Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 718
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det må vel også være politifagleg svakt å gå i nærkontakt med påfølgande basketak når politiet på denne tida var midlertidig bevæpna og hadde pistol i beltet? Når eg ser på videoen så er det vel eigentleg mest flaks at Simonsen berre gjer motstand berre ved å vri og vrenge på kroppen og ved å bruke armane til å verne seg sjølv i staden for å gripe etter politiet. Nesten heile tida der han ligg på bakken så hadde han moglegheit til å gripe etter ein av dei to tenestepistolane som han hadde nesten heilt oppe i ansiktet. Eg forstår at slik bryting i nærkamp kan være nødendig, f.eks. dersom Simensen hadde gått til angrep på politiet, men å utan makkerstøtte gå heilt inn i kroppen på ein person som du i tillegg anser som stor, sterk og farleg med både pistol, batong og pepperspray lett tilgjengeleg i beltet må vel kunne seiast å være ei gedigen strategisk tabbe om målet var å unngå at nokon i politiet kom til skade? På dette området er eg lekmann, men politiet må vel ha nokre interne rutinar på at dei ikkje bør sleppe publikum nærmare enn ei armlengdes avstand når dei har våpen i beltet? For sjølv om Simensen ikkje hadde hatt til hensikt å gripe etter pistolen, så må det vel være ein overhengande fare for at holsteret kan opne seg og pistolen kan falle ut når ein ligger og ruller på bakken? Holsteret er vel berre lukka med ein trykknapp eller borrelås?
  2. Er einig i at dette forhåpentlegvis er eit unntaka som tilfeldigvis foregjekk på ein stad der ein kunne sikre gode billete frå overvåkingskamera. Det som er litt urovekkande er at vi støtt og stadig høyrer om folk som har blitt kasta på glattcelle og ei anmelding på vold mot tenestemann som har hevda sin uskuld utan å bli trudd, for kven trur på ein full mann som dagen etterpå påstår at politiet utan forvarsel gjekk til angrep når vi har to edru politibetjentar som i offisiell politirapport har påstått at personen var aggressiv og at det ar nødvendig å bruke makt for å få kontroll på situasjonen? Dei fleste som kjem ut frå glattcella med ei slik historie lyg nok, dei fleste har nok vært tøffe i trynet, nekta å følgje pålegg frå politiet og har heilt sikkert knuffa i mot ved fyrste anledning når politiet har trengt å fysisk holde personen på avstand eller få vedkommande i bevegelse for å forlate staden, men kva om enkelte av dei har vært heilt uskuldige offer for for eit regelrett overfall av politiet og som har fått permanent ripe i lakken både sosialt og kanskje også arbeidsmessig ved at dei no har ein straffereaksjon på rullebladet for vold mot politiet? Denne saka er ganske øydeleggande for tilliten til politiet, og kan nok i yste konsekvens føre til bevisvekta til vitnemål frå politiet får mindre betydning. I dag har vi veldig mange saker alt frå slossing på byen til råkøyring der heile saka bygger på politiet sitt vitnemål om kva som skjedde. Vitnemål frå politiet har i dag stor tyngde ettersom ein reknar at politiet er både nøytrale og sannferdige i sin forklaring, og fordi dei som representantar frå staten som har dette som yrke ikkje har ein eigeninteresse anna enn at lova skal følgjast. Råkøyraren som er tiltalt for råkøyring får sitt vitnemål nesten avvist fordi alle veit at han kjem til å lyge for å unngå straff, medan politiet sitt vitnemål har all betydning fordi alle veit at ein politimann vil uttale seg sannferdig og upartisk og vil sjølvsagt ikkje seie noko anna enn det som han faktisk har sett og opplevd. Utan å dra det for mykje off-topic så kjem denne saka i tillegg til norsk narkotikapolitiforeningssaka der det viser seg at tilsette i politiet har hatt eit uforholdsmessig stort fokus på narkotikasaker for å styrke eiga klubbkasse og politisk overbevising.
