The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Køyre etter forholda og alt det. Du kan gjere eit forsøk på å klage til Statens vegvesen då dette er ein riksveg. Vilkåret for at vegvesenet skal være erstatningspliktig er at du kan påvise uaktsomheit. I praksis betyr dette at du må bevise at skaden skuldast dette holet, og at vegvesenet ikkje gjorde tiltak til tross for at dei viste om holet og hadde tid til å gjere tiltak. Realistisk sett så vil du ikkje nå fram til med ei klage, og det minste du må ha er opplysningar om kva du punkterte på. At du har punktert er ikkje nok då det er forskjell på om du har truffet eit holni vegbana som er vegvesenet sitt ansvar eller om du har køyrt på ein spiker som ikkje er vegvesenet sitt ansvar.
- 13 svar
-
- 3
-
Korleis har du fått beskjed av politiet om at det ikkje har skjedd noko kriminelt? Har du anmeldt saka og fått brev tilbake om at "intet straffbart forhold er funnet bevist", eller har du snakka med ein tilfeldig politibetjent? Om det stemmer at du har blitt lurt ved at nokon har forfalska din signatur for å stjele ein eigedom frå deg så er dette sjølvsagt ei ulovleg handling. Det avgjerande spørsmålet er då om motparten din har ei fornuftig forklaring som indikerer at dette har vært ein lovleg transaksjon, og ikkje minst er det eit spørsmål om kva du kan føre bevis for.
-
Sidan du ikkje har budd i Norge på mange år så er det kanskje også tvilsomt at du har ei forsikring som også dekker advokatbistand? Det er ikkje uvanleg at det er dekning for slik juridisk bistand i innboforsikring og andre forsikringsavtalar. Så dersom du har ein innboforsikring for å dekke tinga du har oppbevart i boda så kan det være at slik dekning. Det er i alle fall verdt å sjekke opp.
-
Dei fleste eksempla eg har sett på at folk har mista jobben etter press på sosiale media gjeld forhold som går på vold (særleg mot dyr) og rasisme. Har ikkje inntrykk av at dette er noko som fyrst og fremst rammer høgrelente utsagn. Det som vanlegvis skjer er at arbeidsgivaren innser at det er dårleg business å ha ein tilsett som står for dårlege verdiar, og som ynskjer å redde inn ryktet til arbeidsplassen ved å meddele at vedkommande har blitt oppsagt. Slik oppseiing skjer ofte relativt fort etter at personen har blitt identifisert og at arbeidsgivar innser at vedkommande er tilsett hos dei. Dette er fyrst og fremst eit amerikansk fenomen sidan dei fleste statane er "fire at will" statar der arbeidsgivar når som helst og utan å oppgi grunn kan gi vedkommande sparken (og motsatt så står dei tilsette fritt til å slutte når dei vil).
- 323 svar
-
- 2
-
Kjem heilt ann på, og då særleg kva fagfelt du studerer og kva slag firma du vil starte. For veldig mange arbeidsgivarar så vil ikkje forskjellem mellom B og C være det viktigaste med mindre ein ellers står heilt likt med ein annan søkar. Det som i mange bransjer er største hinderet i å få seg jobb innafor det du har utdanna deg i er at ein etterspørr arbeidserfaring. Det er likevel også bransjar der karakterane blir svært viktige, særleg om ein vil ha dei beste jobbane. Personleg så ville nok eg starta firma dersom einaste konsekvensen for studiane er at du går frå å ha karakter litt over snittet til karakterar på snittet. Særleg når du har bytta jobb nokre gongar så blir karakterane ofte lite viktige, det arbeidsgivarane er ute etter er nokon som har bestått grad og gode referansar frå andre arbeidsplassar. Men om det er fare for at går ned til D eller lavare i snitt så ville eg fokusert meir på studiane for å få holde deg på snittkarakter. Dei fleste arbeidsgivarar vil ikkje være spesielt interessert i kva unskuldningar du har for karakterane du har fått. Så du kan ikkje rekne med å vise til at du har starta firma og med det få forståing for at du har lågare karakterar enn du meiner du kunne ha hatt om du hadde fullt fokus på studiane. Gevinsten med å ha starta firma er at du kan vise til relevant arbeidserfaring, noko som er meir enn dei fleste av dine medstudentar kan skilte med slik at du rett etter studiane blir meir attraktiv.
- 3 svar
-
- 1
-
Ja, bileigaren var passasjer og er dømt for sin del av hendingar. Har ikkje lest dommen men reknar med at ho er dømt for medvirkning og truleg også for å ha overlatt bilen til ein rusa sjåfør.
