Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 719
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. At all isen skal smelte vil nok ta meir enn 1000 år med mindre det skjer noko veldig ekstraordinært med temperaturane. For sjølv om temperaturstigningane er dramatiske, så er det ikkje så store utslag i snitt. Gjennomsnittleg temperatur på jorda sidan vi starta å måle på slutten av 1800-talet er rundt 1,6°C, og sjølv med ei kraftig temperaturauking dei neste åra, så snakkar vi om nokre få grader. Det er mykje is som skal smeltast så sjølv med ei katastrofal temperaturauking på 10°C tek det lang lang tid å smelte all isen. Det er mykje anna med klimaet som då gir oss større problem enn issmeltinga. Eg kan ikkje sjå at polisen som kjøleelement har blitt særleg problematisert, den største utfordringa med issmelting er at havnivået aukar, og at veldig mykje av bebyggde områder og jordbruksareal står i fare for å bli oversvømt.
  2. Det er nok ein overhengande stor sannsynlegheit for at levesettet vår vil bli endra i løpet av dei neste 80 åra. Klimaendringar og konfliktar vil kunne tvinge fram eit behov for endra leveset. Enten ved befolkningsnedgang på grunn av avgrensa matproduksjon og mindre areal som egnar seg å leve på, eller ved at vi må vesentleg redusere vår levestandard om vi skal kunne livnære 10 milliardar menneske innan 2100. Men at menneskeheita døyr ut skal særdeles mykje til. Det er ikkje lett å bli kvitt så mykje folk, sjølv ved atomkrig så skal det veldig mykje til å klare å drepe alle. Nokon vil alltids overleve, og sjølv om det blir hardt å overleve etter ein atomkrig så vil det være mogleg. Det som realistisk kan gi største faren for at menneskeheita blir utrydda er at vi fyrst får ei stor krise; atomkrig, pandemi, tørke, eller liknande og at vi deretter klarer å oppretthalde eit sivilisert samfunn der vi fordeler ressursane heilt likt, til vi til slutt har for lite ressursar til å overleve som menneskeheit. I Norge har vi svært dårleg matberedskap, men det vi har er mat til ca 100 000 i eit døgn som er ferdig lagra og med god holdbarheit (i tillegg har vi sjølvsagt all maten som er i omløp hos produsentar, på butikkar, og liknande). Litt teoretisk så betyr det at berre på matlageret åleine kan 27 personar leve i 10 år etter ein atomkrig i påvente av at atomvinteren gir seg. Disse 27 personane vil være mange nok til å formere seg å repopulisere landet om nødvendig. Realistisk sett vil det være mange mange fleire ovelevande ettersom det sjølvsagt er mykje meir mat i omløp, og at sjølv med atomvinter så vil ikkje alt døy umiddelbart og samtidig. Det som er faren er at det er stor fare for at vi ikkje klarer å gjere det vanskelege valget om kven som skal prioriterast. For å kunne overleve ein 10 års atomvinter så kan vi ikkje fordele den gjenverande maten heilt likt og rettferdig, då stryk vi med alle saman innan veka er omme utan ny matproduksjon.
  3. Den praktiske utfordringa er at erstatning per definisjon skal dekke eit konkret økonomisk tap, eventuelt eit dokumentert framtidig tap. Om Simensen i dette tilfellet har PTSD men er per dag dato 100% arbeidsufør så er det ikkje grunnlag for å kreve erstatning for eit teoretisk framtidig inntektstap. Slike skader som ikkje er objektivt målbare er problematiske, både pyskologiske skader som PTSD og muskelsmerter som nakkesleng er typiske eksempel på skader som ein kan bli arbeidsufør av men som ofte kan ta lang tid før det manifesterer seg på ein målbar måte som til dømes nedsett arbeidskapasitet. Men om skaden følgande av skaden manifesterer seg seinare så kan ein søke erstatning i ettertid. Så om Simensen ikkje blir arbeidsfør av PTSD før om f.eks. 10 år så kan han då gå til sak mot politimannen for å kreve erstatning for arbeidsuførlegheita. Den praktiske utfordringa er likevel at slike saker blir forelda 3 år etter skaden har blitt konstantert eller 3 år etter at den skadelidte burde oppdaga skaden. I teorien er dette ganske greit, i praksis er det litt utfordrande når slike psykiske traumer ofte kan kome veldig gradvis. PTSD vil typisk manifestere seg i form av dårleg søvn, og manglande søv kan ein kompansere for i årevis og fortsatt gå på jobb før du ein dag treff veggen og blir heilt arbeidsufør.
