The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det handler ikkje om at det er eit "gotchamoment" men det handlar om at alle endringar har konsekvensar, og alle uønska konsekvensar må ein regulere slik at det ikkje blir eit problem. Det vil alltid finnes dei som er villige til å utnytte systemet for eigen fordel, som til dømes: https://www.dagbladet.no/nyheter/skiftet-kjonn-for-a-komme-inn-pa-studie/79954771 Her snakkar vi om personar som har bytta juridisk kjønn fordi det gav ein fordel, det er ikkje snakk om personar som fyrst bytta juridisk kjønn og deretter fant ein fordel. Når studiet er fullført så kjem nok denne studenten til å bytte tilbake til å være mann sidan det gir ein fordel når han/ho skal søke jobb, både når det gjeld sannsynlegheit for å få jobben og ikkje minst for kva ein får i lønn. Ein kan ikkje endre på ein liten ting som ein quick-fix som i daglegtalen ikkje har praktiske konsekvensar og tru at det ikkje får utslag andre stadar i samfunnet. Endring av juridisk kjønn er ein stor endring som har langt større betydning enn berre om det står Mr. eller Mrs. på flybilletten. Dette har konsekvensar for alt i samfunnet der det er kjønnsmessige forskjellar frå likestillingstiltak som tilleggspoeng på studier til at ein mann som har bytta juridisk kjønn til kvinne kan pårope seg vern etter likestillingslova om jobben gjekk til ein juridisk mann.
-
Det store problemet her er at den grunnleggande definisjonen og ikkje minst kvifor ein brukar kjønn manglar totalt. Dette er komplisert nok på engelse der ein har sex og gender, og enda meir komplisert på norsk der vi berre har ordet kjønn. I daglegtalen så bruker vi kjønn relativt abstrakt og mest på grunn av språkleg tradisjon. Ein person med skjegg blir omtalt som hankjønn og ein person med pupper blir omtalt som hokjønn, akkurat som at ordet "stol" blir bøyd som hankjønn, ordet "seng" blir bøyd som hokjønn og ordet "gardin" kan være både han-, ho- og intekjønn. Kvifor vi tillegg ulike substantiv ulike kjønn har eg ikkje noko godt svar på, men då handlar det om gramatikk. Det store spørsmålet som ingen har klart å lage ein ordentleg definisjon på er kvifor vi i det heile tatt skal bry oss om kjønn. Er det fordi vi skal kunne skrive ei korrekt gramatisk setning utifrå ordbokdefinisjonen av kva det norske språket er? Er det fordi vi skal vise respekt for den som ynskjer unntak frå gramatikken? Er det fordi at dersom politiet finn eit lik i skogen så skal ein kunne sjekke kva kromosom kroppen har og kryssreferere det opp mot kva befolkningsregisteret for å sjå om det finnes personar med XY kromoson som er savna i området? Eller er det heilt andre grunnar? Eg har absolutt ingen problem med at folk skal få være folk, men eg kjenner at eg ikkje likar at ein riv ned etablerte reglar i alt frå samfunnsstruktur, talemåte og gramatikk utan å få på plass andre reglar som gir tilsvarande forutsigbarheit. Skal det være slik at alle personar som du ikkje personleg har spurt om kjønnsidentitet (eller namn) berre kan omtalast som intekjønn om du skal peike ut nokon i ei folkemengde? Er det opp til store firma som Apple å bestemme at særnamne iPhone skal hal ha ein stor bokstav inni ordet og ikkje den vanlege norske stavemåten med stor forbokstav slik at det blir Iphone? Skal det være fritt fram å kreve at det i passet står "ola nOrmAN" og så bli krenka om nokon vågar skrive Ola med stor O? Og når vi snakkar om passet, kva er eigentleg hensikta med at vi har eit felt for kjønn i passet? Er det fordi passkontrolløren skal vite korleis personen vil bli omtalt? Er det fordi at identiteten til vedkommande også skal kunne verfiserast gjennom ei blodprøve? Eller er det eit reint byråkratisk grep der ein blir avkrevd opplysningar som ikkje skal brukast til noko anna enn å stå i passet? Og kva langt skal vi strekke oss for at enkeltindivid skal få viljen sin, og at dei skal få bryte dei samfunnsnormane som ein ikkje liker? Når kjønn blir valgfritt så blir også kjønn ein irrellevant ting, på