The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Synes det er heilt fair å sette nokre kvalitative minstekrav til kva som skal være dekt av ytringsfriheita. Hensikta med ytringsfriheit er at ein skal kunne seie kva ein meiner og på den måten invitere til ein opplysande debatt om viktige ting. Ytringsfriheit er ikkje handlingsfriheit, så eit minstekrav når ein skal ytre seg til dømes ved å kritisere eit land er då at du seier kva du meiner, at du berre brenner flagget eller andre handlingar er særdeles lite informativt. Ikke at det skal være ulovleg med kritikk, og endog krenking når det er nødvendig, men ei ytring bør ha eit formål utover å tilspisse frontane mellom to partar som alt har bestemt seg for kva dei meiner. Som nemte er hensikta med at alle skal få ytre seg at alle meiningar skal bli høyrt slik at vi som samfunn kan utvikle oss i demokratisk retning. Vi har alt ulike lover der ein legg opp til at det må gjerast ei konkret vurdering, mellom anna skillet mellom lovleg kunst og ulovleg pornografi, skillet mellom yting og hatefull ytring, skillet mellom lovleg salg av varer/tenester og ulovleg svindel, osv. Kva blir det neste, er det ytringsfriheit å drepe ein gris utanfor dyrebeskyttelsen, slå eit barn utanfor barnevernkontoret, eller onanere foran kirkekontoret? Alt i ytringsfriheitas namn? Brenning av gjenstandar er alt på kant med anna lovverk, så sjølv om det er lov som ytringsfriheit så er det fort problematisk opp mot brannlova, forurensingslova, og ulike HMS regelverk når brenninga skjer i samband med eit publikumsarrangement. Så då burde det vel være innafor å sette dyrevelferdslov og straffelova til sides også fordi det står i grunnlova at det er ytringsfriheit?
- 884 svar
-
- 2
-
Du bør melde frå til huseigar så tidleg som råd, då du kan miste muligheita for reklamasjon om du venter for lenge. Strengt tatt plikter du også å gi huseigar beskjed om ting som kan føre til skade på husrommet. Kva du skal gjere heilt konkret bør du vurdere litt, det beste er sjølvsagt å få ein dialog og eit samarbeid. Vanlegvis så melder ein inn slike ting som ein mangel og krever utbetring, erstatning eller kanskje også heving. I denne situasjonen er det kanskje litt uklart om kor stor denne mangelen er sidan du har vært informert om maurproblematikk, slik at det blir eir spørsmål om du har fått mangelfull informasjon eller om problemet har blitt større enn huseigar viste om.
-
Det er ikkje dette overvåkingsvideoen viser.
-
Han hadde skytevåpen 😲 På denne tida var det innført midlertidig bevæpning på grunn av den generelle trusselsituasjonen. Noko som etter min meining gjer det enda mindre forsvarleg å skulle gå i nærkontakt med ein person som blir vurdert som farleg ettersom det då er stor fare for å miste kontroll over pistolen.
-
Å ta eit skritt tilbake for å gi meir plass er også ein veldig naturleg reaksjon, særleg om vi legg tiltaltes påstand om at han prøvde å gå mellom Simonsen og vekteren. Vanlegvis så er fyrste beskjeden som politiet gir i slike situasjonar at du skal trekke unna, så når ein politimann går mot to personar som krangler så er det heilt rasjonelt å ta eit skritt tilbake for å vise at ein ikkje har til intensjon å sloss og for å gi politiet rom til å gjere jobben sin.
-
Det har ikkje komt fram at Simensen har gjort seg skuldig i å ikkje etterkome pålegg frå politiet, det hadde i så tilfelle vært veldig relevant sidan det kunne vært eit sjølvstendig grunnlag for å ty til vold for å få kontroll. Heile saka handlar om at det var snakk om 3 sekund mellom fyrste kontakt og voldsbruken, og det er ingen som har sagt at disse tre sekunda vart brukt til å gi pålegg.
