The Avatar
-
Innlegg
19 608 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Hjelpsomme svar
-
The Avatar's innlegg in Stikke av fra politiet? ble markert som svaret
Det er utvilsomt vanskelegare for politiet å få tak i deg i ettertid dersom du køyrer utan registreringsskilt
Ved å køyre utan registreringsskilt så vil du også langt lettare få politiets oppmerksomheit, så sannsynlegheita for at du blir forsøkt stoppa vil auke betrakteleg.
Men sjølv med synleg registreringsnummer så gir det berre politiet informasjon om eigaren av køyretøyet, ikkje nødvendigvis føraren.
Det som er viktigaste arbeidsverktøyet til politiet i slike sakar er ordinært etterforskningsarbeid.
Dersom politiet har prøvd å få tak i deg, så har dei fått litt opplysningar om både korleis føraren såg ut og var kledd, i tillegg til ein del informasjon om køyretøyet.
Vitner på staden vil kanskje ha informasjon som politiet kan spørre etter, går dei rundt i nabolaget så er det alltids nokon som veit kven politiet bør snakke med.
Dersom det er snakk om køyring med motorcrossykkel så vil føraren ofte være lokal då dette ikkje er ein sykkeltype som er særleg eigna for langtur.
I tillegg vil hendinga sjølvsagt bli loggført, i tilfelle politiet kjem tilfeldig over deg.
Ved råkøyring på motorsykkel så vil UP ofte nøye seg med å ta ei fartsmåling utan å ta opp jakta, deretter køyrer politiet og ser etter ein parkert motorsykkel utanfor dei neste bensinstasjonane, vegkroene og likande plassar der motorsyklistar ofte stoppar.
Den typiske motorsykklisten vil ofte berre køyre fort i korte strekk før dei tek ei pause, så for politiet er det langt enklare å ta føraren på neste bensinstasjon medan føraren står i pølsekø enn å skulle prøve å ta igjen ein motorsykkel i ei biljakt.
Litt av same prinsippet vil nok bli brukt ein slik situasjon som du beskriver, i staden for å køyre etter deg for å få deg til å stoppe så er det kanskje like greit for politiet å spørre nærmaste nabo om det brukar å være motorcrosskøyring i det området. Kanskje har naboen registreringsnummeret til ein kompis av deg, og vipps så står politiet på døra di fordi dei har oppsøkt ein kompis som har oppgitt navnet ditt for å sleppe unna sjølv.
-
The Avatar's innlegg in Hva kan jeg gjøre når kjøper på finn ikke vil hente varen som avtalt? ble markert som svaret
Kjøper har ikkje grunnlag for å heve kjøpet. Det er kjøper som har brutt avtalen og som har påført deg utgifter i form av meirarbeid og oppbevaring, det er ingen grunn til å møte kjøparen på halvvegen.
Gi kjøparen ein siste frist for henting. Opplys om at teinene må transporterast til anna lagringsplass of at du vil kreve erstatning for dine meirutgifter i samband med transport og oppbevaring, og at du om nødvendig vil selge teinene for å dekke dine utgifter.
Då får kjøper ein siste sjangs til å hente teinene, samt ein sjangs til å tilby deg ekstra betaling for at du skal oppbevare teinene ei stund til.
Får du ikkje pengane for oppbevaring og eun ny avtale om henting så selger du eller kastar teinene.
-
The Avatar's innlegg in Hjemmetjenesten tariff ble markert som svaret
Eg antek at det her er snakk om ei vikarstilling utan krav til utdanning, og med jobb i kommunal heimeteneste?
Etter tarifftabellen som blir gjeldande frå 01.07.2019 så er garantilønna for ei stilling utan kompetansekrav og utan ansiennitet 301 500 kr i året.
Etter § 12 i tariffavtalen skal du få ansiennitetstillegg for all arbeidserfaring når du blir tilsett i stilling utan kompetansekrav, men ikkje for utdanning. Det einaste er at det må være snakk om arbeidserfaring frå etter at du fylte 18 år, og at det er trinn som krever arbeidserfaring på meir enn 2, 4, 6, 8, 10 eller 16 år.
For å få uttelling for ein urelatert bachelorgrad så må du begrunne dette. Det kan f.eks. være ved å bruke bachelorgraden som bevis på at du kan tilta deg kunnskap på høgt nivå, at bacehlorgraden tilseier at du også kan ta heilt andre jobbar som er betre betalt, eller ved at delar av bachelorgraden er relevante for arbeidsoppgåvene dine.
Du vil også få ansiennitet for omsorg av barn eller pleie av eldre i opp til 3 år, samt arbeid i heimen etter fylte 18 år opp til 6 år (men ikkje uttelling for begge delar på det same året).
Det er også slik at du skal lønnast hensiktsmessig utifrå stillinga.
Det er blant anna eige punkt i hovudtariffavtalen om at det kan gis særskilt lønnskompensasjon for vikariat opp til 6 månedar der det er vasnkeleg å rekrutere.
Dersom det er krav om anna kompetanse, som f.eks. førarkort så er det også rimeleg å kreve kompensasjon for dette.
Lønna skal også stå i stil med lokale forhold, som til dømes tilgangen på arbeidskraft og generelt lønnsnivå i ditt område.
