The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Vi høyrer mest frå muslimar som vil bruke hijab, men debatten går også innafor andre grupperingar som ynskjer at politiet også skal symbolisere støtte til sin sak. Det dømet som eg kjem på i fyrste omgang er forholdet mellom politiet og pride markering. Tidlegare gjekk politiet i pride paraden i full uniform, men det slutta politiet med fordi politiuniformen berre skal brukast av politi som er på arrangementet for å oppretthalde sikkerheita, og ikkje for å markere at politiet støttar arrangementet. Den store forskjellen når det gjeld politiets rolle opp mot pride markeringar og bruken av pride effektar som regnbogeflagg eller pins er at den forma for feiring av mangfald har ganske stor støtte i folket (eller i alle fall blant leiarane i både politiet og i politikken), derfor så er det ikkje like kraftige motreaksjonar når politiet aktivt tek side og seier at dei støttar pride. Eg meiner likevel at utfordringa er mykje den same, for kan ein då bruke sin ytringsfriheit til å ha ein lovleg og fredeleg motdemonstrasjon mot pride og være trygg på at politiet som kjem utstyrt med diverse regnboge-effektar synleg på uniformen jagar deg vekk på eit heilt nøytralt og objektivt grunnlag? Politiet setter seg i alle fall veldig lageleg til for å bli anklaga for forskjellsbehandling og for at politiet har slått ned på motdemonstrasjonen berre fordi dei enten personleg eller som etat ikkje er einige i bodskapet.
- 225 svar
-
- 3
-
- hijab politi
- plagg politi
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Ein må nok ha ei lokal avtale som gir ekstra betalt, men sjølv med berre helg og kveldstillegg så blir det ein del meir i lønn. Ser vi på opplysningane i lenka til Kakkelfant så ser vi at gjennomsnittlig årslønn i kommune er 571 752 kr, at tillegget for kveldsvakt er 28% og for helligdag 22% til. Legg eg disse tala inn i sjukepleiarforeininga sin kalkulator saman med 35,5 timars arbeidsveke (vanleg i turnus) så får eg 309,72 kr timen som svar. https://www.nsf.no/lonn-og-tariff/lonnskalkulator Tillegga blir då: Lørdag- og søndagstillegg 70,00 kr Kveldstillegg 56,00 kr Nattillegg 86,72 kr Tillegg forskjøvet arbeidstid 154,86 kr Helge- og høytidstillegg 412,97 kr Så for arbeid på kvelden om helga så gir det 435,72 kr på rein tarifflønn. For å kome heilt opp til 700 kr timen på rein tarifflønn så må dette kveldsarbeidet skje på ein søndag.
- 7 svar
-
- 1
-
Einig. Politiet må gjerne bestå av eit mangfald av befolkninga, men utanifrå bør politiet være så like som mogleg. Skal vi ha synleg mangfald i politiet så blir det interessant når vi får nudistar som ikkje vil bruke anna uniformering enn støvlane og capsen, nynazistane som vil piffe opp uniforma med eit armband med hakekors, eller fotballsupporteren som kan bruke politbuksa men på overkroppen vil ho bruke fotballtrøya til favorittlaget. Det er ikkje slik at alt mangfald alltid er positivt, vi har også eit stort mangfald av negative verdiar.
- 225 svar
-
- 13
-
- hijab politi
- plagg politi
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
er det tillatt å skyte ned droner, hvis de flyr over min eiendom?
The Avatar svarte i et emne i Juss
Det skal ganske mykje til for at det å utføre skadeverk på andre sine eigedelar er lovleg. I alle tilfeller vil det å øydelegge eller skade andres eigedom være sjølvtekt: Så det kan være lovleg å skyte ned ei framand drone over huset ditt, men berre der droneflyginga er ulovleg OG det er urimeleg å vente på politiet skal kunne gripe inn. For at det skal være urimeleg å vente på politiet så må skadepotensialet være både konkret og akutt. Ei drone som flyg fort mellom folk i ei folkemengde og utgjer ein openbar fare for personskade vil det nok kunne være lov å stoppe med makt. Men for at det skal være lov å skyte ned drona så kan ikkje skytinga i seg sjølv utgjere ein større eller lik risiko. Leitar du fram hagla og skyt mot ein drone frå eigen hage så er nok din uvettige våpenbruk ein meir umiddelbar fare enn kva dronen utgjer. Dette følger av nødretten.- 115 svar
-
- 2
-
Har same bug, men det skjer ikkje konsekvent berre av og til. Bruker Opera. Når eg går inn på ein tråd med nye innlegg så opner sida seg nede på sida der det nye innlegget er, men så fort sida er ferdig å laste så spretter sida opp til toppen. Eg må då scrolle nedover til eg finn den blå linja som markerer nye innlegg, så den funksjonen fungerer sjølv om tråden hoppa opp til toppen. Er ganske irriterende.
