The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Og motsatt så er det Erna som ikkje skal dele informasjon som andre kan bruke. Det et nok heilt klart at Sindre har misbrukt den tilliten som Erna har gitt han, men samtidig så er dette risikoen Erna tok ved å ikkje berre snakke om været og andre trivielle ting. Hadde ikkje Erna fortalt om kva ho gjor på jobben så hadde heller ikkje Sindre hatt informasjon å bruke.
- 987 svar
-
- 3
-
Kor svakt bevisgrunnlag snakkar vi eigentleg om? Er det slik at den som anmelder har fyrstehandskunnskap om lovbrotet også kan stille som vitne, og at det berre er dei harde bevisa som manglar? Eller er det snakk om å anmelde heilt utifrå det blå for å få politiet til å starte ei undersøkingssak for finne lovbrot? Det er mange typer bevis, og ein må ikkje nødvendigvis inn på datautstyret for å finne fellande bevis. Om politiet kan ta beslag i datautstyr for å leite etter bevis blir ei vurderingssak der ein må vurdere om det er skjellig grunn til mistanke og dermed grunnlag for å gå til retten for å be om ransaking. Den som blir anklaga har også rett på eit vern mot myndigheitsovergrep.
- 4 svar
-
- 1
-
Nei nei, det er mykje verre med simpelt tjuveri, for det er slik som vanlege folk driver med. Kvitsnippforbytingar viser klasse og dannelse og må sjølvsagt kunne unskuldast.
- 987 svar
-
- 4
-
Går det an å bruke veggmaling på innsiden av en ytterdør?
The Avatar svarte på Grønnplante sitt emne i Hus, hage og oppussing
Kjem sjølvsagt ann på kva slags maling og kva slags dør, men alt går. Det verste som skjer er uansett at døra kan fort bli stygg igjen slik at du må male den på nytt. -
Du har rett i at pengane ikkje kan krevast inn som skatt eller straff, men ein lovnad om å slutte å tene pengar på denne måten fordi ein vart tatt med buksene nede er ikkje tilstrekkeleg for å gjenopprette tillit.
- 987 svar
-
- 4
-
I enkelte tilfeller kan lover og forskrifter gis tilbakevirkande kraft, det viktigaste unntaket er endringar som et til subjektets gunst. Eit anna unntak er at lover kan endrast sjølv om det gir konsekvensar i dag. Ein kan ikkje endre lova slik at du blir straffa i dag for noko du gjorde før lova vart endra, men ein kan endre lova slik at det gir ulike konsekvensar i dag. Til dømes krav om at alle hus må ha røykvarslar sjølv om dei ikkje hadde det før i tida, eller at endringa i tjenestepensjonslova gir deg dårlegare pensjonsrettar enn du hadde før lova trådde i kraft. Det er ikkje gitt at bruksforbod på bustadar som ikkje tilfredsstiller miljøkrav på grunn av manglande oppgradering er ulovleg, akkurat som at ein kan få bruksforbod på eit køyretøy som ikkje er vedlikehald til å oppnå utslepskrava.
- 722 svar
-
- 1
-
Svaret er ikkje fullt så enkelt, men etter el-tilsynsloven så skal tilsynsmyndigheita ha uhindra tilgang til det elektriske anlegget. Det betyr forsåvidt at det ikkje er heimel til å kontrollere rom som ikkje har elektrisk anlegg, men samtidig så er det vel underforstått at ein del av tilsynsheimelen er også å kontrollere om det stemmer at det ikkje er elektrisk anlegg på det aktuelle rommet. Ein kan få pålegg, og deretter bot for å ikkje gi el-tilsynet adgang til å kontrollere det dei skal kontrollere. Korleis kontrolløren i praksis forheld seg til at ein ikkje får kome inn i alle rom vil nok variere frå kontrollør til kontrollør. Eg vil gjette på at ettersom det i vanlege hus oftast er snakk om å stikkprøvekontroll så er det nok mest fokus på å dei viktigaste tinga som sikringsskap, jordfeil på kjøkken og bad, osv. Dersom det er mistanke om at eit eller anna ikkje er i orden så er det nok meir nærliggande å gi pålegg om at huseigar må få ein elektrikar til å gjennomføre ein fullstendig el-kontroll og ettersender ein kontrollrapport enn det er at tilsynsmyndigheita bruker tid på denne jobben.
