The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Her er det mange moment. For å ta det praktiske fyrst. Er det nokon grunn til at levekostnadane ikkje er tatt med i gjeldsordninga? Gjeldsordninga skal ta omsyn levekostnadar så han skal ha igjen nok pengar til å dekke sin del av til dømes matkostnadane, og ikkje berre husleige og straum. Kva er det han brukar pengar på utanom husleige og straum? Er det slik at han spytter alt han har i tillegg inn i gjeldsordninga, eller har han pengar til forbruk fordi du dekker alle andre levekostnadar? Kva tenker du om framtida? Dersom det er sannsynleg at dette er eit varig forhold og dykk på sikt skal ha felles økonomi, så vil det være til det beste for "familieøkonomien" om dykk gjer det som trengs for å bli kvitt gjelda slik at dykk kan spare opp eigenkapital saman. Om han ikkje klarer å følgje opp gjeldsordningsavtalen så vil sannsynlegvis denne gjelda bli hengande over deg/dykk i all framtid. Det er lov for deg å stille krav. At han ikkje trives i jobben er sjølvsagt synd, og dårleg for mental helse, men spørsmålet er kva som er alternativet. Seier han opp jobben, får han 18 vekers karantenetid på dagpengar frå NAV. Så med mindre han skaffer seg ein ny jobb å gå til så vil den økonomiske situasjonen bli så mykje verre at det nesten er håplaust for dykk å fortsette å være saman. Som nemnt tidlegare så vil den mentale helse heilt sikkert ikkje bli betre av å være arbeidslaus og pengelaus, det vil berre gi ein ny spiral av negativitet.
- 68 svar
-
- 1
-
Avhendingslova: Om slik konstruksjonsfeil er noko som kjøparen burde vorte kjent med gjennom visning, tilstandsrapport og eigenmelding kjem ann på kva eksakt som er feilen. Dei vanlegaste sakene som omhandlar konstruksjonsfeil er tilfeller der konstruksjonsfeilen har vært skjult og ikkje har blitt oppdaga før etter lang tid. Openbare konstruksjonsfeil er nok slik ein må rekne med at kjøper har fått med seg ved visning. Dette må sjåast i samanheng med: I tillegg så skal kjøper melde frå innan rimeleg tid: I dette konkrete tilfellet så vil tidsfristen for kva som er rimeleg tid starte å løpe i det mangelen vart varsla. Selger vil derfor miste sitt krav om retting dersom det tek urimeleg lang tid før mangelen blir spesifisert detaljert nok til at du som selgar kan ta stilling til kravet. Sidan du alt har blitt informert om ein konstruksjonsfeil så er det utvilsomt at kjøper kjenner til mangelen. Reint praktisk bør du sitte stille i båten. Du har ingenting å tene på å purre og etterspørre meir informasjon, brevutveksling mellom deg og kjøpar vil berre tene til å forlenge fristen for kva som er å rekne som innan rimeleg tid.
- 16 svar
-
- 2
-
Joda, sant nok. Sikkerheitsavstanden for gjerningsperson med kniv er vel typisk oppgitt til å være 10 meter, nettopp fordi ein rekk å kome ganske langt på kort tid dersom ein person med kniv vil gå til angrep. Men det er i tilfeller der personen står med kniv, må gjerningspersonen fyrst dra opp ein kniv så har politiet meir tid til å reagere. Og ikkje minst vil då ein knallhard voldeleg motreaksjon være heilt innafor, endog med skytevåpen om gjerningspersonen trekker kniv. Situasjonen er ikkje heilt lik når personen berre potensielt kan trekke kniv.
-
Så når politiet møter ungdommar på Grønland så er det greit å skyte fyrst og stille spørsmål etterpå, men når ein møter etnisk norske så er det på med silkehanskane? Politiet skal behandle folk likt så lenge situasjonen ellers er lik. Når Olga på sjukeheimen er dement og springer rundt med kjøkkenkniven og truer personalet så er det heilt innafor at gamle Olga bli behandla like hardt som 17 år gamle Mohammed som går rundt på skulekjøkkenet og truar elevar og lærarar. Lik situasjon, lik handling. Men unge Mohammed skal ikkje måtte legge seg ned på gata under ein trafikkontroll om det ikkje hadde vært grunnlag for at 45 år gamle Einar også ville måtte bli behandla på same måte i tilsvarande situasjon. Alt anna er profilering basert på alder, hudfarge, kjønn, osv. og det er ikkje eit slikt politi vi skal ha i Norge.