-
Det har vært problematisert at svært mykje av verdiane som blir skapt i dag ikkje er basert på aktiv arbeidsinnsats. Nå kjenner eg ikkje økonomien til blant anna Disney i særleg detalj, men det er nok slik at mykje av inntektene er basert på at dagens eigarar har kontroll på opphavsretten til tidlegare filmar. Ein av grunnen til at Disney lagar nye versjonar eller oppfølgarar av gamle klassikarar har med at det er ein måte å forlenge opphavsretten på. Opphavsretten går ut 70 år etter at opphavspersonen har død, og sidan Walt Disney døde i 1966 så vil opphavsretten til ein del Disney figurar gå ut på dato i 2036 om ikkje Disney konsernet finn måtar å forlenge opphavsretten på. Der dette med gamle pengar er mest problematisk sett opp mot markedsøkonomien er at nesten alle millionærar og så og seie alle milliardærar har ikkje sjølv jobba for formuen. Formuen er i dei fleste tilfeller eit resultat av enten at ein har arva pengane direkte, eller indirekte ved at foreldras formue har opna dører som det hadde vært umogleg for ein vanleg person å få adgang til. Dette har effektivt gjort at den Amerikanske draumen er død, i dag er det ikkje mogleg å gjennom hardt arbeid jobbe seg opp frå ingenting og til rikdom, ein må ha drahjelp. Utfordringa for markedsøkonomien er då at dei som er rike på grunn av arv i svært liten grad grad brukar pengane sine aktiv på investering og utvikling, og dette er dårleg for resten av økonomien fordi andre og tredje generasjons rike brukar pengane sine på luksus og passivt arbeid, for dei har verken behov eller ønske om å ta sjansar ved å skape nye arbeidsplassar. Det er derfor eit argument om at dagens rike ikkje "fortjener pengane" fordi det er død kapital som berre står på kontoen, og ikkje aktiv kapital som blir bytta mot varer og tenester og dermed bidreg til å få økonomien til å gå rundt. Det beste for markedsøkonomien er at pengane stadig skiftar hender, og at ein på den måten aukar verdiane. Det at store delar av pengane blir tatt ut av markedet og i staden står på ein konto eller enda verre er låst i anna død kapital er ein trussel mot markedsøkonomien.
- 18 svar
-
- 1
-
Som sagt så er det mange variablar, der sjansen for smitte blir større jo lengre ein er eksponert og dermed støtre sjans for at virus kan bli overført og finne grobotn på deg. Det er heller ikkje slik at du nødvendigvis blir smitta sjølv om ho skulle ha alle kjønnssjukdommane. Det er uansett ikkje så mykje du kan gjere no utanom å slappe av, følge med, og teste deg.
-
Kan B gå i butikken med ein skjermdump som viser at varen var på tilbod i går og kreve å få den prisen også i dag? Om lovnaden om dusør er bindande kjem nok ann på kva som eksakt er avtalt. Ofte er det eit vilkår at opplysningane må ha avgjerande betydning for at saka blir løyst. Reint språkleg så er vel dusør meir beslekta med tips og påskjøning, enn med betaling og lønn (som i finnarlønn). Av den grunn så trur eg at det vil være vanskeleg å tvinge A til å betale ut dusør. Eit anna moment er at heile avtalen om høg dusør kan være ugyldig etter avtaleloven. For her kan det argumenterast med at B har utnytta A sin nødsituasjon.