- 916 svar
-
- 2
-
Til ei viss grad så vil det å jukse seg til ei grad ha ein del likheitstrekk med dokumentforfalskning som er strengt ulovleg, men å jukse er ikkje i seg sjølv ulovleg. Den viktigaste grunnen til at ein har dette skillet er at dokumentforfalskning som er å lage uekte dokument eller bruke ekte dokument på ein misvisande måte er ei aktiv handling. Juks treng ikkje nødvendigvis å være ei aktiv handling, ein kan bli tatt for juks om ein gjer noko som ein trudde var lov eller fordi ein har slurva. Det sagt så er eg heilt einig i at dersom ein heilt bevist juksar for å oppnå ei grad som ein deretter legg fram på CVen for å få jobbar som ein ikkje hadde fått utan ei slik grad så ligg det særdels tett opp mot å sette utdanning som ein aldri har tatt på CVen. Nyheitsmediane har ein litt vanskeleg balansegang mellom både å rapportere om det som skjer når det skjer, og på den andre sida vurdere det redaksjonelle ansvaret ved å publisere nyheiter som ikkje er kvalitetssjekka. For offentlege personar så blir det nok særskilt belastande at saka skal opp på alle framsider før det i det heile tatt er avgjort om det er grunnlag for det. Sjølv i saker som virker å være ganske rett fram så har vi eksempel på at bildet blir meir nyansert etterkvart som ein får inn meir opplysningar, men innan den tid så kan skaden alt være gjort. I vanlege straffesaker med personar som ikkje er offentlege så blir det redaksjonelle ansvaret ivaretatt ved at den sikta ikkje blir identifisert før vedkommande er dømt, så då er belastninga med å skulle bli feilaktig anklaga langt mindre enn det offentlege personar må finne seg i.
-
Journalisten har ikkje forstått kva det betyr å miste mastergraden. Det er ikkje "berre" å justere masteroppgåva. Om ho mister graden og får to semesters karantenetid så må ho vente til det har gått to semester. Deretter så må starte heilt på nytt eller gjere vesentlege endringar i oppgåva. Dette er langt meir enn ho klarer på eit par timar. Einaste måten å gjere så vesentlege endringar i masteroppgåva at den kan leverast på nytt er dersom ho igjen bruker klipp og liv frå andre oppgåver, men sjølv då så er det tvilsomt at ho kan endre så mykje så fort, for ikkje å snakke om kor dumt det er å kaste bort den andre og siste sjangsen til ny sensur ved å jukse på nytt. Når det gjeld spørsmålet om Kjerkhol har tillit så kjem det sjølvsagt ann på auga som ser, men det ser ikkje bra ut at ein statsråd har juksa på eksamen. Sjølv om ho kanskje ikkje har fått jobben som statsråd berre på grunn av mastergraden så er det nok god grunn til å tru at mastergraden var ein del av det som vart vurdert før ho blei utpeikt som statsråd. Dokumentforfalskning blir hardt straffa fordi det er så avgjerande for samfunnet vårt at vi kan stole på skriftlege dokument. No skal eg ikkje påstå at eksamensjuks er det same som dokumentforfalskning, men eg har vanskeleg for å sjå korleis ein statsråd som har blitt tatt i juks ikkje kan få redusert tillit. Om det at ho eventuelt mister mastergraden får særleg betydning for karrieren er ikkje gitt. Hennar viktigaste kvalifikasjon i dag er nok erfaringa som statsråd, og det er nok den kompetansen eventuelt andre arbeidsgivarar vil ha dersom ho skal jobbe ein annan stad. Er ganske sikker på at ho kjem til å få seg jobb som dagleg leiar, talskvinne eller i eit politisk rådgivningsfirma om ho vil, ho treng ikkje ein mastergrad til slike jobbar og særleg når ho er ein halvkjent statsråd.
- 160 svar
-
- 5
-
Det er slik ein skapar ekte kunst. 🙂 Om kjøparen kan kome tilbake med eit krav om tilbakebetaling kjem veldig ann korleis det har blitt markedsført. Det finnes ingen fast definisjon på kva som kan selgast som vintage, men ein litt vanleg definisjon er at ein vintage gjenstand bør være meir enn 20 år gamal, og over 100 år gamalt for å kunne kallast antikk. Sjølve ordet vintage kjem frå fransk og latin og betyr noko slik som vinhøst eller druehøsting, og var vel eigentleg mest eit ord for vellagra vin. Dette eksemplet tenderer mot svindel dersom kjøparen har blitt lurt til å tru at dette var eit gamalt orginalt bord som har blitt slitt på naturleg måte. Ein ekstra høg pris kan være med på å villede kjøparen på at dette er noko betre enn eit vanleg bord. Selgaren hadde vært på mykje tryggare grunn om bordet vart solgt som vintage-stil eller liknande. Den andre måten å sjå det på er at dette er prisen for å bearbeide bordet. Sjølv om det var ein smal sak for deg å kompisen å slite ned bordplata og deretter pusse å beise bordet så er ikkje dette ein jobb som alle får til. Om borda har blitt bearbeida ved å slepe dei langs grusveg i ein heil halvtime så er dette ganske kraftig bearbeiding. Skulle du utført dette arbeidet i garasja så tilsvarar nok denne raske løysinga mange kveldar om du skulle gjort dette med anna verktøy.