- 5 svar
-
- 2
-
hva synes dere om de nye skrukorkene på melkekartongen?
The Avatar svarte på Mr.M sitt emne i Mat og drikke
Det et også ein forskjell på kvar ein legg lista. Melk som står i open behaldar kan lettare ta smak/lukt av andre ting i kjøleskapet. Melka er trygg å drikke likevel men er ikkje nødvendigvis like god som fersk og nyopna melk. Og jo tettare behaldaren er etter opning, jo mindre sjangs for at du kan få bakteriar frå lufta i melka som bidrar til at den blir sur.- 50 svar
-
- 1
-
Ein baserer seg nok på at det er lite sannsynleg at ein passasjer tek av seg beltet kvar gong bussen stoppar, og at sittande passasjerar utan beøte truleg heller ikkje brukte beltet rett før bussen stoppa. Realistisk sett så tek det nok like lang tid å ta av seg beltet og sette seg tilbake i setet etter at bussen har stoppa heilt opp, som det tek for kontrolløren å ta eit skritt og kike oppover midtgangen rett etter at bussen stoppa heilt opp. Deretter er nok mange av forelegga basert på at folk flest innrømmer dei faktiskeforhold og ikkje er villige til å bruke tid og pengar på å bestride saka i påvente av ei rettssak. Blir det rettssak så er vitneforklaringa til kontrolløren, muligens bussjåføren, og kanskje til og med andre passasjerar som blir bevisførselen om det ikkje er til dømes videoovervåkning som kan nyttast. Og utan at eg veit det, så er det ikkje utenkeleg at ein brukar ein sivilkledd kontrollør som går ombord eit stopp eller to før uniformert personell gjennomfører kontrollen, og at den sivilkledde hjelper til med å peike ut kven som skal ha bot, og som kan være vitne om det skulle bli ei rettssak.
-
Nei, dropp gåvekort. For det fyrste er det mykje kjedeligare å få eit kort, det ser litt småleg ut om det er eit gåvekort på 100-150 kr, og det signaliserer eigentleg svært lite omtanke å berre kjøpe eit gåvekort. Då er det mykje betre at ho får ei heilt OK vinflaske direkte, spør du på polet etter ei rimeleg men god vinflaske så kanskje også du finn ein litt uvanleg vin som mottakaren ikkje kjenner prisen på. Eg synes også at det er betre at dersom du har kjøpt f.eks. ei flaske raudvin og ho heller vil ha muserande vin så kan ho reise til polet og bytte den sjølv (også utan å ha kvittering).
- 14 svar
-
- 1
-
Ja sikkert ikkje så mange som gidder, men ein får bytte vin (men ikkje brennevin) også utan betaling. Ein kan til og med få pengane tilbake, då dette er ein del av Vinmonpolets policy på å redusere alkoholforbruket. Så er du avholden så skal du sleppe å drikke vinen berre fordi du har fått den i gåve.
- 14 svar
-
- 1
-
Ofte betyr ikkje partiprogrammet så mykje heller på lokaøt nivå når det skal byggast f.eks. barnehage, korleis moderpartiet stiller seg til arveavgift, EU-medlemsskap, og rus-politikk blir då litt uviktig. Den politiske krangelen kokar då ofte ned til kvar barnehagen skal byggast, og også der er det nok lite hjelp å få frå partiprogrammet.
