-
Innlegg
8 198 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det var også eit par andre som var ganske frittalande. Dette er interessant når ein veit at det ikkje skal så mykje til for at folk får problem eller endar i fengsel. Eg håpar at dette viser at mange er klar over kva som eigentleg går føre seg. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Greit det, men nokre gonger har også desse gode poeng. Hadde det vore snakk om ein artikkel frå ein konspirasjonsnettstad ville eg ha vore einig med deg. Men når det blir lenka til ein artikkel i ei seriøs norsk avis (Aftenposten) tykkjer eg at ein heller bør diskutere den framfor å diskutere brukaren som posta den. Det som gjer det verdt å følgje tråden for min del er nyheiter og diskusjon om krigen og alt som har relevans for den (og her er du av dei som bidreg mest), medan mistenkeleggjering og krangel mellom brukarar er støy som gjer tråden mindre interessant å følgje. Det er også mogeleg å ignorere brukarar som tilsynelatande spreier russiskvennlege synspunkt. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det sagt noko om meir luftvern til Ukraina, slik at ein kan beskytte Odessa og andre ukrainske byar mot russiske åtak? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Vi diskuterer sak og ikkje personar. Eg tykkjer Aftenposten-artikkelen var balansert. Dei fleste her støttar Ukraina, men for at tråden skal vere relevant er det likevel viktig at ein får informasjon om ting som går dårlegare enn ein kunne håpe på. Elles blir tråden raskt eit ekkokammer. Eg er einig med @Rhabagatz. Skjerp dykk!- 71 301 svar
-
- 12
-
Flyttbart trådløst 5G bredbånd
torbjornen svarte på Mhols1 sitt emne i Bredbånd og andre internett-tilkoblinger
Dette stemmer ikkje med informasjonen som står på sida. 1000 Mbit/s (hastigheit) er ikkje det same som 1000 GB (mengde). Når ein blar seg nedover finn ein til slutt dette, som er skrive med lita skrift:- 16 svar
-
- 1
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det nokon som høyrer etter kva denne mannen seier lenger? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kven veit? Det Stoltenberg har sagt er at det (sjølvsagt) vil bli forhandlingar ein eller annan gong, og at målet er å støtte Ukraina slik at dei har eit best mogeleg utgangspunkt når ein skal forhandle. Han har også sagt at ein vil støtte Ukraina "as long as it takes". Mykje vil difor vere avhengig av korleis krigen utviklar seg vidare, og av kor mykje land Ukraina greier å ta tilbake. Det verste som kan skje er ein stillingskrig/frosen konflikt som varer i mange år. Då vil Russland lære av sine feil og hente seg inn att, samstundes som ei krigstrøytt befolkning i Ukraina før eller sidan vil krevje ei løysing som får slutt på krigen, samt at dette vil tære på viljen til å støtte Ukraina. Dette vil ikkje vere så ulikt situasjonen i Georgia og Transnistria. Det er nok dette Putin håpar på. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det vart nemnt i eit innlegg at Norge burde slutte å sende naudhjelp til russistiske land i Afrika. Diverre er det slik at naudhjelp ofte har vore misforstått, og skapt nye problem i staden for å løyse dei problema dei skulle. Ein har sett at lokale bønder eller bedrifter har blitt utkonkurrert av naudhjelp, og at land vart avhengige av den. Eller at pengane forsvinn gjennom korrupsjon. Ofte har "hjelpa" gått til å styrke bedrifter i avsendarlandet i staden for å utvikle dei landa som skulle "hjelpast". Den siste utviklinga er at rike land som Norge dyttar "hjelp" på andre som ein slags avlat for klimaproblema som i stor grad er skapt av vestlege land, nok ein gong utan å ta omsyn til lokalbefolkning eller lokale forhold. Eksempel er skogplanting i matfatet til fattige bønder betalt av rike bedrifter i Norge, og no sist vindmøller som truar med å fordrive lokalbefolkninga. Og inntektene hamnar sjølvsagt heilt andre stader enn lokalt. https://www.nrk.no/urix/klimainvesteringsfondet-satsar-stort-pa-vindkraft-i-india_-_meir-krevjande_-enn-fosen-1.16460765 Det er eigentleg utruleg at dette skjer i 2023. Det er på tide at vestlege land byrjar å interessere seg for lokale forhold og spør vanlege folk og styresmaktene kva dei treng og vil ha i staden for å tre ting ned over hovudet på folk og bidra til å øydeleggje naturen i desse landa. Kanskje vil desse landa også då i framtida lytte meir på kva vi i Vesten meiner om andre saker slik at dei ikkje fell like lett for russistisk propaganda.- 71 301 svar