Det er viktig å merke seg at sjølv om tarifflønna blir brukt som ein fasit av arbeidsgiver, så er tarifflønna å ansjå som ei minumumslønn. Det er i høgste grad rom for å kreve meir betalt enn det lavaste lovlege lønnsnivået.
-
The Avatar's innlegg in Helikopter med rar oppførsel over Bjørnefjorden. Hva kan det ha holdt på med? ble markert som svaret
Det fyrste som slår meg er pilotopplæring.
Vatn er ein god plass å øve seg på presisjonskroking, sidan det ikkje er fare for at kroken kan hekte seg opp i terrenget ved feilmanøvrering.
Dette blir rein gjetting frå min side, men kan godt sjå for meg at det å kaste ut bilringar eller liknande svarte flytande sirkelforma objekt vil være ypperlige til å trene på kroking.
-
The Avatar's innlegg in Fremgangsmåte ved uakseptabel utleiestandard ble markert som svaret
Det kan være hensiktsmessig å ta kontakt med eit saneringsfirma som har utstyr til å identifisere soppen, deretter kan du gå til kommunelegen med bekreftelsen på at det er svertesopp.
Ellers så er å bruke husleigelova til å lreve utbetring, om nødvendig å holde tilbake husleige tilsvarande verditapet. Dersom kommuelegen bestemmer at leiligheita ikkje er bebueleg så betyr det at du kan holde tilbake 100% av husleiga.
-
The Avatar's innlegg in Finne rotårsak til leveringsproblemer i bedrift ble markert som svaret
Dette er eit eige fagfelt, men det koker vell ned i at du må ha eit internkontrollsystem og eit system for å rapportere om rutinebrudd slik at dette kan bli følgt opp.
Måten å kartlegge dette på er å identifisere alle kritiske områder, og analysere kva som kan gå gale i kvart ledd.
For eksempel:
Pakke bakevarene.
Kva kan gå gale:
-Ingen varer blir pakka.
-Fleire varer enn nødvendig blir pakka.
-Mindre varer enn nødvendig blir pakka.
-Feil varer blir pakka.
-Pakken blir ikkje merka.
-Pakken blir merka feil.
-Merkinga er tvetydig.
-osv.
Deretter må du sjå på kva du kan gjere for å sikre deg mot at det oppstår slike feil i dette leddet.
Neste ledd er kanskje overleveringa til leveringsfiramet.
For eksempel:
Overlevering av bakevarene.
Kva kan gå gale:
-Transportøren får ikkje varene.
-Fleire varer enn kva som var meininga blir sendt ut.
-Færre varer enn nødvendig blir sendt ut.
-Transportøren får feil varer.
-Varene manglar merking av mottakar.
-Varene er merka feil.
-Merkinga er tvetydig.
-osv.
I tillegg til å sjå på kva som kan gå gale, og kva som må gjerast for å unngå at det blir feil, så bør du også vurdere å innføre eit system som minimerer konsekvensen ved feil.
For eksempel. Dersom transportøren ikkje kan norsk, så bør kanskje pakkane merkast også på engelsk eller anna språk? Kanskje varene også kan bli merka med ei qr-kode som transportøren kan scanne på mobiltelefonen sin og få opp eit kart som viser kvar pakken skal?
Er pakken merka godt nok? Kan det være lurt å skrive mottakaren på to forskjellige sider av pakken? Bør pakkane merkast med farger eller koder slik at det er lett å om leveransen innbefatter kun ein pakke eller fem pakkar?
Kanskje det kan være lurt å pakken med det nøyaktige innhaldet og ikkje berre mottakaren? På den måten vil det kunne være mulig å gjette seg til at pakken med 100 brød skal til den store butikken, og pakken med 10 bollar skal den kiosken.
Å reise rundt saman med varene kan fungere, men vær oppmerksom på at når alle ledd som jobbar med pakken blir nøye observert så gjer det noke med holdninga til dei tilsette.
Ved å blir med pakken ut, så kan du oppnå at alle pakkane kjem fram fordi alle er på beste oppførsel, medan det som skjer til vanlig er at den som er ansvarleg for å merke pakkane skriv raskt og rotete for å få tidlegare pause, eller at sjåføren leser nøye heile adressa i staden for å gjette, osv.
-
The Avatar's innlegg in Finner ikke legetimasjon, skal ta teoriprøven imorgen. ble markert som svaret
Nei, det er nok ikkje godt nok. Hensikta er at du skal bevise at du er deg, ikkje at du skal oppgi eit ekte navn til nokon som ligg inne i databasen. Legitimasjonen må derfor være orginal og ikkje utgått.
Eg skulle til å foreslå nødpass, men ser at det ikkje blir godkjent.
Så i praksis så må du ha enten gyldig pass eller bankkort med bilde om du ikkje har eit førarkort frå før.
-
The Avatar's innlegg in Startlønn som finansrådgiver ble markert som svaret
Har du ikkje fått eit lønnstilbud som ein del av arbeidsavtalen?
I utgangspunktet så er jo lønn noke som ein forhandlar om før tilsettninga som ein del av arbeidsvilkåra som du som arbeidstakar eventuelt takkar ja til.