same måte som at yrkestittel irrelevant dersom kven som helst kan skrive i CVen at dei er lege, statsminister eller frisør. Kva med fødselsdato? Er det heilt greitt at sekstenåringar kan endre juridisk fødselsdato til å bli 18 år med dei rettar og pliktar det å være myndig medfører? Eller omvend for den slags skuld? Vi kan godt legge om språket vårt slik at omgrepet kjønn ikkje lenger blir nytta om personar i det heile tatt, men at det bør ikkje være tilsynelatande vilkårleg før ein har snakka med personen om temaet, eg synes at det blir vanskeleg reint språkleg sett. Kjønnsidentitet er tross alt ein særdeles personleg ting å dele med framande, så eg er heilt sikker på at det er minst like mange som er ubekvemme med å skulle presentere seg med å medele sin kjønnsidentitet som det er folk som er ubekvemme med å bli omtalt som dame sjølv om dei er mann. Eg reknar med at det er gode grunnar for kvifor det ikkje er eit felt i passet for å fylle ut kva som er din foretrukne måten å gjennomføre eit samleie på, det er særdeles personleg å skulle fortelle framande om kva ein tenner på. Kva slags skilt ein skal henge opp på garderober og toalett, og kven som skal ha lov til å bruke dei ulike dørene er det minste problemet i denne debatten. Fyrst må vi kome til einigheit i kva kjønn er, og kva som skal være sosialt akseptabelt. Kvifor skal retten til at at ei transkvinne skal få bruke damegarderoben fordi det kjennes mest rett for henne vege tyngre enn den hetrofile mannen sitt ønske om å få dusje i damedusjen der han slepp å sjå ei einaste mannerumpe? Det definitivt enklaste (og strengt tatt billegaste) er å droppe kjønnsindelinga heilt og berre ha fellesgarderober.
-
Ville forklart at hensikta med å stille eigendelar som sikkerheit for lånet er at ved misleghald av lånet så kan banken tvangsselge tingen og få dekt ein akseptabel andel av lånet. Så sjølv om banken ikkje nødvendigvis får tilbake alle pengane gjennom eit tvangssalg så har banken kalkulert at ved å tilby ein viss andel med lån som har litt høg risiko så vil ein likevel tjene godt nok på alle dei som klarer å betale rentene sine til at det er verdt å ta ein liten risiko. Det er også dette som er grunnen til at billån har relativt høg rente til tross for at ein stiller bilen som sikkerheit, for ein bil som er stilt til sikkerheit har litt større sjangs for å få sin verdi kraftig redusert dersom den skulle kræsje eller få motorhavari. Så der eit hus ofte har relativt stabil (sals-)verdi over tid (med mindre det brenn ned) så er det noko større fare for at bilen som er satt i sikkerheit ikkje gir banken tilstrekkeleg sikkerheit for at banken kan tvangsselge den til ein høg sum. Den risikoen tek banken inn gjennom å tilby billånet med høgare rente. Banken kan gå til Namsmannen med den mislegholdte låneavtalen for å få Namsmannen til å med tvang syte for at banken får pengane sine. I fyrste omgang gjennom å begjære tvangssal av bustaden som er stilt som sikkerheit. Andre moglege vegar er at Namsmannen pålegg trekk i lønn eller trygdeytingar ved å gå til arbeidsgjevar/NAV og gi beskjed om X kroner av lønna skal betalast direkte til Namsmannen og ikkje til arbeidstakaren. Om lånetakaren ikkje har høg nok inntekt så kan det til og med være aktuelt at Namsamnnen kjem for å hente inventar og eigedelar som kan selgast for å dekke delar av lånet. Salg av eigedelar er ikkje spesielt vanleg utanom spesielt kostbare eigedelar som køyretøy og liknande. Det er liksom litt avgrensa kor mykje inntekt Namsmannen kan hente inn ved å selge to kjøkkenstolar, ei vinterjakke og åtte vinglas. Det å lyge på lånesøknaden blir som om ein person inngår salgsavtale og tek imot betaling for ein gjenstand som personen ikkje eig. Det er per definisjon være bedrageri, men om personen klarer å skaffe tak i tingen innan overleveringsfristen så har ikkje kjøparen lidd eit økonomisk tap sidan kjøparen har fått det han har betalt for, då blir faren for å bli anmeldt langt mindre enn dersom svindelen hadde blitt avslørt.
