The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 710 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Er vi nærmest maktesløse mot politivold i Norge?
The Avatar svarte på Lyncs sitt emne i Politikk og samfunn
100%. Politiet må ha skikkelige budsjett til å ha nok folk på jobb, også i helgane når lønnskostnaden er høg. Eg meiner at politiets budsjett også må være oppdelt i heilt uavhengige budsjett, at politistasjonssjefen skal sitte å telle på kronene om det skal brukast 600 000 kr på ein ny politibil (heilt utan avgiftsfritak) eller til å fylle ei av dei vakante stillingane er etter mitt syn berre tull. Hadde politiet blitt organisert i lag på fire personar i staden for å patruljere 1 eller 2 saman så hadde det også gitt langt betre forutsetningar for å gjere ein god jobb. Alt frå at det er fleire som kan hjelpe til med å holde ned ein person utan å måtte bruke slag, til heilt banale ting som at ein kan ha ein politimann på kvar side av huset for å hindre at personen som skal pågripast flykter ut eit vindu. I dag spreier ein seg heller tynt utover, noko som riktignok gir litt betre responstid, men utan at ein har nok folk på staden til å gjere jobben. Generell bevæpning er eg også skeptisk til, og tenker at fremskutt lagring saman med passande verneutstyr også er det beste for politiet. Som til dømes bueskyttaren i Kongsberg, der var responstida frå politiet ganske kort men fasiten var at det gjekk alt for hurtig når politiet gjekk rett på å låse ut våpen men utan å ta seg tid til å bruke verneutstyr, som igjen førte til at framrykkinga stoppa opp og tilslutt enda opp med tilbaketrekking til tross for at instruksen i slike tilfeller bruker å være at fyrste politipatrulje skal rykke fram til gjerningspersonen er uskadeleggjort. No er ikkje denne episoden nødvendigvis representativ, men går du fast med pistol på hofta så er det nok oftare at du som politi blir "pressa" til å aksjonere mot bevæpna kriminelle berre iført bukse og korterma skjorte som einaste beskyttelse. Då er det betre at politiet ved behov går til bilen, kler på seg lett eller tungt verneutstyr alt etter oppdraget, velger rett våpen, og deretter rykker fram som ein samla styrke. Sjølv ved aktive skyteepisoder så blir det veldig 50/50 sjangs om ein redder flest liv ved at fyrste politimann kastar seg uførebudd inn i situasjonen og distraherer gjerningsmannen i kanskje 10 sekund før ein sjølv blir skutt, kontra det å bruke 1 minutt på å ikle seg verneutstyr å deretter gå til aksjon med tilnærma 100% sannsynlegheit for å nedkjempe terroristen.- 39 svar
-
- 1
-
Ingen bussar med sidestilte seter har fått godkjenning etter 2004, men det har ikkje tilbakevirkande kraft. Så det er eit problem at ein del bussar som mekanisk og sikkerheitsmessig er som vrak å rekne fortsatt ruller på vegane fordi russen liker innreiinga. Dette problemet løyser seg veldig fort av seg sjølv. Dei fleste bussane som vart godkjente med sidestilte seter i 2003 var ombygde eksisterande bussar og ikkje fabrikknye, så dei aller fleste er minst 21 år gamle, dei fleste er langt langt eldre fordi det typisk var gamle og billige bussar som opprinneleg vart kjøpt inn og ombygde til russesbussar. Dette forbodet lager eigentleg berre økonomisk trøbbel for nokre få hundre 16 åringar som har inngått kjøpsavtale på bussar som i praksis ikkje kan brukast i 2026, men bussane lever på siste versjet uansett. Uavhengig av om regjeringens forslag blir vedtatt eller ikkje så er det nok tvilsomt at nokon av disse bussane fortsatt vil være køyrbare når vi kjem til 2030. Problemstillinga er eigentleg heilt lik for 9-seter personbil som også blir mykje brukt som russebil. Kravet om at også bakseta måtte ha bilbelte kom 1985, så før 1985 var det vanleg å sjølv montere busseter utan belte i varebilar og omregistrere bilen til personbil med 9 seter, dette gjorde at disse gamle bilane ganske lenge var populære valg som russebil sidan bilen hadde 9 lovlege sitteplassar og sjølvsagt var langt billegare enn ein nyare bilmodell med ordentlege bakseter. Eg vil ikkje påstå at det er eit særleg utbrega problem lenger at folk køyrer rundt i 40 år gamle bilar utstyrt med gamle busseter, disse bilane er i all hovudsak skorta for lenge sidan. Regjeringa kaster vekk mykje tid på å lage eit forbod som trafikksikkerheitsmessig er ein dråpe i havet, og som uansett kjem til å ordne seg om få år. Dersom regjeringa verkeleg vil gjere noko for trafikksikkerheita for å beskytte russen så burde ein heller jobba for å innføre andre reguleringar. For rutebuss så er det alt delt inn i tre klasser, der den eine klassa er bybuss, definert som buss med fleire ståplassar enn sitteplassar ikkje kan køyre fortare enn 70 km/t. Blandingsbussar som også har ståplassar kan køyre i 80 km/t, og til slutt har ein klasse 3 for vanlege bussar der alle passasjerar må bruke belte og med øvre fartsgrense 100 km/t. Kva med å lage ei eiga klasse for festbussar? Ein ting er at eg synes at ei fartsavgrensing på 70 km/t når ein suser ut på innfartsvegen med 100 ståande passasjerar er alt alt for fort i forhold til skadepotensialet. Blir det bråstopp så vil sjølv det å få tak i nok ambulanser til 100+ pasientar bli ei stor utfordring. I trafikksikkerheitssamanheng så seier ein ofte at å kræsje i 70 km/t utan bilbelte tilsvarer eit fall på 19 meter, så at folk vil trenge ambulanser ved ei slik ulykke er openbart. Buss med ståplassar burde ha maks 50 km/t og, helst lågare men av omsyn til at den generelle fartsgrensa i tettbygde strøk er 50 km/t så er det nok upraktisk om bussen må køyre i 30 km/t og lage kø. Korfor kan ein ikkje berre gjere det så enkelt som at køyretøy med sidestilte seter har ei maksfart på 50 km/t? Tviler på at det er nevneverdig mykje farlegare å kræsje i 50 km/t i eit sidestilt sete enn det er å med eit tilsvarande kræsj som ståande. Med eit slikt regelverk kan russen fortsatt rulle med liten ulykkesrisiko, og som ekstra bonus så blir bussen ueigna som transportmiddel mellom dei store russetreffa slik at bussen berre blir brukt i nærmiljøet. Ikkje berre vil dette gjere veldig mykje for sikkerheita til russen, men det vil også opne for at andre enn russen kan bruke slike bussar, som til dømes sightseeing bussar som då kan rulle gjennom sentrum med seter retta mot sidevindua slik at turistane får godt utsyn når bussen ruller rundt i gangfart.
