Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 719
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Eg er heilt einig, men eg har samtidig ei viss forståing for at skulane som har opplæring som mål fryktar at den politiske lærdommen kan drukne om det blir mykje fokus på berre nokre få saker med stor populisme. Mykje av lærdommen av vårt politiske system er å lære korleis ulik politikk har betydning på anna politikk. Det sagt så har eg forstått det slik at dette ikkje gjaldt sjølve paneldebatten, og at det var ved standen at dette vart særleg problematisert. Eg forstå at tida i paneldebatten bør brukast på mange viktige tema og ikkje berre dei populistiske sakene som rus, skattenivå, innvandring, osv. Det skal sjølvsagt være lov å være for legalisering, men det ungdommane treng å lære om er alle dei andre politiske sakene som i dette tilfellet Venstre står for. Men på stand og i direkte samtale med ungdommane så må takhøgden være langt større. Hadde tatt seg ut om Venstre representanten svarte med same mynt og kjefta på Sp fordi det er uansvarleg klimapolitikk å være for prompande kyr, at dei med den politikken øydelegg livet til den oppveksande generasjonen.
  2. Mange tenker nok at situasjonen er midlertidig, så kvifor ikkje bruke kredittkortet og bli med vennane ut på byen, for du får jo lønn veka etter? Eg trur det er mange som tenker slik, at planen er å betale tilbake seinare, men så dukker det opp nye freistingar. Det er nok også lett å bli lurt av 3 månadar rentefritt lån, og at rekninga berre kjem ein gong i kvartalet slik at det går lang nok tid til nye forbruk før ein får oversikta over kva den førre morroa faktisk kostar.
  3. Usikker på om dette er eit bilde av rett utstyr, men det viser i alle fall eit politiskjold med ganske skarpe hjørner. Når ein ikkje har fingeren på avtrekkaren så er det plausibelt at det med nok kraftver mulig å få hjørnet på skjoldet inn i avtrekkarbøylen og få eit skot til å gå av ettersom det ikkje er anna sikring enn at avtrekkaren må skyvast hardt inn. Dei vanlege skjolda som er gjennomsiktige og blir brukt til opprør og liknande har langt meir avrunda hjørner. Eg synes likevel det høyres litt utruleg ut at dette skal gå ann. Det einaste eg kan tenke meg er om politimannen har kvilt pistolen oppe på kanten av skjoldet slik at hjørnet alt var veldig nært avtrekkaren slik at eit trykk mot skjoldet kan få avtrekkaren til å bli trykt inn. Om dette er tilfellet så er forklaringa på kvifor skjoldet vart tatt ut av bruk alt dagen etter. Ein så stor svakheit i design av utstyr og bruk av teknikk gjer at det minst like stor sjanse for at politiet kan ende opp med å skyte kvarandre i ryggen.
  4. Ljenner ikkje til lønsvilkåra til politiet men slik innkalling av politi på frivakt utløyser heilt sikkert overtidsbetaling frå fyrste time, samt at dei skal ha kompanserande kviletid før dei går på jobb igjen, som igjen betyr at andre i politiet må jobbe overtid neste dag for å fylle den vakta som dei hasteinnkalte eigentleg skulle jobba. Eg vil nok også tru at mange av dei som vart innkalla ikkje har sin vanlege arbeidsstad i Bergen sentrum, så då får dei nok også betalt for reisetida frå dei reiser heimafrå. Det er nok ikkje ei ubetydeleg mengde med administrering, forbruk av utstyr, osv som også koster. Ser at ein politibetjent har 353 kr i timen. Med 100% overtid blir det 700 kr, og med arbeidsgivaravgift o.l. kan ein gange dette med to og vi får ein kostnad på 1400 kr timen. 10 timar på jobb og vi er oppe i 14 000 kr pr politibetjent. Om dei som er hasteinnkalla ikkje kan jobbe sin neste ordinære vakt så blir det eit nesten likt beløp i vikarkostnadar før ein er tilbake i ordinær vaktplan. Litt administrasjon for å endre vaktplanane, godkjenne overtidsbruk, osv så er vi ganske nært 30 000 kr innkalla politibetjent. I tillegg så må ein anta at den som har uttalt at dette kosta 2 mill har nok runda av mykje, det er stor forskjell på om det var 60 eller 70 mann som jobba overtid, så at kostnaden vart 2 mill høyres veldig ut som eit grovt anslag.