-
Gjennom å fyrst snakke til vedkommande for å få han til å holde passeleg avstand, og få bistand av sin politikollega for å om nødvendig gjennomføre pålegget med makt. Absolutt ALLE er potensielt rusa, har potensielt våpen, og har potensielt drapstrua nokon, det må ikkje gi blankofullmakt for grisebank utan forvarsel. Eg vil også legge til at dersom den tiltalte politimannen oppriktig oppfatta situasjonen som livstruande og farleg, ja då vil eg også rette kritikk for at voldensbruken ikkje var hard og rask nok til å ta avverge situasjonen. Å åleine gå i brytekamp og slå med tørre never er ikkje spesielt effektiv måte å stoppe ein aktiv trussel på. Hadde Simensen vært ute etter å skade politiet så hadde han hatt muligheit til å gjere alvorleg skade under slagsmålet, enten det var ved å hente fram kniven han hadde i lomma eller gripe etter pistolen til politimannen. Eg seier ikkje at politimannen burde trekte pistol og skutt Simensen, men det var eit verktøy som politimannen hadde tilgjengeleg og kunne ha brukt dersom trusselen var vurdert som stor nok. At han heller valgte å bryting og slag tyder meir på at han ville gi Simensen bank og smerte, for dersom det var nødvendig å nøytralisere Simensen som ein trussel så kunne trusselen vært løyst momentant.
-
Å basere seg på antakingar og ha mentale planar for fleire mulige utfall re heilt greit, ein treng ikkje å bruke lang tid på å analysere. Feilen er når politiet regelrett gjetter og deretter handler på bakgrunn av kva ein trur og ikkje kva ein veit. Om politiet skal ta utgangspunkt i at alle kan være rusa og voldelege så betyr det at alle som politiet møter på må settast i handjern til ein finner ut om vedkommande er kriminell eller berre vil snakke med politiet. Eg meiner at vi må gjere alt i vår makt for å hindre at vi får eit politi som ser innbyggarane som potensielle truslar og derfor handlar deretter, for det vil undergrave politiets tillit og gjere folk redde for å ta kontakt med politiet.
-
Matvarer vil halde seg lengre jo mindre tilførsel av bakteriar ein får. Sjølv om ein opner ein gamaldags melkekartong med heilt reine fingrar så er det likevel større fare for kontaminering frå ureinheiter på fingrane enn ved å opne ei skrutopp. Skurtopp på melkekartongar gir betre holdbarheit ved at det er mindre støv og bakteriar i lufta som kjem til melka, og dermed tek det også lengre tid før den blir dårleg. Kor mykje tette korker betyr for matsvinnet kjem veldig ann på forbruksvarene. Går det ein kartong til kvart måltid så er god lukkemekanisme heilt unødvendig, men om ein bruker ei veke på å tømme ein kartong så er det stor betydning om melka held seg like god i 7 dagar eller berre 5 dagar. Melk er ofte stempla med holdbarheit på litt over to veker etter tapping, holdbarheit etter opning blir vanlegvis oppgitt til ca ei veke. Det største problemet med upopulære tiltak for å redusere plastavfall som innføring av skrukorker som henger fast er at sjølv om ein i teorien sparer inn litt plast på tiltaket så kan det i sum være negativt dersom folk flest får mindre respekt for miljøtiltaka. Det er som med kildesortering av hushaldningsavfall, det er ikkje i hushaldningane ein har den største effekten sett opp mot ressursbruken, men god kjeldesortering i hushaldningane er veldig viktig som holdsningsskapande arbeid. Ei befolkning som er godt vande med å kjeldesortere heime vil også i større grad etterspørre kjeldesortering på arbeidsplassen der det ofte er mykje større gevinst ved sorteringa på grunn av større volum.
