The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Les i NRK om boikotten. Der kjem det fram eit moment som kan gjere boikotten effektiv er at det sender eit ganske tydeleg signal om at alle selskap med russisk tilknytting vil bli straffa. At vi i Norge vender Freia ryggen er nok ein oppvekkar for ganske mange, det er nok få merkevarer som så mange nordmenn har eit sterkt forhold til at det nesten er ein del av den norske kulturen å ha Kvikk Lunsj i tursekken i påska og vanleg melkesjokolade i kofferten når vi reiser til syden. Sjølv om den norske Mondelez direktøren er sitert på at dei føyer seg etter alle gjeldande sanksjonar så vil eg tru at dei også må ta ein diskusjon på om dei skal gjere meir enn minstekravet for å gjennvinne folkets tillit. Eg er forøvrig også einig med NHH professoren som synes boikotten mot Freia er litt lite gjennomtenkt sidan Freia er ein liten del av eit stort selskap. Men samtidig så trur eg nok at denne "vilkårlegheita" også gjer det veldig krevjande for dei store selskapa som fortsatt har aktivitet i Russland. For kan Freia bli sirkla inn av ein folkeaksjon i Norge så er det ganske mange andre merkevarer rundt omkring som er i faresona sjølv om Mondelez og liknande selskap har tenkt på dei som trygge og stabile. Hadde eg jobba med PR for eit av selskapa som står på Ukraina sin svarteliste (eller som har aktivitet i Russland som har fått gå under radaren), så ville eg definitivt vurdert å aktivt proklamere ei tydelegare linje mot Russland enn at selskapet støtter opp om dei vedtekne sanksjonane som det vil være ulovleg eller vanskelege å omgå. Det er nok berre spørsmål om tid før ei ny merkevare under ein slik stororganisasjon blir sirkla inn og får oppleve ein boikott. Det er sterke krefter som no krev at selskapa skal ta ein mykje meir aktiv rolle, og at det å fortsette å drive aktivitet i Russland eller å prøve å skjule slik aktivitet fort kan straffe seg økonomisk.
- 393 svar
-
- 4
-
- russland
- mondelez freia
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Ein annan ting som ikkje går klart fram av skattelistene er kor mykje ein jobbar. Det trur eg nok er eit moment som mange ikkje tenker spesielt mykje over. Mange av dei som tener veldig godt har også svært lange arbeidsdagar og vil gjerne aldri kunne ta heilt fri frå å tenke på jobben. Om ein hadde rekna om til utbetaling per arbeida time så er ofte ikkje lønnsforskjellen så stor. Det er sjølvsagt lettare å jobbe mykje for å tene mykje om ein har høg grunnlønn i utgangspunktet, men det blir feil å være misunneleg på at røyrleggaren med eige firma jobbar 12 timars daga og har ein million i lønn medan ein tømrar som jobbar 7,5 timars dag og har heilt fri i helga har 500k. Har du to fulltidsjobbar så tener du sjølvsagt dobbelt så mykje som med berre ein fulltidsjobb, men då blir det ikkje rett å berre kikke på skattelista til naboen og være misunneleg fordi naboen har dobbelt så mykje i lønn når naboen også jobbar dobbelt så mykje.
-
Dette er kostnaden ved å drive med boikott, at vi taper økonomisk for å være prinsippfaste er ein del av totalpakka. Hadde vi tenkt norsk økonomi og norske arbeidsplassar. Så hadde vi brukt blitt krigsprofitørar og auka vår eksport av fisk og maskineri til Russland no når russisk betalingsvilje er stor fordi dette er varer som er vanskeleg å få tak i frå andre land på grunn av sanksjonane mot Russland. Ja, det er det sjølvsagt fritt fram for. Du velger sjølv kva du vil bruke pengane dine på, du kan til og med gi pengane direkte til russland sjølv om det har blitt litt vanskelegare på grunn av at sanksjonane mot russiske bankar gjer at ein ikkje kan overføre pengar direkte frå ein norsk bank til ein russisk bank.