-
For rikspolitikarane så er lokalet viktig fordi dei ser på det som ei "generalprøve" for kva folket vil stemme om to år til stortingsvalget i 2025, problemet er berre at i lokalpolitikken så er det nesten ingen som følger partiprogrammet som partiet har sentralt. Eg tenkjer at ein "quick fix" er at dei store partia ikkje får stille med lister med partinamnet til lokalvalget. Det kan gjerne være dei same kandidatane som er medlemmar av eit moderparti, men på lokalvalget burde det vere eit krav at ein stiller til valg på eigne premisser utan å støtte seg på moderpartiet. I mange kommunar har dei "folkelister" som ofte er ei blanding av politikarar frå ulike parti som har samla seg rundt ei bestemt viktig lokalsak. Eg vil gjerne ha meir av det i lokalvalget.
-
Her er det mange variablar, men det er nok mange som sitt rolig i båten no fram til ein betre oversikt over kva lånerenta kjem til å bli, eventuelt til at ein har slått seg med ro med at lånetrenta kjem til å være høg. I tillegg så er det normalt at boligmarkedet er litt roligare etter august. Typisk så er dei beste månadane å selge på i januar, mai og august. Det er typisk disse månane at folk startar og sluttar på studiar, noko som fører til at mange skiftar jobb på disse tidene. Vi er no ferdige med august månad der mange nok alt har bytta bustad etter sommarferien så historisk sett så blir det ei roleg periode fram mot nyttår. Det er langt færre som flyttar og byttar jobb frå no og fram mot nyttår. Mitt råd er også at du tenker litt kritisk over kva prisantydning du har satt på bustaden. Ofte kan meklaren være litt i overkant optimistisk på kva bustaden din bør være verdt, og kombinert med eit marked der fleire er veldig prisbeviste så kan det naturleg nok være vanskeleg å selge til den prisen som du og meklaren ynskjer. Mest truleg skal du vel også kjøpe noko i det same markedet så ulempen med å selge til ein litt lågare pris vil nok i stor grad jamne seg ut ved at du også kan kjøpe til litt lågare pris. Har du det travelt med å selge så bør du jobbe med å gjere bustaden meir attraktiv. Det kan være å redusere prisantydninga litt, kanskje gjere jobben med å male veggar og slite flate, og kanskje også vurdere å leige inn ein interiørarkitekt til å få mest mogleg ut av bustaden.
-
Fisk er heller ikkje eit spesielt godt etisk val heller med mindre vi berre later som at fisk er for dumme til å assosiere smerte med ubehag. Å avlive fisk tek tid, og det nærmaste ein kjem human avliving av så store mengder fisk er å bedøve fisken med elektrosjokk før avliving. Etter det som eg har fått med meg så er kjøttgrensa på 350 gram i veka satt utifrå ei helsevurdering, og at av miljøomsyn bør kjøttforbruket være mykje mindre. Dette har gjort dei nye kostholdråda svært vanskelege å forhalde seg til sidan grunngjevinga varierer frå råd til råd. Dei offisielle norske kosthaldsråda er no oppdatert til å også ha denne anbefalinga på maks 350 g raudt kjøtt og maks 175 g kvitt kjøtt, og at in bør unngå alle prosesserte kjøttprodukt som pølser, kjøttdeig med salt, osv. Grensa på 350 g raudt kjøtt er satt utifrå ei helsevurdering, medan grensa på 175 g kvitt kjøtt er satt på bakgrunn av miljøomsyn. Ikkje berre gjerre denne blandinga av argumentasjon kosthaldsråda vanskelege å forstå, men det er også veldig vanskeleg å for befolkninga å finne erstatningar om ein ikkje klarer eller vil følgje alle kosthaldsråda. Sjølv enkle spørsmål som om det er anbefalt å bytte ut oksebiffen med kyllingfillet gir ikkje kosthaldsråda nokon gode svar på, etter helseråda så er vist svaret ja at ein bør heller ete kvitt kjøtt, men frå eit miljøperspektiv så speler det ingen rolle kva type kjøtt ein velger.
