The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 710 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Fyrste rådet er å ikkje kjøpe "too good to go" frå bensinstasjonar, gatekjøkken og kioskar. Burde ikkje være ein stor overrasking at det slike stadar sitter igjen med søte bakevarer, grillpølser og liknande usunn kioskmat. Sats heller på vanlege restaurantar og hotell som serverer vanleg mat. I kva grad du kan kome med ønsker og preferanser er avhengig av plass til plass. Du kan nok ikkje forvente at du får veldig med service når du kjøper too good to go ettersom ein berre fordeler det som er av rester eller mat som held på å gå ut på dato. Det er også eit prinsipp at alle kundane skal få omtrent likt tilbod, det skal ikkje være slik at ein kunde får masse påsmurte baguettar og andre kundar berre får tørre brødskalkar. På ein frokostbuffet så er det nok mange som helst vil ha egg og bacon, så der er det nok relativt kurrant å få mest mogleg frå salatbaren.
- 18 svar
-
- 2
-
Komponist: burde jeg slutte å publisere gratis musikk?
The Avatar svarte på Martelè sitt emne i Jobb og karriere
1. Kva som er rett taktikk blir veldig tilfeldig. Den store fordelen med å publisere gratis er at det aukar din synlegheit, som at din musikk vart brukt i denne dokumentaren, som igjen gjer at folk får vite om kva musikk du lager, som igjen kan gi grunnlag for at du seinare får betalte oppdrag. Det store spørsmåler om denne eksponeringa og reklameeffekten vil slå til raskt nok til at du kan nyttegjere deg av det. KVa tidsperspektiv ser du får deg? Er det slik at du må ha inntekt på musikken din i løpet av 1 år, 5 år, eller 50 år? Ved å ta betalt for musikken så får du betalt, men sannynelgheita for at nokon velger å betale for akkurat din musikk i eit hav av gratisalternativ blir fort liten. Samtidig så er det jo slik at du blir ikkje lottomillionær om du ikkje kjøper lottokuppong 2. Det er nok ein kombinasjon. Det er nok ikkje heilt tilfeldig at det er din musikk som vart brukt, så produsenten av dokumentaren må like musikken litt, eller som minimum ha vurdert at musikken din passar perfekt til ein slik dokumentar. At musikken din i tillegg var gratis gjer det sjølvsagt veldig enkelt å bruke den framfor å betale for musikk som ein ikkje er like fornøgd med. Det kan være at din musikk var den aller beste, og at produsenten ville brukt musikken din også om du hadde solgt den dyrt, men det får du nok aldri vite. -
Hvorfor er nedgang i befolkningstall et problem?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Om vi legg dette til grunn så ser vi også vekk frå det som årsaken til dei negative konsekvensane. Det blir litt som å sjå vekk frå dei arbeidsledige og spørre seg om kva som eigentleg er dei negative konsekvensane ved høg arbeidsledigheit Norge som nasjon hadde nok klart seg heilt fint med 2 mill innbyggarar, men berre om dei to millionane er fordelt på ein fornuftig måte. Problemet no er at vi går i retning der det er kraftig auking i den delen av befolkinga som kostar pengar og ei kraftig reduksjon i den andelen av befolkninga som genererer inntekter. Statistisk sentralbyrå har kalkulert at i 2031 så vil vi for fyrste gong ha fleire personar av 65 år enn vi har unge under 19 år. Eller sagt på ein anna måte så vil vi ha like mange pensjonistar som vi har barn og unge i skulealder. Det er spådd at i 2031 vil det være omtrent 1,2 mill i kvar gruppe, som igjen betyr at 2,4 mill vil være enten for gamle eller for unge til å jobbe i særleg grad. Same prognose frå SSB seier at vi i 2031 også vil runde 6 mill innbyggarar. Om dette slår til så vil i 2031 berre ha 60% av befolkninga i yrkesaktiv alder, og vi veit at ikkje alle disse vil være i jobb på grunn av sjukdom, uføre, arbeidsledigheit, osv. Dette kombinert med færre barn så ser det heller ikkje ut til at situasjonen