Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 719
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Lønn kjem ann på mange faktorar, at ein ikkje klarer å få til skikkelege lønnsforhandlingar handlar om at ein enten ikkje har noko å forhandle om, eller at du har ein arbeidsgivar som ikkje vil høyre dine argument og som derfor ikkje vil møte deg i forhandlingar. Ellers så er er det jo ein viss samanheng mellom det å være god til å framstille seg sjølv i eit godt lys ovanfor sjefen, og det å klare å framstille seg sjølv i eit godt lys ovanfor kundane. Noko forskjell vil det sjølvsagt være innafor ulike yrkesgrupper, men ein arbeidstakar som er godt likt av både sjefen og kundane vil typisk også være meir innbringande. Og om den som er god til å framsnakke seg sjølv ikkje nødvendigvis tener meir pengar for bedrifta i direkte inntekter så vil ein fort kunne argumentere med at vedkommande bidreg positivt ved å gjere arbeidsmiljøet så godt at det motiverer dei andre arbeidstakarane til å gjere ein god jobb. Min påstand er at lønn aldri kan være både enkelt og rettferdig, det må være ein av delane (eller ein blanding). Det som er enkelt er å lønne alle likt uavhengig av om dei yter 20 eller 200% på jobb. Men det blir ikkje rettferdig ettersom den arbeidstakaren som gir alt for jobben bør jo ha igjen ein fordel for det , for det er i alle fall ikkje rettferdig at den som knapt nok møter opp på jobb skal ha same lønna som den som faktisk gjer jobben sin. Kva som er rettferdig er særdeles vanskeleg og komplisert ettersom det ofte er summen av mange ting som avgjer kva arbeidstakar som er mest effektiv, men samtidig så vil ein også ha eit lønnssystem som gjer at ein kan utnytte arbeidskrafta lengst mogleg og ikkje berre ei kort tid.
  2. Vanlig sjukepleiar er på bachelorgrad, ddretter kan ein ta to år vidareutdanning og bli f. eks. anestisjukepleiar eller jordmor. Eg kjenner ikkje til kva nettbaserte alternativ som finnes, men det er såpass mykje praksistid at du kan uansett ikkje ha berre nettbasert opplæring. Det du bør sjå nærmare på er deltidsstudier som fleire høgskular tilbyr. Utdanning i utlandet kan være eit alternativ, men du bør halde deg innafor EU/EØS for å ikkje gjere det for vanskeleg å få autorisasjon.
  3. Sannheita i denne påstanden kjem veldig ann på kvar ein plasserer målstengene for kva ein definerer som undertrykt. For ein kan sjølvsagt fortsette denne tankerekka og påstå at barn er undertykte, for dei har ikkje stemmerett i det heile tatt og har aldri blitt vurdert til å få det heller. For ja, ein del ting må ein sjå i kontekst av samfunnsroller generelt. Men påstå at kvinner ikkje har blitt undertrykt er regelrett feil. Der har aldri vært slik at kvinner har sagt at mennene kan få bestemme alt for det er så upraktisk å bestemme ting når ein går gravid. Ein kan nok til og med påstå at kvinners undertrykking har variert gjennom tidene. I vikingtida var det ikkje uvanleg med kvinner i maktposisjon. At kvinner ikkje skulle ha makt kom vel strengt tatt samtidig som kristendommen og har ikkje blitt oppmjuka før i moderne tid.