-
Det kan faktisk hende at det er dette du gjer "feil" under intervjua. Det er ikkje gitt at intervjuaren har oppfatta at du er trøtt og lite opplagt, og då er det dumt å sette fokus på det. Eit typisk råd på jobbintervjukurs er at ein aldri skal seie at ein er nervøs. For enten er det opplagt (og forståeleg i ein slik situasjon), eller så har ikkje intervjuaren oppfatta det før du seier at du er nervøs og så blir intervjuaren opphengt i alle nervøse trekk som du gjer. Det er i alle fall ein ting å tenke over. For sjølv om du informerer om at du kjem rett frå nattevakt som ei forklaring på at du ikkje 100% skjerpa, så startar du eigentleg intervjua med å snakke deg sjølv ned slik at intervjuaren får eit dårlegare fyrsteinntrykk av deg. I eit jobbintervju skal du helst selge inn deg sjølv ved å framsnakke dine positive eigenskapar. Negative moment treng du ikkje å snakke om.
- 80 svar
-
- 1
-
Regjeringen vil fjerne karakterkravene til sykepleiestudiet
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Politikk og samfunn
Det er nok ein dårleg bevart hemmelegheit at Norge ikkje mangler sjukepleiarar, det vi mangler er sjukepleiarutdanna som gidder å praktisere yrket sitt, og der må lønn og vaktordningar ta mykje av skulda for at mange hopper av og bruker kompetansen sin på heilt andre ting. Det går ikkje fram av statistikken om dei har telt kor mange som er yrkesaktive som sjukepleiarar (og kva stillingsprosent dei jobbar i), eller om det er statistikk over kor mange som har gyldig autorisasjon som sjukepleiar. Det siste er nok enklare å telle men innbefattar alle som har fullført sjukepleiarutdanninga og som ikkje har blitt fråteken autorisasjonen. At vi har mange sjukepleiarar per capita er ikkje overraskande med tanke på at populasjonstettheita er lav. Når vi skal ha sjukehus, legekontor og sjukeheim i kvar ei bygd så trengs det sjølvsagt mykje fleire helsepersonell enn om vi hadde sentralisert. Her finn du nok også mykje av forklaringa for kvifor ein del sjukepleiarar også må utføre andre arbeidsdsoppgåver enn berre sjukepleiarfaglege ting, for mange stadar så er det ikkje grunnlag for å ha sjukepleiar i stor nok stillingsprosent, men sidan få kan leve på ein deltidsjobb med lav stillingsprosent så supplerer ein stillinga med å også legge til andre arbeidsoppgåver, som til dømes reinhald. For er det ikkje jobb nok til ein sjukepleiar i full stilling så er det heilt sikkert ikkje reinhaldsoppgåver til ein reinhaldar i full stilling heller, men til saman er det kanskje nok til å fylle ei stilling.- 42 svar
-
- 2
-
Det blir vanskeleg å svare konkret utifrå din situasjon, men mitt inntrykk er at du har nok mest igjen ved å snakke med ein karriererettleiar og kanskje få litt opplæring i intervjuteknikk. Du slepp til på jobbintervju, så CV og søknadstekstane du leverer er tydelegvis gode nok. Meir sertifisering og formell kompetanse ser derfor ikkje ut til å være nødvendig. Din utfordring er at du møter på intervju, men du kjem ikkje vidare til å få eit jobbtilbod. Det at ein forklarer dette med at du ikkje har nok erfaring kan ikkje være einaste erfaringa, din (manglande) erfaring framgår jo av CVen din, og tross den så blir du invitert til intervju. Min hypotese er at det er eit eller anna du gjer eller ikkje gjer under jobbintervjuet som gjer at du ikkje får jobbtilbod. Det kan sjølvsagt være at du har uflaks kvar gong, men etter ein del interjvu så er det nok ein grunn. Så hadde eg vært deg så ville eg investert i å bli betre til å gjennomføre jobbintervju.