  5. Når Coca-Cola starta med slike korker så sa Tomra at dei nesten ikkje fekk inn panta brusflasker utan kork. Så i alle fall her i Norge der vi alt har eit fungerande resirkuleringssysten så er nok behovet svært lite. I land som Frankrike og Spania som ikkje har eit godt pantesystem så havnar sjølvsagt langt fleire korker (og flasker) i restavfallet. Eg vil tru at det er omtrent identisk med melkekartongar, dei aller fleste skrur nok korka på og kastar kartongen i pappsorteringa. Og enkelte går nok litt lengre og riv også av korka for å legge den i plastavfallet. Alt det sagt så er litt av poenget med kravet om at korka skal henge fast at denne harde plasten som korkene består av dukker ekstra ofte opp som mikroplast i mellom anna fisk. Men det er nok ikkje norske plastkorker som står for den mikroplasten.
  6. Enig. Eit slikt vagt svar om at det er mogleg å bli einige kan også virke mot sin hensikt ved at arbeidsgivar startar med å gi deg eit latterleg dårleg tilbod fordi du har sagt deg villig til å forhandle. I slike situasjonar kan du liksågodt være litt direkte og sette minstekrav for å i det heile tatt stille opp til intervju.
  7. Det er ikkje fullt så svart/kvitt. Arbeidsgjevaren kan sjølvsagt spørre om ting som er relevant. Denne lista over "forbodne" spørsmål er berre spørsmål som vanlegvis vil være usaklege. Har du søkt på jobb som prest så er det sjølvsagt heilt sakleg å spørje om du er kristen. I lova så står det mellom anna: Krever jobben hardt fysisk arbeid så vil det være lov å både spørje om din fysikk, samt i enkelte tilfeler også å kreve at dette er dokumentert gjennom ein helseattest. Skal du til dømes jobbe som dykkar eller bussjåfør så må du framlegge helseattest. Det å spørje om familieplanar vil nok derimot være forbode i det aller aller fleste tilfeller då dette er opplysningar som nesten utelukkande vil være til søkjarens ugunst. Det er dei færraste arbeidsgjevarar som vil tilsette ein person som veldig raskt må erstattast med ein vikar i 1 år. Einaste unntaka eg kan kome på akkurat no er dersom du er kvinneleg model for gravid-antrekk og det at du har store mage om 3 månadar er avgjerande for om du kan utføre jobben.
  8. Det stemmer nok, men dei aller fleste intervjuarar bør i alle fall vite kva område dei har budsjettert med. Kor bestemt du skal være på dette området kjem nok mykje ann på kor god forhandlingssituasjon du er i. Er du ettertrakta og har høge lønsforventingar så vil det berre være ein fordel å presse intervjuaren til å svare deg på om denne stillingsprosessen er verdt tida di eller ikkje. Har du ei lønnsforventning på f.eks. minst 600 000 kr så er det sjølvsagt heilt unøvendig bruk av både di eiga og interjvuarens tid å gjennomgå intervju eit eller fleire jobbintervju om det maksimale lønnsbudsjettet er 450 000. Samtidig så bør ein ha forståing for at intervjuaren har ein interesse av å ha ei heilheitsvurdering av deg før ein låsar seg til kva du er verdt. Sjølv med all verdens utdanning og erfaring så kan du i praksis være heilt ubrukeleg i jobbsamanheng, og sjølv om du er heilt uerfaren så kan du ha eit skjult talent som gjer deg verdt ei millionlønn som ingen kunne vite om før dei har snakka med deg.
