The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Regelen er at ein ikkje kan ta eit høgare fakturagebyr enn det som er den reelle og dokumenterbare kostnaden ved å sende fakturagebyr. Eit gebyr på 63 kr er nok såpass høgt at det er fornuftig å utfordre Viking på å dokumentere sine kostnadar. Kva som er dei reelle kostnadane kjem mykje ann på kva system ein har for å sende utpapirfaktura. (Det vil også være relevant å sjå på om dei reelle kostnadane er nødvendige eller om ein må forvente at firmaet har meir effektive rutiner). Å sende eit brev kostar 23 kr i porto. Då står vi igjen med 40 kr som må forklarast. Om eg tek utgangspunkt i at Viking reiser på Biltema for å kjøpe konvolutter så er dei billegaste konvoluttane 19,90 for 50 stykk som då gir ein stykkpris på ca 40 øre. Legg til 60 øre for fakturautskriften i farge så er vi oppe i ei krone. Då er det 39 kr igjen, tek eg igjen sterkt i så er kanskje 20 av dei kronene lønnskonstnadar og det andre er arbeidsgivaravgift og sosiale kostnadar. Det som er igjen av summen må då være lønnskostnadane for den tida det tek å printe ut og putte i konvolutt, arbeidet med å lage sjølve fakturaen kan ein ikkje legge på fakturagebyret, det er berre ekstrakostnadane ved å sende ut papirfaktura som ein kan kreve inn som fakturagebyr. Ein fagarbeidar har kanskje ei timelønn på 240 kr i timen eller 4 kr minuttet. Det betyr at dette fakturagebyret berre er reelt dersom det tek 5 minutt med ekstra arbeid per faktura å putte fakturaen i konvolutt. Dette er nok i høgste laget, men eg trur det kan være vanskeleg å seie med to strek under svaret at dette er utvilsomt for høgt gebyr i forhold til Viking sine meirkostnadar.
-
Hva er lurt å studere om man ikke vil være arbeidsledig?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Nåja. I dei aller fleste bedrifter så er lønnsomheita veldig avhengig at ein har dei rette personane i leiinga. Har bedrifta ein leiar som ikkje er god i jobben sin så kostar det veldig mykje, så dei aller fleste bedriftseigarar er veldig interessert i å dyktige toppleiarar slik at investeringa blir lønnsom. Innafor det offentlege så vil slik praksis utvilsomt være ulovleg korrupsjon då det finnes reglar for korleis tilsettinga skal foregå. Einaste staden der ein kan rekne med å finne ei toppleiing som består av familie og vennar er i bedrifter som er eigd av berre ein person som ikkje vil gi frå seg makta, men som treng å ha eit ansvarleg styre og derfor gi jobben til nære familiemedlemmar som kan stemme for det som den eigentlege sjefen vil utan å bli motsagt. At ein i andre jobbar har større sannsynlegheit for å få ein sjans dersom ein har kontaktnett inn i bedrifta er ein annan ting, der kan det ofte være at ein får jobben fordi sjefen stoler på deg som person fordi han kjenner familien din, men det vil være veldig risikabelt å sette ukvalifiserte til å fatte dei store viktige beslutningane på vegne av firmaet. -
Ja sjølv om ein tek påstanden til @sedsberg for god fisk, så vil det vel berre være ein fordel om alle menn får tilgang til ei AI kvinne som dei skal kan kontrollere og terrorisere utan at nokon kjem til skade. Er mykje betre at ein kjefter på ein AI-bot i staden for å ta det ut på ein menneskleg partner.
