The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Sidan du har komt til det punktet at dette er ei plage som ikkje berre er irriterande men også vondt så vil eg anbefale å til legen før du prøver å løyse dette sjølv. Ikkje at det er ein stor fare for at du gjere ting verre, men det er alltid ein fare for at ender opp med å for eksempel presse voksen lenger inn. Det kan også være andre ting enn øyrevoks som er problemet slik at du treng anna behandling. Øyreskylling er fint til "vedlikehold" og der det er ei kjent plage som du veit nøyaktig korleis du skal løyse, men sidan det er litt vondt og du ikkje er heilt sikker på kvifor så bør du få ein lege til å sjekke for deg. Det er heilt unødvendig og i aller aller verste fall pådra deg ein hørselskade fordi du prøver å ordne opp sjølv utan å kunne sjå kva som eigentleg foregår inne i øyret ditt.
-
Det det betyr er at vi har fått eit nytt lite parti som stjel stemmer frå velgarar som elles hadde stemt på dei andre litt større småpartia. Etter min meining så vil ei stemme til INP i beste fall være eit politisk signal om misnøye som fører til at dei andre partia med reell innflyting justerer politikken sin for å tiltrekke seg INP veljarar. Og i verste fall så er ei stemme til INP det same som å styrke posisjonen til dei store etablerte partia, og då særleg AP, H, Sp og Frp. Det er mykje vanskelegare for mange små parti å bli einige og koordinere sin stemmegiving slik at dei får innflyting på politikken enn det er å få alle kandidatane i for f.eks. Høgre til stemme likt. Det sagt så hender det innimellom at slike små parti klarer å få ein vippeposisjon slik at dei blir ein viktig samarbeidspartner for eit eller fleire store parti, men det er ikkje alltid det hjelp så mykje for å få gjennom den politikken som ein vil ha gjennom.
- 62 svar
-
- 2
-
Ai ai ai. Det er eit dårleg teikn at ein går for å gjere kontroversielle castingar for ulike rollefigurar. Om det stemmer at serieskaparane forventar at publikumsreaksjonen skal bli: «Hæ? Virkelig?», då er også sannsynlegheita svært stor for at fleirtalet av sjåarane vil bli negativt overraska, og at dei kanskje ikkje vil gi serien/sesongen nok tid til å skifte meining. Vi får likevel håpe dette hemmeleghaldet om kven dei har casta som Abby er meint i retning av at dei har skaffa ein veldig kjent skodespelar, og ikkje at dei har endra karakteren til det ugjenkjennelege. Eg er klar over at det fortsatt er store kontroversar om tLoU2 og denne Abby karakteren, men samtidig så meiner eg at når fyrste sesong av serien var nærmast ein blåkopi av det fyrste spelet så bør serieskaparane fortsette å legge seg på den linja. Og dersom dei ikkje tørr å fortelle historia om Abby på same måte i spelet så meiner eg at serieskaparane heller bør gå for å skrive ei heilt original historie som er uavhengig av spelet i staden for å prøve å "fikse" historia frå spelet. At det blir fire sesongar høyres naturleg ut om serieskaparane skal fortsette å følgje spela. Sesong 1 tok for seg heile historia frå fyrste spelet samt prequellen. Spel nummer to kan nok være naturleg å dele opp i to korte sesongar. I tillegg så jobbes det med eit tredje spel som då naturlegvis vil danne grunnlaget for ein fjerde seriesesong. Om det blir nok innhald i det tredje spelet til å lage meir enn ein sesong med TV-serie er ikkje kjent. Slik spel har ein tendens til å bli større og større for kvar versjon, men her har kanskje Naughty Dog litt tidspress på seg på å raskt kome med ein oppfølgjar medan interessen for The Last of Us er høg, og vil derfor kanskje nedprioritere det å lage ei lang og kompleks historie?