  3. Du kan ha rett til avslag i leige. Du kan kreve eit avslag i husleiga som tilsvarer differansen mellom verdien på leigeobjektet med noværande standard opp mot det du har avtalt å betale i husleige. Du kan nok også argumentere at denne endringa frå parkett til vinyl er ei endring som bryt med husleieloven: Altså at dette er ei endring som du som leigetakar ikkje må finne deg i. Du kan nok derfor påberope deg at eit slikt golv med dårlegare kvalitet er ein mangel som du har rett til å få utbetra. Støtter med forøvrig til forrige taler at eit eventuelt avslag i husleiga på grunn av standardendring vil nok være snakk om småpengar. I dei fleste leigeobjekt vil det nok ha svært liten betydning for leigeverdien om husrommet har ekte parkett eller golvbelegg, ekte parkett kan kanskje være meir attraktivt slik at det er lettare å få leigd ut, men det vil nok i liten grad gjenspeile seg i husleiga. Om du skal krangle på dette, enten det er ved å kreve at utleigaren bytter golv igjen eller ved å kreve avlslag så må du nesten prøve å vise til noko heilt konkret som gjer at husrommet no er mindre verdt for deg. Det kan være argumentasjon om at ekte parkett var viktig for deg og var av avgjerande betydning for at valgte denne leilegheita, at det nye golvet er lagt feil og knirker, at det nye vinylgolvet er mindre bestanding mot riper og andre slitasjemerker, osv. I mange tilfeller vil vinylgolv ha fordelar over eit parkettgolv, blant anna at det er lettare å vaske vinyl eller at vinyl slepp gjennom meir av golvvarmen. Dei einaste områda der parkett vanlegvis er definitivt best på er det estetiske og til ei viss grad slitestyrken, men slitestyrken på golvet vil nok ikkje ha så stor betydning for deg som leigetakar sidan du sikkert ikkje blir buande i denne leilegheita i 50 år. Alt det sagt så burde sjølvsagt utleigar hatt ein dialog med deg som leigetakar. Både fordi det ville kunne spare utleigar for ein krangel med leigetakar angåande standaren på husrommet slik som det no ligg opp til at det blir, men også fordi det hadde vært mogleg å forhandle om ei betre løysing som begge partar hadde vært fornøgd med. Kven veit, kanskje du til og med hadde vært villig til å bidra økonomisk enten direkte eller via høgare husleige om utleigar hadde brukt anledninga til å gjennomføre ei standardheving og ikkje ein standardreduksjon.
  4. Korleis sjefen din oppfører seg, og kven arbeidsgjevar tilsett og forfremmer får du ikkje gjort så mykje med. Medlemsskap i ei fagforeining kunne vært nyttig i ein slik situasjon men dei fleste fagforeiningar har karantenetid der du ikkje får bistand til arbeidskonflikter som har oppstått før innmelding. Det sagt så er mitt beste råd at du systematiserer utfordringane dine på ein ryddig måte. Eg ser at saka di består av mange mindre saker som kan behandlast på ulike måtar. Dette med 12 timars arbeidstid og at du har regelrett blitt pressa til å ikkje motta legebehandling er ei sak for arbeidstidsynet, særleg om dette er relatert til ei varslingssak ettersom du har eit særskilt vern mot gjengjelding i varslingssaker. Slik gjengjelding kan i seg sjølv gi grunnlag for både erstatning og oppreisingssøksmål, så det kan være aktuelt at du for eiga rekning tek kontakt med ein arbeidsrettsadvokat for bistand til å vurdere om du har eit grunnlag for å stemne arbeidsgjevar for arbeidsretten. Du bør også sjå nærmare på kva arbeidsoppgåver du no har fått tildelt opp mot kva som står i arbeidsavtale og stillingsinstruks. Du har både rett og plikt til å utføre dei arbeidsoppgåvene som er lagt til stillinga. I den grad du har tatt på deg meir ansvar så bør du presse på for å få dette tilført i arbeids-avtale/instruks slik at du har dette ekstraarbeidet dokumentert. Om arbeidsgjevar nektar deg dette så må du sjølvsagt slutte å gjere jobben med å lede avdelinga di til arbeidsgjevar er villig til å anerkjenne jobben din og helst sjølvsagt også kompensere deg for jobben. Ei heilt anna sak er kva du skal eller bør gjere opp mot HR og eigarselskapet. Mest truleg er dette ein kamp som det ikkje er verdt å sjå. Sannsynlegheita er stor for at det ikkje er verdt å bruke energi på dette ettersom det er størst sjangs for at din arbeidssituasjon forblir som i dag eller blir