- 80 svar
-
- 3
-
Kanskje litt off-topic, men eg er ganske sikker på at politiet "tek seg til rette" når det er snakk om seksuallovbrot som er filma, då dette vanlegvis er videoar som er særdeles belastnade for eit offer å publisert. Men måten ein gjer det på i dei situasjonene er at å beslaglegge mobiltelefon med videoen på samt å ta i varetekt personen som kanskje kan ha videoen synkronisert mot skylagring, og så er det den måten ein jobbar førebyggande for å hindre at lovbrotet får eksalere. Så hadde politimannen som sletta videoen vært oppriktig bekymra for at videoen kunne bli ulovleg publisert så er det beslaglegging av telefonen som var den rette måten å gjere det på. Då har ein fortsatt videoen som bevis, men utan risikoen for at den kan havne på avveie.
-
Ikkje veldig overraskande at av de mest spelte spela så er det stort sett multiplayer spel og sandkassespel. Dei meir historiedrevne spela i dag har av typen 10 timar med speletid, og etter at ein er ferdig med historien så er det oftast lite anna å gjere i spelet. Eg vil kanskje også tru at ein anna del av forklaringa er at det disse litt eldre spela også fint kan spelast på litt eldre PCar. No når det er dyrtid så er det nok færre som investerer tungt i hardware, i tillegg er det vel også blitt langt fleire "casuals" som spelar spel utan å gjere det så veldig ofte, det dreg fort opp registrert speletid. Det mest overraskande er eigentleg at mobilspel ikkje er ein del av undersøkinga, tid brukt på mobilspel er eg ganske sikker på må være heilt enorm.
- 13 svar
-
- 4
-
Og særleg ikkje når det fantes så mange gode alternative måtar å løyse situasjonen på. Om eg har forstått det rett så var det fire politibetjentar på staden (alle med pistol), pluss denne eine vektaren, samt Simensen og kompisen. Hadde det tiltalte politimannen koordinert seg med ein av sine kollegaer så kunne ein holdt kontroll på Simensen utan å ty til vold, og dersom det vart nødvendig å bruke vold så ville ein med minst to politibetjentar kunne kontrollere Simensen utan å måtte ty til slag i tillegg.
-
GDPR regelverket er vel ein kjempesuksess? Kritikken i denne tråden går eignetleg mest på at den praktiske implementeringa av regelverket ikkje vart standarisert, slik at ulike sider har valgt ulike måtar å løyse innhenting av samtykket. Disse sidene har også økonomiske incentiver for å gjere alt anna enn "aksepter alle" vanskeleg å finne ettersom ein får betre betalt frå annonsørane om reklamen kan være målretta. Spørsmålet er om ikkje regelverket burde vært stramma inn enda meir, helst så langt at "avslå alle" blir standardvalget og at ein aktivt må gå inn og akseptere ein og ein ting. Eg personleg synes også at kravet om å innhente samtykke blir dårleg implementert når alle sider i praksis må starte med ein pop-up som ein må klikke seg forbi for å kunne bruke sida. Preferanser for cookies burde være knytt til nettlesaren slik at du velger dine preferanser ein gong og så blir det brukt på alle sider du besøker med mindre du aktivt går inn på kvar enkelt side for å endre innstillingane.
- 13 svar
-
- 7
-
Det som var oppgitt som grunnen for slettinga var at politimannen som sletta videoen var redd for at videoen skulle bli spredt på sosiale media fordi det kunne være belastande for Simensen at ein video der han var i klammeri med politiet blei offentleggjort. Isolert sett aktverdig nok, men fortsatt utanfor det som politiet har heimel til å gjere. Den rette framgangsmåten er å opplyse han som filma om det regelverket som gjeld i forhold til publisering, og deretter straffeforfølge fotografen dersom videoen skulle bli delt på ulovleg vis.
