The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Ikkje ueinig, men eg trur det er urealistisk å få politisk fleirtal for å legalisere rusmiddel av høg kvalitet. For å få politisk fleirtal må ein nok gå musestega ved å fyrst tillate lettøl før ein kan tørre å foreslå salg av sprit for å ta den samanlikninga. Akkurat for cannabis så er ikkje forurensa stoff så veldig stor problemstilling, men for ein del andre rusmiddel så trur eg nok det kan være eit market for å kjøpe legal narkotika av svak styrke av kjent kvalitet, framfor å kjøpe illegale rusmiddel av ukjent kvalitet. For å ta den litt enkle samanlikninga så er det i dag relativt lite heimebrent i omløp ettersom tilgangen på høgkvalitets polsprit har blitt så god. Dette til tross for at spriten på polet både er dyrare og svakare enn heimebrenten. -
Det som eg synes er litt problematisk er at sjølv om ein har innsynsrett i offentlege dokument, så er det som du er inne på nesten berre lokalavisene som har kapasitet til å sette seg inn i dokumenta. I seg sjølv er det positivt at media kan sette seg inn i saker og vidareformidle ein kortfatta versjon til innbyggarane, problemet er kanskje helst at også lokalavisene har blitt tabloide for å kunne selge aviser, og då har journalistikken ein tendens til å vinkle sakene på ein slik måte at ein får mest mogleg engasjement og ikkje nødvendigvis for å få fram eit balansert bilde av saka. På dette området så synes eg at offentlegheitslova er verken fugl eller fisk. Mykje av dokumenta som blir lagt ut ligg ikkje opent tilgjengeleg, det ein får er overskrifta og moglegheit til å be om innsyn. Dette gjer terskelen for å faltisk lese dokumentet blir langt høgare enn det burde være. På den andre sida så blir det lagt ut mykje på postlistene som ikkje hadde trengt å være offentleg som søkarlister, søknad om kommunal bustad, søknad om å bytte skule, og liknande saker som ikkje burde være av offentleg interesse. (Ikkje forstår eg heilt kvifor lokalavisene absolutt skal liste opp kven som er søkarar til ledige stillingar når dei verken følger opp med å offentleggjere kven som fekk jobben, og at ofte så er dei mest interessante søkarane uansett blitt unntatt offentlegheit. Det burde ikkje være så interessant å sjå ei liste over alle ukvalifiserte søkarane som heilt sikkert ikkje får jobben uansett).
-
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
For Thailand sin del så starta vedtok dei i 2018 å gjere cannabis til eit legemiddel som ein kunne kjøpe med resept frå lege. Det er vel for så vidt ei legalisering, men det er legalisert til dømes morfin i Norge. Du får kjøpt det på apoteket om du har legeresept, men det er ikkje fritt tilgjengeleg. Fyrst i 2022 fekk dei legalisering, men då berre for såkalla industriell hamp med lavt innhald av THC. No rapporteres det at Thailand snur, og at cannabis igjen blir ulovleg frå 1 januar 2025. Riktignok blir det fortsatt lovleg til medisinsk bruk, samt at dei som dyrker til medisinsk bruk kan søke om løyve til å dyrke. Eg trur likevel at poenget står seg. Det vil være fint mogleg med ei legalisering utan at det går over styr, det er berre eit spørsmål om å finne dei rette reguleringane. Det går fint ann å legalisere utan at det blir fri flyt, det som nok er vanskeleg er å finne ut korleis ei regulering skal foregå. Ein kan gjere som med alkohol å innføre aldersgrense og tidsavgrensing for når ein får kjøpe, men ein kan også regulere med å berre tillate at ein til ei kvar tid berre kan besitte x gram, at det ikkje blir lov å røyke nokon anna stad enn tilrettelagte uteplassar, eller kanskje til og med ved å innføre kvoter på kor ofte og kor mykje ein går kjøpe. Her er eg heilt sikker på at ein kan finne reguleringar som treff ein passeleg balanse mellom å skjerme barn og unge og samtidig tillate at voksne kan røyke rekreasjonelt.- 892 svar
-
- 2
-
Norske banker som er grei med Bitcoin?