- 19 svar
-
- 1
-
Utspelet om 1 mill på bufferkonto var nok rein bait. Ikkje det at det å spare 1 mill er heilt uoppnåeleg, sjølv med vanleg inntekt så er det berre 2-3 årslønner, og klarer ein å halde alt av utgifter til eit minimum så kan mykje av lønna leggast til side som sparing. Kan ein bu gratis hos foreldra, eller om ein er ein gjeng som flyttar saman i eit kollektiv, eller liknande så er det ikkje urealistisk å tenke at ein kan sette halve lønnsutbetalinga på sparekontoen. Og sjølv med 50% skattetrekk så vil ein då nå 1 mill etter 4-6 år om ein klarer å leve på halve lønna. Eg synes likevel at det å ha 1 million som bufferkonto er heilt objektivt alt for mykje. Det er ingen nødvendigheiter som kan føre til behov for å ha så mykje pengar på bufferkonto. Ein bufferkonto er ein konto som ein per definisjon brukar som ein buffer som ein kan ta av i dårlege tider og sette inn på i gode tider. Å ha 1 mill ståande på konto er ikkje det same som at dette er bufferen ein treng å ha for å dekke heilt nødvendige utgifter som dukker uventa opp. Har du 1 mill på kontoen så kan du nok bruke 950 000 kr på fest og morro og fortsatt ha nok på konto til å utgjere ein fornuftig buffer for vanlege uforutsette utgifter for dei aller aller fleste. Det er ein tilsvarande forskjell mellom bufferkonto og sparepengar sjølv om dei aller fleste kan også bruke av sparepengane om det trengs, men sparepengane er oftast pengar som du sparer til eit formål. Bufferkontoen er ein reserve brukskonto som ein av og til må bruke litt av når det er tomt på brukskontoen.
-
Dette er eit kontroversielt tema, og at to grupperingar (som etter min meining begge går over streken) står i så sterk konflikt at dei aktivt prøver å hindre den andre parten frå ytre seg er ikkje så rart. Personleg så synes eg at det er problematisk når ytringsfriheita går så langt at "alt" er lov så lenge ein kallar det for ei ytring. Eg ser heilt ærleg ikkje kva som er så aktverdig med ei ytringsfriheit som består at ein står på kvar sin såpekasse og skriker fornærmingar og provikasjon til kvarandre. Heile poenget med ytringsfriheita er at det skal bringe det demokratiske samfunnet vårt vidare, så eg meiner at det burde være eit krav om at alle ytringar skal ha eit format som inviterer til saklege motsvar (og ikkje fornærmingar og vold). Ein løyser ingen interessekonflikter med å prøve å utkonkurrere kvarandre i kven som kan rope høgast, ein løyser interessekonflikter ved å ha saklege diskusjonar. Eg meiner også at der ytringsfriheita blir brukt på ein sakleg måte for å invitere til debatt og for å finne ei løysing så bør ytringa ikkje berre være lovleg men også ha eit lovfesta vern mot andre motreaksjonar. I dag har du ytringsfriheit men ikkje for hatytringar, du har ytringsfriheit til å ytre deg med upopulære meiningar men du har ingen vern mot at arbeidsgivaren din blir pressa til å gi deg sparken på grunn av ytringane dine. Ytringsfriheita gir deg i dag rett til å ytre deg, men det gir deg ingen rett til å få ein plattform eller bli lytta til, og det gir deg ingen form for vern mot at meiningane dine kan føre til store konsekvensar for deg. Med eit slikt ssystem så burde det være mogleg å få til fleire kostruktive meiningsutmålingar, og det burde kunne være rom for å diskutere tema som i dag er såpass sensitive at ingen tørr å ta debatt ut i offentlegheita.
- 323 svar
-
- 1
-
Dette blir litt på sida. Men noko av grunnen til at ein i ulike fagmiljø brukar fleire synonym er at betydninga ikkje er 100% lik. Ordet "tilstrekkeleg" betyr ofte at det er akkurat nok av eit eller anna, altså eit minstekrav. Andre synonym til adekvat er "passeleg" som indikerer at det er litt meir enn det som må til utan å være for mykje. Eit anna synonym kan være "fullgod" som gir meir assosiasjonar til at det er meir enn nok. I fagfelt der slike små nyanseforskjellar er viktig så gir det meining å ha ein fagleg definisjon på ulike ord slik at ein kort og presist kan definere nøyaktig kva ein meiner. Det sagt så er det sjølvsagt også mykje "jåleri" i enkelte kretsar der ein brukar uvanlege ord for å heve seg over vanlege folk. Ein fordel med å ha eit komplisert stammespråk er at det også er ein måte å framstå som ekstra kunnskapsrik når dei andre i rommet ikkje forstår kva du snakkar om. Det minner meg om ei gamal Pondus stripe som eg desverre ikkje fant på norsk etter eit raskt googlesøk, sidan det ikkje er heile stripa så kan eg forklare vitsen som er at bilmekanikaren finner på sine eigne fagutrykk og lurer kunden til å betale i dyre dommar for feil på bilen som ikkje ein gong eksisterer. Det som verkeleg er jåleri er når det dukker opp moteord som utelukkande har til formål å høyres imponerande ut. For når til dømes politiet snakkar om sitt "samfunnsansvar", kva meinar dei då? Har dei ansvar for noko anna enn samfunnet? Er samfunn noko anna befolkning og lovverk?