- 4 svar
-
- 1
-
Det er også mange som berre har ein arbeidsgivar gjennom heile yrkeslivet. Både karriere og lønnsmessig så må ein bytte jobb fleire gongar, for med berre nokre få hederlege unntak så får ein ikkje ny lønnsvurdering hos noværande arbeidsgivar, så då blir ein ståande på same lønnsnivået som når ein starta (med litt lønnsjusterimg som følgjer omtrent prisstigninga). Skal ein ha meir lønn så må ein bytte jobb, eller vise til eit betre jobbtilbod for å få meir lønn. For trådstarter sin del så er det også det at dagens arbeidsgivar ikkje kan tilby spennande arbeidsoppgåver, så med mindre noværande firma legg om drifta så må trådstarter finne deg ein annan jobb om han vil ha nye oppgåver. 5 år er rikeleg lenge nok til å ha lært det som er å lære i bedrifta, det er når ein er varm i trøya at ein har lært og prøvd det som er å prøve i noværande stilling. Det er sjølvsagt synd for arbeidsgivar sidan det er fyrst no ein er skikkelig produktiv men når ein ikkje får noko tilbake så er det berre å sjå seg om etter nye muligheiter. 5 år er også lenge nok til at potensielle arbeidsgivarar ser på CVen og ser ein arbeidssøkar med masse erfaring, og ikkje ein arbeidssøkar som ikkje klarer å holde på ein jobb. Grensa mellom det går i praksis på 2-3 år.
- 9 svar
-
- 1
-
Parkeringsbot - hvor ofte kan man få om man fortsetter å stå parkert?
The Avatar svarte på Phantom Software sitt emne i Juss
Forskrifta om offentlig parkeringsgebyr seier eigentleg det same: Min utheving. Sjå også tredje ledd som seier at ein skal ilegge gebyr etter parkeringsforskriften om den kan brukast. Dette fordi gebyret i forskrift om offentleg parkeringsgebyr er høgare. -
Parkeringsbot - hvor ofte kan man få om man fortsetter å stå parkert?
The Avatar svarte på Phantom Software sitt emne i Juss
Parkeringsforskriften: Du får berre ei bot, men etter tre døgn skal prisen for parkeringstida leggast til. -
Dyson V8 Støvsuger: Elendig batteri
The Avatar svarte på DJViking sitt emne i Hus, hage og oppussing
Det er heller ikkje alltid du treng å støvsuge heile golvet, den store fordelen med slik batteristøvsuger er at det tar 30 sekund å støvsuge smulane som samlar seg ved sokkelen til kjøkkeninnreiinga, eller sanden som ligg igjen på gangen. Det er ofte mykje lettare å støvsuge eit lite område etter behov enn det er å sette av tid til å hente fram den vanlege støvsugaren og støvsuge heile golvet på ein skikkeleg måte. Eit anna poeng som eg vil dra fram er at ein batteridreven støvsugar er mykje lettare å bruke om du har vanskelegheiter for å bøye deg ned. Ein vanleg støvsugar eller ein sentralstøvsugar for den del må du vanlegvis bøye deg ned for å kople til i uttaket som ligg heilt nede ved golvet. Ein batteristøvsugar kan du enkelt bruke utan å bøye deg ned, og sitt du i rullestol så er den mykje lettare å få med seg enn å dra på ein vanleg støvsugar eller bli blokkert inne av ein lang sentralstøvsugarslange som ein må flytte på for å kome seg fram med rullestol.- 68 svar
-
- 1
-
Synes det er ganske vanskeleg å være ueinig i at falsk og upåliteleg informasjon skal få ta like stor plass som kvalitetssikra og etterprøvbar informasjon. Eg forstår at det sjølvsagt er ulike oppfattingar av kva som er fakta, men uansett kva side ein står på så må ein vel være einig i at det er viktig at sannheita får kome fram?