- 4 svar
-
- 1
-
Du må nok nesten sirkle litt meir inn på eksakt kva du vil jobbe med. Det er svært mange yrker som har Nordsjøen heilt eller delvis som arbeidsplass, men du tenker kanskje meir spesifikt på å jobbe på oljeplattform? Kva er det spesifikt med jobb i Nordsjøen er det du er ute etter? Etter det skiftordninga, er det å krysse av på lista at der du har vært, er det ønske om ein jobb som er litt røff, eller vil du berre oppleve korleis det er å være skikkeleg sjøsjuk? Svært mange "sivile" jobbar må også utførast på skip og plattformar, alt frå reinhald, matlaging, vaktmesterarbeid, osv. Det er likevel berre dei største skipa som kan ha slike stillingar som eigne jobbar, på mindre båtar vil det være meir vanleg med kombinerte stillingar der alle må være i stand til å gjere alt. Særleg om du ser mot cruiseskip som Hurtigruta eller Danskebåten så vil du finne jobbar på alt frå pianist i baren til butikkmedarbeidar i Taxfreebutikken. Det mest openbare yrket for å jobbe i Nordsjøen med lite utdanning er nok likevel å bli fiskar.
-
Einig i at det uproft å ikkje informere om korleis du skal betale, her bør du sjølvsagt purre på å få slik informasjon. Men for din del betyr det ikkje så mykje meir enn at du må passe på å sette av pengar slik at du kan betale når utleigar vil ha pengane. Etter vanlege foreldingsreglar kan han vente i opp til 3 år før pengekravet er forelda. Du kan også betale kontant, sjølv om det i dag er vanlegast med kontobetaling så er det lov å betale kontant. Dersom du betalar kontant så bør du passe på å få kvittering slik at du ikkje risikerer anklage om at du ikkje har betalt. Så du kan eigentleg ta ut beløpet i kontantar og så informere utleigar at han kan kome og hente pengane på betalingsdatoen. Depositumskonto er det utleigar som må ta initiativ til, det eg utleigar som må kontakte banken og betale gebyret for å lage depositumskonto, deretter vil banken ta kontant med deg for å signere (oftast elektronisk). Etter at depositumskontoen er oppretta så kan du sette inn pengar på den. Då når det gjeld depositum så kan du ikkje gjere så mykje utanom å sette av pengane slik at du har dei klare den dagen utleigar har fått oppretta depositumskonto.
- 28 svar
-
- husleie
- husleieloven
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Det skal ein del til for å kunne heve avtalen. For å kunne heve leigeavtalen må ein kunne vise til vesentleg misleghald eller at det heilt klart kjem til å inntre eit misleghald. Kva som er eit vesentleg misleghald blir ein vurderingssak, så før du går vidare med å heve leigeavtalen så bør du være rimeleg sikker på at du vil få støtte for denne tolkinga om saka ender opp med ein rettsleg tvist. Det som her er spesielt viktig er kva som eksakt er forskjellen mellom det som er avtalt og det som du har fått. Det som er skriftleg eller dokumentert på anna måte vil være lettast å legge fram, men også det som er avtalt muntleg er bindande for begge partar men der blir det ofte ei ueinigheit på kva som eigentleg var avtalt. Oftast vil (og etter min meining bør) ditt fyrste krav være at utleigar ordnar opp slik at du får det du har avtalt. Om utleigar ikkje får ordna opp innan rimeleg tid (kva som er rimeleg tid kjem ann på kor akutt og viktig mangelen er), så kan du bruke av virkemiddel som å kreve avslag i husleige, ved at du held tilbake husleiga og seier at du ikkje betalar før manglane er ubetra, eller at du krever erstatning. Erstatning i denne samanhengen kan være f.eks. differansen på det du må betale meir for å leige ein anna bustad som har dei kvalitetane som du hadde avtale å få der du no leiger, kostnadar ved å finne anna husrom fram til manglane er retta opp (til dømes hotell), eller liknande ting. Særleg det som går på nedvask og skaffe tak i fungerande møblar er eit kurrant krav for utleigar å fikse opp i. Det burde ikkje ta meir enn nokre få dagar å skaffe skikkeleg seng, kvitevarer og erstatte dei øvrige møblane som er øydelagte. Om du kan kreve to soverom synes eg du er litt uklar på sidan du skreiv at du hadde sagt at du ville ha to soverom, så her må du sjå nærmare på kva som eigentleg er avtalt om talet på soverom.