- 160 svar
-
- 2
-
For dei aller aller fleste så er nok den største økonomiske utfordringa ein kan møte på at det skjer noko som gjer at du ikkje får lønnsutbetaling når du skal, og dette er nok den viktigaste grunnen til at ein anbefalar å ha ei månedslønn som buffer slik at ein kan klare seg som normalt fram til neste lønning som forhåpentlegvis kjem som den skal. Andre måtar ein kan sjå på det er å prøve å kartlegge kva som er det dyraste ein eig som kan bli øydelagt og som ikkje er dekt av forsikringsutbetaling. Huset ditt kan sjølvsagt brenne ned men har du forsikringa i orden så er det ikkje så enormt mykje som du må erstatte med ein gong frå eiga lomme. Strengt tatt burde nok folk ha meir fokus på at bufferkontoen bør være tinga som står på DSB si eigaberedskapsliste, og kanskje mindre med kva som står på kontoen. For folk flest som har fast inntekt og kredittverdige nok til å kunne dra kredittkortet i nødstilfeller så er vel det verste som kan skje at vi får krig, straumbrot, eller liknande ekstremsituasjonar der du ikkje får brukt pengane på kontoen i det heile tatt. Så om ein tenker "worst case" så er det vel viktigare å ha hermetikk, tørrvarer og vatn til å kunne klare seg ei stund enn det er å digitale pengar i banken som du kan bruke til å kjøpe ny vaskemaskin om vi fortsatt har straum og internett slik at du kan dra kortet.
- 90 svar
-
- 2
-
Tekstlikheiter er det som er brukt i media om den teksten som er lik, mykje fordi Nord universitet ikkje har formelt konkludert enda. Eit av spørsmåla der er om Kjerkhol har kopiert informasjonsinnhentinga og forskninga eller om ho berre ha kopiert formuleringane. Det er i alle fall ei kommune som har stadfesta at dei har hatt tilsette som har blitt intervjua av Kjerkhol, så det blir også feil å seie at ho har presentert andres funn som sine eigne, i alle fall fram til at Nord universitet har funnet bevis for det.
-
Så vidt eg kan sjå etter ei skummlesing av forskrift om studier og eksamen ved Nord universitet så ser eg ingen tidsfrist for å innlevere masteroppgåve som ikkje har blitt godkjent. Det står at på masteroppgåva blir det berre gitt to forsøk, då må kandidaten velge mellom å levere på nytt med vesentlege endringar eller å skrive heilt ny oppgåve. Det er ikkje adgang til å rette oppe i påpeikte feil frå førre oppgåve. Kjerkol kan med andre ord ikkje rette opp i det som er kopiert og sette inn referansar for å få godkjent ny masteroppgåve, ho må starte heilt eller delvis på nytt. Sjølv om eg ikkje fant noko om det i forskrifta så blir det vel slik at når ho fyrst fekk godkjent oppgåva og fekk mastergraden så har ho også avslutta studieplassen sin, så for å ta masteroppgåva på nytt så må ho vel mellom anna søke ny studieplass. Før ho kan avlegge ny masteroppgåve så må ho dokumentere at ho har dei studiepoenga og emna som ligg til mastergraden. Ho kan fort risikere at læreplanen har blitt endra slik at ho i tillegg må ta nye fag dersom det sidan sist har blitt tatt inn nye emner som ho ikkje hadde på læreplanen då ho opprinneleg var student. Ho må nok kunne dokumentere at ho oppfyller dei same formelle krava som om ho hadde starta på mastergraden sin i år. Det er likevel mogleg at ho får lov til å levere ny oppgåve ettersom det i forskrifta ikkje står noko om ein absolutt frist. Andre universitet har typisk formuleringar om at ny masteroppgåve må leverast innan eit år eller liknande. Så er det også spørsmålet om dette i det heile tatt er i problemstilling. Fyrst må ho eventuelt få masteroppgåva og dermed graden annullert, og sjølv om tidlegare praksis rundt juks blant studentar har blitt bedømt svært strengt så er det ikkje gitt at Nord universitet kjem til same konklusjon i denne saka. Kjerkol sin kopierte tekst er ikkje like grov som i oppgåva til Sandra Borch, så sjølv om Borch nok må forvente å få sin grad annullert så er det ikkje fullt like sikkert at Kjerkol får same reaksjon. Det som blir spennande her er om universiteta tørr å være like konsekvente i juksesaker som dei er når dei kastar ut studentar som har svært avgrensa moglegheit til å forsvare seg. Klagebehandlinga hos Felles klagenemd tek i liten grad stilling til om det universitetet meiner er juks faktisk er juks, og gir universitetet nesten alltid medhald i at eksamenen kan annullerast og at studenten skal utestengast i eit år. Student kan ta saka til retten (om ein har råd), men det tar også fort eit år å få saka rettsleg avklart så då er studenten like langt. Dersom universitetet skal være prinsippfaste så har har dei eigentleg ikkje noko valg utan å annullere graden. Konsekvensane for dei som har juksa blir ekstra stor når denne annulleringa blir gjort fleire år seinare. Den standariserte utestenginga i to semester betyr også at sjølv om Kjerkol/Borch vil ta oppigjen masteroppgåvene sine så kan dei tidlegast melde seg opp etter at det har gått to fulle semester, så det betyr vel at dei tidlegast kan melde seg opp som studentar hausten 2025 og få masteroppgåva vurdert før om nesten to år i jula 2025. Konsekvensane for ein vanleg student som må vente eit år der dei jobbar litt og leser fag som privatist er ikkje like store som for ein som ikkje lenger er student og som har starta sin yrkeskarriere basert på mastergraden. Dersom universitetet velger å sjå mellom fingrane med denne plagiatsaka så vil denne svært offentlege vurderinga danne heilt ny praksis for plagiatsaker. Det nytter ikkje å gi unntak til ministerar og akseptere litt plagiering, og så gå tilbake å være like harde i klypa mot dei andre studentane igjen. Får Kjerkhol behalde graden så betyr det i praksis at Universitetet seier at til og med 27 tekstlikeheiter ligg innafor akseptabel mengde med kopiert tekst. Kva universitetet bestemmer seg for vil sjølvsagt bli offentleg kjent, og då vil openbart neste student som ikkje har fått sin masteroppgåve vurdert ha ein svært god klagesak om denne studenten kan vise til at vedkommande har juksa mindre enn Kjerkhol som fekk sin masteroppgåve godkjent.
