Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 717
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er til og med lov å køyre forbi ambulanse med blålys, men berre når forbikøyringa kan gjerast utan å forstyrre eller hindre ambulansen. Dette følgjer av dei vanlege aktsomheitskrava. Brukar ambulansen blålys så pliktar du i tillegg å gi ambulansen fri veg slik at kravet til at du ikkje skal være til hinder for ambulansen blir ekstra strengt. I slike situasjonar kan forbikøyring være ekstra utfordrande ettersom ambulansen ofte vil køyre på gulestripa, og om du under ei forbikøyring ligg i blindsona til ambulansen så er det du som som ikkje har gitt ambulansen fri veg (sjølv om ambulansesjåføren også har gjort feil ved å krysse midtstripa utan å forvisse seg om at det ikkje er nokon i blindsona. Som alt anna i trafikken er dette situasjonsavhengig. Ei ambulanse utan blålys skal behandlast som anna trafikk, sjølv om det i teorien også er lov for ambulansen å køyre utrykking utan å markere med blå lys, men blålysa må være på for å pålegge anna trafikk å gi fri veg. Utan å vite om det ligg nokon rettspraksis bak det så vil eg tru at ei ambulanse som uniformert køyretøy sjølv utan blålys vil ha låg terskel for å melde til politiet om ein bil som køyrer forbi hiv seg inn framfor ambulansen og bremser ned etter forbikøyringa. Sjølv om det ikkje er utrykking så er ei ambulanse ein forholdsvis tung bil som ikkje like lett kan bremse opp.
  2. Dette er teknisk mulig, men sidan dette uansett ikkje er noko du kan gjere sjølv så kostar det nok mykje meir enn det er verdt. Typisk vil du ha takstolar som ser omtrent slik ut, der kneveggen er laga ved å sette plater/panel mellom stenderane. Typisk avstand er 60 cm. Om du skal gå vidare med denne idéen så ville eg ha satsa på å bygge ei spesialseng der du berre aksepterer at det blir ein stender i senga. Brukar du skumgummimadrass eller liknande så kan du lage eigne sengetrekk.
  3. Den viktigaste grunnen til at vi kan ha ein stor offentleg sektor i Norge er enkelt og greit fordi det fungerer. Med høg tillit til det offentlege, full openheit, samt lav til ingen korrupsjon så har offentleg administrasjon vært nøkkelen til dagens velferdsstat for norge sin del. På spørsmålet om vi kan ha mindre offentleg administrasjon så kjem det ann kva ein ynskjer å oppnå. Det er openbart mykje pengar å spare på å kutte eller minimere tenesteproduksjonen, for kvar tenestenivået skal ligge er fyrst og fremst eit politisk spørsmål. Ein tilleggsdimensjon er også om ein skal tenke kortsiktig eller langsiktig. Vedlikehald, utdanning og teknologi er typiske budsjettpostar som ein veldig lett kan spare veldig mykje på i eit kortsiktig perspektiv, men som vil koste i det lange løp. Mykje av dagens offentlege administrasjon har som hovudoppgåve å påsjå at dei offentlege ressursane blir brukt på rett plass til rett tid, og at det ikkje blir brukt meir enn nødvendig for å oppnå det kvalitetsnivået som er politisk bestemt. Det kan gå litt treigt i det offentlege ettersom det er mange som skal ha sitt å seie før alt er klart for å starte arbeidet, samtidig er det også denne treigheita som bremser opp slik at sannsynlegheita for at skattepengane blir brukt på luftslott er mindre. Privatisering kan heilt klart være ein del av framtidas løysing, for det finnes gode eksempel der privatisering har fungert veldig bra, men samtidig er det også eksempel der det ikkje har fungert. Slik er det også i det offentlege, stort sett så har offentleg forvaltning fungert ganske så bra, men så var det disse prosjekta der pengane like gjerne kunne vært kasta ut av vindauget. Det vil då være fristande å sette ned ein komite som skal analysere kvar det fungerer best med offentleg administrasjon og når det fungerer best med privatisering slik at vi kan lære og gjere meir av det som fungerer bra og slutte å kaste vekk pengar på ting som ikkje fungerer særleg bra, men då har vi plutseleg oppretta ein ny komite og den offentlege administrasjonen har brått blitt enda litt større.