  4. Det kjem ann på kva som er avtalt. Ho vil normalt ikkje ha rett på å overtid før ho har jobba meir enn den avtalte arbeidstida. Det å ta eit anna skift vil derfor ikkje være overtidsarbeid, men det blir overtidsarbeid om ho også må jobbe det avtalte skiftet, då blir det overtid frå kl 15 til 20. Arbeidsplanen skal være klar seinast to veker i forkant, men her er det ein forskjell på å om ho blir spurt om det er greit at ho tek eit anna skift eller om ho blir pålagt å ta eit anna skift. Med mindre begge partar er einige så er arbeidsplanen bindande for begge partar innafor to-vekersfristen, det medfører at ho har både plikt og rett til å jobbe det oppsatte skiftet, og arbeidsgivar har plikt til å lønne for dette arbeidet. Dersom begge partane er einige om å endre skift i siste liten så er det lov, her vil det då også være rom for å avtale kompensasjon. Om ho ikkje aksepterer men krev å få jobbe etter arbeidsplanen så må arbeidsgivar påberope seg eit av unntaka, ofte då at dette er ei uforutsett begivenheit som gjer at det må jobbast for å avverge skade på liv og eigedom. Om det vilkåret er oppfylt så skal arbeidstakaren ha eit anna passande vern som kvileperiode etterpå. Sjukdom eller fråvær vil vanlegvis ikkje være ei slik uforutsett begivenheit. Eit anna unntak som kan være aktuelt er om ho som assisterande butikksjef har ei leiande stilling, men då kjem det litt ann på kva oppgåver og fullmakter ho har i den stillinga. Det at ho blir pålagt å jobbe faste vakter taler sterkt i mot at ho har ei leiande stilling. Det som veldig ofte skjer er nok at arbeidstakaren blir spurt om å være behjelpeleg med å bytte skift i siste liten, og at mange kjenner seg pressa til å seie ja. Sjølve arbeidsmiljølova seier ikkje så mykje om slike saker, så kompensasjonsvilkår må enten være personleg avtalt der og då, være nedfesta i arbeidsavtale eller kome som følge av tariffavtale.
  5. Simensen fremma krav om 80 000 kr i oppreisingserstatning, pluss 26 000 kr for påførte kostnadar. Teigen fremma krav om 50 000 kr i oppreisingserstatning. Det er så vidt eg veit ikkje kjent kva som er grunnlaget for summane, men rettspraksisen ligg på at ein kan få oppreising på; 10-25k ved mindre alvorleg legemsfornærmelse, og over 100 000 kr på dei mest alvorlege voldssakene. Utifrå dette så er nok oppreisingskrav på 50 og 80 k innafor det som kunne være realistisk å oppnå (sidan dei fornærma må ta høgde for at oppreisingssummen ofte blir redusert i forhold til opprinneleg krav). Kostnadane på 26 000 kr vil eg gjette på er eigenandel hos legen, øydelagte/skade klær og advokatbistand. Det vil ikkje være mogleg å kreve erstatning for eit potensielt økonomisk tap, som til dømes at han kan bli arbeidsufør i framtida pga. PTSD, men om dette blir eit problem i framtida så kan han han søke voldsskadeerstatning seinare.
  6. For norske forhold så kan det være ei løysing å sette dette som krav for å kvalifisere til utviklingsstøtte. Uten arkiveringsfunksjon så får ein ikkje status som kultur, og dermed ingen pengar frå Kulturdepartementet. Andre land har kanskje liknande støtteordningar for spelutvikling?
  7. Eg er også einig i at ein har eit stort ansvar for mange mennesker, men i likheit med @Baranladion så virker det veldig streng sett opp mot det reelle farepotensialet. Sjølv om det skulle dukke opp ein nødsituasjon så er det ikkje gitt at ein gjer ein så betydeleg dårlegare jobb med å hjelpe til med evakueringa med promille kontra utan promille. Om vi samanliknar med bilkøyring så er 1,2 akkurat grensa for der ein bilførar slepper unna med betninga fengsel. Med meir enn 1,2 i promille så er det vanleg med ubetinga fengsel i minst 21 dagar, eksakt lengde på fengselsstraffa blir vurdert av retten utifrå dei aktuelle forhold. Ser at det også er mogleg bli dømt til rusbehandling eller får tilbod om soning med fotlenke som alternativ til ubetninga fengsel. Om ein får ubetinga fengsel i 21 dagar så kan det bety at ein slepp ut alt etter to veker. Om eg skulle stilt meg i kverulerande hjørnet så hadde det vært fristande å argumentere for at det må være mykje farlegare med ein kabintilsett som er fyllesjuk og trøtt, enn ein kabintilsett som er full. Dersom vedkommande har til vane å være full på jobb, eller dersom vedkommande er alkoholisert og brukar å drikke ofte så er det ikkje alltid like lett å oppdage det. Ein person som drikk ofte og mykje vil vanlegvis utvise mindre symptom sjølv ved høg promille.