- 393 svar
-
- 2
-
- russland
- mondelez freia
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Det stemmer heilt sikkert med tanke på at det her er gjort ei undersøking som viser at ein samanheng mellom inntektsnivå og graden av kor ofte ein vurderer at ein har smerter i kroppen. Om vi bør bry oss om dette? Ja heilt klart. Ikkje fordi ein skal legge så mykje vekt på misunning og ønsket om å ha betre råd enn ein har i dag, men fordi dette heilt sikkert vil ha stor betydning for sjukefråvær og arbeidsviljen. Om det stemmer at dei som har lave lønningar oftare kjenner på at dei har fysiske smerter, så vil det kunne være med å forklare kvifor det i enkelte lavtlønna yrker er stort sjukefråvær, mange som ikkje jobbar fulltid og mange som blir pensjonistar eller uføre i ung alder. Det vil også være interessant å sjå nærmare på den litt meir negative tolkinga av disse undersøkingane. Kan det være slik at dei som klagar og synes synd på seg sjølv ender opp i slike stillingar med dårleg lønn, eller er det jobben som gjer at det er enklare å synes synd på seg sjølv? Om eg skal hive ut ein hypotese så heller eg meir mot at det er siste, altså at om ein havnar i eit arbeidsmiljø der alle går rundt og klagar på lønna, misunner andre arbeidstakarar med betre lønn og kanskje også kjenner seg uviktige for bedrifta så er det nok enklare å få eit negativt fokus som også reflekterer seg i form av at ein har lettare for å klage over opplevd smerte. Det hadde vært veldig spennande å kryssreferere andelen av folk med lav lønn som oppgir at dei oftare har fysiske smerter opp mot kor fornøgde dei er med jobben og arbeidsmiljøet generelt. Eg trur kanskje at dette med opplevd fysisk smerte kan ha meir med trivselen på arbeidsplassen enn på lønnsnivået åleine.
- 11 svar
-
- 1
-
Heilt einig. Ei slik objektiv merking av verdiskapninga vil også gi eit betre grunnlag enn dei merka som alt finnes i dag men som krever at ein må sette seg ganske godt inn i den aktuelle sertifiseringsordninga for å forstå detaljane. Eit litt tilfeldig eksempel her er Fair Trade merkinga som heilt overordna betyr at produksjonen er bærekraftig, både med tanke på økonomi, miljø og arbeidsforhold, men det treng ikkje å bety at det er særleg mykje av verdiane som går til bonden og produksjonslandet. Med tanke på at vi alt har krav om merking av næringsinnholdet, heilt ned til milligram med metaller som jern og sink, til andelen metta fett, så burde det ikkje være eit uoverkomeleg krav at produktet også skal merkast på ein måte som viser både verdiskaping og produksjonsrekka produktet har vært gjennom. Det fantes ei slik teneste for daglegvareprisar og næringsinnhald men regjeringa satte ned foten med den begrunninga at tenesta kunne gjere det enklare for daglegvaretenestene å samanlikne prisane med kvarandre, og at ein antok at forbrukarane hadde god oversikt over daglegvareprisane fordi det var basisvarer som dei handla ofte og dermed var i stand til å sjølv vurdere om prisen i butikken var høg eller lav. Det tragiske med dette er at daglegvarekjedene har god oversikt over kvarandres sine prisar, og det er derfor eigentleg berre forbrukarane som ikkje har slik oversikt ettersom dei ikkje har tid til å sjekke prisane i alle butikkane fleire gongar per dag for å finne dei beste tilboda.
- 393 svar
-
- 1
-
- russland
- mondelez freia
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Indirekte. Om Freia blir ulønnsomt pga boikott så må Mondelez kutte sine tap, då vil andre kunne kjøpe opp fabrikken og dei tilsette til ein hyggeleg pris. Russland vil fortsatt få skatteinntektene frå Mondelez sine fabrikkar i Russland, men det er sjølvsagt ikkje attraktivt for Mondelez å behalde sine russiske fabrikkar om det går utover lønnsomheita til dei andre fabrikkane.
