The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det er eigentleg ingen faste beløpsgrenser. Bankane har plikt til å undersøke at pengane ikkje kjem etter illegal aktivitet og slike undersøkingar kan banken gjennomføre på alle transaksjonar som dei finn mistenkelege. Formålet med undersøkinga er å finne ut kvar pengane kjem frå. Har du solgt eigedom eller køyretøy så er det lett å vise til kvar du har fått pengane frå. Kryptovaluta kan være litt meir problematisk ettersom banken må finne ut både om du har oppgitt og betalt skatt for verdiane, og i tillegg treng banken å finne ut kvar pengane som opprinneleg vart investert i kryptovaluta kom frå. Dette fordi ein ikkje skal kunne bruke kyptovaluta til å kvitvaske illegalt anskaffa verdiar. Sidan det er banken som har plikt til å stoppe kvitvasking så er det i fyrste omgang banken som vil vise interesse. Kan du svare ut banken og vise til kva som er opphavet til pengane så er dette heilt uproblematisk. Det er fyrst om banken får dårlege svar at dei sender saka over til myndigheitene. Om til dømes skatteetaten viser interesse for transaksjonane dine så vil det typisk kome via andre vegar, typisk pågåande etterforskning av andre som har knytningar til deg. Om transaksjonane foregår som ein stor transaksjon eller mange små vil ikkje ha særleg av betydning når banken vurderer kva som er mistenkelege transaksjonar. Kryptovaluta er fullt lovleg, men du kan få utfordringar med banken fordi det er vanskeleg å bevise at pengane kjem frå legale kjelder.
- 2 svar
-
- 4
-
Grunnen til at øl kjem på både noks og flaske er at det ikkje finnes eit svar med to strek under. Glas har den fordelen at det ikkje kan reagere med innholdet, men det slepper inn lys som du påpeiker. Det treng likevel ikkje å være eit problem om flaskene blir oppbevart mørkt. Sjølv foretrekker eg å handle øl på boks, men det er mest fordi det er praktisk med lett emballasje som eg lett kan kvitte meg med ved å pante boksene. Lagring av øl er ingen viktig målestokk for meg, enten står ølboksene i kjøleskapet der det er mørkt heilt til eg opner døra, eller så står ølet i boda der det uansett er mørkt. Så lyseksponering er uansett heilt minimal.
-
At eit vitne er nøytralt høyrer vel til unntaka? Eit vitne skal fortelle kva dei har sett, høyrt, og ikkje minst opplevd. I dei fleste situasjonar har ein komt i posisjon til å vitne ved å ha eit forhold til saka. Vitnesbyrd blir uansett tolka i ein kontekst. I ei kriminalsak så vil ikkje versjonen som offeret vitner om være ei nøytral gjenfortelling, men det er viktig for retten å bli fortalt korleis offeret har opplevd hendinga. Deretter blir det ei vurdering av kven sin versjon som er mest sannferdig og som kan støttast opp med andre bevis i saka.
- 6 svar
-
- 2
-
Det er langt opp og fram før hydrogen er realistisk til privatbilar. Det er mykje bra med hydrogen i eit miljøperspektiv, men i likheit med kjernekraft (som eg meiner må til om vi skal ha nok miljøvennlig energi) så krevs det ein stor jobb med sikkerheita, og ikkje minst kva befolkninga opplever som trygt. Hydrogen er svært fluktig og krev eit strengt kontrollregime for å unngå lekkasje og ulykker. Nordmenn er ikkje vande med propan ein gong, ein gass som du bokstavelegtalt kan frakte i bæreposer. Hydrogen har så små molekyl at det lekker gjennom nesten alt. Hydrogen kan ha ei framtid, til dømes som ein måte å transportere og lagre energi på. Men det er likevel lenge til det blir økonomisk forsvarleg med hydrogendrevne personbilar, fyrst må ein få det til å fungere på skip, tog, og til slutt lastebilar som har eit selskap som har både kompetanse, internkontroll, og økonomi til å vedlikehalde eit hydrogensystem for å unngå lekkasje og ulykker.