  8. Eg finn ikkje noko konkret på akkurat 1,2 i promille. Men det som går igjen er at symptom ved 1 i promille er utydeleg tale, ustø gange, svekka oppmerksomheitsemne og vanskeleg for å kontrollere følelser. Ved 1,5 i promille så er typiske symptom rangling, følelsesutbrudd som aggressivitet eller gråt, spying og sløra tale. Så 1,2 i promille ligg ein stad i mellom der. Tok å trykka meg litt gjennom ein promillekalkulator. Om eg tek utgangspunkt i at dette er ei kvinne på 65 kg som starta å drikke kvelden før kl 20 og slutta å drikke ved midnatt. Då seier kalkulatoren at ho må drikke 11 alkoholeiningar i løpet av den kvelden for å ha 1,2 i promille klokka 10 dagen etterpå. For ordensskuld så er 11 alkoholeiningar 11 stk 3,3 dl med vanlig øl, eller litt meir enn ei vinflaske. 1 liter med vin på 12 prosent tilsvarar 12 einingar.
  9. I følgje TV2; https://www.tv2.no/nyheter/kabinpersonale-pagrepet-i-promillekontroll-litt-skremmende/15884327/ Vart ho målt til 1,2 i promille, så det er snakk om ganske høg dagen derpå promille.
  10. Om momsen på matvarer forblir på 15% som i dag, eller blir halvert til 7,5% utgjer ikkje så stor forskjell. Oppdatert referansebudsjett for 2023 viser at ei eksempelfamilie må rekne med å bruke 12 920 kr i året på mat og drikke. Hadde matvarer vært momsfritt så hadde årsforbruket på matvarer for ei familie kosta 10 982. Med halv moms på 7,5% hadde prisen blitt 11 064 kr. FrP sitt forslag betyr at ei eksempelfamilie beståande av mor, far og to barn på 5 og 11 år vil betale 1856 kr mindre i året for matvarene. For dei som har lite så er ikkje dette berre småpengar, men når heile referansebudsjettet for denne familien har blitt 35 676 kr høgare målt mot same periode i fjor så er det nok ikkje heil eller halv matmoms som velter lasset. Nå skal det seiast at sjølv om det ikkje framgår av referansebudsjettet så har sjølvsagt eksempelfamilien også fått litt meir inntekt det siste året, men med ein gjennomsnittleg lønnsvekst på 4,4% og ein prisvekst på 5,8% så gjekk dei aller fleste ganske mykje ned i kjøpekraft. Det er også viktig at ein les valgflesket i konktekst. Når eit parti lover redusert skatt og avgift så bør oppfølgingsspørsmålet være; kva er det som skal bli dyrare? Eventuelt kva er det som skal bli dårlegare? Det skal særdeles mykje til at den regjeringa som kutter i avgiftene samtidig har funnet eit revolusjonerande effektiviseringstiltak som ingen andre har tenkt på og som gjer at ein både kan kutte i avgifter samtidig som ingen andre avgifter aukar eller at tenestetilbodet blir dårlegare. Det som vanlegvis skjer er at ein politisk vedtek å flytte avgiftsbelastninga, f.eks. ved å gjere barnehageplassane billegare samtidig som ein aukar formueskatten. Eller at ein reduserer formueskatten samtidig men sparer inn disse tapte inntektene ved å kutte 1 time opningstid i barnehagane.