  4. At ein forseglar taxfree-posen på flyplassar har med sikkerheitskontrollen og det generelle forbodet mot å ha med seg flytande væske gjennom sikkerheitskontrollen. Dette forbodet er av sikkerheitsomsyn og har ingenting med tollreglane å gjere. Men fordi taxfree-salg er ei stor inntektskjelde så er det gjort unntak for taxfree-varer som er kjøpt på ein flyplass og som er forsegla i godkjent pose og med kvitteringa inne i posen. Dette unntaket kan ein få fordi varene på taxfree-butikken har blitt kontrollert på anna måte ved ankomst til flyplassen.
  5. Det skal ikkje være nødvendig at flaskene er uopna, det er mengden alkohol som er det viktige. Det er likevel nokre praktiske utfordringar med opne flasker, fyrst og fremst at det kan være tvil om kva som er på flaskene. Så du kan risikere at det må takast prøver for å stadfeste at det du har på flaska er alkohol og kor sterkt det er. Sidan det er snakk om skvettar på fleire flasker så blir det sjølvsagt også nødvendig å helle over innholdet i målebeger for å på den måten måle kor mykje alkohol du har med.
  6. Du skal kunne reklamere heilt utan kostnad. Har du tilfeldigvis emballasjen liggande så brukar du sjølvsagt den. Det vil nok være innafor at du legger ut for emballasje og eventuelt transport, men dette er utgifter du då skal ha refundert sidan du har rett til å reklamere utan kostnad. Emballasjen er sjølvsagt ikkje ein del av produktet du kjøper, det er nødvendig innpakking av eit produkt du har kjøpt.
  7. Nei det er det ikkje. Etter statsansatteloven: Mine uthevingar. Blir politimannen dømt for grov kroppskrenking så er det nok nærliggande at ein slik dom også medfører avskjed, men det er ingen regel om at han må få sparken sjølv etter å ha fått ein dom. Som statstilsett så kan også ordensstraff være relevant reaksjon. Ei ordensstraff vil bety at ein kan miste opp til to års lønnsansiennitet eller varig omplassering til anna stilling. Eg vil nok ikkje bli veldig overraska om denne politimannen får ordensstraff der han blir varig omplassert til ei anna politistilling (kontorjobb) med lågare lønn om han ikkje seier opp sjølv. Eg vil ansjå det som usannsynleg at han får fornya tillit til å være operativt politi, men eg blir som sagt ikkje overraska om staten vil bruke politikompetansen han sitt med til å utføre anna arbeid som sakshandsaming, grensekontroll, osv.
  8. Om eg skulle ha starta å boikotte Philadelphia ost så går det nok ganske mange år før salgstalet viser - 1 produkt.
  9. Fordelen med å starte med ein rusreform, deretter avkriminalisering, og kanskje til slutt legalisering, er at det er lettare å få politisk gjennomslag for endringar om ein startar i det små. Generelt er dei fleste politikarane einige. Ein ynskjer å forhindre at ungdommar og unge voksne rusar seg, og ein ynskjer ikkje å at store offentlege ressursar skal brukast på å fengsle rusavhegige. Utfordringa ligg i at det er svært ulike meiningar om kva som er beste løysinga. Fordelen med avkriminalisering framfor legalisering er at sjølv om det med avkriminalisering ikkje er straffbart å ha brukardoser så er det fortsatt ulovleg slik at politiet kan bruke rusbruken til alt frå grunnlag for ransaking til regelrett konfiskering av rusmiddel. Så om ein fortsatt har håp om at narkotikaen skal heilt vekk så er avkriminalisering eit mogleg kompromiss for meir liberale narkotikamotstandarar som innser at eit forbod ikkje fungerer.
  10. Det er fortsatt rikeleg med varer å kjøpe, sjølv om mange av dei multinasjonale merkevarene har tilknytting til Russland. Det er heller ikkje nødvendig å boikotte alle varer, det er nok å endre på kjøpevanene slik at du legg igjen mindre pengar hos selskap som ikkje har trukket seg heilt ut.
  11. Ein kan løyse dette ved å lyse ut stillinga med muligheit for at ei anna stilling blir ledig. Dette er ganske vanleg når ein lyser ut ei leiarstilling og reknar med at ein av arbeidarane kjem til å søke slik at det blir ei arbeidarstilling ledig. Reint praktisk så er trådstarter godt kvalifisert til stillinga og dermed ny lønnsvurdering. Eigentleg burde dette være løyst ved å justere lønna utan å kaste vekk så mykje tid og ressursar på ein meiningslaus tilsettingsprosess, men når ein ikkje får betre lønn på anna måte så er dette eit av få verkemiddel den tilsette har. Neste trinn er å true med å seie opp om ein ikkje får betre lønn.