-
Ja ein bør sjølvsagt ikkje gjere motstand mot politiet, men det er fortsatt lov å forsvare seg mot rettstridige angrep, noko som Simensen kan påberope seg når han blei kasta i bakken og banka opp berre fordi den tiltalte politimannen meinte at han var kapabel til å gjere motstand. Og når det gjeld det å ikkje bruke meir makt enn nødvendig, kor mange gangar skal vi pålegge politiet å slå før det er innafor å gå eit steg opp i maktpyramiden. I dette tilfellet brukte politimannen minst 13 slag (huskar ikkje kor mange av dei som var med batong), men når heller ikkje batongslag fungerte så burde det vel være innafor å bruke pepperspray og deretter skyte skarpt? Den viktigaste delen av denne saka var vel eigentleg om det var nødvendig å eskalere situasjon til handgemengd i løpet av 3 sekund? Det har så vidt eg har oppfatta ikkje komt fram påstand om at politimannen gav Simensen noko som helst reelt valg i denne situasjonen, ved til dømes å gi han ei munnleg ordre.
-
Det betyr i alle fall at politiet kan utan forvarsel kaste deg i bakken og slå deg, og om du ikkje legger deg flat og tek imot slag etter slag så gir dette politiet rett til å trekke batongen for å fortsette angrepet med enda meir kraft. Underforstått så ville vel det å legge frå seg batongen for å trekke pistolen også vært godt innafor politilovens reglar om du skulle være syndig at du ikkje let politiet urettmessig slå deg i hovudet med batong.
-
Då er det opplest og vedtatt at det er fritt fram å "skyte fyrst og spørre etterpå". Det einaste lyspunktet eg ser er at dommen er avsagt under dissens, altså at den ikkje er einstemmig. Det kan bety at det er gode muligheiter for at saka får eit anna utfall dersom dommen blir anka.
-
9 volts batteri til røykvarsler - Lengst varighet for penga
The Avatar svarte på OddZen sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Nettilkobling og batteribackup er vel uansett påkrevd etter at TEK10 trådde i kraft (med kravet vidareført i TEK17). Så vidt eg kan sjå så er det berre to unntak. -I bygg utan straumforsyning så er det lov å bruke røykvarslarar som berre går på batteri. -I bustadar med FG-godkjent brannalarmanlegg så er kravet oppfylt (Til dømes at det berre er brannalarmsentralen som er kopla på straumnettet med batteribackup og at sjølve røykvarslarane kan være batteridrevne om alarmsentralen varslar ved manglande kontakt med ein røykvarslar). Så problemet med årleg batteriskifte held på å gradvis bli utfasa ettersom alle hus som er bygd dei siste 13 åra skal ha slike røykvarslarar (om det ikkje er juksa med det). -
Heilt einig. Ein fellande dom (som ikkje er berre symbolsk) vil være viktig for å rette opp tilliten ved at innbyggarane ser at det blir reagert på maktmisbruk, samt at ein fellande dom vil ha stor betydning for politiets framtidige yrkesutøving, noko som på sikt er veldig viktig om politiet som etat skal jobbe med å gjenopprette tilliten. Den einaste måten eg kan sjå at ein fellande dom vil kunne forsterke tillitstapet til politiet er om den tiltalte politimannen blir ofra og får merkelappen "bad apple", men utan at politietaten går i seg sjølv og revurderer både rutinar og opplæring. Det største tillitstapet slik som eg ser det er ikkje at denne eine politimannen overreagerte og var alt for voldeleg, det som gjer at eg har fått mindre tillit er sletting av video-bevis, uriktig anmelding om vold mot tenestemann, pynting på sanninga i politirapportane, og ikkje minst dei mange støtteerklæringane frå andre i politietaten. Det er heile denne systemsvikten som går på tillita laus, kunnskapen om at at dersom dette hadde skjedd ein annan stad utan videoovervåking så hadde politiet klart å holde dette skjult, og Simensen hadde aldri blitt trudd. At enkeltpersonar kan gjere feil er forsåvidt greit nok, det bør ikkje skje men eg har forståing for at heller ikkje politiet er ufeilbarlege. Det som er urovekkande måten politiet som etat har handtert denne saka.