  11. Det er ikkje berre FrP som vil gjere noko med matvareprisane. KrF vil kutte momsen heilt på frukt og grønt, så kvifor støtter ikkje fleire KrF? SV har kanskje den beste planen for å få ned matvareprisane, nemmeleg ved å bruke pristiltakslova til å lovfeste makspris. Høgre vil i kjent stil hjelpe folk som opplever høge matvareprisar ved å kutte i skatt og avgifter slik at folk beheld mest mogleg av inntekta si. Litt av grunnen til at det ikkje har vært stort fokus på matvareprisane er nok også at det i år er kommune og fylkeskommune valg. Dei lokale kommunestyra vil uansett ikkje kunne gjere så mykje med matvareprisane uavhengig av kva parti den nye ordføraren tilhøyrer.
  12. Problemet er som du er inne på at både opplæring og instruksar ikkje er tilpassa realistiske forhold. Instruksen er utarbeida med tanke på svært akutte situasjonar der ein låser våpenet ut av bilen, tek ladegrep og går så går direkte i aksjon, ikkje ein situasjon der vi har "midlertidig" bevæpning nesten heile året. Mellom anna har politiet vært fast bevæpna på 17 mai sidan 2015 utan at det foreligg nokon spesiell trussel. Og etter Pride skytinga i fjor så var politiet midlertidig bevæpna i 237 dagar samanhengande. Då fungerer det rett og slett ikkje med ein prosedyre som seier at ein tek ladegrep kvar morgon og har pistolen skarpladd gjennom heile vakta. Eg reagerer også på at heile grunntanken til politiet framstår som veldig teoretisk og lite realistisk. Kva er sannsynlegheita for at ein patruljerande politimann kjem tilfeldig over ein pågåande terror eller trusselsituasjon og redder dagen fordi han/ho sparte to sekund ved å ta ladegrepet på starten av vakta? I 99,99% så vil politiet uansett ikkje være til stades nøyaktig der dei treng å være, så nokre sekund og minutt for å forflytte seg til rett posisjon vil vel alltid være nødvendig? Og kor stor er sannsynlegheita for at det er kule i kammeret som fører til at ein redder liv kontra at det nettopp er kule i kammeret som fører til tap av liv? Forrige Kongsbergsak viser også at det hjelp lite at våpenet er skyteklart når det ikkje er tid til å ta på seg verneutstyret. I den saka så gjekk politiet bevæpna inn i butikken men måtte trekke seg ut på grunn av manglande verneutstyr. Og ein ting er at dei måtte trekke seg tilbake slik at gjerningsmannen fekk muligheit til å rømme og drepe uskuldige, men om politiet som var fyrst inn hadde vært litt modigare og fortsatt framrykkinga så hadde vi fått ein enten eller situasjon. Enten hadde politiet klart å overrumple gjerningsmannen som hadde eit relativt ueffektivt våpen i form av bue og kniv slik at drapa kunne blitt avverga, men det kunne også skjedd at politiet hadde blitt skutt utan verneutstyret og at gjerningsmannen kunne bytta ut kniv og bue med to P30 pistolar og då klart å drepe enda fleire. Ein annan vesentleg mangel ved opplæringa er at politiet ikkje trener på arrestasjonsteknikk og liknande med våpen på hofta. Noko som også utgjer ein risiko for at skot kan gå av. Slik som i siste Kongsbergsaka så var det ikkje særleg lurt av politimannen å ligge og rulle på bakken med pistol i beltet. Her var faren stor for at våpenet kunne blitt avfyrt. Vi har eit godt eksempel frå 2015 i Stavanger der ein mann hoppa over skranken på politistasjonen og som under slosskampen med politimannen fekk fingeren ned i hylsteret og fekk løsna skot. Det er berre flaks at ingen vart truffe av dette skotet, og enda meir flaks er det at mannen ikkje trakk våpenet ut av hylsteret og fyrte av målretta. Går du med skytevåpen så bør ein sjølvsagt ikkje tillate seg sjølv å havne i nærkamp.
  13. Det kan sjølvsagt hende at avtrekkaren har vært litt meir følsom enn det som er normalt, men det endrer ikkje det faktum at fingeren må ha vært på avtrekkaren. Og heilt heilt teoretisk så kan det ha skjedd at politimannen har mista våpenet i bakken eller at nokon har slått til våpenet med ei så stor kraft at det har gått av eit skot, men det skal så mykje til at det eigentleg kan utelukkast. Uansett så ser det ut til at mykje av sikkerheitsmarginen er fjerna, og det er vel dette som er det vesentlege poenget, at når det fyrst gjekk gale så gjekk det veldig gale. Patron i kammeret, våpen retta mot brystet til vedkommande, og fingeren på avtrekkaren. Om det ikkje var ein trusselsituasjon så burde det vel heller ikkje være nødvendig at våpenet er retta direkte mot potensiell gjerningsperson? Reint psykologisk sett så vil vel det å ta ladegrep under ei pågriping være ein måte å tydeleggjere at politiet kan true med å skyte (fordi alle som har sett Hollywood-film kjenner igjen at ein tek ladegrepet fyrst når ein meiner alvor), og for ein suicidal person så vil det på ein måte være avskrekkande om våpenet er retta mot underkroppen i staden for overkropp og hovud, sjølv suicidale vil helst unngå å bli skadeskutt sidan trusselen om smerte ofte står høgare enn trusselen om å plutseleg miste livet.