- 32 svar
-
- 2
-
Feilen som mange nettbutikkar gjer er at dei automatiserer ordrebekreftinga, dette fordi det er billegare enn å manuelt kontrollere at varen er på lager og kan selgast til den oppgitte prisen. Dette vil nok i dei fleste tilfeller lønne seg sjølv om ein risikererer at det blir gjort feil slik at ein må tilby dekningskjøp. Det er likevel ikkje til hinder for at ein prøver å sno seg unna sine forpliktingar ovanfor forbrukarar som ikkje kjenner regelverket. Ordrebekreftelsen skal være ei stadfesting på at det er inngått bindande avtale, ikkje ei kvittering på at bestillinga er motteken.
-
Google rapporterer den aktuelle sida som ei usikker side: https://transparencyreport.google.com/safe-browsing/search?url=kasozar.com Eg veit ikkje kva dette er slags side, men varsla kjem frå denne sida, enten via nettlesaren eller via nedlasta app.
- 6 svar
-
- 2
-
Finn i ein rapport frå folkehelsinstitutet: https://www.fhi.no/globalassets/dokumenterfiler/rapporter/2015/anbefalte-faglige-normer-for-inneklima-pdf.pdf på s 33 står det: Så anbefalt temperatur er 20-24 grader, og at dette kan oppnåast ved å ha 22 grader og tillate +/- 2 grader i slingringsmonn. Har du målt kva som er den reelle temperaturen? Sjølv om oppvarminga er satt til 19 °C så treng ikkje det å bety at det er den temperaturen du får på din hybel. Merk også at andre forhold som trekk, kalde golv, og innreiinga generelt kan være med på å gjere slik at innetemperaturen oppleves som kaldare enn den i realiteten er. Mange som bustad med golvvarme opplever at ein kan ha kjølegare lufttemperatur ettersom ein kjenner seg varm dersom ein er varm på beina. Kva du må finne deg i, og kva du kan kreve kjem ann på både kva som er avtalt i leigeavtalen og eventuelle tekniske avgrensingar som du måtte ha vært klar over ved avtaleinngåinga. Ein innetemperatur på 19 °C er kaldt men det er nok innafor det som må aksepterast om einaste vilkåret er at bustaden skal være oppvarma. Så blir det vurdere dei byggtekniske sidene, er det slik at du ikkje kan tilføre ekstra varme via anna varmekjelde? Og om du ikkje får bruke flyttbar omn i tillegg, er det på grunn av husordensreglane eller av byggtekniske grunnar? Er det slik at innetemperaturen på 19 °C er basistemperaturen som er inkludert i husleiga og at du sjølv betalar for straumbruk og dermed for eventuell ekstra oppvarming? Kva står i leigeavtalen om oppvarming? Sjølv om det kanskje er litt diffust så kan du vise til husleigelova: Sjølv om det ikkje er krav om kva innetemperaturen skal være på, så er det krav om at husrommet skal passe til avtalt bruk, her at dette skal være ein bustad. Så med mindre anna er avtalt så kan ein rette eit generelt krav om at husrommet skal holde ein normal innetemperatur. Mine tankar er at ein innetemperatur på under 20° vil av dei fleste reknast som kjølig, og at det er kaldare enn kva mesteparten av befolkninga helst vil ha i eigen bustad der det er heilt vanleg bruk å skulle sitte/ligge på ein sofa og slappe av foran TV-skjermen eller med ei god bok. Så der utleigar skal styre innetemperaturen så tenker eg at det kan være grunnlag for å påberope seg ein mangel når temperaturen avviker frå det som må reknast som gjennomsnittleg innetemperatur.
