-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/EQyebo/flyktet-fra-soenderbombet-by-naa-henter-de-mat-hver-fredag Og desse skulle vi kaste ut av Norge så snart ein får mogelegheit til det? Nei, det skal vi ikkje! -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er eit godt poeng, og ein god grunn til at ein ikkje skal ha noko hastverk med å jage dei ut. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det stadig tilbakevendande problemet er at det ein kanskje gjer i morgon er det som ein eigentleg burde ha fullført i går. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Vi har i dag gjestearbeidarar frå Polen og andre austeuropeiske land. Mange norske bedrifter, kanskje særleg i distrikta er heilt avhengige av denne arbeidskrafta for å gå rundt, og om desse bedriftene går dukken vil også mange nordmenn bli arbeidslause. Mange gjestearbeidarar har familie i heimlandet som nyt godt av det dei kan tene i Norge, og Polen og andre land får nok tilført ein del kapital på denne måten. Ukraina vil vere eit fattig land med store skader når krigen er over. Dersom landet ikkje har nok pengar til både gjenoppbygging og til å dekke andre behov vil det kunne bli arbeidsløyse i mange sektorar. Eg vil difor tru at ukrainarar busette midlertidig eller permanent i utlandet vil kunne bidra positivt for å få landet på fote igjen, i tillegg til at dei uansett vil bidra positivt til Norge/EU som arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande eller som skattebetalarar. Eit godt forhold mellom nordmenn og ukrainarar vil også skape mogelegheiter andre vegen ved at vi får mogelegheit til å investere i gjenoppbygginga av Ukraina og hauste av den økonomiske veksten som heilt sikkert vil komme. Mi meining er difor at vi framleis skal ta vel imot våre ukrainske vener. Som eksempel på kvifor vi har bruk for ukrainarar repostar eg dette innlegget: -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
I fyrste omgang blir det vel i så fall ein koalisjon av villige, f.eks. Polen og nokre andre austeuropeiske land. Kanskje også Storbritannia? Tyskland og USA vil vere bremseklossar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er heilt sikkert reelt, men likevel. At Ukraina publiserer det dei hevdar er ein samtale dei har fanga opp beviser vel strengt tatt ingen ting. (Det vi har å halde oss til er at ukrainarane jamnt over snakkar sant, medan russarane jamnt over lyg på innpust og utpust). -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Tja... Det heiter seg at tvilen skal komme tiltalte (Russland) til gode. Men det er vel etter kvart så liten tvil om kva som har skjedd at det bør vere mogeleg å komme med ein konklusjon. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No er vel dette ganske utdiskutert. Ukraina har ingen fordel av dette, berre ulemper. Russland har ein liten fordel ved at det blir vanskelegare for ukrainske soldatar å ta seg over, samt at dei må bruke krefter på redningsaksjonar i staden for krig. Det er Russland som kontrollerer demninga. Alle data peikar på at dette var ei bevisst handling frå russisk side, ingenting tyder på at Ukraina kan ha utført dette. Russland har dessutan bevisst ramma sivile mål heile tida, sjukehus, skular teateret i Mariupol der det var skrive "barn" på asfalten, lika som låg strødde i Bucha, torturkammer i Kharkiv-området, alle rakettangrepa på byar langt unna krigen osv. osv. Dersom du har objektiv informasjon å komme med som tyder på noko anna er det heilt greit å diskutere dette. Men om du berre repostar russisk propaganda som er tilbakevist gong på gong er dette berre støy. Og om du konsekvent postar innlegg til støtte for Russland må du også tole å få høyre at du er pro russisk. Dei fleste deltakarane i tråden er pro ukrainske.- 71 299 svar
-
- 14
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/innlandet/totalberedskapskommisjonen-etterlyser-lager_-men-kornsiloen-pa-frya-sprenges-torsdag-1.16436686 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Direktelenke til artikkelen: https://www.abcnyheter.no/nyheter/verden/2023/06/08/195927986/den-russiske-eliten-tror-ikke-lenger-at-putin-vil-vinne-krigen-de-er-redde -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Den beste sjokoladen er Minde, trass i at den blir laga i Fredrikstad og ikkje i Bergen slik som før. Men viktigast: Det finst fleire gode alternativ til Freia. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