- 393 svar
-
- 5
-
- russland
- mondelez freia
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Kan du vise til at det dreier seg om juks? Har du nokre saker som du kan verifisere ved å ta kontakt med dei som har gitt fullmakt etter årsmøtet? Ei fullmakt vil vanlegvis ikkje være avgrensa til å stemme på ein bestemt måte på bestemte spørsmål. Ei fullmakt vil i sin natur være slik at ein gir vedkommande full fullmakt til å bruke stemmen på den måten som den med fullmakt anser som best. Eg ser eigentleg ingen anna løysing enn at du må innhente konkurranse om fullmaktene ved at også andre går rundt og innhenter fullmakter, alternativt gå rundt og oppfordre bebuarane til å ikkje gi frå seg stemmeretten sin. Så har vi det reint praktiske spørsmålet? Er det nokon grunn til at du vil skifte utbstyreleiaren? Gjer han ein dårleg jobb? Veldig ofte er utfordringa helst at det er vanskeleg å finne nokon som vil ta på seg verv, så skal du kaste styreleiaren så må du sjølvsagt ha ein alternativ kandidat.
- 8 svar
-
- 2
-
Basert på denne artikkelen https://www.nrk.no/osloogviken/tenaring-som-fikk-et-giftig-stoff-pa-seg-pa-boler-produserte-stoffet-alene-1.16439797 Så har han forklart til politiet at han ikkje hadde til hensikt å skade andre, og politiet omtalar det som ein personleg tragedie. Det er sjølvsagt ikkje sikker at han snakkar sant, det får etterforskninga vise. Men basert på dette så virker det som at politiet mistenker suicidalitet.
-
Og nyt norge https://www.nytnorge.no/ Og alle andre sertifiseringsordningar; https://www.norgesgruppen.no/barekraft/barekraft-i-norgesgruppen/et-miljovennlig-norge/sertifiseringer-og-merkeordninger/
- 393 svar
-
- 6
-
- russland
- mondelez freia
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Alt er vel eit forsøk på å påvirke forbrukaren? Alt frå prisen på hyllekanten til kva land kakaobønnene i sjokoladen kjem frå. Eg ser ingen ulempe i at forbrukarane blir opplyst, men det må sjølvsagt være objektiv informasjon. Økologiske egg må få lov til å skrive dette på eggekartongen slik at kunden kan ta eit bevist valg på kva ein skal kjøpe. Problemet med disse store internasjonale selskapa som kjøper opp andre selskap er at det blir ein jungel som det er nesten heilt umogleg for ein vanleg forbrukar å halde oversikt over, og då er det viktig at ein kan spreie dette bodskapet. Vi kan ikkje ha aksept for at ein forsøker å skjule tilknyttingar for å unngå boikott, slik som ein gjorde ei stund med importerte poteter frå Israel der ein i frykt for boikott markedsførte potetene som middelhavspoteter for å på den gjere det vanskeleg for forbrukarane å bruke forbrukarmakta si. Det sagt, så vil eg kommentere at ein kan sjølvsagt stille spørsmålsteikn ved kor bredt ut det er fornuftig å få med ein boikott. Frå https://sanctions.nazk.gov.ua/en/boycott/30/ Freia er tilknytta Mondelez ved å være eigd av Mondelez, men det er ingen av Freia sine produkt som er produsert i Russland. Alikevel så er nok ein norsk boikott av Freia kanskje den mest effektive måte å påføre moderselskapet Mondelez eit inntektstap på, men Freia i seg sjølv kan nok ikkje noko for at den øvste leiinga i Mondelez har valt å oppretthalde prouksjon av andre merkevarer i Russland. Av dei produkta som er direkte innvolvert og som vi definitivt burde boikotte er OREO og TUC som er dei einaste merkenamna som eg dreg umiddelbar kjensel på som produkt eg har sett i norske daglegvarebutikkar.
- 393 svar
-
- 2
-
- russland
- mondelez freia
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Søke på "egen" stilling, hvordan formulere/går frem?