-
At ting skjer er heilt sant og dei aller fleste treng litt hjelp i blant. Elles så ser eg ikkje kva som er det positive personlegheitstrekket ved å motta sosialhjelp og arbeidsavklaringspengar? Alternativet er jo å stå heilt på bar bakke og ikkje ha inntekt til å dekke livsnødvendigheiter. At ein person på AAP søker på jobbar kan fort være ein del av aktivitetsplikta som NAV krever for at vedkommande ikkje skal minste AAP. For ein potensiell arbeidsgivar så er det alltid "skummelt" med ein søkar som har AAP sidan det indikerer at søkaren er for sjuk eller skada til å kunne jobbe i vanleg jobb i den perioda. Og sjølv om dei fleste blir friske så vil det for den potensielle arbeidsgivaren alltid være ein risiko for at personen som blir tilsett aldri blir 100% frisk, og då er langt tryggare å tilsette ein person som er heilt frisk på søknadstidspunktet. Det er sjølvsagt ganske tullete at ein del arbeidsgjevarar er så opptatt av at det ikkje skal være hol i CVen, for ein treng ikkje å være ein dårlegare tilsett om ein har vært arbeidsledig, sjuk eller berre har tatt seg eit friår. Reint psykologisk sett så viser det seg at ein er meir attraktiv når også nokon andre finn ein attraktiv. I arbeidslivet så vil ein person som har ein arbeidsgivar som er fornøgd med jobben være langt meir attraktiv enn ein person som ikkje har jobb. I privatlivet så vil ofte ein person med giftering opplevast som meir attraktiv enn ein person som ikkje har blitt valgt og som derfor er singel. Grunnen til at det er slik er at det er veldig lett å starte å spekulere i kvifor ikkje andre ser verdien i denne personen, og då vil tanken om at vedkommande sikkert har nokre dårlege kvalitetar fort kome fram og stå i konflikt med det kandidaten sjølv fortell. I ein perfekt verden så burde det være lettare å kome seg tilbake i jobb, men noko av utfordringa er at vi har eit regelverk som gir klart mykje betre vern til arbeidstakarane. At arbeidarane har gode rettigheiter og ikkje kan bli oppsagt på usakleg grunnlag er sjølvsagt ein bra ting, men dette vernet har den baksiden at det er større risiko for ein arbeidsgiver å skulle gi ein arbeidssøkar ein sjangse. Dersom arbeidssøkaren viser seg å ikkje utgjere ei stabil arbeidskraft så er det arbeidsgjevaren som må ta størsteparten av kostnadane ved å tilsette ein person som ikkje fungerer 100% i jobben.
-
Du blir heilt sikkert ikkje spurt så direkte, det du blir spurt om er kva du gjer akkurat no fordi ein ser at har eit holi CVen sin. Er du arbeidsledig så er det ein ærleg sak det. Har du AAP på grunn av helse så ville eg vært litt meir forsiktig med å snakke om din eigen helsetilstand. Generelt sett så må rådet være å ikkje snakke usant, du kan heller være litt avvikande i svara dine. Merk likevel at arbeidsgivar vil vanlegvis forstå at du prøver å skjule noko, og då kan fantasien om kva det kanskje kan være gi eit verre inntrykk enn sanninga. Om du skal pynte på sanninga og påstå at du har tatt deg eit frivillig friår eller liknande må du nesten berre vurdere sjølv, merk likevel at det kan slå skeivt ut.
-
Finn ikkje grunnlag for å hevde ulik behandling avhengig av politisk tilhøyrligheit. Dei ulike skandalane har ikkje vært identiske sjølv om temaet var likt. Det er også ein viss forskjell på når ting skjedde. Sjølv om straffelova er relativt uendra i innhold, så har samfunnsnormene for kva som er akseptabel oppførsel endra seg. Giske hadde nok gått heilt klar om han var 10-20 år tidlegare ute ettersom det då var "heilt akseptabelt" med sextrakassering og grafsing på damer.