- 79 svar
-
- 3
-
Hva er lurt å studere om man ikke vil være arbeidsledig?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Ja, administrativt arbeid er kanskje det som det er lettast å kome seg inn i, særleg når ein kjem rett frå skulebenken utan særleg med arbeidserfaring. Lærarmangelen er sjølvsagt størst i klasseromma og ikkje på kontora. Dersom det er slik at trådstarter tek utdanning og deretter berre søker på overordna stillingar før ein gir opp og tek ei nyutdanning så er nok det delar av forklaringa på kvifor det er vanskeleg å få seg jobb. Tek ein til dømes bachelorgrad i personalleiing og økonomi så kan ein ikkje rekne med at fyrste jobben er som personalsjef, dei aller fleste må starte i ei lågare stilling innafor fagfeltet og deretter gå gradene etterkvart som ein komplimenterer utdanninga med praktisk erfaring. Formelt sett er det ingen utdanningskrav for å jobbe med HR, det er eit fagfelt som ein fint kan lese seg opp på sjølv. Dei fleste større arbeidsplassar setter likevel krav til at ein skal ha relevant utdanning, kanskje fyrst og fremst fordi ein vil ha bevis i form av eit vitnemål på at kandidaten i det minste har grunnleggande kunnskap innafor fagområdet. I mange bransjer er det også vanleg at ein tek fagpersonar og gir leiaroppgåver, som til dømes på eit sjukehus eller omsorgssenter der ein sett ein som er sjukepleiarutdanna til å være leiar for sjukepleiarane. Av og til er det kanskje vel så viktig at leiaren kjenner til arbeidsoppgåvene og kva behov dei tilsette har for alt frå utstyr til vaktplanar meir enn det krevs nokon som har teoretisk utdanning på korleis ein skal skal drive HR-arbeid generelt sett. Ein sjukepleiar vil også typisk ha eit godt grunnlag for ein slik administrativ jobb då vedkommande har bachelorgrad som dokumenterer god kapasitet til å lære seg nye ting, og sidan ein god sjukepleiar må være ganske så strukturert i arbeidet sitt. At ein har tatt mastergrad er ingen garanti for at ein vil gjere ein god jobb. Det finnes masse eksempel på kjempesmarte folk som har høg utdanning og gode karakterar, men som total manglar emna til å oversette teorien til praksis. Særleg innafor HR så er det nok langt viktigare å ha eigenskapen til å skape tillit og vise forståing for arbeidstakarens situasjon, samtidig som ein tørr å være bestemt når det trengs. Slike ting kan berre lærast ved hjelp av naturtalent eller trening, det hjelp ikkje å kunne alt om korleis ein i teorien skal være ein god leiar om ein ikkje klarer å gjere det i praksis.- 61 svar
-
- 2
-
Tvungen verneplikt og samfunnstjeneste ?
The Avatar svarte på Frank Olsen sitt emne i Politikk og samfunn
Einig med deg. Det burde være openbart at eit forslag om å "pålegge all ungdom" faktisk gjeld all ungdom uavhengig av kven foreldra er. Skal ein anklage politikarane for å gjere dette ut av ei eigainteresse som ikkje råker dei sjølv så er det vel langt meir relevant å stille spørsmål med kvifor voksne (og dermed også politikarar) skal være unntatt? Her i Norge så har vi basert forsvarstrategien vår på "totalforsvar" altså at i krig skal både militære og sivile krefter samarbeide og støtte kvarandre. Det er altså forventa at også sivile skal være i stand til å støtte opp mot forsvarsarbeidet. Problemet i dag er at store delar av sivilsamfunnet er jo heilt hjelpeslause om det oppstår kriser. Berre det at myndigheitene må bruke pengar på reklamekampanjer for å få folk flest til å ha knekkebrød og medisiner for å klare seg gjennom ei helg utan å måtte motta nødhjelp seier sitt. I tillegg er det ein stadig mindre del av befolkninga som kunnskap, fysikk og utstyr til å til dømes flykte til skogs om det er nødvendig. Så er det sjølvsagt eit argument at ein forsvarskrig i dag vil i mindre grad bestå av "gutta på skauen" som tek med seg primusen og jaktrifla for å gøyme seg i skogen og drive sabotasjeaksjonar mot fienden, men skal ein drive aktiv motstandskamp så bør ein ha lært korleis ein tørker sokkane sine når ein er på fjelltur. Framtidas motstandskamp vil nok basere seg mykje på droner og liknande som ein for all del kanskje får nyttig trening i frå gutterommet, men det er tvilsomt at ein vil være i stand til å drive motstandskamp utan å forlate leilegheita. Som nemt så synes eg ikkje at det treng å være veldig stort fokus på våpentrening, marsjering, og slike heilt typiske militære aktivitetar. Men om ein har fått lære seg å korleis ein pakkar tursekken, setter opp teltleir, og samarbeidar med andre så vil ein etter mitt syn ha eit veldig godt grunnlag. Om det då skulle bli krig så har ein dei vikitgaste grunnkunskapane slik at ein relativt fort kan kursast i å skyte og køyre tanks om ein skal forsvare landet militært, eller sårstell og køyre lastebil om ein skal bidra sivilt. For det blir utfordrande dersom den dagen det bryt ut krig så må ein fyrst lære ungdommane å stå opp og korleis ein knyter feltstøvlane før ein kan gi meir militært retta opplæring. -
Tvungen verneplikt og samfunnstjeneste ?
