The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 717 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Hvor dårlig står det til i Norge, sånn egentlig?
The Avatar svarte på Kajac sitt emne i Oppslagstavlen
Det norske lønnsnivået er relativt likt. Dette har ført til at Norge har att tilgang på relativt billig profesjonsarbeidskraft som igjen har gitt grunnlaget for ein god velferdsstat. Ulempen er at når du kjem til ufaglærte stillingar så blir også forskjellen i lønn veldig lite mellom å jobbe som ufaglært eller få sosialhjelp. I dag har det å ha vanleg arbeid fått så lav status at det er vanskeleg å rekruttere ungdommar inn i slike jobbar. Å være butikkmedarbeidar blir av enkelte brukt nesten som skjellsord, og då er det ikkje så rart at det er vanskeleg å finne nokon som vil ha ein slik jobb som yrkesveg. Då blir det heilt nødvendig å importere arbeidskraft for å få disse arbeidsoppgåvene utført. Eit tilhøyrande problem som forsterkar problematikken med at enkelte yrker har veldig lav status er at det nærmast har gått inflasjon i høgare utdanning. Har du berre fullført grunnskulen så er du heilt sjanselaus i arbeidslivet, sjølv med gjennomført vidaregåande er det dårleg med jobbmuligheiter, og i dag er det nesten ikkje nok med bachelorgrad heller for sjølv den enklaste jobben. Denne utdanningsinflasjonen gjer at fleire og fleire ungdommar kjenner på at dei ikkje strekker til om dei ikkje har tatt mastergrad, og når det i tillegg ikkje fristar med ufaglærte stillingar så er vegen kort til at ein blir ufør. Enten heilt bevist for å forsøke å sleppe å måtte jobbe, eller sikkert meir relevant fordi ein blir psykisk sjuk av kjenne seg ubrukeleg og tilsidesatt.- 88 svar
-
- 2
-
Rå kylling er slimete og kan lett lukte litt uansett. Dessverre er det ikkje ei enkel oppskrift på korleis du skal tine mat, det kjem heilt ann på kva slags mat det er snakk om, kor stort volum du skal tine opp. Det du ønsker å oppnå er å tine maten heilt, men utan at maten kjem over kjøleskapstemperatur for lenge. Tining i originalembalasje i kjøleskap er vanlegvis den sikraste måten å tine maten på, men det kan ta lang tid, særleg om det er eit svært kjøttstykke du skal tine. Vannbad (med kaldt vatn) er ofte eit triks for å tine ting raskare og samtidig holde maten nedkjølt. Tining på kjøkkenbenken kan være raskt og praktisk på mat du skal tilberede med ein gong uansett, men det er ikkje noko særleg om du gløymer av maten slik at den blir liggande for lenge i varmen eller om det er lett fordervelege matvarer som kan begynne å lukte, kylling og fisk er typiske eksempel på mat som helst bør være kald heilt til du legg filleten i ei varm panne. Du kan også tine maten under varmebehandling. Det går fint å tine frosne kyllingfilleter rett i panna under steiking, men då må du bruke middels til lav varme slik at kjøttet ikkje blir hardt stekt (eller brent) på utsida før varmen kjem heilt inn i sentrum slik at filleten blir gjennomsteikt. Har du i tillegg delt opp kyllingfilletane før nedfrysing og passa på at alt er singelfrossent så går dette heilt fint. Feilen som mange ungdommar gjer er at dei kjøper ein svær familiepakning på meir 1+ kg og frys alt som ein stor klump. Då ender du opp med å måtte tine alle kyllingfilletane samtidig og det blir ein kamp mot klokka med å få ete opp all maten før den opptinte kyllingen surner.
