The Avatar
-
Innlegg
19 484 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Hjelpsomme svar
-
The Avatar's innlegg in Er det lurt å ta sivilingeniørutdanning i 2015 og framover? ble markert som svaret
Det vil alltid være behov for dyktige ingeniørar.
Akkurat oljenæringa er litt usikker for tida, då verden etterkvart ser seg rundt etter andre energikilder. Men når vi finn ei alternativ energikilde så må vi ha ingeniørar til å lage og drifte generatorar som på mest mulig effektiv måte utnyttar energien.
Dei andre ingeniørbransjene blir det ikkje mangel på. Akkurat no er det litt dårlig ingeniørmarked fordi det er så mange ingeniørar frå oljenæringa som søker på andre ingeniørstillingar. Men så fort markedet har stabilisert seg så kjem ein fortsatt til å søke etter ingeniørar til å bygge bygningar, bruer, tunnelar, kjøyretøy, og masse anna styr som krever teknisk kompetanse.
Husk også at sjølv om arbeidsledigheita innanfor ingeniøryrket har auka voldsomt det siste året, så er det berre snakk om ei dobbling av ei nesten fråværande arbeidsledigheit. Totalt sett er det under 2% av ingeniørane som er arbeidsledige.
Gjennomsnittet for alle arbeidstakarar er litt over 4% arbeidsledigheit, så ingeniøryrket er fortsatt eit sikkert valg sjølv om det nok i framtida blir litt mindre behov for petroliumsingeniørar, og meir behov for ingeniørar innanfor andre energifag.
-
The Avatar's innlegg in Førerkort forelegg ble markert som svaret
Når du kjøyrer så mykje over fartsgrensa så får du ikkje prikkar. Hadde du kjøyrt litt saktare som f.eks maks 105 km/t så hadde du vært like under lappegrensa for ei 70 sone og du hadde då fått bot pluss tre prikkar (seks prikkar dersom du er i prøvetid).
Når du snakker om at du berre var 4 km/t over grensa, så snakker du om lappegrensa der all margin for å gjere opp med ei enkel bot er brukt opp. I realiteten var du 40 km/t over grensa. Så hadde du kjøyrt litt roligare så hadde du fått tilbud om forenkla forelegg utan å miste lappen.
Ein anna ting, når du seier at dette var fyrste gongen, meiner du då fyrste gongen du kjøyrte fortare enn fartsgrensa? Eller meinte du at det er fyrste gongen du blei tatt på fersken etter ei fartsoverskridelse?
Ein av grunnane til at ein blir straffa forholdsvis hardt for brudd på vegtrafikklova er at risikoen for å bli tatt er forholdsvis lav, derfor må bøtene være ekstra høge for at risikoen for bot skal ha ein prevantiv effekt. For kvar gong du blir bøtlagt så har du sikkert hatt minst 100 situasjonar der du kjøyrte litt for fort utan å bli tatt.
Eg vil også kommentere den siste settninga. Hadde du kjøyrt i 105 km/t så er det ikkje som at politiet ikkje har lov til å ta frå deg førarkortet. Dette er ei enorm missforståelse frå din side. Hadde du kjøyrt i 105 km/t eller lavare så hadde du ikkje mista lappen direkte etter hjemmel i tapsforskrifta. Men du kunne forstatt mista lappen etter anna hjemmelgrunnlag, mest aktuelt § 3 i vegtrafikklova (aktsomheitsparagrafen) for hensynslaus kjøyring.
Husk også at tapsforskrifta legger til grunn at fartsoverskridelsen skjedde under idieélle kjøyreforhold med tørr asfalt, gode siktforhold og ingen fotgjengerovergangar eller kryss, alternativt andre skjerapande forhold.
Så politiet har lov til å ta førarkortet ditt også i andre situasjonar, einaste forskjellen er at politiet då må bruke ein litt anna hjemmel for å begrunne førarkortbeslaget.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] Lønn for 1 mai når det er første arbeidsdag? ble markert som svaret
Nei, dette er ett unntak som ikkje gjeld deg i din situasjon.
Hovedpoenget her er uansett at du ikkje skal ha trekk i månedslønna fordi den fyrste i måneden tilfeldigvis er ein helligdag.