verre. Det du kan oppnå i andre enden er at firmaet får effektivisert drifta ved å kutte denne ubrukelege mellomleiaren (og kanskje også sjefen din), men denne effektiviseringa vil du i svært liten grad få nytte av. Du kjemper også litt i motbakke ettersom din meining nok blir tildelt lite vekt. Du må ta høgde for at denne ubrukelege personen kanskje utfører arbeid som gir verdi for leiarane over deg sjølv om arbeidet ikkje gir verdi for deg og dei andre som jobbar med å produsere. I tillegg må du rekne med at sjefen din kjem til å gi vedkommande gode skotsmål og då blir det vanskeleg for HR å legge meir vekt på kva du meiner enn kva sjefen seier. For sjefen din skal i utgangspunktet ha ei mykje betre oversikt over heile avdelinga enn du som er ein tilsett som berre ser ein liten del av aktiviteten i firmaet. Dersom du skal ta denne kampen for å få kvitta deg med sjefen som du meiner ikkje gjer ein god jobb så må du som minimum ha eit mål om kva du ynskjer HR skal gjere. Vil du at sjefen skal få sparken, at sjefen blir omplassert, at sjefen får leiarutdanning, eller at du skal ta over sjefsjobben? I tillegg bør du finne fleire allierte slik at det ikkje er deg åleine mot sjefen, HR og eigarane i USA. Det mest fornuftige her er at du førebur deg til å finne ein anna jobb der du vil trives betre. Om du finn deg ein ny jobb så vil du også stå i ein sterk posisjon til å kreve endringar sidan du kan gi ultimatumet om at enten så får du det slik du vil eller så forlater du skuta. Det som er mest nærliggande å kreve er nok at du får formalisert leiaransvar og sjølvsag ei lønn som gjer at det er verdt den mentale belastninga å fortsette i dette firmaet. Som nemnt så kan det også aktuelt for deg at du avslutter jobben din med eit søksmål om du har grunnlag for det slik at du også får med deg erstatning eller etterlønn når du seier opp.
  5. Ikkje at det betyr noko, men eg blir meir og meir overbevist om at politiet har handtert denne situasjonen på nesten verst tenkeleg måte. Det faktum at Simensen hadde våpen på seg gjorde at dette slagsmålet på bakken fort kunne eskalert noko voldsomt. Politimannen som la Simensen i bakken var overhode ikkje førebudd og hadde ingen plan B. Om Simensen var så sterk og skummel at det var nødvendig med batongslag, så berre grøssar eg ved tanken kva som hadde skjedd om Simensen fant det nødvendig å beskytte seg med kniven. Denne plutselege eskaleringa frå politimannen kunne fort ført til at ein eller fleire av politibetjentane kunne komt alvorleg til skade, i alle fall om Simensen hadde vært den skurken som politiet openbart meinte han var. Med fire politibetjentar mot ein full mann som ikkje oppførte seg voldelig så burde det være mogleg å løyse oppdraget heilt utan voldsbruk.
  6. Straff er eigentleg ikkje det viktigaste her, for stort fokus på at begåtte feil skal medføre straff vil berre føre til at vi skremmer vekk dei ærlegaste og mest pliktoppfyllande frå yrket. Det er ikkje idiotane som går rundt og bekymrar seg for at dei kan miste politijobben sin om dei er for hardhendte, idiotane blir medan dei som vi helst vil behalde i yrket finn seg andre jobbar der dei ikkje står i fare for å havne i slike vanskelege situasjonar der dei kan risikere å få straff. Hovudpoenget med kroppskamera er å dokumentere og ta lærdom av feil som blir begått. Hadde han politimannen som no er tiltalt for vold fått påpakning mange år tidlegare om han var litt hardhendt under ein arrestasjon så kanskje han hadde korrigert oppførselen sin så mykje at det aldri hadde komt så langt at han no står tiltalt for å ha rota seg opp i ein situasjon der einaste løysingsforslaget han klarte å sjå var batongslag mot kraniet til Simensen. Einig. Ein viss forståing for naturleg reaksjon må politiet ta høgde for, særleg når det er snakk om ein rusa person som plutseleg og utan forvarsel fant seg sjølv liggande på bakken med ein politimann over seg. Om eg ein gong blir arrestert (sjølvsagt på bakgrunn av at det er gjort ein feil som ender opp med at eg blir arrestert sjølv om eg er heilt uskuldig), så vil eg sette pris på om eg får i alle fall eit halvt sekund på meg til å samarbeide ved å strekke fram hendene og la meg sette i handjern før eg blir kasta i asfalten og banka opp.
