The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Ja eg kan heller ikkje sjå korleis ein realistisk sett kan politisk flytte russefeiringa. Dei einaste måtane eg kan sjå er: Ved å lage forbod som rammar russen særskilt som til dømes tidlegare forslag om å forby raude og blå snekkerbukser, men dette er mildt sagt problematisk å forby i eit demokratisk samfunn. Sjølv om ein berre innfører det som eit klesreglement på offentlege skular så er det problematisk, å det å forby bestemte klesplass i det offentlege rom ser eg på som heilt umogleg. Ei anna løysing er dersom politikarane klarer å einast om å tilby ei offentleg russefeiring etter eksamenane som då må være attraktiv nok til at at russen vil benytte seg av muligheita, og som sikrar at ei slik offentleg russefeiring etter eksamen ikkje kjem i tillegg til den vanlege russefeiringa. Det einaste eg kan tenke meg på ståande fot (utanom gratis øl) er dersom Staten/Fylkeskommunen arrangerer attraktive gratiskonsertar til russen, og at ein finn ein måte å regulere slik at det er berre russ som har droppa den vanlege russefeiringa som får eit slikt tilbod om gratiskonsert. Det som nok er den viktigaste grunnen til at dagens russefeiring foregår før eksamenane er jo at etter eksamen så er skulen stengt. Så då har ikkje elevane lenger det møtepunktet. I tillegg så vil veldig mange av elevane som er ferdige med eksamen flytte relativt fort etterpå. For å få seg hybel den staden ein skal studere så må ein ofte ta over studenthybelen alt i mai/juni, og når ein fyrst har og betalar for ein hybel på ein ny plass så er det ikkje så rart at mange også flyttar inn i løpet av sommaren før studiestart. Så reint praktisk så vil "siste kveld med gjengen" for veldig mange russ være siste ordinære undervisningsveka før eksamenane starter. Når eksamenane startar så er mange heime og les, og dei som ikkje vart trekt ut til eksamen har fri og er ikkje på skulen. Og sjølv om det skulle være politisk vilje til å ha dei vidaregåande skulane opne også etter siste eksamen slik at elevane har ein stad å samlast, så er spørsmålet kva er det ein kan tilby elevane å gjere på skulen i slutten av mai / starten av juni som dei gidder å møte opp på framfor å ta sommareferie etter at siste eksamen er avlagt og undervisninga er over? Dei konkrete tiltaka som i følge VG artikkelen ligg føre er: Flytte russeferinga til etter eksamen -> Kan ikkje gjennomførast så lenge russefeiring er eit privat anliggande som skulen ikkje vil ta del i. Utvikle nasjonal strategi og handlingsplan for inkluderande russefeiring -> Rein skrivebordsøving, vil i beste fall føre til at skulen arrangere ein alkoholfri "graduation-day" sermoni for alle, som enten kjem i tillegg til den private russefeiringa eller som ikkje alle gidd å delta på. Forbod mot sidevente seter utanom rutetrafikk -> Kan gjennomførast, men problematisk med tanke på likebehandling at ein skal akseptere lågare trafikksikkerheit i kollektivtransporten enn i private køyretøy. Eg kan heller ikkje sjå at forslaget påvirker russefeiringa utover at russen må ha anna innredning i bussane, kan til og med føre til forventning om at russen skal ha to bussar. Ein festbuss med dansegolv til bruk når den er parkert, og ein buss til med vanlege busseter for russen å køyre etter festbussen med. Forby ståplassar utanom rutetrafikk -> Igjen same, vanskeleg å skulle ha unntak for privatpersonar. Sjølve forslaget er i bunn og grunn fornuftig. For det er jo noko rart at hovuderegelen er at alle skal bruke bilbelte i trafikken, men med unntak for kollektivtransport der det blir dyrt og ha nok bussar med nok sitteplassar med belte til å ta unna transportbehovet. Skjerpa tilsyn mot den kommersielle russeindustrien -> Dette er strengt tatt urimeleg forskjellsbehandling av eit bestemt markedssegment. Men om det er snakk om meir ressursar til å føre tilsyn med kommersielle aktørar inkludert russeindustrien så er det noko heilt anna. Tilsyn for å syte for at alle som driv næring følgjer lover og reglar er veldig fornuftig, men ikkje om det berre skal gjelde enkelte typar næringar. Dialog mellom partane -> Kjempefornuftig, men per i dag så mangler det formalisering av kven som representerer russen. Dei fleste russestyrer er ikkje demokratisk valgt blant all russen, det er vanlegvis ei rolle som dei mest populære berre tek på seg. Ein skule kan til og med ha fleire styrer og fleire russepresidenter. Eg kan ikkje sjå at det er mogleg å gjere mykje anna enn å gi russen informasjon og rettleiing til at dei sjølve kan endre kurs. Mitt klare inntrykk er også at det er enormt stor forskjell frå skule til skule. Enkelte skular så drikk 18-19 åringar svært lite alkohol og er opptatt av å gjere det best mogleg på eksamen og vel kanskje å stå heilt utanfor russekulturen. Og på andre skular så har det gått heilt bananas der russefeiringa startar fyrste skuledag og ein brukar enorme summar på russebuss og festar i utlandet. Så fyrste og einaste steget ein kan gjere reint politisk slik som eg ser det er at skulen og då Fylkeskommunen må bruke pengar på å arrangere gode feiringar i regi av skulen, og ikkje berre drive undervisning og gi elevane beskjed om å organisere sosiale aktivitetar på privaten.