Du skal sjølvsagt ikkje ha lønn som om du hadde jobba i 8 timar med 100% tillegg, men du har rett på å få fri med lønn.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] CS:GO kniver irl. ble markert som svaret
Etter som eg forstår så er det eigentleg berre å bestille så lenge du ikkje har tenkt å bruke knivane som våpen. Men dersom knivane blir stoppa i tollen, eller politiet finner deg med desse knivane (f.eks i bilen på veg heim frå postkontoret) så vil du måtte sannsynleggjere/bevise at du har eit aktverdig formål for knivane.
Ein anna måte å passe på at knivane er lovlige på er dersom dei er sløve. Då vil du kunne argumentere med at det ikkje er snakk om særlig farlige gjenstander, litt uavhengig av korleis kniven ser ut. Men du kan likevell få problemer med Karambit og Hunstman knivane sidan dei har ein viss likheit med slosshansker og kan dermed bli vurdert som ulovlige voldsgjenstandar uanvhenging av om bladet er skarpt eller ikkje.
Ellers så vil det sjølvsagt også være av betyning om du har ein historikk som tilseier at du ikkje burde ha tilgang på slike kniver. Er du ein voldelig dopselgar som stadig får politirassia så vil nok terskelen for å beslaglegge ein kniv som henger på veggen være langt lavare, enn dersom du ikkje har rullebald og politiet berre er tilfeldig innom boligen din i eit anna ærend.
-
The Avatar's innlegg in Er det noen som har erfaring med returbil.no ble markert som svaret
Har hurtigruta avgang frå Sandnes?
Ifølge pristabellen på hurtigruta sine sider så skal kjøyretøytransport frå Bergen til Tromsø koste 1880 kr, men det er mulig at den prisen forutsetter personbillett i tillegg.
Andre alternativer vil være å få bilen kjøyrt oppover på lasteplan. Kanskje du kan høyre med bilutleigarane i Tromsø om det er planlagt biltransport nordover snart? Og kva det i så tilfelle vil koste å om dei tar med din bil også.
-
The Avatar's innlegg in Plettfri vandel/Weed/Flygeleder ble markert som svaret
Ta ein prat med politiet.
På meg så høyrest det ut som at du her har fått ein avtale på at dersom du frivillig inngår eit rusavholdsprogram i eit år så skal du sleppe å få dette oppført som ein straffereaksjon som kjem på rullebladet.
Det er ganske vanlig at unge som blir tatt fyrste gong for slike ting, og som ein anser det er håp for at dei klarer å holde seg unna rusmiljøa får ein slik ekstra sjangs.
Så sjekk derfor opp kva det er du har signert på, sjå då særlig på kva det heilt spesifikt er du har lovd at du skal gjere, og kva konsekvensen for å bryte opplegget er.
-
The Avatar's innlegg in hva er godt å blande i seksti spriten? ble markert som svaret
Strawberry daiquiri er tradisjonelt laka med lys rom, men bortsett frå det får du kjøpt alt du trenger på spar-butikken (lime, jordbær, og sirup). Sirupen kan forøvrig byttast ut med sukkerlake om det er ønskelig.
Ellers så fungerer det mest som blandevatn til sekstiprosent vodka. Men vær obs på at sterk sprit også gir sterkare smak, så påberegn meir blandevatn eller vurder å tynne ut spriten med vatn dersom du drinken blir for stram.
Sitron eller lime-brus fungerer ypperlig som blandevatn, men for at drammen skal bli god så bør du også vurdere å kjøpe inn lime eller anna sitrusfrukt som du bruker som smaksforsterker. Bruk også rikelig med isbitar, gjerne i form av knust is.
Om du vil ha litt meir smak på drammen så kan du også kjøpe ei flaske med drinkmix som passer til sitronbrus. Ein liten skvett med drinkmix vil gjere underverker for smaken.
PS; Berekn rikelig med blandevatn. Brus er så billig likevell at det er eigentleg berre tull å ende opp med å ha forlite blandevatn.
-
The Avatar's innlegg in Høyere utdanning ble markert som svaret
Så lenge grunnen til at du fekk lave karakterar på vgs var manglande motivasjon, og du no klarer å motivere deg til å gjennomføre ei høgare utdanning så skal det ikkje være umogleg å komme seg gjennom den.