  4. Om avtalevilkåra er rimelege eller urimelege blir ein konkret vurdering, i dette tilfellet så er det nok særleg spørsmålet om avtalevilkåra er balanserte som blir viktig. Det står i avtalen at det er 5 års bindingstid for begge partar, forpliktar det tilbydaren av kaffemaskin i omtrent like stor grad som det forpliktar deg som kunde? Eit aktuelt moment å sjå på då er til dømes om prisen også er låst i same periode. Om også utleigaren av kaffemaskina har bundet seg til å levere tenesten til ein fast pris i minst 5 år så er avtalen meir balansert enn om det berre er du som kunde som har forplikta deg til å betale den same summen gjennom minst 5 år. Andre relevante ting å vurdere er om du som kunde har fått noko av tilsvarande verdi for å binde deg i 5 år, då særleg med tanke på kva du må betale med ei 5 års kontrakt kontra om du berre hadde bunde det for eit år om gongen. Det som det til slutt kokar ned til er om avtalen vil halde seg oppe dersom det blir tatt opp søksmål. Om du leverer tilbake kaffemaskina og slutter å betale så er det utleigaren som må reise sak mot deg for avtalebrot, og som igjen må få medhald frå retten om at avtalen er rimeleg slik at du kan tvingast til å betale eller om du klarer å vinne fram med at avtalen er så urimeleg at den ikkje kan være gyldig.
  5. Kritikken eg har mot part II er at det gjekk litt treigt når spelet hadde nesten dobbel speletid i forhold til fyrste spelet, og at historia var såpass todelt at det gikk lang tid mellom kvar gong du fekk styre karanterane. For mind del kunne spelet godt vært delt opp i to spel. Når det blir så lang speletid og ventetid fram til du får spele som den karakteren du bryr deg mest om så er det også mykje lettare å falle fra. Part I opplevdes som en ein spelefilm med litt gameplay i mellom. Part II opplevdes meir som ein langvarig såpeserie med gameplay. Det tok også for lang tid å bli skikkelig investert i historia, så innen den tid så mistenker eg at mange spelarar falt av.
  6. Kva du bør gjere kjem veldig ann på. At lønna er ulik kjem ofte av ulik tilgang på arbeidskraft der arbeidsgiver må betale meir for å nytilsette. Korleis du skal gå fram kjem ann på kva som er din situasjon. Kan du søke og få andre jobbtilbod? Står du i posisjon til å true med å seie opp om du ikkje får meir lønn? Osv. Generelt sett så vil arbeidsgivar ofte gamble på at du totalt sett er fornøgd nok til at du kjem til å fortsette i jobben sjølv om du får mindre betalt. Du kan sjølvsagt kreve meir lønn men det er ikkje gitt at arbeidsgiver vil gi etter for kravet ditt, og då spørs det om du villig til å bytte jobb eller ikkje. Eg vil også legge til at det er aktuelt å tenke på kva dette betyr for framtidige lønsforhandlingar. Her får du gode argument for kvifor din lønn skal auke meir enn den nye tilsette ettersom dykk har lik bakgrunn og at du i tillegg har god kompetanse på arbeidsplassen. Det er ikkje heilt utenkeleg at den nytilsette har fått høgt lønnstilbod for å takke ja til jobben, men at vedkommande over tid vil ha ei lågare lønnsutvikling enn deg fram til dykk begge ligg på same lønnsnivå.
  7. Som linken til Gavekort seier så vil noko endring ligge innafor arbeidsgivars styringsrett, men samtidig har rettspraksis gått på at endra oppmøtestad til meir enn 30 km unna ligg utanfor det som arbeidsgivar kan regulere gjennom styringsretten. Merk her at konsekvensen av at arbeidsgivar ikkje kan bruke styringsretten blir fort oppseiing ettersom det ikkje lenger er ein jobb å tilby deg på den opprinnelege lokasjonen. Du bør derfor gjere deg opp ei meining om kva du ynskjer å oppnå. Som til dømes om du ønskjer å bli oppsagt, om du vil forhandle om ein kompensasjon, eller om du vil kjempe mot flyttinga.
