-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg greier likevel ikkje å få tak i kva Kina meiner. Desse båtane har vel vore kontrollerte av FN, og det har ikkje vore funne eitt einaste våpen. Kva meiner ein då med legitime bekymringar til alle partar? Meiner Kina at det er Ukraina sin feil at Russland nektar å forlenge avtalen? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Wagner-gruppa er vel iallefall kjent for at desertørar blir slått ihel med slegge. Det finn sikkert du kjelder på like godt som meg. Når det gjeld den regulære russiske hæren skal eg innrømme at eg ikkje veit. Men eg tvilar på at desertørar blir tekne godt imot for å seie det slik. Antagelegvis ventar fengsel, evt. at dei blir sendt i krigen på nytt som kanonføde med blokkeringstroppar bak. Er det forresten nokon som har høyrt noko til Wagner-avhopparen som var i Norge? Drog han tilbake til Russland, og er han i så fall i live? Var historia hans sann? Redigert: Han er visst framleis i Norge. Merkeleg skrue dette. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/-wagner-avhopper-identifisert-i-grenseomradene-til-russland-1.16458873 ... og sidan du ba om kjelde skal du få ei her: https://en.m.wikipedia.org/wiki/Murder_of_Yevgeny_Nuzhin -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/polen-apner-reparasjonsverksted-for-ukrainske-stridsvogner-1.16492069 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/kina-ber-russland-gjenopprette-kornavtalen-1.16492096 Sidan Kina heile tida skal gje inntrykk av å vere nøytrale og av at Russland og Ukraina er likeverdige partar i krigen er det vanskeleg å få tak på kva Kina eigentleg meiner. Elles tykkjer eg at det er rart at ein ikkje høyrer noko til Erdogan. Sist gjekk korntransporten vidare med tyrkisk hjelp utan russisk godkjenning, og russarane måtte akseptere forlenging av avtalen. Har Russland denne gongen med både angrep på Odessa og truslar om angrep på sivile skip greidd å setje sjakkspelaren Erdogan heilt ut av spel i frykt for å utløyse artikkel 5? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/nyheter/ukraina-ma-vente-pa-f-16-fly-1.16491519 Tragisk. Ein har kasta vekk eit år på dette. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No er det vel ikkje noko motsetnad mellom dette og det eg skreiv? Og så er det også slik at det er lettare å sitje i sofaen heime i trygge Norge med den "fulle" oversikta og meine at soldatar burde ha gjort det og det enn når du faktisk deltek i ein krig, du er infisert av propaganda, fienden er demonisert og du i tillegg er redd for kva dine eigne kan finne på dersom du virkar "svak". Det er heller ikkje sikkert at det er så opplagt for russiske soldatar at dei vil bli tekne godt imot av ukrainarane dersom dei overgjev seg. Og dei veit kanskje heller ikkje at dei risikerer å bli sendt tilbake til den sikre død i Russland som del av bytehandel med ukrainske krigsfangar. Heldigvis. For dei som deltek på russisk side i krigen handlar nok mykje om å overleve. Og for at Ukraina skal vinne krigen må så mange som mogeleg av desse drepast. Krig er brutalt, uansett kven som har skulda. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Oppdatert nyheitsartikkel om Girkin: https://www.nrk.no/nyheter/putin-kritisk-militaerblogger-arrestert-1.16491459 Tidlegare har det vore slik at dei som har kritisert krigen i seg sjølv er blitt fengsla, medan nasjonalistane som har kritisert Putin for ikkje å ta hardt nok i har fått kritisere og propagandere fritt i beste sendetid på russisk tv. Kan det ha blitt ei endring etter Wagner-opprøret, eller er det det at Girkin har retta kritikk direkte mot Putin som gjer at han blir fengsla? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/urix/enkene-i-ukraina-1.16462336 Ukrainarane tek også vare på sine døde, slik at enkjer og slektningar har ei grav å gå til. Det finst også støttegrupper for enkjene. Kvifor høyrer ein aldri om slikt frå Russland. Det einaste ein har sett derifrå er enkjer som etterlyser svar på kva som er skjedd med deira kjære, og som klagar over at dei ikkje får den økonomiske kompensasjonen dei er blitt lova. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg trur at vi alle kan vere einige om at krigen er ein ufatteleg tragedie både for russarar og ukrainarar. Alle burde også vere i stand til å sjå at russiske soldatar ofte heller ikkje føler at dei har noko val, av ulike grunnar. Det kan vere fattigdom, at dei fryktar å hamne i fengsel eller at familien blir råka. Mange følgjer berre ordre. Og så er det ein del som er med fordi dei støttar krigen eller fordi dei trur på løgnene til Putin. Mange vernepliktige og andre har rømt landet, mange høgt utdanna har rømt landet fordi dei veit kva som skjer og ikkje ser noko framtid der, all opposisjon har enten rømt landet eller sit i fengsel. Dei som er att er enten tilhengarar av krigen eller passifisert og håpar at krigen går over av seg sjølv. Og så er også alle einige i at Russland har ansvaret for krigen og at Ukraina må drepe flest mogeleg russarar dersom det er det som må til for at krigen kan avsluttast, landet skal overleve som sjølvstendig nasjon og få tilbake alt land som er okkupert av Russland sidan 2014. Det er dette som er å ha fleire tankar i hovudet på ein gong. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg stussar over ordvalet her. Er det Guterres, eller er det Nrk/Ntb som seier at målet var militær infrastruktur? Finst det andre kjelder enn Russland som seier at det var militær infrastruktur som var målet?- 71 301 svar