Eller er det slik i bemanningsbyrå at ein forhandlar lønn før kvart enkelt oppdrag? Det kan kanskje gi litt meining basert på endringane som har komt i arbeidsmiljølova.
Dersom lønn ikkje har vært eit tema så ville eg både krev og forventa minimum tarifflønn.
Kva tarifflønna skal være, er også avhengig av kva stillingskode du har blitt tilbudt.
Har du fått uttelling for at du er 2/3 ferdig med bachelorgraden (som eg antek er relevant for stillinga).
Dersom du har fått ei ufaglært stilling så er garantilønna etter tariffen 288 500 kr i året. Har du fått ei stilling med krav om bachelorutdanning så er garantilønna 376 200 kr i året.
Du har rett på lønn etter arbeidsoppgåvene som du utfører. Så dersom du gjer den same jobben som ein med bachelorgrad gjer, så er det bachelorlønn du skal ha.
Etter nye arbeidsmiljølova så har du også rett på å ikkje bli diskriminert i forhold til faste tilsette. Du skal derfor ha same arbeidstid, pauser og lønn som dei andre fast tilsette i bedrifta som gjer samme jobben.
-
The Avatar's innlegg in Blandebatteri plutselig delvis blokkert tilførsel av kaldtvann ble markert som svaret
Så lenge du ikkje har problemer med andre kraner i huset så er det nesten heilt sikkert blandebatteriet som er øydelagt.
Det som nok har skjedd er at den delen av blandebatteriet som styrer mengden med kaldt vatn har blitt skada. Det kan kome av skit i systemet, men det kan også være ein del som har komt ut av posisjon slik at det ikkje opner slik som det skal. Særleg med blandebatteri av lav kvalitet så kan dei bevegelige delane være laga av dårleg plast.
Om du skal skru på dette sjølv må du nesten vurdere sjølv. Det er ikkje krav om å bruke rørleggar men det kan være fornuftig med tanke på forsikring og ansvar dersom du er usikker på korleis dette skal gjerast.
Uansett kva som er problemet så må du fjerne det gamle blandebatteriet. Dersom det kun er snakk om skit eller at delar har komt ut av posisjon så vil du mest sannsynleg kunne sette i stand blandebatteriet sjølv. Og dersom det er meir alvorleg skada så må du ha eit nytt blandebatteri.
Dersom du har muligheit til å stenge av vatnet på kun det aktuelle badet så ville eg stengt av og skrudd litt sjølv.
Sannsynlegheita for at det kun er ein liten feil er stor, og dersom det viser seg at du må ha rørleggarhjelp så toler du at dette badet er utan vatn i ei periode.
Men dersom du må stenge av hovedkrana, og du er usikker på kva du styrer med så ville eg latt fagfolk sjå på blandebatteriet for deg.
Det er kjedelig å være heilt utan vatn i fleire dagar dersom du ikkje klarer å skur ting saman.
-
The Avatar's innlegg in Signert kontrakt og flyttet inn i leilighet, oppdaget i etterid mangel på ventilasjon i kjøkken ble markert som svaret
Ja, kullfilter løyser det meste.
Det er sjølvsagt viktig å påpeike at eit filter alltid vil være dårlegare enn å blåse all lufta rett ut i det fri, men kullfilter er ein ganske effektiv måte å filtrere steikeosen på.
Dei to ulempene som er verdt å nevne er at kullfilteret må byttast eller reingjerast regelmessig (avhengig av kor mykje feit mat du lager), og for å få best effekt så bør ventilatorvifta stå på høg effekt slik at meir luft blir dratt gjennom filteret sidan du ikkje får dra nytte av dei termiske kreftene i varm damp, dette vil medføre meir viftestøy under matlaginga.
Sidna du bur i ein kjellar så vil nok ein luftavfukter også være ei god investering for å betre innemiljøet.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] Jobb, søknadsfrist 29. Mai. Reiser på ferie tidlig juni ble markert som svaret
Kva form for arbeidsforhold er det du søker på?
For tilsetting i fast stilling, og særleg på større arbeidsplassar så tek prosessen litt tid.
Etter at fristen har gått ut skal sjefen gå gjennom søknadane for å foreta ei grovsortering, ofte skal også tillitsvalgte være med på den prosessen.
Deretter skal ein finne ut kven som er kandidatar for å få jobbintervju, denne prosessen kan bli forsinka ved at mange arbeidsplassar no går inn i feriemodus slik at ikkje alle nøkkelpersonane nødvendigvis er tilstades kvar dag.
Når dei personane er plukka ut vil ein normalt gå gjennom CV og innsendt dokumentasjon for å forsikre seg om at arbeidssøkaren ikkje har juksa med CV, vitnemål og eventuelle referansar som er oppgitt på førehand.
Deretter tek ein kontakt med arbeidssøkaren for å avtale tid for jobbintervju.
Også her vil det gå litt tid, og sidan mange jobbsøkarar har forpliktelsar frå før som f.eks. eit anna arbeidsforhold og liknande så er det ikkje gitt at sjølve intervjuet blir før fleire veker seinare.
Det er med andre ord svært liten sannsynlegheit for at du får høyre noke frå den potensielle arbeidsgivaren i løpet av den fyrste veka.