- 26 svar
-
- 1
-
Grunnen til at vi har meir helsepersonell er at vi har fleire lokasjonar der helsetenester skal ytast samanlikna med dei fleste andre land. Det blir derfor feil å seie at vi ikkje treng fleire, for vi treng fleire om vi skal fortsette i same sporet. Fordi vi har så mange helsepersonell så gjer det at vi har to alternativ til å forberede oss til framtida, enten må vi skaffe enda fleire helsepersonell eller så må vi omorganisere og sentralisere. I dag har vi litt over 40 sjukehus, kanskje klarer vi oss med berre 5? Tilsvarande kan vi kutte ut heimesjukepleietilbodet til alle som ikkje er villige til å flytte til bustad som ligg innafor 3 km frå personalbasen, det er mykje vi kan gjere, men det er ikkje politisk populært og det får sjølvsagt ein del konsekvensar at store delar av befolkninga får lengre transportveg til livsnødvendig behandlingstilbod, men vi kan gjere det. Dette at vi har så mange lokasjonar som yter helsehjelp er også ein del av forklaringa på at ein utnytter dårleg kompetansen til mellom anna sjukepleiarar. For sjølv om sjukepleiaren har høgare lønn enn hjelpepleiaren, så er det dyrare å sende både sjukepleiar og hjelpepleiar på heimebesøk til dei gamle. Det er meir rasjonelt at sjukepleiaren også utfører nokre enkle oppgåver når ein alt er der. Spørsmålet er når det bikker over slik at dei med høg utdanning utfører så mykje arbeid som ufaglærte kunne ha gjort at det ikkje lenger er så intressant å stå i jobben. Sentralisering hadde gitt moglegheita for å hente ut stordriftsfordelane, som blant anna inkluderer at ein kan sette rett kompetanse til å utføre rette arbeidsoppgåvene og fortsatt kunne tilby ei full stilling utan for mykje uproduktiv tid. Eg har likevel vanskeleg å sjå korleis ein skal klare å utnytte kompetansen betre på små plassar utan at totalprisen blir høgare.
- 130 svar
-
- 1
-
Regjeringa kan no melde at dei foreslår å forby sidestilte seter og ståplassar i russebussar frå 1 januar 2026. https://www.nrk.no/stor-oslo/forbyr-russebuss-med-sidestilte-seter_-_-burde-snakket-med-oss-forst-1.17116476 Eg er heilt for å forbetre trafikksikkerheita, for ordensskuld er forslaget formulert som forbod mot sidestilte seter og ståplassar i bussar som ikke er i rutetrafikk. Sjølv om eg er positiv til trafikksikkerheitstiltak så synes eg at det er noko som skurrer med forbod som tek sikte på å ramme ei bestemt gruppe, i dette tilfellet russen. Eg klarer ikkje heilt å sjå at ståplassar på ein russebuss eller turbuss der passasjerane ofte også er medeigarar skal kreve større trafikksikkerheit enn ein rutebuss. At ståplassar og seter utan bilbelte er ein uting er eg heilt einig i, men då synes eg at ein bør tørre å forby ståplassar i alle bussar. At den vanlige bussen har lov til å køyre i 80 km/t med ståande passasjerar er i alle fall galskap. Bybussen er fort godkjent for ca 50 sittande passasjerer (utan bilbelte) og ca 100 ståande passasjerar. Ein typisk russebuss er til samanlikning typisk godkjent for 20-30 passasjerar. Begge bussane har lov til å køyre i 80 km/t, begge bussane har krav til at sjåføren har kjøyreseddel og yrkessjåførbevis. Største forskjellen er strengt tatt at rutebussen har skadepotensial til å skade eller drepe 150 personar ved ein kollisjon medan russebussen typisk berre har 30 personar, riktignok unge personar, men likevel. Det er eller ikkje slik at rutebussen aldri blir overfylt, så om det er frykta for at russebussen er stappa full av ungdommar som er problemet så er det kontrollregimet og konsekvensane ved overlast som er for dårlege, uavhengig av om det er Russen-2025 eller Ruter# som eig bussen. Ikkje det at russen har så sterkt argument heller, berre fordi det før var lov med usikra passasjerar, så treng ikkje det å bety at bussen for evig og alltid skal få lov til være like lite trafikksikker så lenge ein ved hjelp av gaffatape og WD-40 har klart å holde maskineriet i gang. Forby gjerne alle bussar utan setebelter, men ikkje gi unntak for kollektivtransporten som til alt overmål har økonomiske incentiv til å presse flest mogleg inn på den same bussen framfor å sette inn fleire og nyare bussar. Sjølv om ein berre skal ta bybussen 500 meter ned i gata så er det jo ikkje umogleg å finne seg eit sete og ha på seg bilbeltet før bussen køyrer, dette er jo heilt normal oppførsel når vi sett oss i ein personbil, så det er absolutt ingen grunn til at bybussen ikkje i det minste skal tilby setebelter til dei av passasjerane som ønsker å bruke belte.
- 26 svar
-
- 2
-
Å bruke eit norsk-klingande navn har nok dessverre litt for seg. Eg er ikkje sikkert på at det er lurt å droppe bilde. Både fordi det i mange søknadsprosessar har blitt så vanleg å legge med bilde at ein fort kan tape ut på å ikkje legge ved bilde. I tillegg kan du risikere at arbeidsgivaren googlar deg for å leite etter eit bilde og då vil du normalt sett styre kva som skal være arbeidsgivaren sitt fyrsteinntrykk av deg. Det er ikkje heilt bra om fyrsteinntrykket er gamle Facebook-bilder. Eg er også ganske så overbevist om at det ikkje er hudfargen som du blir diskriminert mot, eg er ganske sikker på at det arbeidsgivarane er mest redde for er å tilsette ein person som ikkje er skikkeleg god på norsk språk og den norske arbeidskulturen. Her er det lett å dra slutninga om at ein person med anna hudfarge kanskje har vokse opp i eit anna miljø og har eit anna språk enn norsk som sitt morsmål, og samtidig så er nok mange for lite flinke til å ta kontakt med søkaren for å få avkrefta eller bekrefta sine mistanker, det enklaste er tross alt å heller ringe kandidaten Hans Hansen for å invitere til intervju. Eg vil nok tru at dersom ein har utanlandsk utsjåande så vil det hjelpe mykje om du oppgir å være oppvokst i Norge eller adoptert. Ikkje at det finnes ein fasit for kva som er smartast å gjere, men eg tenker at diskrimineringa har sitt utspring i andre ting enn berre utsjåanden. Eg er også rimeleg sikker på at det er litt same mekanismane som gjer seg gjeldande ved kjønnsdiskriingering. Det å tilsette ei dame på verkstedet er nok ikkje det som er vanskelegast, det vanskelegaste med å tilsette ei dame inn i eit mannsdominert yrke er nok redselen for at arbedsmiljøet blir endra. Og endring blir det sikkert, men det er nok neppe ei forverring dersom det å rekruttere damer fører til at ein tek ned topplauskalenderane og behandlar kvarandre med respekt.