-
Korleis er det svenske Systembolaget organisert, er det slik som det norske Vinmonopolet? Og korleis er Winefinder organisert? Er det eit reint postordre-firma som sender alkohol direkte til svenske kundar, eller er det eit firma som legg til rette for at svenskane kan privatimportere alkohol frå utlandet? I Norge så løyste ein krava i EØS-regelverket ved å opprette selskapet Arcus, som no har blitt Anora. Det er Anora som er den største importør- og grossisten på alkoholholdige drikkevarer i Norge, Anora selg alkoholen dei importerer til Vinmonoplet, Taxfree, samt direkte til skjenkestadar. Også andre kan gå inn i dette markedet, men alkoholen kan berre selgast på Vinmonoplet og Taxfreebutikkar, eller skjenkast på skjenkestadar med serveringsløyve. Også i Norge kan ein importere alkohol som privatperson sidan det er unntak for dette i alkohollova. Det er ikkje så vanleg å gjere dette anna enn når det er snakk om heilt spesielle produkt sidan ein uansett må betale avgiftene ved import, og at innkjøp i små kvanta til privatbruk gir forholdsvis høge fraktkostnadar. Dette er noko som er særleg bra med den norske Vinmonopol-ordninga, Vinmonopolet er ein av verdens største grossistar av alkohol og får av den grunn ofte særdeles gunstige prisar når dei kjøper inn så store parti om gongen. Dette gjer at alkohol med høg kvalitet ofte er mykje billegare i Norge. Ei flaske brennevin kostar 227 kr berre i alkoholavgift. Dette gjer at billig sprit som det kostar 20 kr å kjøpe i utlandet må selgast for minst 250 kr (pluss moms) på polet. Men samtidig så vil ei flaske whisky som kostar 1000 kr å kjøpe frå Skottland når Vinmonopolet kjøper ein palle whisky, vil kunne selgast til 1227 kr (pluss moms) på polet. Den lokale kjøpmannen i Skottland som berre kjøper ei kasse om gongen må fort betale 1200 kr berre i innkjøp for den same flaska ettersom det ikkje er nokon kvantumsrabatt å hente. Personleg trur eg det er tvilsomt om f.eks. Kiwi og Rema 1000 vil være i stand til å selge vin og brennevin særleg mykje billegare enn det Vinmonopolet gjer sidan dei naturlegvis vil få dårlegare grossistavtalar når dei må dele alkoholmarkedet mellom seg. Og om dei skulle klare å presse prisane så vil det måtte gå på bekosting av vareutvalget. I tillegg vil eg også slå eit slag for at Vinmonopolet har svært høg standard ved at Vinmonpolet ikkje berre har ansvaret for å avgrense alkoholforbruket, men dei har også tatt eit ansvar for at alkohol skal være tilgjengeleg i heile landet ved at alle kommunar får tilbod om å ha eit Vinmonopol.