Og dersom du høyrer noke frå dei så er det mest sannsynleg for å avtale å gjennomføre jobbintervju lenger fram i tid.
Dersom du søker på ein sommarjobb eller jobb som ringehjelp så kan prosessen gå litt raskare, men på dei fleste faste stillingar så vil arbeidsgiver ta seg tid for å vurdere nøye kven som får jobbtilbud, då det å tilsette feil person fort kan koste bedrifta veldig mykje.
Eg ville derfor ikkje bekymra meg for å reise på feire i ei veke, men det kan være lurt at du gjer deg tilgjengeleg på telefon medan du er på ferie, eller i det minste passar på å ringe oppigjen i kontortida dersom du får tapte anrop frå den potensielle arbeidsgivaren.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] Pliktig til å vise legitimasjon? ble markert som svaret
Nei, du er ikkje pliktig til å vise legitimasjon, men ofte vil det være mest praktisk å vise legitimasjon.
Etter straffelova er du pliktig til:
Dersom du ikkje viser legitimasjon slik at politiet er usikre på om opplysningane du har gitt så kan politiet i henhold til politiloven foreta visitasjon for å finne legitimasjonen din:
og dersom politiet ikkje finn identifikasjonen din kan dei:
Så du er ikkje pliktig til å vise legitimasjon, men politiet har då muligheit til å visitere deg og dermed ta lommeboka med ID-kort dersom du har med deg dette, eller dei kan bringe deg inn til politistasjonen og halde deg der fram til dei har funnet ut kven du er, men ikkje lenger enn 4 timar.
Med litt kjøyretid til politistasjonen vil det at du ikkje viser identifikasjonspapir til politiet før til at du mister ca 5 timar av dagen.
For øvrig er det også slik at politiet har adgang til å kontrollere køyretøy utan at det foreligg mistanke om straffbare forhold jmf. vegtrafikklova.
-
The Avatar's innlegg in Jobbe som brannkonstabel ble markert som svaret
Det varierer mykje frå brannvesen til brannvesen.
Per i dag finnes det ikkje eit ordniært utdanningssstem for å bli brannmann. Det er bestemt at ein skal få ein teknisk fagskule som skal være open for alle med fullført vidaregåande som skal utdanne framtidas brannmenn. Det var planlagt oppstart alt til hausten neste år, men denne prosessen er forsinka slik at det vil gå minst eit par år til.
Norske brannvesen baserer seg på eit system med internopplæring av nyansatte i eige brannvesen, før dei ansatte blir sendt på brannskulen for kursing. Kva ein får av kursing, og kor lenge ein må være ansatt før ein får gå kurs er avhengig av både brannvesenets prioriteringar og brannskulen sin utdanningskapasitet.
Det formelle minimumskravet for å kunne jobbe som brannkonstabel er at ein er minst 18 år og kan legge fram godkjent politiattest.
I tillegg til dette er det krav om helseattest. Kor god helse ein må ha (som minimum) varierer etter type tjeneste. For røykdykkarar er det strengare krav enn for sjåførar som igjen har strengare helsekrav enn ein brannkonstabel som ikkje er røykdykkar.
Alle brannvesen med fulltidsstillingar setter sine eigne minimumskrav for å kunne luke ut dei dårlegast kvalifiserte og på den måten få færre søkarar som skal vurderast. I praksis er det ingen fulltidsansatte brannkonstablar som ikkje har andre kvalifikasjonar enn lovas minimumskrav.
Dersom du er av rette typen og i tillegg har ein del kurs frå før så burde det være gode muligheiter for å få seg jobb, og deretter få tilbud om internopplæring og kursing på brannskulen.
Dei fleste brannvesen med fulltidstilsette krever at søkarane som minimum skal ha relevant yrkeserfaring eller fagbrev, samt førarkort klasse C (blålyslappen får ein ikkje ta utan å være tilsett i ein nødetat).
Ein bør også være i passelig alder for å ha gode muligheiter for å bli vurdert. Du bør helst være ein plass mellom 24 og 40 år, gamal nok til å ha blitt moden og kanskje godt etablert med familie, men samtidig ikkje så gamal at ein ikkje har mange år igjen i yrket.
I mindre brannvesen som kun har deltidsstillingar (typisk 0,5-2,5%) stilling vil krava kunne være lavare, men også små brannvesen treng tilsette som både kan kjøyre brannbilen og drive med røykdykking.
Som deltidsbrannmann er du heilt avhengig av å ha ein anna jobb då eit par prosent stilling ikkje gir særleg med utbetaling. )Denne dagjobben må i tillegg være både nært nok brannstasjonen til at du kan kome deg dit på eit par minutt og ein slik jobb der du kan legge ned arbeidet og springe frå jobben dersom alarmen går).
Kort oppsumert:
Det er mulig å få seg jobb som brannkonstabel utan å ha gått på brannskulen, faktisk er det forholdsvis få som går på brannskulen som privatperson i håp om å få jobb. Dei fleste blir tilsett fyrst og deretter utdanna.
Kor strenge krava til ansettelse er varierer alt etter kva kommune det er snakk om, brannvesenets behov for personell og lokal konkurranse om jobben.