  8. Det blir sjølvsagt eit spørsmål om kva ein legg i å vite. Det som i alle fall er klart er at det no er tilbakevist at det som JHA sa under rettssaka ikkje var sterkt nok bevis for at VK kunne dømmast. Det er sjølvsagt ikkje sikkert at det JHA sa var 100% oppspinn, men det er i dag vurdert til at det er rimeleg tvil om at det var sant, og at skuldspørsmålet mot VK ikkje kunne bevisast utover ein kvar rimeleg tvil. Det vi ikkje kan vite noko om er kva som JHA indre motivasjon for tone ned si eiga rolle i saka og implisere bestekompisen sin som hovedpersonen som nærmast tvang JHA til å utføre straffbare handlingar. Eg trur likevel heilt personleg at det vil være rart at han prøvde å legge skulda på sin bestevenn om han var motivert av sjelero og ikkje for å prøve å vri seg unna straff.
  9. Dette signalet går begge vegar. På den eine sida så får ein ikkje meir straff ved fleire offer dersom ein alt ved fyrste offeret kvalifiserer til makimal strafferamme, men på den andre sida så har gjerningsmannen ein fordel av å bidra til å oppklare saka og få litt strafferabatt. Det var vel dette som skjedde med JHA, han hadde nok fått 21 år hadde det ikkje vært fordi han fekk litt strafferabatt fordi han hjalp til med å få VK dømt og endte opp med å få dom på 19 år i staden for 21 år. For ein ungdom så utgjer disse to åra ganske mykje (sjølv om han nok hadde håpa på å få langt meir i strafferabatt), men dersom han hadde risikert 2 x 21 år så er det ikkje sikkert at han ville bidrat med å verken tilstå si eiga rolle i saka og vitna mot VK for berre nokre få år strafferabatt. For ein 19 åring å stå ovanfor 42 år i fengsel så utgjer det nok liten praktisk forskjell om han ville måtte sone i 40 eller 42 år, den vesentlege delen av livet ville han uansett måtte tilbringe i fengsel. Men det utgjorde nok ein del forskjell for JHA at han la korta på bordet og hadde gode utsikter for å kanskje sleppe ut medan han var i 30 åra og ikkje i 40 åra. Det som er spesielt i denne saka er at både innrømelsen og vitnesbyrdet mot VK var falsk, men normalt sett så ønsker vi eit rettssystem der den kriminelle har eigeninteresse av å bistå i å oppklare forbrytinga. Særleg med tanke på dei etterlatte som har eit behov for å få vite kva som eigentleg skjedde.
  10. Det varierer frå land til land korleis ein forheld seg til statsborgarar som bur i utlandet og har plikter i heimlandet. Å ha dobbelt statsborgarskap betyr at du har både plikter og rettigheiter i to land. Det kan ha den praktiske konsekvensen at du får dobbelt opp av noko, eller det kan bety at du får motstridande interesser som du ikkje kan oppfylle. Enkelte land vil ikkje anerkjenne dobbelt statsborgarskap og bryr seg ingenting om forpliktelsar ein har til det andre landet, andre aksepterer at ein statsborgar som har utført militærteneste i eit land kan sleppe å også utføre militærteneste i det andre landet. Ein kan også sjølvsagt bli pålagt militærteneste i begge landa. Etter Europarådskonvensjonen så er det slik at det er landet du bur i som har fyrsteretten til å kunne ilegge deg plikter, men ettersom Israel ikkje er eit europeisk land så gjeld ikkje denne regelen for Isreal. Reint praktisk så har det landet du ikkje bur i avgrensa med muligheit til å tvinge deg så lenge du bur i Norge, men du vil kunne risikere at du ikkje kan reise til dette andre landet utan å bli tvinga til å enten utføre din pliktteneste eller straffa med fengsel. For mange vil også spørsmålet om militærteneste løyse seg ved at dersom ein har tenestegjort i eit land så vil ein ikkje få den sikkerheitsklareringa som ein treng for å også blir innrullert i forsvaret i det andre landet, dette gjeld særleg der dei to landa ikkje har veldig nært samarbeid. Slik som eg forstår det så er det relativt kurrant å søke den israelske ambasaden om fritak eller utsetting dersom du ikkje har særleg med tilknytting til Israel, som til dømes at du har statsborgarskapet ditt frå ein forelder som er israelsk sjølv om du sjølv aldri har vært i Israel. Andre land kan ha heilt andre reglar og ordningar.