-
Regjeringen vil fjerne karakterkravene til sykepleiestudiet
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Politikk og samfunn
Poenget mitt er at sjølv om eg forstår at eit karakterkrav er ein enkel og objektiv måte å sile ut kandidatane på, så har karaktersettinga sin store svakheit av at karakteren gjenspeiler kunnskapsnivået for all matematikk på vidaregåandenivå, og den matematikken som trengs for medikamentrekninga er som påpeikt ganske elementær matematikk på ungdomsskulenivå. Mitt forslag til å endre opptakskravet slik at fleire får moglegheita til å ta utdanninga utan at kvaliteten blir redusert er å innføre eksamenen i medikamentrekning som opptakskrav i staden for. Rekninga er ikkje meir komplisert enn at ein med grunnleggande matematisk forståing bør kunne avlegge ein slik eksamen før studieoppstart. Den dele av matematikkfaget som faktisk er viktig utgjer ein veldig liten del av heile mattepensumet. Edit: om nokon vil prøve seg på kva medikamentrekninga går ut på så har Helse Vest laga eit spel for å øve seg på medikamentrekning som du kan prøve her: https://rettdose.no -
Det er heller ingenting i videoen som underbygger ein påstand om det vart forsøkt å ta kontroll på situasjonen ved å foreta ein arrestasjon. Ein ser jo heilt tydeleg at politimannen dytter Simensen frå seg i sekunda før han blir lagt i bakken, det kroppsspråket og handlinga tyder på at dersom det vart sagt noko så var det i retning av "gå vekk" eller liknande. Om ein er redd for at ein person skal bli voldeleg så startar ein ikkje med knuffing, det er slik ein gjer når ein vil få den andre til å slå fyrst for å starte ein slosskamp. Ja og nei. Det som eg spesielt reagerer på i denne videoen er at dersom eg sjølv hadde vært i Simensens posisjon så klarer eg ikkje å sjå at eg hadde hatt tid eller situasjonsforståing nok til å la meg kontrollere utan å bli utsatt for vold. I dei aller aller fleste tilfeller så bruker politiet maktpyramiden slik at det er fyrst når ein ikkje lyder ordre at ein risikerer å få smake pisken. Eg klarer ikkje å sjå at det hadde vært mogleg for nokon som helst å på den korte tida både forstå situasjonen og samarbeide med politiet på ein slik måte at ein ikkje kasta i bakken og slått. Eg vil at mine uheldige møter med politiet skal være av typen: "hei, stopp", "har du ID", "takk", "du er ikkje den vi ser etter, beklager bryderiet", og ikkje av typen: "plutseleg bli kasta i bakken", "prøve å reise seg for å finne ut kva som skjer", "motta mange slag fordi eg ikkje spelte daud og lot meg utsettast for vold", og deretter få ei beklaging i det eg haltar derifrå med blåauge.
-
Regjeringen vil fjerne karakterkravene til sykepleiestudiet
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Politikk og samfunn
Skjønner poenget ditt, men karakteren ein fekk i mattefaget generelt sett treng ikkje å ha betydning for medisinrekninga. Ein viss samanheng er det nok, men så lenge sjukepleiaren har stålkontroll på måleeiningar og prosengrekming så det er det ikkje så nøye for meg om sjulepleiaren blandar saman katet og hypotenus då geometri ikkje er spesielt viktig for ein sjukepleiar. Tilsvarande med karakter i norskfaget, vi treng sjukepleiarar som behersker norsk munnleg og skriftleg, det hjelp lite å være god i diktanalyse og litteraturhistorie sjølv om det kanskje var akkurat dette som gjorde at totalkarakteren i norskfaget bikket opp på ein svak 3'er.- 42 svar
-
- 1
-
Regjeringen vil fjerne karakterkravene til sykepleiestudiet
The Avatar svarte på Tussi sitt emne i Politikk og samfunn
Det er både kipt for studenten og samfunnet som betalar for utdanninga om ein slepp til studentar som ikkje klarer å fullføre. Det sagt så er eg einig i at 3'er i norsk og matte ikkje er ein god måte å skille søkarane på, studentar med dårlegare karakterar kan også bli gode sjukepleiarar, samtidig som at eit 3'er krav ikkje er nokon garanti for å ikkje stryke i medisinrekninga. Men per dags dato er karakterane beste målekriteriet som vi har. I ein ideell verden så burde opptakskravet vært meir flytande slik at kravet er at ein skal kunne bestå studiet og være i stand til å utføre yrket, men det vil være umogleg for høgskulane å kunne gjere slike vurderingar. -