-
The Avatar's innlegg in Lønn i reiselivsbransjen ble markert som svaret
Dette er ei lav lønn, men den er nok ikkje ulovleg lav.
Det er forholdsvis vanleg å tilby lav lønn under prøvetida og med ein avtale om ei lønnsaukning etter prøvetida.
Når det er sagt så meinar eg at 20 000 kr i måneden særdeles lavt når du har relevant utdanning, sjølv tatt i betraktning av at du er i prøvetid. Om ein ser på allmenngjorttariffavtale som er ei lovbestemt minstelønn for enkelte yrkesgrupper, og vi samanliknar din lønn med dei som jobbar i overnatting, servering og catering så tjener du ca 5500 kr mindre i månaden enn minstelønna for 20 åringar.
Sjølv når du er ferdig med prøvetida vil du tjene ca 500 kr mindre i månaden enn det du har krav på å få frå dag 1 dersom du hadde tatt deg ein jobb innanfor overnatting, servering og catering.
So skal ein sjølvsagt også nevne at grunnen til at det ikkje er lovfesta minstelønn i reiselivsbransjen er fordi det er eit yrke som folk jobbar i fordi dei likar jobben, ikkje fordi dei må ha jobb og blir utsatt for sosial dumping.
Det er i så måte rettferdig at lønna er lav dersom jobben har andre kvalitetar som gjer at arbeidstakarane er villige til å finne seg i å få lav lønn. Typisk er det slik for reiseguider som tek jobben for å bli betalt for å reise, ikkje fordi dei treng pengane.
Personleg så meinar eg at det ikkje er grunnlag for å ansette deg med prøvetid (og i alle fall ikkje den maksimale prøvetida som er lovleg å avtale etter arbeidsmiljølova) når du alt har nesten like lang arbeidspraksis hos arbeidsgiver. Dersom arbeidsgiver ikkje har klart å gjere seg opp ei meining på om du passar til stillinga på 5 månedar så vil ein heller ikkje klare det på 6 månedar til med prøvetid.
Det er dessverre ikkje så mykje du får gjort med dette anna enn å takke nei til jobben eller gå i reforhandlingar om jobben.
Kva som er normal lønn i reiselivsbransjen trur eg varierer mykje frå arbeidsplass til arbeidsplass, og frå stilling til stilling, men som nevnt over er ikkje reiselivsbransjen akkurat lønnsvinnerane.
Det du må vurdere er kva andre alternativ du har. Dersom det stemmer at det er vanleg med lav lønn i reiselivsbransjen for personar som ikkje har bransjeerfaring, så bør du vurdere om du skal ta jobben kun for å skaffe deg nødvendig erfaring, slik at når du seier opp jobben om eit år så kan du kreve høgare lønn fordi du har både utdanning og erfaring.
-
The Avatar's innlegg in Ta fag igjen som privatist for å forbedre vitnemålskarakter? ble markert som svaret
Kva er det du vil studere etterpå?
Det er i utgangspunktet lite å hente på å bruke tid på å forbetre karakterane frå vidaregåande dersom det kun tjener til st du kjem inn på høgskule/universitet med høgare margin.
Men dersom du har eit sterkt ynskje om å få studieplass på ei bestemt linje eller studieplass so kan det være aktuelt å vurdere dette dersom du frykter for å ikkje få studieplass med dei karakterane du har.
Det å ta oppigjen 6 fag er mykje arbeid.
Kor lang tid det tek er avhengig av kor mykje arbeid du må legge i det. Samt når det er satt opp eksamen i dei forskjellige faga.
Det er for eksempel ikkje gitt at du kan lese intensivt i eit halvt år og ta alle eksamenane til jul, det kan være at du uansett må vente til hausten uansett.
Då spørs det også kor stor læringskapasitet du har i forhold til kor lett det er å få betre karakter på neste forsøk. Dersom du fikk dårlig karakter i fleire av faga fordi du var ukonsentrert på eksamenen medan du eigentleg kunne mykje meir, so er det ikkje nødvendigvis so mykje arbeid å ta ny eksamen. Men dersom karakteren du fikk var rettferdig so er det enormt mykje arbeid å skulle lese seg opp på heile pensumet igjen.
Husk at sidan du ikkje fikk med deg alt når du hadde klasseromsundervisning der du blei fortalt heile pensum og hadde folk du kunne spørre i tillegg til å lese skulebøkene, so krever det desto meir å lære seg faget dersom du kun skal sitte heime på kveldstid å lese på faget utan særleg med lærarstøtte.
Særleg i fag som det er lenge sidan du har hatt undervisning i kan det være veldig arbeidskrevande å forbetre karakteren i, det er langt lettare å forbetre karakteren dersom du kan konte med ny eksamen forholdsvis kort tid etterpå medan du fortsatt huskar mesteparten av pensum.
Det du må spørre deg om er:
-Kva snitt er det du får på fyrstegongsvitnemålet ditt?
-Kva snitt må og bør du ha for å få den studieplassen du vil ha?
-Kor mykje betre karakter er det realistisk at du klarer å oppnå i dei forskjellige faga?
-Er det verdt tids- og energibruken? Held det å forbetre karakteren i berre eit par fag?