-
Egentlig er det vel eit større problem at norske bensinstasjonar i liten grad er designa utifrå ein tanke for organisering av fyllekø. Ein typisk bensinstasjon har ofte fire dobble pumper der ein kan fylle frå begge sider. Slik at maks samtidig fyllekapasitet er 8 bilar samtidig. Men det er sjeldan at det er merka opp eit område for å stille seg i kø, stort sett er det meininga at du skal svinge inn på bensinstasjonsområdet og stoppe ved den pumpa som er ledig. Enda verre er det eigentleg ved ladestasjonar der ei lang kø fort kan bestå av parkerte bilar der føraren har gått ut av bilen. Einaste stadane på bensinstasjonar der eg har sett at det er relativt vanleg å ha vegmerking eller skilting av kø er inn til vaskeautomat, men der er det kanskje litt meir kritisk ettersom mange vaskeautomatar er det slik at nummer to i køa betalar for sin vask før bil nr 1 er ferdig, og dersom nokon snik i køa då så får vedkommande ein "gratis" vask av den typen som nr. 2 hadde betalt for. Så i slike tilfeller så får nok bensinstasjonen ein del pes og må rydde opp gjennom å refundere kunden som betalte for ein vask som nokon andre tok og kreve inn betaling for den som sneik i køa. For sjølve drivstoffyllinga så er det litt enklare ettersom det er ingen som har førehandsbetalt før dei får parkert framfor bensinpumpa.
-
På sykkelsti utan skilta fartsgrense så vil det i utgangspunktet være dei generelle fartsgrensene på 50 eller 80 km/t som gjeld. Men merk at du kan likevel bli stoppa for å være uaktsom, særleg om sykkelvegen også er for gåande så kan sykling fortare enn kanskje 30 km/t bli vurdert som uaktsomt. Skal ein sykle fortare enn dette utan at det er dedikert sykkelsti berre for syklistar så bør ein bruke vegbana. Ja, du får prikker også om brotet på trafikkreglane foregår på sykkel. Nei du får ikkje bot for mobilbruk på sykkel, det forbodet gjeld spesifikt for fører av motorvogn. Men også her kjem aktsomheitsparagrafen inn der du kan bli straffa for farleg oppførsel i trafikken.
- 8 svar
-
- 1
-
Då er det ikkje lenger likheit for lova, ein narkoman kan også gløyme å betale for seg. Saka stiller seg nok litt annaleis dersom denne narkomane også har ein historikk på tjuveri (som kanskje ofte heng litt saman), men at alle andre enn dei som jobbar i politiet skal dømmast for tjuveri utelukkande på at ein legg til grunn at den som går ut av butikken utan å betale utan moglegheit til å bli trudd på at dei gløymte å betale, medan politiet skal få tvilen til gode er ikkje spesielt bra for prinsippet om likheit for lova. Om noko så burde det være straffeskjerpande at uniformert politi ikkje er ekstra påpasselege med å oppføre seg skikkeleg ute i det offentlege rom, enten det er å betale for seg i butikken, ikkje køyre for fort utanom utrykning, eller å ikkje spytte på gata.