The Avatar svarte på *F* sitt emne i Jobb og karriere
Eg har lest gjennom lenka du viste til, og tenkjer at du berre skal søke og vise til at med din erfaring frå tilsvarande stilling er du heilt klart den best kvalifiserte søkaren etter kvalifikasjonsprinsippet. At sivilombodet har uttalt (utan rettsleg virkning) at dei vil at arbeidsgivar skal sjå vekk frå søknadar som berre er motivert av lønn treng du ikkje til å legge så mykje vekt på. Kvalifikasjonsprinsippet står såpass sterkt at eg tenkjer det burde være mogleg å vinne fram rettsleg på at ein søknad som berre er motivert av lønn skal vurderast og at behovet for å tilsette den best kvalifiserte personen må stå sterkare enn behovet for å ikkje tilsette kvalifisert personell i frykt for at det kan koste litt meir i lønn. Heilt konkret så ville eg søkt på stillinga på vanleg måte, men eg ville ha tatt direkte kontakt med den tillitsvalde som skal følgje prosessen, eventuelt direkte med leiaren som skal tilsette der du framstiller krav om at du vil ha søknaden din vurdert som ein reell søknad. Kanskje du til og med skal være så freidig at du alt no melder inn at du kjem til å klage inn saka til sivilombodet om det blir tilsett ein kandidat med mindre kvalifikasjonar enn din samla utdanning og arbeidserfaring. Eg gjer meg også nokre tankar om at tariffsystemet ikkje fungerer om det er slik at Staten ikkje har råd til å lønne arbeidarane det dei heilt objektivt er verdt. Har arbeidsgivar råd til å tilsette ein ny person med mindre kompetanse enn du har til høgare lønn, ja då har dei råd til å gi deg lønna som den uerfarne hadde fått og tilbydt den uerfarne søkaren di lønn. Sluttsummen blir den same, berre med bonusen om at dei ikkje risikerer at du seier opp i sinne og at staten må tilsette ein ny person med stort opplæringsbehov og høgare lønn. Det burde være innlysande kvifor det er meir lønnsomt å behalde erfarne tilsette enn det er å tilby meir lønn til uerfarne som i tillegg dreg ned produktiviteten fordi dei erfarne kollegane må drive med opplæring. Som det står i artikkelen som du likna til så er det også eit sterkt signal å sende til arbeidsgivar at du søker på ei identisk stilling for å få opp lønna. Kanskje særleg om du svarer "ja" når arbeidsgivar under jobbintervjuet spør deg om du har søkt på andre stillingar. Har du fyrst starta med å søke andre stillingar internt på arbeidsplassen så er nok også terskelen mykje lavare for å også søke stillingar andre stadar. Grunnen til at det er slik er at når ein fyrst er plassert på eit lønnstrinn så følgjer ein det lønnstrinnet og det er veldig vanskeleg å få endra lønnstrinnet, medan ein som nytilsett skal vurderast opp mot lønnstrinn, der ein både blir innplassert basert på sin kompetanse og kanskje vel så viktig så blir ein innplassert på eit lønnstrinn som er attraktivt nok til at kandidaten takkar ja til jobben. -
I ei tidleg fase der ein ikkje har sikker identifikasjon på kva stoff det er snakk om, kvar forgiftinga har skjedd, samt bakgrunnen for forgiftinga så tenker politiet "worst case" til det er avklart at det er trygt. I dette konkrete tilfellet så handlar det nok også mykje om praktiske ting. Den sikta og giftstoffet har vært inne i ei av leilegheitene, og naboane vart holdt igjen inne i sine leilegheiter, antageleg vis fordi ein antok at korridor og trappeoppgang enten var kontaminert eller kom til å bli kontaminert i samband med aksjonen. Så det var nok meir at det var lite ønskeleg å ha nyskjerrige bebuarar som trakka rundt i korridorane i denne fasen enn at det var ein overhengande forgiftningsfare. Ricin er vel i naturleg forkomst eigentleg ein olje, så dei som lagar ricin sjølv ender fyrst opp med ein mos som er tjuktflytande. Så er det ulike prosessar ein kan gjere for å få stoffet reinare, deriblant tørking for å lage pulver. Eg kjenner ikkje denne saka spesifikt men eg vil gjette på at med "flytande" i denne samanhengen berre meiner at det ikkje er snakk om eit finmalt pulver som spres i lufta og kan pustast inn. Hadde det vært snakk om eit uhell med giftig pulver så hadde nok alle bebuarane blitt evakuert ut gjennom vindauga og ut i friskluft i frykt for at pulveret kunne spreiast gjennom ventilasjonsanlegg eller utettheiter i bygget. Om gifta er i from av ei fuktig "gugge" enten heilt flytande som vatten eller tjuktflytande som ein smøreost så er forgiftningsfaren redusert til fare ved hundkontakt og eventuelt svelging.