  9. Det vil nok ikkje være umogleg å legge til eller endre i journalen, kor lett det er vil kome ann på type system som er brukt. Heile systemet er bygd opp på at helsepersonell er sannferdig i sin journalføring, og retten til at du sjølv kan kreve sletting kjem utifrå tilfeller der legen har jornalført opplysningar som er feilaktige eller irrelevante. Dei fleste journalsystem vil nok logge aktivitet i jornalen, men eg tviler på at alle system vil ha lagra alle versjonar av journalen. Så om legen (ulovleg) vil legge til eller fjerne opplysningar i ettertid så kan nok det gjerast i samband med anna legitim journalføring som blir logga. Vil gjette på at dei fleste loggane berre viser når og kven som opna journalen, og om det vart lagra endringar. Tviler på det det er vanleg at loggen viser at det er journalført ditt siste legebesøk og retta ein skrivefeil på eit tidlegare besøk. Det vanlegaste er nok at loggen berre viser at N.N lagra ein ny versjon 8 sept kl 10:02. Så om du skal ta denne kirurgen i juks så må du nok leite etter tilfeller der kirurgen har lagra endringar på tidspunkt der kirurgen ikkje har ein god grunn for å være i journalen din. Var du operert i fjor, men kirurgen la til eller endra journalen din i går utan at du har ny avtale med kirurgen vil då være mistenkeleg.
  10. Det er ikkje så rart når politiet har lært at våpenet har sikring i form av lang vandring og hardt svtrekk, og at utilsikta avfyring derfor ikkje kan skje. For det er den store fordelen med ei ytre fysisk sikring, når sikringa er av så er våpenet skyteklart og farleg slik at ein sjølvsagt ikkje retter våpenet mot mål du ikkje har til hensikt å treffe.
  11. Dette er ting som intervjuaren ikkje har lov til å spørre om. Om du bør svare på slike spørsmål meiner eg blir ei vurderingssak alt etter kva du vil oppnå. Ved å svare på spørsmålet så får du eit grunnlag for å anmelde for brot på diskrimineringslova og med muligheit for oppreisning og erstatning. Ein anna fordel med å svare er at du treng ikkje å være ærlig, berre svar det intervjuaren vil høyre, for intervjuaren kan uansett ikkje halde deg til svar du har gitt på sørsmål som det ikkje er lov til å spørre om. Det er greit å vite at dette ikkje er lov å innhente informasjon om, men ved å ikkje svare så "redder" du eigentleg intervjuaren ut av eit lovbrot. Eg synes det er rett å nyansere litt. Det som er viktig er at du i ein intervjusituasjon er oppmerksom på at spørsmålet om lønnsforventningar er både starten på ei lønnsforhandling om kva du kan få tilbod om, men det er også ei forventningsavklaring på om intervjuaren har råd til å tilsette deg. Ved å være alt for bestemt på at du ikkje vil vise dine kort, så kan det føre til at du ikkje får eit tilbod i det heile tatt. Husk at sjølv om arbeidsgivar vil ha deg billeg, så vil ein heller ikkje gi eit så lavt tilbod at det reflekterer dårleg på firmaet, eller at du takkar nei utan å ein gong ville reforhandle. Om du ikkje har peiling i det heile tatt på kva din arbeidskraft er verdt, så kan det ha noko for seg å ikkje oppgi lønnsforventningane dine i frykt for å kreve alt for lite. Men om det ikkje er fyrste jobben din så veit du omtrent kvar du bør ligge, og då kan du like gjerne fortelle kva du forventar slik at du ikkje kastar bort tida hos ein arbeidsgjevar som berre er interessert om din arbeidskraft kjem på "billigsalg".