The Avatar svarte på Phantom Software sitt emne i Privatøkonomi
Bankane har ikkje problem med crypto i seg sjølv, det dei har problem med er å sikre at dei ikkje blir delaktig i kvitvasking ettersom banken er lovpålagt å hindre dette. Problemet for deg som kunde er at det er tungvindt å skulle dokumentere at du berre har kjøpt krypto med pengar frå lovleg inntekt, du må dokumentere at pengane har gått via ein kryptobørs som rapporterer til Norge, og du må dokumentere at du skattar av formuen som du har i crypto. Dette er einaste måten norske bankar kan sikre at dei ikkje hjelper deg med kvitvasking av illegal inntekt eller bruker crypto for å skjule verdiar frå norske skattemyndigheter. -
På høy tid å legalisere cannabis ?
The Avatar svarte på skaftetryne32 sitt emne i Politikk og samfunn
Eg kan sjå begge sider av saka. Å være ruspåvirka er ein skala. Promillegrensa på 0,2 er i praksis ei null-grense med ein liten sikkerheitsmargin, sjølv med den gamle grensa på 0,5 så er ein ikkje å rekna som rusa på alkohol, men ein er alkoholpåvirka. Sånn sett gir det meining at små spor av THC blir vurdert likt som med små spor av alkohol. Når det gjeld dette med at ein mister sertifikatet på bakgrunn av manglande edruelegheit sjølv om ein ikkje er rusa, så er eg heilt einig i at det virker inkonsekvent. Det er greit nok at førarkort er eit gode og ikkje ei rettigheit, men om ein skal straffe dei som bryt samfunnets normer ved å bruke ulovlege rusmiddel så burde ein også behandle andre lovbrytarar på same måten. Kvifor skal ikkje ein som innimellom røyker cannabis få ha førarkort på grunn av manglande edruelegheit og vandel, medan ein som har undratt seg skatt eller er dømt for vold skal få fortsette å køyre bil? Aggressive bilførarar kan potensielt utgjer ei vel så stor fare som bilførarar som innimellom ruser seg. Når ein tek førarkortet frå dei som innimellom ruser seg for å være sikker på at dei ikkje kan både ruse seg og køyre bil, så burde vel også folk som er hissige miste førarkortet i tilfelle dei skulle finne på å sette seg i bilen medan dei er sinte? For meg virker det å være heilt samanliknbare situasjonar. -
Ja einig med dei andre. Slik som setninga er formulert så avsluttes tilbakemeldinga med å stadfeste at det ikkje var (fagleg) grunnlag for å sende ambulanse på dine anrop til AMK. Trådstarter har likevel fått full støtte i at oppførselen til operatøren ikkje var slik som den skulle være. Med dette er det nok meint at sjølv om det ikkje var grunnlag til å sende ambulanse til deg, så skulle du fått ei langt meir sakleg forklaring på kvifor AMK ikkje ville sende ambulanse. Den grunnen kan være alt frå at trådstarters helsesituasjon ikkje var ein nødsituasjon (og skulle vært tatt med legevakt eller fastlege), men det kan også være at trådstartar hadde ein nødsituasjon men at på grunn av avgrensa med tilgjengelege ambulansar så vart det prioritert å bruke ambulansene til andre nødsituasjonar som krevde høgare prioritet.
-
Ja det har vi, men som du påpeiker så har vi ikkje ein absolutt ytringsfriheit. Det er masse ting som du ikkje kan ytre utan å risikere straffeansvar, herunder ting som er underlagt tausheitsplikt enten gjennom avtale eller via lovpålegg som forbod mot hatefulle ytringar, osv. Kva slags samfunn ein ynskjer blir sjølvsagt ein politisk debatt der ein på den eine sida må vekte samfunnsnytten av at folk får ytre seg fritt og på den andre sida ulempen som ein må tole om alle får ytre seg heilt utan konsekvensar. Eg for min del lever fint med at alle aller meste av saklege ytringar er beskytta av ytringsfriheita, til og med ting som du har skrevet under tausheitsplikt på kan være straffefritt å ytre om dersom det er snakk om forhold som er så alvorlege at du får status og beskyttelse som varslar. Ein heilt absolutt ytringsfriheit betyr i praksis eit samfunn der ingenting anna enn dine eigne tankar er private. Ein absolutt ytringsfriheit vil gi legen din rom for å selge dine helseopplysningar, det vil være lov å oppfordre/påvirke ustabile personar til å drepe andre mennesker (det vil då til og med være beskytta av ytringsfriheita og gi detaljerte instruksar om korleis ein skal drepe). Det vil med ein absolutt ytringsfrigheit i praksis bli både lovleg og oppfordra til å drive spionvirksomheit mot bedrifter og statar, osv. Det er mange gode grunnar for at det bør være nokon avgrensingar for kva ein kan ytre seg om.