  14. Dette er heilt i tråd med politiets våpenprosedyre. Så medan forsvaret trener på å forsvarleg våpenbruk så har politiet ein instruks som tilseier at våpenet skal være skarpladd med kule i kammeret. Tanken er at politiet skal kunne reagere umiddelbart og utan å trenge to hender til å ta ladegrep. Årsaken til at politiet har dette som prosedyre er at all våpentrening er basert på at politiet berre heilt unntaksvis skal få bevåpningsløyve, og då ligg det i sakens natur at faren for å måtte bruke våpenet skal være overhengande og umiddelbar. Forsvaret har ein normalsituasjon der ein alltid går med våpen, og har då funne ut at det ikkje er dette eine sekundet for å ta ladegrep (endog bytte frå tomt til skarpt magasin fyrst) som gir den store forskjellen i situasjonar der det er nødvendig å skyte skarpt. Eg er litt usikker på kva prosedyren seier om tohandsvåpen og sikring. Politiets tenestevåpen P30 og no Glock 17/19 har ikkje vanleg fysisk sikring, i staden er våpenet "sikra" ved at det er ekstra treig avtrekker med såkalla dobble-action som må trykkast heilt inn for å løsne skot. På tohandsvåpena er det vanleg sikring, men her er eg usikker på om politiet har som prosedyre at på tohandsvåpen som til dømes MP5 at det skal takast ladegrep og ta sikringa av safe som då er same prinsippet som på politiets pistolar, eller om dei berre tek ladegrep og har sikringa på fram til dei har tenkt å skyte. Eg forstår grunngjevinga i samband med ein væpna aksjon, for i slike situasjonar er bevæpninga basert på politiets behov for å kunne beskytte seg sjølv, og då er det viktig at ein kan skyte umiddelbart mot ein trussel utan å bruke tid på å rope advarsel, ta ladegrep eller skyte varselskot. Då aksepterer ein også at det kan skje vådeskot og utilsikta avfyring men at dette er ein akseptabel risiko opp mot risikoen for at politiet kan bli angrepet under oppdraget. Det som er heilt uforståeleg for meg er kvifor dette er ein akseptabel prosedyre "i fredstid" når politiet driv med alt mogleg anna politi-arbeid. Eg har vanskeleg for å sjå for meg situasjonar, som til dømes terroraksjonar der politiet er i umiddelbar nærheit og kan redde liv fordi ein sparer nokre få sekund. Realistisk sett burde det ikkje ta meir enn 2 sekund å dra opp pistolen og ta ladegrep, men sjølv om vi tek utgangspunkt i at det vil ta 10 sekund ekstra før pistolen er skyteklar så er det vel meget lite sannsynleg at det er disse få sekunda som utgjer ein betydeleg forskjell mellom liv og død? Strengt tatt kan ein også argumentere motsatt med at det er disse få sekunda med reaksjonstid som gir tid til å identifisere rett gjerningsperson samt å gjere vurderinga på om det er forsvarleg å skyte i retning av gjerningsmannen. Det hjelp lite å være raskare enn Lucky Luke for å skyte ein terrorist før han rekk å drepe ein person om denne politiskytinga medfører at ein drep 3 uskuldige i folkemengda bak terroristen. I tillegg blir det alltid langt farlegare med nærkontakt med kriminelle som til dømes ved arrestasjonar når ein i tillegg må fokusere på at gjerningsmannen ikkje må kunne gripe tenestevåpenet. Endog vanleg publikum må ein være ekstra varsome mot og halde på god avstand ettersom du aldri veit om dei vil gripe etter våpenet. Hadde tenestevåpenet vært uladd så hadde ein også kjøpt seg den sikkerheitsmarginen at dersom ein kjeltring klarer å få tak i våpenet så er disse sekunda som kjeltringen treng for å få til å ta ladegrep på eit ukjent våpen kanskje akkurat dei sekunda som politimannen treng for å vinne tilbake kontrollen over tenestevåpenet før kjeltringen startar å skyte. Slik som det er no så kan ein kvar person løsne skot med enkelheit om dei får hendene på eit polititenestevåpen, alt ein treng å gjere er å peike og trykke.