- 3 svar
-
- 1
-
Heilt einig, det mest spennande med The Witcher var universet historia var satt i, og for min del særleg alle detaljane rundt dei ulike monstera, som ikkje alle var onde monster. Enkelte var intelligente skapningar og enkelte var berre ville rovdyr som ikkje hadde onde hensikter med sitt naturlege levesett. Også einig i at det ikkje er så viktig med hudfargen, det som var problemet var at det gjorde verdensbygginga meir forvirrande fordi det var vanskeleg å identifisere tilhøyrlegheita til dei ulike karakterane basert på det visuelle åleine, og då særleg fordi også kostymearbeidet var mangelfullt. Det blir eit problem når den einaste måten du som sjåar kan vite om ein karakter er menneske eller alv er ved å sjå nøye på øyrene, men samtidig så portretterer serien ein rasistisk samfunn der alle andre karakterane instinktivt veit kven som er alv og kven som er menneske. Eg synes fortsatt at det største feilskjæret som sesrieskaparane gjorde i sesong 1 var å fortelle historia i omvendt rekkefølge. For den jamne sjåar var det krevande nok å skulle sette seg inn i eit såpass omfattande univers, både når det gjeld magi, lore, geografi og tid. Her prøvde serieskaparane å være alt for kreative, med eit heller mislykka resultat. Dette grepet førte til at veldig mange av dei vanlege sjåarane falt heilt av lasset og klarte ikkje å bli engasjerte i serien. Det gjekk greit for The Witcher fansen å følge historia, men for fanbasen var det all omskrivinga som gjorde at dei slutta å sjå serien. Serieskaparane klarte ikkje å halde på fansen, og dei klarte heller ikkje å etablere ein ny sjåarbase beståande av vanlege sjåarar som kunne sjå og like serien utan å ha bakgrunnsinfo frå bøkene eller spela. Dermed er det ikkje så overraskande at sjåartala er skuffande. Det som Game of Thrones gjorde så bra var at karakteranes bakgrunn og motiv var veldig tydelege omtrent frå fyrste scene, samtidig så starta serien med berre litt hint om magi slik at det var litt ekstra spenning, men utan å fråstøyte seg dei sjåarane som meinte at dei ikkje likte fantasy. Og når serien hoppa til ein annan stad så var det nesten i overkant tydeleg sidan det var visuell stor forskjell på alt frå kostymer, arkitektur, klima og til og med lyssetting. Dei fyrste sesongane likna eigentleg meir på eit historisk kostymedrama enn ein fantasy-serie, og det trur eg var eit viktig grep for å gjere serien meir main-stream, som igjen førte til at serien vart ein av verdens mest populære TV-serie.
- 19 svar
-
- 1
-
9 volts batteri til røykvarsler - Lengst varighet for penga
The Avatar svarte på OddZen sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Teorien din gir meining, så eigentleg rart at det ikkje alt finnes røykvarslarar som fungerer på denne måten. Det er kanskje fordi at det ikkje lønner seg å produsere meir avanserte røykvarslarar? Trådstarter sine røykvarslarar er i så måte spesielt dårlige sidan dei tydelegvis også bruker av det same 9V batteriet til å drifte seriekoplinga. Om du får dette til å funke så burde det være ein god forretningsidé, det er nok mange som har røykvarslarar som er tomme for strøm eller som er plukka ned fordi dei har starta å pipe. -
Det er viktig at talet på episodar får være eit krativt valg basert på historia som ein vil fortelle. Det finnes gode historier presenterer som både kortfilm og over mange sesongar med TV episodar, og det finnes eksempel på det motsette. Dei verste seriane er der ein treng å strekke ut tida fordi serieskaparen har forplikta seg til å produsere ei stor mengde med episoder, som til dømes Breaking Bad som til tider gikk litt vel sakte. Og omvendt der historia skal fortellast over alt for kort tid, noko som særleg Game of Thrones fansen fekk merke mot slutten. For Netflix sin versjon av The Witcher så er mykje av problemet at serieskaparane og sjåarane har tydelegvis veldig ulik oppfatting av kva som er viktig. Det ser ut til at serieskaparane vil fokusere på å fortelle sin eigen vri på historia og karakterane, medan fansen ser ut til å ville ha karakterane som dei kjenner frå før i live-action. Eg sitt med inntrykket av at fansen vil ha meir av det dei kjenner og liker ved dette universet, medan serieskaparane vil ha den kunstneriske utfordringa med å lage sin eigen vri på fortellingane. Og når disse endringane frå ordinalen ikkje blei særleg vellykla så blir reaultatet skuffande. Fansen får ikkje det dei vil ha, og for vanlege sjåarar så blir serien berre ein middelnådig fantasyserie som forsvinn i mengden, så då får serien heller ingen nye fans som kan halde interessen oppe.
