The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Ein del av det depositumet er meint å dekke er eventuelt manglande innbetalt husleige, men det er rett som du seier at dersom leigetakar droppar å betale husleige dei siste månedane slik at du må trekke dette frå depositumskontoen så er det ikkje igjen ei sikkerheit for eventuelle andre krav mot leigetakaren slik som manglande utvask eller skader på husrommet. Som du seier så er det tungvindt og tidkrevande å bruke namsmannen, og det er vel også grunnen til at du opplever at stadig fleire leigetakarar gjer det på denne måten ettersom det i praksis er utan konsekvens. Det einaste du som utleigar kan gjere er å starte prosessen, altså at du startar med å sende purring og deretter eit varsel om utkasting med to vekers betalingsfrist. Og så må du berre tak kontakt med namnsmannen og ta prosessen vidare. Dette kan ta lang tid, men du kan være heldig og at Namsmannen sender brev om at leigetakar må være utflytta innen f.eks. ein månad. Ting tek tid, og i enkelte tilfeller kan prosessen med utkasting ta eit halvt år, men prosessen kan også gå relativt raskt. Så ved å være raskt ute med å følge opp så kan du klare å få leigetakaren kasta ut ein måned før tida slik at du i det minste har den delen av depositumet igjen for å dekke eventuelle andre kostnadar. Og har du større kostnadar enn det som er igjen på depositumskontoen så må du berre køyre ein ny prosess for tvangsinnkreving. I dei tilfella der det er openbart at leigetakar spekulerer i å bruke depositumet til å dekke dei siste husleigene så kan du også gå rett på krav om heving av leigeavtalen fordi det å bevist slutte å betale husleige sjølvsagt utgjer eit grovt misleghald av leigeavtalen. Du må forsatt gå vegen om retten for å få medhald i at du har grunnlag for heve leigeavtalen, og dette kan også ta litt tid, men på den andre sida så vil du kunne kreve utflytting på dagen når du har fått rettens medhald i at leigeavtalen kan hevast på grunn av (forventa) misleghald. Det beste rådet for å sikre seg mot slike ting er å legge dette inn i i leigeavtalen. Du kan ha eit vilkår om at manglande betaling er eit særskilt tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdelsesloven. Då kan du skrive skriftleg varsel til leigetakar dagen etter betalingsfristen med to vekers varsel, då kan du alt etter to veker få Namsmannen til å iverksette tvangsgrunnlaget og kaste ut leigetakaren.
- 15 svar
-
- 4
-
Sjølv om eg forstår poenget ditt så er eg ikkje heilt einig. Det må vel tale i retning av seksuelt krenkande adferd når ein på offentleg stad viser seg fram iført seksualiserande fetisj-klær som i omtrent alle andre samanhengar berre er tenkt brukt på soverommet eller private arrangement? Eg er sjølvsagt einig i at å gå topplaus i seg sjølv ikkje er ei seksuell handling, men konteksten speler ei rolle. Å gå topplaus på eit kjøpesenter er i denne samanhengen litt gråsone, på den eine sida så er ikkje eit kjøpesenter ein stad der delvis nakenheit er særleg naturleg eller forventa, i motsetning til på stadar der det er vanleg med bading og/eller soling, men på den andre sida så er det ikkje snakk om seksualisert nakenheit om ein går topplaus på eit kjøpesenter. Men når ein på offentleg stad går ikledd eit kostyme som ein må til ein sexbutikk for å få kjøpt så burde det vel fort tale for at det objektivt kan være seksuelt krenkande, også i tilfeller der ein er heilt tildekt. Det som sjølvsagt taler mot at det er seksuelt krenkande adferd slik som blotting, og som nok også er grunnlaget for at politiet ikkje må gripe inn er at dette er snakk om ein parade som det er søkt om og som publikum lett kan unngå om dei ikkje vil sjå på paraden, at ein parade har eit vist innslag av kunstnerisk friheit som gjer at eventuell nakenheit må vurderast som ein del av samanhengen, og aller viktigast; at dette er ei markering/protest som er dekt av ytringsfriheita, og det må være veldig høg terskel for å nekte ei slik ytring både direkte og indirekte.