- 14 svar
-
- 5
-
Siste avdrag for vindusutskifting: Kan det utsettes til etter befaring?
The Avatar svarte på Ry8icks sitt emne i Juss
Eg reknar med at alle innboforsikringar har vilkåret om at forsikringa berre dekker plutselege og uforutsatte skader. Riving og liknande som skjer i samanheng med arbeid er ikkje ei slik plutseleg og uforutsatt hending, men det kan være det dersom handtverkarane med eit uhell skulle skade radiatorkassen, til dømes ved å miste ned vinduaget under montering slik at radiatorkassa blir skada. Men i eit slikt tilfelle så vil det være handtverkarane som må bruke sin forsikring for å dekke skaden. Fordelen med å være ein av dei siste som får montert nye vindu er at handtverkarane kanskje har fått seg noko erfaring frå andre leilegheiter på korleis arbeidet kan utførast utan at radiatorkassene blir øydelagt. -
Kan utleier kreve nytt dusj kabinett,jeg var ute for en ulykke på badet.
The Avatar svarte på Willyse sitt emne i Juss
Det kjem litt ann på kva som er avtalt (eventuelt kva du blir einig om). Men det klare utgangspunktet etter huseligelova § 10-2, 2.ledd er at "Er ikke annet avtalt, skal husrommet med tilbehør være ryddet, rengjort og i samme stand som ved overtakelsen, bortsett fra den forringelse som skyldes alminnelig slit og elde, og de mangler som utleieren selv plikter å utbedre." Du treng dermed ikkje å stille med nytt dusjkabinett før utflytting, men om det oppstår vasskader på grunn av at du dusjer utan eller med defekt dusjkabinett så kan det utløyse ytterlegare erstatningskrav. Utleigar må rekne med vanleg slitasje, men har rett til å få ta over eit husrom som er i same stand. Det betyr enkelt å greit at ein husrom som vart leigd ut med dusjkabinett må tilbakeleverast med dusjkabinett. Reint praktisk bør du ta ein prat med huseigar. For det fyrste kan du være heldig at huseigar vil ta på seg kostnaden sjølv for å ha kontroll på kva slags dusjkabinett som blir satt inn, og for det andre så kan det oppstå ueinigheiter om det dusjkabinettet som du skaffar tak i er "i samme stand" som det gamle.- 3 svar
-
- 1
-
I all enkeltheit så har to to alternativ. Enten så må du ta studiepoenga ved andre utdanningsinstitusjonar og be USN om å godkjenne studiepoenga som grunnlag for å gi deg bachelorgraden. Om du går denne vegen så bør du gjere ein avtale om USN slik at du veit kva USN vil akseptere før du tek andre fag. Den andre vegen å gå er å ta kontakt med ein anna utdanningsinstitusjon for å få bachelorgraden gjennom den skulen, då må du få den nye skulen til å godkjenne faga og bachelorgraden frå USN. Kor lett eller vanskeleg det er å finne ei ordning kjem mellom anna ann på kva eksakt du mangler. Om du berre treng 23 reine studiepoeng så bør det være ein smal sak å få USN til å godkjenne studiepoeng innan eit par valgfag frå ein anna skule. Litt verre er det dersom du manglar studiepoeng i fagspesifikke emner. Innafor fagspesifikke emner så må oppfylle fagplanen til USN og du får ikkje godkjent studiepoeng som du har dobbelt opp ved at det også var tema i andre fag som du har tatt ved USN.