- 135 svar
-
- 3
-
Stort sett så er det uproblematisk med elbilar som har ladeport enten i fronten eller bake. Utfordringa kjem ofte på dei elbilane som har ladeporten på sida av bilen sidan ein då kan få utfordringar med at ladekabelen ikkje er lang nok, eller at ein må dobbeltparkere framfor ladestasjonen for å kunne lade. Det eigentlege problemet er likevel at enkelte ladestasjonar ikkje er universelt utforma med kablar som er lange nok til at ein får lada uavhengig av korleis ein parkerer. For det er eigentleg tilsvarande idiotisk at ein som har elbil med ladeport i fronten ikkje kan rygge inn på parkeringsplassen om ein ynskjer å lade. Når det gjeld påfylling av drivstoff så tenker eg at det er relativt uproblematisk. Vanlegvis stiller ein seg berre i den køa som passar best i forhold til kva side ein har påfyllinga. Det er sjeldan det er særleg med kø ved diesel/bensinpumpene uansett, og dei gongane det er det så er det ofte ei pen og ryddig kø fram til fylleområdet slik at den som står fremst i køa heilt fint kan både snu og manøvrere seg bort til den pumpa som passar best. I tillegg brukar fylleslangane å være lange nok til at det går fint å fylle diesel frå "feil side" likevel. Det sagt så er eg einig i at det hadde vært praktisk om dette var standarisert, til f.eks. at fyllepunktet skal være på førarsida. Men grunnen til at det ikkje er det er vel fordi ein slik standarisering kan bli dyrare. Det er heilt sikkert billegare for bilprodusenten å bygge identiske bilar der det er berre er ratt og instrumentpanel som blir flytta på avhengig av om bilen skal selgast i land med høgre eller venstrekøyring. Om drivstoffpåfyllinga også må speilvendast så blir det fort mykje dyrare. Og når ein då fyrst standariserer fylleside for drivstoff, kvifor ikkje ta den enda lengre å standarisere side for påfylling av spylarvæske også?
-
I praksis er veldig vanskeleg å bevise om ein hadde til hensikt å skaffe seg uberettiga vinning, det er derfor ein ofte legg til grunn at den som har passert siste betalingspunkt blir anmeldt for tjuveri fordi ein då vel å setje likeheitsteikn mellom den fysiske handlinga med å gå ut av butikken utan å betale med at ein då truleg hadde intensjon om å skaffe seg vinning. Det som er problematisk i denne saka er at ettersom denne politibetjenten blir trudd på at det var ei forglemmelse og at at beviset for at tjuveriet ikkje var med vilje var at tjuveriet ville kunne få konsekvensar, i dette tilfellet for tilsettingsforholdet i politiet. Ja då har ein opna døra for at nesten alle som nasker kan unskulde seg med at det ikkje var med vilje, og at dei sjølvsagt ikkje hadde ville risikere bot og rulleblad for så liten vinning som 150 kr. For det openbare motargumentet mot at beløpet er lite er vel at 150 kr ikkje nødvendgvis er eit ubetydeleg beløp for ein politibetjent som tjener 353 kr i timen. Ei typisk bot for nasking er vel rundt 3000 kr, så om ein sett størrelsen på bota opp mot verdien av det beløpet ein har blitt tatt for å naske så vil det medføre at den logiske konklusjonen er at ingen ville frivillig risikert mange tusen kroner i bot for å spare seg 100 kr. Samtidig så er vel mykje av grunnen til at bota er såpass høg at ein tenker at bota skal være avskrekkande også for dei gongane ein har naska utan å bli tatt. Alle som har yrke eller verv der tillit er viktig vil frå no av kunne bruke denne beskyldninga for å sleppe straff for nasking. Det er greit nok at politiet har eksplisitt vandelskrav for å kunne utøve sitt yrke, men same argumentet kan jo også brukast av til dømes ein lokalpolitikar som aldri hadde blitt gjenvalgt om det vart kjent at han var ein tjuv, eller røyrleggaren som aldri meir vil få beskjed om at husnøkkelen ligg under blomsterpotta om kunden viste at røyrleggaren var ein tjuv. Det eg savnar i det som er referert frå om i saka er eksakt kva vurderingar som spesialeininga for politisaker la til grunn når dei aviste saka med status om at det ikkje er bevist straffbare forhold. Det var ikkje spesielt utfyllande det som spesialeininga har lagt ut https://www.spesialenheten.no/avgjorelser/anmeldelse-for-mindre-tyveri/ Vurderinga var berre å slå fast at verdien på varene var 154,70 kr, at politibetjenten var uniformert og i teneste, at politibetjenten forlot lokalet utan å betale, og konklusjonen om at politibetjenten ikkje hadde til forsett å skaffe seg vinning og at manglande betaling var ei forglemmelse. Det kan være gode grunnar