-ukrainas-visestabssjef-skal-ha-levert-sin-oppsigelse.7x1CUxNnb https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/zelenskyj-varsler-utskiftinger-i-ledelsen.GbA7PDvLy -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.vg.no/nyhetsdognet/news/ukrainsk-tjenesteperson-faar-100-leopard-2-stridsvogner.QKZYjiJXN -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/tyskland-blir-med-pa-hydrogenror-samarbeid-1.16267164 Dermed får ein nok eit alternativ til fossil gass frå Russland. Er det meininga å setje opp gigantiske solcelleparkar i Spania og Portugal som skal produsere dette hydrogenet? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/zelenskyj-varsler-kamp-mot-korrupsjon-1.16267156 Medan Russland blir ein mislukka stat tek Ukraina sikte på å heve standarden i retning europeisk nivå. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/norge/hoyre-topp-leverte-overvakingsdroner-til-ukraina-1.16266884 -
DAB vil vel gå ned like raskt som mobilnettet dersom det skulle bli straumbrot. Det er uansett nyttig å ha eit ekstra batteri til mobilen liggjande, slik at ein kan gå på nettet og sjekke kva som evt. er årsaka dersom straumen blir borte. Om ein har ein gammal batteriradio med mellombølgje ville denne kanskje ha større nytteverdi i ein krigssituasjon? Men eg anar ikkje kor mange stasjonar som evt. sender på MB. Dei norske sendarane er iallefall lagt ned for mange år sidan.
- 51 svar
-
- 1
-
Dersom det utenkjelege skulle skje er elvevatnet det fyrste som blir radioaktivt. Ein brønn ville vere tryggare.
- 51 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er iallefall heilt feil tidspunkt for ein kulturkrig mellom Tyrkia/den muslimske verda og Sverige. Om Russland ligg bak og trekkjer i trådane er dette nok eit eksempel på hybrid krigføring. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/tysk-utenriksminister-sier-polen-kan-sende-stridsvogner-til-ukraina-1.16267075 Det er ingen veg tilbake no. Snøballen har byrja å rulle, og som det står i artikkelen vil også Frankrike sende stridsvogner. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når valet er over er det forhåpentlegvis tid for svensk og finsk Nato-medlemsskap. Slik sett er det ein fordel å få rydda valet av vegen. Eg lurer forresten på kva denne Paludan ynskjer å oppnå. Er han på nasjonalisten Putin si side og mot svensk medlemsskap i Nato? Erdogan er sikkert glad for støtta, slik at han kan bruke den svenske koranbrenninga i valkampen.