- 28 svar
-
- husleie
- husleieloven
-
(og 3 andre)
Merket med:
-
Mykje av grunnen til at situasjonen har blitt som den har blitt er jo det ikkje finnes nokon enkel løysing på dette. Eit krav om at alle må skatte utifrå reell markedsverdi på hus og tomt blir i praksis eit krav om folk må selge huset sitt for å realisere den økonomiske verdien slik at skatten kan betalast. Tilsvarande urettferdig blir det om ein legg skattekravet inn som arveavgift, då treng ikkje minstepensjonisten å selge huset sitt men samtidig vil nok arvingane i dei fleste tilfeller ikkje ha råd til arve og ta over huset, som igjen vil føre til at huset må selgast. Så slike krav som tek sikte på å få eldre til å flytte ut av huset og inn i mindre leilegheiter for å frigjere plassen til dei unge vil i ytterste konsekvens føre til at vi får ein eigedomsrett som kun vil gjelde dei som har nok ubunden kapital til å betale for å behalde eigarskapet til eige hus eller til å overføre eigarskapet til neste generasjon i form av arv og arveavgift. Tomter og spesielt sentrale tomter vil alltid auke i verdi, men staten kan (bør) ikkje bli full kommuniststat heller der ein berre kastar minstepensjonisten, stjel tomta og setter opp ei billig bustadblokk i betong som staten leiger ut til ei billeg husleige.
- 68 svar
-
- 1
-
Det har nok blitt tenkt på moglege løysingar heilt sidan krigen starta, sjølv om det ikkje har blitt snakka særleg mykje om det. At Ukraina kan ende opp med å måtte gi opp areal har nok heile tida vært eit av mange alternativ som ein har sett på. Det som er nytt no er vel at det å gi slepp på ukrainske områder har blitt presentert saman med ein konkret ukrainsk fordel, og ikkje berre som eit alternativ til å la Russland vinne krigen. Tidleg i krigen så vart det også snakka om kor langt Ukraina skulle få presse tilbake med vestleg våpenstøtte. Ukrainarane sjølv har vært tydelege på at dei også ville ta tilbake Krimhalvøya, medan vesten har ynskja å halde tilbake på å donere våpen med lang rekkevidde for å prøve å hindre at krigen eskalerer. Eg forstår godt at det ikkje er eit ynskja resultat, men eg er likevel einig i at dette kan være ei mogleg løysing krigen skal avsluttast på anna måte enn at ein av partane må overgi seg. Det er nok alt for tidleg å snakke særleg mykje om dette som eit reelt fredsalternativ, men at litt avhengig av kor mange år med øydeleggingar og tap av liv ein ser for seg at krigen vil måtte fortsette for at ein av sidene skal overgi seg så er dette eit fredsforslag som er relativt nøytralt. Skulle Ukraina og Russland bli einige om dette forslaget så vil Ukraina sjølvsagt tape landområder, men det dei vil tene er NATO medlemsskap med dei sikkerheitsgarantiane som følgjer med slik at Russland ikkje kan fortsette å presse Ukraina. Og for Russland sin del så vil dei tjene på å få større landområder, men det dei vil tape er på ein slik avtale er moglegheita for å oppnå den overordna målsettinga som var å få kontroll på Kyiv for å få på plass ei russisk-venleg regjering som kunne styre Ukraina som ein sovjet-stat. Om eg skal driste meg til å sjå i krystallkula så trur eg nok at med mindre krigen snur veldig eller den ender opp med å foregå i lang lang tid, så vil nok alternativet der Ukraina gir slepp på landområder berre kunne være akseptabelt dersom disse områda (og då reknar eg med at ein sikter mot Luhansk og Donetsk) blir oppretta som ein reelt ny stat som ikkje er verken direkte eller indirekte styrt av Russland. Å få eit nytt land i Luhansk og Donetsk regionane som kjem til å fungere som eit nytt Belarus er nok ganske uaktuelt. Eit kompromiss der Russland får utvide sin grense inn i Ukraina vil nok ligge svært langt fram i tid før det i det heile tatt kan vurderast som akseptabelt av Ukraina. Dersom det skal være mogleg å oppnå freds- eller våpenkvileavtale så må begge sider svelge kamelar, og akkurat no er det ingen av partane som er villige til å vike ein millimeter så då finnes det ikkje grunnlag for forhandlingar. Så lenge ukrainarane har både framgang og håp om ytterlegare framgang så vil nok ikkje krigen nødvendigvis ta slutt sjølv om Ukraina igjen får tatt tilbake kontrollen på Luhansk, Donetsk og Krim, det vil nok utvilsomt også kome krav om at Russland må betale krigsskadeerstatning.