  11. Som bufferkonto er 1,2 mill alt for mykje i forhold til kva du realistisk sett treng som buffer, men det er klart at sparepengane dine må du enten ha på sparekonto, investere, eller bruke til noko. Fondsparing er eit godt og trygt alternativ dersom du velg eit fond med liten risiko, og du har tid og råd til la pengane stå i ro om det blir ein midlertidig nedgang. Største risikoen med fondsparing er dersom fondet både taper seg i verdi og du samtidig treng å ha tilgang til pengane dine slik at du må selge deg ut på eit ugunstig tidspunkt. Med mindre du har planar om å flytte mykje så er det ei stor tabbe av deg å ikkje investere i bustad. Det vil du så og seie alltid tene på. Å leige heile livet er ei mykje dyrare løysing. Fordelen med å leige er at det er ganske lettvindt ved at du slepp å tenke på vedlikehald og liknande, men du betalar også for det.
  12. Det du spør om her er er kvifor det berre er dei som har meir pengar enn dei må ha til livsopphald som har pengar å bruke på andre ting, som f.eks. sparing eller investering. Og det svaret gir vel seg sjølv? Jo meir pengar du har jo meir pengar har du å bruke på ting som ikkje er forbruk, som igjen gjerne gir deg meir pengar, som du igjen kan bruke på andre ting, osv. Dette er eigentleg heile fundamentet for vårt økonomiske system, dei som kan låne ut pengane sine tener stor sett på det ved at dei får avkastning. Enten ved at du setter pengane på sparekonto slik at banken kan låne ut pengane dine til andre og du får betalt for dette lånet gjennom litt renteinntekter, eller at du investerer i fond der pengane dine kan bidra til verdiskapning som du igjen får din del av avkastninga for (eller må ta din del av tapet for om det går dårleg). Det er dyrt å være fattig, og slik vil det vel alltid bli. Når du må leve omtrent dag for dag så har du ikkje pengar å investere i ting som kan spare deg for pengar seinare. Enten det er å ha pengar til å kunne fylle frysaren med frysevarer når det er tilbod på frosne fiskepinner, eller det er å cashe ut 20 000 kr for ei varmepumpe som gjer at du på sikt får lavare straumutgifter.
  13. Det er sjølvsagt ei avvegning på kor mykje ekstraarbeid det er. For dei fleste pizza-sjappene som uansett må ha både telefon og internett så er det nok ikkje så stor forskjell på utgiftene ved å ta i mot ei bestilling per telefon eller over internett. Men skal eg dra den lengre så kan vi stille spørsmål for kvifor eg må betale eit pristillegg for å få pizzaen køyrt heim til meg? For meg som ikkje kan/vil hente min eigen pizza så er det jo mykje betre at alle dei andre kundane som ikkje krev å få pizzaen køyrt ut betalar nokre kroner ekstra. I daglegvarebutikkane er eigentleg spørsmålet omvendt, kvifor finner vi oss i å betale fullpris når vi som kunde gjer jobben sjølv? Svaret er vel at det i mange tilfeller er både raskare å enklare å slå inn varene sjølv enn det er å stå i kø for å få ein butikkmedarbeidar til å gjere jobben. Eg trur nok at dette kjem til endre seg, slik at vi i framtida får ulike prisar alt etter kva kasse ein velger, eller at vi får butikkar som spesialiserer seg i automatiserte butikkar med minimal betening slik at prisane i heile butikken kan være lavare. Eg synes at det er rett og rimeleg at kvar enkelt kunde betalar for den tenesten som blir levert. Om eg vil ha fakturaen skrevet med fyllepenn på parfymert brevark så er det både rett og rimeleg at dette er ei tilleggsteneste som eg betalar ekstra for. Det som er galt er når ein får papirfakturaen med faktureringsgebyr utan å ha fått eit reelt valg om å velge vekk papirfakturaen.