  12. For SAG-AFTRA handlar steiken om jobbsikkerheit. Bruken av kunstig intelligens er berre eit av fleire moment. Slik som eg har forstått streiken så handlar det i stor grad om garantiar for å bli hyra inn over ei samanhengande periode som er lang nok til at det er mogleg å ha eit yrke som skodespelar. Som til dømes at dei ynskjer å inngå arbeidsavtale om å jobbe i fleire veker samanhengande slik at dei har ein økonomisk forutsigbarheit. Det skodespelarane fryktar er at dei berre får tilbod om å jobbe i eit par timar der dei blir 3D-scanna og gjort om til ein digital kopi som filmselskapet kan bruke til det dei vil i all framtid utan å betale for det. Flesteparten av skodespelarane i verden har eit dårleg betalt yrke, det er eit lite mindretal som har svært høg lønn og også dei har måtte jobbe seg oppover frå ein ubetalt hobby, til ein betalt jobb som så vidt dekker levekostnadane, og til ein får såpass med suksess at yrket også betalar nok til å være attraktivt. Det kan godt hende at det er dette som er framtida. Kanskje til og med framtidas skodespelarar ikkje ein gong er basert på ekte mennesker i det heile tatt, men om dette skjer så betyr det også at det å være skodespelar ikkje kan være eit yrke, då blir det ein rein hobby. Det er ikkje sikkert at det er alle yrkes som har livets rett i framtida, men det er ein diskusjon som burde takast på eit langt meir overordna plan enn i kvar enkelt arbeidskontrakt. Ein fin parallell til dette, men som ikkje har vært problematisert er om ikkje det same kan skje i andre yrker. For eksempel i fotball og anna sport. I dag er det ingenting i vegen for at ein kan bytte ut fotballspelarane med digitale avatarar som kan spele kampar døgnet rundt utan betaling. Spørsmålet er om det er dette vi som forbrukarar vil ha. Er vi interessert i å betale for å sjå ein fotballkamp om det ikkje er ekte menneske som utøver sporten? Og er vi interessert i å betale for å sjå ein spelefilm som er generert av ei datamaskin? Ei heilt anna problemstilling er også det reint juridiske rundt opphavsrett. Skodespelarane ynskjer sjølvsagt betalt for sitt bidrag til å lære opp AI til å både snakke og oppføre seg som dei. Kva som er ein original tanke kan bli svært uklart når ein har AI som har henta all sin kunnskap frå ulike databasar. På musikkfronten så er det vel alt nokon som har spelt inn alle verdens melodiar ved å sette opp eit skript der ei datamaskin har satt opp alle mulige kombinasjonar av notar. Er det då slik at denne personen kan legge copy right claim på all ny musikk fordi all ny musikk nødvendigvis må ha ein notekombinasjon som han alt har spelt inn ved hjelp av AI?
  13. Haiking er det nok nesten heilt slutt på, i alle fall på den tradisjonelle måten. Ein del av transportbehovet er flytta over på internett gjennom appar og sosiale media, kanskje spesielt den delen av haikinga som utgjer festkøyring/pirattaxi. Eg trur nok ikkje at nedgangen i haiking har med sikkerheit å gjere, for reint objektivt sett så kan det vel aldri ha vært så trygt å haike som i dag når ein med mobiltelefonen kan ringe etter hjelp, sende posisjonen sin, og til og med filme sjåføren. For folk med onde hensikter så er nok det å plukke opp tilfeldige haikere ein svært dårleg framgangsmåte i dag. Min teori er at det er to viktige grunnar til at vi ikkje haiker meir. Samfunnsendringane spelar nok ein viktig rolle. I dag er vi langt meir skeptiske til å ha direkte kontakt. Når folk ikkje ein gong tørr å møte uannonsert på døra for å banke på til sjølv nære vennar utan å ha avtalt besøket per telefon i forkant så er det ikkje så rart at folk ikkje er komfortable med å sette seg i ein framand bil. Nordmenn har nok blitt langt meir private dei siste tiåra, slik at tilfeldige møter har blitt meir skummelt. Eg trur nok også at svært mange fleire i dag er skeptiske til å plukke opp haikere, nettopp fordi det kan være ubehageleg å plutseleg ha ein framand person i bilen. Den andre grunnen til at det er mindre haiking er ein kombinasjon av betre økonomi og betre tilgang til alternativ. Før så kunne haiking være einaste realistiske transportformen f.eks. på kveldstid når bussen slutta å gå, eller til å forflytte seg over lengre avstandar som mellom byane fordi det var for dyrt med bussbillett. I dag har langt fleire tilgang på eigen bil, kollektivtilbodet er langt betre enn det var før, og relativt til lønnsauken så har det blitt billegare å bruke kollektivtilbodet. Eit anna moment er nok også det reint økonomiske. For 20 år sidan så måtte du ha kontantar om du skulle ta bussen til Oslo. Bussane tok ikkje kortbetaling eller sjekk og digital betaling fantes ikkje. Så i enkelte tilfeller så måtte folk haike om dei hadde brukt opp kontantane sine og ikkje kunne kjøpe bussbillett, om ikkje anna så måtte dei haike (eller gå) til nærmaste minibank for å ta ut meir pengar. Minibankane blei eigentleg ikkje vanlege før utover på 80 talet, så om ein tenker på før i tida som 70-talet og bakover så måtte ein ta ut pengar i fysisk bank eller butikk i opningstida. Eg trur nok at det store miljø og bærekraftfokuset vil gi haiking ein renesanse, men sikkert mest i form av bildeling og ulike app-tenester. Ser for meg at det nok vil kome ein type "couch-surfing" berre at det billistar som har eit ledig bilsete som via appen kjem i kontakt med folk som gjerne vil sitte på, og at ein i appen gir kvarandre ei rangering. Ei slik teneste finnes heilt sikkert frå før, men så vidt eg kjenner til så er det ikkje ei utbredt teneste. Men eg trur nok at dette vil kome ettersom fleire og fleire kvitter seg med privatbilen, er opptatt av å reise bærekraftig, og at ein strammar økonomi vil gjere det meir attraktivt for fleire å finne billege eller gratis transportalternativ.