Problemet her er at at politimannen hadde alternativet å få hjelp til å få kontroll på Simensen på ein kontrollert måte. I staden valgte han å hoppe på Simensen bryte han i bakken og etter eige utsagn: Målet var med andre ord å slå til Simensen ikkje lenger var i stand til å gjere motstand, noko som i denne samanhengen betyr til Simensen vart bevistlaus. Gjentatte slag mot hovudet er ikkje ein framgangsmåte der målet er å påføre offeret nok smerte til at offeret overgir seg, gjentatte slag mot hovudet er ein framgangsmåte som har som mål å uskadeleggjere offeret. Det er ein grunn til at politiet er opplært til å bruke batongen mot store muskelgrupper som blant annet låret, dette fordi det gjer veldig vondt samtidig som det er liten fare fare for alvorlege skader. Eit anna sitat: Etter mitt syn så har politimannen sjølv satt seg i ein situasjon som berre kunne løysast med vold. Om du er redd for at ein gjerningsperson skal ta pistolen din så burde det være enda større grunn for at det å gå i brytekamp på bakken var heilt feil framgangsmåte i denne saka. Denne politmannen hadde mange alternative måtar å løyse situasjonen på, men han valgte den nest mest voldelege løysinga han hadde tilgjengeleg (den mest voldelege løysinga hadde vært å trekke pistolen og starte å skyte). Det handlar ikkje om at politiet ikkje skal få lov til å beskytte seg sjølv, politiet skal ikkje trenge å være redde på jobb. Men samtidig så kan vi ikkje ha eit politi som skyt fyrst og stiller spørsmål etterpå. Det er ingen som bryr seg nevneverdig at kriminelle blir banka opp eller endog skutt av politiet, men eg vil ha eit politi som er såpass profesjonelle at neste gong eg sjølv er på byen så skal eg sleppe å måtte rekne med å heilt utan forvarsel bli angrepet av politiet kun fordi eg hadde hendene i lomma, har anna hudfarge eller på annan måte ser "skummel" ut. Denne saka hadde vært så mykje mindre komplisert dersom den tiltalte politimannen var åleine eller berre saman med ein kollega, for då kan eg forstå at det var nødvendig å bruke makt for å få kontroll på situasjonen når forbipasserande kjem for tett på, men i dette tilfellet var det nok politi på staden til at ein må kunne forvente at oppdraget kunne løysast utan å gå i brytekamp. Lenke til artikkelen: https://www.nrk.no/buskerud/ble-slatt-i-hodet-av-politimann_-_-hukommelsen-begynner-a-bli-litt-darlig-1.16827907
-
At han har rulleblad er nok med å svekke truverdigheita hans ja, men samtidig så er ikkje Simensens forklaring eller oppfatting spesielt viktig i denne saka. Spørsmålet om maktbruken var innafor eller ikkje er heilt avhengig av korleis ein vurderer det som ein kan sjå på videoen kombinert med politimannens vurderingar. Det er i utgangspunktet slik at det er tilstrekkeleg at politimannen følte seg i fare for å legitimere slik voldsbruk, det er ikkje krav om at det må ha vært ein reell og etterprøvbar fare. Om Simensen forklarer at han hadde intensjon om å angripe politimannen eller omvendt at han meinte seg sjølv heilt uskuldig og samarbeidsvillig skal ikkje ha betydning for dei handlingane som poltimannen gjorde. Politimannen kunne uansett ikkje vite kva Simensen tenkte og han kunne i alle fall ikkje handle basert på kva Simensen tenkte, handlingane til politimannen må være tufta på det som poltimannen hadde forutsetningar for å vite, og det var at Simensen var ein framand kar som hadde hendene i lommene og som vart dytta bakover av politimannen. På videoen kan vi sjå at Simensen gjer eit skuldertrekk som medfører at det siste dyttet til politimannen er lite effektivt, umiddelbart etter at politimannen ikkje fekk til å ta eit siste skubb av Simensen så går han i brytekamp og legg Simensen i bakken. Det er ingenting i videoen som tyder på at Simensen er aggressiv tilbake utover at han ikkje setter pris på å bli dytta. Berre det å dytte ein full mann bakover meiner eg i seg sjølv er ei handling med større skadepotensiale enn det som var forsvarleg utifrå situasjonen. Det er ikkje akkurat eit ukjent fenomen at fulle folk blir dytta overende og at dei døyr som følge av at dei slår bakhovudet i asfalten.