- 49 svar
-
- 2
-
I tillegg til forslaget om forbruksvarer (særleg om du ikkje kjenner henne godt nok til å vite kva ho liker og kva ho har frå før) så vil eg legge til at eit vanleg prinsipp er at ein bør tilby ei gåve som står i stil med vertsskapets utgifter med å arrangere festen. Så blir du servert middag så gåva ha ein verdi som liknar på verdien av middagen, på ein enklare fest så kan ein ha ein mindre gåve. I tillegg så kjem det sjølvsagt veldig ann på økonomien, ein skal aldri bruke meir på gåver enn kva ein har råd til, og ein bør aldri bruke formykje på ei gåve for å imponere andre. Ei fin vinflaske frå polet kan kanskje være ein tanke? Den har då også fordelen med at ho kan bytte vinflaska til ein anna type vin (eller få pengane utbetalt) på Vinmonopolet om ho ikkje liker den vinen du kjøpte. Går du for blomster/plante så er det veldig fint om du også inkluderer vase/potte.
- 14 svar
-
- 1
-
Her blir det nok for mange variablar til å gi eit ordentlig svar. Garasjemarkedet er nok relativt ustabilt der verdien kjem ann på mange ulike forhold, der det viktigaste er å finne ein leigetakar som er villig til å betale mest mogleg. Folk flest vil ha garasjeplassen veldig nært der dei bur eller jobbar, så antalet leilegheiter og arbeidsplassar i nærområdet har nok større betydning for verdien enn kor sentral garasjeplassen er. Sjølv om at ein sentral garasjeplass også ofte vil være i nærheita av der folk bur og jobbar. Eit anna viktig moment er kor trygg garasjeplassen er. Ein brei garasjeplass i låsbar garasje kan fort være verdt veldig mykje for ein leigetakar som har dyr bil som ein er redd for å få bulk i. Andre leigetakar er meir opptatt av å ha ein plass der dei kan presse inn bilen utan å få parkeringsbot. Som investeringsobjekt så er nok største fallgruva faren for lediggang.
- 3 svar
-
- 2
-
Eg har nok eit høgt kjøttforbruk men det er i all hovudsak reint kjøtt. Meiner sjølv at eg har eit lavt forbruk av ureint kjøtt som pølser og kjøttdeig. Om eg skal lage ein kjøttdeigrett så brukar eg karbonadedeig, elles går det mest i reint kjøtt som biff, grytekjøtt, kyllingfillet, osv. For min eigen del så har eg vald eit slikt kosthald fordi eg akkurat no synes det er viktigare å passe på vekta enn det er å forebygge eventuell kreftfare i framtida. Eg tenker litt på miljøaspektet men kompenserer der med at eg tek med råd til å kjøpe mest mogleg kortreist kjøtt av høg kvalitet og tenker som så at det også har ein miljøverdi å ete fårekjøtt frå Norge i staden for oksekjøtt frå Namibia. Eg må også innrømme at eg vil ha mat som smakar godt. Det er sikkert sunnare å gå på vegandiett ei stund men eg har funne få veganrettar som er spesielt gode, i tillegg ynskjer eg ikkje å bruke alt for mykje tid på matlaging. Eg er på ingen måte redd for vegandiett og lagar innimellom veganrettar, men synes ikkje det blir spesielt spennande og godt. Ser liksom ikkje heilt poenget i veganpølser og veganburger, skal ein ete junk-food med snev av vegetaringrediensar så kan ein like gjerne lage noko anna enn burger til middag. Ser ikkje heilt vitsen med å ete ein halvgod hamburger, då vil eg heller ha ein god burger eller noko heilt anna.
- 49 svar
-
- 1
-
Hva stemmer vi ved kommune -og fylkesvalg?
