Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 198
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det ser ut til at dette problemet var forbigåande.
  2. Fekk ikkje folk som var på hytta i starten av koronaen sms frå hyttekommunen om at dei burde ryke og reise?
  3. Ved forsøk på å gje tommel o.l. får eg no følgjande melding: "Beklager, du kan ikke bruke reaksjoner noe mer i dag". Er dette innført bevisst, og kva er i så fall poenget med dette?
  4. Det som er sikkert er at flytoget ikkje går. https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/ve1yPV/gardermobanen-stengt-naa-maa-folk-virkelig-planlegge
  5. Om eg forstod det som vart sagt på Nrk rett er det flaum på Oslo S. Lokaltrafikk gjennom Romerriksporten til Lillestrøm gjekk, medan alt nordanfor var stengt.
  6. Også deler av Vestlandet skal ha fått naudvarsel. https://www.firda.no/i-dag-kan-du-fa-ei-melding-utanom-det-vanlege-fra-politiet/s/5-15-1605240 Så då fekk altså kritikarane rett, og naudvarsel vil bli brukt i tide og utide. Eg vil gjerne ha naudvarsel dersom det blir krig eller terror, men ikkje kvar gong det blir meldt ekstremvêr og liknande.
  7. Deportasjon vil vere unødvendig av andre grunnar enn ukrainsk hat mot dei som var med på å okkupere landet. Kva Putin og Russland meiner blir irrelevant så snart krigen er over, for då får Ukraina sikkerheitsgarantiar og vil vere på full fart inn i NATO.
  8. Evt. kan ein be tilflyttarane om å ta ein obligatorisk prøve i ukrainsk. Dei som ikkje møter opp/består prøven må deretter reise til Russland. Dei andre kan velje å bli verande i eit fritt Ukraina.
  9. https://www.nrk.no/osloogviken/barn-fikk-alarm-om-_hans_-pa-mobilen_-_-hylte-og-visste-ikke-hvor-hun-skulle-gjore-av-seg-1.16507802
  10. Eg brukar som regel kredittkort til å betale med, og har aldri tenkt over dette "problemet". Eg har likevel forståing for at dette kan skape problem for folk som av ulike årsaker ikkje har- eller bør ha kredittkort. Der eg bur har Bunker Oil ein ubetent stasjon, og der fungerer det akkurat slik. Eg har heller aldri lagt merke til at det har stått igjen noko reservert beløp når eg har logga inn i nettbanken etter at eg kom heim.
  11. Ein kan søkje på fødselsnummer og etternamn. Men ein del eldre køyretøy kjem ikkje opp. Søkjer ein derimot på skiltnummer kjem køyretøyet opp med namn på eigar og det heile.
  12. Er det gammalt nok kan det hende at statsarkivet i det aktuelle området har eigarregister. Nokre få av desse er skanna, f.eks. desse registerkorta frå Fjaler kommune i Sogn og Fjordane: Statens vegvesen, Sogn og Fjordane vegkontor, SAB/A-5301/4/F/L0126: Eigarregister Fjaler M-Å. Leikanger A-Å, 1945-1975, s. 610 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/db60075542000610
  13. Du tek ei setning ut av konteksten og gjer eit kjempestort nummer ut av dette. Konteksten var at det blei hevda at ein ikkje burde gripe inn militært og senke Svartehavsflåten for å hjelpe Afrika, for deretter å bli skulda for imperialisme av det same Afrika som ein prøvde å hjelpe og som hatar oss uansett. Då er det betre å... eh... la dei svelte. Føresetnadane for resonnementet kan diskuterast, men når du gjer eit stort nummer ut av denne eine setninga meiner eg at du tillegg debattanten meiningar som h?n ikkje har. Dette er ikkje god debattskikk.
  14. At det fanst folk i Ukraina som støtta Russland er vel dei fleste einige om. Etniske russarar i aust var vel meir Russlandvennlege enn andre, og eldre var kanskje meir Russlandvennlege enn unge. Ein har sett at etniske russarar i Estland har vanskar med å kritisere krigen, og ein har vel sett noko av det same blant russarar i Norge. Så at det finst ukrainske flyktningar som framleis trur på det russiske verdsbiletet overraskar meg ikkje. Men det vil overraske om desse er representative for folkemeininga i område som ikkje har vore under russisk okkupasjon sidan 2014/2015.
