-
Innlegg
8 197 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Då eg var på din alder hadde eg med meg brus i slike høve, så det går an det også. Eg er elles heilt einig med dei to andre som har kommentert. Foreldra dine er dei nærmaste du har, og då bør ein vere ærlege med kvarandre.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/lekkasje_-usa-har-lave-forventninger-til-motoffensiv-1.16369238 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Meir om lekkasjen av hemmelege amerikanske dokument: https://www.nrk.no/urix/_-pentagon-lekkasjen-set-usa-i-eit-darleg-lys-1.16368649 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Vel, då må våpenhjelpa aukast slik at Ukraina får skikkeleg luftvern også andre stader. Inntrykket er at Ukraina får alt for lite, og alt for seint. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
100 nedskotne rakettar på 5 månader? Er ikkje det svært lite? Dette er vel ikkje meir enn antalet russiske rakettar i eitt enkelt angrep? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Samstundes er det om å gjere at flest mogeleg unge menn emigrerer frå Russland - av openberre grunnar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.tv2.no/direkte/jpybz/siste-nytt -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel ikkje så sikkert. Eg meiner at eg las at Ukraina endrar planane sine i lys av det som er skjedd. Elles har Ukraina heile tida hevda at dei får for lite ammunisjon. Dokumenta stadfestar vel dette, i den grad ein i det heile kan stole på at informasjonen i dokumenta er ekte. Lekkasjen ser ut til å vere ein stor skandale. Ein får berre håpe at resultatet blir auka støtte til Ukraina, og at russarane blir villeia. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Krona er ein liten valuta, og auka økonomisk usikkerheit (f.eks. på grunn av krigen i Ukraina) vil ofte påverke krona negativt. Men det er også heilt andre årsaker til at krona for tida er svak, og den diskusjonen bør takast i eigen tråd. Elles er også dollaren for tida sterk samanlikna med mange andre valutaer. Igjen kan økonomisk usikkerheit vere litt av årsaka. Dollaren blir rekna som sikker, og blir brukt som reservevaluta verda over. Det kan ein definitivt seie at Rubelen ikkje er. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det står jo klart og tydeleg at det er Russland som hevdar dette. Norske medier vidareformidlar uttalelsar frå mange ulike kjelder. Og dei som har følgt litt med veit at ein i stor grad (men ikkje alltid) kan stole på det som blir sagt frå ukrainske kjelder, medan ein i svært liten grad kan stole på det som kjem frå offisielle russiske kjelder. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://direkte.dn.no/invasjonen-av-ukraina/#131280 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er interessant å sjå desse intervjua med folk på gata. Det er iallefall enkelte som er både godt opplyste og frittalande. Siste oppdatering på russiske tap: -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Polen: https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/9zrGq9/skoleeleven-olivia-16-trenes-av-nato-i-krigfoering -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Lukasjenko og Putin: https://tv.vg.no/video/262774/stikk-til-putin-du-ser-trtt-ut -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
...eller dei blir pressa av partnerane i Vesten til å inngå fredsavtale. Noko eg håpar ikkje skjer. Utan støtte frå Vesten vil Ukraina tape krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Samstundes vil ein vellukka ukrainsk motoffensiv kunne føre til endringar i Russland. Om motoffensiven blir mislukka vil det svekke moralen hos krigstrøytte ukrainarar. Det blir spennande å følgje med på utviklinga i tida som kjem. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Inntil vidare er vel eit stikkord her. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det virkar som at denne karen er ein tosk. Han skal vere glad for at svenskane tek vare på han før Russland finn ut kvar han er. Evt. er han her med Russland si velsigning... -
https://www.nrk.no/osloogviken/erika-_16_-har-_long-covid__-hjertet-loper-lopsk-1.16355602 Ein kan få biverknader av vaksinene, og ein kan få "biverknader" av å ikkje la seg vaksinere.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russland vinn altså sakte fram i Bakhmut, trass i at det går i rykk og napp. Det store spørsmålet er om ukrainarane lar dette skje bevisst for å slite ut russarane medan dei sparer på eigne ressursar fram mot ein våroffensiv, eller om det skjer fordi ukrainarane ikkje har meir å svare med. Er det ikkje rart at ukrainarane har sendt forsterkingar til området, men at russarane vinn fram trass i dette? Eg håpar sjølvsagt at Bakhmut fungerer som eit flugepapir på russarane, slik at det blir mest mogeleg fritt fram når ukrainarane skal rykke fram mot søraust og evt mot Krim. Men trass i at russarane har gjort mykje rart er det grenser for kor dumme dei kan vere. Er russarane sterkare enn kva vi trur? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Var det eit forsøk på reprise av det denne karen gjorde? https://no.wikipedia.org/wiki/Mathias_Rust -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette kan også vere eit forsøk på å villeie. Dei militære styrkeforholda på det tidspunktet dette blir aktuelt vil avgjere kva som vil skje vidare. Ein skal heller ikkje gløyme at Ukraina var villige til å forhandle om statusen på Krim tidleg i krigen. Då stranda dette på at Russland ikkje tok forhandlingane seriøst fordi dei trudde at dei ville vinne meir ved å halde fram krigen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det spørst om det er mogeleg å samanlikne Irak og Ukraina. Hadde irakarane den same kampmoralen? Dessutan var vel ikkje russarane så langt unna å ta Kiev og Zelenskyj dei fyrste dagane, og i så fall hadde ein hatt ein heilt annan situasjon. Kva som ville ha skjedd i Irak om krigen vart langvarig veit ein ikkje. Eit anna eksempel er Afghanistan. Krigen var "vunnen" på kort tid, likevel greidde ikkje USA og NATO å unngå at Taliban tok makta etter å ha okkupert- og prøvd å få skikk på landet i 20 år. Maken til feilslått "operasjon" skal ein leite lenge etter.