- 12 svar
-
- 1
-
På eit eller anna punkt når ein også ei grense for korleis ein kan formulere relativt simpel kunnskap som ein har skaffa seg, utan at teksta liknar på anna tekst som er skrevet om temaet før. Det burde være mykje større forskjell på å lyge på seg forskningsfunn og å berre "låne" einformulering. Dersom ein stjel teksten frå ein anna student i staden for å sjølv utføre den tidkrevjande jobben med å samle informasn gjennom intervju, forsøk og liknande, så er sjølvsagt det mykje meir alvorleg enn å bruke setninga "Gjennom min oppgave har jeg funnet ut at..." som sikkert står i fleire tusen oppgåver akkurat slik utan å referere til alle stadane denne floskelen er brukt. Det er dårleg handtverk å ikkje sette referanse til kvar einaste setning, og det fortener dårleg karakter, men det er ikkje gitt at studenten ikkje har utført arbeidet sjølv om det er benytta ei svært lettvint køysing. Det må nesten vurderast særkilt i kontekst av resten av oppgåva.
- 160 svar
-
- 3
-
Fordi det ikkje er gitt at det er farleg? Eg er ikkje ueinig i at straffa godt kan være høgare men utfordringa er at vi har eit regelverk der ein berre skal ha dekk etter forholda, og så er brot på plikta om å køyre hensynsfullt og aktpågivende som blir straffa. Teknisk sett så kan denne dansken ha køyrd hensynsfullt sjølv om han beviseleg mista kontrollen. Det blir rett og slett for mykje opp til ei skjønnsmessig vurdering kva straffa blir. Enkelte mister sertifikatet om dei sklir ut i grøfta og blir sittande fast med påstand om uaktsom køyring, og andre kan frontkolliderte og drepe nokon utan straff fordi ein aksepterer at det var køyreforholda som var problemet.
-
Om ein legg til grunn dei same premissa for anullering som ein gjer for andre juksesaker der eksamenen ikkje får sensur og studenten blir utestengt så kan eg ikkje forstå at graden får stå utan at det blir levert ny oppgåve. Eg synes likevel at det er strengt. Min personlege meining er at universiteta i større grad bør legg til grunn alvorlegheita av det som er kopiert utan referanse. Delar av den teksta som det blir vist til er tross alt ganske vanlege formuleringar innafor dei aktuelle fagmiljøa. For sjølv om ei setning eller avsnitt er saksa inn så er det jo oppgåva som heilheit som skal vurderast. Eg trur ikkje at dagens ordning med krav om referanse og opphavsperson på alt som blir skrevet kan halde seg oppe i ei tid der KI har komt som eit verktøy som regelrett stjel åndsverk.
-
Det avgjerande spørsmålet er om oppseiinga er sakleg. Ved omorganisering så skal også omplassering vurderast før det blir gitt oppseiing. Utifrå dei opplysningane du gir her så er det ingenting som tyder på at dette er usakleg av arbeidsgivar, men eg ville kanskje sett litt nærmare på om formalitetane ved oppseiinga har blitt fulgt.
-
Den relevante forskjellen ligg i om vedkommande har betalingsevne. Det er fortsatt bedrageri å oppgi feil opplysningar slik at banken tek ein større risiko ved å låne ut pengane enn dei ellers hadde gjort. Men om ein klarer å betjene lånet så vil ikkje banken nødvendigvis finne ut at dei har blitt lurt. Straffesakene kjem stort sett når løgnen blir avslørt ved at lånet blir misleghaldt.
- 13 svar
-
- 1
-
Forstår godt at det er behageleg med stor buffer, men økonomisk sett så er det betre å satse på ein buffer på maks ei månedslønn og heller plassere sparepengane slik at du får litt avkastning på pengane. Sannsynlegheita for at ein får akutt behov for veldig store summar er ganske små. Særleg om ein er kredittverdig nok til å ta ny vaskemaskin på nedbetaling. For mange avgrensar bufferbehovet seg strengt tatt til å ha råd til å kjøpe ein flybilett, leige eit hotellrom, reparere bilen eller kjøpe ny mobiltelefon. Stort sett så har ein både forsikringar og NAV som tek unna det kritiske behovet buffer. Men det er klart at å ha buffer til at du kan impulsivt ta ei helg i New York er sjølvsagt behageleg, men strengt tatt ikkje nødvendig. Er du ikkje kredittverdig og har dårlege forsikringar så kan det være at du treng litt meir som buffer.
-
Det vil vel ikkje være eit lovbrot å selge musikken så lenge du selg frå det ikkje er snakk om kopiering, men du vil vanlegvis bryte brukarvilkåra ved å selge tilgangen din. Eventuelle reaksjonar blir då i form av erstatningssøksmål og ikkje straff i form av bot/fengsel.