- 11 svar
-
- 3
-
Basert på https://vegkart.atlas.vegvesen.no så ser det ut som at sjølve vegen er kommunal, men at dei innringa parkeringsplassane er private. Grunneigaren kan fastsette reglar for bruken av sin eigedom, når det er felleseige så blir denne råderetten ivaretatt av eit sameige eller velforeining på vegne av alle grunneigarane. Ei velforeining skal ha eit styre og ei vedtekt, i vedtektene vil du finne kva velforeininga har fått fullmakt til å ivareta. Vanlege ordensreglar inkludert parkeringsreglar vil vanlegvis ligge innafor det styret i velforeininga kan bestemme, men ikkje om det alt er fastsatt parkeringsreglar gjennom vedtektene for då må vedtektene endrast fyrst, det krever eit 2/3 fleirtal på generalforsamlinga. Så med mindre anna er bestemt i vedtekter så kan styret i velforeininga peike ut disse parkeringsplassane som gjesteparkering. Dersom plassane også blir skilta i samsvar med parkeringsforskrifta så kan det ileggast parkeringsgebyr for feilparkerte bilar. Parkeringskiltet må mellom anna ha tydeleg informasjon om vilkåra for å parkere som at det er parkering for besøkande og eventuell avgrensing på kor lenge ein får stå parkert, kven som er kontaktperson, og informasjon om gebyr og klageadgang. Eit generelt skilt som det berre står gjesteparkering på vil ikkje være tilstrekkeleg for å kunne følgje opp med parkeringsbøter. Blir dette gjort så kan styret i velforeininga ilegge kontrollsanksjon på 660 kr for feilparkeringar. I praksis vil mange velforeingar og sameiger leige inn eit parkeringsselskap til å gjere jobben, sidan det kan være både arbeidskrevjande og ubehageleg å være parkeringsvakt i eige nabolag. Dette vil sjølvsagt koste nokre kroner som då blir lagt inn som driftskostnadar i velforeininga som igjen må dekkast inn gjennom større innbetalingar. Det som vanlegvis i slike saker blir det store diskusjonstemaet er eksakt korleis parkeringsreglane skal være og korleis det skal handsamast. Parkeringskort er ofte ei enkel løysing å innføre men vil typisk være ei plage for bebuarane som då i praksis må gå bort til gjesteparkeringa for å ta imot besøket sitt og gi dei parkeringskortet slik at gjesten får parkere, og tilsvarande må ein følge besøket sitt heilt til bilen for å hente parkeringskortet igjen. Tilsvarande vil ei tidsavgrensing være relativt enkelt å administrere, men gir igjen utfordringar ved til dømes overnattingsbesøk om besøkstida er avgrensa til berre nokre timar. Rådet som er enkelt å gi, men vanskeleg å etterleve er at dykk som bur i nabolaget bør informere om problemstillinga og gjerne ta det med dei som eventuelt misbrukar gjesteparkeringa som parkeringsplass til bil nummer 2 om at dei må finne ei anna parkeringsløysing før det blir satt inn formelle parkeringsreglar og parkeringsbøter. Ei slik regulering sikrar tilgjengelege gjesteparkeringar men det blir både dyrt og plagsomt for alle bebuarane om dykk må til med parkeringsvakter. Så om det er sjans å ordne dette på ein minneleg måte så er dette til det beste for alle partar, også dei som i dag nyttar gjesteparkeringa og som i framtida kjem til å få bøter. Når det fyrst er fastsatt parkeringsreglar så er dette eit firkanta system med lite fleksibilitet.