-
For å lage denne forskningsrapporten vart religion oppgitt indirekte ved å skjule det bak verv eller frivillig arbeid i organisasjonar med tydeleg religiøs tilhøyrlegheit. Eg har ikkje lest forskningsrapporten så eg har ikkje grunnlag til å seie så mykje om kva svakheiter i datagrunnlaget som vart vurdert. Men eg tenker som deg at som jobbsøkar så bør du vurdere om det er relevant å skrive i CVen at du er medlem i Minhaj ungdom eller i kirkens bymisjon, tilsvarande er det med politisk tilhøyrigheit. Det kjem sjølvsagt ann på kva slags jobb du søker, men eg tenker at dersom frititdsaktivitetane dine i det heile tatt er relevante for jobben du søker så er det nok tilstrekkeleg å i fyrste omgang skrive veledigheitsarbeid, frivillig arbeid, eller liknande utan å gå i detaljar. Eg tenker også at ein svært stor feilkjelde i denne forskinga er at ein typisk norsk arbeidsgivar kjenner nok til kirkens bymisjon og veit kva det arbeidet går ut på, men ein har kanskje ikkje peiling på kva Minhaj ungdom står for. Og omvendt, om du oppgir at du har jobba som frivillig i Syria for Røde halvmåne så gir nok det eit langt større pluss i boka sidan dei fleste veit at dette er namnet som Røde kors brukar i muslimske lang, enn at du oppgir at du er aktivt medlem i Jehovas vitner som fort teller meir negativt sjølv om det er "rett" religion. Det er interessante data dette som går på bruken av namn i ulike verdensdelar, men akkurat når det kjem til denne hintinga om religion så trur eg det er vel så mykje kunnskapslausheit enn diskriminering som ligg bak. Litt på same måte som at dersom du har ei utdanning med tittelen "business analyst" eller "systemplanlegger" så bør du forklare kva kompetanse som ligg i den utdanninga, for det er ikkje sikkert at arbeidsgivar forstår kva kompetanse du sitt på utifrå ein slik tittel åleine. Eg vil nok også gjette på at når det er sendt ut 3000 falske jobbsøknader så har ein nok ikkje klart å skreddersy kvar søknad for den aktuelle stillinga, så det er nok vanskeleg å unngå at mange arbeidsgivarar les søknaden som ein jobbsøknad som i liten grad er tilpassa den aktuelle stillinga, og då er ein alt der i fare for å ikkje få tilbod om intervju. Eg blir forresten også nyskjerring på korleis dei har løyst kommunikasjonen i dette forskningsprosjektet, kanksje eg skal søke opp og lese rapporten? Ein ting er å skrive ein søknad med eit falskt navn og oppretta ei falsk epostadresse med tilsvarande navn, men det er ikkje så lett å ha falske telefonnummer. Dersom det kjem opp feil navn tilknytta telefonnummeret, eller at det ikkje kjem opp eit navn som er knytt til telefonnummeret så tenker eg at det også reduserer sannsynlegheita for at du får ein telefon med tilbod om å kome til intervju.
-
Det er fleire moment som er av betydning, heller ikkje politiet har juristutdanning. Høgare utdanning åleine er openbart ikkje nok når tingretten konkluderer med frifinning, lagmannsretten med dom, og høgsterett med 3 mot 2 stemmer for frifinning. Eg trur nok vi trygt kan konkludere med at dei juridiske kvalifikasjonane som trengs for å avgjere denne saka ligg langt over det som både forumbrukarar og politiet har kompetanse til å avgjere når heller ikkje dei som skal være ekspertar på dette feltet klarer å konkludere likt. Når det gjeld sjølve saka så er det slik at til tross for tre runder i retten så er det fortsatt svært ulik oppfatting av kva som eigentleg har hendt. Det ein har er dette overvåkingskameraet frå bensinstasjonen, samt vitneforklaring. Mobilvideoen som kunne gitt eit klarare bilde samt lyd vart som kjent sletta. Kvar ein landar i sin eigen konklusjon er veldig farga av når ein meiner at situasjonen vart ukontrollerbar for politimannen, og når (om i det heile) valdsbruken gikk utover det som var nødvendig og forsvarleg i akkurat denne situasjonen. I media blir det framstilt som at saka starta i det politimannen med ei forsiktig hand fekk Simensen til å ta eit skritt bakover, som så leia til at politimannen tok tak i arma til Simensen, og at Simensen responderte med å ta eit skritt tilbake utan å ta hendene ut av lommene, som igjen førte til at han vart lagt i bakken, osv. Det er nok likevel veldig ulik oppfatting av når det vart nødvendig og forsvarleg å bruke makt, Simensen var utvilsomt nærgåande, så ei tolking er at han alt lenge før denne episoden tråkka over ei grense som gjorde det nødvendig å seinare legge han i bakken. Ein anna måte å oppfatte situasjonen på er at det er lov å være i nærheita av politiet og at fram til ein eventuelt får beskjed om å holde avstand så har ein rett til å være der (og også til å filme slik som kompisen gjorde). Utifra denne oppfattinga så var ikkje Simensen ein aktiv trussel og utgjorde i så måte i verste fall ein potensiell trussel som då ikkje er grunnlag til bruke makt i det heile tatt. Den neste oppfattinga var at behovet for å kontrollere Simensen ved å legge han i bakken var både nødvendig og politifagleg riktig, deretter er det nok veldig mange oppfattingar av kva som var rett og galt etterpå. Alt frå at politimannen ved hjelp av kollegaene burde kunne ta kontroll utan slag, at dei fyrste slaga fram til at politimannen fekk assistanse var nødvendige men ikkje dei påfølgande, til at alle slaga var nødvendige ettersom Simensen vrei seg unna og prøvde å reise seg. Min oppfatting og meining er at det vart brukt meir vold enn det eg normalt forventer av politiet. Eg kan ikkje sjå at det forelå ein så akutt trussel at Simensen måtte leggast i bakken med makt, og at dei etterfølgande slaga nok vart nødvendige. For