  7. Dei aller fleste avtalar kan hevast med umiddelbar viktning om ein av partane grovt mislegheld avtalen. I ein husleigeavtale så er typiske hevingsgrunnar til dømes; utleigar kan ikkje stille husrommet disponibelt til avtalt tid, at leigetakar ikkje betalar husleige, at leigetakar mislegheld eigedommen, eller at leigetakar brukar husrommet til noko som er ulovleg. Terskelen for å heve ein leigeavtale med umiddelbar eller snarleg virkning vil i dei fleste tilfeller være mest teoretisk, då misleghaldet må kunne dokumenterast. Manglande husleige vil være relativt kurrant å dokumentere, medan brot på husordensreglane vil være vanskelegare å dokumentere ettersom f.eks. støy og bråk både må være over eit vist subjektivt nivå for kva som er støy, og støyen må i tillegg være unødig. Namsmannen kan ikkje gjere noko utan å ha eit grunnlag for å kaste deg ut. Etter husleigelova så har utleigar hevingsrett i følgjande tilfeller: I ditt tilfeller er det berre punkt B, og muligens punkt E som kan gi utleigar grunnlag for heving. For at utleigar skal kunne kaste deg ut på bakgrunn av punkt B så er minstekravet at du må ha fått minst ein skriftleg advarsel frå utleigar, og at du til tross for skriftleg advarsel ikkje tilpassar din åtferd. Skal utleigar få Namsmannen til å kaste deg ut på grunnlag av punkt E så må utleigar vise til anna grunnlag som gjer det nødvendig å kaste deg ut, denne nødvendigheita vil normalt måtte være på minst same nivå som dei andre forholda som kan gi hevingsrett. Før Namsmannen kan kaste deg ut så skal du få eit brev frå Namsmannen, i dette brevet skal det stå kva som er grunnlaget for utkastinga, vanlegvis vil grunnlaget være ei begjæring frå utleigaren. Du vil etter å ha motteke brevet få 14 dagar til å uttale deg, i denne uttalen kan du både bestride grunnlaget for utkasting og kome med ytterlegare opplysningar som du meiner er relevante for saka. Deretter skal Namsmannen sende deg eit nytt brev med endeleg vedtak og dato for utkastinga. Dette vedtaket kan du klage på før utkastinga. Har du ikkje motteke disse breva frå Namsmannen så gir dette deg grunnlag for å klage, noko som vil forsinke utkastinga ettersom saksgangen må starte på nytt der du får den informasjonen som du skal ha undervegs i sakshandsaminga. Det er ganske vanleg at folk på forumet ikkje vil utlevere så mykje informasjon om saka si, så det vanlegaste er at ein svarer ut tråden på bakgrunn av den informasjonen trådstarter vil eller kan utlevere. Generell hevingsgrunnlag ved vesentleg misleghald følgjer av husleigelova og vil vanlegvis ikkje være eksplisitt nemt i leigeavtalen. Det hender seg likevel at enkelte leigeavtalar har ein klausul som gir utleigar hevingsrett ved manglande betaling av husleige sidan dette for utleigar sin del gjer at ein kan starte prosessen med utkasting av ein leigetakar som ikkje betalar for seg litt tidlegare. Utan slik klausul så vil ikkje ei forsinka husleige åleine gi grunnlag for heving, i enkelte tilfeller må ein kunne vise til to eller fleire månedar utan betaling før ein har eit godt nok grunnlag for utkasting.
  8. Om vegen ikkje er lang nok og oversiktleg nok til at du kan køyre forbi utan å bryte fartsgrensa så kan du ikkje køyrenforbi. I tillegg skal den som blir forbikøyrt holde godt til høgre og ikkje auke farta. Om det er snakk om saktegåande køyretøy eller køyretøy som tek stor plass som i dette tilfeller, og når vegen er uovrrsiktleg eller har motgåande trafikk så skal køyretøyet som blir forbikøyrt om nødvendig sette ned farta eller stoppe. Så den trygge forbikøyringa er ikkje at du aukar farta og dermed aukar skadepotensialet, den trygge forbikøyringa er at du ligg under fartsgrensa og bilen med campingvogn hjelper deg forbi ved å halde til høgre og om nødvendig bremser for deg.
  9. Det meines andre tap som du kan dokumentere har samanheng med saka, kan f.eks være porto-kostnadar. I ei slik sak har du mest truleg ikkje ekstrakostnadar som kan gi grunnlag for erstatning. Oppreising vil ikkje være aktuelt i ei slik sak.