-
Det var ikkje enklare at Breivik vart vurdert som tilregneleg. Det hadde vært mykje enklare om om Breivik vart erklært utilregneleg, for det fyrste så kunne ein då ignorert heile grunngjevinga frå Breivik som psykose og ikkje ei politisk ytring som Breivik ønska å fronte. Breivik sjølv ville være tilregneleg fordi han ikkje ville bli avskreven som ein sinnssjuk person som ikkje forstod kva han gjorde. Straffemessig så hadde det i praksis også vært enklare om han vart vurdert som utilregneleg. Han ville då riktignok ikkje fått vanleg straff men han hadde utvilsomt blitt dømt til tvungen psykisk helsevern, og det hadde i realiteten blitt livet ut sjølv om han heilt teoretisk sett kan blir sluppen fri om han blir vurdert som frisk. For dei etterlatte vil det også være lettare å forsone seg med at deira kjære vart drept av ein sinnsjuk person som ikkje forstod kva han gjorde enn å måtte leve med å vite at dei vart drept med viten og vilje av ein feiging som ikkje ein gong var i stand til å rette hatet sitt mot voksne.
- 18 svar
-
- 3
-
Det er det er ikkje utenkjeleg at han har, men om han skulle ha Asperger så endrar det ingenting. Det er svært lite sannsynleg at han er autistisk nok til å være utilrekneleg, og det er svært lite sannsynleg at Breivik vil samarbeide. Om han får påvist ei diagnose så kan han potensielt få ørlitengrand forståing men ikkje nok til at det endrar noke. Breivik har tidlegare ikkje ynskja å samarbeide til ei psykologisk gransking. Han vil ikkje at handlinga skal kunne bortforklarast med at han er ikkje forstod kva han gjorde, og om han no ynskjer å få ei diagnose så kan vi ikkje vite om det er fordi han vil jukse seg til ei lauslating. Det er mykje som er gale med Breivik mentalt sett, om ham har asperger, lav IQ, eller berre sinsforvirra betyr svært lite.
- 18 svar
-
- 2
-
Hva mener dere er de mest undervurderte utdanningene?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Utdanning
Det må eventuelt være fordi tannlegar (og veterinærar) blir satt litt i skyggen av legeutdanninga som har langt høgare status til tross for at utdanningslengda er ganske lik, og at grunnpreget i yrka også er relativt like. -
Hva mener dere er de mest undervurderte utdanningene?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Utdanning
Det spørs litt kva du legg i undervurdert. Både sosiolog og musikkterapeut er undervurdert i den forstandstand at dei fleste ikkje veit kva kompetanse som ligg i disse utdanningane, men eg er ikkje einig i at dette er undervurderte utdanningar om du tenker på undervurdert som i utdanningar der det er enklare enn folk trur å få seg jobb. Musikkterapeutar kan bidra med nyttig kompetanse, men det er ganske langt mellom kvar gong eg ser stillingsutlysingar som spesifikt etterspør denne kompetansen. Etter mitt syn så er dei mest undervurderte utdanningane alle dei vanlege og litt kjedelige utdanningane som gir jobbar som det alltid er behov for sjølv om yrket ikkje gir særleg høg status. Fagbrev er nemt, kanskje særleg innafor bygg og anlegg, helse og omsorg, samt salg og service vil det alltid være behov for for fleire fagfolk. Lønnsnivået er eignetleg ganske bra og i mange jobbar er det i tillegg gode moglegheiter for å skaffe seg meir inntekt ved å jobbe overtid, ekstravakter eller rett og slett ein deltidsjobb. Eg er heilt einig i at innovasjon og entreprenørskap både er og blir ein viktig kompetanse, men eg er noko meir usikker på om utdanninga i seg sjølv er undervurdert. Dei fleste entrepenørar og innovasjonørar er tross alt sjølvlærte og har kanskje vel så mykje nytte av at dei har ei anna utdanning eller erfaring å lene seg på enn at dei har formalisert utdanning i entrepenørskap. Innanfor innovasjon så meiner eg at ein sjølvlært entrepenør har ganske like føresetnadar for å få ein god idé som ein som har tatt utdanning i faget. I tillegg så finnes det ein del yrker/utdanningar som har viktige funksjonar men som er såpass få at ein ofte ikkje tenker over dei. Den aller mest kjente gruppa her er vel heisreperatørane som er veldig få men som har fått mykje oppmerksomheit fordi dei tek seg godt betalt.- 21 svar