The Avatar svarte på Frank Olsen sitt emne i Politikk og samfunn
Eg tenker at dette er ein god idé, blant anna fordi det er ein viss grad av urettferdigheit ved å ha allmenn verneplikt som berre 1/3 blir innkalla til. Eg meiner også at ein del av det ein lærer under verneplikta burde være ein del av grunnskulen, særleg med tanke på kor mange som i dag ikkje får lære grunnleggande ferdigheiter som husstell, økonomi, trening og friluftsliv om dei ikkje har flinke foreldre. For meg handlar dette i liten grad om å trene ungdommen til å bli gode soldatar, men eg trur at det er ein fordel for alle om ein avsluttar grunnskulen med eit år i militæret, sivilforsvaret, folkehøgskule, eller anna organisert aktivitet der ein får bu utanfor heimen utan å ende opp åleine på ein studenthybel, og der fokuset er på praktisk og ikkje teoretisk læring. Om dette er ein god idé kjem veldig ann på korleis der blir gjennomført. For min del kan ein godt ha ei verneteneste heilt utan våpentrening om det er dette som folk reagerer på.- 26 svar
-
- 1
-
Ville du valgt 100k lavere i lønn for lengre kontrakt?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Eg meiner at det er meir fornuftig å prioritere omvendt. Altså å prioritere det som bidreg til at ein kan få fast jobb over lang tid og ikkje det som betalar seg mest på kortsikt. Målet bør være å få seg fast jobb, og då er nok 6 månadarsjobben det beste valget. Ikkje berre tek det seg betre ut på CVen, og gir meir relevant arbeidserfaring, det gir deg også litt lengre tid til å være aktiv jobbsøkar før du står heilt utan jobb. I løpet av eit halvt år så er det godt realistisk å klare å skaffe seg fast jobb slik at ein går rett frå den midlertidige jobben og inn i ein fast jobb. Men om ein har jobb i berre 3 månadar så er det vanskeleg å unngå at ein må gå ei periode utan jobb. I dette tilfellet er heller ikkje lønnsforskjellen veldig stor. Med årslønn på 480k i 6 mnd og 580k i 3 mnd så er det i realiteten valget mellom å få lov til å tene 240k på den eine jobben 145k på den andre jobben. Det hjelp lite med høgare månedslønn når du berre får lønn i tre månedar kontra seks månadar.- 27 svar
-
- 1
-
Hva er lurt å studere om man ikke vil være arbeidsledig?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Dersom eg skal male med brei pensel så er fellesnemnaren for disse yrka at dei ikkje er skrikande nødvendige, og at disse yrka berre blir prioriterte i gode tider når økonomien er god nok til å også gjere det som ikkje er mest nødvendig. Lektor er eit anna ord for lærar, og skuleverket er notoriske for å bruke lærarar som ikkje oppfyller kompetansekrava til stillinga. Det er også fint mogleg å omorganisere seg vekk frå lærarbehovet ved å opprette større klasser, undervisning på video, osv. Det sagt så er det dei fleste stadar mangel på lærarar. Behovet er størst på nivåa under lektor, og mykje av grunnen til det er nok lønnsnivået. Økonomi er også eit fagområde som forsåvidt er viktig, men som strengt tatt kan utførast av dei fleste datakyndige personar. Interaksjonsdesign, joda godt og brukarvenleg design har sin verdi, men når lønnsomheita i bedrifta er negativ så