kjem til å endre seg vesentleg. Det Norge står ovanfor no er den motsette utfordringa som ein har i mange fattige land. Mange fattige land har svært låg forventa levealder og kan fort ha 50% av befolkninga beståande av personar under 18 år. Så der vi i Norge har problemet med at 50% av befolkninga må tene godt til å kunne betale for livsopphaldet til alle dei gamle, så vil dei i fattige land ha problemet med at 50% av befolkninga må tene godt nok til å betale for livsopphaldet til alle barna. Til dømes Uganda har i dag 45% av befolkninga si beståande av personar under 15 år Ein ein global samanheng så er dette i teorien lett å løyse. Vi kan sende alle gamle i Norge til land som har ein solid andel yrkesaktive men som ikkje har hatt baby boomen som vestlege land hadde etter andre verdenskrig, som til dømes Brasil. Brasil har relativt god økonomi og har ein mindre prikær aldersbølge enn vi har. Om vi då samtidig importerer masse barn frå Uganda som kan vekse opp i Norge og bli gode skattebetalarar så er det meste løyst. Problemet er ikkje folketalet i seg sjølv, problemet er fordelinga. For Norge sin del så er største problemet fordelinga basert på alder. I eit globalt perspektiv så er det også eit problem at verdensbefolkninga ikkje er jamt fordelt, og at levestandarden er vilt forskjellig. Dei realistiske løysinga er arbeidsinnvandring, reduksjon i pensjon og aldersomsorg, samt auking i fødselstala som kan ta over jobben til arbeidsinnvandrarane når dei blir gamle og pleietrengande. -
Eg reknar med at alle forstår at det er kaloriar inn kontra kaloriar ut som er det avgjerande. Det som dei fleste slit med er det å gå rundt å være svolten, for det er ubehageleg både fysisk og mentalt. Det å få i seg nok kaloriar er i dag det minste problemet. Tran er svært kaloririkt og ei spiseskje med tran er fort 100 kcal. To spiseskjeier fire gongar om dagen er då 800 kcal, og det er eigentleg nok kalorinntak for heile dagen (alt avhengig av kjønn og vekt) ettersom ein ved slanking bør prøve å ha eit kaloriunderskot på ca 1000 kcal om dagen om ein vil gå fort ned i vekt. For meg så vil ein slik diett være svært vanskeleg å holde seg til ettersom det ikkje gir mettheit i det heile tatt. Svoltsmertene tek fort 3-4 dagar før det gir seg, så har komt over den kneika så blir det litt lettare. Salat og grønsaker er fin slankemat ettersom det er kalorifattig mat som gir mykje magefyll. Etter mitt syn så er trådstarters "diett" å nesten slutte heilt å ete mat, og heller få i seg næring i form av fett frå tran eller rømme.
-
Har ikkje store problem med bompengar i seg sjølv. At den som bruker vegen også betalar for dette er både rett og rimeleg. Det som er problematisk er måten ein bruker bompengane på. Når ein er ferdig å betale ned vegen (samt vegar som også måtte utbetrast som direkte årsak) så bør bomringen fjernast. Der det skal byggast samfunnsnyttige vegat som sykkelsti, kollektivfelt, miljøgate, osv så bør dette finansierast over skatteseddelen slik at det er fordelt på alle. Det er ikkje rett at det berre er bilpendlarane som skal betale for at det blir bygd sykkelsti. Unntaket er der ny sykkelsti var heilt nødvendig fordi utbygginga av vegen førte til at eksisterande sykkelsti måttr fjernast.
- 96 svar
-
- 1
-
Håpet ditt blir nok at saka blir henlagt før den kjem til tingretten. Det einaste du realistisk kan håpe på er å vinne fram med er om målinga er nøyaktig nok, som at lasaren ikkje har blitt kalibrert på ei stund. Om du klarer å få 1 km/t til i fråtrekk på farta så slepp du prikkar og dermed også førarkortbeslag. Som nemt så har du ingen formildande argument, at det var mørkt og at du vart blenda er berre argument for at du burde ha køyrt saktare. At det var mørkt kjem du ikkje unna, men då må i alle fall ikkje seie i retten at du også var blenda og ikkje såg av den grunn.