til at spesialeininga i dette tilfellet kom til at dette reint faktisk var eit hendig uhell og derfor ikkje straffbart, men det vi som innbyggarar tolkar det som er at det som var avgjerande for konklusjonen var at dette dreide seg om ein politibetjent (attpåtil uniformert). Av heilt konkrete opplsyningar som eg gjerne ville hatt opplysningar om for å vurdere betre saklegheita av å henlegge denne saka er: -Når og av kven vart tjuveriet oppdaga? Her er det stor forskjell på om det var politibetjenten som kom uoppfordra tilbake for å gjere opp for seg. Eller vart tjuveriet anmeldt på vanleg måte, og det var fyrst når politibetjenten var tatt at påstanden om at ein gløymte å betale kom fram? -Har politibetjenten gjort opp for seg? Eller har politibetjenten både fått gratis lunsj og sluppet unna bot/straff? -Var det tenestemessige behov som gjorde at politibetjenten forlot butikken utan å betale, som til dømes at ein fekk eit hasteoppdrag? -Kan politibetjenten ha brukt det faktum at vedkommande var uniformert til å snike seg forbi betalingskøa og at det var derfor det ikkje vart betalt for varene? -Er denne politibetjenten fast kunde som gjennom lang historikk har vist seg som ein pliktoppfyllande kunde og at dette har vært medvirkande til at ein har trudd politibetjenten på at vedkommande denne eine gongen gløymte å betale? Eg skal ikkje være så politifientleg at eg tolkar absolutt alt som korrupsjon og vennetenester. For dersom denne politibetjenten hadde fått melding om knivstikking og måtte spurte ut av butikken og slenge seg i bilen så har eg sjølvsagt full forståing for at ein då ikkje tek seg tid til å stå i betalingskø, og at sjølv om ein burde kaste frå seg varene før ein spring ut så kan plutseleg gløme at ein hadde ei vare i neven i det ein sprang. For tilsvarande rom for skjønn ville eg også tillagt ein røyrleggar som i lunsjen får telefon om at no står vasspruten og han må kome umiddelbart å stenge av vatnet for å unngå at det blir store vasskadar. Akutte nødsituasjonar kan skje i dei fleste yrker, sjølv om det ikkje er i alle yrker at nødsituasjonane er direkte livstruande. Men basert på den grunngjevinga som spesialeininga har gitt så ser det ikkje ut til å foreligge slike spesielle omstendigheiter i denne saka, utover at ein har lagt full tiltru til at denne politibetjente berre er for distré til å huske at ein skal gå til kassa for å betale for lunsjen ein har vært inne i butikken å henta seg.
- 135 svar
-
- 1
-
KI scorrer betre på kreativitet på enkelte områder, men det er litt avhengig av kva slags kreativitet ein tester for og korleis ein tester. Særleg når det kjem til tekstgenerering så har KI ein overlegen kreativitet. Og særleg når det gjeld dette med å legge til undertoner i teksta, som å skrive teksta som engasjerande, trist, med ingen ord på meir enn to stavingar, sint, manipiulerande, osv. På meir kunstnerisk kreativitet så kan KI score høgare fordi KI i mindre grad lar seg avgrense. Eg har store vanskar med å forestille meg fysiske umoglegheiter medan ein KI fort spytter ut bilder som illustrerer dei merkelegaste fenomen. Det sagt så er det ein stor debatt om slike heilt unike skaparverk er ekte kreativitet eller om det er vilkårleg, men det er i utgangspunktet heilt likt debatten om ein bildekunstner som maler abstrakte linjer og malingsflekkar er kreativ eller berre tilfeldig i sin skaperprosess. Du har likevel heilt rett i at ein KI ikkje vil kunne søke opp og bruke tidlegare dommar utan at det blir lagt til mange tilleggsfunksjonar. Ein KI vil ofte basere seg på å gi resultat som likner ting som ein har sett ført. Så ein vil fort kunne emulere korleis ein dom skal sjå ut, men det er på ingen måte gitt at straffeutdømminga er basert på objektive kriterier. KI fungerer slik at fordi mange dommar konkluderer med 5 års fengsel så vil også KI prøve å skrive ein tekst som ender på same straffeutmåling fordi det er slik KI har lært at ein dom skal avsluttast. Eit anna stort problem med KI når ein skal bruke dette til å bearbeide store menger tekst, som til dømes arkivet over tidlegare dommar, er at KI fint kan generere sine eigne kjeldehenvisningar. Var ganske nyleg ein nyheitsartikkel frå USA der ein advokat/advokat-firma vart dømt for å ha brukt KI til å skrive argumentasjonen sin, og at denne KI-en bygde sin argumentasjon på tidlegare rettspraksis med saksnummer og det heile, men så viste deg seg at disse tidlegare dommane ikkje var ekte saker.