At russarane visstnok dei siste dagane også har sprengt andre demningar i områda som dei okkuperer. Krona på verket er at dei sender droner over evakueringssentra, for deretter å angripe desse målbevisst. Russarane fører- og har ført total krig mot Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Om Ukraina skulle krysse Dnipro med tyngre materiell måtte det vel nesten gjerast no medan vatnet er på sitt høgaste, før vatnet trekkjer seg tilbake og etterlet seg eit gjørmehav? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/pence-kritiserer-trump-i-valgkampstart-1.16437717 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er nok ikkje så lett for humanitære organisasjonar å få gjort noko i ei krigssone, særleg når den parten som okkuperer området driv krig mot sivilbefolkninga inkludert dei som skal hjelpe. Ein kan berre håpe på at Ukraina får fortgang i offensiven, og at russarane trekkjer seg ut raskast mogeleg. Ein så skiten krig som russarane har drive i Ukraina skal ein leite lenge etter. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/de-forste-dode-etter-demningskollapsen-bekreftet-1.16437906 https://www.nrk.no/nyheter/rode-kors-advarer-om-minetrussel-etter-demningskollaps-1.16437737 https://www.nrk.no/nyheter/reuters_-frankrike-sender-nodhjelp-til-ukraina-1.16437651 https://www.nrk.no/nyheter/eu-skal-ha-tilbudt-ukraina-humanitaer-bistand-1.16436270 https://www.nrk.no/nyheter/krigen-i-ukraina-1.11480927 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det sagt noko meir om status i Belgorod, eller ved fronten andre stader enn Bakhmut? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/kakhovka-dammen-i-kherson-i-ukraina-er-odelagt-_-ingen-stor-fare-for-atomkraftverket-1.16435260 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er nok strategisk klokt å prøve å få India mest mogeleg på "vår" side framfor å la dei falle i armane til Russland. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det vesentlege er ikkje paragrafar, men at Ukraina og andre land får våpen slik at dei kan kaste ut okkupanten (eller aller helst unngå å bli okkupert i utgangspunktet). Dermed vil Ukraina også kvalifisere til å bli NATO-medlem på sikt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Når ein ser av satellittbilete frå i går at ein har kutta vegbana for å klargjere sprenginga er dette nok eit teikn på at dette er ei planlagt handling frå Russland si side. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel heller slik at ein i Europa er vant med å danne koalisjonar på tvers av partigrensene, og å drive konsensuspolitikk. Det pleier å vere brei semje om utanrikspolitikk. Motstykket ser ein i USA, der det er topartisystem og sterk splitting mellom liberale og ultrakonservative. Difor er eg bekymra for om ein kan stole på USA i framtida. I dag er NATO heilt avhengig av USA, og ingen veit kva for utanrikspolitikk USA vil føre om to år, eller kor tid demokratiet i USA kollapsar heilt. Men du har eit poeng i at forsvarspolitikken så langt ikkje har blitt nevneverdig påverka av ulike presidentar og regjeringar. Men vil dette vare? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/russland-skal-ha-sprengt-viktig-demning-i-ukraina-1.16434903 Ukrainarane opna demningar og overfløymde område i starten av krigen for å hindre russarane i å nå Kiev. Men ei ukontrollert overfløyming frå Kakhovka-dammen vil vel ramme mange område som Ukraina kontrollerer, inkludert Kherson by? I tillegg står vel Zaporisja-kjernekraftverket i fare for å miste kjølinga? Eg greier ikkje heilt å sjå korleis Ukraina kan ha nokon fordel av dette. Russarane har derimot for vane å angripe sivil infrastruktur. Er dette kanskje for å hindre ukrainarane i å ta seg over Dnipro, eller rett og slett lage mest mogeleg kaos i det ukrainarane skal innleie våroffensiven?