  14. Eg forstår dette i prinsippet, men eg forstår ikkje heilt kvifor eit firma skal måtte bake inn kostnaden med å kjøpe konvolutter, printe og poste papirfakturaer inn i prisen til alle kundane som velger å motta digital faktura og dermed sparer disse kostnadene? Det mest nærliggande er vel at den som vil ha "spesialbehandling" og motta fakturaen på ein alternativ måte må bære dei fulle kostnadane for dette når firmaet tilbyr eit fullgodt alternativ som er "gratis", i alle fall utan ekstra kostnad. Jobben med å lage fakturaen blir sjølvsagt lik uavhengig av om det er papir, epost eller brevdue som er forsendingsmetode, så kostnaden med å lage fakturaen må sjølvsagt bakast inn i prisen.
  15. Dette blir vel ei naturalyting som du må fordelsbeskatte av? Firmaet kan stort sett bruke pengane slik firmaet vil, men firmaet kan ikkje-eksisterande ta heile kostnaden for deg.
  16. Det du betalar på billånet er fort nesten halvparten av det ønska bustadlån kjem til å koste. Billånet tærer veldig på beteningsevnen din.
  17. Min Villavent lager så mykje undertrykk at sjølv om ovnen har eigen tilluft så må Villaventen slåast heilt ned før oppfyring, eller så må eg opne eit vindu for å få nok tilluft.
  18. Sikkert avhengig av kontesten, men min forståing er at ei utebod kan du opne døra og gå inn i, medan eit redskapsskap må du stå på utsida av.
  19. SAK10 Det er tilstrekkeleg at bygget blir tilrettelagt for anna bruk for at det krevs løyve.
  20. Overskotsenergi er svært sjeldan, i praksis får ein berre overskotsenergi frå sol og vind, og berre dersom det er bygd ut i ein størrelsesorden som normalt gir nok energi også været ikkje er optimalt. Andre energikilder som vasskraft kan ha overskotsenergi, men då er det alltid meir effektivt å lagre energien som vatn i demninga som ein kan bruke seinare. Eit anna bruksområde for hydrogen er til områder der det er svært vanskeleg å produsere straum slik at straumen må importerast, og der kraftledningar ikkje er eit godt alternativ. Sett opp mot at hydrogen også er vanskeleg å handtere, så er ikkje hydrogen ei klimaløysing. Men det kan være veldig lukrativt om vi i Norge kan bruke vår miljøvenlege vasskraft til å produsere hydrogen som vi kan selge til utlandet, også land vi ikkje har kraftkablar til. Då vil markedskreftene rå slik at kraftselskapa kan selge mykje energi når vassmagasina er fulle, så kan vi innbyggarane kjøpe straumen tilbake til høge prisar etterpå.
  21. Dei tilsette jobbar kjem ikkje til å jobbe 67%, det er pasientane som berre får 67% av tenestene dei fekk før. Det er akkurat som om du jobbar på kontor og skal skrive 15 epostar om dagen, så neste dag får du beskjed om at du må sende 25. Du blir nok ikkje 67% meir effektiv, men i staden for å sende 15 gode epostar så sender du 25 dårlige (eller du fortsetter å sender 15 gode epostar og gir totalt faen i dei resterande 10).
  22. Det var nok derfor han vart banka opp av denne politimannen, eit slag for kvar våpendel han kom til å printe ut i framtida. Dette er utvilsomt ein fyr som har valgt å ikkje være lovlydig, men lova skal være lik for alle. I møtet med politiet så skal ein ikkje være nødt til å tåle unødig voldsbruk sjølv om ein er tidlegare eller potensiell framtidig kriminell. Dette blir som argumentet med at Simonsen fortjente juling fordi han hadde batong i lomma sjølv om det var ingen som viste om det før han vart kasta i bakken og slått. Ja dette er ikkje mors beste barn, men vi kan ikkje ha eit synsk politi som sjølv deler ut straff basert på kva dei trur vedkommande vil gjere i framtida.