  14. Det er ikkje alle arbeidsgivarar som er så opptatt av karakterar (kan variere litt alt etter kva utdanning du tar), og om du blir spurt om karakterar så er det vanlegvis karakteren på masteroppgåva som er av interesse. Du vil nok ha meir igjen for å kunne vise til vitnemål frå ein meir anerkjent skule, og kravet om meir obligatorisk oppmøte og praksis indikerer også at den andre høgskulen nok gir deg ei objektivt sett betre utdanning.
  15. Har ikkje gått vegen om forkurs sjølv, men du vil nok ikkje få særleg med problem med å kome deg gjennom forkurset. Dei store utfordringane er at dette er ganske tørt stoff med stor bredde, for dei fleste så vil det være langt meir interessant å jobbe med fysikk og matte når du kjem litt lengre i utdanninga og får fokusere på den delen av fysikk og matte som er direkte relatert til ditt fagfelt. På forkurset må du gjennom ein del evner som du antagelegvis ikkje kjem til å få bruk for seinare. Men om du klarer å holde konsentrasjonen oppe så burde dette gå ganske så greit for deg som har hatt gode mattekarakterar før. Den andre utfordinga er at forkurset er ganske så intensivt, så du kan få litt utfordringar om du ikkje er vand med å jobbe med skulearbeidet. Det er kanskje den tøffaste overgangen frå vidaregåande der ein i stor grad kan flyte på "talentet" sitt og få ganske gode karakterar utan så mykje innsats og ein høgskule/universitet der du i større grad må jobbe med fagstoffet for å få gode karakterar. For min eigen del var nok det eg kanskje angra mest på i ettertid at eg ikkje alt på vidaregaånde la meg til gode studievanar. Det var fyrst seinare eg innsåg at eg aldri hadde lært gode studieteknikkar og måtte finne ut av dette undervegs i ingeniørutdanninga.
  16. Dersom du har sakt heilt feil beløp så bør du rette opp i dette. Slik som eg forstår deg med at du "bommet på årsinntekten" så tolkar eg det som at intervjuaren ville vite kva du forventa i årslønn medan du er vant til å tenke månads- eller timelønn, og då kan det fort bli feil om ein er uførebudt på spørsmålet. Ei anna typisk feilkjelde er om ein oppgir årslønna med eller utan feriepengar. Det vanlegaste er at månedslønna er årslønna delt på 12 sjølv om du i praksis får lønnsutbetaling i 11 månadar og feriepengar den 12 månaden. Feriepengane er trekt frå kvar lønning dei øvrige 11 månadane. Men her det nok mange som tenker forskjellig, det blir ein del forskjell på om du oppgir ønska årslønn som X i månaden ganger med 11 eller ganga med 12. Kommunesektoren er relativt gjennomregulert i lønnsfastsettinga. Sjølv om det er ein del forskjellar frå kommune til kommune så kan du normalt rekne med å få eit lønstilbod som er nokonlunde rett. I dei fleste tilfeller vil det likevel være rom for å prute/forhandle, så det vil eigentleg alltid være fornuftig å be om eit betre lønnstilbod enn det du har fått presentert. Det verste som kan skje er at du får eit nei og at du må ta stilling til om du vil ha jobben med det som er tilbudt av lønn eller ikkje. Spørsmålet om lønnsforventning i kommunal sektor kjem nok vel så mykje utifrå at kommunen fryktar at dei ikkje vil være i stand til å imøtegå lønnskrava dine og at du rett og slett blir for dyr om du ikkje er villig til å fire lønnsforventningane dine. Ofte vil kommunale jobba også ha ei ganske så hard øvre grense for lønn, både av omsyn til lønnsbudsjett og at ein skal innplasserast i eit lønns hierarki der lønna må ligge ein stad mellom arbeidstakarane som er over og under deg i lønnsstigen. Ein av fordelane med ein kommunal arbeidsgivar er at det skal veldig mykje til for at du blir "lurt" til å akseptere ei alt for lav lønn. Dersom kommunen prøver seg med å underbetale deg grovt så vil dette typisk være noko som fagforeiningane tek tak i. Og apropos fagforeiningar, om du er fagorganisert så vil eg på det sterkaste anbefale at du snakkar med den tillitsvalde på arbeidsplassen før du takkar ja til jobben. Den tillitsvalde har oversikt over kva alle andre i kommunen har i lønn og kan hjelpe deg å vurdere lønnstilbodet ditt.