Men vær oppmerksom på at nivået sjølvsagt blir høgare slik at du må jobbe meir for å få brukbare karakterar.
Kor krevande utdanning er vil sjølvsagt også variere alt etter kva type høgare utdanning du tar. Ein ingeniørgrad krever meir enn bachelor i samfunnsøkonomi.
Ein tommelfingerregel er at ein går ned omtrent ein karakter i snitt når ein går opp eit nivå i utdanninga.
-
The Avatar's innlegg in Bilmekaniker/ingeniør ble markert som svaret
Om du går studiespesialisering så er du eigentleg alt på rett veg for å bli ingeniør. Det einaste du må passe på er at du har den nødvendige fordjupninga i matte og fysikk. Om du ikkje har dette så er det mulig å ta det som privatist no på sisteåret.
Skal du bli bilmekanikar så blir det litt verre sidan du no har tatt 1,5 år med studiespesialisering i staden for å yrkesretta vidaregåande. Men det er nok fortsatt mulig å fikse sidan du alt har dei tyngre allmenne faga og kun mangler dei mekaniske faga.
Uansett kva du velger så bør du ikkje sjå for mørkt på å ta eit år eller to ekstra. Det er betre å bruke litt lenger tid på utdanninga enn å utdanne seg til noke som du ikkje vil jobbe med.
Sjølv om du no velger å bli maskiningeniør så er det fortsatt stor forskjell på arbeidskvardagen til ein ingeniør kontra ein mekanikar.
Litt superenkelt forklart så tar ingeniøren aldri i mekaniske delar, medan mekanikaren aldri ser på på noko anna enn maskindelane.
Det finnes sjølvsagt kombinasjonar av dei to ytterpunkta men det er ganske store forskjeller i arbeidskvardagen sjølv om begge yrka på eit overordna nivå jobber med maskiner.
-
The Avatar's innlegg in er det farlig å la oven på oppe mens den er på? ble markert som svaret
Dersom du går for ei slik løysning så er det i alle fall særdeles viktig at du held deg i nærheita slik at du kan reagere om det begynde å lukte brent.
Litt avhengig av kvaliteten på steikeovnen så skal den tåle å stå på i lang tid, men ikkje nødvendigvis utan at det er mat i ovnen.
All mat som vi tilbereder inneheld vatn i større eller mindre grad, blir det heilt tørrt så er det like før det begynder å bli brent. Så når du steiker mat så er det alltid litt vanndamp inne i ovnen som absorberer ein del av varmen.
Om ovnen står på i for lang tid, eller utan denne absorberande vanndampen så vil varmen etterkvart gå gjennom metallveggane og isolasjonen i ovnen, grunnen til at ovnen ikkje blir like varm på utsida som den er inni er at isolasjonen gjer at varmen bruker lang tid på å nå ut, men før eller seinare så vil varmen gå gjennom isolasjonen.
Når det skjer så er det fare for at treverket i enten veggen eller sideskapene sjølvantenner. Dette kan skje ved lang tids oppvarming til så lite som 60 grader.
Det er også fare for at glaset i komfyren sprekk dersom det blir for varmt i for lang tid.
Så er det nød og du må få varme inn i huset så kan nok ei slik løysning unntaksvis benyttast, men dette er på ingen måte like trygt som å bruke ein fastmontert panelovn.
Så skal du gjere dette så ta i det minste eit par forhåndsreglar:
1) Kun gjer dette når du er våken og tilstede
2) Sett inn ei ildfast form med litt vatn i, og etterfyll etterkvart som det fordampar.
3) Og bruk enten lav varme om du skal gjere dette over tid, evt. høg varme i kort tid i staden for.
-
The Avatar's innlegg in Selge alkohol, paracett, lighter og røyk, under 18 år ble markert som svaret
Det er lettare å vise til alkohollova:
Gruppe 1 er alkohol mellom 2,5% og 4,7%.
Så du må være 18 år for å selge vanlig øl.
Som mindreårig så kan du selge lettøl og slike produkt som ligger mellom 0,7% og 2,5% så lenge nokon over 18 år er tilstede i butikken og følger med.