-
For min eigen del berre vrir og riv eg av korka, treng ikkje verktøy. Eg trur likevel at dette i svært liten grad blir oppdaga, for eg skrur tilbake korka slik som eg er vand med. Både for å hindre søl og flattrykte flasker når eg skal pante dei, men også fordi eg får meg ikkje til å rive av korka for å kaste den i restavfallet (eller naturen) i ein protestaksjon som berre eg får med meg likevel. Og i den grad Tomra skulle rapportere om ein aukande grad av panteflasker utan kork, så blir nok det brukt som dokumentasjon på at korkene må henge enda betre fast i flaskene, og ikkje som dokumentasjon på at det er på grunn av at korkene sitter fast at folk river av og mister korkene.
-
Det er mange som opplever at det er vanskeleg å få korka tett på igjen, kanskje særleg på melkekartongar slik at kartongen lekker. Og som påpeikt over at korka kjem i kontakt med ansiktet slik at du skrapar deg opp om du ikkje har revet av korka. Det blir som EU hadde innført påbod om å berre selge dieselbilar av miljøomsyn. For moderne dieselbilar er mindre forureinande enn bensinbilar om ein tenker på CO2, men det blir litt baklengs for oss i Norge som har komt så langt i å elektrifisere bilparken å skulle gå bakover i tid til å kjøpe dieselbilar i staden for benisinbilar.
-
Dårleg juss svar, men som vist til over så er du forplikta av kjøpsavtalen fram til avtalen er heva. At kjøparen ikkje kjem for å hente varen til avtalt tidspunkt vil normalt sett ikkje være grovt nok misleghald i seg sjølv til å heve avtalen umiddelbart. Det sagt så er den praktiske konsekvensen liten dersom det er du som mislegheld kjøpsavtalen og selg varen til nokon andre. For det fyrste er det stor sjangs for at den opprinnelege kjøparen har trekt seg frå avtalen, og realistisk sett så er det nok lite hensiktsmessig for deg å følgje opp kjøpsavtalen rettsleg for å tvinge den opprinnelege kjøparen til å gjennomføre kjøpsavtalen. Tilsvarande, om du berre selg tingen til nokon andre og den opprinnelege kjøparen likevel skulle kome i ettertid for å kjøpe tingen likevel, så er det den opprinnelege kjøparen som må reise sak mot deg for å få gjennomført kjøpsavtalen. Og sjølv om den opprinnelege kjøparen skulle gjere dette så er ditt ansvar vanlegvis avgrensa til å dekke tapet som opprinneleg kjøpar lir som følgje av at vedkommande må kjøpe eit tilsvarande produkt til høgare pris hos nokon andre. Så med mindre dette gjeld avtale om kjøp av ein gjenstand med stor verdi så er det nok ingen av partane som har interesse av å reise søksmål, noko som igjen er grunnen til at slik oppførsel er relativt vanleg på finn.no (frå begge partar).
- 16 svar
-
- 1
-
Nei det er eit EU krav. Men i motsetting til alle dei andre EU landa så er vi i Norge milesvis foran med eit fungerande pantesystem. Mange av dei andre EU landa har ikkje anna enn eingongsflasker. I andre land er dette ei god løysing, men vi i Norge er fleire skritt foran og har ei løysing som sikrer at vi får resirkulert både flaske og kork.