- 10 svar
-
- 3
-
Den viktigaste grunnen til at teknisk- og fagspråk blir ganske likt og standarisert er fordi ein brukar standariserte fraser som betyr heilt spesifikke ting i staden for å bruke eit heilt avsnitt på å detaljert beskrive noko som alle i det fagmiljøet alt veit. Eit typisk eksempel er NAV som kan finne på å skrive: "I henhold til sosialtjenesteloven § 3 2. ledd ..." i staden for å sittere heile sjølve lovteksta som ofte ikkje er veldig intressant for mottakaren som berre er ute etter konklusjonen. Men samtidig så må det i brevet dokumenterast kva konklusjonen er basert på. No veit eg at NAV har hatt litt fokus på det som kalles "klart språk" der dei i større grad enn før prøver å skrive sine brev med enkle ord som forklarar kva som er reglane og kva dette betyr for mottakaren av brevet. Den store ulempen med denne framgangsmåten er at det blir stor forskjell på breva alt etter kven som er saksbehandlar, og sjølvsagt at det tek lengre tid å skrive breva når alt må spesialtilpassast til brukaren. Internt brukar ein stammespråk fordi det er raskt og effektivt, men det kan sjølvsagt føre til at det er vanskelegare å veksle mellom skrivemåtane alt etter om ein skriv brev til ein jus-utdanna kollega eller ein sosialklient. Heilt einig. Etter mitt syn så blandar ein i disse sakene fleire ting og kallar alt for juks. Sjølv-plagiering er meir eit resultat av ekstremt fokus på at masteroppgåva skal være skrevet og bygd opp på ein bestemt måte. Sensuren blir då gitt basert på at oppgåva ser fin ut med gode referansar, heilt korrekt innhaldsfortegning, pen font på skrifta, (og tidlegare at arka var pent innbundne i stive permar). Å skrive gode gode tekstar som er delt opp i kapittel og avsnitt er demonstrerer eit godt handtverk i å lage bøker, men det sier absolutt ingenting om stundentens faglege nyskjerrigheit, forsøk og vurderingar. Eg meiner at juks er ein svært stor skala som burde gi ulike reaksjonar avhengig av alvorlegheit. Den grovaste forma for juks er å ta oppgåve til ein anna student og sende inn med ditt eige namn på, nest grovaste er å kopiere mesteparten av oppgåva til ein annan student og berre skrive konklusjonen sjølv, osv, osv. Kvar grensa går mellom det som er juks og det som er akseptabel bruk av hjelpemiddel er strengt tatt ei subjektiv grense som studieplassane sjølv har satt. For om fokuset på at oppgåva skal være eit orgnialt verk som studenten har funnet fram til heilt åleine, kvifor då dette fokuset på at oppgåvene skal være oppbygd på ein bestemt måte? Det kunne like gjerne blitt bedømt som juks at ein har lest tidlegare masteroppgåver og derifrå kopierer ideén om ha innhaldsfortegning og ei innleiing på side 3 utan å referere til eksakt kva oppgåve som inspirerte til den idéen.
- 160 svar
-
- 1
-
Eg er ganske sikker på at dei fleste som er imot at skeive skal få ha barn ikkje meiner at skeive ikkje er i stand til å ta vare på barna sine. Det som får dominere er frykta for at disse barna som veks opp i skeive forhold ikkje blir veltilpassa samfunnsborgarar med god moral. Det er mykje konservative kristne religiøse som har denne frykta for at barn skal kunne blir "hjernevaska" ved å vekse opp med skeive foreldre, men strengt tatt så møter dei seg sjølv i døra for dei som på ekte blir hjernevaska er jo barn av religiøse som veks opp i ein heim der dei blir fortalt at det å tru på usynlege gudar er ein heilt akseptabel måte å leve livet på.
-
Eg kjenner meg ikkje heilt igjen. Ein ingeniør som har tatt (relevant) fagbrev fyrst og deretter bachelor/master vil typisk være meir ettertrakta enn ein ingeniør som gjekk allmenn. At vi ikkje har tradisjon for å tilsette folk som berre delvis har rett kompetanse fordi dei har tatt ei utdanning som liknar litt har vel med at vi har nok arbeidssøkarar med god utdanning. Kvifor tilsette lærarar eller sjukepleiarar som kommunikasjonsrådgivarar når vi har søkarar som har bachelorgrad i kommunikasjon og ikkje ei heilt anna utdanning pluss litt erfaring med å snakke med folk? Det sagt så er det massevis av både lærarar og sjukepleiarar som jobbar med heilt andre ting. Det blir litt off-topic i denne tråden men vi har strengt tatt ikkje mangel på lærarar og sjukepleiarar her i landet, det vi manglar er sjukepleiarar og lærarar som gidd å stå i yrket dei har utdanna seg til når dei innser at ansvar, stress og arbeidstid ikkje står i stil med lønna. Eksempelet med arkitekt vs ingeniør forstod eg ikkje heilt, kva som er beste kompetansen kjem ann på kva slags jobb det er snakk om, er det ein arkitektjobb så hjelper det ikkje så mykje å være ingeniør om den andre søkaren et urdanna arkitekt.