  23. Temaet er sjølvsagt lov å diskutere. Etter råd frå profesjonelle så vil likevel tråder som fokuserer på sjølvskading bli stengt, då ein ikkje ynskjer at forumet skal være ein trigger for destruktivitet. I tillegg er det sjølvsagt ikkje lov å oppfordre til straffbare handlingar. Men ein god diskusjon om temaet som er eigna til å skape forståing og kanskje også hjelp er alltid velkomment.
  24. Det finnes ein mellomting. Med mindre ein er heilt usedvanleg ung og pen så er det ikkje det mest tiltrekkande å være 100% naturleg med uvaska hår og avtrykk etter puta i ansiktet. Men det er heller ikkje særleg tiltrekkande å sjå ut som ei plastikk-dukke. Kva som er attraktivt heng veldig saman med det å ha gode gener, så ofte når ein pynter seg så er målet å framstå som at ein har betre gener enn kva ein eigentleg har. BHen skjuler at puppane ikkje naturleg små og sprettne, det farga håret symboliserer fruktbarheit, sminken skjuler at ein har urein hud og framhever augene og leppene, osv. Barbering må til fordi det er er penast å berre ha hår på dei rette plassane. For enkelte bikker det over til det som er unaturleg, og særleg innan pornografi så har det tatt heilt overhand og gått langt inn i det som blir fetisjer der ein dyrker unaturleg utsjåande. Dei fleste kvinner finn heller ikkje ein typisk bodybuilder kropp med store musklar og olja kropp spesielt pent, men ein kan likevel ha ei seksuell tiltrekking av det supermaskuline mes store musklar. Det er nok litt same mekanismane hos menn også, kvinnelege pornostjerner dyrker det superfemimine sjølv om dette er ein utsjåande som dei fleste menn ikkje ville funnet attraktiv som partner. Det er eigentleg same mekanismane når menn pynter seg sjølv om menn bruker andre "triks" for å framstå attraktiv og med gode gener. Ein steller håret, trimmer sjegget slik at ansiktet ser meir symetrisk og definert ut, ein drar inn magen, strammer opp ryggen, barberer ryggen, osv. Enkelte menn tek det enda lenge og bruker sjølvbruningskrem, sminker augene, og liknande, men for mange kvinner så blir det då for mykje sidan det på eit eller anna tidspunkt bikker over slik at dei maskuline trekka forsvinn bak all pynten. Det er eigentleg ikkje så stor forskjell på menn og kvinner, ein har berre ulik tilnærming, og ettersom ein ikkje klarer heilt å forstå kva det andre kjønnet finn attraktivt så blir ein litt farga av kva ein sjølv finn attraktivt.
  25. Holet på CVen får du eigentleg likevel, dei aller fleste ser berre raskt over tidslinja for arbeidsforhold og formell skulegang. Det som står på CVen under kurs forsvinner litt, også fordi det ofte berre står dato for når du var ferdig med kurset, og det å sette opp dato for når du starta og når du blei ferdig vil framstå som uærleg om det ikkje var eit fulltidskurs. Så eg tenker at du heller kan skrive litt i søknaden om kva du brukar tida utanom å være jobbsøkar. Også fordi når du har så mykje utdanning frå før, og du i tillegg tek relativt tunge kurs så kan det i seg sjølv framstå negativt. Det burde ikkje telle negativt, men med så mykje på CVen som du aldri får jobba med så vil ein fort få inntrykk av at du ikkje klarer å slå deg til ro med eit fagfelt. For ein potensiell arbeidsgivar så vil frykta være at du kjem til å bytte jobb igjen så fort du får ein jobb. Det er nok lite i CVen din som skriker stabilitet. Derfor bør du heller legge vekt i å skrive ein god søknadstekst der du forklarar kva som er bakgrunnen for at du har prøvd så mange utdanningar og kva som er intensjonen.
×
×
  • Opprett ny...