- 19 svar
-
- 2
-
Som Dubious skriv så kan du ikkje søke før du oppfyller krava til førarrett, det betyr i fyrste omgang at du ikkje kan søke før sperrefristen har gått ut. For rus-bruk, og spesielt når det snakk om cannabis så bruker politiet å være ivrige på å kreve dokumentasjon på avholdenheit, siden det manglar standariserte vilkår for å dokumentere dette så kan du risikere at du får krav om å avlegge urineprøve kvar veke i opp til eit år, andre slepp unna med langt færre prøvetakingar over ei kortare periode. Eg har sett frå media at det har vært tilfeller der politiet krever at den som har blitt fratatt førarkortet må dokumentere eit heilt år som rusfri for å få tilbake førarkortet. Det sagt så har Sivilombudsmannen slått ned på politiets strenge tolkning av regelverket fleire gongar. Dette er nok eit område der medlemmane i norsk narkotikapolitiforening har fått ha ganske fritt spelerom, noko som har ført til at cannabisbruk har blitt tillagt alt for mykje vekt i edruelegheitsvurderinga samanlikna med andre rusmiddel. På dette området er det dessverre slik at det er saksbehandlaren som behandlar søknaden din som vurderer om du får vandelen godkjent eller ikkje. Hadde eg vært deg så ville formulert ein ny søknad no når sperrefristen er heilt ute som ein klage på avslaget du nettopp fekk, og at du du i denne klagen/søknaden også legg ved ei grunngjeving slik som du har nemnt her, at dette var eit eingongstilfelle som ikkje skal gjenta seg. Om du er ung så kan det også være lurt å skrive nokre ord om at det gir deg ein uforholdsmessig stor ulempe å fortsette å være utan førarkort og at dette er til hinder for din utdanning og yrkeskarriere. Her bør du sjølvsagt vise til noko konkret. Tap av førarkort skal være ein forutsigbar, og alle forstår at du om f.eks. råkøyrer å mister førarkortet så går det utover din framtidige rett til å køyre bil i ei periode, men at du skal miste muligheita til å ta f.eks. ei praktisk utdanning der du må kunne køyre bil for å gjennomføre lærlingtida vil kunne ligge utanfor det som er påregneleg ulempe som du må tole. Som nemnt så ser politiet på cannabisbruk ekstra strengt så det å få med nokre ord om at slik rusbruk ikkje skal gjenta seg kan være strategisk lurt for å få den godviljen som skal til for at vandelssøknaden blir godkjent. Og får du avslag igjen så kan ein klage til sivilombodsmannen være fornuftig.
- 2 svar
-
- 1
-
Å kome seg innigjen i folketrygda burde være relativt uproblematisk når ein har budd i Norge i 12 månedar. Det som er vanskeleg å er bevise når ein har til hensikt å bli buande. Det vanlegaste kravet til å kunne bevise at ein har til intensjon å bli buande i Norge er at ein har skaffa seg bustad. I teorien kan ein sjølvsagt bu hos foreldre eller vennar men då manglar ein dokumentasjon på at ein har intensjon om å bli værande. Ein kan derfor risikere å måtte dekke både heimreise og eige livsopphald i eit heilt år før ein utvilsomt er medlem av folketrygden. Grunnen til at ein har eit slikt vilkår er at ein ikkje skal kunne reise til Norge berre når ein treng dyr helsebehandling for å få denne gratis og deretter returnere til landet ein har emigrert til. Men jo meir forpliktingar og langvarige avtalar ein inngår, jo betre bevis har ein for at ein har tenkt å bli buande i Norge.
- 28 svar
-
- 2
-
Ja det er berre ei veldig tynn hinne. Her er ein artikkel som seier litt meir om saken: https://www.dailymail.co.uk/sciencetech/article-7063123/Video-reveals-hidden-clear-plastic-film-INSIDE-aluminium-cans-metal-reacts-acid.html Utan at eg er heilt sikker så reknar eg med at det vil være svakheiter i denne plasthinnen rundt lokket og opningsmekanismen. Å drikke fra skikkelig ølglass er alltid å foretrekke, fyrst og fremst fordi eit ølglass som er tilpassa øltypen også tek vare på aromane og slepp til rikeleg med luft for å få fram smakane. Det har likevel liten betydning for eventuell metallsmak på ølet då dette er noko som utvikler seg over tid ved lagring på boksa før du heller over i ølglass. Drikk ein direkte frå boksa så kan det smake meir metall, men då er det fordi ein regelrett puttar aluminiumen i munnen. I tillegg vil det kunne være ein lukt av metallet når det held boksa opp mot munnen som gir ein aroma som oppleves som smak.
