Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 719
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Lønna varierer mykje frå arbeidsplass til arbeidsplass. Levekostnadane i området er eit ledd i lønnsnivået, men også kor god tilgangen er på arbeidskraft er viktig. Garantilønna etter tariff var 231 kr timen i fjor, dei som også er truckførar får eit tillegg som er avhengig av type truck. Det er nok ingen automatikk i at du går opp i lønn etter prøvetida, men enkelte arbeidsplassar praktiserer ei slik ordning. Det kan likevel være fornuftig at du sjølv tek initiativ til ein slik samtale før prøvetida går ut. For sjølv om det kanskje ikkje er så aktuelt for deg å seie opp jobben utan å ha ein ny jobb å gå til så er det eit argument som kan bruke ved å kreve å få ei lønnsjustering om du ikkje skal seie opp og være borte etter 14 dagar.
  2. Forkjøpsrett betyr berre at den med forkjøpsrett skal ha tilbod om å kjøpe (til same pris og vilkår som andre kjøparar), om ein ikkje nyttar seg av forkjøpsretten så står andre fritt til å kjøpe. Til trådstarter. Ei 50/50 fordeling med ueinigheit blir veldig vanskeleg. Alle beslutningar vile kreve meir enn 50% som stemmer for, så med to eigarar så må ein værr einige for å få fleirtal. Unntaket er at styreleiaren vil ha dobbeltstemme ved stemmelikheit, så den som er møteleiar får i praksis beslutningsmakta i selskapet. Du kan ikkje bli pålagt å selge (om det ikkje bygger på anna avtale), men ein vil få eit handlingsramma AS om ein ikkje får fatta vedtak om korleis selskapet skal drivast.
  3. Politiet må sjekke ut at det ikkje kan være andre som må etterforskast. I teorien kan det være nokon heilt andre som har drept han og brukt historia om tysting som skalkeskjul for å få nokon andre dømt.
  4. Så lenge snus ikkje er "sunnare" enn røyk så gir det lite meining å skulle introdusere 16 åringar for snus fyrst. Ei redusert aldersgrense vil garantert føre til fleire nikotinavhengige, både fordi snusen gir eit ekstra høgt nikotinopptak, og fordi snus er lettare å bruke i nesten alle samanhengar no når ingen røyker inne. Om ein skal differensiere mellom snus og røyk så vil eg foreslå at ein beheld eller aukar amdersgrensa, men at ein kanskje burde vurdere å gi snus litt avgiftslette i forhold til røyk. Dette for å legge til rette for at voksne nikotinavhengige går over til å bruke snus som ikkje utgjer ein helserisiko for tredjeperson som kan bli utsett for passiv røyking.
  5. At Breivik teknisk sett kan sleppe ut var ein viktig del av spørsmålet om han var tilrekneleg. Om han hadde blitt vurdert som tilrekneleg så kan kunne han ikkje dømmast til meir enn 21 års fengsel, og med rett til å søkje prøvelauslating etter 14 år som er 2/3 av straffa. Men sidan han vart vurdert som utilrekneleg så var forvaring relevant. Forvaring gir moglegheit for reell livstidsdom ut levetida, men bakdelen er at han kan bli sluppet heilt fri etter minstetida på 10 år, og han har rett på å få ny vurdering kvart 5 år på om han ikkje lenger utgjer ein fare for samfunnet. I eit worst case scenario så kunne han gått fri i 2021 etter 10 års minstetid om han hadde klart å overbevise psykiateren. Hadde han blitt vurdert som tilrekneleg så ville han måtte some minst 14 år for å i det heile tatt kunne søke lauslating og han kunne blitt låst inn til 2032. Men ei vurderingar som tilrekneleg hadde også betydd at han måtte bli sluppet fri i 2033 sida han då har sona maksstraffa i Norge. Så fordelen med at han er utilrekneleg er at han reelt kan låsast inne til evig tid, ulempen er at han teknisk sett kan settast fri når som helst om han blir vurdert som ufarleg.
  6. Han kan i alle fall ikkje trekke deg i lønn utan ditt samtykke eller rettskraftig dom. Utan avtale om dette så har arbeidsgivar eit svakt krav, men det blir ei totalvurdering. Kva var avtalt i forhold til gjennomføring av kurset? At du skulle ta det om du valgte å prioritere det? Arbeidsgjevarars sterkaste argument er nok illojalitet om du ikkje hadde til hensikt å gjennomføre kurset, og du ikkje meldte frå om dette på eit tidlegare tidspunkt.