So lenge du kjem inn på den utdanninga som du vil, so er det lite poeng i å ha veldig godt snitt frå vidaregåande. Etter at du har komt inn på høgskule/universitet so er det nesten ingen arbeidsgjevarar som vil sjå på vitnemålet ditt, og om dei vil sjå vitnemålet ditt frå vidaregåande so er det for å sjå på fråværet ditt. Det skal veldig mykje til for at draumejobben ryk fordi du hadde 3 i to fag frå vidaregåande.
Sannsynlegheita er langt større for at du tapar mykje økonomisk på å ta oppigjen fag ved at du må leve som student ei stund lenger før du får skikkelig jobb, og ved at du då tapar lønnsmessig ved at du mister eit år med arbeidsinntekt og lønnsauke.
Ein anna fare med å ta opp for mange fag er at du vil kunne ende opp med å bli so skule-lei at du ikkje orkar å fullføre høgare utdanning i det heile tatt.
So vurder nødvendigheita før du brukar all energi og mykje pengar på å ta oppigjen alt. Vitnemålet frå vidaregåande treng ikkje å være betre enn at det opner dei rette dørene for deg på høgskule eller universitet. Når du kjem ut i arbeidslivet og jobbar som dataingeniør eller sjukepleiar so er det ingen som bryr seg om at du "berre" fikk 3 i geografi. Og utdannar du deg til geolog so er det kun geografifaga som du nettopp har tatt på universitetet som betyr noko, ikkje om du ikkje klarte å navngi alle landa i Afrika i 2 klasse på vidaregåande.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] Intern overgang i kommunen? ble markert som svaret
Intern overgang er antageligvis ei lokal ordning, det er ikkje eit innarbeida uttrykk ellers i kommunal sektor.
Det er vanleg at ein i kommunen er ansatt med ein generell arbeidsavtale som stadfestar at ein er ansatt i Skog kommune, for tida ved avdeling for skogsforvaltning.
Dette gjer at ei omorganisering vanligvis ikkje er oppsigelsesgrunn då arbeidstakaren i følge arbeidsavtalen kan få ei anna stilling innad i same kommunen.
Gjennom tariffavtalen i kommunen har arbeidstakar som blir omplassert på grunn av omorganisering, sjukdom, skade, rasjonalisering eller andre grunnar som ikkje skyldes arbeidstakaren, rett på å få behalde sin noværande lønnsplassering.
Reint praktisk so betyr dette at dersom kameraten din ikkje lenger trengs i skogforvaltninga, so vil han få tilbud om ei likande stilling i ei anna avdeling og med same lønn som han har hatt frå før. Det er nok dette som er meint med intern overgang.
Det han ikkje kan få er lettare adgang til ein ny jobb i ei anna kommune. I det offentlege skal ein følge kvalifikasjonsprinsippet, som betyr at kommunen må ansette den best kvalifiserte søkaren. Ein kan ikkje utan vidare ansette ein arbeidstakar utanifrå utan at stillinga er utlyst og den aktuelle arbeidstakaren er å ansjå som den best kvalifiserte av alle søkarane.
Men når det er sagt so vil nok kompisen din ligge godt ann etter kvalifikasjonsprinsippet for ei tilsvarande stilling i ei anna kommune då han har praktisk arbeidserfaring knytta til stillinga, den nye kommunen kan velge å vektlegge slik erfaring tyngre enn formell utdanning. I tillegg so vil sjølvsagt ei sterk anbefaling frå ei kommune også gjere det lettare for den andre kommuna å ansette vedkommande.
-
The Avatar's innlegg in Automat VS Manuell ble markert som svaret
Start i alle fall med manuell, so får du heller ta light versjonen dersom det er heilt håplaust for deg.
Stort sett er det billegare og kortare ventetid på kjøyretimar med manuell sidan det er flest kjøyreskulebilar med manuell.
Du klarer deg sikkert med kun automat, men då kan du nesten kun kjøyre din eigen bil.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] Salg av arbeidsgivers eiendom ble markert som svaret
Antageligvis ikkje sidan arbeidsgiver nok ikkje har gitt frå seg eigarskapet til gjenstandane.
Dersom din kollega har fått beskjed om å kaste avfallet fordi arbeidsgiver ikkje lenger vil ha det, så kan saka stille seg annaleis sidan ein då vil kunne argumentere med at arbeidsgiver har sagt frå seg eigarskapet og tillat andre å ta over gjenstandane. Men det er ingen garanti for at ein kan kome nokon veg med slik argumentasjon, referer tråden her på forumet angående om det er lov å forsyne seg fra e-avfallscontainere eller ikkje.
Dersom din kollega har ingått ein avtale eller på anna måte fått aksept frå arbeidsgiver så vil dette sjølvsagt være lovleg.
Ein anna ting er at lovlegheita av dette er kanskje ikkje din kollega sitt største problem, då det sikkert ikkje er snakk om veldig store summar han eventuelt underslår. Men om han gjer dette utan at arbeidsgiver veit om det så vil det kunne være eit såpass stort tillitsbrudd at ein oppsigelse vil oppfylle det objektive kravet for oppsigelser. Særleg med tanke på at arbeidsgiver sjølvsagt ikkje kan vite om kor stor grad av tillitsbrudd kollegaen din har gjort seg skyldig i, det er f.eks. ikkje så lett å vite med sikkerheit om han kun har plukka opp skruar som uansett hadde blitt kasta, eller om han har tatt heile ekser med skruar for å selge vidare.