-
At sjølve kontrakten ikkje er gyldig før begge partar har signert er for så vidt sant, men trådstarter har uansett ein gyldig avtale. Ikkje berre er det ein munnleg avtale (som er like gyldig som skriftelege avtalar), men trådstarter har også avtaleteksta som arbeidsgivar har utarbeida og som såles er eit bindande tilbod. Vanlegvis vil arbeidsavtalen være signert av arbeidsgivar når den blir sendt ut slik at det arbeidstakaren skal gjere er å sette siste signaturen på kontrakten og returnere ein kopi. I dette konkrete tilfellet er nok avtalen ikkje ferdig signert fordi den siste detaljen som var oppstartsdato ikkje var endeleg bestemt. Så formelt sett så blir det mest rett at trådstarter setter inn oppstartsdato og signerer, og at arbeidsgivar signerer til slutt for å stadfeste at også oppstartsdatoen er akseptabel. Etter Arbeidsmiljøloven skal skriftleg arbeidsavtale føreligge snarast mogleg og ikkje seinare enn ein månad etter at arbeidet har starta, så også lovverket legg opp til at dersom dette er snakk om eit varig arbeidsmforhold så treng det ikkje å føreligge ein skriftleg arbeidsavtale før etter at ein har starta i jobben, sjølv om hovudregelen er at arbeidsavtalen skal være skriftleggjort så tidleg som mogleg.
- 3 svar
-
- 2
-
Forslaget om 6 timers dag er eit effektiviseringstiltak der ein meiner at i enkelte bransjar så er 6 timars samanhengande jobbing utan matpause meir effektivt enn 8 timar med matpause og andre avbrekk. Når det gjeld retten til å ha nokre gode år som pensjonist, så er det eit gode som baby boomerane har fått nyte på grunn av stor verdiskapning frå blant anna oljen. Ei slik ordning er ikkje særleg bærekraftig, særleg når levealderen går opp. For dei som i tillegg har tatt høgare utdanning så er det enda mindre bærekraftig ettersom dei brukar lang tid før dei får skattbar inntekt, men til alt overmål er det også denne gruppa som statisk sett lever lengst. Ein kan sjølvsagt kompansere for dette gjennom differensiering av ulike yrker, men det er i praksisen å innføre ny særaldersgrense.
-
No øydelegg eg litt huskeregelen, men for eit nøyaktig svar så er den raske reknemåten å dele på 3,6 (fordi det er 3600 sekund i ein time). Din huskeregel er veldig fin om du skal ta omrekninga som hovudrekning for å få ei ca forståing for kva fart ein snakkar om, men om du sitt på teorieksamenen og har kalkulatoren på skjermen likevel så kan ein like greit koste på seg to ekstra tastetrykk og få det nøyaktige svaret. Om ein klarer å huske at ein ganger eller deler på 3,6 for å rekne om frå den eine måleeininga til den andre så slepp ein også å drive å bruke tid på mellomrekninga som kan være litt knotete på teoriprøva ettersom du ikkje har tilgang til nokon stad å skrive ned mellomrekninga.
- 24 svar
-
- 2
-
Arbeidspsykologiske tester i forbindelse med jobbintervju?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Mitt poeng er at eg er heilt sikker på at det vil slå uheldig ut for deg om du berre møter opp på intervjuet og startar med å fortelle at du ikkje har gjort "leksa" du vart satt til. Det ser dårleg ut uansett, fordi det kan både forståast som ein protest frå deg, men også som ein karakteristikk av at du er lat eller for ustrukturert til å få ting gjort. Om du derimot varslar på førehand at du ikkje kjem til å ta testen så gir du arbeidsgivar ein moglegheit til å justere sin tilsettingsstrategi, ikkje berre ovanfor deg men også ovanfor dei andre kandidatane slik at alle kan vurderast på eit så likt grunnlag som mogleg. Om du er den einaste som ikkje tek testen så vil du uansett kome langt bakover i priorteringsrekka rett og slett fordi at arbeidsgivar har mykje større datagrunnlag for å vurdere dei andre kandidatane.- 41 svar
-
- 2
-
Arbeidspsykologiske tester i forbindelse med jobbintervju?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Tenker det er vekkasta tid for din del, om du skal gjere ein liten protest så bør du berre sende ein epost der du seier at du ikkje kjem til å ta testen, og at ber om å få beskjed om det fortsatt er ynskjeleg å møte til intervju. -
Du får tilgang på kalkulator for å rekne om frå km/t til m/s så du må kunne omrekninga. Vanlegvis så er det så stor avstand mellom svara at du kjem langt om du husker at 80 km/t er 22,2 m/s, og at 40 km/t då er 11,1 m/s.