  10. Det er også mulig å argumentere motsatt, at økt kunnskap og fokus avdekker tilfeller som i 2012 vart ignorert. Grafen over ADHD behandling er også ganske lik: Sjølv om eg er einig i at det er sannsynleg at behovet for kjønnsbekreftande behandling har auka også på bakgrunn av sosialt press, så er ikkje statistikken eit godt bevis på behov verken eine eller andre vegen. Statestikken viser berre korleis vi i dag handterer slike saker, den seier ingenting om den behandlinga som blir gitt er korrekt behandling.
  11. Jeg tror ikke det er så mange som synser at de kunne gjort det bedre, men de synser nok at politiet kunne gjort en klart bedre jobb, de har helt rett selvfølgelig, dette burde vært håndtert mye bedre, og det har svekket tilliten til det norske politi. Enig, det handlar om vi har større forventningar til yrkesutøvinga som politi enn det vi har fått presentert her. At politijobben er ein krevande jobb der ein må både vurdere og reagere lynraskt er utvilsomt. Det hadde nok heller ikkje vært så problematisk om politiet vedgjekk feilvurdering, overreaksjon og at situasjonen vart handtert på ein lite hensiktsmessig måte. Den store skandalen i denne saka er jo at politiet ikkje berre har unngått å ta lærdom av episoden, dei har aktivt forsøkt å skjule feilvurderinga ved ytterlegare myndigheitsmisbruk. Videobevis vart sletta, politirapporten teikna eit forvridd bilde av kva som skjedde, og i tillegg vart Simensen anmeldt for vold mot politiet for å ytterlegare svekke hans versjon av kva som skjedde. At Simensen er ein pøbel er det nok liten tvil om. Han burde likevel blitt behandla på ein skikkeleg måte og burde bli straffa for dei lovbrota han hadde utført, både drapstrusslane tidlegare på kvelden og for bevæpninga som vart avdekka i ettertid. Det er lite tilfredsstillande for oss vanlege borgarar at denne feilbehandlinga frå politiet sin side kan føre at slepp straff for dei lovbrota som han har gjort seg skuldig i. Også enig. Og utan å dra tråden for mykje off-topic så er min kritikk mot politiets bevæpning at det blir gjort på ein utrygg måte fordi politiets våpeninstruks er utarbeida med tanke på midlertidig bevæpning og ikkje fast bevæpning. Å ha våpen i ulåst holster med kule i kammeret og med treig avtrekker som einaste sikring gir fullstendig meining i eit væpna politiaksjon der du utan forvarsel kan ha behov for å umiddelbart opne eld sjølv om du berre har ei ledig hand og derfor verken har tid eller muligheit til å bruke begge hendene til å ta ladegrep. Men det gir lite meining å ha skytevåpenet så skyteklart når politiet patruljerer gjennom folkemengder, er i brytekamp med kriminelle, og ellers er i situasjonar der uvedkommande kan klare å fiske pistolen ut av holsteret og avfyre skot berre ved å peike og trykke. Det gjer noko med politiets publikumskontakt når politiet må posisjonere seg mange meter frå personar dei snakker med for å være sikre på at personen ikkje skal klare å strekke seg etter tenestepistolen i eit uoppmerksomt augeblikk. Politiet kan også sikre våpenet under publikumskontakt ved å holde handa på våpenet medan ein snakkar med publikum, men det gjer også noko med dynamikken mellom politi og publikum når politiet står bokstavelegtalt med våpenet i handa sjølv når det ikkje dreier seg om ein trusselsituasjon.
  12. Ja. Den norske straffeloven opner for å straffe nordmenn som bryt norsk lov i utlandet. Dette gjeld då lovbrot som er ansett som så alvorlege at det av allmennpreventive omsyn er nødvendig å hindre nordmenn i å utnytte andre statars manglande lovverk til å begå alvorleg kriminalitet. Det er då snakk om alvorleg kriminalitet slik som folkemord, barneekteskap, kjønnslemlesting, terror, menneskehandel, og seksuallovbrot (som også innkluderer sexkjøp). Den delen som går på sexkjøp frå vaksne i eit land der sexkjøp er lov er kanskje den paragrafen som er mest omdiskutert, men ettersom sexkjøp er ansett som å være eit ledd i menneskehandel og ofte er rein utnytting av personar som av ulike grunnar har blitt tvungne til å selge sex så er dette ansett som så alvorleg kriminalitet at det er forbode for nordmenn å kjøpe sex uavhengig av lokal lovgiving. Aktuell paragraf frå straffelova:
  13. Det er vanleg å ransake på staden med formål om å avdekke våpen, den meir grundige ransakinga og registrering av gjenstandar skjer ved innbringing til arresten. Det faktum at kniv og batong ikkje vart påvist før Simensen vart putta på cella viser at politiet ikkje viste om våpena ved arrestasjonen og at det såleis er eit heldig lykketreff at det i ettertid viste seg å kunne våre eit grunnlag for å ansjå Simensen som ein trussel. Hadde politiet vist om eller avdekt våpena ute i felt så hadde han heilt klart blitt fråtatt i alle fall kniven. Og i alle fall når heile grunnlaget for å arrestere han var at politiet opplevde han som farleg og ein trussel mot eiga sikkerheit. Sjølv med handjern bak ryggen så er det ein fare for at arrestanten klarer å fiske fram kniven frå ei lomme, og med eit skarpt knivblad vil arrestanden være i stand til å skade både seg sjølv og andre sjølv om ein er iført handjern.