- 463 svar
-
- 4
-
Einig. På dette området er det mogleg det er eg som er litt spesiell, men i den grad eg tipser så ønsker eg å tipse så diskré som mogleg. Eg tipsar ikkje for å flekse at eg har råd til å betale tips, eg tipsar fordi eg vil gi ei ekstra påskjønning til den tilsette som har gitt meg ei finn oppleving. Det er også av same grunn at eg ynskjer å sjølv ha kontrollen på kvar tipsen min går. Tipsar eg ein tilsett som har gitt meg noko ekstra, så er det denne personen eg vil skal ha pengane, ikkje alle tilsette på deling eller enda verre som ekstra betaling til bedrifta. Eg tenkjer også at så lenge tips systemet ikkje er lagt opp til at eg kan tipse kokken utan å tipse servitøren, så gjer dette heile tipsordning mindre akseptabel. For det går faktisk ann å ha ei fantastisk restaurantoppleving fordi ho på kjøkkenet laga fantastisk mat sjølv om han som bar tallerkenen frå kjøkkenet og fram til bordet mitt var både sur og utriveleg. I "gamle dagar" så kunne ein be om at servitøren henta kokken slik at du kunne gi kokken kontantar som tips direkte, du kan sikkert gjere det i dag også men det er langt færre som går med kontantar og det er vel nesten litt useriøst av ein kokk å skulle gå ut av den reine kjøkkensona for å handtere fysiske pengar som ikkje akkurat er reine. Eg reknar med at kokken uansett ville vaska hendene etterpå, men likevel. Skal kokken få eventuell tips gjennom ei internt fastsatt tipsfordelingsbrøk, så er det for meg heilt openbart at tipsen i realiteten er reine lønnsmidlar som skulle vært utbetalt av arbeidsgjevar på ein ryddig og forutsigbar måte. Om kokken og servitøren skal få halve tipsen kvar, eller om servitøren skal ha 70% og kokken 30% må det vel være opp til meg som tipsar å få bestemme? For det kan vel ikkje være rett at det eg heilt frivillig betalar inn som tips skal være noko som dei tilsette skal slåss om på bakrommet etter stengetid? I så tilfelle burde eg ta det moralske standpunktet at eg ikkje kan betale tips om det medfører ein fare for at min tips kan føre til eit dårleg arbeidsmiljø på arbeidsplassen.
-
Funnet Samsung Galaxy Fold - hvordan finne eier?
The Avatar svarte på Tullballj sitt emne i Mobiltelefoner
Hittegodslova: og Unntaket nemt i § 3 gjeld om du har funne telefonen på til dømes ein buss, kyrkje, eller butikk, for i slike tilfeller skal finnaren levere hittegodset til busselskap, presten, eller butikktilsette, og så er det disse igjen som skal levere hittegodset vidare til politiet om eigaren ikkje melder seg. (Det er er derfor flyplassar og kollektivselskap har eigne hittegodskontor/lager). Sidan du skriv at du fant telefonen ute så reknar eg med at dette unntaket ikkje gjeld i ditt tilfelle. Ved å levere telefonen til politiet så kan du sette krav om finnarlønn på 10% av telefonens verdi samt dekning av kostnadar du har hatt som finnar. Reisetida for å dra til politiet får du nok ikkje dekt, men parkering og bompengar skal du få dekt i tillegg til finnarlønna. Dette er sjølvsagt kostnadar du må legge ut for. Ein fordel med å ha levert inn telefonen til politiet er at politiet ikkje kan utlevere mobiltelefonen til eigaren før eigaren har betalt inn finnarlønn og dekt dine kostnadar. Det einaste eg er litt usikker på er kva som skjer om eigaren ikkje henter telefonen hos politiet, etter hittegodslova skal ein selge hittegodset og du skal ha finnarlønna di frå salssummen, men eg lurer kanskje på om ikkje slike elektroniske dupedittar blir destruert av omsyn til personopplysningar om eigaren ikkje melder seg. Strengt tatt er du pliktig til å innlevere hittegods snarast råd om du ikkje sjølv finner ut kven eigaren er, om ikkje gjer du deg skuldig i underslag. Reint egoistisk sett så forstår eg likevel kvifor du ikkje tek på deg kostnaden og tida det tek å levere telefonen til politiet når du risikerer at politiet berre sitt på telefonen i 3 månadar og deretter destruerer den utan at du får noko igjen verken av kostnadsdekking eller finnarlønn. For eigaren har sikkert meldt telefonen som stjålet og har fått seg ny mobiltelefon og er sikkert ikkje eigentleg interessert i å få tilbake sin gamle telefon, er nok ikkje mange som forblir utan mobiltelefon i 1,5 