blir dette sett på som luks, då fokuserer ein meir på at grunnfunksjonane fungerer som dei skal og langt mindre på at det ser pent og er lett å bruke. Programerarar er det dette berre bruk for når det mange nok som er villige til å investere i nyskapningar. I nedgangstider er det få som vil satse pengane sine på arbeid som ikkje er garantert å gi profitt. Mykje av nyutvikla programvare slit med å bli lønnsomt, og mange firma som treng å utvikle programvare kan outsource mykje av jobben til lågprisland. Prosjektleiing. Viktig jobb når det finnes prosjekt å drive med. Det er heller ikkje ein jobb som det kreves spesiell utdanning for. Ein må sjølvsagt ha kompetanse på det ein driv med, men det å leie eit prosjekt handlar ofte vel så mykje om å være strukturert og tydeleg som det handlar om kva vitnemål du kan vise til. Skal du være sikker på å få deg jobb (også i nedgangstider) så må du rette deg mot meir praktiske arbeidsoppgåver. Helsevesenet er nemt, med stadig aukande befolkning så blir ikkje behovet for hender til å jobbe i omsorgsyrker borte med det fyrste. Og særleg behovet for høgt kvalifisert helsepersonell er spesielt stort. Andre yrker der du er så og seie garantert jobb innafor bygg og anlegg, og innafor produksjon. Så sikraste vegen til fast jobb i dag er nok yrkesfag, etterfulgt av høgare utdanning innafor fagfelt som krev praktisk arbeidsutføring.- 61 svar
-
- 2
-
Dersom dette skjer så løses det med bruk av beordring etter helsebereskapsloven. Det treng ikkje å være krig for at denne paragrafen kan brukast, det er nok at det er ei krise, og det vil være krise dersom dei mest kritiske helsetenestane som akutt og intensivbehandlinga ikkje har nok folk. Det er ikkje gitt unntak for sjuke og arbeidsuføre. Det sagt så er det sjølvsagt slik at ulovlegheiter opner moglegheiter som ein ellers ikkje har. Det er derfor at terroristar og gisseltakarar klarer å få viljen sin. Helsepersonellet i Norge har såleis i makt til å holde både befolkninga og styresmaktene som gissel, men om ein gjer alvor ut av ein slik trussel så vil det openbart bli ei kortvarig løysing. For akkurat som i ein gisselsituasjon så må nok myndigheitene i fyrste omgang gi etter for gisseltakarens krav og levere pizza og brus til banken, eller helsearbeidarane meir lønn, men myndigheitene kan ikkje slå seg til ro med den løysinga. Dersom dette skulle skje så vil ting skje. I fyrste omgang så vil ein svare med lockout der helsepersonell som ikkje vil utføre jobben sin heller ikkje får kome på jobb. For å oppretthalde helsevesenet så vil ein erstatte dei utestengte med nytilsettingar, eventuelt innleige frå utleigefirma eller utlandet. Deretter blir det nok aktuelt med beordring, særleg blant pensjonistar og studentar. Om ein fortsatt ikkje får nok folk så er det mogleg ein tilbyr høgare lønn til nytilsette men ei vil nok aldri gi etter for dei som på ulovleg vis nektar å gjere jobben sin. Og då spørs det kor mange av dagens helsearbeidarar som er villige til å miste jobben og bli satt i fengsel for at neste generasjon helsearbeidarar skal få akkurat nok i lønn til at dei ikkje tørr å gjere same stuntet som sine forgjengarar.