-
Nå kan du tæppe med Vipps i butikken
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Om du korrigerer til Apple og Google så er eg forsåvidt einig. På android så har også Samsung si eiga løysing for å betale med NFC. Denne oppdateringa frå Vipps gjer at Vipps blir ein av mange tilbydarar, og ikkje at Vipps tek opp konkurransen mot Apple åleine. -
Det einaste i trådstarters forklaring som kanskje kan ha ein relevans er dersom unskuldninga var at det var for mørkt til å sjå 60-skiltet og at du derfor trudde at det fortsatt var 70-sone. Men med mindre det er objektive holdepunkt for at skiltet ikkje var synleg nok til at du burde ha oppdaga det så vil også den unskuldninga kome for kort. Alt trådstarter argumenterer med danner eigentleg berre grunnlag for at trådstarter i tillegg til å køyre for fort også bør anmeldast for uaktsom køyring. Det at trådstarter i tillegg har 6 prikkar frå før underbygger at ein i alle fall ikkje har tatt særleg med lærdom av tidlegare bøtlegging. Vanlegvis når ein blir tatt for å køyre for fort så argumenterer ein med at det var høglys dag, tørr asfalt, bein og oversiktleg veg, og at alle forhold ellers låg til grunn for at fartsoverskridinga ikkje utgjorde særleg med fare. Her gjer trådstarter det heilt motsatt, ikkje berre har trådstarter køyrt for fort i forhold til skiltinga, trådstarter har også køyrt for fort iforhold til køyreforholda på staden. Hadde det komt ein elg eller hjort (eller fotgjengar utan refleks) ut i vegen utan belysning så er det tvilsomt at trådstarter ville greid å stoppe når i 70 km/t gjennom ein mørk skog. I dette tilfellet var det nok berre bra at trådstarter ikkje fekk forklart seg utfyllande, for med rom for å snakke heilt fritt så kunne nok trådstartet ha snakka seg til meir enn berre ei fartsbot.
- 18 svar
-
- 4
-
Nå kan du tæppe med Vipps i butikken
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Med frykt for å virke sidrompa og negativ til nyvinningar; Kva er eigentleg poenget med å tæppe med Vipps? Dersom ein ynskjer å tappe med telefonen så har ein denne funksjonen tilgjengeleg via Google pay, apple pay, eller curve for dei som har bank som ikkje støttar apple/android betaling. Sikkert fint å få alt inn på ein app, men når ein uansett er avhengig av å ha "rett" sparebank for å få tilgang til tæpping (og eg blir ikkje veldig overraska om det er akkurat dei same bankane som no tillater tæpping med Vipps som du tidlegare ikkje har fått lov til å tæppe med Google/Apple-pay). Fin funksjon frå Vipps, men den kjem såpass seint at no blir det ein av mange alternativ for tæpping. Hadde funksjonen vært bank-uavhengig så hadde det vært noko anna, for då hadde det hatt ein funksjon ved å tilby tæpping til dei som tidlegare ikkje har fått lov til dette gjennom sin eigen bank. Det er litt for få bankar som støttar tæpping via Vipps at eg tviler på at det er mange som kutter ut Google/Apple-pay og går over til Vipps dersom ein fyrst har satt opp sine Google/Apple-konto.- 31 svar
-
- 8
-
Var det avtalt at selgaren skulle ta med seg kjøleskapet? Dette kjøleskapet høyres veldig integrert ut og skal normalt følge med om det ikkje er avtalt noko anna. Dersom det er avtalt at selgar skulle ha med seg kjøleskapet, så blir det eit spørsmål om kva du har akseptert i samband med den avtalen. Tenker også at så lenge waterguard, magnetventil of trykkreduksjonsventil ikkje hadde utgjort ein mangel dersom du hadde tatt over kjøleskapet slik som det stod, så er det også mykje forlangt at det nye skal ha alt som er anbefalt (ikkje nødvendigvis påkrevd).
-
Oppsigelsestida gjeld begge vegar, men det er stilt høgare krav til kva utleigar kan bruke som oppseiingsgrunn. Grunnen til at det er slik er at det er bestemt at også dei som leiger skal ha rett til ein forutsigbar busittuasjon. Utleigaren er den sterkaste parten i eit slikt avtaleforhold, og ein skal som leigetakar ikkje trenge å gå rundt og være redd for at utleigaren blir sur slik at du står utan bustad om 30 - 90 dagar. Rehabilitering og at du skal bruke husrommet sjølv er dei vanlegaste grunnane til at utleiger seier opp avtalen, men også andre saklege grunnar vil kunne være gyldig. Dersom leigetakarane er illojale mot leigeavtalen så er også det gyldig oppseiingsgrunn, kanskje også grunnlag for umiddelbar annullering av leigeavtalen.