  17. Er det i det heile tatt ein avtale om at du skal fakturere for straumbruken. Som andre har påpeikt så må du ha nokre faktaopplysningar for å kunne rekne ut forbruket. Straumforbruket på kompressoren samt eventuelt anna som brukte av din straum, anslag på kor lenge kompressoren aktivt brukte straum, samt straumprisen i den aktuelle perioden. Du seier at denne kompressoren var tilkopla vanleg stikkontakt, veit du om det er 10 eller 16 ampers kurs? På 16A så er maks teoretisk belastning 3680 W, eller 3,7 kW før sikringa ryk. Dei fleste vanlege kompressorar er på mellom 1 og 2 kW, og dei har dette straumforbruket berre i korte periodar til trykket har bygd seg opp i tanken før motoren slår seg av. Har du nokon formeining om kor lenge kompressoren "laga bråk" i løpet av ein dag? Eg tenker nok kanskje at det er meir aktuelt å sende ein faktura for kompensasjon for at du var snill og grei enn å bruke tid på å finrekne på kva dette lånet har kosta deg direkte. Og litt avhengig av kva firma det er snakk om så tenker eg også at det kanskje at det kan være minst like aktuelt å be om ei motteneste av eit eller anna slag i staden for å sende ein faktura.
  18. Einig i at det vanlegaste er at innkrevaren brukar trusslar eller lettare vold for å "motivere" skuldnaren til å betale. Men når det endar med drap så er det enten for å statuere eit eksempel, eller ved eit uhell. (At dette drapet var eit uhell kan vi nok utelukke). Om dette var eit torpedo-drap så vil det være ganske mange personar innafor dette miljøet som veit kven som har arrangert drapet. Ein veit kanskje ikkje kven som trykte på avtrekkaren, men det veit i alle fall kven som har bestilt drapet. Det betyr at det er svært gode sjansar for at drapet blir om ikkje anna delvis oppklart. Når så mange personar har kjennskap til saka så er det berre eit spørsmål om tid før nokon snakkar om det, enten ved å forsnakke seg ovanfor andre eller kanskje til og med i politiavhøyr for å forhandle seg til mildare straff i andre saker i bytte mot informasjon. Eit torpedo-drap vil aldri ha til hensikt å forbli uoppklart, heile poenget er jo at det skal bli kjent at denne personen/gruppa er villige til å drepe. I slike saker vil gjerningsmannen gi seg til kjenne. Gjerningsmannen vil sjølvsagt prøve å unndra seg straff, men gjerningsmannen vil at folk skal vite at det var dei som stod bak. Det at gjerningsmannen skjuler sine spor for å ikkje bli avslørt og dømt er meir eit kjenneteikn på at personleg motiv. Typisk sjalusi, krangling om pengar, æreskrenking, eller liknande.