-
Tviler på det blir nokon vesentlege endringar. Til alle tider er det jo pene modellar som blir portrettert i alt frå vekeblad til filmar, så om ein ser på ein Hollywoodskodespelar som ein finn attraktiv men som ein aldri kjem til å møte i levande live, eller ein ser på ein AI-generert person som ein aldri kan møte i levande live, akkurat det vil nok ikkje utgjere den heilt store forskjellen. Det er ikkje akkurat som at stygge folk får særleg med tid i rampelyset, anna enn kanskje relativt nyleg når ein har hatt litt meir fokus på å også framheve "ekte" personar av alle typar. Men så lenge ein fortsatt tek normalvektige modellar og presenterer dei som pluss-modellar fordi dei ikkje er sjukeleg undervektige så har vi ein veg å gå så lenge snittet for BMI ligg i kategorien overvektig. Den største trusselen med AI genererte avatarar er vel strengt tatt at kven som kan lage ein slik avatar og bruke den til å svindle eller lokke pengar ut menn (og sikkert nokre kvinner) som vil betale for slike tenester. I dag må slik svindel/utnytting eller kva ein skal kalle det utførast av ein person som i utgangspunktet ser bra ut og som ikkje har spesielt store kvalar med å lure folk. I framtida kan ein kvar svindlar framstille seg akkurat slik ein sjølv vil for å lure til seg pengar, enten det er ved å utgi seg for å være ein vakker modell som tek betalt for å sende lettkledde bilder, utgi seg for å være ein velkledd finansmann som selg sine børs-råd, eller kanskje også at ein utgir seg for å være alvorleg sjuk/skada og tigger penger frå folk. Den einaste måten eg kan sjå at vi får noko som liknar den framtidsvisjonen som TS ser for seg er dersom den AI genererte avataren også blir den beste samtalepartnaren. Eg trur nok det er ein langt større trussel mot sunne og normale forhold å ha ein partner som ein kan via video/telefon kan snakke med og som alltid gir deg gode råd, alltid er støttande, og aldri er ueinig med deg. At ein har ein kjæreste som ikkje er fullt like pen som du ser på kino er nok så vanleg at det ikkje er nokon som har problem med å skille mellom det som er ekte og meiningsfullt og det som berre er overfladisk. Men at ein nok kan få nære vennar og partnarar som ein kan snakke med og som alltid seier dei rette tinga er ein heilt ny greie som kanskje ikkje alle klarar å tilpasse seg. Ein heilt anna ting er at vi har vel hatt porno i meir enn 100 år, heilt sidan film- og fotoapprat vart kommersielt tilgjengeleg for vanleg folk så har ein produsert pornografi, og eg trur ikkje at nokon har funnet samanheng som viser at eksponering for pornografi fører til at folk (menn) heller vil sjå på bilder enn å ta på ekte kvinner. Min hypotese er at pornografi som alle andre formar for media blir konsumert som underhaldning og ikkje som erstatning for å leve livet. Folk som ser Charterfeber på TV ser seg ikkje "mette" på sydenlivet og sluttar å reise til syden på ferie, dei konsumerer dette som underhaldning. Og omvendt, dei som les krimbøker konsumerer dette som underholdning, dei går ikkje ut og prøver å leve ut det dei har lest ved å begå perfekte kriminalhandlingar i det verkelege liv. At vi får "perfekte" AI-damer går nok meir på bekostning av tida som menn (hovudsakleg) brukar foran skjermen på andre ting. Dei som betalar damer for å streame seg sjølv medan dei et middag, speler dataspel, snakkar om dagen sin, (eller kler seg nakne for den slags skuld), gjer nok dette fordi det gir dei underhaldning. Den tida ein brukar på å sjå slike streamar hadde ein nok i staden brukt på å sjå på Netflix eller lese bøker, det erstattar nok ikkje tida ein brukar på å være sosial.
- 79 svar
-
- 1
-
Strengt tatt vil eg heller ha ein kirurg som starta med å gå yrkesfag og kan handtere skarpe verktøy med ei stødig hand enn ein kirurg som fekk S på særoppgåva i 9 klasse, men det blir litt off-topic. Som påpeikt også tidlegare i tråden så er det eit problem at regelverket for kva som er juks, kva som er plagiat og kva som er formalfeil i oppgåveskrivinga er udefinert og i praksis heilt opp til kvart enkelt universitet å avgjere og straffe. Eg er heilt einig med deg at det er ganske stor forskjell på situasjonane sjølv om det i utgangspunktet ser likt ut når algerytmen spytter ut at det er 20% tekstlikheit. Ein ting er å stjele andres forskning og presentere det som din eigen, det er heilt openbar juks og demonstrerer at kandidaten umogleg kan ha kompetansen som krevs for å få oppgåva bestått. Men når ein setter skrivetekniske feil i same kategori som slik juksing så blir det for min del feil. Det er utvilsomt dårleg handtverk og latskap å bruke formuleringar du finn andre stadar men det treng ikkje å bety at forskninga som ligg bak er dårleg. Til dømes så er manglande referanser heilt klart elendig arbeid som fortener ein dårleg karakter eller kanskje også stryk. Men hadde det vært ein professor som presenterte ei slik oppgåve så hadde det ikkje skjedd anna enn at oppgåva hadde vært sendt i retur og professoren ville måtte gå gjennom oppgåva på nytt for å sette inn dei manglande referansane, og det er ein heilt anna reaksjon enn anullering, utstenging og krav om at ein må levere ei heilt ny masteroppgåve eller ei så omformulert oppgåve at den er tilstrekkeleg forskjellig frå fyrste forsøk. Det som eg eigentleg synes er verst med dagens standard for behandling av juksere er at om ein student finner ut at vedkommande vil jukse litt, så kan ein liksågodt ta den heilt ut. Blir ein avslørt så er det nøyaktig same reaksjon om ein har sittert seg sjølv utan å referere til kvar ein skreiv det fyrste gongen, som om ein stjeler eller fabrikkerer all forskning og informasjonsinnhenting.