  7. Egentlig må han ikkje det sjølv om det ofte følgjer med. Vilkåret for at han skal sleppe fri er at han ikkje lenger utgjer ei fare for samfunnet. Det kan han teknisk sett få til utan å vise anger, men det er nok ikkje veldig sannsynleg.
  8. Realistisk sett så må han nok emigrere til eit anna land under eit heilt nytt land om han skulle sleppe fri og ha forhåpningar om å leve eit forholdsvis vanleg liv. Faren for at han blir utsatt for både sjikane og trusslar, kanskje også drapsforsøk vil nok alltid være høg.
  9. Ja i teorien kan han det. Han vart dømt til 21 års forvaring med minstetid på 10 år. Det betyr at etter 10 år så kan han sleppe fri om han blir vurdert som "frisk" og rehabilitert. Så lenge han utgjer ein fare for samfunnet så vil han ikkje sleppe ut frå forvaringsdommen. Forvaringsdommen gjer også at han kan haldast innelåst resten av sin levetid om han aldri blir "frisk" nok til å sleppe ut som ein god samfunnsborgar.
  10. At kunden ikkje kan eller har lov til å gjere jobben sjølv er ein del av det som ein selgar må kalkulere inn i prisen når ein selg til forbrukarar, for etter forbrukarkjøpsloven har forbrukaren rett til å få retta mangelen utan kostnad eller urimeleg ulempe. Så lenge kunden monterar produktet slik som leverandøren seier det skal leverast, i dette tilfellet at dimmaren skal monterast av elektrikar så er sjølvsagt elektrikarkostnadane ved både demontering og remontering heilt påreknelege kostnadar så lenge kunden har brukt produktet på ein vanleg måte. I alle tilfeller vil det være nødvendig å vurdere om også kunden har opptred på ein redeleg måte, ein kan til dømes ikkje kjøpe dimmar i Norge og montere den i feriehuset i Spania og rekne med at selgaren tek kostnaden med å få tak i elektrikar frå Norge eller Spania til å gjere jobben. Det er nøyaktig same prinsippet til dømes på bilar. Har du ein ny bil som du reklamerar på at du har fått rust på skjermen så må du levere inn bilen for å få bytta skjerm, du vil normalt sett ikkje få tilsendt ein ny skjerm som det er forventa at du skal få til å montere sjølv.
  11. Treng du eigentleg så stor buffer at du må ta halve bilen med billån? Sannsynlegheita for at du treng bufferen er vel ganske liten? Og i din situasjon så kan du lett selge litt fond eller auke huslånet om du skulle få uventa utgifter. Eg tviler på at det er verdt det for deg å ha billån berre for å ikkje bruke av bufferkontoen. Så om du berre er villig til å tære på bufferen så kan du ta eit tredje alternativ som ligg midt imellom, være litt ufornuftig og kjøp ny bil men samtidig la fornuften stoppe deg frå å kjøpe lånefinansiert bil når du strengt tatt ikkje treng billån. Sjølv om det er litt på sida av tema så tenker eg at det også er på sin plass at du vurderer billeige om du eigentleg ikkje treng bil, då har du også fordelen med at du kan veksle litt mellom kva bil du leiger den dagen du vil ut og køyre.
  12. Fordi det også er det mest bruke rusmiddelet. Det at alkohol er mykje brukt gir direkte utslag på statistikken ved at det til ei kvar tid vil være svært mange fleire personar som er rusa på alkohol og som skade seg sjølv eller andre under rusen, men det gir også eit svært mykje betre datagrunnlag til å vurdere langtidsskadene enn andre rusmiddel som vi har mykje mindre erfaring med.