-
The Avatar's innlegg in Hvorfor selger folk boliger som må rives? ble markert som svaret
Det kan være mange grunnar til at ein vil kjøpe ein slik eigendom. Det finst blant anna personar som har slike bygg som hobby og lidenskap, og nok pengar til å sette huset tilbake til orginal stand.
Dra gjerne parallellen til bilentusiastar som gjer det same med gamle rustne veteranbilar, berre at dei som gjer dette med hus har langt meir pengar å bruke på hobbyen.
Andre grunnar kan vere investering i håp om framtidig avkastning. Eigendom blir aldri verdilaust, og om 100 år kan heile området bli omregulert til eit dyrt boligstrøk eller sentrumsbebyggelse. Sjølv om kjøparen ikkje sjølv er i live om 100 år så treng ikkje investeringa vere idiotisk. Kanskje eigendommen er kjøpt for å sikre arv til barn og barnebarn, eller den kan vere kjøpt av eit firma eller organisasjon som kjem til å eksistere i mange generasjonar.
Grunnen til at slotten i dag har stor tomt mitt i Oslo sentrum er jo at nokon var framtenkte nok til sikre seg tomta før alle andre.
-
The Avatar's innlegg in Skal snart få lønnsjustering etter 2 år, hva kan jeg be om? ble markert som svaret
Dei fleste seriøse arbeidsgivarar tenker heilt motsatt. At det er dyrt å lære opp nyansatte. Det er heilt vanleg å rekne at nyansatte ikkje blir produktive før på tredje året når dei har fått nok opplæring og erfaring til å jobbe sjølvstendig utan at andre må bruke av sin arbeidstid på å følge deg opp.
Personleg så ville eg no spelt defansivt., med unntak av at eg ville ha krevd ein dato for å diskutere lønn slik at du ikkje ender opp med å få tomme lovnadar om at dei snart skal sjå på lønna di, og så plutselig står det mars på kalendaren utan at noke har skjedd.
La ballen ligge på arbeidsgivers side og få dei til å foreslå ny årslønn, kva dei er villige til å tilby deg vil seie svært mykje om dette er ein jobb du kan fortsette i eller ikkje. Merk at arbeidsgivers tilbud også kan forhandlast på, så sjølv om arbeidsgivers tilbud om ny årslønn er lav så er det rom for forhandling.
Det vil være stor forskjell på om du får tilbud om 100k meir i lønn, eller om dei kun tilbyr deg 15k.
Som nevnt så var 336 000 kr i årslønn utan rett til overtidsbetaling ei svært lav lønn også i 2015, så om du blir avspist med kun småpengar så er det ikkje så mykje meir for deg å hente i dette firmaet.
Det er tross alt lønna du skal leve av, og nå har du fått den yrkeserfaringa som du treng for å kome deg vidare.
Samfunnet rundt deg har hatt ca 3% lønnsaukning kvart år, så får du eit lønnstilbud på kun 20 000 kr så er ikkje det meir enn kva du skulle forventa som minimum for å ikkje ha reell lønnsnedgang samanlikna med andre arbeidstakarar. I tillegg må du ha meir for å kompansere på ei svært lav grunnlønn, og det faktum at du ikkje får overtidsbetalt.
Eg hadde også sterkt vurdert å søke på andre jobbar. For sjølv om du ikkje har konkrete planar om å skifte jobb, så vil eit jobbtilbud med lønnstilbud være eit objektivt bevis på kva din arbeidskraft er verdt på det åpne markedet.
Det er ikkje heilt utenkeleg at du kan få eit lønnstilbud frå andre på nærmare 200 000 meir i året, og då har du nesten ikkje råd til å takke nei til eit slikt lønnstilbud.
Det du ikkje bør gjere er å informere arbeidsgiver om at du søker på andre jobbar. For dersom du då ikkje kjem med nye lønnstilbud frå andre fordi det ikkje er mange tilgjengelege jobbar, så vil din arbeidsgiver tolke dette som eit bevis på at du har rett lønn basert på arbeidsmarkedet.
-
The Avatar's innlegg in Lønn ved å jobbe i kommunen vs privat ble markert som svaret
Det er ingen enkel måte å rekne ut dette på.
Det du må gjere er å samanlikne pensjonsspareavtalen som du har i din nåværande jobb med AFP-vilkåra som gjeld akkurat no.
Deretter må du prøve å gjere eit estimat på kva som er din forventa levetid og når du ser for deg å gå ut i pensjon, dette for å ha eit likt grunnlag som du kan rekne på.
Husk også at du må ta stilling til at sjølv om den offentlege AFP ordninga gir gunstig pensjon, så har den avtalen ein del krav for at du kan benytte AFP, blant anna krav til kor lenge du må ha jobba og størrelse på stillinga når du går av med pensjon. Er du utanfor krava så får du ikkje AFP i det heile tatt og må nøye deg med vanlig alderspensjon.
Mitt beste råd for å vurdere pensjonsordningane er å sjå på ein pensjonskalkulator som f.eks på NAV sine sider.
