-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel heller ikkje verneplikt på Island. Island er ikkje demilitarisert, og har strategisk betydning. Utover dette har desse områda uansett så få innbyggjarar at dei har lite å bidra med når det gjeld å komme andre NATO-land til unnsetjing. Men du har sjølvsagt heilt rett i det du skriv. Elles har Åland ei svært spesiell historie, og det ligg eit halvtimelangt tv-program om dette i artikkelen som eg limte inn. Sverige hadde si stordomstid fram til den store nordiske krigen, som starta rundt 1700. Då rådde Sverige over Finland, deler av Baltikum og enkelte område i Tyskland, og kontrollerte dermed i stor grad Austersjøen. Sidan gjekk det nedover, og under napoleonskrigane på byrjinga av 1800-talet imvaderte Russland både Finland og Åland. Sverige var dermed redusert til det dei er i dag (sett vekk frå at dei fekk Norge i 1814), og med russarane like innpå seg var Sverige sin eksistens trua. Russland skal også ha hatt planar om å ta Sverige, men planen vart aldri utført. Derimot bygde russarane ein festning på øygruppa. Det som gjorde at historia snudde i ein heilt annan retning var Krim-krigen på 1850-talet, som russarane tapte. Storbritannia, Frankrike og Tyrkia stod på den andre sida, og frykta at Russland ville bli for mektige. Dei angreip då Åland, øydela festninga og okkuperte midlertidig øygruppa. Det vart då bestemt at øygruppa skulle vere demilitarisert, og det var deretter fred fram til fyrste verdskrigen. Etter at kommunistane tok makta i Russland erklærte Finland sjølvstende, og det braut ut borgarkrig i Finland mellom "raude" (kommunistar) og "kvite". Grupper av "raude" og "kvite" tok seg også over til Åland og kriga mot kvarandre der. Etter kaoset som oppsto invaderte svenskane øygruppa med "fredsbevarande" soldatar, under påskot av å "beskytte" den svensktalande befolkninga der. (Høyrest dette kjent ut?) Om Sverige hadde rokke å halde folkeavstemming ville resultatet ha blitt eit soleklart fleirtal for å slutte seg til Sverige. Men så kom ei anna falma stormakt, Tyskland og melde seg på. Dei ville bruke øygruppa som base for å støtte Finland i kampen mot kommunistane. Saka enda opp i Folkeforbundet, og det vart bestemt at Åland skulle vere del av Finland, ha utstrekt sjølvstyre, få behalde svensk som einaste offisielle språk og at øygruppa skulle vere demilitarisert. Og slik har det altså vore fram til i dag, når finsk NATO-medlemsskap og eit endra verdsbilete reiser spørsmålet på nytt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel rimeleg usannsynleg at Russland vil angripe Åland, og om dei gjorde det ville det utløyse artikkel 5. Åland er dessutan (når ein reknar med Sverige) omgitt av NATO-land på alle kantar. Så eg ser ikkje det heilt store problemet dersom Åland vel å halde fram som eit demilitarisert område. Eller tek eg feil? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/lekkasjemistenkt-i-usa-nekter-straffskyld-1.16456303 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Etter at Finland er blitt med i NATO er også den demilitariserte øygruppa Åland ein del av NATO. Men mange innbyggjarar vil halde på den lange tradisjonen med at øya skal vere demilitarisert. https://www.nrk.no/urix/aland-_-slutt-pa-demilitarisering-og-noytralitet_-1.16444359 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/wallace-erkjenner-at-han-ikke-blir-nato-sjef-1.16456260 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Å kaste fullt brukande ting er ikkje bra for miljøet. Det er betre å gøyme tinga vekk på ein stad der det går lang tid før dei kjem fram att. I mellomtida handlar du varer frå konkurrenten som ikkje er eksponert i Russland. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det han burde ha gjort var å gøyme vekk barberhøvelen og barberblada i ei skuff e.l. og la dei liggje der til krigen var over. Evt. kunne han ha brukt opp barberblada og donert pengane han "sparte" til eit godt føremål som f.eks. støtte til Ukraina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Logikken er vel at dei alltid meiner det motsette av Biden-administrasjonen, uansett kva saka gjeld. Då får ein slike merkelege utslag som dette. Akkurat som uttrekkjinga av Afghanistan. Det var Trump som bestemte dette, og Biden følgde opp. Men etter at det uungåelege skjedde og Taliban tok makta hadde visst republikanarane skifta meining. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Så no blir det altså russisk offensiv i aust? Har russarane ubegrensa med kanonføde, utstyr, rakettar og ammunisjon til å setje inn i denne krigen? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Men dette vil vel ramme den ukrainske sivilbefolkninga også? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Var det ikkje slik at russarane hadde sendt 20 angrepshelikopter til ein flybase i sør-aust-Ukraina? Ein får håpe at ukrainarane kan uskadeleggjere dei 18 andre også. Kan HIMARS brukast til dette? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er klart at ein må gje Russland ein sjanse dersom landet går i demokratisk retning. Nazistane starta verdskrig og gjorde mykje fælt. Dette var attpåtil andre gongen at Tyskland var sentral involvert i ein verdskrig. Tyskland er i dag eit godt fungerande demokrati og ein viktig alliert. Tenk om også Russland kunne bli det i ei ikkje altfor fjern framtid. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det noko som hindrar Ukrainarane i å frigjere Luhansk ved å gå via Belgorod? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/norge/ukraina-klargjor-tidligere-krigsfanger-til-motoffensiv-1.16443417 Men i følgje artikkelen er ikkje krigsfangane klar til å bli sendt i krigen igjen. Mange viser teikn til PTSD. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kva blir då konklusjonen? At offensiven bør utsetjast til neste år, etter at Ukraina har fått F16-flya dei har bedt om sidan i fjor? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kan dette forståast på nokon annan måte enn som direkte kritikk av Putin sin bruk av sovjetisk historie for propagandaføremål? Eg byrjar å elske kazhakhstanarane, og håpar at resten av dei sentral-asiatiske landa følgjer etter og seier ha det til Russland. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/har-de-ukrainske-motangrepene-kjort-seg-fast_-1.16449347 -
Mor trenger hjelp til innkjøp
torbjornen svarte på Therese trenger hjelp sitt emne i Hjelp til kjøp og salg av PC
Hadde eg vore 16 år ville eg ha sett pris på å få ha eit ord med i laget sjølv. Gjev du h?n pengane kan h?n velje sjølv kva h?n vil bruke dei på. Då blir gjerne også resultatet meir vellukka.- 31 svar
-
- 2
-
Kjøle ned luft uten elektrisitet?
torbjornen svarte på Krig og fred sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Opne dører/vindauge om natta kan ofte vere lurt dersom det er så varmt at ein slit med å få sove. Men ein må sjølvsagt ikkje ha på kunstig lys slik at huset renn fullt av fluger, møll og insekt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Etter overskrifta å dømme har ikkje dei afrikanske leiarane lært nokon ting. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette må du utdjupe. Her er ein artikkel om Oslo-forliset: https://www.klikk.no/historie/knm-oslo-panikken-var-i-ferd-med-a-bre-seg-pa-fregatten-skipssjefens-heltedad-kan-ha-reddet-113-liv-2915431 Det står ikkje noko om dårleg sjømannskap her. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Tja, ein treng vel ikkje å vere rakettforskar for å skjøne at romfartsteknologi også kan brukast til andre ting. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Afrikanske leiarar besøkte Kiev, og Russland ga dei ei realistisk oppleving av korleis det er å vere i den ukrainske hovudstaden under russisk angrep. Ein får håpe at dei lærte noko. https://www.nrk.no/urix/eksplosjoner-i-kyiv_-_-vi-er-ikke-redde-1.16449319 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/mondelez-vil-skilje-ut-verksemda-i-russland-1.16448708 Det ser ut til at boikott hadde ein verknad.