-
Eg hadde gjetta på det ja. Ein kvar med tilgang på internett og ein mikser kan lage ricin. Blir konsentrasjonen stor nok så er stoffet farleg også ved hudkontakt.
-
Det har vært liknande episoder før der folk har laga gift heime, ofte handlar det om psykisk sjukdom og suicidale tankar. Hadde det dreid seg om terror så er det tvilsomt at han ville ringt nødtelefonen når han fekk stoffet på seg.
-
Det stemmer sikkert for det norske markedet, men samtidig er det heilt irrelevant for ein boikott. Poenget med ein boikott er at det skal koste for Freia/Mondelez å fortsette å tene pengar både i Russland og i vesten. Spørsmålet er om folk flest kjem til å støtte ein boikott av Freia. For dei fleste nordmenn tenker nok på Freia som eit norsk produkt og ikkje ein del av Mondelez.
- 393 svar
-
- 2
-
- russland
- mondelez freia
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Dette vil vanlegvis ligge under ein slik komites oppgåver ja. Eksakt korleis komiteen skal jobbe, heriblant mota tips kjem heilt ann på vedtekter og reglement som laget/organisasjonen/klubben/partiet har.
-
Dette kjem heilt ann på arbeidsavtalen, om du eventuelt følgjer tarifflønn og i så tilfelle i kva sektor. Kva ein får i kvelds- og nattillegg (om ein i det heile tatt får slike tillegg) er heilt opp til kva som er avtalt. I kommunal tariffavtale opererer ein med eit kronetillegg på 56 kr per time frå kl 17 til 21 og eit tillegg på 25% eller minst kr 70 per time mellom kl 12 og 06, men med opning for å avtale andre løysingar. I staten er det nesten likt med eit tillegg på 28% eller minst kr 70 pr time, tillegget varer ut heile vakta men ikkje lenger enn til kl 08. I Oslo kommune er det eit tillegg på 40% om natta, men ikkje for turnusarbeidarar som har lokale avtalar. I det private er det tariffesta at nattillegget skal være på 25% og ikkje mindre enn 65 kr per time. I bedrifter som ikkje har tariffavtale må slikt tillegg avtalast særskilt. For ei stilling som skal jobbe berre om natta så kan det være aktuelt å ikkje betale nattillegg men i staden berre ha ei lik timebetaling. Kvelds og nattillegga er fyrst og fremst tenkt brukt på turnusarbeidarar eller dei som innimellom må jobbe natt. Kva turnusar som blir brukt varierer mykje, men ein variant av tredelt vakt fordelt på dagvakt, kveldsvakt og nattevakt er nok den vanlegaste arbeidsturnusen ved døgndrift, ofte med ein rotasjon der ein jobbar ei veke dagvakt, ei veke kveldsvakt og ei veke nattevakt.
-
Har jeg valgt riktig måte å spare/vokse pengene mine?