-
Eller regelen om at ein må ha budd i bustaden i minst 12 månadar i løpet av dei siste 24 månadane for å kunne selge skattefritt.
- 7 svar
-
- 1
-
Velge mellom fagskole og høyskole og forskjellig lønn.
The Avatar svarte på JamieH sitt emne i Utdanning
Det spørs litt kva slags jobb du sikter deg inn på. Lønnsmessig så vil det vanlegvis lønne seg med høgast mogleg utdanning. Så med bachelornivå vil du kunne forvente å få ei litt høgare lønn (og lønnsaukning). Det vil likevel ta litt tid før du ser den økonomiske forskjellen sidan du mister 1-2 år med lønna arbeid dersom du går for bachelorgraden i staden for fagskule, så forskjellen er mest merkbar mot slutten av yrkeslivet og ikkje akkurat no medan du er i etableringsfasen. Om du tek teknisk fagskule så vil du kvalifisere til mykje av dei same jobbane som om du går vidare til bachelorgrad, men i snitt så vil lønna være litt lavare gjennom heile yrkeskarrieren. Samtidig så vil det merkast veldig godt når at du kjem deg ut i arbeidslivet 1-2 år tidlegare i staden for å bruke denne tida på skulebenken. Du vil mellom anna kunne kome deg raskare inn på bustadmarkedet sidan du kan starte å spare så fort du er ferdig med fagskulen. Med bakgrunn frå yrkesfag og ikkje berre allmenn så vil du uansett ha eit godt utgangspunkt for å få deg jobb, og du vil kunne oppleve å bli vurdert som meir attraktiv med kombinasjonen yrkesfag+fagskule enn ein bachelorkandidat som berre har teoretisk kompetanse. Kva tenker du om framtida? Er det aktuelt for deg å ta vidareutdanning og ende opp med mastergrad? Det går litt inflasjon i formell utdanning så det er ikkje utenkeleg at du må ta meir utdanning i løpet av yrkeslivet ditt. Dersom det kan være aktuelt å ta master så vil det være enklare for deg om du tek bachelorgraden no med ein gong slik at du kan bygge på med 2 ekstra år for å få mastergrad. Om du tek teknisk fagskule så må du eit nivå høgare opp for å få mastergrad, enten 3 år bachelor + 2 år master, eller rett på 5 år med master. Dersom du tenker at teknisk fagskule får være nok skulegang og du heller vil jobbe med ei god blanding mellom teoretisk og praktisk arbeid, så er det nok at du tek fagskulen og kjem deg raskt ut i arbeid. Eg ville også vurdert meg sjølv litt kritisk i forhold til studiekapasitet, kor sannsynleg er det at du tenker å kome deg gjennom utdanninga på normaltid? Mange treng litt ekstra tid på studiane, så du kan fort risikere at det blir eit år ekstra på skulebenken i forhold til den tidsplanen du i utgangspunktet har satt deg. -
I utgangspunktet så skal ikkje vold og truslar skje på arbeidsplassen, der det likevel skjer vil det være i strid med arbeidsmiljølova. Det er likevel ein del yrker der det i praksis ikkje kan unngåast, men det er fortsatt eit arbeidsgivaransvar å finne løysingar som helst hindrar vold eller i det minste reduserer omfanget til eit handterleg nivå for dei tilsette. Så fyrste steg er uansett å gå til leiar for å melde frå om at reglane og rutinane ikkje er tilstrekkelege for å ivareta arbeidsmiljøet med dei brukarane som du har no.
-
Hvorfor legges enkelte onlinespill ned?