-
Ja, ved å bygge små leilegheiter så vil det forverre bustadprisane ved at det er enda fleire som har råd til å kjøpe og som igjen vil overby kvarandre. Ei 18 m² leilegheit er ikkje mykje plass å skulle bu på, men det er heilt ypparleg for eit ektepar med god økonomi som også vil ha ei "by-hytte" som dei kan bruke fire helgar i året. Jo mindre eigna leilegheita er for å bu i heile året, jo meir attraktiv er leilegheita for å bruke i korte perioder. (Til dømes vanlege hotellrom er ikkje nok særleg til leilegheit å skulle bu på heile året, men det er rikeleg stor nok når du er på reise og skal bu der maks i eit par veker). Eit anna moment er også at bustadprisane veldig fort stabiliserer seg på det som folket har kjøpekraft til, så ved å innføre mange supersmå leilegheiter så er det disse leilegheitene som vil koste minst 3-4 mill, og så vil dei vanlege små leilegheitene på meir enn 40 m² få ein pris på 5+ mill. Unntaket er sjølvsagt om det blir bygd så mange supersmå leilegheiter at markedet blir overmetta, men i veldig sentrale strøk som til dømes Oslo så vil det nok alltid også være ei stor gruppe av kjøparer som ynskjer ei bustad nummer 2 (eller 3) i sentrum. Slike veldig små leilegheiter vil heller ikkje løyse utfordringa til barnefamilier som ynskjer å bu sentralt. Ei leilegheit på 18 m² vil ikkje kunne fungere for ei lita famile med to barn. Om Raudt vil legge til rette for at også lavtlønna, barnefamilar og pensjonistar skal kunne bu sentralt i Oslo så må nok reguleringa leggast på heilt andre stadar enn på pris. For uansett kor "billeg" leilegheita blir så vil det alltid være nokon som har økonomi til å ny over det som ein pensjonist eller ein student har råd til.
-
Har sagt ja til en jobb, men kan fort få tilbudt en annen
The Avatar svarte på BarneyStinson sitt emne i Jobb og karriere
Du er sjølvsagt bunden av den avtalen du har inngått, så eventuell oppseiing må skje på dei avtale vilkåra evt. det som følger av standardvilkår i arbeidsmiljøloven. I praksis skal det likevel mykje til for at arbeidsgivaren du har akseptert jobb hos kjem til å tvinge deg til å jobbe gjennom oppseiingstida når du har til intensjon å bytte jobb. Opplæring av nytilsette er ei investering, så om du berre skal jobbe i oppseiingstida så blir det ein stor kostnad samtidig som du leverer lite produktivt den fyrste tida. Så ofte vil det løyse seg ved at du gjer ein ny avtale der du fritek arbeidsgivaren for lønnsplikta gjennom oppseiingstida samtidig som arbeidsgivar fritek deg frå arbeidsplikta i same periode. Det sagt så er det sjølvsagt ikkje populært å bryte inngåtte avtalar, så før du gjer dette og potensielt brenner bruer hos denne arbeidsgivaren så ville eg ha forsikra meg om at den andre jobben faktisk er betre, og ikkje minst at du får forsikringar om at du faktisk får jobben slik at du ikkje ender opp utan jobbtilbod. Eit anna moment er at før du leverer oppseiing basert på lønn og arbeidsvilkår, så bør du åpne for eit mottilbod. Det kan være at arbeidsgivaren du har tatt jobb hos er villig til å strekke seg litt for at du ikkje skal seie opp.- 12 svar
-
- 1
-
Det vanlegaste er nok å stoppe bilisten etterpå. Både for å stadfeste identiteten til føraren og for å ta papirarbeidet med om bilføraren aksepterer forelegget eller ikkje, men det er ikkje formelt sett noko som hindrar at ein tek dette i ettertid. Einaste er at dersom dette blir tatt i ettertid så er det meir ressurskrevjande, både fordi det blir eit ekstra ledd med postforsending, men også fordi at dersom det blir ei rettssak så må det førast bevis for at det er rett person som er tiltalt. Eg trur nok at du kan være rimeleg trygg på at dersom du ikkje vart vinka inn der og då, så har du nok sluppe unna utan reaksjon. Politiressursane vil nok være mykje betre brukt ved å ta ein ny kontroll ein anna stad i staden for å bruke tid på å vitne hos tingretten.