- 10 svar
-
- 1
-
Som Hugo viser til så er overhenget det mest konkrete utslaget. Så når du får ny lønn frå 1 august så betyr det at du også har denne nye lønna i 7 månadar inn i neste år (fordi du normalt reforhandlar frå same dato kvar år). Det betyr at mesteparten av den nye lønna di får du ikkje før til neste år. Om du får 5% lønnsaukning frå 1 august så kan du ikkje samanlikne forhandlingsresultatet for 2022 med ei anna bedrift som også fekk 5% i 2022, men med virkningsdato frå 1 januar. For den som fekk 5% lønnsaukning frå 1 januar har fått 5% høgare månadslønn kvar einaste månad heile året medan du må leve på gamlelønna heilt fram til 1 august og så får du utbetalt 5% meir berre på dei fem siste månadane. Dette med overheng er komplisert, men det viktigaste å ta med seg er at du ikkje kan samanlikne deg mot frontfagramma på 5,2% utan å rekne om. Denne ramma på 5,2% er årslønsvekst frå 1 januar til 31 desember. Om du skal samanlikne ditt forhandlingsresultat så må du rekne om. For deg betyr det at du må ta lønnsveksten du avtalte i fjor og som du har fått på årets lønningar dei fyrste 7 månadane frå 1 januar til 31 juli, så må du sjå på kva kva du får i år på dei siste 5 månadane fram til 31 desember. Det er gjennomsnittet du kjem fram til der som er direkte samanliknbart med frontfagramma. Det nest viktigaste å få med seg er at overhenget i utgangspunktet ikkje har praktisk betydning så lenge begge partane held tunga beint i munnen og ikkje samanliknar prosenttal mot prosenttal utan å rekne om basert på virkningspunktet. Det utslaget som du kanskje merker med tidleg virkningsdato og lønnsforhandling seint på året er at du får ein større sum etterbetalt enn om lønninga blir korrigert frå neste lønning. Det virker kanskje derfor meir motiverande om du ender opp med å få 2000 kr ekstra per måned, og så får du 1 august utbetalt 14 000 for dei sju månadane sidan 1 januar enn at du frå 1 august får 2000 kr meir på lønnsslippen. Det er stort sett dei same pengane men det blir litt som feriepengane der det oppleves som ei bonuslønn sjølv om det er pengar som du har blitt tvungen til å spare gjennom heile året gjennom feriepengetrekket. Sidan overhenget normalt sett vil jamne seg ut uansett så er nok den største praktiske betydninga at virkningstidspunkt for lønnsforhandlingar er eit moment som du bør tenke over ved jobbskifte. Dersom du no byttar jobb til ein arbeidsplass som har tidleg virkningsdato så vil dette lønne seg for deg dersom du byttar jobb etter 1 august. På den andre sida så vil ein arbeidstakar som er vant med tidleg virkningsdato kunne "miste" eit halvt år med lønnsaukning ved å søke seg jobb i din bedrift (om vedkommande ikkje er smart nok til å få forhandla startlønna til å kompansere for tapet).
- 3 svar
-
- 1
-
Fyrste delen er OK, men planen om spiker er ikkje greitt. Intensjon er eit viktig ord her, og det å plassere spiker i graset har ingen anna funksjon enn at du ynskjer å påføre materiell skade (og du vil nok slite med å hevde at du ikkje hadde til formål å også påføre personskade når du sett fram skarpe gjenstandar på denne måten). Men å parkere i oppkjørselen, ha utemøblar på plenen, osv vil være innafor fordi hovedformålet er aktverdig. Dette forutsetter likevel at du har møblert på ein relativt normal måte og at du ikkje enten bevist eller på uforsvarleg vis laga ei farleg hindring ved å f.eks. sette utemøblane slik at stolbeina peiker ut i lufta som spydspissar som er vanskelege å sjå i mørket. Kjettinga kan være litt i gråsone, fordi om du sett opp kjettinga for å være ei farleg hindring for ungdommane så er det ulovleg, men det er sjølvsagt greit å bruke kjetting til å avsperre eit område, særleg om du også er påpasseleg med å merke den godt. Utfordinga ligg i at du kan bli anklaga for å gjere dette for å forårsake skade, det at du gjennom tidlegare politiannmelding har dokumentert at du har vist om køyringa så blir det sjølvsagt problematisk om det "plutseleg" dukker opp spikerfeller, kjettingar og andre potensielt livsfarlege hindringar. Og sjølvsagt om "fellene" dine forårsaker utilsikta skader. Ein ting er at du har ein plan for å holde kattane unna spikeren, men kva om det kjem springane eit rådyr eller ein laus hund gjennom hagen?