veke utan å kjøpe ny. Så eigentleg burde du sikkert berre ha latt telefonen ligge ute til nokon andre tok den eller telefonen vart øydelagt av vær og vind. Ps. Det kan kanskje være ein tanke å kontakte denne personen som påstod at han var eigaren og at han hadde PIN-koden. Det kan være at dette er rett eigar likevel. Når du sa at du hadde vært i kontakt med telefonoperatøren men utan å seie noko om at du ikkje fekk vite noko så er det to måtar å tolke det på. 1. At du har vært i kontakt med telefonoperatøren og at du ferska personen som meldte seg som eigar i løgn og at denne personen då sjølvsagt skygga bana etter å ha blitt avslørt. 2. Men det kan også være at han som meldte seg som eigar forstod deg slik at det du indirekte sa var at du hadde vært i kontakt med telefonoperatøren og hadde fått oppgitt ein anna eigar, og at han som meldte seg som eigar då trakk seg fordi du openbart hadde funnet nokon andre sin mobiltelefon. Det kan skje at to Galaxy Fold eigarar mister telefonen omtrent på same stad og til same tid. Om det stemmer at han som meldte seg som eigar har PIN-koden så er det ein smal sak å avtale eit møte og la denne personen få prøve å slå PIN-koden sin for å sjå om det er rett telefon. Når du då har kontakt med rett eigar så kan du igjen bruke hittegodslova og kreve finnarlønn, og blir dykk ikkje einige om finnarlønna så kan du gå til politiet for å få politiet til å fastsette ei finnarlønn, som du igjen i yste konsekvens kan tvangsinnkreve sidan du då har eit gyldig pengekrav ovanfor eigaren. -
Det sjekker du selvfølgelig etter at kretsen blir aktivert av hastigheten. Dykk diskuterer no den praktiske gjennomføringa av eit tiltak der dykk ikkje er einige i definisjonen av overvåking. Startar overvåkinga ved at to sensorar registrerer hastigheita til køyretøyet som passerer? Eller starter overåkinga i overgangen mellom der sensorane har antyda ei fartsoverskriding og sender eit signal til eit kamera som fyrst då knipser eit billete? Eller er overvåkinga at det er retta eit kamera mot vegbanen sjølv om kameraet ikkje er aktivt fordi billisten som køyrer forbi ikkje kan vite heilt sikkert om kameraet blir brukt til å fotografere alle bilane og ikkje berre dei som er målt til for høg hastigheit?
-
Men det illustrerer godt forskjellsbehandlinga når ein mann kan gå med bar overkropp utan problem medan ein mann med bryster som går med bar overkropp blir beskylt for blotting. Ein del av å ha eit likestilt samfunn burde være at reglane er like for begge kjønn, eg forstår at ein del av det å nå dette målet er å ha ei likestillingslov som skal betre stillinga til kvinner og minoritetar og som dermed tillet positiv forskjellsbehandling sjølv om endemålet må være full og reell likestilling, i alle fall på slike ting som er kun avgrensa av moralske reglar. At ein må ha litt ulike reglar rundt heilt biologiske forhold som graviditet som skal sikre på at kvinner ikkje taper ut på til dømes utdanning og karriere på grunn av forhold som er unike for kvinner er greit nok, men reglar for mellom anna kva klesplagg ein kan ha på eller kva klesplagg ein kan droppe burde være like uavhengig av kjønn. Og for å gå litt tilbake til trådens eigentlege tema så er det her ein del av pride-røysla riv ned ein del av det som er bygd opp i likestillingas namn. Som til dømes kravet om at det skal byggast både herre og damegarderobe på alle arbeidsplassar slik at også det underrepresenterte kjønn kan ta ein slik jobb og ha tilgang til akseptable fasilitetar. Enkeltes krav om at garderobevalget skal være fritt vil sjølvsagt gå utover dei som ønsker ein langt meir konservativ tilnærming for å kunne være komfortable i garderoben. Og det å bygge eigne garderobar for alle legningar er nok ikkje gjennomførbart innafor ei økonomisk og praktisk ramme, i alle fall ikkje på alle arbeidsplassar. Kommersielle interesser som treningssenter kan kanskje påleggast å berre ha personlege garderobar med dusj, men det betyr sjølvsagt også færre garderobar, færre kundar og dermed ei høgare treningsavgift, som igjen fører til at det nok ikkje er alle treningssentera som vil overleve slike krav.
- 463 svar
-
- 2
-
Burde straffene for grov vold og drap økes?