- 123 svar
-
- 2
-
Det også er jo eit poeng å nemne om ein samanliknar det norske butikkølet mot øl kjøpt i utlandet. Ølet i norske daglegvarebutikkar er brygga spesielt for det norske regelverket med maks 4,7% alkohol. Kjøper ein tilsvarande øl i utlandet (eller på polet) så vil det typisk være litt sterkare, ofte mellom 5 og 5,5%. Dette gjer at det norske butikkølet kan smake litt tynt samanlikna med øl som ikkje må forholde seg til ei slik grense. (Svensk butikkøl har tilsvarande avgrensing men då på 3,5%). I dag er det ikkje så mange av butikkøla som er tynna ut med vatn lengre for å tilpasse seg det norske regelverekt, så ølet er strengt tatt ikkje mindre fyldig. I staden så blir det meste utanlandske ølet brygga i Norge på lisens der ein stoppar gjæringa før ølet blir for sterkt. Det er også mogleg å delvis av-alkoholisere ølet for å få justert alkoholprosenten. Så om ein samanliknar til dømes Heineken som i Nederland er på 5% så vil den norske versjonen med redusert alkoholinnhold smake litt mindre fyldig. Den typiske metallsmaken kjem vanlegvis av langvarig kontakt mellom den syrehaldige væska og metallet, dette oppstår vanlegvis ved lagring på metallfat eller aluminiumsboks. Sidan det er syren som reagerer med metallet så oppstår ikkje metallsmaken før ølet er karbonisert med kullsyre. Så det er ved lagring av ferdig drikk at metallsmaken kan oppstå. Under produksjonen så er ølet(vørteren) forholdsvis pH nøytral og reagerer ikkje med metallkomponentar som det kjem i kontakt med.
- 123 svar
-
- 2
-
Ja Indirekte er det ei slik løysing, dei fleste veteranforsikringar har ei avgrensing på 5-6 tusen km pr år, køyrer ein lengre må ein over på vanleg bilforsikring som typisk er dyrare. 6000 km er likevel ganske mykje og opner for at veteranbilen kan brukast dagleg om ein berre køyrer i nærområdet. Gjennomsnittleg køyrelengde i fjor var 11 000 km så det er nok ein god andel som køyrer mykje mindre. Her meiner eg at ein også burde ha avgrensing på lang kortare køyreturar, sjølv med maks 450 km så kan ein køyre i 7,5 time med snittfart på 60 km/t noko som burde være rikeleg nok til å køyre i 17 mai tog, amcar samlingar og bryllup med ein bil som strengt tatt ikkje burde være på vegen i det heile tatt av omsyn til miljø og trafikksikkerheit. Hensikta med ein veteranbil er tross alt å bevare den for ettertida, ikkje å bruke bilen til å hente i barnehagen eller køyre til nærbutikken.
- 225 svar
-
- 1
-
Det er nok veldig ulike miljø, og ulike kulturar. Min erfaring er som du seier at det innafor akademiske miljø ofte er langt meir fokus på å snakke om faglege ting og at det er langt mindre intriger og kranglar mellom ulike personlegheiter. Dett kan være fristande å påstå at det er fordi mange akademiske miljø er herredominerte, men det har nok vel så mykje med den akdemiske metoden som ein har lært der det er fag og fakta som er det som får mest fokus.
