The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det korte svaret er ja, men det kjem ann på ei rekke faktorar. Ved ransaking av eit hybelhus der politiet leiter etter gjenstandar som den mistenkte har gjemt unna, så vil det være naturleg å også ransake fellesareal og andre hybelrom om det kan tenkast at mistenkte har hatt tilgang til andre hyblar. For å ransake andre hyblar så må det være eit grunnlag for det.
- 8 svar
-
- 3
-
Dette stemmer ganske godt, for kvifor betale meir til ein som gir alt for jobben til lav lønn? I praksis er det ikkje like enkelt fordi ein bør være ein ja person som strekker seg litt lengre, men samtidig må ein tørre å sette krav om at du forventer å få betalt for ekstrainnsatsen.
- 51 svar
-
- 1
-
Det er nok mange arbeidsplassar det du får fastsatt lønn basert på kompetanse som startlønn, men at det etterpå er vanskeleg å få til betydelege lønnsendringar utan at du får nye oppgåver. Det er fleire grunnar til at det blir slik, men ofte er det fordi arbeidsgivar får meir negative tilbakemeldingar frå dei som ikkje blir prioritet enn positive effektar frå dei som får ekstra mykje. Det er derfor tryggare å la alle få ei lønnsjustering som er relativt lik og heller satse på at lønnsnivået ein fekk når ein starta i stillinga er korrekt lønn. Så den dårlege nyheita er at utan å bytte jobb/stilling så er det ofte svært vanskeleg å få særleg mykje i uttelling på prestasjon åleine, og det er nok ganske standar på mange arbeidsplassar.
- 51 svar
-
- 1
-
Det er også eit stort spekter i korleis ein bruker neglelakk. Du kan bruke blank neglelakk for å styrke neglane og få dei til å sjå meir velpleide ut, gjer du det då rett så vil det berre sjå ut som at du har naturleg pene neglar. Alternativt kan du gå heilt ut og bruke fargar (eller svart) slik at det virkeleg vises at du brukar neglelakk for å pynte deg, og til slutt har du den meir artistiske måten der du maler ein eller fleire neglar med intrikat mønster, alt frå eit hjerte til logoen til favoritt fotballaget. Min personlege meining er at det ser rart ut med ein mann som har lange raudlakka negler utan at ein også har andre detaljar til å utfylle looken. Tilsvarande om ein lakkar neglene svarte som eg ser enkelte gjer, då ser det ok ut om ein også ellers har emo-looken, men det ser rart ut om ein ellers har fargerike klær.
-
Velferdsstaten skal gjere at flest mogleg kan leve best mogleg, herunder at enkelte treng hjelp frå fellesskapet til å få rekneskapet til å gå opp. For alle vil ha mest mogleg for minst mogleg, enten det er tidleg pensjon, korte arbeidsdagar, høg lønn, billig mat, osv. Poenget er likevel at flest mogleg skal gjere ein innsats for at flest mogleg får det bra. For at velferdsstaten ikkje skal bli heilt kommunisme så har vi idag eit system der alle er sikra eit minimum, samtidig som at den som bidreg mest også får ta ut meir i form av høgare pensjon. Dersom vi skal oppretthalde dagens pensjonsordning så enten kvar enkelt auke pensjonspotten gjennom eige arbeid, eller ein må ha nok ungdommar til å tene inn pengane for å betale for gildet, eller ein må ha anna statleg finansiering som ikkje er skatt som til dømes olje. For sjølv om ein i snitt betalar inn 13,5 mill då hjelp ikkje det om ein gjennom livet har forbrukt meir enn dette. Tidlegare pensjonistar har nytt godt av at vi har hatt stor andel yrkesaktive og ein god oljeindustri som betalar gildet for god og lang pensjon, men med fleire som skal ha pensjon og mindre inntekter så er det ikkje bærekraftig.