sjølv om det er forståeleg at Simensen prøvde å reise seg opp etter å ha overraskande blitt kasta i bakken så er det på det reine at han burde forstått at politimannen ville ha kontroll og at den korrekte reaksjonen hadde vært å ligge heilt i ro, så gjorde han motstand som legitimerer voldsbruk. Eg meiner likevel at slag med knyttneve og batong mot hovuded var godt over strekene for kva som var nødvendig. Sjølv i verste fall der Simensen hadde klart å vri seg laus så var han fortsatt omringa av fire bevæpna politibetjentar og utgjorde derfor ikkje spesielt stor risiko sjølv om han hadde valgt å gå til motangrep etter å ha reist seg opp. Min meining er at Simensen utgjorde klart størst risiko ved at han ufrivillig var satt i ein konfrontasjon der dei to låg på bakken i ein brytekamp. Det var fyrst i denne situasjonen at Simensen var i posisjon til å eventuelt slå mot politimannen eller enda verre ta kontroll på politimannens tenestevåpen som på grunn av nedlegginga no var innafor Simensen rekkevidde om han hadde ønska å gripe etter pistolen. Eg meiner derfor at politimannen burde blitt dømt for å ha gått for langt, men eg ikkje så blodtørstig som ein del andre at eg meiner at straffa burde være fengsel og yrkesforbod. Ei displinærstraff samt ei lita erstatning til Simensen hadde etter mitt syn vært tilstrekkeleg. Formålet er ikkje å luke ut denne eine politimannen, formålet med ein dom må være å sette ei grense for korleis slike situasjonar skal løysast i framtida. Eg tenker at sjølv om at Simensen burde fått ordre om å holde avstand, så var nedlegginga i seg sjølv lovleg sjølv om den var brutal, den innleiiande voldsbruken var nok også til dels nødvendig, men eg er heilt ueinig i at det her forelå ein slik nødvergesituasjon som gjorde det nødvendig å umiddelbart sette Simensen ut av spel ved å angripe hodet. Den største feilen som politimannen her gjorde var å eskalere brytekampen til slag, særleg ettersom han hadde kollegaer rundt seg som kunne hjelpe til å få kontroll utan å banke opp Simensen. Eg gjer meg også nokre tankar om at heile situasjonen kunne vært handtert på ein anna måte, og då særleg ved å fyrst forsøke tilsnakk. Og sekundært at politimannens feilvurdering hadde potensiale til å gå skikkelig skikkelig gale, der det vel eigentleg er snakk om flaks at situasjonen ikkje kom meir ut av kontroll enn den gjorde. Ein ting er at Simensen kunne fått varige skader av denne behandlinga, men enda verre er det at Simensen vart pressa inn i ein situasjon der han kunne forårsaka svært mykje skade om han hadde hatt formål om dette. Når du som politi går med våpen på hofta med kule i kammeret så skal du være ekstremt forsiktig med nærkontakt med potensielle trusslar, tilsvarande risiko er det med peppersprayen som også er peik og trykk men med vesentleg lågare skadepotensial. Fordi politimannen aksjonerte utan å ha sikra seg bistand så var det her ein reell fare for at Simensen kunne ha fått tak i våpen, ein risiko som kunne vært heilt eliminert dersom politimannen hadde tatt eit skritt bakover for å gi seg sjølv avstand og handlerom i staden for å gå rett for ei hoftetakling. Ein ting er at dette er ein politimann som låg terskel for å bruke vold til å løyse oppdraga sine, enda verre er det at han har eit handlemønster som potensielt setter kollegaene i ein farlegare situasjon enn dei ellers hadde trengt. Det er relativt enkel kampstrategi at forsvarsposisjon er ein sterkare posisjon enn angrep, og at angrep ikkje må gjennomførast utan å ha eit fornuftig overtak. Overraskingsmomentet er absolutt eit slikt overtak når det er 1 mot 1, men i denne situasjonen så hadde det vært langt mindre risiko ved å fyrst ta eit skritt bakover, og deretter gått til "angrep" saman med ein kollega for å være sikker på å ha nok makt til å vinne konfrontasjonen. Slik kortsiktig tenking burde i det minste ført til ein advarsel, ikkje jubel for at ein no har vunnet fram i høgsterett med at slik voldsbruk er heilt innafor så lenge polititbetjenten sjølv syntes at vold var nødvendig.
-
Det er ikkje nødvendig å hyre inn eit parkeringsselskap, styret kan som eigarrepresentant sjølv skrive ut kontrollgebyr forutsatt at det er satt om skilting om dette. Dette gir moglegheita for rask respons på parleringsgebyra utan å måtte vente på parkeringsvakta. For tvangssalg er lista ganske høg, typisk må det være akutt fare for skade på eigedommen, eller så må ein kunne vise til at problemet er gjentakande. Terskelen for å dømme nokon til å flytte ut frå heimen sin er høg. Ulovleg parkering som i kan være til hinder for hypotetiske rullestolbrukarar som er på besøk, og som samtidig ikkje pågår lenge nok til at det er sannsynleg at ei parkeringsvakt rekk å skrive ut gebyr, det er nok ikkje veldig sterke argument. Det ikkje juridiske rådet er at det er ofte mykje enklare å plage folk til å flytte frivillig. Det kan være så enkelt som at dykk andre bebuarane passar på å ringe eller banke på for å be vedkommande om å flytte bilen kvar gong den er feilplassert. Slikt "mas" kan fort være vell så oppdragande, eventuelt plagsomt nok til å vurdere flytting.
- 15 svar
-
- 3
-
Når produsenten setter skiftintervall så er det ei blanding mellom risikoen for at reima ryk før tida og kjem inn som reklamasjonssak, reklameverdien av å kunne skryte av lang driftstid utan å skifte delar, litt basert på erfaringar frå tidlegare kundar, og ikkje minst ønsket om å få kunden til å returnere til merkeverkstad for å bytte til ny original registerreim så ofte som mogleg utan at det blir så ofte at ingen vil kjøpe bilen.