Det er ikkje eit krav at den myndige personen må sjå at du slår inn varene, men det ser ut som at mange butikkar legg seg på ein slik praksis.
Sidan det er eit krav at nokon "over 18 år har daglig tilsyn med salget" så må du nesten avklare med butikksjefen (og/eller dei andre ansatte over 18 år) om dei vil ta på seg å ha det daglige tilsynet med salget. Ein tar tross alt på seg litt ansvar ved å føre tilsyn med salget, så dette må nesten være eit bevist valg.
I praksis så betyr det at du ikkje kan selge lettøl om du er åleine på jobb, men du kan selge lettøl så lenge det også er ein ansatt over 18 år på jobb.
Når det gjeld tobakk så har tobakkskadelova ein liknande paragraf:
Så i likheit med lettøl så kan du selge både tobakk, og røykeutstyr som sigarettpapir og lighter (dette står utdypa i § 17 i den same lova) når du er under 18 år så lenge ein voksen har daglig tilsyn med salget.
Når det salg av paracett så står det i forskrift om omsetning mv. av visse reseptfrie legemidler utenom apotek. Også her er det en liknande formulering:
For å oppsumere:
Er du under 18 år og åleine på jobb så kan du ikkje selge varer som har 18 års aldersgrense.
Er du under 18 år men jobber samen med ein ansatt som er over 18 år så kan du selge alle varer med aldersgrense utanom vanlig øl som er sterkare enn 2,5%.
For å selge vanlig butikk øl så må du uansett være 18 år. Unntaket er dersom du er lærling innan relevant fag og salget er ein del av opplæringa. F.eks kan ein servitørlærling skjenke vin under praksistrening sjølv om han/ho er under 18 år på det tidspunktet.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] Spørsmål til Huseleieloven ble markert som svaret
Så vidt eg veit så er det ikkje definert kva som er vanlig ro og orden, det er noke som må definerast i kvart enkelt tilfelle.
Men her er ein uttalelse frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet:
Kilde:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/kmd/dok/regpubl/otprp/19971998/otprp-nr-82-1997-98-/9/3.html?id=304657
Slik som eg forstår det så skal ordensreglane være funksjonsbaserte. Å ha reglar for at ein skal vise hensyn og ikkje støye etter eit bestemt tidspunkt vil nok kunne være innanfor. Men ein regel om at ein ikkje kan ha besøk fordi det kan føre til støy vil være langt utanfor.
For at noke skal kunne kallast for vanlige ordensreglar så må reglane være av ein slik karakter at du var innforstått med at utleigaren ville forvente at du oppfører deg normalt.
Skal utleigaren kreve ordensreglar som går utanfor det som er vanlig oppførsel til vanlige leigetakarar så må ein opplyse om dette slik at ein kan inngå avtale om ordensreglane før ein signerer leigekontrakta.
Det skal også være ei avvegning mellom utleigers interesser og leigetakaren sine interesser.
For eksempel blei det i Emmeline-dommen slått fast at sjølv om utleigar har forbudt mot dyrehold så treng ikkje leigetakaren å etterfølge forbudet så lenge dyreholdet ikkje fører til reelle ulemper for utleiger, og dersom leigetakaren har grunner for å ville holde kjæledyr (i Emmeline-dommen som blei behandla i høgstretten i 1993 så var grunnen for å ha innekatt at det gav økt livskvalitet for leigetakaren).
Retten til å få ha heilt vanlig sosial omgang heime i din bolig vil med høg sannsynlegheit følge den same logikken. At du vil være sosial er grunn nok, og med mindre utleigaren opplever større ulemper enn du har fordelar av slikt besøk så kan ikkje ordensregelen gjerast gjeldande.
Utleigaren har ikkje alle rettigheiter i eit leigeforhold, faktisk står du som leigetakar svært sterkt.
I ditt tilfelle kan du derfor trykt ignorere forbudet. Dersom utleigar vil bruke dette som grunnlag for å avslutte leigeforholdet så er det utleigaren som må reise sak for å bevise at dette er ein gyldig oppsigelsesgrunn. Eg kan ikkje sjå at dette vil kunne være ein saklig grunn for oppsigelse av leigekontrakta så lenge det er snakk om besøk før klokka 23 om kvelden. Er det snakk om å ha full fest heile natta så stiller sjølvsagt saka seg annaleis.