  12. Det vil være fleire vurderingskriterier, ein delnav dette er om den skadelidte har vært uaktsom og om det er ein naturleg samanheng mellom handling og skade. I den samanheng blir kan det bli vurdert slik at den som stupte frå bruka ikkje hadde føresetningane for å forstå at det ikkje var djupt vatn, osv.
  13. Det er sjølvsagt ikkje lenger relevant no, men som hovudregel skal du aldri seie opp med mindre du har heilt klare fordelar, til dømes at du går rett i ein ny jobb eller at det å få sparken er heilt øydeleggande for muligheiten for å få ny jobb, noko som det normalt sett ikkje vil være. Karantenetid på dagpengar er også nemt, men sosialstønad er sjølvsagt alltid eit alternativ om du ikkje kan forsørge deg sjølv. Feriepengane kan kanskje redde deg delvis, utanom det så må rådet være å finne deg ein jobb så raskt som råd, også jobbar som du normalt ikkje ville vurdert.
  14. Ja, dekking av kostnadar er noko du risikererer uansett, i forliksrådet er det ikkje store greiene, går du til søksmål kan det fort bli meir. Om du har ein sak er ikkje heilt opplagt. Påbden eine sida har du betalt veldig mykje for veldig lite. Men det er nok mykje som taler til fordel for galleriet. Det at dei har ein person på jobb kvar dag i 11 dagar forklarar prisen på litt i overkant av 1000 kr pr dag. Besøkstalet på eit slikt galleri er nok veldig avhengig av utstillinga. Er det som er utstilt uinteressant så er det sjølvsagt ikkje så rart at det er få betalande gjestar.
  15. Her er det store forskjellar frå kommune til kommune. Ei slik stilling vil typisk ha individuelt fastsatt lønn basert på ei rekke forhold herunder kompetanse, erfaring og kompleksitet i stilling, samt kor mykje kommunen har råd til å betale for å få tak i den kompetansen som dei søker etter. Reint praktisk vil det ofte også være aktuelt å sjå til kva sjefen har i lønn. Det er nok ein tendens til at kommunen må betale mykje for å få tak i slik kompetanse, samtidig som at kommunen ikkje ynskjer at din startlønn skal presse opp leiarlønningane til dei som blir sjefane dine. Eg vil også legge til at kommunane ofte er relativt OK på startlønn, det er lønsutviklinga som ofte går litt trott. Så som nyutdanna så kan nokre år med offentleg forvaltninger være ein grei start på yrkeskarrieren om du byttar jobb om nokre år. Heilt konkret så vil eg råde deg til å ta kontakt med kontaktpersonen for stillinga og rett og slett spørre om lønnsnivået. Og om du er organisert så kan du også ta kontakt med den tillitsvalde i den aktuelle kommunen for å få ei oversikt over lønnsnivået, kva du kan forvente, og ikkje minst kor hardt du bør forhandle på lønnstilbodet når du har fått eit jobbtilbod.
  16. Banken kan som nemt søke om å få unntak frå eigenkapitalkravet, men dette blir ein stor risiko for banken så det er særdeles tvilsomt at banken vil akseptere ein teoretisk potensiell framtidig verdistigning som "sikkerheit" for lånet. Då må det i så tilfelle være heilt spesielle grunnar som ligg bak. Om du ikkje klarer å betale ned huslånet ditt så er det vel tvilsomt at du er i stand til å fortsette oppussingsarbeidet slik at banken kan selge huset til ein høg nok sum?
  17. Avtalen er bindande, så utleigar har rett til å få betalt det som er avtalt. Som nemnt så har utleigar ein tapsbegrensningsplikt så dersom det er mogleg for utleigar å leige ut til nokon andre i den perioda eller for deg å framleige så skal ein prøve å få til dette. Så er det eit stort spørsmål om kva dette "depositumet" eigentleg er, her kan du nok ha eit argument på at dette "depositumet" er sikringspengane til utleigar som utleigar skal ha uansett om du kjem eller ikkje, og at dei resterande 16 000 kr er kompensasjon for kostnadar ved utleigen som slitasje og reinhald. Her kjem det derfor veldig ann på kva som er avtalt, eventuelt kva som kan sansynleggjerast at ein har avtalt.