-
Potensielt dødeleg: Side 6, punkt 100. "Flertallet legger, i tråd med de sakkyndige vitnenes forklaringer, til grunn at knyttneveslag mot hodet er å anse som et maktmiddel høyt opp i ‘maktpyramiden’. Dette følger blant annet av at slike slag har et betydelig skadepotensial. Det skal derfor tilsvarende mye til for at denne type maktbruk kan anses nødvendig, forsvarlig og å stå ʻi forhold til situasjonens alvor, tjenestehandlingens formål og omstendighetene for øvrigʼ. De sakkyndige vitnene forklarte at knyttneveslag mot hodet anses som et maktmiddel ‘i nødvergesporet’, som etter omstendighetene kan brukes når det er fare for liv og helse. Dette gir en indikasjon på hva som kreves av situasjonen for at slike slag som tiltalte brukte, skal anses lovlige.» Og side 17 punkt 106. "Selv om jeg bygger på at det var grunnlag for å foreta nedleggelse av C, forelå det ikke en så akutt og farlig situasjon at det var nødvendig og forsvarlig å benytte slag mot hodet for å sette ham umiddelbart ut av spill". Heile poenget med maktpyramiden er å vise til at jo høgare opp i pyramiden ein kjem, jo større er potensialet for livstruande utfall. Knyttneveslag mot hovudet er berre eit akseptabelt maktmiddel når ein er i ein nødvergesituasjon, underforstått at "alt er lov" fordi alternativet er store fare for eige liv. Når ein snakker om å sette ein person umiddelbart ut av spel, så snakker ein i praksis om bevistlausheit eller død. Straffefritt: Side 11, punkt 65. "Under enhver omstendighet ligger handlingene etter mitt syn innenfor den marginen tiltalte må innrømmes i medhold av den ulovfestede rettsstridsreservasjonen. Heller ikke de 14 slagene som jeg nå har behandlet, rammes derfor av straffeloven § 271" Med andre ord. Det finnes ingen omstendigheiter der slik voldsbruk er å betrakte som over grensa for lovleg maktbruk, sidan den tiltalte har gjennom den ulovfesta rettstridsreservasjonen har fått vurdere voldsbruken. Dette må sjåast i samanheng med at politiloven § 6 er ganske enkel og grei "Politiet kan anvende makt under tjenesteutførelsen i den utstrekning det er nødvendig og forsvarlig", at politiet blir innrømma eit handlingsrom så er så stort at det ikkje finnes omstendigheiter der voldsbruken bryt mot kravet om at volden skal være nødvendig og forsvarleg, ja då er dette ein uttale på at til tross for det som står i politiloven så kan voldsbruken være både unødvendig og uforsvarleg utan at det medfører lovbrot. Når det er innafor akseptabel maktbruk å hoppe heilt til toppen av maktpyramiden til tross for at det ikkje forelå ein akutt trussel og med såpass mange andre handlingsalternativ, heriblant at politiet var i klart fleirtal, så er det ingen praktisk forskjell på kva instrument som blir brukt til å (forsøke) å påføre alvorleg skade. Er det forsvarleg voldsbruk å prøve å knuse skallen med batong, så er det også innafor å prøve å lage penetreringsskade i hodeskallen ved hjelp av pistol (eller kniv for den slags skuld). Når voldsbruken er retta mot hode og hals med formål om å sette vedkommande ut av spel, så er det ein aksept på at her aksepterer ein at vedkommande døyr fordi det er nødvendig å ta steget så langt. Til motsetting til voldsbuk mot ekstremiteter der formålet er at vedkommande skal gi opp på grunn av smerter, og i verste fall på grunn av brudd og knusningsskader som har låg sannsynlegheit for å være dødelege. Dommen har ikkje tatt stilling til om det var forskjell på å knyttneve- og batongslang. Høgsterett har berre konkludert med at i ein slik situasjon så var all voldsbruk lovleg, noko som igjen betyr at det ikkje må forventast at høgsterett meiner at batongslag mot hovuded var akkurat innafor medan eit pistolskot i hovuded var utanfor. Begge instrumenta for voldsbruk har relativt likt potensiale for død og varig skade når ein bruker slike våpen mot såpass sårbar område som hovudet er. Eg hadde forventa at høgsterett i det minste hadde sagt noko om at batongslag mot hovudet er i grenseland for kva som er forsvarleg, sjølv om høgsterett konkluderte med at voldsbruken er lovleg.
-
La oss snakke om norsk antisemittisme
The Avatar svarte på Eirikraude sitt emne i Politikk og samfunn
Om det er Norges rolle under andre verdenskrig som er trådens tema så burde du nok laget tråden under "historie", når du lager denne i "politikk og samfunn" så blir det fort til at ein snakker om dagens politikk og dagens samfunn. Det er mykje som kan seiast om det som skjedde under andre verdenskrig. Jødane var lite populære i heile Europa på den tida, og dei var ein enkel skuldebukk for at det gjekk dårleg med økonomien. Argumentasjonen som vart brukt mot jødane er i praksis lik argumenta som blir brukt i dagens innvandringspolitikk. Altså at det er innvandrarane som kjem til oss og tek jobbane våre, lager gettoar i byane våre, og har eit parallelt samfunn dei ein søker hjelp og stiller opp for vennar og familie (mykje på grunn av at ein ikkje får eller stoler nok på at staten kan ivareta denne rollen). Den norske befolkninga var i 1940 relativt nazi-vennlege, for mange var det eit enten eller valg der alternativet var kommunisme som ikkje var spesielt mykje betre. Det at Norge vart okkupert førte til at mange tok avstand frå nazistane sidan dei var fienden, og dei som fortsatt sympatiserte med nazistane hold meininga for seg sjølv. Det var ein del nordmenn som av ulike grunnar blei pressa til å bli NS medlemmar, som til dømes redaktørar som ikkje fekk fortsette å gi ut avis med mindre dei meldte seg inn i NS. Andelen med aktive NS medlemmar i Norge var likevel låg. Det norske politiet har fått skulda for ei dårleg handtering av krigen, men det var fleire ting som spelte inn. I starten av krigen så var norsk politi relativt samarbeidsvillige med okkupasjonsmakta, dette var til dels motivert med å verne om sivilbefolkninga som lett hadde risikert å bli skutt av tyskerane om dei gjorde motstand. Litt seinare så vart politiet meir aktivt samarbeidande med nazistane, mellom anna ved ei omorganisering med nazi-vennlege