-
Er ueinig i forslaget men forstår behovet. Pensjonsalderen vart i sin tid satt utifrå levealder der målet var at minst halvparten skulle leve lenge nok til å oppleve å bli pensjonist. At det å være sprek pensjonist i mange år er ei rettigheit er ei nyvinning som vi har fått gjennom velstandsauke og ein baby boomer generasjon som har jobba nok til at vi kunne tilby dette godet. Å skulle gå på skule til ein er 30 år, jobbe til ein er 60 år, og leve som pensjonist til ein er 90 år vil sjølvsagt ikkje være bærekraftig over tid, i alle fall ikkje utan at vesentleg mykje meir av lønna går til pensjonssparing. Men sjølv om vi må rekne med å jobbe meir for å få dette til å gå rundt så trur eg at løysinga må være å legge til rette for best mogleg verdiskapning utan at det nødvendigvis betyr at ein må jobbe 100% til ein blir 70 år. Om fleire kunne hatt trivelege småjobbar utan at det går utover pensjonen så kunne vi fått mykje verdiskaping ut av folk i pensjonsalderen utan at folk kjenner at dei må stå ved samlebandet kvar dag til dei er for gamle og sjuke.
- 201 svar
-
- 4
-
I tillegg til at det er rom for skjønnsmessig vurdering, så er det eit økonomisk spørsmål der det blir vurdert kor mykje ein sparer i sosialhjelp dersom du selg bilen for å kunnr bruke dei pengane på levekostnader, målt opp mot kva ein eventuelt sparer ved at du har tilgang til bil. Det er her din eksakte livssituasjon blir avgjerande. God dokumentasjon er alltid bra. Legeerklæring er kanskje ikkje det som er mest aktuelt, men oversikt kva det vil koste på sikt om du ikkje har bil vil være nyttig. Eg nemnde drosje, men transportkostnadane kan også dekkast ved kollektivtransport eller ved å flytte til ein meir sentral bustad.
-
Dusjen er jo et stort urinal i seg sjølv, innimellom blir det til og med anbefalt som miljøtiltak for å spare vatn.
- 53 svar
-
- 2
-
For trådstarter så er ikkje dette eit alternativ sidan han skriv at smaken av øl trigger behovet for alkohol slik at han ikkje klarer å halde seg til det alkoholfrie alternativet. Då er det nok enklare å halde seg heilt vekke frå alt som minner om alkohol.
-
Kjem heilt ann på, personopplysningar er alt frå fødselsnummer til om du ser på Farmen. Enkelte opplysningar har strengare krav til behandling. Det er også stor forskjell på om utleigar opptrer som privatperson eller verksemd.
-
Om du ikkje får støtte av eigen familie til å drikke alkoholfritt så er det eit kjempeproblem, du kan nesten ikkje tilbringe høgtid med familien når det bokstaveleg talt kostar deg livet. Det sagt så er nok problemet at familien din ikkje forstår problemet, enten fordi dei ikkje er i stand til eller ikkje vil forstå. Å skulle skjule at du ikkje drikker ved å innta alkoholfrie produkt vil uansett ikkje fungere i lengda. For veldig mange blir førarkortet ei livslinje, særleg som unskuldning. Aller helst bør du skaffe deg ei forståing slik at du ikkje må ty til unskuldingar, men ofte er det enklast. Andre gode unskuldningar som kan brukast er at du blir så dårleg av alkohol at du har måtte slutte, eller at du har ein avtale dagen etter, enten jobbrelatert, sosialt eller personlege ting som du treng å utføre. Har du førarkort og bil så kan det være fint å avslutte julekvelden med ein køyretur i folketomme og julepynta gater, kanskje med unskuldning om at du har avtalt å være sjåfør for nokon.