- 4 svar
-
- 1
-
Når blir 2G *egentlig* stengt ned.
The Avatar svarte på NorsknRev sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Utfordringa er stort sett knytt til tryggheitsalarmane som brukar 2G og som kommunen ikkje har fått bytta ut. -
Der kjem ann på kva som er avtalt. Det finnes ingen standard oppseiingstid å falle tilbake på i slike avtaler. Dersom du har avtalt at vedkommande skal utføre jobb X, Y og Z, så kan du kreve oppfylling av den avtalen. Manglande utføring av jobben kan gi grunnlag for erstatningskrav, typisk merkostnaden ved at du må leige inn nokon andre til å gjere jobben.
- 8 svar
-
- 3
-
Dersom vi skal starte ein ny debatt om EU medlemsskap så kreves det ein ganske stor samfunnsdebatt. Mykje har skjedd med EU og EØS sidan Norge sa nei til medlemsskap sist gang. Heilt ærleg så har eg no fullstendig mista oversikta over kva fordelar og ulempar eit EU-medlemsskap vil medføre sidan det er stadig fleire politiske områder som blir påverka av EU og EØS. Slik som eg har oppfatta EU så har ein gått meir og meir i retning av at EU skal ha eit føderalt styre som om EU var ein nasjon, der kvar medlemsstat er eit underdanning styrenivå som får organisere seg slik som ein vil så lenge det ikkje bryt mot EU-reglane. Altså litt slik som USA fungerer som eit land med mange statar som står fritt til å ha eigne lokale lover og ordningar. Ei slik organisering er det både fordelar og ulemper med. Eg heller fortsatt mot eit nei til EU. Det å få lov til å være med å stemme når EU skal fatte vedtak er eit fint demokratisk prinsipp, men det gir oss ingen reell innflytelse når vi har så lite stemmevekt. På dette området så tenker eg at vi har meir makt ved å "true" med å trekke oss frå EØS avtalen om pålegga frå Brussel blir for tunge. Å trekke seg frå EØS avtalen er nok ikkje veldig realistisk ettersom den avtalen omfattar så veldig mykje, men sidan EØS avtalen også har store fordelar for EU så er eg av den oppfattinga av at vi har meir påvirkningskraft sidan Norge og Liechtenstein utgjer eine avtaleparten med EU på andre sida av bordet. Norge har ein veldig fin posisjon så lenge EU ønsker å ha oss med på laget, spørsmålet er sjølvsagt kor lenge EU er fornøgde med at Norge berre bidreg når det er til nytte for Norge og ikkje når det er dei andre EU landa som treng litt drahjelp.
- 174 svar
-
- 2
-
Når blir 2G *egentlig* stengt ned.
The Avatar svarte på NorsknRev sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Vi kan nok ta høgde for at 2G nettet kjem til å fungere heilt fram til midnatt. Kva eksakt som skjer når vi kjem inn i 2028 er fortsatt utsikkert, det einaste Telenor har sagt er at dei ikkje garanterer for eit fungerande 2G nett lenger enn fram til 2028. Det kan fortsatt bli ny utsetting. Det er uansett tvilsomt at Telenor kjem til å slå av heile 2G nettet på fyrste nyttårsdag 2028. Ein vil kanskje starte med å stenge ned måndag 3 januar 2028, men eg er også ganske sikker på at det kjem til å gå gradvis etterkvart som at Telenor sett av tid til å slå av og demontere sendarane sine. Og ikkje for å være imot teknologisk utvikling, men ein av hovudgrunnane til at mange system i dag er basert på 2G nettet er at det er eit nett som er godt nok til det som skal brukast, og som er relativt lite stramkrevande ettersom det ikkje er behov for å sende særleg mykje data. At ein innbruddsalarm eller varmeovnen på hytta skal aktiverast av ein SMS sendt over 5G nettet i staden for 2G nettet er også litt sløsete. Det sagt så gir det sjølvsagt både heisalarmar og eCall system langt fleire moglegheiter om ein tek i bruk 5G utstyr. Som til dømes at den som sitt i heisa som stopper eller som har kræsja med bilen sin kan ha ein videosamtale med operatøren i staden for å berre kommunisere over telefon. Er du fyrst i ein slik ubehageleg situasjon så vil det nok gi ei ekstra tryggheit i å sjå personen som forsikrar deg om at hjelpen er på veg, kontra å berre høyre det som ei stemme frå veggen.- 64 svar