The Avatar svarte på qwerty11 sitt emne i Oppslagstavlen
Eg vil ta til orde for at vi burde ha ein mellomting mellom vanleg fengselsstraff der ein kan søke om lauslating etter 2/3 sona straff, og forvaring der ein i teorien kan holdast livet ut etter at minstetida er sona men samtidig har rett på å bli sluppe fri når vedkommande er vurdert som frisk nok. Formålet med fengselsstraff er å rehabilitere med tanke på at den straffedømte skal kunne kome tilbake til samfunnet. Så ein mellomting mellom å holde folk innelåst i årevis men samtidig gi ei ordentleg straff hadde vært å bruke til dømes fotlenkesoning over lengre tid. På den måten er det ei friheitsstraff med kraftige avgrensingar men utan at ein samtidig er dømt til å miste jobb og kontakt med vennar og familie. Eg gjer meg også nokre tankar om ikkje ordinær fengselsstraff har "gått ut på dato" i forhold til samfunnsutviklinga. Personleg så er eg av den oppfattinga at om eg blir tatt til dømes fyllekøyring så svir det langt meir at eg mister førarkortet i 1,5 år enn at eg må sone i fengsel i 45 dagar. 45 dagar i fengsel kan eg nok lett holde ut, men det er nok personleg mykje verre for meg å være utan førarkort sidan det påvirker både karriere og yrkesmuligheiter, mitt sosiale liv og tilgang til fritidsaktivitetar, og eigentleg også min generelle friheitskjensle. Og skal eg fyrst sone 45 dagar i fengsel så kjenner eg at det nok vil gjere mykje meir vondt å måtte levere frå meg mobiltelefonen og være utan fri tilgang til internett enn det er å måtte tilbringe mesteparten av døgnet inne på ein hybel i ein månads tid. Så mine refleksjonar er eigentleg at det som svir mest er å miste tilgang på goder som ikkje er definert som straff, og at det som er rekna som straff eigentleg er det minst problematiske. Eg synes derfor at det er noko som skurrar litt, og at ein nok burde tenke nytt med tanke på kva som eigentleg skal være straffa. -
Så lenge du klarer å riste av deg behovet for klær som er kjekt å ha så kjem du langt med berre litt undertøy og nokre skjorter. Sportstøy tørker raskt og kan enkelt handvaskast og tørkast nesten overalt. Husk at du alltid kan ha ein B-plan på å kjøpe ting som du plutseleg får behov for. Ender du opp med å måtte kjøpe meir enn du klarer å pakke ned så kan du alltids sende skittentøyet heim til Norge via posten. Ein pakke på mellom 1-2 kg koster 17 € å sende frå Tyskland til Norge.
-
Du må i alle fall tømme tanken og få på ny olje. Sidan du har køyrt mopeden så bør eigentleg både drivstoffslange og motoren reingjerast. Du kan risikere at motoren har skjært seg på grunn av manglande smørirng. Å berre tømme oljetanken og fylle på med ny olje og så prøve å starte kan være risikosport om motoren alt er tørr og utan smørring. Det kan være at det går bra men du kan også gjere vondt verre. Kor mykje olje hadde du på oljetanken og kor mykje bensin fylte du på på med?
-
Det skjer i alle fall ingenting om du ikkje anmelder. Slike lovbrot som trusslar og datakriminalitet må du møte opp hos politiet for å anmelde. Kva politiet vil gjere med saka kjem litt ann på situasjonen. Kanskje den fyrste praktiske hindringa du kan møte på er om politiet har kapasitet til å prioritere ei slik anmelding eller om saka blir henlagt utan etterforskning. Om saka blir prioritert vil være avhengig av mellom anna innholdet og alvorlegheita i truslane, heriblant ei vurdering på om det er sannsynleg at det forligg ein gjennomføringsvilje og gjennomføringsevne til å realisere truslane. Reint praktisk så bør du sjekke opningstider og om du eventuelt må bestille time (bestille time kan være lurt uansett) hos ditt lokale politikontor. Du bør samle saman alt du har tilgang til av dokumentasjon, i dette tilfellet er det særleg skjermbilder som viser truslane frå Reddit som er mest aktuelt, sidan du meiner å kjenne igjen skrivemåten så vil eksempel på andre ting som den du mistenker har skrevet under anna namn eller alias være til hjelp. Generelt jo meir dokumentasjon du klarer å skrape saman jo betre grunnlag har du for anmeldinga. Politiet vil kunne ta kontakt med Reddit for å hente ut meir opplysningar, mellom anna kva epostadresse brukaren er registrert med. Om politiet henlegg saka (og ikkje før) så kan du vurdere å sjølv ta kontakt med Reddit for å be om hjelp. Du vil nok som privatperson ikkje få utlevert identifiserande informasjon, men ettersom truslar heilt sikkert bryt mot brukarvilkåra til Reddit så du bidra til at kontoen som har skrevet trusslane blir banna frå plattforma. På den måten slepp du i alle fall å få fleire truslar på denne plattformen.
- 4 svar
-
- 1
-
Ei slik ordning er nok ikkje vanleg, men det kan være at det er slik på enkelte arbeidsplassar enten via kollektiv eller individuell avtale. Det er nok tre måtar som er vanleg i slike tilfeller der ein treng å dra tidlegare frå jobb for å hente i barnehagen: 1. Ein har fleksitid og ordnar der slik at forelderen som henter startar arbeidsdagen sin kl 7, og den andre startar arbeidsdagen etter å ha levert i barnehagen. 2. Ein har fleksitid, drar tidlegare frå jobb for å hente i barnehagen, og jobbar innigjen siste delen av arbeidsdagen på kvelden. 3. Ein har ikkje fleksitid og krever å få gå ned til f.eks. 80 % stilling slik at ein kan hente i barnehagen.