politileiarar på toppen. Dette kombinert med at mange brukte som unskuldning at dei berre fulgte ordre gjorde at det norske politiet var "nyttige idiotar" for okkupasjonsmakta, noko som mellom anna gav utslag i at svært mange jødar vart arresterte på tysk bestilling, noko som igjen gjorde det veldig lett å deponere jødane til konsentrasjonsleiarane. Det bør vel også nemnast at det var ein del norske politimenn som var henretta for å motarbeide tyskarane, så sjølv om det å berre følge ordre ikkje er ei god unskuldning, så er det på det reine at mange norske politimenn frykta for sine liv om dei ikkje utførte jobben dei vart satt til. Det er også verdt å merke seg Gestapo var tungt inne for å påsjå at det norske politiet gjorde jobben dei vart satt til å gjere, og at dei mest kritiske politioppgåvene som å arrestere motstandsfolk ofte vart utført av Gestapo sjølv i frykt for at nokon i det norske politiet skulle klare å varsle motstandsfolket. Etter krigen var den norske nazismen så godt som daud, særleg når nyheita om kva som hadde skjedd med dei norske jødane vart offentleg kjent. Det som i alle fall eg synes hadde vært interessant å diskutere utifrå eit historisk perspektiv er kvifor ein i Norge og resten av Europa gjekk vekk frå antisemittismen? Eg håpar og trur at det var fordi krigen verkeleg viste ondskapen bak denne ideologien, og at sjølv dei som ikkje likte jødane innsåg at ingen fortener å bli drept på denne måten. Men eg har også ein liten tanke på at det etter krigen ikkje hade så mykje for seg å utale seg negativt om jødar, for det var tross alt ikkje så mange jødar igjen i landet vårt etter krigen. For sjølv om at nazistane tapte krigen, så oppnådde dei faktisk mykje av det nazistane satte seg føre å utføre, nemeleg å bli kvitt jødane. Det er derfor ein liten sjans for at nordmenn flest ikkje endra sitt syn på jødane etter krigen, men fordi det var så få jødar igjen å sjå ned på så var det i prasis ingen som merka noko av antisemitismen. -
Det å gjere dette til straffefritt som del av handlingsrommet som politiet må ha, sjølv om det her berre var snakk om å snakke med Simensen, er etter mitt syn problematisk. Når retten også har forstått at disse slaga var potensielt dødelege, så synes eg at det går alt for langt i å legitimere vold. Slik fleirtalet i høgsteretten har argumentert, så kan eg ikkje sjå at det hadde utgjort ein einaste forskjell i skuldspørsmålet om politimannen hadde gått rett til tenestepistolen og gitt gjentatte skot mot hovudet, i staden for å gå via knyttneve, pepperspray og batong. Høgsterett seier rett ut at dødeleg vold er straffefritt i ein slik situasjon. Slik kan vi ikkje ha det, når det bryt såpass klart med politilovens forutsetning om at ein har ei maktpyramide der ein så langt som råd skal klatre steg for steg, og ikkje hoppe rett til toppen fordi det er bekvemt. Så kan det godt være at det i akkurat denne saka vart vurdert som nødvendig voldsbruk, og at dette ligg godt innafor politiets tabbekvote som dei ikkje skal risikere straff for. Men måten dommen er formulert på er særdeles farleg, og særleg at det er slått fast at maktbruken under ei kvar omstendigheit ikkje er straffbar fordi det ligg innanfor den feilmarginen som politiet skal ha ved tolking av politiloven. Det er ikkje sikkert det blir eit problem, men no har vi ein høgsterettsdom på at politiet er gitt fullmakt til å ikkje følge politilovens bestemmelsar om maktbruk.
-
Min anbefaling er at du er konsekvent, helst ved å ikkje delta i slike kjedebrev. Då slepp du å ta stilling til om det er gode eller dårlege saker som blir delt, og du kan ikkje lastast for å ha delt det eine innlegget og ikkje det andre. Det andre alternativet er at du deler alt heilt ukritisk og ikkje tek deg tid til å vurdere innholdet. Vil også legge til at av det eg har observert på slike kjedebrev så er det mykje som er regelrett spreiing av feilinformasjon. Som til dømes disse innlegga som for nokre år sidan gjekk ut på at ein ved å skrive innlegg på Facebook ikkje gav løyve til at Facebook kunne bruke personlege bilder som er lasta opp på Facebook til sin markedsføring, og med oppfordring om å dele innlegget for at også du skulle skrive same innlegget. Heile innholdet i det innlegget var sjølvsagt berre tull, og sjølv om det ikkje hadde vært det så kan ein sjølvsagt ikkje fyrst akseptere Facebook sine brukervilkår og deretter ta avstand frå dei same vilkåra. Tenker at du skal sjå på dette som eit samfunnsoppdrag der også du har ansvar for å ikkje være med å spre misinformasjon. Er det nokon av dine Facebookvennar som skriv eit godt innlegg om noko som opptek dei personleg så må du gjerne dele. Men ta såpass med ansvar at du ikkje deler vidare slike innlegget som berre har til formål å spreie seg lengst mogleg gjennom å gi dårleg samvittigheit. Og leser du eit slikt innlegg om kreft og får dårleg samvittigheit, så doner ein liten slant til kreftforeiinga. Du gjer ingenting for kreftsaka om du berre deler eit innlegg der du seier deg einig i at kreft er dumt og alt det der.
- 9 svar
-
- 3
-
Har ikkje høyrt uttrykket før. Kontant betyr med ein gong og er det motsette av kreditt. Kreditt betyr i denne samanheng å betale seinare. Ein kontant lapp bety derfor noko slikt som "betale no lappen". Eg kan derfor med litt velvilje være med på å at ein kan omtale ei kvittering som ein kontantlapp ettersom kvitteringa er eit bevis på at betalinga er motteke, uavhengig av om det er betalt med kontantar, kredittkort, eller digital betaling. Forøvrig så er ei kvittering ei skriftleg stadfesting på at ein har bytta betaling mot ei eller fleire varer. Det vanlege er at butikken skriv ut ei kvittering på at du har betalt X kr for Y produkt, men det er i praksis ingenting i vegen for at du som kunde også skriver ei kvittering til butikken der du stadfester at du har motteke produkt Y i bytte mot å betale X kr. Det er likevel dekkande at butikken lagar kvitteringa i to eksemplar der du som kunde får eine kopien medan butikken beheld den andre kopien.