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Er klar over at det er mogleg, spørsmålet er meir om kor nøyaktige sivilforsvaret kjem til å være, og kvar dei legg lista for å varsle. Får eg varsel om mitt hus ligg i nedfallsfeltet eller får alle i same gate, bydel, by, kommune, fylke, region det same varselet? Og er det berre ved ekte livstruande hendingar eg får varsel, eller kan eg forvente å bli vekt opp midt på natta fordi det regnar i Bergen? -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Det som var poenget var vel at mottakaren sjølv bør få ha eit ord med i laget om kva varsel ein vil være mottakar av? Alle vil nok ha varsel om bombene er på veg mot sitt hus, men det er ikkje gitt at alle vil ha nødvarsel om orkan i Nord-Norge eller flaum på austlandet. Det blir litt som når ein reserverer seg mot digital kommunikasjon med det offentlege, det er sikkert greit det å sleppe å få enkelte SMS og epost frå stat og kommune, men slik som ordninga er i dag så er det alt eller ingenting. Om du reserverer deg mot å få SMS om befolkningsundersøkingar eller påminning om at skattemeldinga er klar så mister du også SMS-meldingane om at din gate blir vasslaus eller at straumen blir utkopla i natt. Det burde være rom for å reservere seg mot generell spam samtidig som ein seier ja takk til meldingar som angår deg sjølv heilt direkte. Så vidt eg kan sjå er det ikkje informert om korleis ein tenker å bruke dette nødsystemet, og kor nøyaktig varslet kjem til å rette seg mot relevante geografiske områder. Ved fyrste bombeangrepet som betyr at Norge er i krig vil eg gjerne ha eit befolkningsvarsel tidlegast råd om at no er Norge under angrep, men bombeangrep nummer to og vidare vil eg helst berre ha om angrepet skjer så nært meg at eg må aktivt søke tilflukt. Varslinga kjem heilt sikkert til å gå ut som ei reell melding og ikkje som ein teknisk test. Det er derfor ei nhar gått ut i media så tidleg for å informere om at det kjem til å bli ein test, og fordi ein sjølvsagt ynskjer å ha gjennomført og evaluert ein fullskala test før ein bestemmer seg for om dette systemet er noko å satse på, deriblant kor mange mobiltelefonar som kan motta nødvarselet. Om mesteparten av dei som har nye nok telefonar til å motta varselet har deaktivert dette så er det ikkje så mykje vits i å drifte dette varslingssystemet, då kan ein like gjerne fortsette med tyfonane som er plassert rundt omkring. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er lite hensiktsmessig å skade Russlands emne til å kome seg ut av Krim. Ein vil aller helst ha ei snarleg overtaking av Krim der russarar og russland-sympatisørar blir kasta ut med få dagars varsel. Ein situasjon der russarane må ha mange månadar for å kunne forlate Krim er nok lite ønskeleg. Det som vil være eit poeng er dersom Ukraina klarer å senke brua no under krigen slik at russerane ikkje får den strategiske fordelen av å raskt kunne frakte folk og utstyr mellom Russland og Krim. Men for å få russarane ut av Krim så er det berre ein fordel at brua er der, så kan ein heller sprenge brua når siste bilen har passert. Einig. Reint geografisk og samfunnsøkonomisk så gir ei bruforbinding framtidige muligheiter. Sjølv om det etter krigen vil være harde frontar og sterk grensekontroll mellom ukrainarar og russarar så vil det på lang sikt være ein fordel å kunne enkelt drive handel mellom dei to landa. Med tanke på faren for framtidige invasjonar så er det nok aktuelt å førehandsrigge brua med eksplosiver slik at brua kan øydeleggast på kort varsel om ein finn det nødvendig. -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Synes eigentleg at det er verre at den informasjonen som blir gitt er så kortfatta. Eg vil gjerne vite meir om korleis Sivilforsvaret planlegg å bruke denne varslinga. Vil det f.eks. være aktuelt å skru av alle varslane utanom den som er for ekstrem trussel, eller kjem sivilforsvaret til å pushe ut alle sine varsel og testar på høgaste prioritet uansett? Eg savnar også moglegheita til å motta lydlause varsel, eg forstår poenget med at løysinga er programert slik at det går ein alarm på høgaste lydstyrke for at det er meininga at varslane skal være så tidskritiske at ein tenker at alle må få det med seg, men for dei som no vurderer å deaktivere varslane heilt så burde det være eit alternativ for lydlaust varsel slik at telefonen mottek varselet utan å lage lyd. I ein del tilfeller kan det være minst like nyttig å sjå at det gjekk ut eit varsel i løpet av natta sjølv om du ikkje vart vekt av det. Eg trur også at dersom folk kan bruke ei slik innstilling og ser at telefonen berre mottek varsel når det er reelle farlege situasjonar som oppstår så kanskje fleire stoler såpass mykje på teknologien at dei velger å aktivere mottak av nødmeldingar med lyd. Eg veit i alle fall at eg ikkje har spesielt stor interesse av å bli varsla til alle døgnets tider kvar gong yr.no sett gult farevarsel på værmeldinga, eller få varsel kvar gong det oppstår ein brann i mitt sivilforsvarsdistrikt (som vel følger fylkesgrensene?). Ser forøvrig at det er eit alternativ inne på innstillinga for å kutte lyden under køyringa, men basert på det som står på min android-telefon så ser det ut til at denne funksjonen også slår av andre varslar under køyring som anrop og tekstmeldingar. Om det er tilfelle så er det litt upraktisk sidan eg gjerne vil at telefonen skal kunne ringe i bilen, særleg om eg er passasjer og ikkje køyrer sjølv. -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Blir nok nokre beslag av innsmugla mobiltelefon i Norske fengsel🙂 Det som kanskje blir mest interessant er å sjå om folk er oppmerksome på at også mange nettbrett og smartklokker vil få denne alarmen. Eg trur nok denne testen går heilt fint, høgaste volum på telefonen er uansett ikkje så høgt. Sånn sett er det vel skumlare med tyfonane som også skal testast, er du i nærheiten av ein slik så er både lyden og vibrasjonane godt merkbare. Litt av hensikta med å sende ut ein testalarm til alle mobiltelefonar er også at folk skal få ei moglegheit til å både sjekke at dei har telefonen rett innstilt for å motta slike alarmar, og at ein får gjere seg kjent med lyden. Kan også minne om at regelen for disse testane er den andre onsdagen i januar og den andre onsdagen i juni kvart år. Så er du redd for å blir skremt så kan det kanskje være lurt å legge inn dette som ein regelmessig påminning om testalarm på mobiltelefonen. -
Importere bil fra USA til Norge - Lønner det seg?