-
- 11
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er jo dette som er det opplagte svaret. Men greier Ukraina og dei andre landa å bli eining om å implementere (2)? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Korleis går det med denne karen? Var det ikkje slik at han var sjuk og låg for døden? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Diverre er det jarnbanebrua som er viktig for transport av våpen og utstyr til krigen, og denne er framleis intakt. Det viktigaste resultatet er dermed at ein har fått ein propagandasiger ved å vise at Russland ikkje er i stand til å beskytte Putin sitt prestisjeprosjekt, og ved å lage kaos for russarar på ferie som dermed får oppleve at det faktisk går føre seg ein krig, og at dei får krigen nærmare inn på liva sine. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det krigsfrykten som gjer seg gjeldande? Mange bedrifter har allereie tapt store summar i Russland, og i mellomtida styrker Kina vennskapet med Russland og klarer ikkje å ta avstand frå krigen i Ukraina, og samstundes trappar Kina opp retorikken rundt Taiwan. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Faren er at dette også fører til at Kina har mindre å tape på å vende seg mot Russland. Det vil kanskje vere lurt å gjere seg ferdig med kampen mot Russland før ein legg seg alt for mykje ut med Kina. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Demonstrantar har storma den svenske ambassaden i Irak etter at det visstnok skal vere planlagt ei ny koranbrenning framfor den irakiske ambassaden i Stockholm. Det finst ein eigen lang separat tråd om temaet og eg har sagt nok om kva eg meiner før, men det irriterer meg grenselaust at vi framleis med opne auge lar idiotar og Putins hjelparar utnytte vårt demokrati og vår ytringsfridom til å fremje sin eigen agenda og autoritære tankesett. Når ikkje folk i den tredje verda kan ta til vitet burde vi setje foten ned! Det er nok no! -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg meiner at eg las ein eller annan stad at berre halvparten av missila vart skotne ned natt til i går, men finn ikkje att kjelda. Russland sin terror viser at Ukraina må få meir luftvern, og slik kan ein kanskje beskytte både Odessa og skipstrafikk til/frå Ukraina mot Russland, slik at heile kornavtalen blir overflødig? https://www.nrk.no/nyheter/krigen-i-ukraina-1.11480927 Det er interessant at støtta til Ukraina forsvinn så snart den går ut over eiga lommebok. I staden for eit forbod mot korneksport via EU-land må det vere mogeleg å få på plass eit system der ein pålegg kontroll av eksporten ved inn- og utreise, slik at ein kan halde transportøren ansvarleg for at ikkje kornet skal hamne i EU. Kan dette vere så vanskeleg? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kan det vere mogeleg for Ukraina å ramme stadene Shaheed-dronene opererer frå, og på den måten gjere Odessa og andre byar i Ukraina tryggare? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette kartet stemmer jo ikkje med verkelegheita, sidan både Norge, Danmark og det meste av Vest-Europa var okkupert av Tyskland. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Han kan like godt prøve å forby atomvåpen, klasevåpen osv. Det ville i praksis seie at det er fritt fram for Russland og andre diktaturstatar som drit i reglar og avtalar, medan Ukraina og andre land som blir angripne ville måtte forsvare seg "med hendene på ryggen". -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er vel ikkje Russland som truar med krig, men Ramaphosa som seier at ein arrestasjon av Putin ville vere ei krigserklæring. Det er ein viss skilnad her. Artikkelen er bak betalingsmur, men Nrk melder følgjande: -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/innlandet/far-etablere-tiktok-senter-i-innlandet-1.16485374 Kva får dette å seie for Nammo? Er det rikeleg med straum til begge? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det må vel vere snart eit halvt år sidan Storbritannia sa at dei ville starte trening av ukrainske F16-pilotar. Det er ufatteleg at ikkje dette har skjedd før no. Kva ventar ein på? At Ukraina skal tape krigen? Burde offensiven utsetjast til 2024?