Tidspunktet 23:00 er forresten ofte henta frå politivedtektene i din kommune, det er ikkje alle kommuner som har politivedtekter, og det er heller ikkje alle kommuner som har reglar for vanlig nattero.
Den største risikoen du får er at du forsurer forholdet til utleigar, men om dette er nivået på forholdet deres per i dag så er det ikkje så mykje å tape på dette.
-
The Avatar's innlegg in Tjener sivilingeniører mest etterhvert? ble markert som svaret
Lønnsveksten i prosent er ganske lik, men med mastergrad får du større startlønn som igjen betyr at prosentsatsen gir meir i kroner og øre.
Men det vil ta nokre år å tjene inn igjen det du typer i tapt inntekt dei to åra du tar mastergrada.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] Leiebil, parkeringsbot i Sverige. Slippe unna. ble markert som svaret
Det er litt avhengig av kva avtale som er gjort, men vanligvis så vil leigebilselskapet ta høgde for slike ting i leigeavtalen slik at dei har skaffa seg ein enkel måte å kreve inn beløpet på. Enten ved at dei held muligheitene åpne for å trekke frå kreditkortet, gjennom depositum, eller rett og slett ved å kalkulere inn kostnaden ved diverse bøter inn i leigeprisen. På ein eller anna måte så har alle seriøse utleigefirma sikra seg frå å måtte sitte igjen med svarteper etter at kundane deira har pådratt seg bøter.
Hadde du som nordmann med norsk bil fått parkeringsbot i utlandet så er det ofte at det er vanskelig å kreve inn betalinga over landegrensene. Men for akkurat Sverige (og dei andre nordiske landa) så har statens innkrevingssentral eit tett samarbeid, dette innebærer at kravet blir innkrevd av SiS som om det var eit betalingskrav frå Norge. SiS følger då dei vanlige norske reglane for innkreving av beløpet, noke som blant anna betyr at beløpet kan trekkast frå lønna.
Så det korte svaret er at sjangsen for å sleppe unna bota er nesten heilt identisk med sjangsen for å sleppe unna ei norsk parkeringsbot. Med mindre nokon kaster vekk papira slik at saka blir gløymt så vil du bli tvunget til å betale bota så sant du eig noke som du kan betale med.
-
The Avatar's innlegg in Spørsmål stilles under avhør - Mishandling/voldtekt ble markert som svaret
Avhøret ved ei voldtektsanmeldelse vil følge stort sett den same malen som ved andre avhør.
Så typiske ting som du vil få spørsmål om:
-Dine personopplysninger
-Kvar og når hendelsen skjedde
-Kva som skjedde
-Kva blei observert
-Var det vitner til stades, navn
-osv
I ei voldtektssak så vil du også måtte påregne å få spørsmål som kan opplevast som intime og litt påtrengande. F.eks så vil du nok måtte svare på om du husker om gjerningsmannen brukte kondom eller ikkje, korleis du blei berørt og kva handlinger som blei utført.
Dette er typisk opplysningar som det kan være tøft å snakke om, men som politiet trenger for å kunne spisse etterforskninga og for at aktoratet skal kunne sette eit krav om rett strafferamme.
Du bør forklare deg nøkternt men ærlig. Ikkje bruk overdrivelser då dette vil redusere din kredibilitet når/dersom det blir oppdaga at det er overdrivelser. Men pass også på at du ikkje underdriver.
Mykje av det som avgjer om ei handling er ulovlig, (og kva strafferamme som er aktuell) er korleis du følte situasjonen. Blei du redd, følte du deg krenka, osv så er det viktig at du får fram dette.
-
The Avatar's innlegg in Komme seg ut av leieforhold? ble markert som svaret
Det du her er ute etter er grunnlag for å kunne heve leigeavtalen (gå på dagen). Då følger det av husleigelova at det må foreligge ein mangel som medfører vesentlig mislighold.
Tilbakeholding av informasjon kan være innanfor det som er vesentlig mislighold dersom det er grunn til å tru at feilinformasjonen/mangelen på informasjon påvirka avgjerslen om å inngå leigeavtale:
Men merk at det på same måte som at utleiger har opplysningsplikt så har du ein undersøkelsesplikt:
Som du ser i den utheva biten så er kravet for å kunne pårope deg ein mangel at du verken kjente til, eller kunne ha kjent til mangelen.