-
- 1
-
Kva akkurat du bør gjere eller ikkje gjere blir svært indivituelt, og vil også være avhengig av ein del ytre omstendigheiter. For å ta det kjedelege og praktiske fyrst: Korleis ligg du ann karakter og poengmessig? Ligg du såpass bra ann at du reknar med å også få studieplass på UiO til neste år om poenggrensa skulle gå litt opp? Om du er i faresonen så vil eg oppfordre deg til å søke med ein gong fordi det kan kreve fleire forsøk før du får studieplass. Dersom du både vil sikre deg studieplass og gjere noko anna enn å studere så må eg sjølvsagt nemne at dersom du får studieplass og deretter avtener verneplikt eller liknande så kan du halde på studieplassen i 2 år utan å måtte søke på nytt. Personleg så meiner eg at at dersom du tek deg eit friår så bør du ha ein slags plan for kva du vil gjere i friåret. Om du vil reise så bør du bestille reise og dra, og vil du jobbe så må du søke jobbar og jobbe (eller ein kombinasjon). Eg trur at det er lite lurt å ta eit år der du berre driver dank, dette vil både blir eit hol i CVen og det kan føre til at du får litt dårlege rutiner slik at det er vanskelegare å kome deg tilbake i "jobbmodus" med å stå opp tidleg om morgonane og jobbe fokusert heile dagen. Grensa med å ta eit friår som ein ferie som gjer at du kjem sterkare og meir fokusert tilbake til studiar og jobb, og ei friår der du berre blir ufokusert og får vanskar med å finne tilbake til ein god studiestruktur kan nok være tynn og veldig personavhengig. Det burde ikkje være eit problem at du blir ein sløving som ikkje klarer å sitte på studiebenken etter å ha fått smaken på det frie livet utan forpliktingar, men for enkelte kan det blir slik, særleg dersom ein ikkje har ein plan for friåret. Andre ting du bør vurdere er korleis du vekter ditt behov for å raskt kome ut i arbeidslivet og få skikkeleg inntekt, bustad og liknande, opp mot om du treng å ta deg eit friår for å pleie din eigen psykiske helse. Enkelte klarer berre å sjå på kor mange kroner dei har tapt ved å blir eit år forsinka ut i arbeidslivet medan andre er flinkare til å sjå stort på det. Etter fullført juss-utdanning så vil du mest truleg uansett få ein såpass godt betalt jobb at det ikkje burde være kritisk at du mister eit år med inntekt og pensjonsoppsparing. Tl;dr Du må nesten finne ut kva som er rett for deg. Mitt råd er at dersom du tek eit friår så må du ha meir enn ein laus plan for kva du ynskjer å bruke dette året til.
-
Dette er i praksis lønnstrekk, det er berre lov i enkelte unntaksbestemmelsar. Eit av unntaka er når det er skriftleg avtalt med arbeidstakaren. Denne bestemmelsen om pålegg av avspassering av 37,5 time vil antagelegvis ikkje halde seg rettsleg då ein høgsterettsdom frå 2021 slo fast at ein generell avtale om lønnstrekk i arbeidsavtalen ikkje var gyldig, avtale om lønnstrekk må inngåast for kvart enkelte tilfelle. Det sagt så er detaljane i denne avtalen heilt avgjerande for kva som er rett tolking. Slik du legg fram avtalen om avspassering så høyres det ikkje ut som at det er eksplisitt avtalt at arbeidstakar kan redusere arbeidstida med ei veke utan at denne arbeidstida på førehand er innarbeida, men den eksakte ordlyden kan opne for andre tolkingar. Uansett så vil den generelle arbeidsavtalen på at ho har rett (og plikt) til å jobbe i full stilling bety at bruk av fleksibel arbeidstid ikkje kan brukast til å redusere årsverket frå 47 til 46 veker. Den totale arbeidstida på dette året må uansett bli 47 veker. Det einaste arbeidsgjevar kan gjere er å justere når arbeidet blir utført. I bedrifter som har litt sesongbaserte svingningar i arbeidsmengde utan at det er så store svingningar at det er snakk om sesongarbeid så vil ei typisk løysing være at ein har sommar-/vintertid der ein t.d. jobbar nokre minutt kortare det halvåret det er lite aktivitet og at arbeidsdagen er tilsvarande mange minutt lengre den tida det er høg aktivitet. I praksis så er dette i beste fall ulovleg permittering, og i verste fall er det lønnstjuveri. Ulovleg permisjon gir grunnlag for erstatningssøksmål og lønnstjuveri vil i tillegg gi grunnlag for at arbeidsgivar blir