-
Per i dag er det ikkje like reglar. Det er ikkje krav om bruk av sykkelhjelm ved sykling, og grunnen til det er vel at reglverket kjem frå ei tid der syklande vanlevgvis sykla i gangfart slik at dei ikkje trengde hjelm og dei heilt fint kunne dele fortau og gang/sykkelveg saman med fotgjengarar utan at det oppstod konflikt. Etter mitt syn burde det openbart være krav om bruk av sykkehjelm når ein syklar i køyrbana i høg hastigheit, så kan det fortsatt være fritak for dei som syklar søndagstur på fortauet i maks gangfart. Så om eg skal foreslå nye reglar så hadde det vært noko liknande: Hjelmpåbud når hastigheita er over 10 km/t (tilsvarer overgangen mellom jogging og springing) på alle farkoster med hjul. Om ein kjem over 10 km/t ved hjelp av motor, pedalar eller nedoverbakke betyr ingenting for skadepotensialet og burde heller ikkje ha betydning for kravet til sikringsutstyr. Denne regelen vil medføre at dei som er på søndagstur og barn som bruker sykkel eller elsparkesykkel til leik i låg hastigheit ikkje nødvendigvis må bruke sykkelhjelm. Alle som bruker sykkelen/elsparkesykkel som transportmiddel enten det er til pendling eller trening (og derfor antagelevis beveger seg raskare enn 10 km/t) må bruke hjelm. Både vanlege syklar og motoriserte farkostar med maksfart på 10 km/t kan være fritt tilgjengleg utan aldersgrense og utan krav om hjelm. Det bør ikkje være lov å opphalde seg i køyrebana på ein slik farkost (og det burde heller ikkje være lov for fotgjengarar å bruke køyrebana som gangveg, ein får holde seg på gangfeltet eller holde seg langs vegkanten om det ikkje finnes gangfelt). Elsparkesyklar med hastigheit over 20 km/t burde bli lov, men då som moped med krav om sertifikat og mopedhjelm og anbefaling om bruk av køyredress.
-
Synes det er rart at ein ikkje i større grad har tatt for seg den tiltalte politimannens påstand om at han frykta for liv og helse og at reaksjonen mot Simensen var fordi han var redd. Det er greit nok at angrep er det beste forsvar, men om ein er redd for at Simensen er så stor og sterk og at han kunne bli voldelig så er det noko merkeleg å gå i brytekamp med han utan å få med seg kollegaene som var i umiddelbar nærheit. Til alt overmål så var også politiet midlertidig bevæpna på dette tidspunktet, så dersom Simensen utgjorde ein stor trussel så er det jo spesielt dårlig taktisk valg å gå i brytekamp med skarpladd pistol på hofta. Ikkje heilt direkte samanliknbart med norske forhold men ein kunne vel fort fått ein situasjon liknande denne dersom forholda hadde vært litt annaleis.
-
Eg har ikkje inntrykk av at politiet ikkje prioriterer vold i nære relasjonar, problemet er at før ein kjem så langt at ein har bevis for voldsbruk så er det svært vanskeleg for politiet å gripe inn. Ei bekymringsmelding frå ein nabo kan gi grunnlag for å ta kontakt for ein samtale eller til og med å kalle inn til avhøyr, men det har også sine utfordringar ettersom ein ikkje har plikt til å faktisk forklare seg for politiet og dersom det faktisk foregår partnervold så er det jo ein reell fare for at grubben reiser heim for å banke kona fordi ho har sladra til politiet. Samtidig blir det maktmisbruk om politiet trapper opp for å arrestere han som det har blitt tipsa om, for vedkommande kan være uskuldig og det kan til og med hende at bekymringsmeldiga er falsk og i realiteten er ein hevnreaksjon i ein nabokrangel.
- 9 svar
-
- 2