- 19 svar
-
- 1
-
9 volts batteri til røykvarsler - Lengst varighet for penga
The Avatar svarte på OddZen sitt emne i Elektronikk og mekanikk
Med litiumbatteri så må du også være veldig hyppig på batteritestinga ettersom spenninga går frå 9V til 0V så raskt at det kan skje at du ikkje rekk å få med deg varselet om svakt batteri før det er heilt tomt og røykvarslaren er død. -
Ser ikkje heilt kva justeringsmuligheiter du har, men er det noko å justere på i motsatt ende, altså heilt oppe på døra? Antagelegvis er det noke det øvste hengslet som er problemet slik at dørbladet der får litt for stor avstand til karmen, men at det umiddelbare problemet merker du berre nede ettersom det er der du får kontkakt mellom karm og dør.
-
Korleis arbeidskvardagen er varierer ganske mykje mellom ulike bransjar og ulike firma. Som nemnt så er det praksiskandidat som er den mest hensiktsmessige vegen din inn. Det du då treng er å få deg ein jobb innafor aktuelt fagområde. Helst som assistent/hjelpemann, men også anna arbeidserfaring kan være mogleg å få godkjent som praksis. Det er litt ulikt mellom dei ulike fylkeskommunene kva som blir godkjent som praksis, men det er ofte nok å vise til arbeidserfaring innafor eit arbeidsmiljø der det er sannsynleg at du har lært ting som er relevante for yrket. Etter å ha dokumentert 25% lengre praksistid enn det som er normalt utdanningsløp så kan du ta eksamen og fagprøve. For dei fleste fagbrev vil denne 25% regelen bety at du må få godkjent minst 5 års relevant arbeidserfaring. Det er veldig godt mogleg at du kan få godskreve i alle fall delar av den arbeidserfaringa som du alt har, men det kjem sjølvsagt litt ann på kva du har jobba med fram til no. Lønna kan være ei utfordring, men det treng ikkje å måtte bety ein veldig stor lønnsnedgang. Det kjem sjølvsagt ann på kva du har jobba med så langt, men det som er vanleg er at du får stilling som ufaglært men med tillegg for alder og/eller ansiennitet. Husk at det vil være mogleg å forhandle på lønna, også i bedrifter som følger tarifflønn. Eit godt argument for at du kan kreve litt ekstra i lønn er jo at du har som mål å ta fagbrev, og at det at du får eit skikkelg lønnstilbod frå bedrifta gjer at denne bedrifta får deg som kvalifisert fagarbeidar om ein 5 års tid og at det såleis er ei god investering å tilsette akkurat deg. Vanleg lærlinglønn er ikkje rare greiene, men det er fordi at vanlege lærlingar er under utdanning, så ein vanleg lærling får vanlegvis ein lønn som tilsvarar 50% av ei fagarbeidarlønn fordi ein reknar at lærlingen i snitt er 50% i opplæring og 50% verdiskapande. Det er vanleg å rekne om denne lønna slik at ein får ein større og større del av fagarbeidarlønna jo lengre ein kjem i utdanningsløpet, både for å motivere og fordi ein på siste året som læring kan mykje meir enn då ein var heilt fersk. Som voksen ufaglært så kan du rekne med å få ei langt betre lønn enn det typiske lærlingar har.