- 30 svar
-
- 1
-
Det bør bli forbudt å filme uten samtykke
The Avatar svarte på stamkunde sitt emne i Politikk og samfunn
Opptak kan være veldig nyttig, men det kan også være veldig skadeleg. For at opptak skal være til større nytte enn ulempe så medfører det at vi stiller høge krav til at kvar enkelt har forståing og sjølvkontroll til å bruke opptaket på rett måte. Grunnen til at dette i det heile tatt er ei sak at det finnes så mange eksempel på opptak som blir misbrukt og publisert til utanforståande. Hadde alle videoar av voldsutsatte, døde og døande personar gått rett til eit mediahus som vurderte saka og eventuelt offentleggjorde eit sensurert opptak og overleverte det usensurerte opptaket til påtalemyndigheita om det blir rettssak, så hadde det ikkje vært eit problem. Vi har masse reglar som er retta mot å førebygge negative konsekvensar. Forbodet mot å bære kniv (utan aktverdig formål) er nemnt, men det også slik med fartsgrenser. Hadde poenget vært å straffe dei som kræsjer og forårsaker skade så hadde vi ikkje trengt å regulere fartsgrensa, vi kunne latt kvar enkelt vurdere sjølv kort fort det er trygt å køyre og heller straffa hard når ein beviseleg har feilvurdert og kræsja. Ambulansesaka som du linker til er litt spesiell, for der vart Dagbladet i ettertid dømt for sin rapportering av kva vitner på staden meinte hadde skjedd, og ikkje kva som faktisk hadde hendt. Saka var såpass betent at sjølv om det hadde blitt filma kva som skjedde så er det ikkje gitt at det hadde blitt fritt for spekulasjonar, i alle fall når Dagbladet hadde bestemt seg for sin vinkling før publisering. For Ali Farah som var pasienten i denne saka fekk uansett sin helsetilstand, diagnose, psyke og rusbruk bretta utover avisforsidene.- 49 svar
-
- 1
-
Du skal ikkje sjå vekk ifrå at du kan få hjelp til å stadfeste farskapet. Tyrkia som mange andre land reknar alle barn av tyrkiskenstatsborgarar som tyrkarar, så med tykisk far så bar du etter tyrkisl grunnlov rett på tyrkisk statsborgarskap. Tyrkia aksepterer også doble statsborgarskap så då kan du få statsborgarskap i Tyrkia utan å måtte gi slepp på ditt norske statsborgarskap. Om det har noko for seg å bli tyrkarar blir sjølvsagt ei anna sak. Der ut som at tyrkia har ei e-govermnent som kan hjelpe www.dailysabah.com/turkey/2019/12/30/turkeys-e-government-service-helps-man-find-real-father/
- 7 svar
-
- 2
-
Norske OL-håp ble bedt om å ta av seg shortsen
The Avatar svarte på lada1 sitt emne i Oppslagstavlen
Vil eigentleg slå eit slag for at det er slik det burde være fortsatt, ikkje på grunn av nakenheiten i seg sjølv men fordi det er langt meir interessant når utøvarane konkurrerer på heilt like og naturlege vilkår. Når ein kan vinne fordi ein har badetøy med hai struktur i tøyet, fordi skia er smurt rett, eller fordi ein har det nyaste innan løpesko. For då er det plutseleg meir ei konkurranse mellom kven som har det beste støtteapparatet, og når vi furst er der så kan vi likegjerne premiere utlvarane med beste leganenog legalisere doping. Når det gjeld denne saka så tenker eg primært at det må være opp til utøvarane kva dei vil konkurrere i, og sekundært så har arrangøren eit ansvar for å hindre urettferdige fordelar. Så om eit lag vil bruke hanskar og armbeskyttarar for å få ein fordel så må enten alle få bruke dette utstyret eller ingen. Reint sportsleg så tviler eg på at det er forskjell på å spele i bikinitruse eller tettsittande shorts. Det er eit paradoks at arrangøren sett krav om at damene skal være lettkledde av omsyn til sjåartal og sponsorinntekter, men samtidig så får ikkje damene spele toppløse sjølv om dei hadde ønska det fordi det skremmer vekk seriøse sponsorar. -
Det bør bli forbudt å filme uten samtykke
The Avatar svarte på stamkunde sitt emne i Politikk og samfunn
Personopplysningsloven gjeld ikkje for journalistiske formål Straffeprosessloven sikrar eit kildevern I tillegg har jornalistar gjennom sedvane enklare tilgang til å be om innsyn, få være til stades i rettssaker som gårnfor lukka dører, og meir generelt så kan pressekortet tilgang til presseområder på konsertar, adgang til storting og rådhus, osv.- 49 svar