-
Med god nok inntekt til at du uansett kan betale ned kredittlåna dine så er det nok absolutt rom for å kunne forhandle deg til betre betingelsar. Rentenivået er til dels ein kompensasjon for at det er ein risiko for at lånetakaren ikkje betalar tilbake, særleg når ein ikkje kan stille materiell sikkerheit som gjer at utlåner er sikra å få tilbake pengane sjølv om du ikkje kan betale. Om du kan overbevise banken om at du har ei inntekt som gjer at du kan garantere for ei betalingsevne på X tusen i måneden så vil det være relativt liten risiko for banken å tilby deg ei betre rente enn kredittrenta. Banken vil tene pengar på å refinansiere kredittlånet slik at det er din bank som får renteinntektene og ikkje eit kredittselskap, spørsmålet er berre kor låg inntening banken din er villig til å akseptere, og korleis banken vurderer risikoen for at du ikkje betalar som planlagt, til dømes fordi du mister jobben eller enkelt og greit prioriterer å heller betale på andre ting.
- 9 svar
-
- 1
-
Daytrading. Hockeyspiller tjener 500k i måneden.
The Avatar svarte på Ænonym sitt emne i Privatøkonomi
Om han står oppført med 6 mill i årsinntekt på skattelistene så er dette summen av både daytrading og jobben som hockeyspelar. Om vi tek utgangspunkt i påstanden om at han tener omtrent like mykje i måneden som han gjer på eit år som hockeyspelar så tilseier det at han som hockeyspelar har ein årsinntekt på 500 000 kr, så då det 5,5 mill han tener på daytrading. Så har han også dette firmaet sitt som låner ut pengar til andre daytradere utan at det er spesifisert kor mykje han tener på dei ulike jobbane. Det er fortsatt mykje pengar, og inntektene gjennom firmaet ville han nok ikkje ha om han ikkje hadde skaffa seg erfaring som daytrader sjølv. Det er nok likevel ei overdriving å seie at han tener 6 mill i året på daytrading. Daytrading medfører ein relativt stor risiko sjølv om ein gjennom analyse, flaks og rask reaksjonsevne kan redusere risikoen. For å få store inntekter så må ein også risikere store summar, og som daytrader kan du potensielt gå deg på ein kjempesmell. Om du skal ha særleg med inntekt på dette så må du være villig til å investere større summar, samtidig så må du også ha råd til å tape. Her er det absolutt ein fordel å ha ein stor eigenkapital å ta av, for sjølv om det går gale fleire gongar på rad så vil du ha pengar til å kunne jobbe deg opp igjen og du er dyktig og har flaksen på din side. -
La oss snakke om norsk antisemittisme
The Avatar svarte på Eirikraude sitt emne i Politikk og samfunn
Men er det på ein annan måte? Russiske og Belarussiske utøvarar fekk berre delta i OL dersom dei tok avstand frå krigen og deltaking i arrangement som kunne ansjåast som propaganda, og sjølv då fekk ein berre delta under nøytralt flagg. Det er ikkje lett å være russer i Norge om ein ikkje har tatt ein aktiv og uttalt motstand mot krigen. Vi kan ikkje konfrontere og kreve at ein tek stilling til det, men ein blir absolutt dømt om ein forheld seg taus ettersom det blir tolka som at ein støttar krigen. Det sagt så er det ein stor forskjell på å være jøde og å være israelsk statsborgar. Som israeler busatt i Norge så er det nok langt meir innafor å stille spørsmål om i kva grad ein støttar staten Israel sine handlingar, enn det er å skulle stille ein femte generasjons nordmann som tilfeldigvis har jødisk tru til ansvar for kva ein stat som vedkommande ikkje har tilknytting til gjer eller ikkje gjer. Det er ikkje som at vi stiller kristne nordmenn til ansvar for engelsk utanrikspolitikk sjølv om England har protestantisk statsreligion.- 228 svar
-
- 2
-
Eg tenker at det kjem veldig ann på korleis ein organiserer seg. Dersom dei tilsette på SFO sitt på eine møterommet og er tilgjengelege ved behov så treng ikkje den foresatte som er henta inn til å være barnevakt å ha særleg mykje opplæring. Går brannalarmen, det oppåstår slosskamp, osv så vil personalet være 30 sekund unna og kan ta seg av situasjonen. Dersom juleavslutninga skal være ein heilt annan stad slik at den/dei foresatte må ha alt ansvaret så vil nok det utløyse krav til at dei foresatte skal ha nødvendig opplæring til å løyse dei situasjonane som kan oppstå. Når det gjeld krav til politiattest, så er det ikkje krav til det ved slike oppdrag. Det SKAL krevast politiattest ved fast eller midlertidig stilling, men for utføring av oppgåver på slike stadar så er det slik at ein KAN kreve politiattest. Det er innafor lovkravet å sleppe til nokon utan politiattest eller pedagogisk kompetanse til å passe på barna i denne drøye timen det er snakk om, og i alle fall når det også er snakk om berre ein gong i året. Faren for at noko alvorleg kan skje blir etter mitt syn også mindre jo fleire føresatte det er som stiller opp. Eg tenker derfor at i staden for å være heilt imot ei slik løysing med foresatte som hjelper til, så er det mest hensiktsmessig å ta kontakt med SFO for å snakke om korleis ein løyser dette i praksis. Fyrste spørsmål er då om dei tilsette er tilgjengelege om nødvendig eller om dei blir utilgjengeleg. Er dei tilgjengeleg så er det sånn sett ein kompanserande faktor at alle dei tilsette er tilgjengelege og ikkje berre dei som vanlegvis er på jobb på denne tida. Det neste spørsmålet er at dersom dei tilsette er tilgjengelege, i kva grad er dei tilgjengelge? Det burde være fint mogleg å ordne med dobesøk på førehand i størst mogleg grad, og legge opp til at ein av dei tilsette ordnar med dobesøk som trengs i løpet av denne timen. Eg tek det eigentleg for gitt at det ikkje er slik at dei føresatte ønsker å følgje andre sine unger på do uansett, så eg hadde tenkt at det var naturleg at oppgåva til dei føresatte vil være å halde oppsyn med ungane og gi beskjed om det er behov for assistanse. Eg tenker derfor at det viktigaste og beste vil være at SFO-leiaren lagar ein instruks for kva dei foresatte som passar ungane skal og ikkje skal gjere. I tillegg til å definere eit minimum av føresette som må stille opp. Som minimum så bør ein kreve at det i alle fall ikkje er færre vaksne til stades enn ved normal drift.