-
Det er dei færraste som har offshore-jobb som karriereveg heile livet, dei fleste ender opp på land etterkvart. Basert på at du har 5 års arbeidsefaring så er du nok i starten av 30 åra. Det å gå ned i lønn i bytte mot meir forutsigbar arbeidstid er noko som blir meir attraktiv etterkvart som du blir eldre, og då blir det også ein lettare overgang sidan du forhåpentlegvis har lagt deg opp litt pengar, nedbetalt litt lån, og generelt har komt deg i ein litt betre situasjon der lønnsnivået ikkje er fullt like viktig lenger. Du toler heilt sikkert nokre år til med offshorearbeid, men det kjem litt ann på kva du ser for deg du vil jobbe med og bruke utdanninga di til. Om du eigentleg vil jobbe på land og meiner at utdanninga du har ikkje er så relevant for den jobben du har no så bør du nok vurdere å bytte jobb for å kome deg inn i den bransjen du vil satse på, men for dei fleste så vil det meste av arbeidserfaring uansett være relevant. At du gløymer teoretisk utdanning etter mange liv i yrkeslivet er ikkje så uvanleg, men samtidig så er det ikkje så mange jobbar der ein brukar universitetsfaga direkte. For dei aller fleste så er utdanninga ei rein dokumentasjon på at du kan lære nye ting, og så er det internopplæring i dataprogram og rutiner som gjer deg i stand til å gjere ein bestemt jobb. Eg vil også legge til at mykje av grunnen til at du har god lønn når du jobbar offshore brukar å være at det er ulempetillegga som utgjer største forskjellen og ikkje grunnlønna i seg sjølv. Dersom du søker deg ein jobb der det er gode muligheiter for å jobbe overtid, eller kanskje til og med vurderer å ha ein sidejobb så kan det være ein god måte å kompansere på lønnsutbetaling på om du berre er villig til å bruke av tida di til å jobbe.
- 4 svar
-
- 1
-
Eg ser eigentleg ikkje korleis AI eigentleg skil seg frå menneskeleg skaparverk? Også vanlege kunstnarar har sin opplæring gjennom å konsumere anna kunst og kultur, og vil i enkelte tilfelle etterlikne eller la seg kraftig inspirere av anna kunst ein har sett. Det er ingen kunstnarar som kan påstå at akkurat deira kunst er skapt i eit vakuum der ein ikkje har blitt påvirka av tidlegare kunstverk. At det er ei datamaskin som har lært kunst gjennom å studere tidlegare kunstverk er vel ikkje så fundamentalt forskjellig? Det dette eigentleg kokar ned til er eit spørsmål om økonomi, og kva det skal være mogleg å leve av. Opphavsretten er under sterkt press fordi teknologien gjer at vi både skaper og konsumerer åndsverk mykje raskare enn før, og fordi denne raske produksjonen av åndsverk gjer at det blir lengre og lengre mellom kvar gong vi får presentert eit heilt nytt og originalt verk som ikkje liknar på noko som har blitt laga før. Bruken av kunstig intelligens vil sjølvsagt føre til ei nærmast eksplosiv utvikling i kreativ skaparkraft, så det blir i alle fall ikkje enklare å livnære seg gjennom eiga skaparkraft i framtida. Eg trur nok at det er nyttelaust og skulle prøve å stoppe bruken av kunstig intelligens også i spelutvikling, men det kjem heilt klart til å være mykje tøffare å leve av å lage spel, kanskje særleg for indie-utviklar som ikkje har eit stort støtteapparat som kan både kjempe mot plagiatanklagar og rette plagiatanklagar mot konkurrentar slik som dei store spel-studioa kan.
- 10 svar
-
- 2
-
Så vidt eg kan sjå så finn eg ingen direkte referanse til at sjølve førarkortet i klasse AM er avgrensa til 45 km/t, einaste er at mopedar har ei slik begrensing, og då antek eg at det er snakk om at dagens køyretøy som blir plassert i klasse AM har ei slik fartsavgrensing. Det vanlege er at det som er originalt godkjent beheld sin køyretøyklasse og at det ikkje er krav om å omregistrere eldre køyretøy. I tillegg er det nokon tilleggskoder som kan avgrense vekta av ein moped du har lov til å køyre til 150 kg. Her bør du eigentleg ta kontakt med vegvesenet for å få ei vurdering av den aktuelle mopeden, både fordi det kan være litt rom for tvil når det gjeld slike veteran-mopedar, men også fordi du må pårekne å bli stoppa ganske ofte der du må bruke tid på å forklare regelverket, så ein skriftleg uttale frå vegvesenet vil sikkert gjere livet enklare når du blir vinka inn til kontroll fordi du køyrer fortare enn 45 km/t og politiet mistenker deg for å køyre trimma moped.