-
- 1
-
Det bør bli forbudt å filme uten samtykke
The Avatar svarte på stamkunde sitt emne i Politikk og samfunn
Pressefriheit er noko anna enn ytringsfriheit gjennom fri rapportering. Ei avis har friare tøylar for å publisere ting utan å bli straffeforfulgt, medan privatpersonar kan bli straffa. Så der ein privatperson filmar ei ulykke og publiserer opptaket blir straffeforfulgt så kan ein journalist i ei nettavis publisere nøyaktig det same opptaket til eit mykje større publikum heilt straffefritt. Forskjellen ligg i at journalisten er fagutdanna i presseetikk, og at eventuelle straffereaksjonar frå myndigheitene må rettast mot redaktør og mediahuset. Det er denne forskjellen som gjer at Aftenpostens journalist får fotografere uhindra medan andre blir blir bortvist og trua med anmelding. For der journalisten veit korleis ein skal vurdere samfunnsnytte opp mot personvern, og ikkje minst har eit ansvar for at rapporteringa er sannferdig og nyansert, så er det ikkje gitt at privatpersonen vil gjere dei same vurderingane.- 49 svar
-
- 2
-
Det bør bli forbudt å filme uten samtykke
The Avatar svarte på stamkunde sitt emne i Politikk og samfunn
Eg veit ikkje om det vil være mogleg å handheve det, men kunne ei løysing vært å la personopplysningsloven også gjelde privatpersonar som utfører personlege eller familiemessige aktivitetar? Då kunne ein praktisert regelen om at opptak som kan være aktuelle å overlevere til politiet ikkje kan lagast i meir enn 30 dagar. På den måten så hadde ein ikkje innskrenka retten til å filme på offentleg stad, men ein hadde i tillegg til å forby publisering hatt ei avgrensing på kor lenge ein kan ha bildet i sitt personlege fotoalbum før ein er pålagt å slette det. Her kunne det sikkert vært lagt inn moglegheit for å lage bildet lenger om ein kan dokumentere eit grunnlag for oppbevaringa, som til dømes eit samtykke. For kjernen i problemstillinga er at ein antek at dei fleste som filmer ulykker gjer det utan mål og meining, og utan tilstrekkeleg kunnskap om regelverket til korrigere atferden sin. Mange filmer nok og publiserer i sosiale media utan at det er særleg gjennomtenkt, og eg kan godt sjå for meg at mange ikkje ein gang forstår at det er straffbart å publisere, eventuelt at dei ikkje bryr seg fordi sannsynlegheita for straff er låg. Hadde ein kunne pålagt alle enkeltpersonar eit redaktøransvar så kunne det vært ei løysing, eller strengt tatt lagt redaktøransvaret på eigaren av sosiale media som Facebook eller TikTok men eg forstår at det sjølvsagt i praksis ikkje er mogleg å straffeforfølge Mark Zuckerberg for brot på redaktøransvaret når Per på 19 år som seint på kvelden har lagt ut eit videoklipp av to som slåss på byen. For på mange måtar så har teknologiutviklinga gått forbi regelverket. Før i tida så hadde ikkje enkeltpersonar tilgang til å kunne publisere ting, ein måtte ha tilgang til eit trykkeri eller liknande. Den store forskjellen i dag er at ein treng ikkje journalistutdanning og eit tilsettingsforhold i eit mediahus for å kunne produsere og publisere nyheitssaker. -
Det bør bli forbudt å filme uten samtykke
The Avatar svarte på stamkunde sitt emne i Politikk og samfunn
Dette er no ein del av straffeloven. Merk at det forbodet dekker er publisering av bilde og video av krenkande eller privat karakter. Strengt tatt er det ikkje rom for å straffe rein filming. Det var dette som skjedde i politivoldssaka i Kongsberg der eine politmannen vart bøtlagt for å ha sletta videoen som kameraten sletta. Politimannen sa at han gjorde det for å beskytte gjerningsmannen mot belastninga det kunne være å få videoen av at han vart arrestert (strengt tatt banka opp) av politiet. Men det hadde ikkje politimannen heimel til å gjere, for kameraten kunne fyrst ha blitt straffa etter publisering. Dersom vi ser på lenkene til @Uderzo så viser den fyrste lenka til ei sak