Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 719
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. The Avatar

    Mus i hus

    Som nemnt så er ansvaret avhengig av årsaken. Det er likevel huseigar som har mest å tape på at huset får skader på grunn av mus, og reint praktisk er det fort vanskeleg å bevise at leigetakaren har ansvaret. Så derfor bør huseigar gripe tak i dette umiddelbart.
  2. Det er nesten på grensa av useriøst å skulle gi lønnstilbod basert på statistikken og ikkje basert på ei konkret vurdering. Ein ting er at dei mister arbeidstakarar som mot ei høg lønn også gir høg inntening, men nesten verre er det at firmaet med denne policyen risikerer å overbetale dårlege tilsette ved at dei får medianlønn som dei ikkje er verdt. Det sagt så er det heilt greit å bruke statistikk som eit hjelpeverktøy, det som er på grensa til useriøst er å bruke statistikken som grunnlag for kvifor ein ikkje kan tilby rett lønn. Ja det kjem mykje ann på om det er ein jobb som du har interesse av eller ikkje. Er det berre lønna som er viktig så er det sjølvsagt ingen grunn til å kaste vekk tid om ein ikkje får ei lønn som er stor nok. Om jobben også er interessant så kan det være verdt å bruke tida på å gjennomføre intervju for å sjå kva du kan få tilbod om. Ein kan også alltid forhandle om meir lønn etter at ein har fått eit lønnstilbod, det verste som kan skje er at du får eit nei og at du då må vurdere om du skal akseptere jobbtilbodet med den lønna som er tilbudt eller avslå. Det er også verdt å nemne igjen at sjølv om lønna er veldig viktig, så bør ein vurdere totalpakken på det ein får tilbod om. Ting som heimekontor, muligheit for mykje overtid evt. lovnad om ingen overtid, betalt eller ubetalt matpause, utdanningstilbod, osv osv har også ein verdi i tillegg til den faste lønna.
  3. Tapet for ny eigar er der uansett, og er knytt til søknadsgebyret og ikkje om søknaden blir godkjent eller ikkje. For sjølv om søknaden blir avslått så betyr berre det at ny eigar slepp å bruke 30 000 på å søke sjølv (og få same svaret). For ny eigar så kan det være av stor betydning at muligheita for å bruksendre kjellaren er kartlagt. Og blir søknaden avslått så vil det være av stor interesse å vite detaljane rundt avslaget. Manglande teikningar er ein smal sak å ordne, særleg om det er dette som manglar for ei bruksendring. Er avslaget begrunna i f.eks. låg takhøgde så er det verre, men fortsatt realistisk moglegheit for å senke golvet om ein vil ha ei bruksendring. Men om slik bruksendring strid mot reguleringsplanen for området så kan det fort bli være at det uansett ikkje er mogleg å få bruksendra kjellaren.
  4. Jobber i offentleg forvaltning, men sysler eigentleg med mykje forskjellig. Av betydning for denne spesifikke tråden om heimekontor så kan eg uttale meg i å regi av av den litt sære kombinasjonen av å både være sakshandsamar, personalleiar og tillitsvald.
  5. Litt usikker på om den gamle regelen tek utgangspunkt i før eller etter skatt, men den tek i alle fall ikkje omsyn til utgifter. Noko av grunnen til at ein baserte forlovelsesringen på månadslønn var at det var ein måte å demonstrere både ovanfor kjæresten og alle andre kva ein hadde i lønn utan å seie lønna høgt. Dette førte til at det gjekk litt inflasjon i systemet sidan dei som ikkje tente så veldig godt brukte meir enn to månadslønningar slik at det virka som at dei hadde meir i lønn enn kva dei i realiteten hadde.
  6. Med fare for å være veldig uromantisk, så er nok den viktigaste faktoren kva ho verdsetter. Trur du ha vil ha ein veldig dyr ring som ho kan skryte av eller trur du ho heller vil at du skal prioritere noko anna? I tillegg så skal jo forlovelsesringen per definisjon være midlertidig fram til giftemålet og gifteringen tek over. Sjølv om mange brukar forlovelsesringen på den andre handa så er det også mange som berre legg forlovelsesringen i smykkeskrinet, eller tek den med tilnein gullsmed for å lage eit anna smykke av den.