-
Trur nok at mykje har med forventningar å gjere meir enn sjølve ølet. Reinheitslova blir mykje brukt av bryggeria rett og slett fordi det er oppskrifta på øl, det er likevel fleire og fleire som har starta å produsere øl med smak enten naturleg ved å tilsette fruktjuice eller syntetisk ved å tilsette kunstige aromaer. I tillegg så har det mykje med kva du er vand med, og her kan det være at norske ganer har endra seg litt dei siste 30 åra. (Det skal ikkje meir til enn at du severer grøn pils frå Ringnes til ein Bergenser før du får tydeleg beskjed om kor mykje betre Hansa sin versjon er). I tillegg så vil dine smaksløkar endre seg over tid, ting du likte før kan det være at du ikkje synes er like godt i dag, og omvendt. Det er likevel verdt å nemne at vanleg norsk butikkøl er produsert for å være så billeg som råd, så her er det lite rom for kvalitetar som ein ofte finn i pils frå mindre bryggerier. For nordmenn flest så er det eit mål at pilsen skal ha lite smak og være passeleg bitter slik at ein blir akkurat så tørr i kjeften at ein vil ha ein ny slurk. Den nemde Paulaneren er i ein annan kategori då det ikkje er ein pilsner. Paulaneren som dei fleste er kjent med er ei lys overgjæra kveiteøl, noko som gir ein fyldigare smak, nesten søtlig og humla slik at den ikkje er særlig bitter. Veldig mange overgjæra ales vil ha langt meir smak enn pilsnertypane. Den nemde Lederen pilsneren er ei tysk kvalitetspils som held seg svært lojalt til reinheitslova, for tilsvarande pils i same kvalitetssjikt så er det relativt få norske bryggeri å vise til, kanskje fordi det i norsk målestokk ikkje er betalingsvilje til å kjøpe dyrare norsk pilsner. Dei fleste forbrukarane er nok heilt OK fornøgd med vanleg grøn pils frå butikken, kanskje dei vågar seg ut på ei blå fatøl om dei vil ha meir smak. Og dei som er ølinteresserte vil gjerne har nok med meir smak på når dei fyrst skal påspandere seg øl av høg kvalitet, som til dømes ei kveiteøl.
- 123 svar
-
- 4
-
Som med alt anna er det eit kost/nytte-spørsmål. Dette blir openbart ein spiker i kista for veteranbilsamlarar som ikkje lenger kan ha køyretøya i køyrbar stand. Samtidig så er det liknande restriksjonar på andre hobbyar, som våpensamlarar som må på varig måte gjere våpenet ubrukeleg, eller at brennevinsinteresserte ikkje får lov til å lage sin eigen brennevin. Formålet er sjølvsagt at gamle bilar skal fasast ut og ikkje få nytt liv som veteranbil. Den openbare løysinga her må vel være å avgrense bruksgraden av ein veteranbil, kanskje med ein gradvis reduksjon i talet på køyrde kilometer jo eldre køyretøyet er?
- 225 svar
-
- 4
-
Burde vi ha et strafferegister tilgjengelig for allmennheten?
The Avatar svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Kanskje litt på sida av trådens tema, men sjølv om det nok er eit moment av kva slags definisjonar ein legg til grunn når ein snakkar om rehabilitering så meiner eg likevel at legning og kriminalitet er to heilt forskjellige ting. Sjølv om ein er homofil så kan ein fint unngå å ha sex med menn utan samtykke, ein kan endog leve i sølibat heilt utan sex. Tankekriminalitet bør ikkje være ein ting som ein skal straffast for, det er ulovlege handlingar som ein skal straffast for. (Det finnes jo også ei heil undergruppe av folk som aller helst ville vært i forhold med personar og/eller vesen som berre finnes i fantasien og som det ikkje ein gong er laga eit -ofili namn på og som kan fint leve vanlege liv vel vitande at dei aldri kan sette sine lyster ut i live, for det er ikkje mogleg å oppdrive verken tegneseirejenter til små grønne menn). Det er ikkje så mange tiårsidan at det i praksis var "forbudt" med sex utanfor ekteskap, og veldig mange heilt normalt seksuelt aktive mennesker klarte heilt fint å innrette seg etter den samfunnsnormen utan å måtte finne utløp for sine lyster. Tilsvarande så det heller ingen likheitsteikn mellom at voksne som liker samtykkande BDSM også liker å gjere dei same handlingane med tvang mot ein motvillig person. Dette er to heilt forskjellige ting, og eg trur ikkje vi skal være redde for at naboen som har handjern i nattbordskuffen er truande til å hoppe på deg ei mørk natt og låse deg til ein lyktestolpe, ein veit tross alt forskjellen på kva som er rett og galt.- 123 svar
-
- 4
-
Burde vi ha et strafferegister tilgjengelig for allmennheten?