  18. Eg er ganske sikker på at dette ikkje er vanleg praksis, men heller ein slags protest frå den tilsette. Sjølv om det ikkje er eit problem i praksis, så er det eit problem at mat blir feilmerka. Sjølv om ingen vegetarianar døyr av å ete kjøtt så er det tvilsomt når ein bevist har feilinformert. Den personen som solgte deg burgaren kunne ikkje vite om du skulle ete den sjølv med ein gong eller om du hadde overlevert den til nokon andre. Er ein tom for rett papir så kan ein pakke inn med utsida inn, eller på anna måte tydeleggjere at det ikkje er vegetarisk mat.
  19. Ser på digi.no at DSB har komt med litt meir opplysningar: Så då virker det som at det er kun heilt avslått telefon eller telefon i flymodus som kan hindre at du får varselet.
  20. Dette er sjølvsagt heilt sant, men eg har lagt merke til at faktisk.no ofte er nesten like ille i andre retninga når dei skal faktasjekke ein påstand. Veldig ofte biter faktisk.no seg fast i eit veldig spesifikt utsagn som dei då riv i fillebitar for å passe inn med den konklusjonen dei vil ha. I veldig mange av sakene som blir faktasjekka så er heile fundamentet i saka at det nettopp ikkje er så svart/kvitt at ein enkelt kan seie at eit utsagn er korrekt og eit anna utsagt er feil, ofte ligg det ein stad i mellom. Som f.eks. er sak nummer to (som er mest objektiv og lettast å ta som eksempel.) på faktisk.no Påstand Vi har fått over 100 000 flere i jobb siste året bare i privat sektor. Konklusjon Dette stemmer når privat sektor defineres som differansen mellom samlet sysselsetting og offentlig forvaltning. Tallet sier hverken noe om arbeidsledighet eller hvor de sysselsatte er bosatt. Når Trygve Slagsvold Vedum kom med denne påstanden så hadde han sjølvsagt gjort seg nokre tankar om korleis han definerte dette sjølv om han ikkje starta utsagnet med ei heil avhandling om definisjon. Det som folk kan være ueinige i med ein slik påstand er jo nettopp definisjonen. Og i den samanhengen så er det ikkje spesielt oppklarande at faktisk.no kan konkludere med utsagnet er sant så lenge ein legg til grunn ein viss definisjon.
  21. Om inndraging av køyretøy er rett medisin er eg litt usikker på. Sjølv om eg ser det rasjonelle ønsket om å kunne konfiskere køyretøyet så har eg litt utfordringar med foholdsmessigheita av eit slikt tiltak, og ikkje minst ei overordna situasjonsvurdering. Det er utvilsomt veldig fort å køyre 100 km/t over fartsgrensa, men samtidig så synes eg at i denne saka om kappkøyringa på E18 så må det vel til ein viss grad være formildande at ulykkesrisikoen for tredjepart vart vesentleg redusert ved å ulovleg sperre vegen i forkant. Eg vil ikkje ha det slik at neste gong det blir kappkøyring så dropper ein å sperre vegen ettersom straffa blir den same og risikoen for å bli oppdaga er større. Ein viss form for edruelegheit når vi vurderer fart opp mot faren bør vi legge opp til. Det må være rom for å straffe ein bilførar som køyrer i 200 km/t gjennom eit byggefelt med 30-sone langt strengare enn den som køyrer i 200 km/t på ein fleirfelts motorveg med fartsgrense på 100 km/t i dagslys tidleg om morgonen før det er andre trafikkantar på vegen. Begge delar er grov fartsoverskriding, men det er ein objektiv forskjell i både ulykkes-sannsynlegheit og ulykkes-konsekvens basert på andre faktorar enn farta åleine. Eg meiner at det fyrste tiltaket som burde vært gjort er å sjå på heile straffeordning for slike lovbrot, og då særleg at det å miste sertifikatet "på livstid" i realiteten betyr maks 5 år før ein har rett på å søke om å få igjen sertifikatet om ein ikkje har blitt tatt for ulovleg køyring dei siste 5 åra. Det er ikkje sikkert det er nødvendig å ta frå bilførarar førarretten i 50+ år, men eit noko strengare kontrolltiltak for dei verste bilførarane bude vi ha. Driv du med livsfarleg råkøyring som 20 åring så er det nok gode sjangsar for at du fortsatt er ein idiot i trafikken som 25 åring. Det sagt så kan det kanskje være grunnlag for å kunne sjå litt mellom fingrane med "ungdommens galskap" slik at ein 17 åring som gjorde dårlege valg også kan gjere seg fortent til ein ny sjangse når han blir meir moden. Litt i same gata så meiner eg også at det burde være lettare å ta frå folk førarretten uavhengig av om dei er råkøyrarar utan risikoforståing, gamle demente, eller andre medisinske grunnar. Det burde være relativt enkelt og billeg å inføre f.eks. eit krav om at ein må avlegge ny teorieprøve som e-læring kvar 10 år, samt at ein som bilførar må godta å kunne bli plukka ut til å ta ny oppkøyring (på statens rekning) enten som stikkprøvekontroll eller når politi, vegvesen eller lege finn grunnlag til å stille spørsmål ved førareigenskapane.