-
Det var nok kontroll av beltebrukt og/eller mobilbruk, då blir det ofte brukt kamera som fungerer både som kikkert og til å dokumentere lovbrotet. Det kan også ha vært ein kontroll av registreringsnummer for å sjekke om alle har gyldig forsikring.
-
Raudt er eit splitta parti, så det finnes nok medlemmar på begge sider. Raudt har blant anna ein politikk på at Norge bør melde seg ut av NATO, at heimevernet skal bli meir likt sivilforsvaret, og at at militærnekting skal være ei rettigheit. Det er dette som er den vedtekne politikken. Å bruke omgrepet pasifistar var nok litt unøyaktig av meg, for Raudt har også ein politikk på Norge skal ha eit nasjonalt forsvar med blant anna styrking av kystvakt og cyberforsvar. Det Raudt sin politikk er heilt imot er å ha militære kapasitetar til å drive angrepskrig, herunder at dei vil stoppe norske innkjøp av F-35 jagarfly. Som sagt så har nok Raudt også ei stor blokk av "gamle kommunistar" som gjerne vil ha væpna revolusjon på partiprogrammet, men fleirtalet i partiet har stemt for ein politikk som fører til at vi får langt dårlegare militær slagkraft i håp om at dersom vi berre kan halde oss unna NATO og EU så kan vi unngå å hamne i krig. Basert på kva ein enda opp med å sette på partiprogrammet så er eg rimeleg trygg på at det også er ei forholdsvis stor blokk innad i partiet som aller helst ville lagt ned heile forsvaret og berre ha eit sivilforsvar om dei fekk viljen sin. Mitt klare inntrykk av partiet raudt er at det er store interne spenningar, og at partiet består av medlemmar med svært ulik grad av venstreradikale tankar, og at det er veldig vanskeleg for partiet å få til ei einigheit mellom dei som er gamle hippiar som berre ynskjer å bekjempe fattigdom, urettferdigheit og lidingar, til dei som er ekte kommunistar som ynskjer væpna revolusjon.
- 68 svar
-
- 3
-
Kommunen kan utføre byggesakstilsyn, og har strengt tatt plikt til å følgje opp ulovlegheiter. At kommunen i liten grad gjennomfører tilsyn er ein anna ting. Oftast vil nok kommunen oppfølgjing av gamle ulovlege tiltak kome i form av tips og ikkje gjennom tilsynsverksemd. Typisk vil vil kommunen kunne motta tips om mogleg ulovlege tiltak i samband med salg av bustaden frå potensiell kjøpar som vil forsikre seg om lovlegheita gjennom å kontakte kommunen, eller at kommunen mottek tips frå naboar som reagerer på at kjellaren har blitt innreia. Konsekvensane vil være varierande alt etter omstendigheitene og i kva samanheng det dukker opp som eit problem. Forholdet til forsikringsselskapet er nok dei mindre problema i denne samanhengen, alt etter kva du har opplyst til forsikringsselskapet. Konsekvensane i forhold til kommunen er at du kan bli ilagt gebyr og få pålegg om å rive og tilbakeføre kjellaren til slik den er godkjent. Dersom innredinga av kjellaren er utført på ein lovleg måte, og at det berre er den formelle byggesøknaden som manglar så vil ein kunne sende inn ein søknad om å få tiltaket godkjent i ettertid. Her kjem det altså litt ann på om det ulovlege tiltaket er ulovleg fordi tiltaket ikkje oppfyller minstekrava i lov og forskrift, eller om det berre ikkje er sendt inn søknad. For innreia kjellarar så er det typisk ulovleg fordi kjellaren ikkje har nok takhøgde og dagslys til at søknaden kan bli godkjent, men det skjer sjølvsagt også at arbeidet blir utført heilt etter boka men søknaden manglar fordi ein har gløymt å søke eller fordi ein har spekulert i å spare seg søknadsgebyret. Å legge parkett og male veggane er enkle tiltak, men det er sjølvsagt mykje dyrare og meir komplisert dersom du må lage større takhøgde eller etablere vindauger under bakkenivå for å få tiltaket