-
- 1
-
Blir folk mye hardere hvis de opplever katastrofer?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Eldreomsorgen var veldig bra for 50 år sidan heller. Største forskjellen no er at det store barnekullet frå etterkrigstida har blitt gamle slik at vi har fleire eldre enn vi hadde før, samtidig som at forventa levealder har auka med ca 10 år slik at folk er gamle og pleietrengande lengre, og til slutt at dagens eldre har langt høgare forventningar til kvaliteten på tilbodet. Instutisjonsmiddagane held ein høgare kvalitet i dag enn dei gjorde for 50 år sidan. Sjølv om det matmessig ikkje er nokon gourmet mat ein får servert så har ein i dag mykje meir fokus på at maten skal være næringsrik, variert, og ikkje minst at ein skal ha gode alternativ etter ønsker og behov som ivaretek både matallergiar, religion, og preferanser. Så sjølv om at økonomien er dårleg og det er stadig mindre pengar å lage mat for så er det også strengare krav til at det skal serverast anna enn graut og lapskaus på sjukeheimane.- 12 svar
-
- 1
-
Charter-Hilde kritiserer utslitte realitykonsepter
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i TV-serier og -programmer
No har eg lite kunnskap om Charterfeber som realitykonsept både før og no, men også fyrste sesongen av Charterfeber hadde vel innslag av at ein lo av dei rare karakterane som gjorde heilt merkelege ting når dei var på ferie, enten det var at dei festa dagen lang, var så lite bereiste at dei fekk problem med å betale med Euro, at dei gjorde alle dei dumme turisttinga, osv. Charterfeber har vel aldri vært ein dokumentarserie der vi følger heilt vanlege A4-mennesker på heilt vanleg ferietur? At reality-seriar har tatt ei ønska rettning der meir og meir av innholdet er regisert og planlagt, kan nok være. Det er likevel stor forskjell på program til program. Det er vel litt typisk at nye realitykonsept der deltakarane ikkje kjenner spelet så gir det god nok underholdning om ein berre filmer det som skjer og sender det ut på skjermen utan særleg med bearbeiding. Men det er klart når ein kjem til sesong 25 av Love island der alle deltakarane har studert tidlegare sesongar og kjem inn med ein klar strategi på korleis dei skal spele spelet for å vinne fyrstepremien, så tvinges også produksjonen til å kaste inn skruballar om ein skal klare å halde på sjåarane sin interesse. Dersom 71 grader nord hadde kåra vinner basert på kven av deltakarane som brukte kortast tid på gå dei ulike fotturane i kvar episode så hadde vi som sjåarar etter fyrste episode sett kven som var best trent og som sannsynlegvis kjem til å vinne heile konkurransa. Ved å legge inn andre element som at ein skal padle i staden for å gå, at ein må få hjelp av publikum for å få haik til mål, at ein må svare rett på ein quiz, eller ved å legge til rette for at ein må inngå og bryte alliansar for å nå heilt til topps, ja då lagar ein også drama som gjer at det fortsatt kan være spennande å sjå kven som blir kåra som vinner i siste episode. Charterfeber var ikkje ein gong ei konkurranse, Charterfeber er eit program der sjåarane får være med på å sjå korleis det går når apekattane får sleppe ut av dyrehagen utan oppsyn. Påstanden om at ein før lo saman med apekattane og ikkje av apekattane tek eg med eit stor klype salt. -