- 14 svar
-
- 1
-
Det som taler for at det var eit angrep på pride er at alle pubane hadde regnbogeflagg, og at det ikkje er gitt at Matapour kjente til klientellet og profilen til dei ulike pubane. Frå utsida så framstod dei nok som ganske like denne juni-kvelden. Det som taler mot at det var eit angrep på homofile er som du seier at angrepet ikkje kan seiast å være særleg målretta. Eg er i alle fall einig i at basert på måten angrepet vart utført så var det ikkje eit angrep berre mot homofile og pride, der var eit terrorangrep som også ramma homofile.
- 68 svar
-
- 3
-
At det på kontrakt nummer to stod oktober til "unlimited" betyr at du ved andre gangs arbeidsavtale fekk fast jobb utan sluttdato. Ein fast jobb må ein som kjent seie opp ved å sende "resignation". Du har nok uansett ein dårleg sak ettersom du måtte ha forstått at du ikkje skulle ha utbetalt lønn for ei periode der du ikkje jobba. Sjølv om dette er eit utanlandsk selskap så er det ingen grunn til å tru at selskapet ikkje klarer å kreve inn pengane frå deg, om nødvendig via Namsmannen. Det vil av den grunn være i din interesse å forhandle om ein nedbetalingsavtale. Merk også at fram til du har sagt opp så kan det være at du blir holdt til det som står i avtalen om oppseiingstid, så ei avklaring om arbeidsgivar vil ha deg til å jobbe vil også være relevant. Strengt tatt har du ein arbeidsavtale på ein fast jobb som du ikkje har møtt opp til på eit halvt år. Du kan kanskje argumentere at du har fått feil arbeidsavtale, og at den andre arbeidsavtalen du skreiv under hadde andre vilkår enn det som var avtalt, eventuelt at du ikkje las den nye avtalen så nøye fordi den skulle ha like vilkår som den fyrste avtalen du signerte. Uansett så vil nok ikkje det være nok til å sleppe å betale tilbake sidan du har ein lojalitetsplikt til å seie ifrå når du får feil lønn, og særleg når den er av ei slik storleik at du måtte ha forstått at lønna var feil.
-
Den mest nærliggande risikoen er at kommunen kan legge ned bruksforbod, då må leigetakaren flytte ut på dagen. I tillegg til at du sjølvsagt taper leigeinntekter sidan du ikkje kan kreve inn husleige for eit husrom du ikkje kan levere så vil nok leigetakaren rette erstatningskrav mot deg for dei kostnadane leigetakar får som følge av at leigeavtalen må hevast. Slik erstatning er gjerne differansen i husleige mellom det som var avtalt i husleige hos deg opp mot det leigetakar må betale for å flytte inn i ein tilsvarande bustad. I tillegg kan kommunen gi deg gebyr for ulovleg bruk, samt pålegge utbetring til lovleg standard med dei kostnadane det medfører. Sistnemte er nok lite aktuelt i ditt tilfelle ettersom du nok uansett ikkje hadde fått løyve til omregistrering sjølv om du hadde søkt. Då er det nok meir aktuelt med pålegg om tilbakeføring, altså at du må rive og gjere om til kennel. Erstatningsansvar ved til dømes brann kan også være aktuelt og er nok den risikoen med størst konsekvens, men dette er eigentleg berre aktuelt dersom utleigeobjektet er brannfarleg. Det vil med andre ord være forskjell på om denne sommarbustaden er ulovleg fordi det ikkje er søkt om på bakgrunn av at det ikkje er lov å bygge sommarbustad i LNF-område, eller om sommarbustaden er ulovleg fordi det er ei garasje som ikkje er egna som bustad og derfor manglar takhøgde, rømingsvindauge, dagslys, brannvarsling, osv.