  22. Er produkta fyrst kjøpt så er det ikkje noko poeng å kaste det. Har du Freia sjokolade i kjøleskapet eller Gillette barberhøvel på badet så er det berre å bruke produktet, men vil du være med på boikotten så velger du andre produkt (eller avstår frå å kjøpe) neste gong du er i butikken. Om daglegvarebutikkane hiv seg på boikotten så er det heilt greitt at dei gjer det gjennom å ikkje bestille nye produkt frå leverandør, eg har ingen forventningar om at det skal bli Freia sjokoladebål i gatene. Det er ingen vits i ein boikott om butikkane fortsetter å kjøpe produktet frå produsenten, for då er det berre butikkane som taper på det medan Freia får pengane sine frå butikkane uansett.
  23. Forskjellen ligg i symboleffekt og ikkje minst moral. Russland både produserer og kjøper ammunisjon, men likevel støttar eg eit klart moralsk standpunkt der Norge i alle fall ikkje skal tene økonomisk ved å selge ammunisjon til Russland.
  24. Reddit er nok døande frå før. Berre alt maset om å laste ned mobilappen eller logge seg inn er nok til at det går lengre og lenge tid mellom kvar gong eg les noko på reddit.
  25. Les i NRK om boikotten. Der kjem det fram eit moment som kan gjere boikotten effektiv er at det sender eit ganske tydeleg signal om at alle selskap med russisk tilknytting vil bli straffa. At vi i Norge vender Freia ryggen er nok ein oppvekkar for ganske mange, det er nok få merkevarer som så mange nordmenn har eit sterkt forhold til at det nesten er ein del av den norske kulturen å ha Kvikk Lunsj i tursekken i påska og vanleg melkesjokolade i kofferten når vi reiser til syden. Sjølv om den norske Mondelez direktøren er sitert på at dei føyer seg etter alle gjeldande sanksjonar så vil eg tru at dei også må ta ein diskusjon på om dei skal gjere meir enn minstekravet for å gjennvinne folkets tillit. Eg er forøvrig også einig med NHH professoren som synes boikotten mot Freia er litt lite gjennomtenkt sidan Freia er ein liten del av eit stort selskap. Men samtidig så trur eg nok at denne "vilkårlegheita" også gjer det veldig krevjande for dei store selskapa som fortsatt har aktivitet i Russland. For kan Freia bli sirkla inn av ein folkeaksjon i Norge så er det ganske mange andre merkevarer rundt omkring som er i faresona sjølv om Mondelez og liknande selskap har tenkt på dei som trygge og stabile. Hadde eg jobba med PR for eit av selskapa som står på Ukraina sin svarteliste (eller som har aktivitet i Russland som har fått gå under radaren), så ville eg definitivt vurdert å aktivt proklamere ei tydelegare linje mot Russland enn at selskapet støtter opp om dei vedtekne sanksjonane som det vil være ulovleg eller vanskelege å omgå. Det er nok berre spørsmål om tid før ei ny merkevare under ein slik stororganisasjon blir sirkla inn og får oppleve ein boikott. Det er sterke krefter som no krev at selskapa skal ta ein mykje meir aktiv rolle, og at det å fortsette å drive aktivitet i Russland eller å prøve å skjule slik aktivitet fort kan straffe seg økonomisk.
×
×
  • Opprett ny...