-
Innlegg
10 104 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Verdssamfunnet har ikkje sett foten ned og boikotta Israel trass i den brutale krigen som har vart i 2 år. Noko av årsaka er sjølvsagt utgangspunktet (terror). Noko av årsaka er at vi på mange måtar er avhengig av israelsk teknologi. Men noko av årsaka er også den kollektive skuldfølelsen på grunn av holocaust. Sjå berre på Tyskland, som er svært forsiktige i sin kritikk av Israel. Det er ikkje tilfeldig. Og noko av årsaka er sjølvsagt også at ein får gjort lite med situasjonen i Midtausten utan å ha USA med på laget.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Altså... Ein kan sikkert sjå på både jødar/israelarar og palestinarar som ufordragelege menneske. Men det er no ein gong slik at jødar flest ikkje har noko kollektivt ansvar for kva Israel gjer mot palestinarane, akkurat som at palestinarar (eller muslimar) ikkje har noko kollektivt ansvar for HAMAS sine terrorhandlingar.- 604 svar
-
- 2
-
-
Då eg hadde mobilt breiband hos Telia for nokre år sidan var det tilnærma umogeleg å laste ned ein epost dersom ein kom over grensa. Det var som om alle forsøk på å bruke internett vart blokkert. I dag har eg Chilimobil Fri data, og har så langt ikkje greidd å bruke opp dei 100 GB som ein får tildelt kvar månad.
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Du krev noko av jødar, men vil ikkje krevje noko anna av muslimar. Innlegget ditt viser at jødar og muslimar som minoritetar er i same båt. Altfor mange føreset at alle jødar støttar Israel eller at alle muslimar støttar islamisme og terror. Det er dette som er fordommar, og som lett blir rasisme, antisemittisme eller ... ein kan kalle det kva ein vil. Og det er lett å tenkje slik, fordommar er noko som vi alle har i ein eller annan samanheng.- 604 svar
-
- 5
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Men dersom det hadde vore samarbeid og eit felles arrangement ville vel det mossaiske trussamfunn som medarrangør ha hatt ein del å seie når det gjeld kven som fekk halde talar? Når ein derimot tek eit val om å setje seg sjølv på sidelinja mistar ein sjølvsagt denne mogelegheita.- 604 svar
-
- 4
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Blir det Norge som skal berge Ukraina meir eller mindre på eiga hand? -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Om han har sett slike feller på ei tomt burde det vere ganske enkelt å dokumentere dette med bilete.- 218 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
FOR er vel ikkje noko anna enn Russland sine agentar/nyttige idiotar. No må du heller ikkje gløyme den etniske rensinga som går føre seg på Vestbreidda. Den israelske regjeringa gjer kva dei kan for å hindre ei tostatsløysing. Då må verdssamfunnet krevje at det blir ei einstatsløysing der alle borgarar har like borgarrettar uavhengig av etnisitet eller religion. Og ikkje status quo, ein slags uoffisiell apartheidstat som er det den israelske regjeringa og store deler av den israelske befolkninga eigentleg ynskjer. Men denne diskusjonen er uansett langt ute på viddene i forhold til temaet, som er at ein ikkje kan greie å samlast om ei felles norsk markering av krystallnatta.- 604 svar
-
- 6
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Tullprat. Det er då fullt mogeleg å støtte Israel sin rett til eksistens utan å støtte forhistoriske krav på eit mykje større landområde.- 604 svar
-
- 2
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Er det eigentleg så mange som meiner det?- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Er det så enkelt burde denne konflikten ha vore over for lenge sidan. Det burde ikkje vere vanskeleg for antirasistisk senter å komme med ei erklæring om at dei støttar Israel sin rett til å eksistere.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Eg ser absolutt poenget. Berre så det er sagt. -