-
- 11
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Artikkel om kuppet i Niger, Russland og Afrika: https://www.nrk.no/urix/statskupp-i-niger_-derfor-er-det-fare-for-regionalt-samanbrot-1.16497677 Her kjem demokratia i Vesten til kort. Ein må kanskje slutte med å avvise og fordømme kuppmakarar og militærregime i Afrika, og heller signalisere at ein ynskjer samarbeid? Alternativet er nemleg at fleire og fleire land hamnar i klørne til Russland og Kina. Land i Afrika har opplevd korleis det var å bli styrt av Vesten før, og må få stake ut sin eigen kurs. Då fungerer gulrøter betre enn pisk. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/sport/sterke-reaksjonar-etter-absurde-vm-scener-_-roste-fryktar-fullt-kaos-1.16497835 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
- 71 301 svar
-
- 11
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russisk våpenlager? Eller evt. falsk flagg-operasjon frå Russland? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Blir ikkje Kina si krigshissing rundt Taiwan nemnt med eit ord? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ein bør la Norge og andre land halde fram med å sende vaksiner og helsehjelp medan Russland fyller Afrika med enno meir våpen der det er nok krig og elendigheit frå før. Så får ein håpe at folket der ein gong vaknar og landa byrjar å samarbeide med dei som vil hjelpe i staden for dei som berre er ute etter å utnytte. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Nrk: -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er eit interessant perspektiv, og det er tydeleg at Russland går systematisk fram for å ramme sivile mål. Men no har ein høyrt i eit år at russarane brukar opp missila sine. Likevel ser det ikkje akkurat ut som at dei manglar verken missil eller droner. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ny type russiske droner skaper problem for ukrainarane. https://www.nrk.no/urix/dette-russiske-vapenet-truer-de-ukrainske-stridsvognene-1.16487158 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Berre så det er sagt er vel også mange av dei ukrainske dronene produserte i Kina. Så det store spørsmålet er om- og evt. i kor stor grad Kina støttar Russland, eller om Kina fyrst og fremst utnyttar krigen for kommersielle føremål. -
Fugleinfluensa: Ny pandemi på vei?
torbjornen svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
- 32 svar
-
- 2
-
Fugleinfluensa: Ny pandemi på vei?
torbjornen svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Eg tykkjer at det har vore lite fokus i media på årsaker til det store utbrotet i Finnmark. Er det klimaendringar som er årsaka, eller er fuglebestandane svekka av andre årsaker? Eller er det sjølve viruset i seg sjølv som er blitt hissigare? Det var utbrot av fugleinfluensa i Søraust-Asia for nokre år sidan, der mange menneske vart smitta. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det heiter seg at like barn leikar best... -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dermed skulle all tvil vere feia til sides. EU legg ikkje hindringar i vegen for transitt av ukrainsk korn. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ukraina betalar ein høg pris for å gjenetablere status quo. På ein måte ville det ha vore meir rettferdig om mange hadde delt på kostnaden med å gjenetablere status quo, noko som trass alt kjem alle til gode ved at vi ikkje risikerer å bli invadert ein annan gong. Det fyrste som må til er iallefall at Ukraina får dei typar våpen dei treng, og i nok mengde slik at det ikkje går med fleire ukrainarar enn nødvendig for å vinne krigen. Her har Vesten vore alt for trege, og resultatet er at krigen varer lenger enn nødvendig. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/spesial/slik-ble-ukraina-krigen-verdens-forste-fullskala-dronekrig-1.16426350 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det var vel heller ikkje frose då Russland invaderte Ukraina frå nord. Dermed måtte russarane bruke vegane, og ein hugsar bileta av stridsvogner i gjørma og den lange kolonna som stod fast og aldri kom seg til Kiev. Vêret var dermed ein av mange faktorar som gjorde at planen om å ta over Ukraina på 3 dagar feila.