-
Du skal få opp ein enkel kalkulator på skjermen dersom du får rekne oppgåver. Er ganske sikker på at du får kalkulatoren på alle rekneoppgåver sjølv dei super enkle oppgåvene. Kalkulatoren er naturleg nok ikkje tilgjengeleg på dei andre spørsmåla.
-
Siste avdrag for vindusutskifting: Kan det utsettes til etter befaring?
The Avatar svarte på Ry8icks sitt emne i Juss
Disse 200 000 kronene som trådstarter skal betale er ikkje betaling for trådstarters 6 vanlege vindu, 1 dobbeltvindu og 1 balkongdør isolert sett. Betalinga er trådstarters del av sameigets utgifter utrekna etter eigarbrøk. Om dette er dyrt eller ikkje kjem heilt ann på totalbildet, kanskje har trådstarter ein spesielt stor leilegheit og blir sittande med ein større andel av rekninga utifrå arealet i leilegheita, kanskje er det mange hjørneleilegheiter som har langt fleire vindu enn trådstarter har, kanskje er det spesielt utfordrande å få innvendig tilgang til enkelte av leilegheitene, kanskje det er ekstra krevande å få heist opp vindua til enkelte leilegheiter, osv. -
Russland har gjort det same ved å angripe Ukraina som scorer høgare på menneskerettigheiter enn Russland. Det er uansett heilt irrelevant kva dei andre landa i ei forsvarsallianse gjer, poenget er å ha kollektiv beskyttelse frå angriparar.
-
Som er heile poenget med å melde seg inn i ei forsvarsallianse. NATO utgjer ingen militær trussel for andre land, med mindre det andre landet vil erklære krig. Det er dette som er formålet med ei forsvarsallianse, og som er til forskjell frå andre militære alliansar. Det sagt så vil enkeltland i alliansen kunne gå til krig mot eit anna land, men må då gjere det utan støtte frå NATO som ikkje har forpliktingar ovanfor eit land som ikkje har blitt angrepet.
- 35 svar
-
- 1
-
Er litt usikker på korleis eit NATO utan USA vil befinne seg styrkemessig, men ein rein Europeisk forsvarsallianse vil utvilsomt være sterke nok til å være avskrekkande. Det som vil være ulempane til eit NATO utan USA er som påpeikt at noko av stordriftfordelane vil forsvinne ved at det er mange relativt små land som styrer relativt små einingar, så noko meir administrative fordelar vil ein ha. Ein anna svær ulempe om USA trekker seg ut er at vi ikkje lenger har fordelen av å ha sterk militær slagkraft fordelt på to kontinent. Sjølv om vi fortsatt vil ha Canada så vil vi få veldig avgrensa militær dominans i nordamerika. Fordelen i dag når vi har ca 50/50 av den militære slagkrafta fordelt på to kontinent er at det vil være vanskeleg for ein angripar å angripe to flankar samtidig. Det at vi har NATO fordelt over to kontinent er sjølvsagt ikkje berre ein fordel, den markante ulempen er at det tek tid å transportere folk og materiell over Atlanterhavet. Det som kanskje er største trusselen for NATO om USA skulle trekke seg ut er at det kan bli uro i organisasjonen. Slik som det er i dag så vil det for blant anna Norge være ei tryggheit at vi har heile USA i ryggen om noko skulle skje, men om vi skal stole på at vi får hjelp frå både Sverige, Finland, Tyskland, Storbritania og Polen så er det litt meir utrygt ettersom det da er fleire regjeringar som potensielt kan seie nei til å oppfylle sine forpliktingar. Det er derfor mulig at vi kan få ein dominoeffekt der mange NATO land ser seg om etter andre allierte dersom USA skulle trekke seg ut, og at ein NATO utan USA blir svekka av den grunn. Den andre trusselen dersom USA trekker seg ut er at terskelen for å gå til krig for å forsvare eit medlemsland blir litt større om den militære slagkrafta i alliansen blir halvert. Dersom tildømes Finland skulle bli invadert av Russland så vil vi i Norge måtte pårekne større tap, øydeleggingar og lidingar om vi går til krig med "berre" resten av Europa i ryggen, kontra om vi går til krig med støtte frå