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Det han meinte med den eine setninga var vel at den kollektive skuldfølelsen for holocaust gjer det vanskeleg for oss i Europa å kritisere Israel. Verken meir eller mindre. Så kan ein diskutere om det er hald i den oppfatninga. Men dette er vel uansett litt på sida av temaet, som er striden som er oppstått mellom det mosaiske trussamfunn og antirasistisk senter.- 604 svar
-
- 2
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Om dei seier at dei støttar Israel sin politikk må dei som alle andre tole å bli motsagt. Antisemittisme. Eller rett og slett fordommar. Dette er eit viktig poeng. Mange har også fordommar om at alle muslimar støttar islamisme og terror. Dette er interessant, og gjev vel også eit slags svar på spørsmålet mitt om kor stor støtte leiinga av desse trussamfunna har i den jødiske minoriteten når det gjeld konflikten som har oppstått.- 604 svar
-
- 3
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Skal ein då slutte å ha offisielle markeringar av krystallnatta, og overlate heile markeringa til den jødiske minoriteten? Ein viktig grunn også for ikkje-jødar for å markere krystallnatta er at dette er ei historisk hending som aldri meir må skje. Dette angår ikkje berre den jødiske minoriteten, det er noko som angår oss alle.- 604 svar
-
- 4
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Rasisme er iallefall eit ord som er mykje brukt, og blir ikkje utdatert før det store fleirtalet meiner det og sluttar å bruke ordet. Om ordet vil lide same skjebne som n-ordet vil berre framtida vise. Skal ein fyrst drive ordkløyveri er vel ordet antisemittisme eit ord som verkeleg er utdatert. Både fordi semittiske folk omfattar både jødar og arabarar, men ikkje minst fordi ordet i svært stor grad blir misbrukt for å fremje eit bestemt syn på konflikten mellom Israel og palestinarane.- 604 svar
-
- 5
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Den høgrevridde israelske regjeringa prøver sjølvsagt å utnytte situasjonen til å svartmale den norske regjeringa, undergrave støtta til palestinarane og provosere fram auka splid internt i Norge. Russland kunne ikkje ha drive sine påverknadsoperasjonar på ein betre måte.- 604 svar
-
- 7
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Skulle desse revesaksene dukke opp så ofte som enkelte vil ha det til må det vel vere mogeleg å setje opp eit kamera og få teke syndaren/syndarane når dei kjem og skal sjå til saksa/hente eit evt. utbytte? -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Eg kan ikkje forstå anna enn at dette er ein avleggs jaktmetode som ikkje har vore lovleg på lenge.- 218 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Nei, men det ville iallefall ha vore interessant å vite om arrangementet til antirasistisk senter var så og seie fritt for jødar, eller om det er ei splitting også i det jødiske samfunnet.- 604 svar
-
- 1
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
Men akkurat det seier eigentleg ingen ting verken om kor stor del av medlemmene som støttar trussamfunnet si linje i denne saka, eller kor stor støtte dei eller antirasistisk senter har hos andre jødar.- 604 svar
-
- 5
-
-
-
Støre velger bort jøder på Krystallnatt markering
torbjornen svarte på OleBrum2 sitt emne i Politikk og samfunn
https://no.wikipedia.org/wiki/Jøder_i_Norge Var dette eit svar på spørsmålet mitt? Wikipedia-artikkelen nemner ikkje konflikten mellom det mossaiske trussamfunnet og antirasistisk senter.- 604 svar
-
- 2
-
-
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det var det eg kommenterte ja. 🙂 -
Skyte blink på ekorn. For rekreasjonens skyld?
torbjornen svarte på Sovna sitt emne i Dyrehold og kjæledyr
Det har vel også hendt at hjort eller andre ville dyr greier f.eks. å ramle utfor og/eller skade seg sjølv i naturen, utan at det i seg sjølv er noko argument for at hjorten bør utryddast. At mange også skadar seg ved å henge fast i skrot eller menneskeskapte hindringar er ei anna- og trist sak.