The Avatar svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Det er dette som er systemsvikten. Lova og heile formålet med forvaring er at ein ikkje skal sleppe ut før ein er nok rehabilitert til å ikkje utgjere ein fare. Det nemte eksempelet viser då at det vilkåret openbart ikkje var til stades. For den praktiske utfordringa er sjølvsagt korleis ein skal vurdere den forvaringsdømte og kome til rett konklusjon kvar gong der ein slepp fri dei som er rehabilitert samtidig som ein forlenger forvaringa til dei som treng meir tid på å bli rehabilitert. Ansvaret for dette må ligge til justisvesenet, for ein fikser ikkje det underliggande problemet med å henge opp "vokt deg for denne mannen" plakatar i nabolaget. Problemet er at den mannen aldri skulle vært i nabolaget i det heile tatt, han skulle sona ein forvaringsdom fram til han ikkje lenger utgjorde ein fare. Eg er også ganske sikker at sjølv om ein har ein slik offentleg gapestokk så vil ikkje det være til reelt hinder for gjentakande kriminalitet, det gjer det berre litt vanskelegare å begå slik kriminalitet i eige nabolag, og det gjer at heile nabolaget går rundt og er redde i eigen heim, også der det er heilt unødvendig.- 123 svar
-
- 4
-
Burde vi ha et strafferegister tilgjengelig for allmennheten?
The Avatar svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Eg meiner at varslingsplikt eller offentleg register er heilt feil medisin i dette tilfellet. Det som forhindrer nye overgrep og kriminalitet er å holde forvaringsdømte innelåst til dei er rehabiliterte. Å sette namnet deira på ei liste og oppfordre naboane til ikkje være utandørs når det er mørkt er ei særdeles lettvint løysing der ein legg ansvaret for eit sviktande rettssystem på innbyggarane istaden for å fikse systemet. Heile poenget med forvaring er at ein ikkje skal sleppe ut før ein er rehabilitert nok til å ikkje utgjere ein fare.- 123 svar
-
- 6
-
Burde vi ha et strafferegister tilgjengelig for allmennheten?
The Avatar svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Joda, kjenner forskjellen. Det eg prøvde å få fram er at det er ikkje gitt at ein tilfeldig nabo som les strafferegisteret for sitt nabolag hadde forstått den forskjellen, like lite som at ein hadde forstått at overgriparen som står på lista står det fordi han som 16 åring hadde ein kjæreste som var 15 (for mange år sidan). For heile poenget med eit slikt offentleg register er vel at ein ynskjer at nabolaget skal følge med å rapportere til politiet om dei ser noko mistenkeleg? -
Burde vi ha et strafferegister tilgjengelig for allmennheten?
The Avatar svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Alle som skal arbeide frivillig eller profesjonelt med eller rundt barn må ha vandelsattest. Fysj og fysj, tenk at vi let folk som har begått kriminalitet kan få legge det bak seg og bli produktive samfunnsborgarar. Ordninga med vandelsattest er ei ytterlegare sikring mot at dømte forbrytarar må ha ei ekstra karantenetid før dei får ha arbeid eller verv som innbefatter nærleik til det som dei har blitt dømt for, enten det er ansvar for barn eller omgang med narkotiske medikament. Men også i vandelsattestane så vil ting "gå ut på dato" om ein har holdt seg på matta i lang nok tid målt opp med lovbrotets alvorlegheitsgrad.- 123 svar
-
- 1
-
Burde vi ha et strafferegister tilgjengelig for allmennheten?