som er straffa etter straffelova for å ha delt krenkande/private opptak av ein døande person. Den andre lenka ser ut til å ha blitt straffa etter vegtrafikklova for mobilbruk (med tilleggsargumentasjon om at det skapte farlege situasjonar å fokusere på ulykka og ikkje på køyringa). Dette stemmer også godt med botas størrelse ettersom det forenkla forelegget for mobilbruk er 9750 kr. Eg er derfor delvis einig med trådstartar. Eit problem i dag med filming av ulykker og voldsepisoder er at ein ikkje kan straffe den som filmar før skaden har skjedd. Det vil til dømes være lov å filme ei voldtekt, noko som kanskje er den mest ydmykande situasjonen offeret kan befinne seg i, men den som filmar kan ikkje straffast før opptaket blir delt med andre. Per i dag så er det ingen heimel til å være førebyggande, så til dømes voldtektsofferet må leve med at det finnes opptak som når som helst kan bli publisert og delt, men utan å kunne gjere noko med det fordi den som filma berre har restriksjonar på bruk av opptaket. Så i mange ulykkessituasjonar der folk står å filmer så kan eigentleg ikkje politiet gjere noko anna enn å bortvise personar dersom dei står i vegen for redningsarbeidet eller straffe dei som blir tatt på fersk gjerning i å publisere/streame. Dei som filmer til "personleg" bruk for å dokumentere bryt ikkje lova. Enkelte har også dette som yrke, altså journalistar. Journalistane vil sjeldan utgjere eit problem sidan eventuell publisering då går via ein journalistfagleg vurdering og at publiseringa er undelagt eit redaktøransvar. Men i dag så er det ikkje slik at journalisten har stort speilreflekskamera og refleksvest som det står "presse" på, det kan like gjerne være ho som står i heilt vanlege klede og filmer med mobiltelefonen sin. Eg har ikkje noko godt forslag til korleis dette kan løysast, men eg er einig i at det er problematisk at den som blir filma ikkje har rett til å nekte å la seg filme. Ein kan motesette seg publisering (om den som publiserer ikkje påroper seg at opptaket er av allmenn interesse) men ein kan ikkje nekte nokon i å filme deg i ein svært sårbar situasjon der du ligg stygt skada på asfalten. Samtidig så ser eg den at dersom det skal være forbode å filme så blir det mykje urett som aldri blir dokumentert. Den einaste praktiske løysinga eg kan sjå ved filming av til dømes ulykker er at politiet må bli flinkare til å prioritere å innhente personalia på dei som filmer. For å kunne gjere dette så må politiet også ha nok ressursar til å kunne prioritere ID-sjekk av tilskodarar i staden for redningsarbeid. Det ein hadde oppnådd då var at dersom opptak hadde blitt ulovleg publisert så hadde ein hadde sikker ID på fotografen slik at i alle fall straffeforfølginga hadde blitt litt enklare. I dag er det fort problematisk å skulle bevise kven som har stått for filming og publisering om ein ikkje har gjort det under fullt namn på sin Facebook-konto. Er ein skjult bak ein nick på Snapchat eller TikTok så vil det ofte være meir arbeid enn politiet har ressursar til å finne ut kven som skjuler seg bak den aktuelle brukarkontoen.- 49 svar
-
- 1
-
Kjøper og kjøpers advokat treng ikkje å vinne saka, det er nok at dei klarer å overtale selgaren til å tru at dei har ein god sak. Altså det som på god norsk heiter ein rein bløff. Her krev kjøper 1 mill i erstatning, så har dei sikkert kalkulert inn litt rom for å prute for å på den måten få selger til å betale f.eks. 700 000 for å sleppe å bli dratt gjennom rettsapparatet der ein kan risikere å blir dømt til å betale både heile millionen og saksomkostningane. Så målet kan like godt være å få deg/selger til å ta enklaste vegen ut og berre betale for å få saka ut av verden. Å la saka gå til søksmål inneberer alltid ein liten risiko for at ein kan tape likevel, det kan skje feil eller det kan dukke opp nye moment. I tillegg så må ein uansett pårekne at det går vekk mykje verdifull tid på å forsvare seg mot eit grunnlaust søksmål.
- 23 svar
-
- 5
-
Tips til arbeidsmuligheter for meg?