  13. Om ikkje det å fjerne alkoholen skal bli eit tankeeksperiment så må ein ha ein plan for korleis alkoholen kan fjernast. Reint forbod og straffer har vært prøvd før utan at det fungerte utover ei kort periode. Alkohol er såpass kulturelt viktig at det er vanskeleg å fjerne, alkohol er både eit rusmiddel og ein kultur i alt frå sermoniar som nattverden til utepils som eit fenomen. Ei anna utfordring er at sjølv om det er store skadevirkningar av alkohol så er det langt frå det verste rusmiddelet. Eit forbod vil føre til langt meir bruk av andre og farlegare rusmiddel av reint praktiske årsakar. Under forbodstida så var det langt meir brennevin som vart konsumert enn øl og vin, enkelt og greitt fordi brennevin er meir kompakt og lettare å smugle. Eg trur nok at vi ikkje kjem unna at det einaste som er realistisk å få til er redusert bruk gjennom reguleringar.
  14. Dette blir veldig situasjonsavhengig. Den mest umiddelbare faren ved å ligge rett bak ein lastebil er at lastebilen får ein raskare deakselerasjon enn du klarer å reagere raskt nok på. Sjølv om lastebilen brøyter veg gjennom mette ting der lastebilen nesten ikkje mister fart, så vil det i praksis være slik at lastebulføraren kjem til å bremse, og du som ligg umiddelbart bak lastebilen vil ikkje rekke å reagere raskt nok til at du ikkje køyrer inn i lastebilen.
  15. Men som er kostnadar som no kjem tilbake iform av oppsplitting og nyetablering av nye kommunar og fylkeskommunar. For sjølv om tanken var god så svikta det på minst tre områder. Det fyrste var inkonsekvent bruk av tvangssamanslåing der kommunar som burde vært slått samen fekk velje å ikkje gjere det, og kommunar som kunne stå på eigne bein vart tvangssamanslått med folkekravet om lausrivne som resultat. Det andre som svikta var at ein i alt for liten grad tillot at eksisterande kommunar kunne splitte opp og slå saman delar av den gamle kommunen med andre kommuner som gir geografisk meining. Den store samanslåingsgevinsten vil ein få ved å viske ut grenser som vart teikna i ei tid der robåten over fjorden var bindeleddet medan gåturen over fjellet var eit hinder. I dag når det er heilt omvendt og det mykje raskare å køyre over fjellet enn det er å køyre rundt ein fjord eller krysse ein fjord med ferge så gir ikkje geografien meining lengre. Og det tredje området der det svikta var at ein tillot folkeavstemmingar utan at alternativa var kartlagt. Det er ikkje overraskande at mange stemte nei til samanslåing når ingen kunne svare på kva som ville endre seg utanom kommunenamnet. Det var ikkje ein gong sikkert at ein ville utnytte stordriftfordelane eller om ein berre ville få ei enda større kommune med enda større administrasjon.
  16. Tipset er å finne fellesaktivitetar. Det treng ikkje å være ein dyr hobby, du kan f.eks. være frivillig i ein veldig organisasjon utan å være betalande medlem. Eit anna tips til aktivitetar som er heilt gratis er interesseorganisasjonar som f.eks. turgrupper og liknande som gjer aktivitetar saman.
  17. Kredittkort er som nemnt den beste måten for å sikre seg mot svindel, men det er ikkje anonymt. For trådstartar løyser kredittkort problemet sidan det viktigaste er å sikre seg mot å bli bli belasta formykje. Skal ein betale skikkeleg anonymt så vil det ofte være vanskeleg å kombinere med sikker betaling. Det er mykje større sjangs for å bli svindla om ein betalar med krypto, kontantar i konvolutt, eller liknande anonyme og dermed også usporbare transaksjonar.
  18. Det er heller ikkje umogleg at ein kan nå disse krava på andre måtar. Energiklasse D kravet på 135 kWh per m² oppvarma BRA, treng ikkje nødvendigvis å bli oppfylt gjennom etterisolering, ein kan også redusere energibruken på andre måtar. Å bytte ut dårlege vindauger kjem dykk kanskje ikkje unna uansett sidan det er vanskeleg å redusere oppvarmingsbehovet om varmen får gå nesten uhindra gjennom vindauge/karm og ut, men etterisolering av veggar kan ein kanskje sleppe ved å gjere andre tiltak. Vel så viktig som å isolere er det å gå over til meir effektive oppvarmingskjelder; varmepumpe, solfangar, sentralevarme, og liknande kan bidra til å redusere energibehovet ved å bruke varmeenergien meir effektivt.