-
Eg er ganske sikker på at denne grensegangen ikkje er rettsleg avgjort. Det som står i trafikkreglane § 2, 4. ledd er Lova er lite presis utover at utrykningskjøringa er for vesentleg lette i tenesta og at ein må ha utrykningskøyretøy. Eg trur nok at dei fleste har løyst dette ved å lage interne retningslinjer for korleis og når utrykningskøyring skal foregå, men i utgangspunktet så er det veldig mykje som er opp til kvar enkelt førar av utrykningskøyretøyet å vurdere. Strengt tatt så er det ikkje ein gong presisert at lettelse i tenesta skal være relatert til arbeidsforholdet, men det seier kanskje seg sjølv at når du køyrer utrykning i politibil så bør tenesteoppdraget være politifagleg relatert, og ikkje fordi det er enklare for tensten du utfører i deltidsjobben din som budbilsjåfør. I eit slikt tilfelle så er det vel uansett meir aktuelt å gå etter førarern på grunnlag av misbruk av tenestebil kanskje meir enn for vurderinga av kva osm er vestnleg lettelse i tenesta. I denne aktuelle saken så er eg likevel ikkje i tvil om at ein som jobbar både i brannvesen og er frivillig i røde kors må avklare med arbeidsgivaren sin i brannvesenet om blålysa som er montert i privatbilen også kan brukast til røde kors oppdrag eller om det vil være å ansjå som misbruk av blålysa. For det vil nok også være ein del oppdrag der der begge organisasjonane skal ut på same hendinga, og kanskje til og med at det i slike tilfeller er ein fordel at brannmannen møter som brannmann hos Røde Kors for å til dømes koordinere, enn at vedkommande må velge mellom å køyre utrykning til brannstasjonen eller køyre vanleg til Røde kors.
-
Samtidig så er det jo ein del som oppdrar barn på denne måten utan å bu saman på grunn av skillsmisse og liknande. Fordelen med to vennar som får barn saman er jo at dei fortsatt er på talefot, i motsetting til eit ektepar som har skilt seg og som kanskje knappast nok snakker med kvarandre.
- 26 svar
-
- 2
-
Flasker utan påskrudd kork var eit forsvinnande lite problem i Norge. Var det 100% av korkene som vart skrudd tilbake og flaska levert til pant? Nei, men dette var ikkje eit problem som måtte løysast for Norge sin del. Vi som har eit så godt automatisert pantesystem så kunne vi løyst dette mykje enklare, ved til dømes at du berre får utbetalt halv pant om korka mangler.
-
Poenget er at korkene satt fast i flaskene også før dette direktivet, ved at nesten alle skrudde korka tilbake på flaska før dei panta den.
-
Er SV det mest forsvarsvennlige partiet vi har her i landet?
The Avatar svarte på majer sitt emne i Politikk og samfunn
SV er ikkje mykje opptatt av forsvaret. Som nemnt var dei inntil nyleg motstandarar av NATO. Det mest forsvarspositive med SV er at deira alternativ til NATO medlemsskap var ein nordisk forsvarsallianse, men heilt utan vilje til å styrke forsvaret til å bli mektige nok til å kunne stå åleine. SV har heiletida hatt ein politikk på at vi skal bruke minst mulig på militæret. At dei no har vært med på å styrke forsvaret har nok meir med at tidene har forandra seg slik at SV har blitt tvungne til å endre politikk, enn at SV no har blitt eit forsvarsorientert parti.- 7 svar
-
- 1
-
Som med mykje anna så er det eit problem at ein ofte må sjonglere fleire saker samtidig. Mikroplast er problematisk for mikroorganismar og til slutt matvaresikkerheita, medan matsvinn handlar meir om å redusere forbruk og energibruk. Eg er likevel heilt einig i at eg synes at iveren etter å innføre miljøtiltak gjer at ein innimellom mister gangsynet på kva som er formålet. Eg skjønner strengt tatt ikkje poenget med å innføre papirsugerør som er nesten ubrukelege som sugerør når den openbare løysinga er å slutte heilt med unødvendige sugerør. Tilsvarande med eingongsbestikk, istaden for å ta vekk plastgaffelen og erstatte den med ein dårlig trepinne, kvifor ikkje kutte eingongsbestikket heilt og la folk flest passe på å ha fleirbruksgaffel tilgjengeleg.