The Avatar svarte på TheDarkSycamore - SCM sitt emne i Generell spilldiskusjon
Det finnes ulike grupper som jobber for å kunne bevare spelmfor ettertida, dette inkluderer både å ta vare på eit medium å spele på, men også å kopiere spelservere slik at også multiplayer opplevinga kan bevarast for ettertida. Spel er også kultur som bør bevarast, men i motsetting til bøker og filmer så er det ikkje så lett å bevare spel og infrastrukturen som trengs på grunn av mellom anna opphavsretten. -
Vedlikeholdsleder, Arbeidsleder Teknisk/Mekanisk, Formann Teknisk
The Avatar svarte på didirksg sitt emne i Jobb og karriere
Igjen kjem det nok mykje ann på kor stor avdelinga er. I ei stort avdelimg kan det fort være eit heilt team av vedlikeholdsleiarar som berre sitt foran PCen for å planlegge og dokumentere arbeidet. I mindre avdelingar blir det meir praktisk-teologiske arbeid og mindre kontorarbeid. Tittelen vedlikeholdsleiar kan brukast nesten overalt, frå at det berre er ein vedlikehaldsarbeidar som leiar seg sjølv til at det er ein reell leiarjobb med personal og økonomiansvar. Beste rådet for å få tittelen vedlikehaldsleiar er å ta deg ein jobb i eit lite burettslag der du de facto blir leiar sidan du er den einaste som jobbar med vedlikehald. -
Skattereglane er ei heilt anna problemstilling. Forskjellen mellom hobby og næring er om aktiviteten er egna til å gi overskot, det er ingen definert beløpsgrense. Sjølv om aktiviteten er rekna som eigna til å gi overskot så er det likevel eit unntak for aktivitet som har hobbypreg eller som er rein eingongshending. Det fyrste salget var nok ei slik eingongshending, kjøpet av to nye bord for å gjere det same mot forteneste gjer nok at dette kan blir vurdert som skattepliktig inntekt. Når ein omsetter for meir enn 50 000 kr så skal ein normalt også registrere seg i meirverdiavgiftsregisteret, her er det eit unntak for kunst men ikkje for kunsthandtverk. Kva kategori disse borda kjem i er eg ikkje heilt sikker på men eg heller mot at det er brukskunst og dermed momspliktig. Og for å gjere det meir komplisert så er det i tillegg ei 5% kunstavgift. Det mest korrekte er å oppgi dette på skattemeldinga og la skatteetaten ta stilling til om dette er skattepliktig eller ikkje, det sagt så er sannsynlegheita for å blir oppdaga og få straffeskatt ganske liten men alikevel ein risiko å ta.
- 19 svar
-
- 1
-
Tenkte meir på at det å ikkje bli autorisert kan bli brukt av arbeidsgivar som eit argument for at pålitelegheita er for dårleg, noko som kan være ein gyldig oppseiingsgrunn i prøvetida. Det sagt så er eg heilt einig med deg i at argumentet er svakt. Utan at eg sitt med forarbeida til AML så er ganske sikker på at når AML omtalar pålitlegheit så tenker lovgivar meir påliteleg i betydninga av å være forutsigbarheit (til å møte på jobb når du skal), tillitskapande, og ein som held sitt ord, og ikkje som i dette tilfellet at du har blitt "tatt" i å gi ei uriktigopplysning etter å ha blitt pressa til å levere ny erklæring i full fart sjølv om det ikkje var nødvendig. Grunnen til at eg nevner dette er både for å nyansere påstanden om at ein i prøvetida kan bli oppsagt utan sakleg grunn, og fordi det einaste arbeidsgivar kan "ta deg på" er dette med pålitelegheit, så det er greitt å være førebudd på at dette kan bli brukt som argument sjølv om argumentet er svakt. Du har også heilt rett i at så lenge sikkerheitsklarering ikkje har vært eit absolutt krav for stillinga så kan du heller ikkje seiast opp fordi du ikkje har blitt sikkerheitsklarert, då må du omplasserast til å jobbe med andre prosjekt som ikkje krev slik klarering.
