Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 719
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Du kan føre over 12 dagar eller 2 veker sidan laurdagane er inkludert i dei 12 dagane. Har du ei ekstra ferieveke som følge av tariffavtale så kan også disse 5 dagane førast over. Etter ferielova så skal du ha minst 25 virkedager med ferie, minus laurdagane så er det fire veker og ein dag. Sjølv om du fører over ferien så er det ikkje gitt at du kan ta ferie i januar/februar. Tidspunkt for ferie skal drøftast men arbeidsgjevar har siste ordet. Som arbeidstakar så kan du berre kreve å få ta minst 3 samanhengande veker i hovedferieperioden 1 juni til 30 september.
  2. Sjekk fyrst om du har dekning for rettshjelp gjennom forsikringa, ofte kan du ha slik dekning gjennom innbo- eller husforsikring. Det vil være ei avgrensing på at naboen din ikkje kan kreve dekning for meir enn det som er nødvendige advokatutgifter, men kva som er nødvendig kjem ann på saka. Du meiner at kravet burde gått direkte til deg utan at det var nødvendig med advokat, men naboen meiner nok at det har vært forsøkt å få deg til å gjere noko med trea i lengre tid. Om det stemmer så tyder jo det på at du har ignorert kravet over lengre tid, og at du i tillegg ikkje har forstått kva saka gjekk på utanom "solforhold" før du no fekk brev frå advokaten.
  3. Dagleglivet går vidare, også i krig. Folk treng fortsatt inntekt, sosialisering og andre ting å tenke på. Det er ikkje eit alternativ å låse seg inn i eit bomberom på ubestemt tid. På eit eller anna tidspunkt omstiller ein seg og aksepterer risikoen. Du kan bli drept i morgå om butikken du jobbar på blir bomba, men du kan også bli påkøyrt eller skli i dusjen. Å bli drept i krigshandlingar blir berre ein av mange farer. Utanom frontane så blir risikoen forholdsvis lav, det blir bomba litt i byane men sjangsen for at det er akkurat deg som blir råka er liten. Der er likevel krig i heile landet, så det er ingen trygge områder, berre områder der det er mindre farleg.
  4. Ja. Hadde vi slutta å salte hovudvegane slik at alle må tilpassa farta (eller la bilen stå) når det blir glatt, så hadde det gitt store samfunnskostnadar. Eg trur nok vi kunne lært oss å køyre om vinteren igjen, men det hadde tatt tid sidan dagens sjåførarar er vande med at ein alltid kan køyre 10 km/t over fartsgrensa uansett årstid.
  5. Problemet er at den som tar med seg dette brødet ikkje kan bevise at varen er betalt for. Det er uansett slik at ein må godta alle vilkåra som følger med avtalen, i dette tilfellet at du må ta med deg 2 brød for å betale mindre enn 1 brød eigentleg kostar. Coop Extra er forøvrig notoriske til å ha villedande tilbod som får det til å virke som at det lønner seg å kjøpe stort, som 2 for 99 kr, og så er prisen per stykk 49 kr.
  6. Utan å ha noko konkret å vise til så er vel den viktigaste faktoren kor godt kupeen er isolert til å holde på varmen? Om motoren produserer mykje eller lite restvarme må ha liten betydning om varmen forsvinn med ein gong. Det som typisk skjer når du sett deg i ein iskald bensinbil er at du fort får varmluft gjennom ventilane, men det blir eigentleg berre varmt der ventilen bles. Det tek mykje lengre tid før du får jamn og behageleg temperatur i heile kupeen.