- 13 svar
-
- 2
-
Antek at det snakk om heilt ordinær depositumskonto og at ein med å "trekke frå depositumskonto" meiner at utleigar må melde inn manglande husleige grunnlag for å kreve heile depositumet utbetalt ved avslutting av leigeforholdet, og at leigetakar har tenkt å samtykke til at banken betalar ut heile depositumsbeløpet til utleigar. Men ja, om det er snakk om ein såkalla "privat" depositumskonto som er ein konto som utleigar åleine rår over så er det å ansjå som ulovleg innkred forskot på husleige om forskotet gjeld for meir enn ein månad, og då vil det å holde tilbake husleige kunne være ein måte å rydde opp på om utleigar ikkje er villig til å utbetale beløpet. Ofte vil dette også være lurt av leigetakar å gjere for å sikre sine økonomiske interesser. Leigetakar vil stå i ein betre situasjon om utleigar må rette sak mot leigetakar for å kreve inn pengar som depositumet vanlegvis hadde dekt, enn om det er omvendt og utleigar urettmessig held tilbake pengane slik at det er leigetakar som må gå til sak mot utleigar for å kreve inn pengane.
-
Det er mulig du kan argumentere med at du heile tida har forholdt deg til den munnlege arbeidsavtalen, men du vil nok ikkje oppnå meir enn at du kan argumentere deg frå ei anklage om svindel. Det er heilt klart nokon som ikkje har gjort jobben sin når firmaet kan betale ut så mange lønningar utan at nokon har oppdaga at dei betalar ut lønn til ein tilsett som ikkje er på jobb. Men sjølve betalingskravet kjem du deg nok ikkje unna sidan det er utbetalingar som du ikkje skulle hatt og som du skulle ha oppdaga. Arbeidsgivars "unskulding" for at denne feilen ikkje vart oppdaga av arbeidsgivar vil nok være at du reint formelt sett hadde eit aktivt arbeidsforhold i følge den skriftlege arbeidsavtalen. Einaste realistiske måten å sleppe unna eit tilbakebetalingskrav vil nok være om arbeidsgivar ikkje vil ta seg bryet med å kreve deg for pengane om du ikkje betalar frivillig, men med eit slikt beløp så er det nok lite realistisk at arbeidsgivar berre droppar kravet. Kva du gjer vidare med betalingskravet kjem heilt ann på din situasjon. Ein avtale vil likevel være viktig, og her vil ditt argument være at sidan du ikkje har pengane så vil ei eventuell tvangsinnkreving være både arbeids- og tiddkrevjande slik at det også er i arbeidsgjevarars interesse å få på plass ein betalingsavtale. Om Namsmannen må kreve inn pengane frå deg så vil det ta tid ettersom beløpet som blir trekt ikkje kan være større enn det du med rimelegheit må for å dekke dine husholdningskostnadar. Med ein frivillig avtale så kan du avtale større avdrag. Fyrste steg må uansett være å skaffe deg jobb.