The Avatar svarte på Loading...... sitt emne i Økonomi
Kjedeleg svar men det kjem ann på kor risikovillig du er, og ikkje minst kva tidshorisont du ser for deg før du må kunne legge sparepengane på bordet som eigenkapital når du skal kjøpe bustad. Snakker vi om huskjøp i år eller neste år? Eller er det meir som ein vakker dag langt inne i framtida? -
Ja du har heilt rett: https://www.altinn.no/starte-og-drive/arbeidsforhold/permittering/ Du skal ha lønn for dei komande 15 dagane der du normalt skulle være i arbeid. Dette er eit forsøk på å flytte kostnaden over på NAV/staten. Men, om arbeidsgivar ville lønne deg for arbeid i alle 15 dagane inkludert dei to helgene med helligdags- og overtidstillegg så må dei nesten få lov til å betale deg ekstra mykje.
-
Du kan etter arbeidsmiljølova kreve fast stilling etter 3 eller 4 år samanhengande midlertidig tilsetting. Etter 3 år om du har vært vikar for nokon andre og etter 4 år om arbeidet er av midlertidig karakter. Generelt er det ikkje lenger lov med midlertidig tilsetting utan at det føreligg eit særleg grunnlag for det, stillingar skal etter arbeidsmiljølova være fast tilsetting. Ein alternativ innfallsvinkel kan være å argumentere for at eit krav om førarkort i denne stillinga er eit usakleg kvalifikasjonskrav ettersom manglande førarkort ikkje har vært ei hindring for verken deg eller arbeidsgjevar i dei 2,5 åra du alt har hatt stillinga. Eit krav om førarkort kan derfor være usakleg forskjellsbehandling. Ein heilt annan veg å gå er sjølvsagt å prøve å finne ei minneleg løysing. Er det aktuelt for deg å ta førarkort? Det er tydeleg at arbeidsgivar ikkje får tak i personell som både er kvalifisert og har førarkort, så då kan det være aktuelt at arbeidsgivar tek kostnaden med å gi deg nødvendig tilleggsutdanning slik at du blir kvalifisert. Det er nok ikkje veldig vanleg at ein får dekt klasse B sertifikat med arbeidsgjevar, men både tilhengar- og lastebilsertifikat er ikkje så uvanleg at å få tilbod om å ta i arbeidstida og dekt av arbeidsgjevar om det er nødvendig eller til stort fordel for arbeidsgjevar. Ei kompromissløsning kan kanskje være relevant for deg å foreslå? Det er heller ikkje uvanleg å avtale ei rimeleg bindingstid som er rimeleg opp mot arbeidsgjevars kostnadar med å dekke kurs eller utdanning for deg. For eit sertifikat er kanskje 6-12 månadar ei rimeleg bindingstid, altså at om du har ein lang bindingstid på 12 månadar og du seier opp etter halve bindingstida så tilbakebetalar du halve sertifikatkostnaden. Er du fagorganisert så er det nok også relevant å ta kontakt med tillitsvalgtsapparatet.