The Avatar svarte på Vaniman sitt emne i Politikk og samfunn
Eg reknar med at mykje av forklaringa er at dette er eit lokalvalg der partitilhøyrigheita eigentleg ikkje er så viktig. Lokalvalget er fyrst og fremst eit personvalg der ein stemmer fram gode representantar relativt uavhengig av partiet. Lokalpolitikk er også noko heilt anna enn rikspolitikken. Som lokalpolitikar har ein liten reell politiske innflyting, men det som ein blir målt på er om ein klarer å forvalte kommunale utgifter og kommunale inntekter på ein fornuftig måte. Det vil vanlegvis ikkje være nok frie pengar til å gjere dei heilt store krumspringa, så det handlar mest om å prøve å styre på ein slik måte at ein ikkje kastar vekk pengane på unødvendig tull og tøys. Er litt som forskjellen mellom å være økonomisjef i eiga hushaldning og være sjef for oljefondet, jobbtittelen er lik men handlingsrommet er svært ulikt. Som lokalpolitikar kan ein ikkje gjere så mykje med skattepolitikken, innvandringspolitikken, lovendringar, NAV systemet, osv. Og utan disse områda så er dei fleste partia og kandidatane forholdsvis like på lokalt nivå uavhengig av fargen på pinsen.- 129 svar
-
- 2
-
Sjølv synes eg at lokalpolitikken er mykje vanskelegare å sette seg inn i fordi du skal stemme på enkeltpersonar, så du må ha god oversikt. Kva parti dei tilhøyrer betyr ingenting, så du får lite drahjelp fra partifargen. I tillegg er svært mykje av lokalpolitikken nesten heilt utan praktisk relevanse. Budjettet må brukast på dei vanlege "kjedelige" tinga som skule og eldreomsorg, det er for lite pengar igjen i kommuneøkonomien til å gjere noko som er "gøy". Ein kan som lokalpolitikar gjerne være for å redusere eigedomsskatten og auke talet på barnehageplassar, men når kommuneøkonomien hindrar deg i å utøve politikken så er du like langt. I praksis blir kommunen styrt nesten heilt identisk uavhengig av om ordføraren stilte på lista for Raudt eller Frp. Blanke stemmer blir telt separat. Ein tell antallet gyldige stemmer, (vanlige stemmer som teller med i valresultatet). Antallet blanke stemmer, (stemmer som er avgitt på blank blankett og er stempla) Antallet forkasta stemmer, (stemmer uten stempel, om det er levert fleire stemmesedlar, osv) Antallet ugyldige stemmer, (er omtrent det same som forkasta stemmer men gjeld stemmer på parti eller personar som ikkje stiller til valg, stemmer som ikkje er merka med kva val dei gjeld for, osv).
- 113 svar
-
- 2
-
Med frykt for å virke spydig: Har du lest avtalen? Det er sjeldan at du finn lovverk som overstyrer avtalefriheita, og ofte kokar det ned til ei vurdering av om avtalevilkåra er rimelege. Det fyrste du bør gjere er å ta kontakt med skulen for å be om ei forklaring på fakturaen. Kanskje er det ein feil og du får retta opp fakturaen med ein gong, eller så er fakturaen rett og skulen viser til sitt grunnlag for å kreve betalt, enten det er frå avtalen eller eventuelt lovverk. Så kan du etterpå vurdere om du er einig i at dette er eit legitimt krav eller om du vil bestride kravet. Ikkje bruk masse tid på noko som du raskt kan avklare med ein telefon eller epost.
- 4 svar
-
- 1
-
At du stemmer blankt blir logga, så ei blank stemme dokumenterer at du kunne ha stemt men valgte å ikkje gjere det. Ved å ikkje stemme i det heile tatt så forsvinn du inn i mengda der ingen kan vite kvifor du ikkje stemte. Kanskje er det ei protesthandling, kanskje vart du sjuk, kanskje er du på ferie, eller kanskje sofaen frista meir. Det er berre du som veit kvifor du ikkje stemte. Men ved å stemme blankt er det langt færre alternativ gor kva motivasjonen din var.