straffa med bøter eller to års fengsel for vanleg lønnstjuveri og seks års fengsel for grovt lønnstjuveri (som det fort kan bli aktuelt om dette er systematisk og gjeld så mange tilsette at det blir store summar). Så vil eg kommentere litt utanom jussen. Før ho står så sterkt på krava at ho blir permittert (og får berre 62,5% av lønna som dagpengar frå NAV etter arbeidsgivarperioden) eller kanskje blir nedbemanna og mister jobben, så bør ho vurdere kost nytte. Det kan sikkert være gode grunnar for at ein for å ha god jobbsikkerheit kan gå med på å få litt mindre i lønn no i januar/februar for så å få tilsvarande meir betalt til sommaren, men eg synes at dette er ei litt dårleg løysing. Om det er varierande arbeidsmengde gjennom året så ville eg heller prøvd å få på plass ein avtale der ein har kortare ordinær arbeidstid i periodar med lite å gjere og at ein jobbar litt lengre når det er mykje å gjere, men at dette arbeidet blir gjennomsnittsberekna slik at arbeidet totalt sett uansett blir eit fullt årsverk, og ikkje minst at den tilsette får den same summen utbetalt kvar månad uavhengig av antall arbeida timar. Dette fordi at ei forutsigbar inntekt som ikkje varierer er viktig for mange tilsette sin privatøkonomi. Og kan ikkje bedrifta tole å betale ut full lønn no når det er lite arbeid og få dette igjen ved at den tilsette jobbar litt meir om sommaren, ja då er økonomien så dårleg at ho bør finne seg ny jobb. Ein anna fordel med å sette opp ein plan for antall arbeidstimar for kvar måned er at dette gjer det også enkelt å forstå kva som er innarbeiding av arbeidstid som ein avspasserer seinare, og kva som er overtidsbetling der det etter arbeidsmiljøloven må utbetalast overtidstillegg. Det finnes også bedrifter der dei tilsette går med på lønnsreduksjon for å hjelpe arbeidsplassen gjennom ei nedgangsperiode der det kan være viktigare å sikre at alle tilsette har ein jobb i staden for å at nokon av kollegaene må miste jobben.
- 8 svar
-
- 1
-
EU kontroll og service samtidig - hva gjøre først?
The Avatar svarte på Halloiluka sitt emne i Bil og motor
Det enklaste og beste er å ta begge delar samtidig på same verksted, då vil mekanikaren sjølv ta ting i fornuftig rekkefølgje for å kontrollere, dokumentere og eventuelt utbedre etterkvart som kontroll og service blir gjennomført. Om du absolutt skal ta kontrollane på ulike tidspunkt så tenker eg at det kjem litt ann på kor god stand bilen er i. Om du er usikker på om bilen i blir godkjent så kan det være hensiktsmessig å ta EU kontroll fyrst og deretter vurdere om det er hensiktmessig å ta service og reperasjon for å få bilen godkjent eller om det bli ein tur til bilopphøggaren. Om du uansett skal bruke bilen ei stund til så kan det være mest fornuftig å ta service og eventuelt reparasjon fyrst slik at du forhåpentlegvis får bilen godkjent på fyrste forsøk og slepp å kome tilbake etter å ha utbetra eventuelle manglar. -
Gammal tråd, men det er ein markant forskjell på kva som er formålet med matinga. Om matinga består av ein liten snacks for at fuglane skal kome og helse på men utan at du mater nok til at det erstattar anna mat så kan du gi dei det fuglane vil ha utan å tenke så veldig mykje på kva du mater dei med. Det er enkelte ting som fuglar absolutt ikkje skal ha som sjokolade og frø som er i frukt (fordi dei kan inneholde små mengder cyanid som fort kan nå skadeleg mengde ettersom fuglen har så låg kroppsvekt). Fuglane bør ikkje ha mykje fett, sukker og liknande som menneskemat ofte har mykje av, men det vil stort sett være uproblematisk om det er berre ein liten bit av f.eks. pølse eller ost. Tilsvarande rådet om hunde og kattefor, det går heilt fint i små mengder, men dersom ein skal mate fuglane fast og som nesten einaste matkjelde så må ein være særleg oppmerksom på at type fett, proteininnhold, aminosyrer, osv kan gjere fuglane sjuke over tid. Det er litt som å fore katten med hundemat, det går fint av og til men ettersom katten har ein del stoff som katten må få gjennom maten som ikkje hundar treng så vil katten få mangelsjukdommar og til slutt døy om katten får feil for over lang tid.