-
I utgangspunktet er eg einig i at Norge burde ha nok våpen, om så enkle våpen til å utstyre ein betydeleg militær styrke dersom vi må benytte oss av totalforsvaret og ikkje kan basere oss berre på profesjonelle soldatar. Det er likevel mange nyanser inne i bildet. Det fyrste er det reint praktiske, kor mange av disse AG3 geværa kunne vi på ein fornuftig måte satt på lager saman med nok ammunisjon til at framtidige soldatar både får nok skytetrening og ammunisjon til å være effektive i strid? Det gir ikkje spesielt stor militær slagkraft å utstyre 200 000 soldatar med to fulle magasin og bekjed om at dette må vare til krigen er over. Då er det betre med 20 000 soldatar som er trygge nok på sin HK416 til å kunne være effektive i strid, og samtidig ha rikeleg med tilgjengeleg ammunisjon. Eit anna moment som er viktig for Norge sin del er kor mange handvåpen som vi realistisk sett klarer å holde på ved ein innvasjon. Det er lite hjelp i å ha 200 000 våpen på lager dersom disse våpena er noko av det fyrste som ei okkupasjonsmakt tek kontroll over, skal vi ha våpen på laget så må vi også sikre at det er fornuftig sannsynlegheit for at våpena blir brukt av norske soldatar til forsvar, og ikkje av fientlege soldatar til å angripe oss. Så er det sjølvsagt også spørsmål om vi i det heile tatt har bruk for AG3. Det er ikkje ein gong sikkert at framtidas krig blir utkjempa av soldatar meg gevær i handa, det kan være at framtidas krig blir utkjempa på ein heilt anna måte. AG3 som våpensystem har grovt sett sin store styrke ved krigføring ute i skogen der treffningane er på ca 200 meters hold og der ein skyt singelskudd, til urban krigføring er det ikkje eit veldig godt eigna våpen samanlikna med andre gevær. Som nemnt så er eg heilt einig i at berre ca 20 000 tohandsvåpen er ei særdeles dårleg grunnutrustning, men samtidig så meiner eg at dersom ein hadde satt AG3 på lager så ville det gitt falsk sikkerheit. Det er tross alt ein grunn til at vi moderniserte med HK416 som ein totalt sett vurderte som eit betre våpensystem for norske forhold. Så burde vi sjølvsagt kjøpt inn langt fleire våpen, men eg er veldig usikker på om det ville vært hensiktsmessig med så mange som 200 000 gevær, mykje av dei pengane bør sikkert brukast til droner og rakettsystem som gir oss betre defensiv slagkraft.
-
Sikkert unødvendig å skrive det, men rekner med at du har passa på at sila i sluken ikkje er full i hår? Typisk vil du ha to slike siler, eine i sluken i botnen på dusjkabinettet og eit i sluken i golvet. Det fyrste som slår meg i tillegg til det @trikola skriv om kink i avløpsrøret mellom dusjkabinettet og sluke i golvet er at avløpsrøret ditt kan også ha fått uheldig vinkel når du skyv dusjkabinettet på plass igjen slik at du har "motbakke" på avløpsrøret.
-
Det som er meint er at det er lite lønnsomt å betale for ei ekstra innboforsikring for å nyte nokre få goder ekstra. Det aller meste du betalar for innboforsikring nr.2 er for å dekke skader som også innforsikring nr.1 dekker, altså heilt standard og vanlege skader som alle innboforsikringer dekker til dømes innbrudd, vannskade og uhell. Dette er dyre men vanlige skader som oppstår og som er det som forskringsselskapet må basere prisen sin på. Ofte gir det då lite meining å ha to forsikringar for marginalt ulik dekning. I dei fleste tilfeller så vil det være langt meir hensiktsmessig å heller ha ei superforsikring, altså ei innboforsikring pluss, premium, ekstra, eller kva dei kallar produktet sitt. Då betalar du berre litt ekstra for høgare dekning. Ellers så trur eg at @Herr Brun har rett i at dersom du har eit tap som er større enn kva kvar forsikring dekker så kan det være hjelp i å ha to innboforsikringer. Har du lidd eit tap på 1,22 mill og fyrst får dekt 800 000 frå fyrste forsikringsselskapet så har du eit reelt økonomisk tap på 420 000 kr igjen som du kan ta med neste forsikringsselskap. Den praktiske utfordringa er at du vil nok møte motstand frå forsikringsselskapa både på kven som skal ta den største rekninga, og ikkje minst spørsmål om dei trur på at du ikkje krever betalt for same skade to gongar. Dersom du har så store verdiar å forsikre så vil det heilt sikkert være både billegare og enklare å inngå eigen forsikringsavtale der du betalar litt meir for å få høgare forsikringssum. Den vanlegaste grunnen til at forsikringsselskapet har ein makssum på f.eks. 500 000 er at for dei fleste forsikringskundane så er det stor nok dekning, og at dei fleste forsikringskundane ikkje er villige til å betale meir for å få ein dekningssum som dei uansett ikkje treng. Ei innboforsikring med maksdekning på 100 000 kr vil sjølvsagt være billegare enn ei innboforsikring som dekker opp til 1 mill.