både Europa og USA. Jo større og sterkare ein er, jo lettare er det å være tøff nok til å stå opp imot bøller. Denne frykta for å lide eigne tap kan føre til at ikkje alle landa i alliansen er villige til å oppfylle sine forpliktingar om å ansjå eit angrep på eit medlemsland som eit angrep på oss alle. Så fort vi får fyrste landet som svikter alliansen så vil resten av NATO rakne ganske fort. Det var dette som var gjorde at Russland turte å true med atomvåpen og storkrig om NATO fortsatte å støtte Ukraina. Håpet til Putin var at NATO-medlemmane skulle feige ut og la Russland ta Ukraina for å ikkje risikere å sjølv havne i krig. Hadde nokre av medlemslanda valgt å ikkje støtte Ukraina med bistand så er det reell fare for at NATO kunne blitt oppløyst, for kan vi stole på at eit medlemsland som ikkje ein gong er villig til å ofre litt overskotsvåpen for ei god sak er villige til å ofre både soldatar og materiell om eit anna medlemsland skulle kome under angrep? NATOs største fiende er mistillit mellom medlemslanda. Strengt tatt så trur eg NATO er meir tent med at USA trekker seg ut frå alliansen, enn dersom USA får ein president som sår tvil om USA vil kome til unsetning ovanfor medlemsland som ikkje har brukt nok pengar på forsvaret sitt. For det betyr at våre fiender får frie tøylar til å hakke på dei svakaste fyrst. Om ein anna nasjon kan gå til krig mot eit NATO land utan at NATO-alliansen kjem til unsetting fordi det aktuelle NATO landet berre brukte 1,9% av BNP det året, så vil ein mest truleg kunne ustraffa angripe det nest svakaste landet neste år, osv.
- 35 svar
-
- 2
-
Synes det er tynn suppe å skulle relatere eit gjennomsnittleg sjukefråvær på 20 dagar i året på korona. For sjølv om ein legg til grunn artikkelens påstand om at gjennomsnittspersonen får covid 1 til 2 gongar i året, og i tillegg legg til grunn at helsa blir varig svekka av covid, så er det jo vel eit snitt på 20 dagar langt større enn kva som kan forklarast med covid? Sjølv om vi antek at tyskerane kalkulerer sjukefråvær slik som i Norge der ein tell med alle dagar og ikkje berre dagane ein skulle jobba så er jo 20 dagar ekstremt mykje sjølv om ein får corona to gongar i året. I beste fall så vil korona være berre ein liten del av forklaringa. Den meir reelle forklaringa er ved at sjukefråværet går opp jo betre levestandard og forventningar folket har. Dette handlar ikkje om at "alle andre" misbruker velferdsstaten, det handlar meir om at når ein har gode og trygge rammer for sjukefråvær så kan ein liksågodt halde seg heime eit par dagar ekstra for sikkerheitsskuld, og om alle gjer det så blir det ganske mange dagar til saman. Nå kjenner eg ikkje tyske forhold særleg godt, men om det er slik som i Norge så har nok dei også eit system som regelrett premierer legar som skriver ut mange sjukemeldingar. I Norge får fastlegane delar av lønna utfriå kor mange pasientar dei har på lista, dermed er det direkte lønnsomt å ha flest mogleg pasientar, og aller helst friske pasientar i yrkesaktiv alder som ikkje drar så ofte til legen. Mange pasientar er også veldig kravstore så om ein får ein fastlege som tørr å seie nei til sjukemelding så byttar dei fastlege til dei får ein lege sjukemelder over ein lav sko.
- 43 svar
-
- 1
-
Strengt tatt er nok dagleg dusj/bad også for mykje i forhold til kva som er "sunt" men det er jo ein gong slik at dette er dette som har blitt samfunnsnormen. Ville også kombinere at angåande deodorant så er dei luktfrie deodorantane strengt tatt dei beste. For det fyrste er du sikker på at dei fungerer ved å fjerne svettelukt og ikkje berre ved å kamuflere med sterk parfymelukt. Og i tillegg så gir det den bonusen at du kan velge akkurat det du vil frå parfymeutvalget utan å ha problem med at parfymen kolliderer med lukta av deodoranten.