-
KRF foreslår innlogging med BankId på SoMe
The Avatar svarte på Phantom Software sitt emne i Politikk og samfunn
Disse sosiale mediane er oversatt til både engelsk og norsk, det er berre dataene som er lagra i utlandet. Beste eksemplet her er kinesiske TikTok som har ein veldig stor brukarmasse i Norge. Forbod og blokkering av sider kan være eit alternativ, men ungdommane er nok mykje raskare til å leite opp nye tenester enn nettleverandørane er til å legge inn sperrer, i tillegg har vi VPN tenester som enkelt omgår slike sperrer. Eg trur eit slik forbod berre kjem til å lære ungdommen å finne fram på dark web, og då er 11 åringar på Facebook det minste problemet. Vi har i dag eit kjempeproblem med ungdom som bestiller syntetisk narkotika på internett, så at ungdommen finn fram på nettet veit vi veldig godt. Når det gjeld syntetisk narkotika så er problemet at produktet er tilgjengeleg for kjøp i minst eit år før myndigheitene får registrert det nye syntetiske rusmiddelet på narkotikalista slik at det blir ulovleg. Slik vil det bli med sosiale media også, det finnes så mange tenester der ute og det er berre dei aller mest brukte som blir kjente.- 42 svar
-
- 1
-
Kven som har kva ansvar kjem ann på fleire faktorar. Fritstaånde garasjer, uthus og i ditt tilfelle hagestover kan byggast utan byggesøknad om det er under 50 m², men då er det tiltakshaver som har ansvaret for at bygginga skjer i tråd med dei øvrige reglane etter plan og bygningslova. Dei typiske tabbane som folk gjer ved slik bygging er at dei bryt brannkrava eller at bygget blir plassert over nedgravde leidningar. Om arkitekten har lagt med ei framtidig hagestove i byggesøknaden så skal det foreligge dokumentasjon på at løysinga oppfyller krava til plan og bygningslova, alternativt kva kompanserande tiltak som skal gjennomførast. Deretter er det eit spørsmål om kva betydning dei endringane som XL-bygg gjorde har for lovlegheita. Utan at eg er heilt sikker så gjettar eg på at problemet med sprinkleranlegget er at denne hagestova på terrassen eigentleg skulle vært sprinkla når den gjekk frå å være ein open terrasse til ein lukka glassterrasse? Krava som den branntekniske prosjekteringsrapporten skal du som eigar sette deg inn i ettersom det her ofte framgår ein del avgrensingar som du må vite om for å ikkje bruke bygget i strid med prosjekteringsgrunnlaget. Har ein fulgt "standardreglane" i TEK17 så treng ein eigentleg ikkje ein brannteknisk prosjektering, men ein må ha ei brannteknisk prosjektering dersom ein avviker frå løysingane som framgår av TEK17. Dette kan f.eks. være at det ikkje blir satt krav til sprinkling av terrassen fordi den branntekniske rådgjevaren har forutsett at det er eit utvendig areal med lite brennbart på terrassen. Dette endrar seg sjølvsagt om du gjer om terrassen til eit lukka rom.
- 2 svar
-
- styreansvar
- byggefirma
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Hvor dårlig står det til i Norge, sånn egentlig?
The Avatar svarte på Kajac sitt emne i Oppslagstavlen
At polske arbeidsinnvandrarar opplever at det norske næringslivet er useriøst må nok sjåast i lys av det i stort grad har vært den useriøse delen av det norske næringslivet som har spekulert i å utnytte utanlandsk arbeidskraft ved å blant anna underbetale for arbeidet. Så for ein gjennomsnittleg polsk arbeidar er det nok mykje meir sannsynleg å bli lurt i Norge enn det er å bli lurt i Polen der ein kan språket, arbeidskulturen, jussen og i tillegg har eit kontaktnett til å hjelpe seg. Det vi treng her i landet er ei storstilt satsing på å gjere vanleg arbeid meir attraktivt slik at flest mogleg ungdommar finn det attraktivt å ta slike jobbar, og kanskje viktigast av alt er villige til å stå i jobben til pensjonsalder. Blir det for dyrt å lønne slikt arbeid betre så må ein sjå på andre måtar å gjere arbeidet attraktivt på, som til dømes å sjå på arbeidstidsordninga eller gjennom å investere i gode tekniske hjelpemiddel slik at arbeidarane kan ivareta helsa til pensjonsalder. Vi kan ikkje alle sitte på kontor med mastergrad, og vi kan i alle fall ikkje ha det slik at alle vanlege arbeidarar her i landet som jobbar på daglegvarebutikk, på lager eller som helseassistent tenker på jobben sin som noko midlertidig fram til bacheloren er i boks. I så tilfelle må vi importere mykje meir arbeidskraft.- 88 svar
-
- 1
-
Det finnes e-konsultasjon også med psykolog, men så vidt eg veit baserer dei seg på videosamtale. Bruk av epost vil nok ikkje være sikkert nok, men det finnes eigne løysingar for å sende tekst. Det er berre å ta kontakt med ein psykolog så er eg sikker på at ein finn ei løysing og eit opplegg som passar for deg.
- 5 svar
-
- 1