  19. Det kan også være relevant å sjå på korleis avtalen opprinneleg vart inngått. Det er eit prinsipp at ein avtale skal kunne seiast opp på same måte som den vart inngått. Altså at dersom avtalen vart inngått per epost så skal ein også kunne seiast opp med ein epost, det vil ofte være urimeleg om det er vanskelegare å seie opp avtalen enn det er å inngå den. Eit anna moment å vurdere er om du har fått svar på epostane du har sendt slik at det er grunn til å anta at ditt ønske om å seie opp avtalen har komt fram. Det tredje momentet er kva vilkår som er avtalt. Om det er urimeleg vanskeleg å seie opp avtalen blir ei konkret vurderingssak. Å slutte å betale kan fungere om din tolking er rett, og ved imkassosak så kan du stoppe det ved å informere om at kravet er omtvista. Om tenestetilbydaren gir opp og avsluttar tenesten som du ikkje betalar for, eller om dei tek rettslege skritt for å kreve inn pengane kan du ikkje vite.
  20. Dette er typisk stilling der lønna må avtalast særskilt. Med tanke på at det er så mykje vekt på salgsbiten, og at mange av kundane ordnar med dette sjølv så tenker eg at provisjon er på sin plass om du må bruke mykje av tida på å "mase" på potensielle kundar. I tillegg hadde eg forventa at utdanning og erfaring vil telle sterkt med i lønnsfastsettinga.
  21. Då er det samfunnsstraffa som det skal reknast ut ifrå. Etter politiregisterlova så blir då det avgjerande forholdet kva som vart nedlagt som subsidiær fengselsstraff om du ikkje gjennomførte samfunnsstraffa. Om 7 månadars ubetinga fengsel vart ståande som subsidiær fengselsstraff så er det same 10 års regelen som blir brukt, anna enn at ein reknar frå då du fullførte samfunnsstraffa og ikkje frå lauslating. Dersom subsidiær fengselsstraff vart redusert til 6 månadar eller mindre så forsvinn forholdet frå politiattesten etter 3 år. Basert på anna rettspraksis så er det nok godt sannsynleg at du har fått subsidiære fengselsstraff der 1 time samfunnsstraff = 1 dag subsidiært fengsel, og at det såleis er 10 års regelen som gjeld.
  22. Så lenge verdien av tingen som skuldnaren har er større enn utgiftene ved å gjennomføre tvangssalget så kan Namsmannen også selge eigedelar for å hente inn pengane. Reint praktisk vil det vanlegvis bety at det berre er aktuelt å selge større verdigjenstandar som køyretøy, dyre møblar, og kanskje elektronikk, anna lausøyre har nok for lav bruktslagsverdi til at det er verdt å tvangsselge det.
  23. Grovt ran § 328 skal bemerkast i politiattest for dei som skal jobbe med mindreårige. Grovt ran har ein strafferamme på opptil 15 års fengsel, 21 år dersom ranet har ført til død eller alvorleg kroppsskade. Etter politregisterlova skal ubetinga fengsel på meir enn 6 månadar berre førast opp i politiattesten om det er mindre enn 10 år sidan lauslating. Sidan dette ranet er meir enn 20 år sidan så er må du ha sona meir enn 10 år i fengsel for at det skal være mindre enn 10 år mellom lauslating og søknad om politiattest.
  24. Dette vil nok klart kome inn under unntaket med urimelege kostnadar for selgar, og også kva som er påregneleg bruk av produktet. Ein kan nok argumentere med at når kjøparen har hatt slike behov så burde kjøper informert om dette slik at selgar kan levere eit produkt som er tilpassa slik bruk. I andre tilfeller så er nødvendige kostnadar til installasjon, frakt og liknande noko som er pårekneleg når ein leverer eit produkt av denne typen og som kunden ikkje skal ha kostnad eller vesentleg ulempe ved å reklamere på.
  25. Det kjem ann på. Tapsbegrensingsplikta er bygd på både rimelegheits- og lojalitetsbetraktningar. Så det må også vurderast kva som er rimeleg å forvente av utleigar. I dette tilfellet så tenker eg at det er rimeleg å forvente at utleigar alt no startar å annonsere etter nye leigetakarar til å ta over, og at du sjølvsagt berre betalar husleige fram til det flyttar inn ny leigetakar.
×
×
  • Opprett ny...