The Avatar svarte på frohmage sitt emne i Politikk og samfunn
Dersom det er eit behov for å ta førehandsreglar og være forsiktig når ein ferdes i eige nabolag. Så er det heilt feil å løyse den utfordringa med eit informasjonsskriv med beskjed om at ein må krysse fingrane og håpe ein har nok flaks til å ikkje bli utsatt for kriminialitet, dersom det er behov for å ta førehandsreglar så er jo problemet at personen ikkje er rehabilitert og skulle vært under eit eller anna slags regime fram til ein ikkje lenger utgjer ein fare. I slike tilfeller må ein bruke forvaring fram til gjentakingsfaren ikkje lenger er tilstades. Skal eit slikt register har nokon som helst praktisk hensikt så er det også heilt avgjerande at registeret berre innheld namna på personar som er farlege, og dei som er farlege skal fengslast eller undergå tvungen helsebehandling fram til dei ikkje lenger er farlege. Rehabiliterte kriminelle skal ikkje utgjere ein fare, og burde i teorien være meir til å stole på ettersom dei har sona sin straff og fått kjenne på konsekvensane. Dei som er farlege er dei som ikkje har blitt tatt og dømt endå, for dei trur dei kan fortsette sin kriminelle livsstil utan konsekvensar. Temaet i tråden gjeld eit offentleg strafferegister, ikkje nødvendigvis berre eit register over seksuallovbrytarar. I den samanhengen så er det nok mykje meir relevant å henge ut trygdesvindlarane slik at naboane kan melde frå om den uføre naboen plutseleg er frisk nok til å kunne jobbe i hagen ein dag eller at naboen som er arbeidslaus ser ut til å ha anna inntekt. Så spørs det sjølvsagt kva linje ein legg seg på med eit slikt register. Eit sedligheitsregister slik som dei har i USA vil ikkje ha noko anna funksjon enn å være ein gapestokk, for på den lista står det også ungdomskjærester og folk som har blitt tatt for offentleg urinering.- 123 svar
-
- 1
-
i Norge skal all nytelse/glede gjøres så trist som mulig?
The Avatar svarte på Mr.M sitt emne i Oppslagstavlen
Grunnen til at det blir slik er i Norge er det i utgangspunktet berre lov med nikotin via tobakksprodukt. Rein nikotin er i dag berre lovleg som røykestopprodukt. Dette på grunn av den norske politikken med å ikkje opne opp for nye tobakksprodukt. Ein måte å få til nikotinprodukt med smak som kan selgasat som nytelsesmiddel er då at det må innholde tobakk, dermed også tobakksmak. Den store utfordringa her er grensesettinga mellom produkt som bidreg til å få folk til å slutte å røyke og produkt som får fleire til å bli nikotinavhengige. Om dei som i dag vamper går over til å røyke vanlege sigarettar så er sjølvsagt ikkje det bra, samtidig så er det ikkje bra om vi får ein ny generasjon av nikotinavhengige som inntek det avhengigheitsskapande stoffet som damp med smak av tutti-frutti.- 21 svar
-
- 1
-
Kjem heilt ann på kva arbeidsavtale du har. Normalt vil du være tilsett med ei bestemt arbeidstid, då skal du ha betalt for denne tida og det er opp til arbeidsgivar å finne noko å bruke deg til. Du kan også ha ei nulltimerskontrakt (ringevikar), då har du ikkje fast arbeidstid og får berre betalt når du jobbar. Til gjengjeld står du då fritt til å takke nei til arbeid med ein slik arbeidsavtale.
- 5 svar
-
- 1
-
Er det ikkje meint at du blir omfatta av beggenreguleringane slik at parkeringa må være lovleg etter begge reguleringane? I dette tilfellet så må parkeringa både være lovleg etter dei generelle reglane om parking i T-kryss, og hadde bilen også stått med snuten forbi parkeringsskiltet så måtte ein også ha forholdt seg til reguleringa på skiltet.
-
Jo. Ferien skal som hovudregel takast ut på det inneværande året, overføring av gjenståande feriedagar er eit unntak som krev at arbeidsgivar og arbeidstakar må avtale dette skriftleg. Trådstarter ønsker å jobbe minst mogleg, så min kommentar gjekk mest på at han ikkje har rett til å få ta ut ferie i januar og februar