- 8 svar
-
- 1
-
Orknøyene vil vurdere å bli en del av Norge
The Avatar svarte på Runar sitt emne i Politikk og samfunn
Eit øysamfunn som er isolert frå fastlandet eller hovudøya forblir like isolert uavhengig av korleis ein tegner kartet. Einaste forskjellen dersom Orkneøyane blir ein del av Norge medan Shetland blir ein del av UK er at når innbyggarane på Shetland skal til London så må dei flyge (eller ta båt) som går forbi Orkneyøyane, Verken Orkneøyane eller Shetland blir meir eller mindre isolerte ved å bytte tilhøyrlegheit. Eg antek at dette forslaget er mest ein politisk trusssel for å få UK til å bevilge meir pengar enn det er eit reelt forslag. Men med gode elektroniske forbindingar så er ikkje geografien like viktig, med med ei øygruppe med berre 20 000 innbyggarar og største tettstad med rundt 7000 innbyggarar så blir det ein del tenester som innbyggarane må få dekt på andre måtar, kanskje særleg med tanke på tilgang til sjukehus med meir avansert behandlingstilbod. Eg veit ikkje kva slags helsetilbod dei har på Orkneøyane men helsevesenet er nok basert på at pasientar blir frakta med fly til Skottland. Så om Orknøyane skal være under norsk styre så vil nok den einaste fornuftig gjennomførbare løysinga være at Orknøyane må ha ei avtale om å kjøpe helsetenester frå Skottland sidan det nok er lite realistisk å tenke flytransport til Norge. Det sagt så har Norge litt erfaring med å drifte små lokalsamfunn med lange reiseavstandar. Ser på wikipedia at minste distriktssjukehuset i Norge er Nordlandssjukehuset Lofoten som dekker 24 000 innbyggarar, og at neste på lista er Haukeland universitetssjukehus som dekker 30 000 innbyggarar. Så sjølv i Norsk målestokk så er Orknøyane eit veldig lite og veldig isolert øysamfunn. Eg trur likevel at det kan være nokre fordelar å hente for Orknøyane ved å ligge under norsk styre, for norske myndigheiter har nok meir erfaring og forståing for behova til små lokalsamfunn. I UK så er politikken langt meir sentraliseringspositiv. I UK så har dei eit nasjonalt mål om at responstida for ambulansar skal være på 15 minutt i 90% av tilfella mot det norske målet på 12 minutt i 90% av tilfella. Det disse tala indirekte fortel er at ein innbyggar på bygda i UK må rekne med å måtte vente lengre på hjelp enn ein innbyggar på bygda her i Norge. For Norge sin del så vil nok eit slikt forslag være veldig avhengig av to ting; Det fyrste og viktigaste er i kor stor grad Orknøyane forventar å ha eit sjølvstyre. Løysinga som Færøyane har i dag ovanfor Danmark kan nok ikkje politisk aksepterast sidan det medfører ein ikkje ubetydeleg mengde byråkrati om Orknøyane skal ha eigne særreglar og ikkje kan driftast som eit fylke eller kanskje meir aktuelt som ei eiga kommune som til dømes Utsira kommune eller Longyearbyen lokalstyre. Berre enkle ting som språket vil gi ei byråkratisk utfordring ettersom alt som kjem frå den norske regjeringa vil måtte oversettast. Det andre som blir viktig er om det er økonomisk ansvarleg å innlemme Orknøyane til Norge. Om verdiskapinga på Orknøyane, eventuelt at dei potensielle verdiane i from naturressursar og då særleg havbruk gjer at Orknøyane kan bidra med skatteinntekter som står i stil med tilskota dei får frå staten. For Norge sin del så må det ikkje berre være berre utgifter og meirarbeid knytt til ei overtaking. Det må være igjen nokre fordelar for Norge også.- 41 svar
-
- 2
-
Kva som er rett lønnsnivå er basert på ei totalvurdering. Eg tenker at det er fornuftig å ta utgangspunkt i at du ikkje skal tape på å bytte jobb, så det generelle rådet er at du som minimum må kreve dagens lønn pluss det du taper på at du sannsynlegvis mister eit år med lønnsforhandling ettersom det er vanleg at den som sluttar ikkje blir får ekstra lønn frå tidlegare arbeidsgivar, og at den nye arbeidsgivaren seier at du har forhandla lønn ved å forhandle om startlønna. Merk at dette er eit generelt råd som eigentleg berre gjeld når du byttar relativt likt, altså at den gamle og den nye jobben er ganske like. Det som kompliserer meir i dette tilfellet er at du byttar vekk fagleg- eller personalansvar. Å prissette kva som er akseptabel lønnsnedgang for å sleppe dette ansvaret er vanskeleg, og er spesielt avhengig av kor stort ansvaret du har hatt har vært. Vil legge til at det er ganske vanleg å bli forfremma på arbeidsplassen til å få litt meir ansvar utan at dette nødvendigvis avspeiler seg i særleg grad i lønna. Så dersom du i førre jobben berre hadde ansvar på lågaste nivå så er det ikkje sikkert du skal tenke på lønna di som "leiarlønn", så då er det fort aktuelt å kreve ei lønn som er minst på høgde med den du hadde. Andre ting som brukar