  14. Det landet som lovbrotet er utført i har rett til å arrestere, holde rettssak og fengsle utanlandske borgarar i samsvar med lokal lover. Staten kan be om å få sine borgarar utlevert, vilkåra for slik utlevering er avhengig av eksisterande avtalar eventuelt forhandlingar mellom statane. Det mest vanlege er nok at ein har tillit til at landet der lovbrotet har skjedd køyrer ei rettssak i samsvar med sine lover, men at heimlandet til lovbrytaren ber om å få lovbrytaren utlevert mot at ein lover å fengsle lovbrytaren i eit norskt fengsel i samsvar med den straffa vedkommande har blitt idømt. Men det vil også være mogleg å få lovbrytaren utlevert før ein rettssak, vanlegvis då mot løfte om at det blir gjennomført ei rettssak og straffereaksjon i Norge. Staten der lovbrotet har skjedd kan nekte utlevering om ein ikkje på førehand har forplikta seg til utlevering gjennom utleveringsavtalar. Mellom statar som har tillit til kvarandre sine rettssystem så vil det være enklare å få til ei utlevering kanskje også før rettssaka enn der statane ikkje har tillit til kvarandre.
  15. Av nyskjerrigheit, har du betalt noko til denne meklaren? Eller er det ein snakk om ein avtale der du berre betalar dersom det blir eit salg innanfor den 6 månedarsperioden som er avtalt gyldigheit (I realiteten 9 månedar om huset hadde blitt solgt til nokon som eigedomsmeklaren har vært i kontakt med jmf lov om eiendomsmekling).
  16. Det er spesielt arbeidsvilkåra som er dårlege for bussjåførar. Som bussjåfør er det heilt vanleg å ha deleskift der ein har fleire timar fri utan lønn midt på dagen. Etter tariffavtalen så er avgrensingane at det ikkje kan gå over 12 timar frå starten på fyrste skift til slutten av siste skift, ein arbeidsdag kan berre bestå av to skift, og kvart skift må være minst 2 timar. Det betyr at ein bussjåfør kan ha ein arbeidsdag som ser slik ut: fyrste skift 2 timar frå kl 05 til 07, deretter ulønna fri fram til skift nummer to kl 11.30-17.00. Tilsaman 7,5 time betalt arbeidstid i løpet av disse 12 timane. Tarifflønna for ein bussjåfør varierer frå 425 667 kr som ufaglært sjåfør med under 3 års ansiennitet, til topplønna på 498 040 kr for ein bussjåfør med yrkessjåførkompetanse, alle fire kompetansemodulane, bestått norsktest, har bestått bedriftsintern modul, og har meir enn 9 års anisiennitet. Ulempetillegg kjem sjølvsagt i tillegg. Sidan mange bussjåførar har slike delte skift der dei har fleire timar med fri på dagtid som ikkje er så lett å bruke til noko fornuftig, så er lønningane spesielt dårlege. Vil tru at dei fleste bussjåførar heller vil jobbe 7,5-12 timar samanhengande og få betalt for alle timane enn å reise til jobben, jobbe nokre få timar, reise heim og få nokre få timar heime før ein igjen må reise på jobben for å arbeide siste delen av arbeidsdagen.