  7. Min meining er at det kjem heilt ann på korleis produsenten designer utstyret sitt. Dersom batteriet kan skiftast av kunden så kan batteria være definert som ein forbruksvare, men om batteriet er innebygd så må produsenten forhalda seg til at ein då har gitt 2 års reklamasjon også på batteria fordi batteria er ein intergret del av heile produktet. Eit batteri som er definert som forbruksvare vil ein då berre kunne reklamere på om batteriet ikkje oppfyller dei spesifikasjonane som produsenten har satt, som kan være X timars bruk eller Y ladesyklusar. Kva ei forbruksvare skal være er også litt dårleg definert, men vanlegvis så er ei forbruksvare ei vare som ein forventar skal bli gradvis oppbrukt, til motsetning av ein ting som ein kjøper for å ha ei stund.
  8. Kjenner meg i alle fall delvis igjen. Når ein er på kontoret så kjennes det som at ein får full uttelling for å ha møtt opp, medan når ein er på heimekontoret så kjenner ein i større grad på at du må ha produksjon å vise til for å kunne forsvare at du er på heimekontor. Til ein viss grad så er det ein form for logikk i ein slik tanke gang. For ein av fordelane ved å være fysisk på plass på kontoret der også sjefen din er, er at dersom du har lite å gjere så er det lettare for sjefen å oppdage/forstå det og gi deg arbeidsoppgåver. Eller gi deg aksept for at det er tilstrekkeleg at du er tilgjengeleg sjølv om du ikkje har så mykje å gjere. Sitter du bortgjemt på heimekontoret så har sjefen mindre moglegheiter for oppfølging (for ein skal heller ikkje overvåke sine tilsette), så når du sitt på heimekontor så er det nok mange som kjenner på at dei må ha arbeidsoppgåver til minst heile dagen.
  9. Dersom du har billån der banken har sikkerheit i bilen så kan bilen uansett ikkje vrakast utan løyve frå banken. Dersom billånet er større enn det forsikringsselskapet vil betale ut som erstatning for at bilen blir vraka så vil det bli eit restlån som då blir utan sikkerheit og dermed dårlegare rente.
  10. Det er heilt klart 5 års reklamasjon sjølv om Elkjøp prøver seg: Utskiftbare batteri kan nok isolert sett ha berre 2 års reklamasjon, men som ein del av eit produkt som skal være vesentleg lengre enn 2 år så er det 5 års reklamasjon på heile produktet. At Elkjøp gjer seg vanskelige er ikkje så rart, ein skal huske på at dette er firmaet som ei stund praktiserte ein policy på at alle produkt som kunne leggast i pose hadde berre 2 års reklamasjon og at det berre var store ting som hadde 5 års reklamasjonsrett.
  11. Finnes det noko grunnlag for å kunne vise til at dyrare kjøtt er ein bevist politikk? Får til dømes bønder som driv med kjøttproduksjon mindre i subsidier enn bønder som driv med grønsaker? Eg finn berre henvisningar til at ein tvert om har ein politikk for å produsere meir (norsk) kjøtt. Til dømes: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/industri-og-handel/pristilskudd-og-avgifter-pa-jordbruksvarer/kjott/pristilskudd-og-avgifter-for-kjott/1.formal-med-tilskudd-og-avgifterhttps://www.landbruksdirektoratet.no/nb/industri-og-handel/pristilskudd-og-avgifter-pa-jordbruksvarer/kjott/pristilskudd-og-avgifter-for-kjott/1.formal-med-tilskudd-og-avgifter Her står det mellom anna: "Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til ein auke i produksjonen av kjøtt med høg kvalitet". Mitt klare inntrykk er at problemstillinga er heilt omvendt, altså at prisveksten på grønsaker er lågare på grunn av meir effektiv produksjon, og at i motsetting til før når det var dyrt med både kjøttdeig og poteter så er det i dag spesielt dyrt for kjøttdeigen fordi potetene ikkje har auka like mykje i pris.