- 83 svar
-
- 4
-
I din situasjon burde det være heilt uproblematisk å søke etter nye jobbar. Du har jo ein veldig god og objektiv grunn til å bytte jobb, du er ute etter ein ny jobb for å få andre arbeidsoppgåver som ditt firma ikkje kan tilby deg. Så det ligg meir bak ønsket om jobbytte enn at du misstrives og er missfornøgd med lønna. Når det gjeld referansar så søkjer eg på jobbar utan å oppgi referansar. Eventuelt berre eldre referansar frå tidlegare arbeidsforhold. Dersom eg er så aktuelle for stillinga at det er viktig for ny arbeidsgivar å få snakke med dagens arbeidsgivar så ordnar eg med referanse når ein kjem dit. Då er du uansett så nært å få jobben at det speler liten rolle om sjefen din blir informert om at du har søkt ny jobb når du spør han/ho om å være referanse, eller når du leverer oppseiinga veka etterpå. For når ein kjem så langt så har den potensielt nye arbeidsgjevaren alt snakka med dei andre referansane med godt resultat og vil berre ha ein siste avsjekk med din sjef før du får jobbtilbodet. Eg synes det er heilt greit å oppgi eldre referansar frå tidlegare arbeidsforhold, men det bør ikkje være så alt for gamle referansar. Du kan også oppgi andre referansar enn berre sjefen din, det kan også være kollegaer, din nærmaste leiar, sjefen til sjefen din, og til og med referansar utanfor arbeidslivet som husverten din som kan attestere på at du er trygg betalar og flink til å følge husreglar, det kan være ein lærar du har hatt, eller andre personar som kan seie noko om korleis du er som person. Når det gjeld sjølve intervjuet så er det definitivt mest ryddig at du brukar ein feriedag eller ber om å få ulønna permisjon. Det du ikkje skal gjere er å berre stikke av i arbeidstida eller lyge på deg sjukdom, gravferd eller anna løgn som du kan bli tatt på.
- 9 svar
-
- 3
-
Det som er avgjerande her er kva som er avtalt, samt kva tolkningar som ligg til grunn. Er det definert kven som er "kvalifiserte ansatte"? Kven er det som skal fordele, er det arbeidsgivar som skal fordele eller arbeidsgivar og tillitsvalde i fellesskap? Ei fordeling er ikkje det same som at det skal være likt, ei fordeling kan like gjerne betyr spreiing som er det motsette av at alle skal få likt. Er det avtalt at fordelinga skal være lik for alle? Sjølv om ramma også inkluderer uorganiserte så står det ingenting i det du siterer om at alle skal ha like mykje (og om dei skal ha like mykje så er det også eit spørsmål om dei skal ha like mange kroner eller like stor prosent). Det er ganske vanleg at ein under fordelinga blir einige om å nedprioritere uorganiserte og arbeidstakarar som har sagt opp for å kunne ha meir å gi til organiserte arbeidstakarar som skal fortsette i stillinga. Så dersom det ikkje er inngått avtale om at N. N. skal ha lønnsaukning på X kr frå 1 april, eller at N. N. inngår i den gruppa som alle skal få X% frå 1 april, så er ikkje lønnsresultatet for din sambuar nødvendigvis låst sjølv om forhandlingsresultatet for gruppa er låst. (PS. Den såkalla fordelen med å få utsett virkningsdatoen til 1 september er eigentleg berre tull, dei tilsette hadde gått inn i 2024 med like mykje lønn om dei fekk lønnsaukninga frå 1 april, forskjellen er berre om ein får lønnsauken utbetalt over 9 månadar eller over 4 månedar.) Tilsvarande gjer seg eigentleg gjeldande for bonusordninga, om ho har rett på bonusen kjem heilt ann på kva som heilt eksakt er avtalt. Som @MailMan13 skriv så er bonus svært sjeldan noko du har rett på å få, hadde det vært ei rettigheit så hadde du fått pengane som lønn. Sjølv bonusordningar som er direkte knytt mot objektive kriteriar som overskot eller talet på sal vil nesten alltid være regulert av interne reguleringar som arbeidsgjevar kan endre når som helst via styringsretten. Så du skal alltid takke ja til bonus du får tilbod om, men du skal aldri rekne med potensielle bonusutbetalingar når du vurderer lønnsnivået generelt. Bonus er ei gåve frå arbeidsgivar som arbeidsgjevar kan gi sine tilsette når arbeidsgivar vurderer det som hensiktsmessig målt opp mot kostnad og graden av motivasjon av tilsette, men arbeidsgjevar kan også når som helst kutte heile bonusordninga utan vidare forklaring. Dei to spørsmåla er derfor heilt umogleg å svare på utan å kjenne saka i detalj. Selskap X kan ikkje einsidig bryte inngått avtale om lønnsauking, men spørsmålet er om det er inngått ein konkret og bindande avtale eller ikkje. Dersom sambuaren din er fagorganisert så bør ho ta kontakt med fagforeininga for å få juridisk bistand og hjelp til å vurdere om ho har eit krav som er sterkt nok til at pengane kan krevast inn rettsleg. Om ho ikkje er organisert så bør ho sjekke om ho/du har forsikringsdekking på advokatbistand, eventuelt vurdere om det er snakk om ein så stor sum med pengar at det er verdt å betale ein advokat av eiga lomma for å kreve pengane.