  17. Typisk honorar er vel i snitt 2%. Så 100 000 kr i honorar ved eit salg på 5 mill, og 110 000 i honorar ved eit salg på 5,5 mill. Normalt sitt meklaren igjen med 1/3 av provisjonen som lønn, resten går til meklarfirmaet, sosiale kostsnadar, arbeidsgivaravgift, osv. Så i dette tilfellet vil meklaren sitte igjen med 33 333 kr ved eit salg på 5 mill, og 36 666 ved eit salg på 5,5 mill. I følgje SSB har ein gjennomsnittleg meklar 757 000 kr i årslønn, og med eit vanleg arbeidsår på 1950 timar gir det 388 kr i timen. Differansen i meklarhonoraret utgjer 3333 kr, eller 8,6 arbeidstimar. Så for meklaren vil det berre være lønnsomt å selge ein halv million over prisantydning om det medfører maks ein ekstra arbeidsdag. Så då er det nok slik at dersom det skulle kome mange på visning og ein får budrunde så er det sjølvsagt lønnsomt å jobbe på under budrunda for å få inn flest mogleg bod og dermed høgare pris, men om det må arrangerast ei ekstra visning og slik så vil det nok være i meklarens interesse å få selgaren til å akseptere fyrste bodet på prisantydning framfor å bruke fleire timar på å kanskje få inn fleire bod.
  18. Han der i midten ser ut til å være kapabel til å dra fram ein kniv om han tilfeldigvis skulle ha ein kniv i lomma. Best å forebygge ein potensiell voldssituasjon med å gi han 15 raske batongslag i tinningen før han rekk å tenke tanken på krangle. Det er sjølvsagt ulovleg å gå med batong og kniv i lomma på offentleg stad, så det skal han sjølvsagt straffast for. Det som var hypotetisk her var at våpena ikkje var i bruk, og eg kan heller ikkje sjå at det har kome fram i media at han skal ha trua eller prøvd å ta fram våpenet. Berre fordi den mistenkte har knyttnevar så gir ikkje det grunnlag for å bruke slik vold før den mistenkte eventuelt truar eller slår med knyttneven. Politivold er ikkje ein del av straffa, sjølv etter å ha drept nokon så skal den mistenkte få moglegheita til å overgi seg og bli arrestert frivillig og utan å bli utsatt for vold. Ofte vil det være nødvendig å bruke ein viss mengde makt for å raskt få kontroll på den mistenkte før han kan ombestemme seg, men sjølve arrestasjonen skal foregå så skånsomt som mogleg. I denne situasjonen så var det politiet som eskalerte situasjonen. Det er mogleg at Simensen har ytra munnlege trusslar rett i forkant av politivolden, men det er ingenting på videoen som tyder på at Simensen var fysisk truande før han vart kasta i bakken tilsynelatande utan forvarsel.
  19. Det er vel ingen krav til bevisførselen? Eller krav til at det må være sendt ut skriftlig advarsel, men ein bygger sjølvsagt ei betre sak om ein kan vise til konkrete og daterte klager samt dokumentasjon på at ein har prøvd å få leigetakar til å tilpasse seg ordensregler. Spørsmålet er om ein kan bevise misleghald, og i dei fleste utkastingssaker så er dette basert på mange klager, sjølv om det like gjerne kan være basert på eit grovt overtramp. Ved feststøy så må ein nok bevise eit mønster for å få heva leigeavtalen, samtidig vil det nok være tilstrekkeleg at leigetakaren har prøvd å brenne ned bygget sjølv om det berre har skjedd ein gong. Det kokar ned til ei totalvurdering.
  20. Til lettsolgte leilegheiter så er det nok i liten grad verdt å betale ein meklar for jobben, det har nok meir for seg om du har eit litt mindre attraktivt salgsobjekt med færre potensielle kjøparar, enten det er fordi huset er veldig dyrt, krev mykje arbeid, er freda og underlagt restriksjonar på bruken, huset ligg på ein ugunstig stad, eller når du har behov for å selge veldig raskt. På slike hus så kan du ikkje forvente at folk renner ned dørene på vising utan å gjere ein jobb for å markedsføre visinga mot rett kjøpargruppe. Lettsolgte leilegheiter som har bytta eigar kvart andre år dei siste 20 åra selger seg nesten sjølv, særleg om du dumper prisen med 100 000 kr fordi du ikkje brukar meklar. Og skulle du være misfornøgd med interessen etter å ha forsøkt å selge privat, så kan du alltid velge å ikkje godta siste budet og heller gå til ein eigedomsmeklar likevel.
  21. Det er tydelegvis agurktid, men nå har det dukka opp støtteerklæring på at voldsbruken var rettmessig: https://www.nrk.no/osloogviken/politibetjent-tror-kollega-vil-bli-frikjent-etter-kongsberg-volden-1.16459540 Eg håpar eigentleg at politikollegaen ikkje er korrekt sitert når det i artikkelen står: For han kan vel ikkje seriøst meine at det er rett av politiet å slå med batong mot ein person berre fordi vedkommande i teorien er i stand til trekke våpen? Det er sterkt bekymringsverdig om tilsette i politiet tenker at vold kan brukast forebyggande i tilfelle personen er ein skurk som kan finne på å trekke våpen.