  12. Nei, for då hadde lengden pp fengselsstraff vært ein del av den opptinnelege dommen. Heile poenget med forvaring er at retten vurderer det slik at personen er så farleg at med mindre oppførselen endrar seg i løpet av soninga så må vedkommande haldast innelåst resten av sin levetid. Skal retten vurdere om faren for samfunnet no er over så må dei openbart vurdere det basert på den ferskaste opøførselen. Ein må gjerne være ueinig i det norske rettssystemet, men dagens system er bssert på rehabilitering. Dei som er psykisk sjuke skal få behandling, og når dei er friske skal dei sleppe ut. Det er derfor Breivik kjempa så hard mot å bli dømt som utilrekneleg, for sjølv om det ville gitt betre sannsynligheit for tidleg lauslating, så ville det være øydeleggande for den politiske handlinga som då kunne avfeiast som psykisk sjukdom.
  13. Du er alt langt over det som er pårekneleg behandlingstid, i alle fall når du heller ikkje har fått informasjon om status. Mange forsikringssaker er i dag automatisert, så at du ikkje får svar tyder på at din sak enten er avgløymt eller særdeles komplisert (og sjølv då burde du bli informert om lang behandlingstid). Normalt sett burde det ikkje ta meir enn nokre få dagar.
  14. Sikkert innlysande, men denne differansen er viktigast i motsett tilfelle, som når huset ligg 100 meter frå tomtegrensa og naboen sitt hus også ligg 100 meter frå tomtegrensa andre vegen, og mellom husa er det utmark med skog så vil ikkje nabolova før til at det må hoggast ei grensegate midt i skogen.
  15. For mange flyktningar er heller ikkje Norge soesielt attraktivt, langt frå heimlandet, vanskeleg språk, og ender ein opp i ei lita kommune så kan kulturforskjellen bli veldig stor med få andre som kjem frå same land. Enig, men eg forstår samtid at eit ønske om å bu i Oslo også kan være begrunna i eit behov for å ha andre med same kultur i nærheita. Som til dømes ukrainske flyktningar som kjem frå store byar vil nok heller bu i ein by enn ute på ei øy i Nordnorge, og at dei vil være ein del av eit ukrainisk fellesskap. Som "ekte" flyktningar så er det ikkje like viktig med assimiliering då planen er å returnere når det er trygt. Dei som er midlertidige flyktningar har sjølvsagt også eit behov for å ivareta sin kultur, medan innvandrarar må vi i mykje større grad forvente at dei assimiliserer seg ved å lære språket og korleis ting fungerer i Norge.
  16. Det kjem heilt ann på grunnlaget, men heile poenget med forvaringsdom er at moglegheita for å sitte innelåst heile livet er balansert med ein rett til å sleppe fri når ein ikkje lenger utgjer ein fare for samfunnet. Så vil det heilt sikkert være ueinigheit i korleis ein skal vurdere fangen, og då er det mest relevant å sjånpå kva han har gjort siste tida i fengsel og ikkje kva han gjorde for å havne i fengsel.
  17. Det skal ein del til før det er aktuelt med heving, men slike uriktige opplysningar vil heilt klart utgjere ein mangel. For å kunne heve må mangelen være vesentleg. Det mest nærliggande i slike saker er prisavslag eventuelt erstatning.
  18. Kva meiner du med "på sin plass"? Kjøp gjerne ein gamal scooter, men vurder kjøpskostnaden opp mot kostnaden med drift og vedlikehald, og gjer ei vurdering på om dette er rett investering for deg.
  19. Du står sjølvsagt heilt fritt til å tipse anonymt, men det er litt meir avgrensa kva politi/nav/skatteetaten kan gjere med tipset når ein ikkje ein gong har eit vitne å bygge saka på før det blir starta etterforskning. Beste tipset om du vil tipse anonymt er å finne handfaste bevis som kan bli grunnlaget for ei etterforskning, til dømes kvar dei jobbar svart. Då kan skatteetaten ta eit tilsyn i den bedrifta og rulle opp saka derifrå.