  15. Lovbrot som blir utført på fritida, som til dømes drapstruslar vil nok bli handtert ganske alvorleg. Om den som blir drapstrua veit at personen jobbar som politi så vil nok det være straffeskjerpande sidan det også ligg eit moment av misbruk av stilling når ein direkte eller indirekte brukar sitt yrke som politi for å gjere trusselen ekstra truande. Å drapstrue ein politimann vil også være straffeskjerpande om det kan påvisast ein samanheng mellom trusselen og yrket. Dette fordi politiet også er representant for staten, og at det er nødvendig at statstilsette får eit tilstrekkeleg vern for å få nokon til å gjere jobben. Hadde jobben som politi medført at ein må tole drapstruslar og sjikane så hadde det vært vanskeleg å få nokon til å ta jobben (i alle fall til den lønna som er tilbode). Men ja, politiet har ganske vide fullmakter til å løyse oppdraget under sin tenesteutøving. Det finnes reglar og instruksar som regulerer maktbruken, men felles for disse er at kvar enkelt politibetjent blir tillagt tillit til å sjølv vurdere kva som nødvendig voldsbruk i ulike samanhengar. Openbar voldsmisbruk er ikkje lov, og politiet risikerer straff. Det som er spesielt med denne dommen er at dommen er med å peike ut ein kurs som langt på veg legitimerer at politiet kan gå rett til voldsbruk som eit førebyggande tiltak for å hindre at motparten skal kunne gå til angrep. Fram til no så har prinsippet vært at politiet kan bruke nødvendig vold ved ordrenekt når ein person ikkje lyder, og at politiet sjølvsagt kan bruke vold mot ein person som er aktivt truande eller voldeleg.
  16. Ser på TV2 serien Politi at politiets utlendingsenhet brukar same taktikk ved tvangsutsending, men då med argumentasjonen om at det er mest sannsynleg at personen dei er ute etter er heime på dette tidspunktet. Så det er sikkert same argumentasjon som blir brukt for å gå til aksjon om natta i slike tilfeller også, rett og slett for å minimere faren for at det med stort politiombod blir bomtur fordi personen dei leiter etter ikkje er heime akkurat den dagen. Men eg er einig i at når ein bråvekker ein person så tek det nokre sekund før vedkommande er våken og rasjonell nok til å forstå kva som skjer. Tenk berre korleis det er å bli vekt av at telefonen ringer, det tek nokre sekund før ein er heilt med i den telefonsamtalen. At ein person som blir bråvekt kan svinge med armen eller kanskje også kaste noko i reint instinkt bør være forventa, om personen i tillegg er paranoid så må det medføre ein ekstra stor risiko for at personen som blir vekt impulsivt går i forsvarsmodus. Tenker eigentleg det same når eg ser på film/tv når amerikansk politi stormar hus midt på natta. Om vedkommande som ligg og søv har revolveren under puta så må det vel være stor fare for at vedkommande skyt mot dei bevæpna svartkledde personane som ofte også brukar finlandshette, at dei fort kan bli forveksla med innbruddstyvar eller liknande. Det sagt så gir det nok meining å overrumple ein potensiell farleg kriminell om natta før vedkommande får muligheit til å gjere planlagt motstand. Står politiet og hamrar på døra før dei går inn så er det nok større fare for at den kriminelle finn fram eit våpen eller flykter ut bakdøra. Det verste med denne taktikken er nok at det blir ekstra traumatiserande for den som skal arresterast, eller som vedkommande deler seng med og som er heilt uskuldig.
  17. Og då kom også meldinga om at dommen blir anka: https://www.dagbladet.no/nyheter/anker-erstatningskravet/79826083 Simensen anker på bakgrunn av erstatningssøksmålet, det er fortsatt uklart om påtalemyndigheita vil anke sjølve dommen. Dette betyr uansett at det blir ei ny runde i denne saka, som foreløpig då vil dreie seg om politimannen skal dømmast til å betale erstatning/oppreising til Simensen.