  7. Dette varierer mykje frå kommune til kommune. Til dømes vart det ikkje nasjonalt krav til å sorterte ut matavfall før i år. I min kommune er papir og plast den same dunken. Uendelig kildesortering har nok lite for seg, å bruke tid på å pirke ut plastvindauget frå papirkonvoluttar eller rive av papiretiketten frå syltetøyglaset er ikkje verdt det ettersom det lett kan sorterast ut maskinelt. Å utnytte varmen ved forbrenning er den dårlegaste måten å utnytte avfallet på sidan du då berre får tilbake litt av ressursane, der ein kan gjenvinne så gir det mykje større energiutnytting ettersom det er så energikrevjande å lage til dømes plast frå grunnen av. Når det gjeld resirkulering generelt så er det ein god ting, det som er problemet er at det i alt for liten grad er tatt omsyn til innbyggarane. Som nemt tidlegare i tråden så er det dei færraste husholdningene som treng ein eigen 120 liters dunk til matavfall som blir henta kvar 14 dag. Feilen her er bpde at innbyggaren må ha nok ein stor dunk som ein ikkje har plass til, og at henting anna kvar veke ikkje er ofte nok til å kvitte seg med matavfallet før det startar å lukte. Her burde det være mogleg å få til ein mindre dunk som blir henta ofte, for då hadde ein heller ikkje trengt å hente restavfallet like ofte sidan det som lagar lukt blir kasta som matavfall. Det burde også i mykje større grad være ordningar for å spesialtilpasse renovasjonen etter behov og livssituasjon. Om ein produserer mest papir-, plast- eller matavfall varierer veldig etter personlege forbrukarvaner og burde være lett å tilpasse slik at ein ikkje må ha ein stor dunk som ein nesten ikkje brukar. Det er også mykje som burde sorterast i husholdninga som det i dag ikkje er gode løysingar for. Til dømes elektrisk avfall burde nok ha ein eigen dunk som blir henta med jamne mellomrom. Tilsvarande for skrapmetall, dei fleste stadar så har ein dunk for glass- og metallemballasje, altså er det eigentleg ikkje lov å kaste spiker i den dunken. Har du to gamle spiker liggande så skal du eigentleg køyre til miljøstasjonen for å kaste dei der (eller bruke restavfallet), men reint stål burde det være både god miljø- og økonomisk gevinst på sidan det er så lett å resirkulere utan kvalitetstap.
  8. Dette blir opp til kva som er avtalt. Det er fleire måtar å ha sluttpakke på, enten at ein får etterlønn i ei bestemt tid utan begrensing slik at du i ei periode kan ha dobbel lønn, men det er også sluttpakkar som betalar etterlønn i ei bestemt tid fram til du får ordna deg med anna inntekt. Slik som du beskriv avtalen så virker det som at du blir fritatt for arbeidsplikta utan at du fritek arbeidsgivar for lønnsplikta. Er det nokon spesiell grunn til at du skal ha eit tilsettingsforhold sjølv om du ikkje jobbar?
  9. Synes at tilsette primært skal premierast med lønn, ikkje frynsegoder og variabel bonus. Det sagt så er eg einig i at julebord og liknande vil kunne være den aller billegaste måten å premiere dei tilsette på. Ved at arbeidsgivar betalar så får ein meir ut av pengane, om det hadde blitt betalt som lønn så må arbeidsgivar fyrst betale arbeidsgivaravgift og deretter må den tilsette betale skatt. Eit anna moment er at julebord har blitt problematisert dei siste åra på grunn av fyll og uheldige episodar. Særleg for dei som ikkje drikk eller som drikk lite så er ikkje julebord det som står høgast i kurs. Samtidig så meiner eg at det har blitt ein trend med at sjølv om du som tilsett får påspandert julebord (eller liknande) så møter ikkje folk opp fordi dei prioriterer fritid og eigne planar høgare enn sosialisering med kollegaer. Så julebord tener nok ikkje lenger den same funksjonen som det gjorde før, til det har arbeidstakarane blitt for ulike og eigenrådige til.