  22. Det som er mest "rett" å gjere er å avtale med arbeidsgivar ei løysing som fungerer for begge partar. Utgangspunktet er at ein enten er frisk og kan jobbe eller så er ein sjuk og kan ikkje jobbe. Slike mellomløysingar finnes det ingen ferdig løysing på så der må du finne ei passeleg løysing. Den beste løysinga nok er at du brukar eigenmeldingsdagar (eventuelt sjukemelding) men avtalar med sjefen at du prøver å jobbe litt frå heimekontor. Slik du gjer det no så er det berre du som tapar på det sidan du får minustid når du ikkje klarer å jobbe meir enn 4-5 timar av arbeidsdagen, for i utgangspunktet er det jo heilt omvendt. Du er sjuk og kan eigentleg ikkje jobbe, men til tross for sjukdom så klarer du å presse ut 4-5 timar med produktiv arbeidstid. Det er nesten så det er fristande å prøve seg med eit argument for at du burde ha overtidsbetalt då dette er pluss tid. Heilt konkret så ville eg foreslått at du brukar ein eigenmeldingsdag og at du gjer avtale med sjefen om at du tek to dagar på heimekontor med 50% produksjon. Sluttsummen blir den same men då blir ikkje du straffa med minustid fordi du ikkje er frisk nok til å jobbe full dag, og samtidig så får sjefen 50% produktivitet ut av deg sidan alternativet hadde vært at du sjukmeldte deg begge dagane og tok heilt fri.
  23. Det er vel nesten motsatt? Det som står er at politiet ikkje har hatt kapasitet til å sjå på saka og har valgt å berre henlegge saka utan å sjå på den. Det sagt så tviler eg på at saka er henlagt heilt blindt og tilfeldig, mest truleg så har nokon i det minste sett raskt over saka og konludert med at anmeldinga medfører arbeid som ein ikkje har ressursar til. Sidan saka er henlagt så skal det ikkje være farleg å "rippe opp i saka" ved å etterspørre meir informasjon, det er likevel lite å oppnå for din del. At du er anmeldt vil stå i politiet sine interne register så dette vil være loggført uavhengig av om anmeldinga var begrunna eller ikkje. Sidan saka er henlagt så vil den uansett ikkje dukke opp på eventeulle politiattestar og liknande. Sjølv om heile anmeldinga er heilt feil og du finner ut at den er registrert på feil person så får du ikkje gjort noko meir med saka sidan det uansett skal loggførast.
  24. For min eigen del så vurderer eg det motsatt. At det som selgar er fornuftig å tegne forsikring, men at det er mykje mindre aktuelt som kjøpar. Får du ein kjøper som klager på alt mogleg så er det veldig greit å ha eit forsikringsselskap som du kan henvise krava til i staden for at du sjølv må bruke tid på å avvise krav frå kjøper. For ikkje å snakke om i dei tilfella der kjøper faktisk har ei sak som vedkommande har rett på erstatning for så er det sjølvsagt ekstra greit å ikkje trenge å betale dette ut av eiga lomme. Som selgar så forsikrar du deg ikkje mot at kjøparen skal finne feil på huset, du forsikrar deg mot å måtte bruke mykje tid på å krangle med ein sur kjøpar.
  25. Jobben med å slette innholdet og gjere PCen klar for salg er vel ein jobb som du uansett ville hatt? Ein avtale er bindande så du har rett til å få solgt PCen til avtalt pris. Eg ser at det kan være litt tvil om kva som er avtalt om levering, men det ser også ut til å være irrelevant då eg forstår det slik at det er ingen tvil om at avtalen om salget er inngått og det berre er detaljane rundt utlevering som eventuelt var uklart. Spørsmålet er berre om du vil ta jobben med å kreve inn disse pengane eller om du berre lar det gå og finn ein meir seriøs kjøpar. Eit fyrste og veldig enkelt grep du kan gjere er å sende kjøpar eit betalingskrav og varsle at du kjem til å ta rettslege steg for å kreve inn pengane. Ofte vil saka løyse seg ganske raskt i slike tilfelle ettersom det også medfører ein del ekstraarbeid for kjøper om saka går via forliksråd og kanskje til slutt ender opp hos Namsmannen.
×
×
  • Opprett ny...