å komplisere spørsmålet om lønn er kva du må ha i lønn for at det skal lønne seg for deg heilt personleg. Dette med pendlartid og pendlarkostnadar er typiske forhold som ikkje eigentleg har relevans for lønnsniåvet sidan arbeidsgjevar ikkje kan forventast å ta omsyn til kvar i verden du har valgt å busette deg, men det er ein del av totalvurderinga som du bør gjere deg. Kor mykje mindre i lønn kan du være villig til å akseptere for å spare 30 min per dag i reisetid, og omvendt, kor mykje meir i lønn ville du krevd for at det skulle være greit å ta ein jobb som kvar dag legg beslag på 30 min ekstra av din fritid? Med 42 000 i månaden så ligg du litt under gjennomsnittslønna, jmf lenka over til oversikta basert på SSB sine tal. Med 25 års erfaring så betyr vel det at du er i slutten av førtiåra. Med andre ord er du ganske nøyaktig halvvegs i yrkeslivet så då er gjennomsnittslønna eit ganske godt utgangspunkt for kva du bør ha i lønn. Merk at i SSB-tala så har ein tatt med alt som står på lønnsslippen, så også overtidsarbeid og kveldstillegg for dei lagerarbeidarane som jobbar med skiftarbeid er tatt med i den statistikken. Så med rein 8-16 jobb utan særleg med overtidstimar så kan det være at snittlønna objektivt sett er litt urealistisk høg for å kunne samanlikne seg med direkte. Eit anna forhold som har stor betydning for lønna er kvar i landet denne jobben er, lønnsnivået kan variere svært mykje ulike stadar i landet basert på tilgangen på kvalifisert arbeidskraft og til ei viss grad dei lokale levekostnadane. For ein som har vært så lenge i yrkeslivet som deg så er nok ikkje tarifflønna så relevant, men kan for ordens skuld opplyse om at garantilønna for ein lagerarbeidar med minst 5 års ansiennitet er på 233 kr timen, og 256,30 kr for arbeidande formenn. Som arbeidar med relevant fagbrev skal du etter tariffen ha 9,50 kr ekstra per time, og som truckførar skal du ha eit tillegg på 65 kr per veke for truck over 2 tonn og løftehøgde på 4 meter, og 105 kr pr veke for truck over 10 tonn. Så omrekna betyr det at dersom du skal ha tarifflønn som arbeidar med fagbrev, utan ansvar og med det minste truck tillegget, så gir det ei garantilønn på 39 688 kr i månaden. Sidan du har vesentleg meir enn 5 års erfaring frå yrket så tenker at det ikkje er for mykje forlangt å kreve at du beheld lønnsnivået ditt frå den førre jobben sjølv om du no har mindre ansvar. Og eit siste praktisk råd. Om dette er ein organisert arbeidsplass med tariffavtale og dermed også ein tillitsvalgt på arbeidsplassen så kan det være lurt å ta kontakt med den tillitsvalgte for å be om informasjon om det generelle lønnsnivået i bedrifta, og kanskje særleg kva som er lønnsnivået på nivået over deg sidan det i praksis er vanskeleg å få til ein avtale der du får meir lønn enn leiaren din.
-
Dette er litt på sidelinjen, men eg trur at ein del restauranter/barer øydelegg litt for seg sjølv når kortterminalen ber om totalsum kvar gong uavhengig av kva ein har kjøpt. Mange får nok som ein ryggmargsrefleks å berre slå inn kjøpssummen utan å gi tips. For mitt klare inntrykk er at det er langt vanlegare å tipse etter eit restaurantmåltid enn det er å betale tips for å kjøpe seg ein halvliter i baren. Mange stadar er tipsen basert på at ein skriv tips og totalsum på kvitteringa samt ein signatur, og at det er denne summen som blir belasta kredittkortet ditt. Dette er faktisk ein av dei tinga som er veldig lettvint i USA, mange stadar drar du berre kredittkortet og signerer utan å bruke PIN-kode. Eg er noko usikker på kor sikkert det er, for det må vel være mykje enklare å forfalske ein signatur enn det er å gjette ei PIN-kode, men det er i alle fall veldig lettvint som turist som omtrent berre brukar kredittkortet på ferie at du nesten heile tida slepp å prøve å huske kva som var PIN-koda på kredittkortet.
-
Dette blir eit reint førarstøtte system så det er greit nok, utfordringa i dag er at teknologien ikkje er god nok. Ser på min eigen bil som har skiltgjenkjenning så er det av og til den fanger opp skiltinga på parallellvegar slik at det er støtt og stadig at eg på hovudvegar med 80+ sone får voldsomt til varsel fordi bilen ei lita stund trur det er 50 sone. Ei anna utfordring eg har er at bilens software stoler tydelegvis ikkje på si eiga skiltgjenkjenning, så når det er konflikt mellom det skiltet bilen har registrert og det som er registrert i kartdatabasen så fell bilen automatisk tilbake til den fartsgrensa som i følgje kartet skal være rett. Det fungerer greit nok dei fleste stadar, men det gjer at i alle fall min bil slit veldig med midlertidige fartsgrenser fordi fartsgrensa strid mot det som ligg i kartdatabasen.