  10. Og alle dagligvarebutikkar.
  11. https://ec.europa.eu/commission/presscorner/detail/en/IP_19_2631
  12. Dette EU-vedtaket har komt på bakgrunn av at det har vært gjennomført ei kartlegging av dei 10 vanlegaste eingongsplastartikklane som ein finn på europeiske strender, og deretter er det innført tiltak for å redusere omfanget. Rasjonaliseringa av at flaskekorka heng fast er at det er eit langt mindre problem med flasker på strendene enn det er rester av flaskekorker i plast. (Så er det betimeleg å spørre seg om det er fordi plastflasker utan kork blir fylt med vatn og synk i staden for å bli skylt opp på stranda, og at vi no med faste korker "løyse" problemet med at korka også sekk saman med flaska om korka ikkje er påskrudd, eller at andelen tomflasker vil auke om flaska blir kasta med korka på slik at den flyt). Eg er tilhengar til at ein kan prøve nye ting, men eg er også tilhengar til at ein må evaluere og justere basert på kva som fungerer. Prisaukninga på plastposar har gitt ein effekt ved at mange fleire kjøper fleirbruksposar, men eg håpar at aukinga i salet på fleirbruksposar snart stoppar opp. Om befolkninga berre har gått frå å kjøpe eingongspose til 5 kr og heller kjøper eit litt større fleirbruksposer til 10 kr kvar gong så har vi gjort vondt verre sidan fleirbruksposane må brukast mange gangar for å gi miljøeffekt. Posar som berre blir brukt ein gong bør være så tynne som mogleg.
  13. Det er heilt greitt med miljøtiltak, også når det fører til litt irritasjon. Det største problemet eg har med dette kravet er at det er for dårleg lokalt tilpassa. I norge har vi i lang tid hatt eit mykje betre system for å hindre at plastkorkene havner i naturen, panteordninga. At det å ha plastkork som heng fast i flaska er eit viktig miljøtiltak i andre EU land som ikkje har panteordning er ikkje eit godt argument for at vi i Norge må ha den same løysinga. Ikkje det eg trur at den norske panteordninga står i fare ved innføring av dette tiltaket, men det framstår som heilt unødvendig å skulle bruke ressursar på å omlegge produksjonen for å innføre eit tiltak som nesten ikkje har effekt i Norge. Meir enn 90% av alle norske flasker blir panta, nesten alle med korka på. EU har på sin side ein plan om å starte å samle inn brusflasker, med ei målsetting om å klare å samle inn 90% innan 2029. Det hadde vært mykje betre at vi i Norge fekk fokusere på å bli enda betre på områder der vi har forbetringspotensiale enn å endre på ordningar som alt fungerer. Det er også noko urovekkande om skurkork-tiltaket får ei negativ miljøeffekt ved at mellom anna meieria går tilbake til kartongar utan skrutopp som igjen fører til meir matsvinn. Det blir det same som når ein forsøkte å redusere mengda emballasjeplast på frukt og grønt med det resultat at meir av grønsakene som blir frakta jorda rundt må kastast. Nokon må sjå på heilheita, det er ingen som er tent med symbolske handlingar som ikkje har effekt. Eg meiner at det hadde vært mykje betre at EU og brusfabrikkane la resursane sine i å få innført ei skikkeleg panteordning, gjerne som ein EU-standard slik at alle europeiske flasker kan pantast på tvers av landegrensene.
  14. Utan at eg vil anbefale at du går rett i strupen på utleigar som du også har interesse av å ha eit godt forhold til heilt til etter overleveringa, så er det heilt klart at utleigar ikkje har rett til å låse seg inn. Utleigar kan berre låse seg inn dersom det er for å hindre skade og det i tillegg ikkje er mogleg å varsle leigetakaren. Strengt tatt kan du bytte lås og trekke frå kostnaden av låsbyttet på neste husleige, men du bør sjølvsagt unngå å måtte gå så langt no like før du uansett skal flytte ut. Om utleiger låser seg inn eller gjer det klart at han/ho akter å låse seg inn i strid med huseleiloven § 5-6 så opner det for at du kan kreve avslag i leiga og til og med heve leigeavtalen. Det sagt så vil sjølvsagt faren være stor for at utleigar meiner å ha retten på sin side i samsvar med § 10-1 slik at dersom du påfører utleiger kostnadar ved å bytte lås eller holde tilbake husleige så er det stor fare for at dette kan ende opp i retten. Samtidig så kan du nesten ikkje stille deg sjølv på sidelinja og akseptere at utleigar berre låser seg inn utan avtale.