-
Spørs kva du legg i å "kreve", og kva eksakt som skal avtalast. Ein arbeidsavtale skal være skriftleg og du kan kreve dette med heimel i arbeidsmiljølova. Eit jobbtilbod vil ofte kome i form av at du får framlagt eit utkast til arbeidsavtale som arbeidstakaren enten signerer og godtar eller reforhandlar og krev å få ein ny versjon med betre vilkår. I arbeidsforhold som er tenkt å vare i meir enn ein månad så har arbeidsigvar ein månad på seg på å få skriftleggjort avtalen. Sjølve avtalen om at du skal få eit jobbtilbod der forhold som lønn og arbeidstid framkjem kan du ikkje kreve skal være skriftleg med lova i hand, for det er sjølve arbeidsavtalen som må være skriftleg. Det sagt så kan du alltids "kreve" å få skriftleg avtale ved å nekte å akseptere ein munnleg avtale, du kan ikkje tvinges til å godta ein munnleg avtale.
-
Det er tydeligvis ikkje nødvendig å drepe (alle) bakteriane. Frysing fjerner lukta frå klær, så frysing drep eller lammer bakteriane som gir svettelukt. Reknar med at det er fordi dei bakteriane som lager mest lukt er bakteriar frå kroppen som er utvikla for å trivest best i kroppsvarme.
-
Takke ja til jobb for deretter å takke nei?
The Avatar svarte på ltdata sitt emne i Jobb og karriere
Det er fleire måtar å svare ut dette på. Den fyrste måten er reint juridisk. Munnlege avtalar er like bindande som skriftlege avtalar, så inngåtte avtalar skal i utgangspunktet avsluttast på den måten som det er avtalt. Ved å ikkje møte på jobb som avtalt så kan ein få erstatningskrav for avtalebrotet (på same måte som at du som har takka ja til ein jobb kan kreve erstatning frå arbeidsgjevar om det er arbeidsgjevar som trekker seg og ikkje lar deg jobbe). Den andre måten er det reint praktiske. Å bryte ein arbeidsavtale på denne måten har vanlegvis liten konsekvens. Vanligvis vil det være få eller ingen økonomiske tap som arbeidsgivar kan dokumentere når ein nytilsett ikkje møter opp. I dei aller fleste tilfeller så er arbeidstakaren uansett ikkje produktiv den fyrste tida, og strengt tatt så blir det ei netto utgift for ein arbeidsgivar som krev at arbeidstakaren jobbar ut oppseiingstida ettersom arbeidstakaren skal ha opplæring. Det kan likevel oppstå situasjonar der du f.eks. har takka ja til ein jobb som budbilsjåfør og fordi du ikkje møter på jobb fyrste dagen som avtalt så må arbeidsgivar klare seg utan sjåfør i eit par veker til ein får tilsatt ein ny person med førarkor, men sjølv her vil erstatningskravet være tynt etter som dette "tapet" hadde vært like stort om den nytilsette hadde møtt opp på jobb og meldt seg sjuk. Det er ikkje arbeidstakaren sitt ansvar at arbeidsgivar ikkje har tatt høgde for fråvær. I tillegg kostar det mykje i både tid og pengar å skulle ta saka vidare til retten. Den tredje måten å svare ut dette på er sett i lys av kva som er lurt med tanke på karriereutvikling. Om du berre droppar ein arbeidsgivar på denne måten så kan du nok ikkje rekne med å få jobb i den bedrifta på eit seinare tidspunkt, i alle fall ikkje før det har gått ein del tid. Er du innafor eit mindre fagmiljø så kan du få deg eit dårleg rykte, arbeidsgivarane innafor eit fagfelt vil ofte snakke saman i ulike fora. Mitt råd er at ein strekk seg langt for å holde sine lovnadar, å ha eit rykte om at ein er lite lojal kan straffe seg på sikt. Det sagt så er det mykje som kan ordnast med dialog, så om det andre tilbodet er mykje betre så ville eg tatt kontakt med den fyrste arbeidsgivaren for å informere om tilbodet. Det er mogleg at du kan få reforhandla tilbodet du har takka ja til slik at det blir like godt som det nye tilbodet. Det er også veldig ryddig å ha ein god dialog på at du tenker å trekke deg frå jobben, for her vil du vanlegvis få eit godt grunnlag til å vurdere konsekvensane som for eksempel om du påfører arbeidsgivar kostnadar som du kan få erstatningskrav for. Samtidig gir du også arbeidsgivaren mest mogleg tid til å lyse ut stillinga på nytt.- 15 svar