Det er dette som gjer at å argumentere med at leiligheita muligens ikkje er godkjent ikkje vil kunne lede fram. At det er lavt under taket og at vindua er små er det heilt umogleg at du ikkje oppdaga på visninga, til tross for dette valgte du å inngå leigeavtale. Då kan du ikkje bruke dette forholdet som ein mangel med mindre utleiger har aktivt gått inn for å lure deg ved å seie at vindua er godkjente rømningsvinduer og/eller at takhøgda er innanfor minimumskravet sjølv om det ikkje er det. Då har du ei sak i forhold til § 2-3.
Det er lov å inngå avtale om å leige dårlige boliger, ofte er det då ei oppvegning mellom leigetakarens behov for å bu i godkjent bolig kontra ønsket om å bu sentralt og/eller ha lav husleige. Vanligvis så vil standaren på leiligheita reflektere seg på leigeprisen.
I tillegg så kan du argumentere med at leigekontrakta er tidsuestemt og at du derfor har tre måneders oppsigelsesfrist etter husleigelova sine standardvilkår § 9-6. Dette fordi § 9-3 seier at ein ikkje kan tegne tidsbestemte avtaler for mindre enn tre år i gangen. Unntaket som kan være aktuelt for din del er om utleiger har ein saklig grunn for at leigeavtalen berre varer i ett år.
Så i dette tilfellet må bør du gå utelukkande på at du ikkje har fått dei opplysningane som du etterspurte frå utleiger når du spesifiserte at det var viktig for deg at det var stille og rolig. Å begynde å blande inn andre argumenter, å seie at du vil gå til kommunen kan lett oppfattast som ein trussel, noke som igjen kan gjere det vanskeligare å få lauserive seg frå avtalen.
Merk også at dersom mangelen som du påroper deg er at det er lytt mellom kjellarleiligheita og boligen over så har utleiger rett til å få utbedre mangelen før det er aktuellt med heving.
Men realistisk sett så vil nok ikkje utleiger få til å lydisolere på ein tilfredsstillande måte.
Alternativt så påroper du at avtalen er tidsubestemt med tre måneders oppgielsesfrist. Sidan vi i dag har kommet til den fyrste i måneden så betyr det at du lovlig kan flytte ut i slutten av november. Dette forutsetter at utleiger ikkje har saklig grunn for at den opprinnelige avtalen var på 12 måneder.
PS; Dersom du velger å berre ignorere avtalen ved å levere tilbake nøkkelen og ikkje flytte inn så vil du være erstatningsplikltig for utleiger sitt tap, men det vil være utleiger som må ta jobben med å tvangsinnkreve pengane frå deg. Dei fleste utleigera kjem ikkje til å orke å ta den kampen då det er lettare å berre finne ein ny leigetakar. Så om du absolutt ikkje vil bu der så er det vanskelig (men ikkje umogleg) å tvinge deg til å betale husleige for 1 heilt år.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] [Lefdal] Tomt på lager etter bestilling, mine rettigheter? ble markert som svaret
Sidan du har fått ordrebekreftelsen så er er det inngått ein bindande avtale (ved at du bestillte ein vare, og selgaren aksepterte bestillinga).
At dei no finner ut at dei ikkje kan levere likevell er eit kontraktsbrudd frå deira side.
Ditt tap her blir ca 8000 kr, dette er prisforskjellen mellom kva ei tilsvarande vare koster andre plassar (forutsatt samme førpris) og det dere avtalte at du skal betale.
Så strengt tatt kan du gå og kjøpe ein tilsvarande TV hos konkurrenten og kreve mellomlegget tilbakebetalt.
Sidan du får beskjed no fyrst etter at dei lovte å ha sendt TVen gjer gjer også at du nok kan kreve erstattning for utgifter som du har fått ved forsinkelsen, men det er det nok litt vanskeligare å vinne fram med.
For Lefdal sin del så hadde det beste vært om du brukte heile kjøpesummen på å kjøpe eit dårligare produkt slik at dei likevell får full fortjeneste av dine 5000 kr, alternativt at du krever heving slik at dei slepper unna med berre å betale tilbake beløpet.