  15. Avgrensinga er kva som er rimeleg utstrekking, kva som er rimeleg blir ei vurderingssak men merk at med rimeleg utstrekking så er det fyrst og fremst med tanke på tidsbruken og kor ofte, ikkje nødvendigvis når på dagen. Jo nærmare utflyttingstidspunkt ein kjem, jo meir må du tole av visningar. I dette tilfellet så kan du seie nei til vising på grunn av kort tidsfrist utan at utleigar kan hevde at du ikkje gir tilgang for visning i rimeleg utstrekking. For sjølv om du pliktar å gi tilgang så gir ikkje § 10-1 rett for utleigar å kreve adgang, adgang til utleigeobjektet som du disponerer skal fortsatt følge prinsippet om at du skal ha varsel i rimeleg tid jamfør: Normalt sett så vil det også være i utleigars interesse å gjere skikkelege avtalar litt fram i tid. For sjølv om kravet til at du skal gi leigesøkande (ikkje nødvendigvis utleiger) adgang til bustaden så mefører ikkje dette eit krav om rydding og reingjering. Dei aller fleste ønsker likevel å ha tid til å rydde og vaske litt før det kjem framandfolk innom, og utleigar vil ha ein eigeninteresse av at du som leigetakar framstiller bustaden frå sin beste side.
  16. Er nok heilt korrekt. Norsk politi baserer seg ikkje på at ei patrulje åleine skal kunne ta igjen ein råkøyrar på motorvegen, då ringer dei ein venn i nabodistriktet som kan stå klar lengre framme. På norske vegar er det sjølvsagt langt viktigare med manøverabilitet, då mesteparten av norske vegar har svingar. Det som blir mest interessant er korleis UP klarer å omstille seg til å køyre elektrisk. Ein skal ikkje overproblematisere, for sannsynlegheita for at den same bilen må følge etter nokon i fleire 100 km og risikerer å gå straumlause før dieselbilen som blir forfulgt. Men med ein flåte av elektriske politibilar så må det gjerast tilpassingar i måten politiet jobbar på, mellom anna ved at ein må ta høgde for ladepausar for å topplade og at ein ikkje kan baserer seg på å at ei patrulje blir sendt direkte frå det eine oppdraget til det andre. Akkurat på same måte som når vi sivile gjekk over til elbil, det gjekk heilt fint men ein må planlegge køyringa litt annaleis når ein skal på langtur ved å legge inn ei god pause i staden for 3 min ved ei dieselpumpe. Både vi sivile bilistar og politiet skal ha pause i løpet av dagen likevel så i praksis går det heilt fint, men så var det disse heilt ekstraordinære unntaka der det blir krøll fordi pausa må takast når bilen vil ha pause og ikkje når det passar for føraren.
  17. God plan, spørsmålet om fortid vil aldri bli tema igjen, og det vil sikkert aldri bli nemt av famile og vennar heller 🙄 */ironi* Men for å være litt meir seriøs så må du kjenne litt på stemninga. Det er viktig at du ikkje lyg, og det er viktig at du ikkje held tilbake for å sleppe å lyge. Men du treng likevel ikkje å starte med å legge ut om eks koner og eks kjærester. Du kan seie at du har vært gift før utan å gå i detaljar, men om ho spør eller om temaet er historikken så må du svare meir utfyllande. Og så må du være forberedt på å fortelle meir seinare. Så mitt råd er at du må prøve deg litt fram. Du skal ikkje være uærleg, men samtidig er det ikkje sikkert at sjuande date er rette tidspunktet til å legge fram alt skittentøyet. Det er ikkje sikkert at det at du er skilt er skittentøy heller, men ein vil jo gjerne vise fram sine beste sider når ein fyrst blir kjent.
  18. Oftast vil det nok være det ettersom ein då kan ha eit stort fagmiljø, pasientane blir uansett skilt i ulike avdelingar. For den psykiatriske pasienten så er det nok også ein fordel å kunne bli både henta og bringa til sjukehuset og ikkje eit psykiatrisk sjukehus slik at alle forstår at dei er til psykiatrisk behandling. Eit vel så stort problem er at sjukehusa blir bygd for små: https://www.legeforeningen.no/nyheter/2023/ny-rapport-om-sykehusbygging-vi-ma-slutte-a-bygge-for-smatt/ Sånn sett er det også ein fordel at det er planlagt for ei psykiatrisk avdeling på sjukehuset då denne tenesta seinare kan kastast ut for å rydde plass til anna behandlingstilbod.