-
- 1
-
Enig. Må kleda ligge over natta uansett så er det mykje enklare å fryse tøyet for å drepe bakteriane enn det er å styre med bøtte og utblanding av eddik.
-
Kva arbeidsgivar vil legge til grunn er ganske individuelt, men det mest formelt riktige blir å rekne ansiennitet i ingeniørfaget som antall år du har jobba med fullført utdanning. Likevel så tenker eg at så lenge jobben du har utført sidan 2018 har vært relevant så er det mest rett å basere seg det som ansiennitet sidan det er det som best reflekterer din samla kompetanse. Eg ville i alle fall argumentert med at sjølv om du mangla masteroppgåva så har du sidan 2016 hatt ei kompetanse som minst må sidestillast med ei bachelorgrad. Så om dykk skal bruke statistikken som utgangspunkt for ei lønnsfastsetting så gir det kanskje meining å rekne ansienniteten din som 2 år på bachelornivå og 3 år med ansiennitet på masternivå?
- 3 svar
-
- 1
-
Hva er ulogisk med å tro på Gud?
The Avatar svarte på Lite kreativt navn sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Vil også legge til at det er også mange ulike tolkningar av kva denne terorien betyr. Så vidt eg har fått med meg så starta myten med at ein meinte at hjernen hadde kapasitet til å utføre meir enn kva dei fleste brukte hjernen til. Noko som er ein veldig merkeleg måte å seie at ein kan trene og bli god til å utføre komplekse mentale oppgåver. Det er ikkje akkurat noko revolusjonerande med at ein uskulert person som berre kan rekne til ti på fingrane kan gjennom skulegang lære seg både den vesle og store gangetabellen, men det er likevel upresist å påstå at vedkommande brukar meir av hjernekapasiteten sin etter å få opplæring. Seinare kom myten opp igjen når ein starta med hjerneskanninger der ein kunne sjå kva områder i hjernen som lyser opp når ein utfører diverse mentale oppgåver. Sidan ulike delar av hjernen har spesialisert seg på ulike ting så fekk myten nytt liv, men då i forståinga av at berre omtrent 10% av hjernen til ei kvar tid er aktiv, så under planlegging så vil frontallappen lyse opp, men like etter vil tinninglappen lyse opp i staden for når planen skal lagrast i kortidshukommelsen. Men ser ein berre på eit stillbilde av ein hjerneskann så kan det tilsynelatande sjå ut som at berre ein liten del av hjernen er i full aktivitet samtidig. Men å seie at ein berre brukar 10% av hjernekapasiteten av den grunn blir som å seie at eg berre brukar 50% av beina når eg går fordi det berre er ein fot som har bakkekontakt om gangen. -
Korleis ulike land gjer det reint praktisk med visum har også mykje med politikk å gjere. Reisande som ein eigentleg ikkje vil ta imot gjer ein det ekstra tungvindt for fordi ein skal utelukke alle dei som ikkje absolutt må reise. Eit typisk eksempel her er innreise til USA, det er vanlegvis ein enkel elektronisk visum søknad med mindre ein har rulleblad, då vil USA ofte kreve personleg oppmøte på ambassade for å gjennomføre intervju, fordi USA eigentleg ikkje vil ha ta imot straffedømte. Uansett. For innreise til Storbritania så kan du søke om visum elektronisk, men om du kjem frå eit land som ikkje har visumkrav så er det litt unødvendig å betale £115 (per