Når eg leika med kalkulatoren og la inn ein 30 åring med årslønn på 500k som står til han er 67 år så utgjorde AFP forskjellen 39 000 kr ekstra utbetalt i året.
Men kva dette er verdt når du samanliknar årslønn i det offentlege mot årslønn i det private er ikkje så enkelt. Antagelegvis så er vell det enklast å tenke at denne 30 åringen er forventa å leve til han blir 73 i følge SSB sine prognosar, noke som betyr at han kjem til å heve pensjon i 6 år. Då utgjer AFP 39 000 x 6 år = 234 000 kr meir i pensjonsutbetalingar.
Skal vi då sjå på årslønna og deler disse 234 000 kronene likt utover dei 37 åra som han skal jobbe fram til han går av med pensjon så betyr det at ein privat ansatt må sette til side 6324 kr meir kvart år for å ha like mykje å leve for som ein tilsvarande person med AFP.
Så prøv å sette det opp på den måten med dine eigne tal. Blir spennande å sjå kva du ender opp med.
For min del ender eg opp med at AFP utgjer ca 8300 kr ekstra i året dersom eg står i jobb til 67 og lever like lenge som SSB antydar.
-
The Avatar's innlegg in Rett til å få vite grunnen til avslag? ble markert som svaret
I så tilfelle kan du ikkje klage (eller du kan sjølvsagt ta kontakt for å klage men du har ingen rett til å få eit svar).
I det offentlege så foreligger det eit kvalifikasjonsprinsipp der ein plikter å ansette best kvalifiserte søker, men private kan ansette akkurat den dei vil.
Så det næraste du kjem er at du kan rette ein høflig forespørsel der du ber om tilbakemelding på kva du eventuelt kan forbetre til neste gong.
Her kan det tyde på at du eller arbeidsgiver har misforstått eit eller anna når du meiner du oppfyller alle krav og arbeidsgiver meiner du ikkje er kvalifisert.
-
The Avatar's innlegg in Hvordan bli elevrådsrepresentant ble markert som svaret
Det er mange måtar å gjere det på.
Ein av dei viktigaste tinga er nok å sette seg godt inn i kva rolle du skal ha, slik at når du held innlegget ditt så viser du forsamlinga at du er godt forberedt på vervet.
Reint praktisk så er det enklare og større sjangs for at valget går din veg dersom du bedriver litt lobbyvirksomheit.
Ta ei runde og prat med alle klassa om kvifor du vil være elevrådsrepresentant, og få gjerne dei av klassekameratane som alt har gitt deg din støtte til å hjelpe til.
Når folk meir eller mindre har bestemt seg for kven dei skal stemme på på forhånd, så skal det svært mykje til for at motstandaren din klarer å overbevise alle til å ombestemme seg nesten uansett kor godt valginnlegg vedkommande kjem med.
-
The Avatar's innlegg in Lønnsreguleringer i din bedrift i 2017. ble markert som svaret
Det kan også være at trådstarter har en arbeidsgiver som på eiget initiativ gir alle ansatte ein lønnsjustering som omtrent tilsvarer det som har blitt framforhandla av dei sentrale partane, rett og slett av konkurransehensyn og behovet for å kunne rekruttere og beholde ansatte.
Men mest sannsynleg er trådstarter ansatt i ei bedrift som følger tariffavtale. I så tilfelle så vil det oppleves som at lønnsaukninga kjem automatisk når det er sentrale forhandlingar sidan forhandlingane då foregår sentralt. Men nokon forhandler mest sannsynleg på dine vegne enten lokalt eller sentralt.
Ein skal også ha lokale forhandlingar anna kvart år. Og då blir det forhandla direkte mellom arbeidsgiver og tillitsvalgte.
Dersom trådstarter er uorganisert så vil han/ho vanligvis få den samme lønnsaukninga som dei fagorganiserte. Ofte med protestar frå fagforeininga. For arbeidsgiver så er det ofte hensiktsmessig å ikkje gjere det for attraktivt å være fagorganisert, så mange arbeidsgivere ønsker å gi alle ansatte heilt like vilkår.
Dersom arbeidsgivaren berre justerer lønna til arbeidstakarane, så er det også strengt tatt ei lønnsforhandling, berre at det då ikkje er nokon som kjem med mottilbud slik at arbeidsgivers fyrste bud blir automatisk godtatt utan protestar.
Kva som er lønnsresultatet kvart år vil variere blant anna etter kva bransje du jobbar i, og kva fagforeining du er organisert i.
For min del blei resultatet 2,7% i 2016 og 3,3% i 2015, i år er vi ikke ferdig med forhandlingene enda.
-
The Avatar's innlegg in [Løst] Regler for ombygging av campingvogn? ble markert som svaret
Du må få den godkjent av vegvesenet.
Så lenge understellet er i forsvarlig stand så skal det ikkje være så veldig vanskelig å få det godkjent heller. Særlig dersom du finner fram vognkortet og kan vise kva understellet er godkjent for.
Når det gjeld badestampen og møblane så tenker eg umiddelbart at det kanskje er enklast å få godkjent den nye vogna som tilhenger, og at badestamp og møblar blir stoppa fast som last i staden for å være fast del av den nye vogna.