- 113 svar
-
- 2
-
Usikker på korleis dette eventuelt skulle kunne fungere. Men samtidig så er det absolutt et signal å ta med seg når man på valresultatet ser at det er fleire som stemmer blankt enn det enkelte av partia som stiller til val får. Ser at i skulevalet så er nesten 12% av stemmene blanke, og sjølv om det ikkje nødvendigvis er representativt for kommunevalet så burde det være eit urovekkande høgt antall. Og særleg om vi tek med i konteksten at i skulevalet så var det Høgre som stakk av med sigeren med eit resultat på 21,8%, og at det berre var Høgre, Arbeidarpartiet og Fremskrittspartiet som fekk fleire stemmer enn dei som stemte blankt. Hadde alle som stemte blankt i skulevalet gitt sin stemme til partiet Sunnmørslista (som var skulevalets minst populære parti med berre 11 stemmer og 0,2%) så hadde dette partiet blitt det fjerde største partiet på landsbasis. Og langt større enn andre store parti som SV 11,1%, V 9,2%, Sp 6%, MDG 3,8%, KrF 2,8% og Raudt 2,7%. No veit vi ingenting sikkert om kven og kvifor så mange stemte blankt. Men eit spennande tankeeksperiment er at dersom til dømes partiet Venstre ikkje hadde blitt sensurert frå å snakke om sin ruspolitikk: https://www.dagbladet.no/nyheter/lei-av-cannabis-sensur-1/80146633 Og på den måten hadde fått dei som stemte blankt til å gi sin stemme til Venste så ville dei enda opp med 27,8% stemmene og med det blitt største partiet med stor margin.
- 113 svar
-
- 1
-
På sjølve valgresultatet så har du heilt rett, ein teller antall positive stemmer på kvart parti/person. Før vart blanke stemmer forkasta som ugyldige, men ikkje no lenger. I dag føres det statistikk over andelen som har brukt sin stemmerett til å stemme blankt. Den store praktiske forskjellen mellom blanke stemmer og dei som ikkje har stemt er at ein ikkje kjenner grunnen til at folk ikkje har stemt, det kan være alt frå sjukdom, at ein har gløymt valget, til at ein ikkje bryr seg. Men dei blanke stemmene er stemmer som kunne gått til eit parti dersom stemmegivaren hadde blitt presentert med eit godt valg. Ein veit at den som møter opp i stemmelokalet for å levere ei blank stemme gjer dette for å vise at ein gjerne vil være ein del av demokratiet men at ein likevel ikkje klarer å gå for eit av partia som ein kan stemme på. Dei som brukar tid på å møte opp i stemmelokalet for å stemme blankt vil det være fint mogleg å appellere til slik at dei ved neste valg stemmer parti A, medan heimesitterane vil ein mest truleg ikkje klare å påvirke i det heile tatt sidan dei ikkje er engasjerte nok til å møte opp i stemmelokalet. Ja. Når ein vurderer valgdeltaktinga så tel også dei blanke stemmene med. Og sjølv om det ikkje er relevant ved kommune- og stortingsvalg så er det også slik at blanke stemmer kan sette ein stoppar for alminneleg fleirtal. I eit aksjeselskap så må ein ha meir enn 50% av stemmene for å kunne gjere vedtak. Om 40% stemmer for forslag 1, 30 % for forslag 2, og 30% stemmer blankt så har forslag 1 ikkje oppnådd eit alminneleg fleirtal og saka kan ikkje vedtakast.
- 113 svar
-
- 4
-
Her er det ingen enkel forklaring, men kort fortalt. Å ikkje stemme er lilegyldigheit og du viser med å ikkje stemme at du har tillit til både dei som stemmer og til politikarane som stiller til valg. Å stemme blankt er ei protesthandling der du viser at du ikkje finn eit parti som representerer deg og ivaretek dine interesser. Mange blanke stemmer viser at politikarane må gå i seg sjølv og finne ut korleis dei skal nå ut til fleire velgarar. Det partiet som klarer å fange opp dei som er aktive nok til å stemme blankt kan vinne mange nye stemmer til neste valg. Svak valdeltaking fordi folk ikkje møter opp sett ikkje krav til politikarane. Og i verste fall fører det til eit svekka demokrati, for kvifor skal vi arrangere kommune- og fylkeskommune valg som ingen møter opp på når regjeringa kan peike ut sine representantar direkte?
- 113 svar
-
- 6