lovleg utført. Så har du dei privatrettslege konsekvensane dersom du har gitt manglande eller ukorrekte opplysningar ved salg eller utleige av kjellaren. Dette treng ikkje å være eit problem om ein ikkje legg skjul på dei faktiske forhold slik at ny eigar er godt opplyst om kva han/ho kjøper og er villig til å akseptere risikoen med å ta over det ulovelge tiltaket, men ofte så ligg det økonomiske motiv til grunn ved at selgaren ikkje opplyser om at kjellararealet skal trekkast frå på kvadratmeterprisen ettersom kjellaren ikkje er godkjent til varig opphald. Du kan også risikere bot og fengselsstraff om det ulovlege tiltaket er farleg, særleg aktuelt opp mot ulovleg utleige av lokaler med dårleg branntryggleik. Når det gjeld sannsynlegheit så er det ei anna sak. Sannsynlegheita for at kommunen avdekker eller blir tipsa om at du har bygd om kjellaren din er nok relativt liten så lenge du ikkje forsøker å lure ein potensiell kjøpar eller at du driv med f.eks. ulovleg utleige. Sjølv om kjellaren ikkje er godkjent for varig opphald, og det teknisk sett er uloveg om du f.eks. setter inn ei seng og brukar kjellaren som soverom, så vil det ikkje nødvendigvis være straffbart sjølv om det ikkje er lov. Men om du leiger ut kjellaren som hybel eller skriv i prospektet at bustaden har eit ekstra soverom så vil det kunne være ei anna sak.
- 5 svar
-
- 1
-
Det er også ein skala her. Enkelte handlingar er lovlege av den enkle grunn at handlinga er ubetydeleg sjølv om den har eit sosialt stigma. Vi har også handlingar som er ulovlege men som likevel ikkje er straffbare. Og til slutt er det også eit spørsmål om i kva grad det er mogleg å bevise intensjonen bak handlinga. Mange handlingar kan ikkje straffeforfølgast fordi det er i praksis ikkje mogleg å bevise at det ligg onde intensjonar bak utan at det har pågått over lang tid. Typisk døme er når ein nabo er støyande, sjølv om det er ulovleg å gjere noko som er til urimeleg ulempe for naboen, så skal det ein del til for få naboen dømt. Å kilppe plenen grytidleg om morgonane er nok svært plagsomt for naboen, men det er ikkje lett å bevise at hensikta var å lage støy, og ikkje eit nødvendig vedlikehaldsarbeid.
-
Dette handler vel om at Raudt har ei veldig pasifistisk haldning, noko som er annaleis enn å være russiskvennlege, sjølv om det i praksis ser ganske likt ut. At Raudt til slutt enda med fleirtal for våpenstøtte var nok tungt for mange i partiet å akseptere sjølv om det var nødvendig, for aller helst så vil dei legge ned forsvaret og leve i fred og harmoni. Sidan dette er ein i overkant naiv tanke så er kompromisset til Raudt at det kan være tilstrekkeleg med eit nordisk forsvarssamarbeid, med ein grunntanke om at alliansar med USA, og i mindre grad resten av Europa, er det som gjer oss utsatt for å bli dratt inn i ein krig. Raudt tenker nok at om vi berre sitt stille i båten så kan vi leve i fred og fordrageligheit. Alt det sagt så har nok Raudt også ein del "gamle kommunistar" i rekkene sine som også er positive til væpna revolusjon for å oppnå sin politikk. Eg oppfattar derfor Raudt som eit forholdsvis splitta parti, der veldig mange på venstresida har samla seg i det mest venstreradikale partiet (med realistisk håp for politisk innflytting) som vi har i Norge, men utan at det er særleg stor intern einigheit om kor ytterleggåande politikken bør være. Moxnes som leiar har nok vært viktig for å samle partiet, og det er nok også mykje av grunnen til at Martinussen som tok over frå nestleiarvervet uttalte at ho ikkje var leiarkandidat. Det er nok ikkje eit enkelt leiarverv å skulle prøve å få medlemmane i Raudt til å bli einige om ein felles politikk.