  19. Det er nok at kostnaden ved å produsere blir mindre enn kostnaden ved å reparere. Er ingen som reparerer radioar lengre når du kan kjøpe ein ny robotprodusert radio til same pris som du må betale i porto for å sende den gamle til reprasjon. Verden kjem til å forandre seg i takt med teknologien, så også levesett, byggestil og arbeidskvardagen vil bli endra av automatiseringa. Det er ikkje slik at kvar bonde blir bytta ut med kvar sin robot som setter poteter og rydder stein, bonden har blitt bytta ut med store maskiner som gjer at ein bonde no kan drive fleire gårdar nesten utan manuell arbeidskraft.
  20. Pilotar har typisk ei plikt til å avtre før ein blir 60 år, det handlar vel så mykje om at flyselskapet skal kunne kvitte seg med pilotar som på grunn av alderdom kan utgjere ein fare (så er det sjølvsagt eit spørsmål om det fortsatt er relevant med sprekare eldre, autopilot og helsekontrollar). I det offentlege er det ei tilsvarande øvre aldersgrense på 70 år der deb tilsette må gå av med pensjon, enten frivillig eller i form av oppseiing. Det er litt spesielt sett i lys av at i private bedrifter er det fyrst etter fylte 70 åt lov å basere ei oppseiing på alder. Einig i at det liknar ein del. Forskjellen ligg berre i at utbetalinga er behovsprøvd og ikkje ein flat sum til alle.
  21. Som rettesnor så kan dette være greit nok, på same måte som at leiar vanlegvis har høgare lønn enn den ein leiar. Men som fast regel så blir det litt håplaust. Det vil alltid finnes gode unntak, du har nemt arbeidsutføring og ansvar. Andre gode grunnar til å ha ei anna lønn er relevansen av utdanninga, om ein har fleire parallelle utdanningar, erfaring/ansiennitet, kompleksitet, belastning, osv. At utdanning skal lønne seg er ein ting, men utdanning åleine kan ikkje være det einaste lønnsgrunnlaget.
  22. Det er sjølvsagt sant at i fysisk krevanfe yrker så er det vanskeleg å stå løpet ut (men det er det også i kontorjobbar sjølv om utfordringane med for liten aktivitet er noko litt anna). Løysinga kan likevel ikkje være å la fleire og fleire leve lenge på offentleg pensjon utan å sikre tilsvarande inntekt. Så langt har det ikkje vært politisk vilje til å forskjellsbehandle, men det kan sjølvsagt også være ei løysing. I så tilfelle kan handtverkarar og andre som er forventa å ha kortare arbeidskarriere ha lav pensjonsalder. Det viktigaste er uansett at politikarane finn ei løysing som går opp økonomisk. Alle vil ha låg pensjonsalder, høg pensjon og låge skattar.
  23. Snakk med køyrelæraren din, dei har vanlegvis god og oppdatert oversikt over aktuelle køyreruter og kor ofte dei blir brukt.
  24. Synes det er godt innafor å belyse begge sider av ei sak sjølv. Er ikkje lett å være mediahus når ein blir kritisert for å spreie propaganda i ein samanheng, og får kritikk for dobbeltmoral når den andre sida også får kome til orde. Vil du ha media som heilt ukritisk fremmer ditt politiske synspunkt og det du meiner så finner du slike "aviser" på begge sider.
  25. Ja, forskjellen ligg fort i type dører og låsesystem. Det er ingen faste reglar for hybelhus, så det kan være organisert alt frå at ein bur som ei storfamilie og det i beste fall berre er tillitt som hindrar deg i å gå inn på dei andre soveroma, til at hybelhuset er organisert som eit hotell der alle romma har eigne ytterdører med automatisk låsing. I tillegg blir det ei vurdering på relasjonane mellom mistenkte og dei andre bebuarane, er det ein stor vennegjeng eller familie som bur der så er det større grunnlag for å mistenke at bevis/ulovlegheiter kan bli oppbevart av nokon andre. Det sagt så er det ikkje slik at dersom faren i familien blir mistenkt så kan politiet automatisk ransake mobiltelefonen til den 14 åring døtra, politiet må ha eit særleg grunnlag for å finne informasjon som er relevant for saka.
×
×
  • Opprett ny...