-
Hvilket land bør jeg flytte til for å få jobb innen IT?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Tviler på det er lettare å få jobb i utlandet, ksnskje snarare tvert imot sidan du er både "overutdanna" og vandt til eit høgare lønnsnivå i Norge så vil nok også utanlandske være skeptiske til å tilsette deg ettersom dei reknar med at seier opp så snart du får tilbod om ein betre jobb. Det er ein utfordrande bransje du prøver å å kome deg inn i, og då handlar veldig mykje om å skrive gode søknadar som også får fram motovasjonen din for å søke jobb. Som nemt er det viktig å få fram at du har intensjon om å holde på supportjobben om du får den og at motivasjonen din er å skaffe arbeidserfaring.- 10 svar
-
- 1
-
Tvilsomt. Om ein hadde meint at du var lite effektiv så hadde du ikkje blitt satt til å sitte i kassa der det både er veldig synlig og ein får klager frå kundane om det går for treigt. Grunnen til at du får mykje kassaarbeid er nok at du ikkje klager (nok) på det. Dei andre vil helst gjere andre ting og om du kan finne deg i å sitte i kassa heile dagen så lar dei deg gjerne gjere det. Det er ikkje sikkert det er vondt meint frå kollegaene dine heller, det kan være at dei oppriktig trur at du synes det er greitt å sitte mest i kassa.
-
Det ser ikkje ut som slik jobbrotasjon er regulert nokon stad, så då blir det opp til kvar enkelt butikksjef å lage eit system. Det er likevel brei einigheit i at ein rotasjon mellom kasse, hylle og lager gir betre produksjon og trivsel. Kor strengt ein skal struktutere slik rotasjon kjem nok mykje ann på talet på tilsette. Sidan det eigentleg berre er fordelar med rotasjon så bør ein ha eit system som hindrar at nokon blir ståande forlenge på ein stad. På ein mindre butikk vil eg tru at dei fleste butikkar har ein meir dynamisk rotasjon der ein spør ein kollega om å bytte når ein treng det. I større butikkar er det nok ei større nødvendigheit å ha ein nedskrevet rotasjonsplan.
- 10 svar
-
- 1
-
Vedlikeholdsleder, Arbeidsleder Teknisk/Mekanisk, Formann Teknisk
The Avatar svarte på didirksg sitt emne i Jobb og karriere
Kva som er innholdet i slike stillingar vil variere mykje frå arbeidsplass til arbeidsplass. Ein formann er ikkje meir definert enn at det er ein leiar, dette leiaransvaret kan være så lite at du berre er den fagarbeidaren som rapporterer til neste leiar. Eller det kan være så stort leiaransvar at du både tilsetter folk, lager arbeidsplanar, og følger opp fråvær. Størrelsen på arbeidsplassen er kanskje den største forskjellen. Det kan fort være mindre formelle leiaroppgåver om du har ansvaret for to fagarbeidarar og ikkje 200. Ein formann vil ofte være den mest erfarne fagarbeidaren på arbeidsskiftet, så dette er ein jobb du typisk får gjennom arbeidserfaring og ikkje gjennom utdanning. Vanligvis vil ein formann ha akkurat same utdanning som dei han/ho er leiar for. Du kan ikkje rekne med at ei stilling som formann medfører nemneverdig med kontorarbeid. Om du vil ha ei leiarstilling med både kontor og praktisk arbeid så er du nok på meir rett spor med å gå teknisk fagskule.- 15 svar
-
- 2
-
Det er ikkje heilt korrekt. I prøvetida så kan arbeidsgivar bruke tilpasning til arbeidet, fagleg dyktigheit eller pålitelegheit so sakleg oppseiingsgrunn. Dette med pålitelegheit kan fort bli sakleg oppseiingsgrunnlag i prøvetida. Etter prøvetida kan det fortsatt være sakleg å seie opp ein tilsett med dårleg pålitelegheit, men terskelen er litt høgare for at grunnen skal være sakleg. Også i prøvetida har den tilsette vern mot usakleg oppseiing og kan reise søksmål mot arbeidsgivar for usakleg oppseiing.
- 60 svar
-
- 1
-
Det finst fleire aktørar som gir hjelp til leigetakarar. For din delar er ikkje det så viktig. Du har rett til å få retta opp i manglar, og manglande utbetring gir deg rett til å holdes tilbakebetalt husleige. Det ber no utleigar som må reisen søksmål mot deg, og som må bevise at din tilbakeholding av husleige er lovstridig og gir grunnlag for utkastinga. Og skulle det vise seg at du ikkje har gyldig grunnlag for å tilbakeholde husleige så kan du gi etter og betale, og då fell i alle fall grunnlaget for utkasting vekk ettersom du då er ajour med betalinga.