Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    8 960
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Oksedrit. Han har vel vore den fyrste paven som har prøvd å rydde opp i grumset i den katolske kyrkja.
  2. Nei, dei ba om hjelp til å styrte Ghadaffi. Afghanistan vart okkupert, og afghanarane hadde aldri bedt om å bli påtvinga demokrati og kvinnesyn. Dette på same måten som at ukrainarane aldri har bedt om å bli russifisert og "denazifisert". Afghanarane valde heller ikkje Taliban. Taliban tok makta etter at USA og Vesten rømte og lokale styrkar som var sett til å forsvare demokratiet ga opp. Vanlege folk hadde nok lite dei skulle ha sagt. Så var heller ikkje føremålet med okkupasjonen å skape demokrati i Afghanistan, men å syte for at ikkje landet var ein fristad for å drive terror retta mot USA.
  3. Paven tok seg kanskje for hardt ut i går. Støre og Stoltenberg skal møte Trump i det kvite huset. Eg håpar berre at dei ikkje får same behandling som Zelenskyj fekk.
  4. https://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/frykter-datasentre-med-google-i-spissen-vil-sluke-all-strom-i-grenland-1.17374873 Satsing på datasenter og hydrogenfabrikkar som fortrengjer industri, samt einsidig satsing på vindkraft som aldri blir noko av på grunn av stor folkeleg motstand skaper politikarforakt. Rekninga er det forbrukarane og næringslivet som må betale.
  5. No må jo faktisk også flyktningane vere uføre for å kunne søkje på den supplerande stønaden. Uføre skal ikkje måtte leve på sosialhjelp.
  6. Så ein nordmann med f.eks. Downs syndrom må gå 5 år på sosialhjelp, deretter AAP før han kan få uføretrygd? Dette trur eg ikkje noko på.
  7. Evt. også at Russland har redusert intensiteten noko for å gje inktrykk av "våpenkvile".
  8. Er det noko ein burde ha lært er det dette! Ein må ha eigenproduksjon, samt at ein syter for å ikkje vere avhengig av verken Kina, USA eller andre.
  9. Kina veit vi kvar vi har. Når det gjeld USA har ein heilt andre forventningar på grunn av alt det du nemner ovanfor. USA har alltid vore ein forkjempar for demokrati og menneskerettar. Då reagerer ein når administrasjonen jobbar mot ytringsfridom, inkludering og mangfald, truar sine allierte, støttar ytterleggåande krefter i Europa og støttar Russland framfor Ukraina. Dette forventar vi ikkje av USA. Men det viser også at Europa har gjort seg altfor avhengige av USA. Vi har ingen garanti for at USA vil halde fram med å vere eit demokrati, eller at dei vil ta ansvar for europeisk sikkerheit. Europa må kunne stå på eigne bein.
  10. Ein legg merke til at beløpa (24 072 og 26 139) er identiske i begge tilfelle. Eg vil tru at forklaringa er at flyktningane manglar dei rettane i folketrygda som nordmenn er fødde med, og at ein difor har måtta finne ei alternativ løysing. Og at kravet i begge tilfelle er ein legeattest som viser at personen faktisk er ufør. Det er bra at misforståingar og løgner blir faktasjekka. Når løgner blir spreidde ukritisk utan at folk er klar over at det er løgner aukar det sjansen for at ytterleggåande folk kjem til makta. Takk til @FrihetensRegnfor eit glitrande eksempel!
  11. https://direkte.dn.no/krigen-i-ukraina/#163999 Ukraina bør ta russarane på ordet, og halde fram "sanksjonane" mot russisk olje og gass.
  12. https://direkte.dn.no/krigen-i-ukraina/#164000 ... men i staden for å auke presset mot Russland gjev ein heller opp og håpar at Europa tar støyten.
  13. Det har tidvis sett ut som at mineralavtalen ikkje har vore eit mål i seg sjølv, men eit middel for å presse Ukraina. Det blir kanskje lettare for Trump å signere ein fornuftig og balansert mineralavtale med Ukraina no som fredsforhandlingane med Russland blir lagt på is?
  14. Å tenkje sikkerheit er faktisk ein viktig lærdom etter 22/7. Dette er ikkje mindre viktig i den verda vi lever i i dag.
  15. Med mindre ein justerer for inflasjonen ville dette få litt av den same effekten som å inndra ein stor del av verdien av bustaden f.eks. ved arv.
  16. For ikkje så altfor mange år sidan var vel botnfrådraget 150 000. Grensa vart vel heva av Stoltenberg-regjeringa rett før dei tapte valet i 2013. Tidlegare var det vel også skatt på fordel av å bu i eigen bustad. Slik sett slepp bustadeigarar billegare unna i dag enn for eit par tiår sidan.
  17. Om ingen hadde lån måtte bankane ha hatt andre måtar å skaffe inntekter på. Som f.eks. gebyr på tenestene. Det same ville skje dersom det var nullrente. Under pandemien måtte vel folk i enkelte land betale for å ha pengane i banken.
  18. Poenget er at når politikarane snakkar om å ta "dei rike" er det småspararane dei tek. Dei som aldri brukar opp pengane på ferie, enten fordi dei ikkje vil eller fordi dei av ulike årsaker rett og slett ikkje har mogelegheit til det.
  19. Ein skal vere forsiktig med å stemple folk som idiotar. Historia om skipsreiaren Erik Grant Lea er ei fascinerande historie. Skipsreiaren frå Bergen gjekk konkurs, og måtte starte eit nytt- og annleis liv som sagbruks- og mølleeigar på ein liten stad på landsbygda i Sunnfjord. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Erik_Grant_Lea
  20. Er dette inntekt før eller etter skatt? I tillegg kjem prisstigninga. Har ein pengane i banken går i verkelegheita formua ned. Høg inflasjon og høge renter gjer at mange slit med å betene låna sine. Men dei som har lån, men som greier å betale renter og avdrag er i dette tilfellet kanskje dei største vinnarane. Om inflasjonen er høg nok vil lån og formuer forsvinne. Om ein i tillegg har fall i aksjemarknaden vil nokre hamne i botnlaus gjeld, nokre vil vere heldige f.eks. fordi dei har investert i gull. Men for alle andre vil effekten vere ei stor omfordeling.
  21. For ikkje å snakke om å bruke ein halv milliard på eit Utøya-monument til plage for naboane som slit nok med minna frå 22/7 2011 utan at dei blir minna på det kvar dag. I tidlegare tider sette ein opp ein minnestein, slik som minnesteinane over falne under krigen som står rundt om på kvar ein kyrkjegard i Norge. Slik klarte ein å heidre minnet utan å drive eit gigantisk pengesløseri. Minnestaden på sjølve Utøya er det vel dei etterlatne sjølv som har laga på dugnad, og ein har fått til eit verdig minne utan at det har kosta det offentlege ei formue.
×
×
  • Opprett ny...