  18. Han var uskulding fram til sjølve overfallet. At det etterpå viste seg at Simensen hadde batong er eit heldig samantreff, men var i ingen grad releveant for politimannens vurdering av at Simsen var farleg, at han vart kasta i bakken og slått. Simensen vart slått minst 6 gongar før batongen falt ut. Og sjølv om ein legg til grunn at straffa for å bli tatt med batong er grisebank og slag mot hovud og nakke, så vart både det fyrste judo-kastet og i alle fall dei 6 fyrste slaga gjennomført utan at nokon viste om at Simensen hadde våpen. Det at Simensen hadde våpen viser jo også at det må ha vært eit strategisk feilskjer av den tiltalte politimannen å gå i direkte konfrontasjon med Simensen utan å kordinere med dei andre politibetjentane som var til stades. Hadde politimannen starta med å seie til Simensen at han var under arrest så kunne han ha overgitt seg heilt utan dramatikk, eller dei fire politibetjentane som var på staden kunne saman lagt Simensen i bakken. Hadde det vært 4 mot 1, med ein politimann på kvar arm, ein på ryggen og ein fjerde på beina (eller endog ståande på sidelinja med trukket pepperspray, batong eller pistol som ytterlegare sikring for dei tre andre politibetjentane) så hadde det ikkje vært nødvendig med slag i det heile tatt for å få kontroll på Simensen. Så eit av feilskjera frå den tiltalte politimannen var også at han prøvde å løyse situasjonen heilt åleine.
  19. Minner meg på. Så vidt eg kjenner til så finnes det heller ikkje røykvarslarar med vanleg Schuko/euro-plugg som du kan plugge rett i stikkontakta for å kople røykvarslaren på nettstøm og gi lading til eit oppladdbart batteri i tilfelle straumstans. Dette burde vel være den alle beste måten å få alle til å oppgradere røykvarslarane sine til å gå på nettstrøm. At nettstrømtilkopling i dag betyr at du må ha elektrikar og brannalarmsentral fordyrer ei slik oppgradering ganske mykje. Eg forstå at ein ønsker å sikre seg at folk ikkje plugger røykvarslaren i ei stikkontakt som kan være avslått med ein lysbrytar slik at røykvarslaren ikkje får straum. Men sjølv om røykvarslaren er montert i ein gang der bebuaren berre slår på lyset når dei kjem og går, så er det ikkje mange minutta med straum som skal til for å toppe eit oppladdbart 9V batteri? Og blir det for lite lading så vil jo røykvarslaren pipe og varsle lavt batterinivå som ein vanleg røykvarslar. Mistenker sterkt at det er nokre EU krav eller liknande som hindrer salg av slike røykvarslarar, men det må vel være ei vesentleg forbetring om ein kunne solgt røykvarslarar som bebuaren skrur i taket og plugger rett i veggen sjølv? Til og med utan batteribackup så har vi såpass god oppetid på nettstraumen her i landet at sannsynlegheita for at det begynner å brenne i eit hus der røykvarslarbatteriet er defekt må vel være mange mange gangar høgare enn sannsynlegheita for at det begynner å brenne under ein straumstans?
  20. Ein marina burde eigentleg få lov til å fortsette å selge bensin med eit oktantal på 95 men med mindre etanol. Nå er det ikkje så stor forskjell mellom eit oktantal på 95 og 98, og for dei fleste motorar så er det meir problematisk med eit lavt oktantal enn eit høgt på grunn av faren for motorbank og feilsla, men det burde være heilt unødvendig at kundane skal drive å oversette at bensin med oppgitt oktantal på 95 eigentleg betyr at det er innblanda 10% etanol, og eit oktantal på 98 betyr 5% etanol. Og sjølv om det er ein litt anna diskusjon så har eg også problem med at definisjonen på E5 skal ha 0-5 % etanol, og E10 skal ha 0-10 % etanol. I praksis vil nok all E10 bensin ha mellom 5 og 10 % etanol ettersom eit lågare etanolinnhold under 5% vil få merkelappen E5, men så vidt eg kan sjå utan å ha lest produksjonsstandarden så er merkinga basert berre på makstal og ikkje minimum. Så om eg forstår det rett så vil det være lov å selge E5 bensin som E10 sjølv om det ikkje gir økonomisk meining å selge dyr E5 bensin som den litt billegare E10 bensinen. Å hoppe 5% per steg i skalaen er ganske store hopp då det er ganske stort forskjell på om "bensinen" du fyller består av 0, 10, eller 15% etanol. Fleire land har prøvd seg med både E15 og E20, og det er nok ikkje usannsynleg at dette kjem også til Norge av miljøomsyn. Men når "bensinen" din består av berre 80% bensin så begynner det å bli problematisk. Det burde vel ikkje være formykje forlang at til dømes Shell som selg 98 oktan heilt utan etanol burde få lov til å merke sitt produkt med E0? Og at vanleg 95 oktan som ikkje er maksimalt utblanda med etanol burde få lov til å merke produktet sitt med det som er reelt, f.eks. E8 om det er 8% etanol i bensinen. Eg vil argumentere at det strengt tatt er "grønnvasking" å merke 98 bensin med E5 som betyr eit bioetanoltal på 5% når det i realiteten er 0% etanol. Ein miljøbevist forbrukar som fyller tanken utifrå eit miljøomsyn blir vel regelrett lurt til å tru at den nye E5 bensinen som fortsatt er merka 98 er litt meir miljøvenleg enn den den gamle 98 bensinen?