  15. Då blir med andre ord det store spørsmålet korleis ein skal gå fram for å få "integrert" desse. 😉 Forresten: At dei er fødde i Norge er ikkje det same som at dei ikkje har innvandrarbakgrunn. Tvert imot er det vel ofte slik at born og unge med innvandrarforeldre, og som ikkje kjenner seg heime verken i vår kultur eller i kulturen der foreldra voks opp, fort kan ende opp som kriminelle.
  16. Det er nok viktigare at land sør for oss har høgt straumforbruk om sommaren fordi dei treng straum til å kjøle seg ned.
  17. Det blir lett oppfatta som hån av identiteten til dei som trur på desse maktinstitusjonane, og det er dette som gjer situasjonen farleg. Om ein har som målsetjing å øydeleggje relasjonar med muslimske land og at store deler av verda skal ta avstand frå demokrati, ytringsfridom og alt det som er bra som Vesten står for er brenning av koranar framfor ambassadar eit effektivt bidrag for å oppnå dette.
  18. Dette er gode poeng. Men då er spørsmålet kvar ein skal setje grensa for om ei ytring er hatefull eller ikkje. Det er ikkje opplagt at dette blir noko enklare, og vil heller ikkje bli forstått i muslimske land der ein ikkje er vant med verken demokrati eller ytringsfridom i vår forstand. (Eg har ikkje følgd med på denne tråden på lenge. Tråden starta eigentleg ved at den vart skilt ut frå tråden om krigen i Ukraina. Eg er eigentleg imponert over at debatten om evt. forbod mot offentlege koranbrenningar har blitt halden i live så lenge at den er blitt på 31 sider!)
  19. Då Norge var eit av Europas fattigaste land var det ein fordel å ha ein onkel i Amerika som kunne sende pengar heim og hindre at garden vart tvangsseld. Vi fekk også mykje økonomisk hjelp frå USA då landet skulle byggjast opp att etter krigen. Eg meiner at vi skal ta (minst) like godt imot ukrainarar som polakkar og andre. Norge treng arbeidsvillige folk med kompetanse. Mange vil nok sende pengar heim til familie og slekt, og mange vil kanskje sjølv ein dag vende heim og bruke av pengane dei har lagt seg opp til å starte for seg sjølv og/eller byggje opp landet slik at det blir betre enn det var før krigen. Eg trur ikkje at vi skal gjere dette til eit problem.
  20. Det er forståelig at det er mye følelser involvert, men jeg syns man skal la hevnfantasiene ligge. Det som er det interessante er kva veg dette evt. vil endre den russiske oponionen. Dersom det fører til meir motstand mot krigen vil det vere bra. Dersom det berre forsterkar oppslutninga om krigen og gjev Putin fleire unnskyldningar er det ikkje bra. Propagandaministeriet er etter mi meining absolutt eit militært mål, men dersom det berre fører til at fleire støttar krigen bør ein evt. finne andre mål som er betre eigna for å få slutt på krigen. Hevntankar bør sjølvsagt ikkje styre taktiske vurderingar.
  21. Den kroatiske utanriksministeren har vore i Kiev: https://www.nrk.no/nyheter/ukraina-og-kroatia-enige-om-at-havnebyer-for-korneksport-1.16500723
  22. Meir om demonstrasjonane i Georgia: https://www.nrk.no/nyheter/russisk-cruiseskip-tvunget-til-a-snu-i-georgia-1.16500706
  23. Sidan det blir påpeika at den omdiskuterte Aftenposten-artikkelen er bak betalingsmur prøver eg dette: https://www.aftenposten.no/verden/i/O82J1w/hvordan-gaar-egentlig-krigen-naa-angriper-ukrainerne-paa-nytt-med-store-styrker
×
×
  • Opprett ny...