- 22 svar
-
- 2
-
Det bedriften "sparer" ved å sende heim arbeidstakarane i lavsesongen for så å kreve at dei jobbar litt meir i høgsesongen er primært at arbeidsgivar får utnytta arbeidstida betre i staden for å betale arbeidstakarane for å sitte å tvinne tommeltottar i lavsesongen samtidig som dei går heim før all jobben er utført i høgsesongen. Lønnsutbetalinga blir lik, men arbeidseffektiviteten går opp. Ein slik avtale fordrar sjølvsagt at dei tilsette har muligheit til å jobbe inn tida. Om dei på kontoret ikkje har muligheit til meirarbeid (som er det det heiter når du jobbar ekstra utan å være pålagt overtidsarbeid) så virker det ganske urimeleg å skulle halde den yrkesgruppa til den same avtalen. Sikkert dumt spørsmål, men er det takhøgde for at kontortilsette får sitte å tvinne tommeltottar for å "jobbe inn" negativ tid i høgsesongen sjølv om dei eigentleg ikkje har fornuftige arbeidsoppgåver å bruke tida på? Eg er også noko skeptisk til at dei tillitsvalde har overlatt til leiinga å peike ut kven som skal sendast heim for eiga godtbefinnande. Ein slik avtale burde ha ei ordning om at det skal drøftast om nokon må sendast heim og eventuelt kva som skal ligge til grunn for utvelginga. Eigentleg så burde ein prøve å sende heim dei som har timar til overs å ta av før dei sender heim dei som ikkje har positiv tidskonto slik at dei pådrar seg gjeld. Heilt som minimum så må det nesten være eit krav om ein viss grad av både forutsigbarheit og rettferdigheit i kven som må avspassere mot sin vilje, om ikkje er det stor fare for anklagar om både forskjellsbehandling og diskriminering om til dømes kvinnnene blir sendt heim oftare enn mannfolka, eller likanande. Slik som du legg fram avtalen så ser eg likevel ingen openbare grunnar til at de ikkje skal være lov å gjere ein slik avtale. Dette er i realiteten ein avtale om å gjennomsnittsberekne arbeidstida gjennom heile året, så i staden for ei arbeidstid på 162,5 time i måneden så fokuserer ein meir på at alle får samla sett jobba 1950 timar i løpet av året. Særleg sett i lys av at avtalen kan være nødvendig for å unngå permittering og oppseiing.
-
Er det lovlig å holde høyre felt hele veien rundt i en rundkjøring?
The Avatar svarte på John-B sitt emne i Trafikk
Dette er eit viktig poent. Når det står i trafikkreglane § 6: Så gjel dette vanleg veg som går rett fram. Skal ein oversette dette til køyring i rundkøyring så betyr dette at den som skal køyre ut av rundkøyringa i god tid skal legge seg i høgre felt. Når ein skal til venstre i rundkøyring så er det fornuftig å starte med å holde seg på venste side i staden for å køyre ytre felt heile vegen rundt, men før ein svinger ut av rundkøyringa så må ein via høgre felt. Min forståing av trafikkreglane er at det ikkje er lov å vrenge seg frå innerst i rundkøyringa over dei andre felta og ut til høgre. Sjølv om ein overheld vikeplikta ved feltskifta når ein går frå venstre felt til høgre felt før ein svinger ut til høgre så vil ein bryte § 6 i trafikkreglane dersom ein ikkje byttar felt i god tid. Formulert på ein litt anna måte så vil det ikkje nødvendigvis være lovleg å krysse fleire køyrefelt i ein og same operasjon. Ein bør eigentleg bruke blinklysa for å varsle i god tid, deretter skifte eit felt over, ny runde med blinklys, skifte felt, osv, slik som ein gjer på ein motorveg med fleire køyrefelt, men reint praktisk er det sjølvsagt litt avgrensa kor overtydeleg ein kan være i ei rundkøyring der det er få meter mellom avkjørslane. Her har bil A vikeplikt, grunnen til dette er at bil A har vikeplikt har sin vikeplikt fastsatt med skilt, medan bil B har vikeplikt ved feltskifte frå innerste til ytterste felt før bil B køyrer ut. Etter myndigheitspyramiden så er prioriteren slik: -Politiets dirigering -Trafikklys -Skilt og vegmerking -Trafikkreglane I dette spesifikke eksempelet så har heller ikkje bil B ei oppmerka køyrefeltslinje å forholde seg til. Einaste vegmerka (utanom vikepliktlinja som bil A står ved) er ei stripla linje ved utkøyringa som gjer det klart at vegen ut av rundkøyringa har to køyrefelt. Inne i sjølve rundkøyringa så er det talet på køyrefelt fleksibelt. Hadde bil B vært eit stort vogntog så ville bil B trengt heile rundkøyringa som eit felt, medan med to personbilar så er det plass til å køyre side om side. Eit tilleggsargument for at bil A har vikeplikt er at bil A ikkje har kryssa vikepliktslinja endå, og på dette tidspunktet så han ikkje bil A vite om bil B kjem til å fortsette å holde til venstre eller om bil B har til hensikt å køyre rett fram for å kome seg inn i høgre felt før utkøyring. Dersom bil B hadde hatt på blinklyset og markert med blinklys til venstre så kan bil A krysse vikepliktslinja utan å bryte vikeplikta. Då hadde bilane møttes rett før avkøyringa nokre sekund seinare, og då blir det etter mitt syn gjensidig vikeplikt etter som både bil A og bil B vil bytte felt omtrent samtidig for å ligge i venstre felt på veg ut av rundkøyringa. Utifrå skissa så blir det heilt umogleg å seie noko om det er bil A eller bil B som fyrst kjem til å foreta eit feltskifte. -