-
Nokon som kjenner detaljane rundt ei slik sperre? Ein slik sperre må vel være basert på at summen du tastar inn er større enn ein bestemt maksprosent, eller at det ligg inne ei sperre på maks x-kroner over sluttsummen? På kontaktlaus betaling så er vel grensa no på 500 kr utan bruk av PIN, men ei slik beløpsgrense vil fungere dårleg på einrestaurantrekning som kan være på alt frå 100 lappen til fleire titals tusen avhengig av restaurant og antall gjestar.
-
Kanskje rettferdig for dei tilsette som i veldig ulik grad har publikumskontakt, men med ei slik fordeling så forsvinn heile poenget med tips. Då er ikkje tipsen lenger ei påskjøning til tilsette som har gjort ein god jobb, då blir tipsen eit reint lønsnstillegg som openbart burde vært dekt gjennom høgare prisar.
- 49 svar
-
- 4
-
Ein anna ting eg slit med å forstå er kvifor tipsen skal være prosentbassert og ikkje ein fast sum? Har servitøren gjort ein kjempejobb så gir det lite meining at servitøren skal få mindre i tips fordi eg bestilte eit billig måltid beståande salat og vatn og ikkje den langt dyrare biffen med vin. Sånn sett er det nok greit nok at norske terminalar ber om totalbeløp, nokonsom gjer det meir naturleg å runde av.
- 49 svar
-
- 1
-
Dersom det skal være akseptabelt å tipse i Norge så må min tips behandlast målretta. Når eg tipsar på ein restaurant så er det sjølvsagt ingen andre enn meg som bestemmer om tipsen er til servitøren eller kokken. Det er sjølvsagt heilt uaktuelt å tipse arbeidsgivaren og la arbeidsgivaren få velge om pengane går til servitøren, kokken eller firmaet. Det skattemessige skal no være i orden ettersom det etter nytt regelverk er arbeidsgivar som plikter å holde kontroll på kva dei ansatte får i tips og at dette blir ført opp som skattbar inntekt samt arbeidsgivaravgift. Men eg mistenker at det fortsatt er mykje svart inntekt i bransjen.
- 49 svar
-
- 3
-
For ein politisk leiar så vil ikkje nasking og fartsbøter være einstydande med at ein ikkje kan gjere jobben. Sett i lys av at det er utfordrande å finne gode kandidatar som er villige til å stille til valg på grunn alt mediafokuset så blir nasking ei fillesak. Der er ikkje noko betre alternativ at vi stemmer berre på kandidatar som har reint rulleblad enten det er fordi dei er ærlege eller fordi dei ikkje har blitt tatt endå. Eg er heilt einig i at evnen til å følge lover og reglar samt sosiale reglar seier noko om karakteren til personen, men om ein har naska, vært utro, eller spekulert i pendlarbustad, betyr ikkje automatisk at ein ikkje kan være familieminister eller justisminister. Det er eit skille mellom jobb og privatliv.
- 70 svar
-
- 1
-
Eg tenker også at denne politijuristen enten har blitt feilaktig sitert eller at ho uttaler seg spesifikt om denne saka og ikkje på generelt grunnlag. Det vil jo være mange situasjonar der ein kan ta med seg ein vare som ein ikkje har betalt for utan at det kan være snakk om forsett. Om brannalarmen går så må vil ein ikkje nødvendigvis ha forsett om å stjele sjølv om ein evakuerer utan å ta av seg brillene. Tilsvarandre om ein er i ein situasjon der ein trur ein har betalt for varen eller meiner at det er inngått avtale om å betale seinare, for det kan openbart ikkje være forsett om tjuveri om du går ut frå butikken med solbrillene i eine handa og ein faktura med betalingsfrist om 30 dagar i den andre handa sjølv om du då teknisk går ut av butikken med ei vare du ikkje har betalt for. Det sagt så vil det nok være nokre objektive avgrensingar med tanke på uaktsomheit når ein forlater siste kontrollpunkt utan å ha forsikra seg om at ein ikkje har tatt med varer eller brukt tenester som det ikkje er betalt for. Men for forsett så kan eg ikkje forstå anna enn at det må bevisast at ein hadde til hensikt å stjele. At det er vanskeleg å bli trudd på at det var eit "uhell" er nok openbart, men ein kan vel ikkje hoppe bukk over beviskravet ved å hevde at forsett er automatisk i alle tilfeller?
-
Ein av dei tinga som Pride har svikta på er dette med å framstå med eit einheitleg og klart bodskap som er representert av eit flagg eller symbol. Det er alt for mange som har sin heilt personlege oppfatting av kva regnbogeflagget symboliserer, og kanskje enda verre er det at meiningane er veldig polariserte. Så at ei bedrift brukar regnbogeflagget vil enten oppfattast som veldig positivt eller veldig negativt.