The Avatar svarte på Steeffen sitt emne i Bil og motor
Dette er ganske vanleg å drive med i AmCar-miljøet. Grunnen til at det ikkje er eit etablert marked for dette er at det er relativt få interesserte og at det kan være litt utfordrande å få bilen registrert i Norge. Blant anna er det berre nokre få trafikkstasjonar som kan gi godkjenning så mange må frakte den importerte bilen ganske langt for å få framvist den på ein trafikkstasjon som kan registrere bilen. Eg kjenner ikkje til detaljane men eg har plukka opp at det som mange slit mest med når dei importerer amerikanske muskelbilar er å få bilen registrert, og då særleg miljøkrava til partikkelutslepp kan fort bli problematisk. Det er enklare å registrert amerikanske bilar som inntil nyleg har vært registrert og forsikra i USA, og som er heilt originale utan modifiseringar, då er det ein relativt smal sak å få bilen registrert på norske skilt. Er bilen modifisert så kan det være meir krevande å framskaffe nødvendig dokumentasjon. I 2017 så vart importreglane endra slik at det vart litt enklare å importere bil frå USA, blant anna ved at det vart opna for at bilar med raude blinklys bak (vanleg amerikansk lysutrustning) også kunne godkjennast i Norge. -
Hvor beskymret bør man være for Covid nå, sånn egentlig?
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Koronaviruset
Tenker at god tilgang til handvask og handhygiene er fornuftig i dei fleste tilfeller. Handvask er sjølvsagt mykje viktigare for å hindre spredning av tarmbakterier og liknande som ikkje er luftborne. Som influensatiltak så er eg einig i at det har redusert nytte. Eg vil likevel poengtere at grunnen til at god handhygiene var anbefalt under koronapandemien var at folk ikkje klarer å la være å ta seg sjølv i ansiktet. Sjølv om viruset kan overleve i opp mot 3 døgn på enkelte overflater så er den største risikoen utanom å bli hosta i ansiktet at ein som er smitta hoster i neven rett før ein tek i f.eks. eit dørhandtak, og så kjem nestemann og tek i same dørhandtaket medan det fortsatt er vått av slim og spytt, og deretter slikker seg på fingrane rett etterpå og på den måten får i seg viruset. Eg vil også legge til at ein annan måte å forhindre luftveisvirus på er god ventilasjon der lufta enten blir utskifta eller filtrert, det burde nok være ganske innlysande men dette var ein av dei tinga som ein under pandemien fekk dokumentert, at når det var mange personar samla i eit rom, og der ein av dei var smitta så var smitterisikoen meir knytt til ventilasjonsforholda enn til fysisk nærheit. Dette med god ventilasjon er nok mange stadar litt mangelfull ettersom ein på nye bygg har hatt meir fokus på energieffektivitet og varmegjenvinning der gjenbruk av luft er ein del av strategien framfor utskifting med ny luft som må varmast opp. Det finnes sjølvsagt ventilasjonsanlegg som kan ivareta begge forhold men det er ofte meir avanserte anlegg. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Slik som situasjonen er no så er det kanskje lite rasjonelt for russerane å investere pengar i slik infrastruktur? Alt etter korleis krigen går så tar det kanskje ikkje så lang tid før heile brua uansett er Ukraina sitt ansvar, i tillegg er brua fortsatt utsatt for sabotasje, så sjølv om ein vedlikeheld brua så er ikkje det ein garanti for at brua får stå. Det kan være eit argument om å utbetre brua for å vanskeleggjere at sabotasjeaksjonar fører til kollaps, men det er nok ikkje svekkingane i bærekonstruksjonen som er mest utsatt for sabotasje. Det er ikkje lagt opp for utmeldingar av NATO. Det ein kan gjere i praksis er at kvar enkelt medlemsstat kan annonsere at dei ikkje kjem til å respektere artikkel 5 i avtalen om det skjer angrep på X nasjon og likevel holde fast på at dei vil kome til forsvar ved eit angrep på nasjon Y. Faren er likevel stor for at heile forsvarsalliansen smuldrer opp når ikkje alle medlemmane lengre er villige til å stå side ved side. Det er derfor ikkje nødvendig å formelt kaste ut Tyrkia frå NATO, det held lenge om dei andre medlemmane berre ignorer Tyrkia og Tyrkia sine meiningar. Det er strengt tatt dette USA, Storbritannia, Norge, Island og Finlad har gjort når dei gir sikkerheitsgarantaiar til Sverige medan dei ventar på at Tyrkia skal godkjenne søknaden. Disse landa har gitt Tyrkia fingeren og sagt at Sverige er defakto med i det gode selskap heilt uavhengig av kva Tyrkia meiner. Når halve NATO alt har gitt garantiar til Sverige som individuelle statar så viser det heilt tydeleg at Tyrkia ikkje har ein reell vetorett, det Tyrkia har veto mot er at Sverige får kalle seg eit NATO land og ha det svenske flagget utanfor NATO hovedkvarteret i Brussel, for alle praktiske formål utanom den formelle signaturen så nyter no Sverige alle NATO fordelane som fullverdige medlemmar har, både i form av sikkerheitsgarantiar om militær støtte om Sverige kjem under angrep og til at Sverige blir invitert til å delta på NATO øvingar og får den same etterretningsinformasjonen som resten av NATO (utenom Tyrkia) har. -