  21. Det kjem nok også veldig ann på type stilling. På ei typisk profesjonsstilling der kvalifikasjonen er det viktigaste så er det nok også viktigast at CVen er med. At du er interessert og motivert for jobben blir då underforstått ettersom du har sendt inn ein søknad. Til andre stillingar der type person og motivasjon er viktigast så er også søknaden det viktigaste vurderingskriteriet, at du då også er kvalifisert blir då underforstått ettersom du har søkt på stillinga. Mitt råd er at du i tillegg til å ta omsyn til type stilling, også prøver å sette deg inn i kva arbeidsgivar er ute etter. Du skal få fram at du er rett person til jobben, og då bør du finne balansen mellom ångi arbeidsgivar alle relevante opplysningar, samtidig som du held søknad og CV så kortfatta at den blir lest.
  22. Synes det prinsippielt er heilt feil at innholdet i eit produkt skal bli endra utan at merkinga er endra. Det står fortsatt berre 95 på pumpene, så då synes eg det er litt vel mykje forlangt at kunden skal forstå at det betyr E10. Strengt tatt burde det vært krav om at pumpene var merka med både oktan og etanolinnblanding frå starten av, men det var nok få som tenkte på det når eventuell etanolinnblanding var så liten. Eigentleg burde det stått ei innholdsfortegnelse for at forbrukaren skal kunne ta eit informert valg.
  23. Det kjem ann på om det foreligg ein avtale som gjer at politiet kan krysse grensa, eventuelt at det er innhenta løyve. I utgangspunktet har norsk politi berre politimyndigheit i Norge, så skal dei bruke makt, bryte reglar eller foreta arrestasjonar i eit anna land så må slik myndigheit være tildelt. For Sverige og Finland er dette uproblematisk, også når det er snakk om svensk politi som då også tek med seg våpen inn i Norge. Så vidt eg kjenner til så foreligg det slik avtale i EU/EØS, kanskje også Schengen. Men eg trur ikkje det foreligg slik avtale med Russland, så norsk politi vil måtte stoppe på grensa til Russland om dei ikkje får kontakta russisk politi for å innhente løyve.
  24. I tillegg sitt det nok langt inne å tegne disposisjonsfullmakt berre fordi dei treng "litt hjelp". Ei disposisjonsfullmakt kjennes nok som ei umyndiggjere, og dei fleste eldre vil helst ikkje innrømme til seg sjølv at fysisk og mental helse har forfalt. Og heilt ærleg så trur eg at ikkje alle eldre forstår at innloggingsopplysnimgane kan misbrukast, og i praksis er ein digital signatur.
  25. Lurer på kva som hadde skjedd om Simensen var mørkhuda? Det blir sjølvsagt berre spekulasjon men hadde det utgjort ein forskjell? For enten så hadde ikkje saka fått same mediadekninga som til slutt enda med tiltale, pga av rasistiske samfunnstendenser der få hadde reagert på at politiet var hardhendte med ein småkriminell utlending. Eller ville det utgjort forskjellen på at vi hadde fått ein fellande dom fordi den tiltalte politimannen då aldri ville blitt trudd på at voldsbruken ikkje var rasistisk motivert? For det er lettare å beskulde ein politimann for å være rasistisk enn det er å beskulde ein politimann for å ha brutt tenesteplikta.
×
×
  • Opprett ny...