Billeg straum får ein ved å byggje ut vass- og vindkraft, investere i solcelletak og ENØK i staden for straumstøtte og "Norgespris", samt byggje kraftlinjer som jamnar ut flaskehalsane mellom ulike område i landet. Det er lite hjelp i ein straumpris på 1 øre/kWh i nord samstundes som kraftkrevjande bedrifter ikkje får etablere seg der på grunn av mangel på kraft.
Kjernekraft gjev ikkje billeg straum, men vil redusere svingningar og vere nyttig for forsyningssikkerheita.