  19. Slik er det med statistikk, den er ofte vel så bortforklarande som den er oppklarande. Kommunen har to viktige oppgåver som i denne saka overlapper. Både om dei klarer å tilby sjukeheimsplass til dei som treng det, noko som denne statistikken ikkje seier noko om. Og den andre oppgåva er å kunne behandle søknadane søknadane raskt nok til at søkaren får eit raskt svar. Statistikken kan ikkje nødvendigvis brukast på begge tilfella. Det nyheitssaka eigentleg viser er at kommunen har god nok saksbehandlingskapasitet (til å avslå søknadar), men at det manglar kapasitiet til å drifte sjukeheimsplassar. Det som kanskje er mest fustrerande som innbyggar er eit vi ender opp med den dårlegaste løysninga på alle måtar. På den eine sida skal kommunen spare pengar ved å underdimmensjonere tilbodet, blant anna med å ha for få stillingar. Men på den andre sida så gjer dette at kommunen må leige inn dyre vikartjenester, og då sitt vi igjen med at eldreomsorgen er både dyr og dårleg. For meg som innbyggar vil eg heller ha dyrt og bra, eller dårleg og billig.
  20. Politisk er eg nok for, men av omsyn til alt det praktiske så vil eg nok stemme imot. Så fram til vi får eit konkret forslag om korleis dette kan gjennomførast så kan eg ikkje stemme berre basert på korleis det burde være. Eg synes også at det finnes mange gråsoner og tilstøytande problemstillingar. Om det er lov for helsepersonell å tilby aktiv dødshjelp til pasientar som ynskjer det, vil det då også være lov å be helsepersonell om ein uforsvarleg mengde smertestillande slik at pasienten kan leve ut resten av livet i ein sjølvpåført opioid-rus, eller anna behandling som i dag ikkje er rekna som forsvarleg helsehjelp? Dei praktiske forholda rundt helsepersonellet som skal utføre jonben er ei problemstilling, men kan nok enkelt ordnast ved å splitte denne delen til eigne stillingar som ein aktivt må søke seg til og ikkje noko som ein blir påtvunget.
  21. Det kan du fint, men som påpeikt må du ta høgde for habilitetsreglane, samt eventuelle vilkår som du har forplikta deg til gjennom arbeidsavtalen. Det som vil være avgjerande er kva stilling og arbeidsippgåver du har i kommunen, og kva du skal jobbe med i den andre jobben. At du jobbar for ditt eige AS og ikkje for ein anna arbeidsgjevar spelar ingen stor rolle. Jo større myndigheit og råderett du har i kommunen, jo strengare blir habilitetsvurderinga. Jobbar du på byggesak så kan du openbart ikkje jobbe som utbyggar der du behandlar dine eigne søknadar.
  22. Norge og Vietnam har skatteavtale, du er skattepliktig til Norge og har Norge som fast driftsstad når du har heimekontor. Så lenge både du og arbeidsgivar følgjer denne avtalen så er dette relativt enkelt. Men om ikkje ein følgjer avtalen så kan du risikere at både Norge og Vietnam avkrev deg for skatt slik at du blir dobbeltbeskatta. Eit alternativ kan være at du opprettar eige foretak, og at du i staden for å få lønn frå Vietnam får betaling til foretaket, då har du sjølv styringa på kva du skal betale vidare til Norge i form av skatt og avgift.
  23. Dette betyr at kravet ditt er alt for høgt og med alt for svak dokumentasjon. Då må du enten grunngi kravet ditt med nok relevant dokumentasjon til at du kan få det utbetalt. Eller så må du redusere keavet så mykje at det er tilstrekkeleg med ei sannsynlegheitsovervekt for at kravet stemmer. Det er forskjell på å kreve 1000 kr for å dekke taxi-kostnadar som du ikkje kan dokumentere at du har hatt, kontra å kreve 57 kr for ein bussbillett. For sjølv om du ikkje kan dokumentere at du reiste med bussen, så kan du sansynleggjere at du hadde transportkostnadar, så då kan du få dekt billegaste reisemåte også utan dokumentasjon.
  24. Skal nok mykja til at ein av partane vil selge 1% og miste all innflyting i selskapet. Då er det langt meir urealistisk å skulle selge seg heilt ut.
  25. Du må ha jobba i minst 4 veker for å ha rett på sjukepengar.
×
×
  • Opprett ny...