Du kan sjølvsagt spørre, men i praksis så vil ikkje det spele nokon rolle. Det kan være masse gode grunner til at politiet ikkje vil svare deg. Du har uansett ingen spesielle rettigheiter før du eventuelt får status som sikta i saka. At politiet behandlar deg som mistenkt i ei sak betyr berre at ein jobbar med å prøve å finne ut om det er grunnlag for å sikte deg, eller om du kan skrivast ut av saka. Eg kan aldri tenke meg at du får eit skikkeleg svar på eit slikt spørsmål med mindre svaret er heilt openbart. Dersom du er under etterforsking så vil ikkje politiet gi deg informasjon som du kan bruke til å skjule spor eller unndra deg straffeforfølging. Og motsatt, dersom du ikkje er under etterforsking så vil du i beste fall få svaret at du akkurat no ikkje er under etterforsking, det kan fort endrast dersom det dukker opp nye opplysningar som gjer det aktuelt å etterforske deg. Det er også eit stort spørsmål om kva som er taktisk lurt av deg å gjere i dette tilfellet. Ved å ta kontakt med politiet så kan du lett flytte nettopp din sak langt fram i prioriteringsrekka. Berre det at du stiller spørsmål om kva politiet veit om deg opner for ei rekke med mistanker. Alt frå at du spør som ei innrøming på dei faktiske forhold, til at du er opptatt av at politiet fokuserer på småtinga og ikkje dei større tinga du har kanskje har gjort. Ei lita sak som ingen ein gong bryr seg nok om til å spørre etter har langt høgare sannsynlegheit for å bli liggande til den blir henlagt enn dersom ein plutseleg får telefonar og epostar som minner ein om å ta tak i denne saka. Off-topic: Personleg så tenker eg at det å leve i uvissheit om kva som skjer med eit lovbrot som du statistisk sett kjem til å sleppe unna med er ein del av det kriminalitetforebyggande arbeidet. Om du nok går i nokre veker eller månedar og tenker på denne saka så er det nok større sjans for at du neste gong held deg på riktig side av lova.
- 15 svar
-
- 3
-
🔞 Feil aldersgrense på film | Spermageddon
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Film
Det er vanskeleg å vurde ein film eg ikkje har sett. Men det ser ut som at det er heilt korrekt å gi denne filmen 12 års grense for "lite nærgåande skildring av seksualitet eller seksualitet på barn og unges premisser" og ikkje 15 års grense for "detaljerte seksuelle skildringer. Seksuelle skildringer kan være omfattende men ikke eksplisitte". Merk også at aldergrensa settes utifrå ei vurdering om filme er skadeleg for barn og unge, og ikkje utifrå om filmen er eigna for barn og unge. Det skal også leggast vekt på kva kontekst innhaldet blir presentert i. Nakenheit og intimitet får ikkje aldersgrense om settinga ikkje også er seksuell. Aldersgrensene settes utifrå bildeprogramlova. Basert på det eg veit om filmen så er det ingenting som indikerer at aldersgrensa må være 15 eller høgare. Snarare tvert imot så ser det ut som at filme er spesielt godt eigna som seksualopplysning til dei som akkurat har komt i puberteten. Då blant anna ulike formar for prevensjon er eit tema. -
Når blir 2G *egentlig* stengt ned.
The Avatar svarte på NorsknRev sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Heilt einig. Nå husker eg ikkje eksakt når Telenor gjekk frå at 2G skulle stengast ned i 2025 til at 2G skulle stengast ned etter 2025, men det er uansett lite bra at Telenor i det lengste har sittet på gjerdet og håpa at både private- og bedriftskundar skulle ta utgifta med å bytte ut utstyret. Slik som det er no så premierer ein eigentleg dei treigaste medan dei som har vært pliktoppfyllande har tatt på seg kostnadar som no viser seg å være unødige sitter igjen med skjegget i postkassa.- 64 svar
-
- 3
-
Når blir 2G *egentlig* stengt ned.