Det vanskelege er at alt det ukjente. Dei fleste som vil bytte kjønn vil nok helst gjere det i starten av tenåra når kjønnsidentiteten verkeleg fester seg, tenåra er frå før den vanskelegaste tida så for mange er det nok uendeleg lenge å vente til dei fyller 18. Samtidig er ein ikkje fullt ut utvikla før ein kjem opp i 20 åra, og enkelte treng lengre tid enn det også før dei får orden på korleis dei vil leve livet sitt (det typiske dømet er dei som kjem ut av skapet fyrst i godt voksen alder). På den andre sida så vil det bli tilsvarande urimeleg å skulle sette 40 års aldersgrense for å være sikker på at vedkomande har fått tenke seg godt om, for det vil også objektivt sett være svært lang tid før ein får hjelp til å ordne opp i det som plagar ein. Det som eg synes er mest problematisk er at ein kjønnsskifteoperasjon ikkje nødvendigvis vil gi den effekten som ein ynskjer. Mange som tek kosmetiske operasjonar får liknande opplevingar der ein "aldri" blir fornøgd, ofte fordi det kosmetiske inngrepet vart mindre enn ein hadde sett for seg, at resultatet ikkje vart så bra som ein hadde tenkt, og etterkvart som ein opererer mykje så vil arr og spor etter operasjonane også gi ei negativ oppleving.
-
Det mest korrekte er på bruke c/o adresse, det gir også størst sjangs for at forsendinga kjem fram. Er det ei unik adresse så vil nok forsendinga mest truleg kome fram sjølv om postmannen ikkje finn ditt namn på postkassa eller adresseregisteret (og i alle fall om du har same etternamn som din danske familie), men du kan også risikere at forsendinga blir returnert på grunn av at mottakar og adresse er motstridande. Så det tryggaste er å bruke c/o og få med namnet til den som bur på adressa, dette vil også være viktig om vedkommande må møte opp på postkontoret for å hente ut forsendinga der. Dette skjemaet støttar eigentleg ikkje bruk av c/o adresse. Det som blir mest rett er at du fyller ut mottakaren sitt namn, gate og nummer i same felt. Du kan kanskje sleppe unna med å skrive heile ditt namn som fornamn og c/o mottakarnamnet under etternamn men eg mistenker at det blir trøblete opp mot kunderegisteret.
-
Flytte e-post til annet sted, har det noe for seg?
The Avatar svarte på furiousanimal sitt emne i IKT-drift og sikkerhet
Bruker mest Gmail og har nokre andre gratis-epostar som eg ikkje brukar men som eg har sin backup. Synes at Gmail fungerer heilt fint og har mange gode funksjonar der mange av dei er heilt standardfunksjonar som å sortere mellom det som er reklame, det som er automatiske kvitteringar og det som gjeld sosiale media frå det som er epostar som ikkje er automatisk genererte. Alt dette fungerer heilt fint. Einaste ankepunktet eg har er at det er litt skummelt å være avhengige av Google, ikkje på grunn av personvernet (som eg sikkert burde uroe meg meir over) men på grunn av at det skal ikkje enormt mykje til for å bli kasta ut av Google. Og blir ein fyrst utestengt enten det er på grunn av ein feil eller fordi eg har brutt noko slags form for rettningslinjer så er det i praksis særdeles vanskeleg å kome i kontakt med ein kundebehandlar som kan hjelpe meg. Både fordi Google tydelegvis setter av svært lite personellressursar til dette og satsar på at FAQ og chat-botter skal dekke behovet, og fordi som gratisbrukar (det vil seie brukar som betalar gjennom annonsevisningar) så er eg særdeles lavt prioritert som kunde. Eg synes derfor at det er litt risikabelt å ha ein epostkonto som igjen er kopla til så mange andre tenester eg nytter gjennom eit privat selskap i USA som fort kan endre på nesten kva som helst utan at eg som brukar har noko eg skulle ha sagt i den saka. Sjølv om eg reknar med at Google tek IT-sikkerheita på høgste alvor ettersom det er IT dei lever av, så er nok også Google av dei største hacker-måla i verden. Det sitt heilt sikkert folk på gutterom over heile verda og leitar etter svakheiter og bakvegar inn til f.eks. Gmail, og på eit eller anna tidspunkt så vil nok hackerane klare å bryte seg inn før Google sjølv rekk å stoppe dei.