The Avatar svarte på Tranceformation sitt emne i Jobb og karriere
Kom på eit anna yrke der du kan bruke nesten alt du har av tidlegare erfaring: Feiar. Yrket heiter no brannførebyggar https://www.rogbr.no/brannforebyggende-avdeling/boligtilsyn-og-feiing/slik-blir-du-brannforebygger- I yrket skal du sjekke at pipe og brannmur, noko som du definitivt er kvalifisert til som murar. Finn du sprekkar så er erfaringa di som takstmann veldig nyttig. Som prosjektleiar har du heilt sikkert erfaring med å slå opp i regelverk og dokumentere det du gjer. Og HMS erfaring er nyttig i alle yrker. Du skriv at det kan kanskje være kjekt å følge opp læringar, så då tenker eg at skrittet til å informere huseigaren om brannsikkerheit burde ligge ganske nært, for tilsyn er ein del av denne jobben. I tillegg så er tilleggsutdanninga eigentleg gratis sidan du i praksis får jobben og får opplæring medan du jobbar før du tek fagbrevet, i alle fall om du ikkje rykker tilbake til start og tek 2 år på vgs fyrst, men når du alt har eit relevant fagbrev så meiner eg at du får godkjent mykje av murarerfaringa di som læretid i feiefaget slik at du ganske raskt kan melde deg opp til fagprøve. Å jobbe som lærling i 3 år er nok berre aktuelt om ein ikkje har tidlegare erfaring å støtte seg på. Dette må vel være midt i blinken for ein som deg som alt er "ekspert" på piper og brannmur, har erfaring som takstmann slik at du veit godt korleis du skal sjå forskjell på ein mur som er i orden og ein mur som er skada, og i tillegg så må det være allsidig arbeid når du både skal feie, informere og føre tilsyn. -
Som andre også har sagt, kjem heilt ann på kva saka gjeld og kva framgangsmåte du vel. Du kan gå til søksmål. Dette blir då eit privatrettsleg spørsmål. Fordelen med søksmål er at bevisbyrden er litt lavare då du berre må bevise sannsynlegheitsovervekt. Det er likevel du som må gjere jobben og det er du som må ta kostnadane ved å gå til søksmål. Sakskostnadane kan du vanlegvis kreve at den andre parten må dekke om du vinn fram, men tilsvarande så må du rekne med å måtte betale motparten sine kostnadar om du taper. Når det er folk på eit forum som er motparten så kan du fort møte praktiske utfordringar med å finne ut kven du skal sende stevninga til. Det vil være litt avgrensa kva du eigentleg kan oppnå med eit søksmål, utan særskilte utgifter som du kan kreve erstatning for så er det oppreising som er mest aktuelt. For hets så snakkar vi vanlegvis om oppreising som kan tellast med tusenlappar og ikkje ti-tusenar. Anmelder du så blir det opp til politi og påtalemyndigheit å vurdere om det er ressursar til å etterforske, om ein finn nok bevist til at det er grunnlag til å sikte vedkommande, og til slutt eit spørsmål om det kan bevisast utover ein rimeleg tvil at vedekommande er skuldig. Avhengig av alvorlegheitsgrad så er det bøter eller fengsel som er straffereaksjonane. Terskelen for å vinne fram i ei sak om netthets vil nok i praksis være høg. Ikkje berre er det utfordrande å finne ut kven som står bak brukarnamnet eller drifter forumet, men ein skal også føre bevis for at det er nettopp denne personen som faktisk har skrevet innlegget (og ikkje ein anna person, enten det er ein sambuar som har komt over PCen utan at vedkommande var utlogga eller ein moderator på forumet som har vært inne å endra på innegget), så berre der er det ei stor utfordring. I tillegg vil ein ofte legge vekt på at slik hetsing frå avstand er langt mindre truande enn om du opplever det ansikt til ansikt. Blir du hetsa på nett så kan du logge av medan om du blir hetsa på gata så vil det oppleves som langt meir truande. Så det store spørsmålet er kva hetsen heilt eksakt har gått i. Realistisk sett så må hetsen ha vært svært grov eller må ha pågått iver lang tid for at ei slik sak skal bli prioritert.
- 15 svar
-
- 1
-
Koranen er beviseleg oppdikta.
The Avatar svarte på Kjennar av Koranen sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Her må eg få gi honør til islam og jødedommen, for om vilkåret etter kristendommen var at jesus skulle kome med frelse og fred så betyr det at det enten ikkje var den ekte jesus som vart født for 2000 år sidan eller så betyr det at gud er/var makteslaus til å oppfylle lovnadane sine. Så her har kristendommen avkrefta seg sjølv, jødedommen og islam har fortsatt tvilen til gode om at det fortsatt kan dukke opp ein jesus som fiksar verdens problem for oss. Dette gjer det vel også i vanleg kristendom? Men litt vanlegare i den forstand at ulike grupperingar har gjort sine eigne tolkningar og danna pinsemeiningheit, mormonar og jehovas vitner. For meg er dette det aller klaraste beviset på dei religiøse tekstane ikkje er guds ord, for om det gud sjølv som har formulert teksta så må vi vel anta at gud meinte kvar einaste ord og kvar einaste formulering? Og ein følgjer definitivt ikkje guds ord dersom ein sjølv tolkar eller enda verre "cherry picker" kva ein vil lyde og kva ein vil ignorere.- 427 svar
-
- 1
-
er det tillatt å skyte ned droner, hvis de flyr over min eiendom?