- 68 svar
-
- 2
-
Det kan være ei urfordring å få dokumentert kravet slik at du får ta saka vidare, særleg om lånetakaren unngår deg. "Trusselen" du brukar når du sender skriftleg betalingskrav er at du må legge ut omtrent same sum i rettsgebyr, som du vil legge til på kravet. Så ved å tvinge deg til å ta dette rettsleg så er pengekravet frå deg plutsleg oppe i over 3000 kr. Det du må vurdere er om du gidder å legge tid og energi i dette.
-
Faktura gir deg ingen garanti ettersom den kan kanselerast av betalar eller bli avvist området det ikkje er pengar på konto. Her tar du sjølvsagt ein risiko, større om du ikkje får delar av beløpet på forskot som eit slags depositum. Beste løysinga her er nok at han som vil leige ber sinnarbeidsgjevar om forskot på lønn, eventuelt låner pengar til å betale deg. Risikoen kan du ikkje unngå, men du kan spare deg litt tid ved eventuell tvagsinnkreving ved å avtale at du kan gå rett til utleggsbegjæring ved forfall, om ikkje må du gå vegen om å sende varsel med svarfrist før du kan gå til namsmann. Sjølv med hjelp frå namsmannen så må skuldnaren ha pengar, om vedkommande ikkje ein gong har pengar til å betale depositumet så vil det nok uansett ta lang tid å i verste fall kreve inn pengar til å erstatte denne gjenstanden.
-
Kor langt skal du? Sekkehjul og trillebår kan være gode alternativ. Eit litt kreativ alternativ er å hente ut pakkane, og så levere dei inn igjen som forsending til deg sjølv som pakke levert på døra. Så kan du berre reise heim og vente til pakken blir levert heim til dec om 1-3 dagar.
-
Og mobilsporing frå redningstenesten blir vanskelegare. Om eg har forstått det rett så kuttar redningstenesta telefonen ned til 2G for å forlenge batteritida og dermed gi betre tid til å finn telefonen/vedkommande som er sakna.
- 27 svar
-
- 1
-
Standarden er dagmulkt på 1 promille av verdien, altså 4000 kr dagen etter avtalt levering. Fyrste steg bør være å lese godt gkennom kva som er avtalt, og deretter å snakke med utbyggar for å få meir informasjon. At det har vært omtrent stillstans etter leveringsfristen er ganske urovekkande. Du har rett til å kreve dagsmulkt, blant anna fordi du har kostnadar ved at du må bu ein annan stad medan du ventar, men det viktigaste er nok tross alt å sikre ein fortgang i arbeidet.
-
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Men korleis reagerer du på brannalarmen? Evakuerer du ut med ein gong og venter på utsida til at du har fått bekrefta at årsaken er funnet og det er trygt å gå inn igjen, eller blir dette bakgrunnsstøy der du din fyrste tanke er at naboen steiker pizza og at du kan forholde deg rolig? Sidan nødvarselet blant anna er meint å brukast der flyalarmen ikkje kan høyrast så er det viktig at innbyggarane tek alarmen på alvor. Det skulle tatt seg ut om flyangreps-tyfonane i Oslo hadd blitt utløyst 18 gongar i døgnet, og dei skal eigentleg være ein del av det same systemet som skal varsle om "viktig melding, søk informasjon". -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Kva nivå vart flomvarselet sendt ut på? Nødvarsel systemet har to nivå i tillegg til amber alarm. Eg veit ikkje om det er nevneverdig forskjell på nivå, men skal ein fortsette å bruke systemet til informasjon så burde det kome lydlaust som ein pop-up, og ikkje som ein alarm. Telefonen burde aldri ule og vise nødvarsel på skjermen med mindre det er behov for at publikum føretek seg eit eller anna. Må du søke tilflukt på grunn av flyangrep, lukke vindaugene på grunn av røyk, eller tømme kjellaren for gjenstandar på grunn av flaum, så kan det forsvarast at det blir sendt ut ein alarm. Men når det berre er informasjon så blir det misbruk av systemet. -
📢 Nytt varslingssystem i Norge.
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Politikk og samfunn
Det er sant nok, men ei meldig frå politiet om at du er i fare kjennes nok som ei mykje meir reel trussel enn om ein oppsøker skumle ting på internett. Det som skjer på internett kan være veldig traumatiserande det også, men det er noko heilt anna enn å få beskjed om at di eiga sikkerheit er i fare.