The Avatar svarte på NorsknRev sitt emne i Mobiloperatører og tjenester
Bra at ein utsetter stenginga med 3 år. Dette er ei forlenging på 2 år i forhold til tidlegare beskjed som var at Telenor skulle starte utfasinga av 2G i 2026. -
Nei, ikkje om det var slik det foregikk. Men om dette var oppfatta som å hindre politiet ved bruk av vold så synes eg ikkje påstand om opp til 16 dagars fengsel er heilt feil påstand frå aktoratet når strafferamma for dette er fengsel seks gongar så lenge. Sjølv om ho hadde blitt dømt så er det svært usannsynleg at ho hadde blitt dømt like strengt som aktoratet nedlegg påstand om. Hadde ho blitt dømt så hadde ho realistisk sett fått halvparten av straffa, og det som betinga dom. Med mindre kvinna låg på bakken med ein vekter som nekta henne å reise seg opp, så er det nok å hindre politiet om ein ligg og kaver på bakken i staden for å reise seg opp for å prate med politiet på skikkeleg måte. For å kome i posisjon til å kome borti leggen til politimannen så er det nok liten tvil om at kvinna har ligget på bakken og sprella når politimannen gjekk heilt bort til henne. Det kan sjølvsagt være at ho kom borti politimannen i det ho snudde seg rundt for å reise seg opp for å snakke med politimannen, men det er nok meir sannsynleg at ho låg på bakken og fortsatt var utagerande etter at politiet ville ha kontakt med henne. Sjølvpåført rus gir ikkje fritak frå straffeansvar. Det kan godt være at ho ikkje meinte å hindre politiet i å gjere sin jobb (og det er vel også grunnen til at ho ikkje vart dømt). Slike saker løyses vanlegvis ved at politiet snakker med den utkasta gjesten for å vurdere om ho kan ivareta seg sjølv eller ikkje. Om ho kan det så vil ho typisk bli ilagt pålegg om å forlate området, og er ho ikkje i stand til å ivareta seg sjølv så blir det biltur til legevakta og deretter til fyllearresten. Det å bli køyrt til fyllearresten er ikkje straffbart i seg sjølv, det er lov til å være ute av stand til å ta vare på seg sjølv. Men det er ikkje uvanleg at ein som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv også er kranglete og på den måten pådreg seg ei anmelding eller to.
-
Blir folk mye hardere hvis de opplever katastrofer?
The Avatar svarte på ForTheImperium sitt emne i Politikk og samfunn
Synes premisset er litt fei. Norge er ikkje eit omsorgssamfunn utanom at vi har ein velfungerande vellferdsstat. At det norske fengselsvesenet og lovverk ikkje fokuserer på lange og harde straffer har ingenting med at vi vil tilgi og straffe kriminelle minst mogleg. Det norske systemet er tufta på forskning og kunnskapen om at svært mange kriminelle kan rehabiliterast til å bli gode lovlydige samfunnsborgarar igjen, og då er det ingen grunn til å gi rehabiliterte kriminelle kost og losji på statens rekning når vi kan sleppe dei ut som gode skattebetalarar. Det sagt så vil krig og katastrofer påvirke oss til å bli mindre empatiske ovanfor andres død og ulykke. Ein kan venne seg til det aller meste, og når det blir daglegdags at du får vite at ein venn, kollega, familiemedlem eller nabo har blitt drept i krigen så er det ikkje rom for at du kan sørge i dagesvis over tapet av kvar enkelt person. Det er ei luksus vi har når død og ulykke skjer veldig sjeldan. Dette er ikkje det same som å være harde, for vi kjem nok til å bry oss like mykje som før. Det er berre at i til dømes ein krig så vil du ikkje ha kapasitet til å vise like mykje empati som du gjorde før. Sjølv om du i samband med ein krig ender med å måtte drepe andre mennesker så vil ikkje dette gjere deg hard, du vil nok heilt sikkert ha liknande meining om kva som er rett strafferamme for fyllekøyring, vold og trygdesvindel. Det kan hende at du har endra syn på kva krigsforbrytarar og landssvikarar fortjener av straff når ein etter krigen skal ta eit oppgjer med dei som har skuld og ansvar for krigen, men på dei vanlege straffesakene så tviler eg at ein endrar særleg mykje syn i forhold til kva ein meinte før. Det er ikkje som at eit land som har vært i krig og der befolkninga har vendt seg til å sjå døde folk i gatene at ein kjem ut av krigen med ei oppfatting om at alle tjuvar som har stjelt for meir enn 1000 kr skal fengslast i 20 år, og alle voldsforbrytarar skal skytast på open gate. I Ukraina så straffa dei tjuvar og plyndrar ved å tape dei fast til lyktestolpar og dra ned buksene på dei for offentleg ydmyking, men det har heller ingenting med at ein er harde mot kriminelle og meir med at i starten av krigen så var det såpass med kaos at det vanlege straffesystemet ikkje fungerte. Hadde ukrainarane vært harde så skulle vi forventa at mobben ville ha straffa tjuvar og plyndrarar med voldsbruk. Det skjedde sikkert også, men mesteparten av befolkninga var tydelegvis meir opptatt av at det var betre at slike småkriminelle fekk ei straff som var til skrekk og advarsel for andre tjuvar, utan å være mishandling.- 12 svar