Men du har rett på å få ein tilsvarande TV, eller dekt mellomlegget som du må ut med for å kjøpe ein tilsvarande TV.
-
The Avatar's innlegg in Limonadesalg i sentrale Oslo ble markert som svaret
Det er mulig du må registrere deg hos mattilsynet. Alle som serverer mat og drikke skal eigentlig gjere det slik at ein kan finne smittekilda dersom folk begynder å bli sjuke. Men eg veit at det er mange som ikkje gjer det.
Når det gjeld ein plass å selge på så må du innhente tillatelse frå eigaren, enten det er snakk om ein privat eller kommunal eigar. Dette kan dei velge å ta betalt for.
Når det gjeld lønnsomheita så vil det kunne variere mykje. Kvaliteten på produktet, prisen, været og eventuelt andre konkurrenter vil påvirke kor mykje du får solgt.
-
The Avatar's innlegg in Jobbe som fotograf - hvordan tar man betaling? ble markert som svaret
Det er lenge sidan 1000 kronersregelen blei utfasa.
No kan du tjene opp til 6000 kr per arbeidsgiver i året på slike småjobber.
http://www.skatteetaten.no/no/Person/Selvangivelse/Veiledning-til-selvangivelsen/Handle-hvitt/Smajobber--4000-kr-hvitt-og-skattefritt/
Det vil være fornuftig å fylle ut oppgjørsblanketten (som det er linka til i artikkelen) Dette er strengt tatt ikkje nødvendig vanligvis, men det kan være greit å ha til dersom det blir snakk om å gå gjennom ditt skatteoppgjer i detaljar.
Sjølve betalinga kan gjerast enten kontant eller ved bankoverføring, det speler ingen rolle då dette uansett er kvitt arbeid.
-
The Avatar's innlegg in naboen betaler ikke felles forsikring ble markert som svaret
Her er det fleire løysningar, sidan dere nødvendigvis må være eit sameige (har dere ett styre?) når dere har bedriftsforsikring på huset så kan dere kreve tvangssalg med grunnlag i økonomisk mislighold.
Er sameiget tilknytta nokon slags form for organsisasjon som kan hjelpe dere med rådgivning?
Forsikringsselskapet har nok dårlige erfaringer med å splitte forsikringa til kvar enkelt, rett og slett fordi det då er forsikringsselskapet som ikkje får pengane dei skal ha. Slik som det er no så får forsikringsselskapet pengane sine likevel fordi du betaler for to seksjoner.
I staden for, eller i tillegg til å kreve tvangssalg så kan dere kreve inn pengane på andre måter, f.eks gjennom eit inkassobyrå. Denne løysninga vil sjølvsagt koste litt, men fordel er då at dere har eit selskap som pusher på for å kreve inn pengane. Dere kan også kreve inn pengane sjølve.
Det er også mulig at dere kan legge den manglande betalinga som ein slags heftelse på leiligheita, her er eg litt meir usikker. Men om dere hadde fått til det så ville han som skal pusse og selge leiligheita ha interesse av å betale ut det han skulder sidan ingen vil kjøpe ei leiligheit der ein også må betale for den tidligare eigarens misslighold.
Men det beste er å prøve å få kontakt med han som ikkje betaler for seg. Om det er vanskelig å få prata med han direkte så kan du skrive eit brev. Pass på at brevet er kortfatta og direkte. Skriv kva han skylder, kva husforsikringa dekker, og kva dere planlegger å gjere vidare med saka.
-
The Avatar's innlegg in Priser på "Gullnummer" ble markert som svaret
Eg trur tida for gullnummer er litt forbi. Dei fleste taster nesten ikkje telefonnummer lenger då dei bruker adresseboka i staden for.
I tillegg kan det ofte være ein ulempe med gullnummer som slutter på fleire nullar då mange rett og slett ikkje svarer på anrop då dei automatisk tenker at det må være ein telefonselger som ringer frå eit sentralbord.
Så kvar for seg er nok ikkje nummera verdt so mykje, men om du klarer å samle ein nummerserie frå f.eks. ******00 til ******10 så kan nok serien være interessant for firma og liknande.