  20. Då er det i alle fall ingen grunn for firmaet å bytte policy ettersom du utfører arbeidet som gratisarbeid.
  21. Ja for så vidt, men det er også grunnen til at utleigar i slike tilfeller vil leige inn vaskebyrå og sende rekninga til leigetakaren, eventuelt gjere jobben sjølv og kreve eit rimeleg vederlag for jobben.
  22. Jo, for dette handler om tillit til at Erna som sittande statsminister og no seinare som partileiar var i stand til å vurdere dette sjølv. På akkurat same måte som at solbrillesaka til Bjørnar Moxnes ikkje handla om at han berika seg sjølv med solbriller til 1500 kr, også den saka handla om at det tek seg dårleg ut for ein partileiar å vise så dårleg dømmekraft. Ein kan gjerne diskutere det juridiske, og om slik aksjehandel både var og er fult lovleg, men essensen er uansett at det er eit tillitsbrot. Solbrilletjuveriet til Bjørnar Moxnes er definert som nasking (ubetydelege verdiar etter straffelovens § 323) og fekk ei bot på 3000 kr for det. At han vart tatt for nasking ville nok objektivt sett ikkje påvirke hans evne til å jobbe som partileiar, men han mista all tillit til ved at han lot seg friste og derfor måtte han gå.
  23. Politiet har lært av dette og etterforsker no på ein heilt anna måte der ein jobbar utifrå ein tanke om å bevise kva som ikkje kan stemme, og at ein då til slutt står igjen med berre eit mogleg hendingsforløp. Det sagt så er slik etterforskning veldig ressurskrevjande, og kombinert med avgrensa ressursar til å etterforske så får vi fortsatt dårlege etterforskningar der ein prøver å bevise skuld på den fyrste mistenkte, sjølv om ein eigentleg skal prøve å bevise uskuld. Eller nesten like ille at politiet ikkje etterforsker hendingar i det heile tatt.
  24. Ein leigetakar som har flytta ut og tilbakelevert husrommet vil normalt ha gitt frå seg moglegheita for omvask fordi det å gjennomføre omvask strengt tatt betyr at det må inngåast ei ny avtale om at leigetakar skal få disponere husrommet etter at leigeforholdet er opphøyrt. No er det huseigar som har råderetten over husrommet og den tidlegare leigetakaren har ingen rett til å få kome tilbake til husrommet (men dei kan sjølvsagt spørre fint). Det er derfor ein som leigetakar vanlegvis tek ein utsjekk saman med utleigar, og at ein fyrst etter at utleigar har godkjent husrommet leverer tilbake nøklane og overleverer husrommet.
  25. For å kunne korrigere grensa så må alle heimelshavarane være einige om grensejusteringa, om ein ikkje er einige så må saka via rettssystemet. Naboen som vil ha grensa korrigert må sjølvsagt føre bevis for at grensa skal korrigerast. Naboen må då dokumentere to ting. Fyrst nøyaktig kvar den opprinnelege vegen gjekk før vegen vart retta opp, at det forelåg ein avtale om at tomtegrensa skulle gå etter denne opprinnelege vegen, og eit tredje forhold som må vurderast er om det er sannsynleg at vegen vart retta ut utan at det også vart avtalt å justere tomtegrensa etter denne nye rette vegen. Det vil også være høgst relevant å stille spørsmål om kvifor det no har blitt nødvendig å justere ei grense som begge partar tydelegvis har vært fornøgd med dei siste 60 åra, og som vel også er enklast å administrere ved at grensa følgjer vegen som ei naturleg avgrensing? Svaret her er nok at naboen prøver lykken no når du har tatt over som ny eigar i håp om at du skal gi naboen det samtykket som den/dei førre eigarane tydelegvis ikkje har ville gi.
×
×
  • Opprett ny...