- 18 svar
-
- 1
-
Dette med levekostnadar opp mot lønnsnivå er ein konsekvens av at vi i Norge har relativt flat fordeling av rikdommen. Det som ein utan jobb må ha for å kunne leve i Norge kjem fort veldig nært det ein som er yrkesaktiv må ha for å leve. Utfordringa med BSU ordninga er at det er for lite for seint. Stadig færre unge rekk å ha lang nok yrkeskarriere til å fylle BSU kontoen og samtidig få fult utbytte av skattefordelen. Skal ein spare på BSU utan å få skattefordelen (fordi ein ikkje skatter) så er forskjellen liten mellom å spare i BSU og anna sparing. Skal BSU-en faktisk fungere for at unge skal klare å spare opp nødvendig eigenkapital til å kome seg inn på bustadmarkedet så må BSU-ordninga utvidas betrakteleg, kanskje fyrst og fremst ved å auke maksalderen, men også makssummen som i dag ikkje hjelp så veldig mykje når ein skal kjøpe bustad.
-
Ikkje heilt irrelevant nei: Same paragraf gjeld også for grov kroppskrenking. Likevel så vil det være ei grense i tid, og det spørs nok i denne saka at sjølv om SIAN folket fyrst kom med ei særleg provoserande ytring så er det begrensa kor lenge ein kan være sint og voldeleg før ein må påstå at ho burde latt sinnet gå over og tenke meir klart over kva det var ho gjorde. Er litt forskjell på smekke til nokon som akkurat sa noko provoserande til deg, og det å følge etter personen over ei lengre periode.
- 916 svar
-
- 1
-
Merk at også oppseiing i prøvetida må være sakleg. Forskjellen mellom oppseiing frå fast stilling og oppseiing frå prøvetid er at under prøvetida så kan arbeidsgivar også dra fram tilpasning til arbeidet, faglege dyktigheit og påliteligheit som kriterier. Dei to fyrste alternativa vil mest truleg ikkje være saklege. Det er ikkje din tilpassing til arbeidet som har vært problemet, og det er sikkert ikkje så lett å påstå at du ikkje har den faglege dyktigheita som skal til. Då gjenstår det berre siste delen som arbeidsgivar eventuelt kan prøve å bruke for å seie deg opp i prøvetida, men også påstand om manglande pålitelegheit kan være vanskeleg å bruke som oppseiingsgrunn. Dersom arbeidsgivar vil prøve å seie deg opp i prøvetida så vil nok det være med argumentasjon om at feilen du gjorde på på sikkerheitsklareringsskjema to demonstrerer at du ikkje har tilstrekkeleg pålitelegheit og at du derfor kan seiast opp. Ditt forsvar ved ei slik grunngjeving er då både at du nærmast vart pressa til å fylle ut skjemaet på nytt og at opplysningane du gav i intervju og det fyrste skjemaet tross alt stemmer. I tillegg kan det være at arbeidsgivar mister moglegheita til å påstå at ein utfyllingsfeil i skjema nummer 2 betyr at du ikkje er påliteleg om arbeidsgjevar ventar heilt til slutten av prøvetida. Om det var eit så stort problem å stole på deg i desember at det var sakleg å seie deg opp på det grunnlaget så er det vanskeleg å forsvare kvifor dei då ventar til slutten av prøvetida før dei gjer noko med saka. Grunnen til at det er 14 dagars oppseiingstid i prøvetida er jo fordi begge partar skal ha moglegheit til avslutte arbeidsforholdet relativt raskt.
- 60 svar
-
- 1
-
At ein vil tene pengar er sikkert også eit mål, men så lenge studentsamskipnaden heller ikkje tilbyr hotellovernatting der gjesten kan betale seg inn på så er nok ikkje dette den viktigaste grunnen i dette tilfellet.