The Avatar svarte i et emne i Juss
Det som er vanskeleg i slike saker er at ubehaget ofte er vel så mykje at ein blir (eller trur) at ein blir observert. Også når ein berre griller i hagen og ikkje har noko å skjule så er det utriveleg å bli glodd på. Det andre som er vanskeleg er at vi har eit uryddig regelverk rundt bilde og video, der hovudregelen er at det er lov å filme over alt, og at restriksjonane ligg i publisering, men at publisering likevel er lov dersom det til dømes er av allmenn interesse. Og deretter har vi ein del andre unntaksreglar som der det er innført fotoforbod av militære installasjonar og mest aktuelt for denne tråden at det ikkje er lov å fotografere der fotograferinga er plagsom eller er hensynsløs. Og om ikkje dette var nok så har vi også eit regelverk som gjeld overvåking, der det å montere eit kamera på husveggen som filmar inn i stovevindauget til naboen så er det ulovleg overvåking, men om du monterer eit dashbordkamera og lar bilen filme inn i stovevindauget så er det lovleg. Her meiner eg at det burde være ein storskilt opprydding. For enten så må vi berre akseptere at kamera vil være overalt rundt oss og at det å bli observert av kamera er noko vi må finne oss i, og at einaste vernet vi har er mot offentleg publisering av bilda. Eller så må vi ha eit anna regelverk som detaljstyrer kvar ein kan filme. I begge scenarioa med drone så er det også slik at du blir observert via kameraet utan at du har samtykka til det, men det er ikkje gitt at det også har blitt gjort opptak. Skal eg være veldig kverrulerande så er det jo nesten slik at i scenario 2, dersom du filmer naboane nakne i badestampen så er det for det fyrste slik at du kan bruke videoen til privat bruk om du kan argumentere at dette ikkje var hensynslaust adferd å filme badestampen, og det kan du nok kanskje klare fordi det er ikkje nødvendigvis slik at ein kan forvente privatliv når ein går naken ut i offentlegheita, også når det er snakk om privat eigedom. Og for det andre så kan ein vel også kverrulere på at å publisere opptaket er av allmenn interesse fordi "alle" i nabolaget vil sjå filmen. Opptaket er ikkje i allmenn interesse av nokon som helst samfunnsmessig funksjon som til dømes opptak av nyheitsverdige ting, men så lenge vilkåret er "allmenn interesse" så er vel det vilkåret oppfylt om det finnes interesse for å sjå opptaket blant allmennheita? Og det som kanskje er det verste når ein må vurdere kvart enkelt tilfelle er at ein her opner for ein vesentleg grad av forskjellsbehandling for den objektivt same handlinga. For det er nok ikkje vanskeleg å sjå for seg at ein mannleg droneførar blir straffa for å krenke privatlivets fred ved å filme den kvinnelege naboen i badestampen eller fly over ein strand med badande barn, medan ein kvinneleg droneførar ikkje hadde fått same anklagen. -
Koranen er beviseleg oppdikta.
The Avatar svarte på Kjennar av Koranen sitt emne i Religion, filosofi og livssyn
Ja. Det blir som å påstå at det er ein faktafeil at det ikkje er historisk bevis for at Espen Askeladd gifta seg med ei prinsesse og arva eit halvt kongerike. Heile eventyrboka er reint oppspinn så å påpeike at X faktafeil i Asbjørnsen og Moe sine bøker, og berre Y faktafeil i Harry Potter kan sjølvsagt ikkje brukast som argument for Harry Potter bøkene er sannferdige. Det er fortsatt reint oppsinn alt som står i begge bøkene.- 427 svar
-
- 2
-
Tips til arbeidsmuligheter for meg?
The Avatar svarte på Tranceformation sitt emne i Jobb og karriere
Minstekravet for å være lærar står i forskrift til opplæringslova: For ditt vedkommande er det då primært pedagogikken du treng, eventuelt må du ta lærarutdanning om du manglar praksis. Jobb som tilsynspersonell vil hovudsakleg være i kommunen innafor byggesak med tilsyn etter byggereglane eller innafor arbeidstilsynet med tilsyn etter HMS reglane på byggeplass.