- 16 svar
-
- 3
-
La oss snakke om norsk antisemittisme
The Avatar svarte på Eirikraude sitt emne i Politikk og samfunn
Det er nøyaktig dette som er den russiske unskuldninga for krigen i Ukraina. At krigen var nødvendig for å demilitarisere og denazifisere Ukraina. Underforstått at militante ukrainske nazistar utgjorde ein trussel for Russland og/eller den russiske befolkninga i Ukraina. I tillegg vart det argumentert med at Russland skulle unngå ei større grense mot NATO som Russland anser som ein trussel, utan at det er heilt forståeleg korleis det vil hjelpe å underelegge seg Ukraina slik at Russland då hadde fått direkte grense til NATO landet Polen i tillegg til dagens grense mot Estland og Latvia i nord og Slovakia, Ungarn og Romania i sør. For ikkje å snakke om at det burde ikkje være ei veldig stor overrasking at Sverige og Finland blir utrygge på kva Russland i framtida vil finne på og derfor søker tryggheit gjennom NATO medlemsskap i staden for å prøve å være nøytrale.- 228 svar
-
- 2
-
I tillegg er det heller ikkje angrerett om alt har foregått digitalt med unntak av signeringa. Dette er juridisk komplisert der små detaljar kan ha stor betydning. Husleietvistutvalget skriv på sine sider at hovudregelen er at det ikkje er angrerett men at unntaket er når leigeavtalen er inngått som fjernsalg, noko som dei definerer slik "Fjernsalg er typisk en avtale om leie av bolig som blir inngått via telefon, sms, eller e-post, hvor utleier har lagt opp til at avtale kan inngås på slik måte". Det er tydeleg at ein bevist ikkje omtalar fjernsalg der leigetakaren har fått langt meir opplysningar, som ein vanleg nettannonse der husrommet er både fotografert og beskrevet med tekst. Det vil fortsatt være fjernsalg sjølv om leigetakaren har fått god informasjon, men samtidig er ein del av intensjonen med angreretten borte når ein ved hjelp av teknologi har fått gjennomført visning. Ein eventuell bruk av angrerett fordrar også at eksen er interessert i å kome seg ut av leigeavtalen, og det er ikkje gitt. Strengt tatt vil det være i eksens interesse å flytte inn i bustaden og kreve at trådstarter i henhold til avtalen betalar halve husleiga sjølv om ho ikkje skal bu der. Det er dette som gjer det avgjerande at trådstarter får ein god dialog med eksen om korleis dette kan løysast på ein minneleg måte, om nødvendig med forhandling. Utleigefirmaet vil berre ha ulempar med å gå tilbake på den inngåtte leigeavtalen. Ei heving betyr ekstraarbeid med å finne nye leigetakarar og med risiko for lediggang frå januar av. Og det å frita trådstarter fra det solidariske økonomiske ansvaret gir også utleigar mindre sikkerheit for å få pengane sine. Også her kan det å forhandle være løysinga, som til dømes at trådstarter tilbyr å betale X kroner for at utleigar skal gå med på å endre leigeavtalen slik at det berre er eksen som står ansvarleg for leigeforholdet.
-
Kva brukte du som saus? Kebabkjøttet frå Gilde er skinke med litt krydder, så i seg sjølv er det ikkje veldig spennande. Kjøttet har lite smak, så det viktigaste er at kebabkrydderet ikkje kræsjer med pastasausen.
- 468 svar
-
- 1
-
Er du sikker? Spørsmålet er mest kva du ønsker å oppnå? Eg tviler på at styret kjem til å gi seg på det dei sjølv meiner er rett, så om formålet er ein offentleg beklagelse og framtidig aksept for opptak av bebuarmøta så trur eg det er lite realistisk. Husk at motparten din er glade amatørar med liten juridisk kompetanse. Dersom du skal adressere dette så bør du vurdere å gjere det som ei årsmøtesak, og innhente støtte for ditt syn. Då kan du kanskje oppnå eit årsmøtevedtak på at det skal være lov med opptak, at møteprotokollane skal signerast av vitnet, eller liknande regel som gjer at du oppnår det du vil, som i bunn og grunn er korrekte møteprotokollar. Ein privat krangel med styret har eg vanskeleg for å sjå for meg at du kan vinne, då er det betre å ta debatten offentleg. Og ein open debatt erbdet best å ta i årsmøtet der styret ikkje har siste ordet.
- 38 svar
-
- 2
-
Tenker advokat er heilt unødvendig her. Trådstarter er part i ei tidsbestemt leigeavtale og har i utgangspunktet forplikta seg til å leige i eit år. Om du har juridisk rådgiving inkludert i innboforsikringa eller liknande så kan det være ein tanke, men skal trådstarter sjølv betale for advokat så kostar det meir enn det smaker. Det er ingen juridisk måte å vri seg ut av denne leigeavtalen på, så løysinga er å gå i forhandlingar for å avgrense betydninga av å være avtalepart. Der mest nærliggande er å få eksen til å gå med på å sjølv betale heile husleiga sidan det er han som bur der. Då er trådstarters ansvar avgrensa til å kunne risikere å bli holdt ansvarleg for eventuelt manglande husleige, noko som normalt ikkje burde ha stor praktisk betydning når eksen har fast jobb. Eit anna alternativ er derdom trådstarter og eksen kan bli einige i ein eigen avtale om korleis det kollektive ansvaret skal løysast i praksis, mest nærliggande at dersom trådstarter ender opp med å måtte betale fordi eksen ikkje har betalt så er dette å ansjå som privat gjeld som trådstarter kan kreve tilbakebetalt.
-
Ja. Avtalen vart bindande i det avtalen vart inngått (som ikkje nødvendigvis er det same som når du skreiv under). Du treng likevel ikkje å vente til overtakingsdatoen for å seie opp. Du kan fint seie opp før du flyttar inn, men om det er overtaking 1 januar og det er vanleg avtalevilkår om at oppseiingstida startar den fyrste i komande måned så har det lite praktisk betydning.
-
Då er det berre opp til utleigaren om han/ho aksepterer å inngå ei ny leigeavtale der du ikkje lenger er ein part. (Og sjølvsagt eit spørsmål om eksen fortsatt er interessert i bustaden utan å ha med deg). Om alle er einige så kan ein når som helst inngå nye avtalar. Om ein ikkje er einige så må avtalen seiast opp i samsvar med avtalevilkåra.