-
Så vidt eg kan sjå så er det ingen standarisert løysing på dette. Pausene kan delast opp i fleire små pauser, arbeidstilsynet meiner at minst 20 min av pausetida må være matpause. Så er dykk to på jobb så kan ein passe kassa og den andre kan ta ei lita pause på bakrommet. Sidan den som har pause ikkje kan forlate arbeidsplassen i tilfelle det er behov for å avbryte pausa så skal pausetida være betalt. Argumentet til at det til ei kvar tid må være ein person i kassa og ein person ute i butikklokalet for å hjelpe kundar, samtidig som det er forventa at butikken skal kunne oppretthalde dette servicetilbodet med berre to tilsette er litt svakt. Om ein kunde som treng hjelp må gå bort til kassa for å spørre eller vil måtte leite sjølv i butikken i maks 30 min burde ikkje være noko stor krise. Her er det arbeidsgivars skyhøge forventing til service-nivå sjølv med for liten arbeidskapasitet som er problemet. Det er jo mange butikkar som i heile eller delar av arbeidstida klarer seg med berre ein tilsett i kassa. Om arbeidsgiver tenker at ein tapar så mykje på å ikkje tilby alle kundane hjelp til ei kvar tid og ikkje kan akseptere ein halvtime utan ein tilsett ute i butikken, ja då bør det kanskje lønne seg å tilsette ein person til? Arbeidsmiljøloven opnar for å forskyve pausa når det er forhold som gjer det nødvendig, om det er nødvendig i dette tilfellet blir eit vurderingsspørsmål. Eg reknar med at du med 8 timars arbeidsdag har ein standard arbeidsavtale om arbeidstid på 7,5 time pluss 0,5 timar med ubetalt matpause? Om du då må jobbe i 8 heile timar fordi du ikkje får ta den ubetalte pausen din så vil den einaste fornuftige måten å ordne det på være at du fører den siste halvtimen som overtidsarbeid sidan du då har blitt pålagt å jobbe 30 min lengre enn avtalt arbeidstid. Eg tviler på at arbeidstilsynet vil opne for at ei slik pause kan forskyvast til etter arbeidsdagen. Den naturlege forståinga av å forskyve pausen er at dersom du ikkje får ta matpause kl 12 så kan det være akseptabelt at du i staden får ta matpause kl 13. Ei løysing der du er på jobb frå 8-16, og så tar ei forskyvd og ubetalt matpause fram til kl 16.30 vil sjølvsagt være berre tull. Sjølv om eg ikkje kan forstå anna enn at det forsatt vil være brot på AML å ikkje ha pause før etter arbeidsdagens slutt, så kan eit relevant kompromiss være at du gjer avtale om at fordi du må være i jobb i alle 8 timane, og så tek du ei fiktiv matpause på 30 min etter arbeidstida så skriv du opp 7,5 time arbeidstid, pluss 0,5 timar overtid for å ha jobba gjennom ordinær matpause tid, og til slutt ein ny 0,5 t for å ha tatt matpausen som då skal være betalt etter ordinær arbeidstid. Dette er nok ei sak som det er aktuelt å klage inn til arbeidstilsynet, for uavhengig av det som står spesifikt om pauser så vil ein total mangel på pauser være eit brot på arbeidsgivars plikt til å sikre eit fullt ut forsvarleg arbeidsmiljø, og til å iverksette nødvendige tiltak der arbeidsmiljøet ikkje er i samsvar med krava.
- 2 svar
-
- 1
-
Jo, arbeidsgivar har tilretteleggingsplikt etter arbeidsmiljøloven. Tredje ledd gir ei plikt til å tilrettelegge gjennom fleksibel arbeidstid der det kan utførast utan vesentleg ulempe. Det er ikkje alle arbeidstakarar som kan pårope seg dette, for alle som jobbar i skiftordning vil det sjølvsagt ikkje være mogleg å gi fleksibel arbeidstid utan vesentlege ulemper for drifta, men dei fleste som har kontorjobb vil kunne ha fleksibel arbeidstid utan vesentlege ulemper for verksemda. Fjerde legg seier at dei som av sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har behov for redusert arbeidstid skal få redusert arbeidstid, men igjen berre om det kan gjennomførast utan vesentleg ulempe. Dette er ei rettigheit som mange som jobbar skiftarbeid kan kreve ettersom skiftarbeidet følger ein plan som gjer det mogleg å dekke opp arbeidsbehovet. At det krever litt ekstra arbeid for arbeidsgjevar er ikkje ein vesentleg ulempe, så det skal litt til for å kunne nekte redusert arbeidstid. Kva som vil utgjere ei vesentleg ulempe for verksemda vil sjølvsagt variere frå verksemd til verksemd, og frå stilling til stilling. Men arbeidsmiljølova sitt utgangspunkt er at arbeidsgivar har ei tilretteleggingsplikt, og at eventuell manglande tilrettelegging må være grunngitt i bestemte forhold.
- 14 svar
-
- 1