-
Sjølv om det er smått litt utruleg at eg anerkjenner Vegard Harm som ein viktig samfunnsdebattant, så er problematikken han tek opp her veldig viktig for samfunnsutviklinga i Norge. Lav fertilitetsrate er eit stort problem for Norge ettersom veldig mange setter utdanning, karriere og stabil økonomi framfor familieverdiar som å få barn. Dette gjer at mange kjem seint i gang med å få barn, og med det resultat at det blir mindre tid for å få meir enn eit barn. Om vi då skal avfeie slike forslag som fjolleri så er vi i alle fall ikkje nærmare ei løysing. Strengt tatt burde vi vel applaudere at både homofile og single diskuterer seriøst om dei kan samarbeide om å lage barn. Det burde vel være vinn-vinn for alle partar inkludert Staten at fleire får moglegheiter til å få barn til tross for hindringar som legning, partner, osv. Og ja, eg forstår det at dette ikkje representerer klassisk konservative verdier der ein helst vil ha mann og kone med eige hus, 2,1 barn og ein hund. Men om konservative samtidig heller ikkje er veldig lystne på å løyse fertilitetsraten med direkte innvandring og ved å legge til rette for at innvandrarar får fleire barn, så blir det vanskeleg å få AS Norge til å gå rundt om vi også skal stikke kjepper i hjula for at homofile og single skal kunne få barn.
- 26 svar
-
- 1
-
Dette kan gå begge vegar, for korleis kan vi unngå at dagens dommere ikkje er farga av tidlegare erfaringar og oppfattingar, og lar dette påvirke måten dei dømmer på. Det finnes data frå USA som viser at svarte har ein tendens til å få strengare straff enn kvite, og at kvinner oftare får lågare straff enn menn. Ein robot som dømmer utelukkande på presenterte bevis kan i slike saker være meir rettferdig. Men som du også viser til så må det være mogleg for begge partane å gå i samane korleis AI-dommaren har kome fram til sin konklusjon, for det vil nok alltid oppstå spørsmål om korrupsjon enten det er ved å omprogrammere AI-dommaren eller ved å bestikke ein menneske-dommar.
-
Det enkle svaret er at det ikkje er vits i fleire innboforsikringar då du berre får dekt tapet ein gong. Blir TVen stjelt og du får ny TV frå selskap A så vil selskap B anslå ditt økonomiske tap til 0 kr sidan du alt har fått erstatta TVen. Det er ikkje meininga at du skal gå i pluss på å bruke forsikring (relevant unntak her er livsforsikring som du kan få utbetalt fullt ut frå kvar enkelt forsikring). Dei praktiske ulempane er typisk at begge selskap gladeleg krev deg for eigenandel, og at dersom dei veit om kvarandre så kan forsikringsutbetalinga bli forsinka fordi begge selskap vil at du krever inn erstatninga frå det andre selskapet. Der det kan være ein fordel med to innboforsikringar er der det er litt ulike dekningar og vilkår. Som til dømes kor mykje dei trekker av i verdi på brukte gjenstandar, at eine selskapet har dekning for tjuveri av sykkel låst på utsida av huset medan den andre forsikringsselskapet dekker tjuveri frå fellesgarasje medan det andre selskapet ikkje dekker det, osv. Men realistisk sett så vil det ikkje være lønnsomt å betale for to forsikringar for å ha litt meir dekning.
- 14 svar
-
- 1
-
England stanser medikalisering av ''trans-barn''.
The Avatar svarte på Nasjonalisten sitt emne i Oppslagstavlen
Og samtykkekompetanse, noko som barn manglar. Det hjelp lite om pasienten samtykker om pasienten ikkje har forstått konsekvensane, både når det gjeld realistiske forventningar til resultat, og kva dører ein lukker for framtida. I alle fall med dagens teknologi så vil kjønnsskifte berre endre fysisk utsjåande. I praksis er kjønnsskifte ei sterilisering (i alle fall blir ein steril som det kjønnet ein har bytta til).- 139 svar
-
- 4
-
England stanser medikalisering av ''trans-barn''.
The Avatar svarte på Nasjonalisten sitt emne i Oppslagstavlen
Er nærliggande å dra parallellen til lobotomi som på 40-talet var ein vanleg behandlingsmåte for personar med psykiske lidingar. Lobotomibehandling gav gode resultat, pasientane vart rolege og apatiske og var ikkje lenger utagerande. Men i dag er nok stort sett alle einige i at det var ein svært uetisk behandlingsmåte med mange seinskader og høg dødelegheit.- 139 svar
-
- 13