- 37 svar
-
- 6
-
Eg velger å sjå på dette som ein alternativ måte å streike på. Særleg for sjukepleiarane så har dei i praksis ikkje streikerett ettersom regjeringa går inn med tungen lønnsnemnd så og seie umiddelbart med påstand om at det er fare for liv og helse om sjukepleiarane ikkje møter på jobb. Når til og med lærarane blir tungne tilbake på jobb gjennom tvungen lønnsnemnd fordi regjeringa meiner at det er fare for elevane sin psykisk helse om dei ikkje får gå på skule (som om at det er lærarane som har ansvaret for å gi ungdommane tilgang til stadar der dei kan henge med vennar), så vil det openbart ikkje være mogleg å streike på eit sjukehus. Elles er eg ikkje einig i trådstarters utspel om at dette er eit symptom på "forskjells-norge", at dei som tek ein personleg risiko med å seie frå seg ein trygg jobb med god pensjonsordning får igjen for denne risikoen gjennom betre betaling for arbeidet dei utfører i dag er vel heilt innafor? Eg meiner at i prinsippet så er dette det same som har levd i fleire år utan inntekt fordi dei har studert på universitet sjølvsagt bør få igjen for dette i form av høgare lønn. Tilsvarande for eksempelet med å etablere seg på leige- eller aksjemarkedet i 1960. Dei som tente seg rike på dette tok også ein stor risiko. Det er lett i dag å sjå at dei som valgte å binde opp sparepengane sine i utleigebustadar gjorde ei god investering, men det er basert på det vi veit i dag. Alle dei som gjorde dårlege investeringar har blitt gløymt i dag. Det var heilt sikkert folk som investerte alt dei eigde i gode arbeidshestar også fordi dei rekna med at få bønder ville ha råd til å kjøpe traktor, for så å tape omtrent alt når traktoren vart allemannseige, men vi har nok gløymt dei som tok risiko og tapte.
- 14 svar
-
- 4
-
Det spørs nok om ikkje parfyme kan bli handtert slik som med røyking, der det er generelt forbod innendørs og rett utanfor inngangar. Det som er vanskeleg er sjølvsagt at det ikkje er sjølve påføringa som er problemet, litt på same måte som at ein røykar fortsatt stinker røyk når han/ho har vært ute for å røyke. Det vil i praksis også være umogleg å skulle sette ei grense for kva som er for mykje parfyme, som fleire har påpeikt så vil det for dei fleste være vanskeleg å unngå parfyme 100% ettersom det er så mange produkt som er tilsatt parfyme. Dette er nok kjerna i problemet, folk flest venner seg til "si eiga lukt" og ein brukar berre meir og meir. I tillegg til ungdommar som ikkje veit betre og som overdriver parfymebruken, men dei kjenner stort sett at det luktar mykje parfyme. Det er verre med godt voksne damer som har vent seg til si eiga parfymelukt i mange mange år og som i tillegg har fått redusert luktesans i løpet av åra. Ikkje berre brukar dei mykje parfyme, men dei brukar også ofte litt "søtlige" parfyme som er ekstra mykje lukt i. Alt i alt så skjønner eg absolutt problemet, men eg ser eigentleg ingen realistisk løysing utanom ei samfunnsendring som også utfordrar skjønnhetsidealet rundt kva ein bør lukte. For saken er jo at parfyme fungerer det når målet er å pyte seg og få oppmerksomheit. Det gjer eit eller anna med inntrykket vi får når vi nærmar oss ein person som luktar godt, og som luktar berre betre og betre jo nærmare vi er. Og i motsetting til kle og sminke så er lukt (ikkje nødvendigvis parfyme) noko som gjer at vi snur oss etter lukta sjølv om vi enda ikkje har sett personen som lukta kjem frå. Vi har komt ganske langt med å ha tilgang på gode allergivenlege og parfymefri produkt, men eg trur nok det er urealistisk å tru at vi skal få absolutt alle til å gå over til parfymefri produkt. Eg er også ganske sikker på dei aller aller fleste som går over til parfymefri produkt ikkje var superbrukarar av parfyme frå før av heller. Dei som i dag brukar mykje parfyme er nok dei siste som går for parfymefri såpe. Så skal vi få til ei varig endring så må vi starte å assosiere lukta av parfyme frå personar og såpe som lukta av noko som er ureint. Altså stikk motsatt effekt av det som i dag er grunnen til at ein brukar parfyme. Såpeprodusentane parfymerer ikkje såpene sine utan grunn, og grunnen er at folk føler seg reinare når det lukter såpe av fingrane etter vask.
- 37 svar
-
- 1