Med mindre du er i den situasjonen at du har risiko for svært høge uventa utgifter, eller at du har liten eller ingen inntekt så har du nok mykje meir som buffer enn kva du treng. 3,05% rente er greit men langt frå den beste renta når du har over 1 mill. I din posisjon så burde du nok avslutte bustadlånet og gjere deg gjeldfri, sjølv etter å ha betalt ned heile lånet så sitt du igjen med ein veldig stor buffer som du nok med fordel kan forvalte betre enn å ha pengane på vanleg sparekonto. Sidan du har maksa BSU kontoen din så bør du bruke pengane du har på BSU til å betale ned på lånet. Om du forheld deg veldig for passivt så vil du etter berre 3-4 år ha mindre i huslån enn du har på BSU kontoen, då blir det fort litt meir styrete å avslutte BSU-kontoen utan å risikere å måtte betale tilbake skattefrådraget. Det aller enklaste måten å bruke BSU kontoen på er ved å betale ned huslån, og du kan likegjerne gjere det som å vente til du eventuelt tek opp eit nytt bustadlån for å kjøpe dyrare bustad. Du kan sjølvsagt også bruke BSU pengane på oppussing og vedlikehald av bustaden må då er det litt meir styrete ettersom du må dokumentere at du ikkje har brukt pengane på andre formål.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det gir lite meining for Ukraina å gjennomføre eit droneangrep med så avgrensa skadepotensiale. Sjølv om det er utfordrande for ukrainske myndigheiter å få smugla meir slagkraft heilt inn til Moskva så hadde eg forventa at ein då enten ville ha slått saman dronene til å flyge samla mot eit enkelt mål for å på den måten påføre mest skade, eller at sprengladninga hadde blitt avfyrt på meir tradisjonelt vise i form av ei utplassert bombe. Eg er einig i vurderinga di om falsk flagg, hadde dette vært ein falsk flagg operasjon frå Russisk side så hadde vi forventa langt meir fokus på angrepet som unskuldning for vidare mobilisering. Det kan sjølvsagt dreie seg om ein falsk flagg operasjon som var holdt hemmeleg for luftvernet rundt Moskva, og at operasjonen vart mislykka enten fordi luftvernet klarte å skyte ned så mange droner at russiske styresmakter ikkje kunne kalle det ukrainsk terrorbombing, eller at operasjonen var mislykka fordi luftvernet ikkje var i stand til å skyte ned alle dronene og at det sjølvsagt er pinleg om det russiske luftvernet ikkje er i stand til å beskytte hovedstaden sin. Eg tenker at det aller mest realistiske er at dette er eit angrep frå ukrainskevennlege privatpersonar som har utført angrepet som ein slags protest heilt på eiga hand. Om det er ukrainskevennlege russarar, ukrainarar i Russland eller andre som står bak er meir uklart. Privatpersonar kan relativt enkelt gjennomføre eit slikt droneangrep med forholdsvis lav risiko for å sjølv blir tatt eller drept. Og manglande overordna støtte frå Ukrainsk hold vil også være med å forklare kvifor angrepet var så tilsynelatande upresist. At Zelensky sjølv har gitt ordre eller i det heile tatt vist om planane ser eg på som usannsynleg ettersom kost/nytte rekneskapen ikkje gir særleg med meining. Ukrainske angrep på områder som ubestrideleg er russisk jord og som ikkje har militær aktivitet, og som i tillegg enten var retta mot eller i det minste utgjorde ein fare for sivile i Moska er svært risikabelt ettersom det gir grunnlag for at Russland har unskuldning til å gå hardare til verks, i verste fall kan det være med å legitimere bruk av russisk atomvåpen som tilsvar på angrepet. Om Zelensky/Ukraina var trygge nok på at Russland ikkje tørr eller kan gjengjelde eit slikt angrep på hovudstaden sin så hadde eg forventa eit langt meir heilhjerta angrep mot Moskva, gjerne ein kombinasjon av utplasserte bomber, brannar og droneangrep. -
Bivirkning etter pfizer / Moderna corona vaksine??