reisande) for å få eit visum som du ikkje treng. For å søke om turistvisum så bruker du denne lenka: https://visas-immigration.service.gov.uk/apply-visa-type/visit Du treng biometrisk pass, om du ikkje har det så vil dette normalt være registrert i samband med opphaldsløyvet ditt så oppgi at du vil skaffe biometriske data i Norge. Deretter er det berre å plotte inn dei relevante opplysningane: Namn og passnummer, når du skal reise, kvar du skal bu under opphaldet, kva du har i inntekt (for å bevise at du har råd til å være i UK utan å ta ein ulovleg jobb), samt ei eigenerklæring på kva som er formålet med opphaldet. Det står på sida at du kan rekne med å få svar på visumsøknaden innan 3 veker. Behandlingstida kjem veldig ann på kvar du er statsborgar sidan dette blant anna avgjer om søknaden blir maskinelt behandla slik at du får svar med ein gong eller om søknaden må behandlast manuelt.
-
Kan det være et alternativ med et slikt bord? https://www.importpris.no/products/biljardbord-3-i-1-insportline-residento Filten er fint underlag for brettspill, og med dekkplate slik at bordet kan brukes som vanlig bord. Trenger du koppholdere eller ønsker å fjerne billiardlommene så lar nok det seg lett modifisere. Mistenker at dette er nok det billigaste alternativet, men samtidig så er fordelen med ein møbelsnekkar at du får det akkurat slik du vil sjølv om det nok blir dyrt.
- 5 svar
-
- 1
-
Fordi slike hundreårshendingar ikkje skjer kvart hundrande år som eit klokkeverk. Dette er veldig styrt av tilfeldigheiter, så sjølv om slike pandemiar statistisk sett berre skal skje kvart hundrande år så er det like sannsynleg at vi kan få tre pandemiar rett etter kvarandre og så går det 300 år til neste gong. Slike berekningar er statistikk basert på tidlegare hendingar, ikkje ein eksakt vitenskap. I tillegg så veit vi ikkje heilt sikkert kva som skjer i framtida, det kan være at slike pandemiar blir mykje vanlegare i framtida på grunn av stor mobilitet i befolkninga og dermed større fare for at smitten blir spreidd over eit stort område. Samtidig kan det også være at pandemiar kjem mykje sjeldnare på grunn av at kunnskap og vaksiner i større grad kan stoppe sjukdommar før dei blir ein pandemi.
- 83 svar
-
- 5
-
Trur nok også at dette er veldig individuelt. Det er relativt vanleg å flytte når ein byttar jobb, men det er sjølvsagt forskjell på om du flyttar til andre sida av jorda eller berre til ein anna bydel. Det er også stor forskjell på om du har noko som helst tilknytting til den nye staden frå før eller om alt er heilt nytt, samt kor langt du flyttar frå ditt vande miljø. Sjølv synes eg det er nesten verre å berre flytte litt på seg sidan det då er lett å halde på gamle vennar frå der du budde før sjølv om dei er ein time eller to unna i staden for å kome deg ordentleg til rette på den nye plassen. Sånn sett er det enklare å flytte litt langt sidan du då må gjere ein større innsats for å finne deg til rette sidan du ikkje har andre i nærleiken som du kan falle tilbake på. I tillegg så kjem det sjølvsagt veldig ann på kva du har av forventningar, det kan ta litt tid før du har ein stor vennegjeng med skikkeleg nære vennar men det er heller ikkje alle som har så store krav for å trivst på ein ny plass. Eit anna moment er også kor mykje tid og energi du sjølv legg i å finne deg til rette. Du blir sjølvsagt mykje fortare kjent med folk om du engasjerer deg i fritidsaktivitetar, lag og organisasjonar. Særleg om arbeidsplassen du skal starte på ikkje er veldig stor med mange kollegaer som du kan støtte deg på.