-
- 1
-
Det blir ikkje heilt rett å sette slike saker opp mot kvarandre. Terskelen for å følge opp ei sak som politiet alt er direkte involvert i er sjølvsagt langt lågare, enn at den nevnte politipatruljene forlater den fulle dama som ligg på fortauet og spreller for å sjå om det kanskje er mogleg å oppklare eit sykkeltyveri som skjedde i førre veke. Ordet politivold blir vanlegvis brukt motsatt frå slik du bruker det her. Vanlegvis så meiner ein med politivold at det er politiet som står for voldsbruken. Den lågaste grensa for kva som er forulemping av ein politibetjent er bruk av skjellsord. Skjellsord gir grunnlag for bøter, det å nekte politiet i å gjere jobben sin har strafferamme på 6 månaders fengsel. Dersom ein hindrer politiet med vold eller trusslar så er strafferamma 3 år, og ved grov vold så er strafferamma 6 år. Politiet som er satt til å handheve lovverket har eit sterkt vern fordi det skal være avskrekkande å motarbeide politeit og gjere jobben med å oppretthalde lov og orden vanskelegare. Har ikkje høyrt podden så kjenner ikkje detaljane i saka, men ved å legge seg på bakken så har ein alt det gått inn for å hindre politiet i å gjere jobben sin, her er det i tillegg brukt (mild) vold i form av eit spark og då har ein gått utover det som kan straffast med bøter. Så er det sjølvsagt eit definisjonsspørmål på kva som er vold, og om eit uhell klassifiserer til vold om det ikkje var med vilje, om det faktisk var eit uhell, osv, men det blir ei tolkingssak. For å snu litt på det så kan det være at sparket mot politibetjentens legg var meint som eit voldsforsøk sjølv om det ikkje gjorde vondt. Ein skal vanlegvis straffast utifrå kva ein hadde intensjon om å oppnå og ikkje berre på om det var eit vellykka spark som påførte politimannen skade. Av allmennprevantive grunnar så har politiet lav terskel for å anmelde vold og voldsforsøk. Og misforstå meg rett. Slik som du gjenforteller historia så virker det å være særdeles strengt å skulle anmelde kvinna for vold mot offentleg tenestemann om ho berre kom broti leggen til politiet utan at det ein gong gjorde vondt. Men om politiet som var utsatt for "angrepet" oppfatta dette som eit forsøk på å sparke eller slå skikkeleg så er det rett å bruke straffelova fullt ut slik at det ikkje blir ein presendens for at ein ustraffa skal kunne sparke og slå politiet så lenge det ikkje gjer så veldig vondt.
-
Ber spillere si fra når de er vitne til hets
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Det er sikker nødvendig med ein slik kampanje sjølv om det burde være unødvendig. Eg er likevel einig i at det må være lov å kome med litt fustrasjon i konkurransesamanheng. For sjølv om det burde være nok å feire sin eigen seier, så er det slik at det gir vel så mykje lykkerus å høyre motstanderlagets fustrasjon over å tape. Særleg i skytespel så blir det etter mitt syn litt vel stivt om alle skal være Gentlemen der ein takkar høffleg for kampen uansett om ein vann eller tapte. Då kan ein like godt spele brettspel. Det er også vanskeleg å finne rette nivået å legge seg på når det gjeld kva som er akseptabelt. For det er heller ikkje heilt ukjent at spelarar misbruker rapporteringssystemet. Det er sjølv sagt heilt unødvendig å oppfordre til sjølvmord over eit spel, samtidig så skal ein ha litt gangsyn på kva som er vanleg språksjarong i slike settingar. Det kan godt være at det har gått for langt og at det har blitt for akseptert å tulle med svært alvorlege ting som det kanskje ikkje skulle vært gitt aksept for. Samtidig så er språket i endring. Når nokon seier "faen ta" så reknar eg med at det er meint berre som eit kraftuttrykk og ikkje eit genuint ønske om at satan skal ta deg med til evig pinsle i helvete, som er uttrykkets teologiske opprinnelse.