The Avatar svarte på xrays sitt emne i Koronaviruset
I tillegg til konteksten så er det også eit spørsmål om å få fram det tiltenkte bodskapet på ein måte som blir forstått av publikum. Vi omgås dagleg slike overforenkla råd som er korta ned til ei setning i staden for ei heil avhandling. Til dømes "fem om dagen" som er rådet for frukt og grønt. Bodskapet drukner litt om slagordet hadde vært: "fem porsjoner á 100 g der to av porsjonane skal være frukt, og berre ein av dei to porsjonane kan være i form av juice, og så skal dei andre tre porsjonane i fem om dagen være grønsaker men ikkje potet, belgvekstar og nøtter sjølv om det er anbefalt å ete potet, belgvekstar, usalta nøtter, tomater og løk som ein del av det varierte kosthaldet men ikkje som ein del av fem om dagen". Tilsvarande rådet: "bruk bilbelte" er langt meir forståeleg enn "bruk bilbelte for å redusere faren for død i trafikkulykker dersom voksne har på bilbeltet utan vridningar slik at det berre strammer over hoftekammen ved ta av eller løfte opp ytterjakke og genser i tillegg til at høgda på beltet skal tilpassast slik at beltet ligg over kragebeinet når du strammer til setebeltet etter at du har tatt det på. At ein politikar tek "kortversjonen for dummies" i talar og debattar er heilt normalt ettersom ein prøver å nå fram til det publikummet som ikkje har tatt seg tid til å sette seg inn i detaljane.- 912 svar
-
- 2
-
Hvor beskymret bør man være for Covid nå, sånn egentlig?
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Koronaviruset
Sjølv om kreft, fedme og hjerteinfart er større helseutfordringar så er det også utfordringar som er langt vanskelegare å gjere noko med. Vaksine mot covid-19 og andre influensavaksiner er no billige tiltak når vaksinen fyrst er utvikla. Om slike vaksiner bør være betalt av staten eller den private no når pandemifaren er over tenker eg er eit enkelt spørsmål om kost vs nytte. Altså den anslåtte kostnaden med å tilby gratis vaksine målt opp mot anslått innsparing på redusert sjukefråvær. Eg kjenner ikkje til kva kostnadane med koronavaksinen er akkurat no, men reknar med at dette er talmateriale som det er mogleg å hente fram. Enig, det er ingen ulempe å oppretthalde hygienevanane som vi fekk under korona sjølv om det ikkje treng å være like ekstremt. Eg brukar sjølv ofte handvasken som enkelte butikkar har ved panteautomaten, sprit er eigentleg mest ei dårlegare nødløysing. Eg håpar også at fleire hotell, restaurantar og liknande bygg der mange mennesker samlast blir planlagt med publikumstilgang til handvasker også utanfor sjølve toaletta. Slike lett tilgjengelege handvaskar kan gjerne kombinerast med vannautomater for drikkevatn. -
Det generelle rådet er å ha 1-2 månedslønner som bufferkonto, eksakt kor mykje ein bør ha kjem veldig ann på kor store faste utgifter og potensielle utgifter du har, livssituasjon (som t.d. forsørgeransvar for barn eller ektefelle som også har bufferkonto), lønnsnivået ditt generelt herunder kor kredittverdig du er om du raskt treng fri kapital, osv. I tillegg er bufferkontobehovet også delvis avhengig av kva slags forsikringsavtalar du har. Du treng f.eks. ikkje å ha fleire hundre tusen på bufferkonto til å kjøpe ny bil om du kræsjer den gamle om du har forsikring som sikrar at du mot ein liten eigenandel får leigebil på dagen. Har du meir enn 3 månedslønner på bufferkonten så bør du nok sterkt vurdere å plassere dei overskytande sparepengane i fond for å få betre avkasting på pengane. Er du såpass godt komen økonomisk så vil du normalt ikkje ha store uforutsette utgifter som du ikkje er forsikra mot. For dei fleste vil slike store utgifter være større bilreperasjonar som ikkje er dekt av forsikring, utbytting av kvitevarer, og liknande. Sjølv om fleire ting skulle skje omtrent samtidig så skal det ein del til for at du har eit behov for å kunne hoste opp 100 000 eller meir heilt umiddelbart. Har du høg lønn, har heilt eller delvis nedbetalt bustad, eller liknande sikkerheit så kan du nok i stor grad også tilfredsstille eigenkapitalbehovet med eit kredittkort.
-
Du må kunne dokumentere at bilen har vært registrert etter 1977, det beste er å ha vognkortet men også anna dokumentasjon er akseptabel som å vise kvittering på innleverte skilt eller til å få utskrift av opplysningane som vegvesenet har basert på VIN nummeret, då særleg kva som var reg.nummeret på bilen. Ein litt meir alternativ måte å dokumentere at bilen har vært registrert i nyare tid er ved å vise kvittering på at det har blitt betalt for ansvarsforsikring i nyare tid (om du kan dokumentere at kvitteringa kan koplast opp mot køyretøyet). Mottakaren av vrakpanten treng ikkje å være eigar av bilen, men du må identifisere deg med legitimasjon når du leverer bilen til vraking og registrerer deg sjølv som mottakar av vrakpanten. Skulle nokon levere ein bil som er stjelt eller som ein på anna måte ikkje har fullmakt til å rå over så blir det ei privatrettsleg krav der den rettmessig eigaren kan rette erstatningskrav mot den som har levert bilen. Typisk døme på slike krav er om ein bil som er pantsatt blir levert til banken, då vil sjølvsagt banken kunne kreve erstatning.
- 14 svar
-
- 1
-
Du kan reise utan pass innafor Schengenområdet: Belgia, Danmark, Estland, Finland, Frankrike, Hellas, Island, Italia, Latvia, Liechtenstein, Litauen, Luxembourg, Malta, Nederland, Norge, Polen, Portugal, Slovakia, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ungarn og Østerrike. Merk likevel at det er krav om ID, og det er her utfordringa startar ettersom det i utgangspunktet berre er pass og nasjonalt ID-kort som er godkjent som ID i utlandet. Mange stadar vil du nok likevel oppleve at dei kan akseptere førarkort sidan førarkortet følgjer EØS standard og er dermed gjengkjenneleg. Stadar der du fort kan oppleve å bli avkrevd ID papirer er ved flyreiser, innsjekk på hotell, og om du blir vinka inn til kontroll ved grensepassering. I tillegg kan det blir litt ekstra kluss om du blir stoppa av politiet og ikkje også har ID kort som er godkjent i utlandet. Det er gode muligheiter for at det går heilt fint med bilferie i Europa berre med det vanlege førarkortet, men du kan oppleve ein del praktiske utfordringar når du ikkje kan dokumentere at du er Schengenborgar frå Norge. Akkurat no er leveringstida for pass og nasjonalt ID-kort normal, altså ca 1 veke pluss postgang. Situasjonen er altså heilt anna no enn det var blant anna i fjor med svært lang leveringstid. Største flaskehalsen akkurat no er å finne ledig time, tilgjengelegheit kan variere mykje frå kontor til kontor men om du får deg ein snarleg time f.eks. same dag så kan du forvente å ha passet ditt etter ca 1,5 veke.
-
Roastbiff er ikkje ein definert ting. I all enkelheit er roastbiff kjøtt utan bein som er steikt i ovn og ikkje på panne (sjølv om resultatet blir best om du bruner kjøttet fyrst). Det er vanleg å bruke eit heilt stykke av f.eks. mørbrand av okse, men alt kjøtt kan brukast. Ein kan til og med bruke fleire kjøttstykker som ein surrer saman med hyssing sjølv om du då ikkje får fine skiver av roastbiff. Om det smakte rart så er det nok kjøttet som ikkje var godt, det er ikkje så mykje smak på roastbiff, ofte er den biffen berre krydra med salt og pepper på utsida.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
I utgangspunktet betyr full mobilisering at alt av stridsdyktig personell samt utstyr blir gjort klart for krigføring. Reint praktisk så vil det i dei fleste tilfeller være avgrensa til personell som både er i passeleg alder. For Norge sin del betyr det at alle voksne mellom 18 og 55 år kan beordrast til krig, og at ein kan legge til andre kriterier for å vurdere om personen er skikka til militærteneste samt vurdere på nytt personell som tidlegare har blitt vurdert som tenesteudyktige. I dette tilfellet så vil det nok være snakk om å mobilisere tidlegare russiske soldatar, dei som om nødvendig kan gå i krigen utan særleg mykje opptrening. Eg vil tru at det skal mykje til før ein reelt sett gjennomfører full mobilisering av både menn og kvinner i rett alder, slik storskala mobilisering er vanlegvis forbeholdt invasjon og liknande ettersom eit stort tap av kvinner i fruktbar alder kan ta generasjonar å erstatte. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er ei eiga forskrift om verneplikt og heimevernesteneste der det mellom anna står: Med andre ord så er kravet at oppbevaringa skal være i henhold til forsvarets interne retningslinjer. Per dags dato så er det ikkje krav om innlåsing av sjølve våpenet, i staden er det ein instruks på at vital våpendel skal innleverast og oppbevarast på oppmøteplassen. Det som gjeld av oppbevaringskrav når vital våpendel er innlevert er at våpenet skal oppbevarast sikkert, tørt og todelt (i tillegg til at vital våpendel er innlevert), og at våpenet ikkje skal oppbevarast i garasje, bil, fellesbod eller hytte. Dette gjeld AG3, HK416 og MP5. MP7 og pistolar skal ikkje oppbevarast heime. Bakgrunnen for dette var at det blant anna var ein del sjølvmord og andre uheldige våpenepisoder når soldaten hadde eit fullt operativt våpen heime. Personleg så synes eg ikkje så mykje om dagens mellomløysing. Dagens løysing fører til at ein heimevernsoldat må ta på seg uniforma og eit defekt våpen og møte opp på oppmøteplassen og fyrst der få våpendelen som trengs for å kunne bruke våpenet. Sjølv om det ikkje er eit stort problem så synes eg det er problematisk at vi skal pålegge heimevernssoldatar å reise som militært stridande og som då er eit lovleg militært mål å skyte på utan at dei kan skyte tilbake. Fienden må sjølvsagt ta utgangspunktet i at bevæpna soldatar utgjer ein trussel, og kan sjølvsagt ikkje vite at våpenet manglar vital våpendel. Då vil det etter min meining være betre at heile våpenet er oppbevart i militærleiren, og at heimevernssoldatane reiser til oppmøteplassen som ubevæpna sivile før dei tar på seg uniform og skarpe våpen og då blir stridande. -
Som andre har kommentert så er nok ein bustad med fellesgjeld meir attraktiv ettersom den framstår som billegare når du annonserer den. Mange uerfarne fyrstegongskjøparar er heller ikkje flinke til å rekne inn fellesgjelda og kostnadande med fellesgjelda. Resultatet blir ofte at dei strekker seg enda litt lengre i budkrigen ved å by makssummen dei har fått bankgaranti for då dei ikkje har tatt innover seg kostnadane med fellesgjelda. Ein meir fornuftig bustadkjøper ser på heile totalkostnaden ved bustaden og stoppar å by før ein når maks lånesum, rett og slett for å også ha pengar til andre ting enn berre bustad. Eg trur nok at "lurer" fleire potensielle kjøparar ved å ha skjult delar av prisen som fellesgjeld enn du tiltrekker deg potensielle kjøparar som ikkje vil kjøpe bustad med fellesgjeld. Det er nok fleire og fleire som brukar husbanken då bustadprisane har auka så mykje at det er vanskeleg å få i lån med vanlege bankar. Dei fleste tek nok fortsatt huslånet sitt i vanlege bankar. Eg tenker at fordelen med å betale ned fellesgjelda er liten i forhold til ulempane. Det skal nok mykje til at burettslaget går konkurs slik at du tapar det du har betalt inn utenom på fellesgjelda men det kan skje. Ein anna ulempe er at når du skal selge så er det ikkje nødvendigvis gitt at du får den salsprisen du vil ha, sjølv om det nok også er usannsynleg at bustadprisane går mykje ned så er det ikkje gitt at du får igjen for det du har investert gjennom IN-ordninga. Den største fordelen med å betale ned fellesgjelda gjennom IN-ordninga er om du har den nødvendige eigenkapitalen til å løyse inn heile eller delar av fellesgjelda no med ein gong. Om du berre skal gå frå å ha fellesgjelda som privatgjeld gjennom å auke bustadlånet så er gevinsten liten.
-
Skal dette reknast som noko anna enn ein dødsdisposisjon så må også den reelle råderetten over eigedommen også være overlevert før ein dør.
- 4 svar
-
- 3
-
Trump: jeg kan få slutt på krigen i Ukraina på 24 timer
The Avatar svarte på Sokr sitt emne i Oppslagstavlen
Slike forhandlingar vil også handle om Russlands erstatningsansvar og kva ordningar Russland må gå med på å underkaste seg for å forsikre at den russiske krigføringa ikkje kan starte opp igjen. Det kan også tenkast at Russland vil være villige til å forhandle om kor lenge etter krigen dei skal fortsette å bli straffa med sanksjonar, men då må Russland forte seg medan det fortsatt er noko å forhandle om. Det sagt så er det nok lite truleg at Russland vil godta så mykje anna enn at krigen er tapt slik at dei må trekke seg ut av Ukraina med det dei har igjen av personell og utstyr.- 221 svar
-
- 1