The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Strengt tatt er det skjerpande om det er ein russ som køyrer ettersom vedkomande mest truleg har prøvetid på lappen. Ikkje vil det hjelpe å dele bota heller sidan føraren mister lappen og må ta ny oppkøyring. Men den største risikoen er dersom det skjer noko der nokon blir skada og forsikringa ikkje vil dekke kostnaden på grunn av at dei satt usikra i bilen. Skal ikkje meir til enn ei kraftig nedbremsing før det er fare for personskade når det er så mange i bilen.
- 18 svar
-
- 1
-
Vanlig for ein ekstra passasjer er i underkant av 3000 kr i bot. To eller fleire personar i overlast gir vanlegvis beslag av førarkort. I tillegg kan dei som utgjer overlasta få personleg bot for å ikkje bruke bilbelte. Den fysiske maksvekta har eigentleg ikkje betydning når det gjeld passasjerar, men ein kan sjølvsagt også få bot om det viser seg at bilen i tillegg er overlasta med folk.
- 18 svar
-
- 1
-
Slike ting kan sikkert skje i andre bedrifter også. Her har toppleiaren hatt ein avtale på firmabil, og det har han tydelegvis utnytta til å skaffe seg ein av dei dyraste bilane som firmabil. I seg sjølv ikkje noko galt med det, men det er jo ein vanvittig pengebruk. Norsk industri er ei fagforeining på arbeidsgivarsida, så det som er mest utruleg er vel at medlemsbedriftene som betaler for gildet ikkje har hatt innvendingar. Det sagt så kan det være at det har vært lønnsomt å f.eks ha nettverksbygging på jaktområdene på Hardangervidda om dei millionane som vart brukt på å blidgjere handelspartnarar har sikra kontrakter verdt mykje meir. Det kan være grunnen til at medlemsbedrifter har syntes det er greit å betale for slikt ettersom det kan ha gitt større inntekter. Det store spørsmålet er lovlegheita, det får Økokrim vurdere. Men å ta betaling i eiga lomme for å vidareselge flygningar som din arbeidsgivar har betalt for vil fort være straffbart om det ikkje er gjort på rette måten.
-
Burde vi senke den kriminelle lavalderen?
The Avatar svarte på Japemperor sitt emne i Oppslagstavlen
Ein må også finne balansen mellom å straffe og rehabilitere. Grunnen til at reaksjonar som ein har fått som mindreårig ikkje kjem på politiattest og liknande er jo fordi ein vil at dei kriminelle barna skal bli lovlydige voksne. Barn gjer mykje dumt, vanlegvis langt mindre alvorlege ting enn grove voldssaker men alikevel. Mange har som barn nasket i ein butikk, dratt på epleslang, plaga naboen med ringe-stikk, eller kasta stein på gjenstandar. Ein veit at det ein gjer er galt men ein aner ikkje konsekvensane fullt ut. Om slike ting hadde blitt meldt til politiet og straffeforfulgt på vanleg måte så er det nok mange som heilt frå barndommen hadde fått mange framtidige muligheiter tatt frå seg. Det sagt så er det openbart ein forskjell på rampestrekar og gjengaktivitet, så reaksjonane må stå i stil. -
Har du kontrakt på 150 timar i månaden så betyr det at arbeidsgivar har forplikta seg til å gi deg betaling for 150 timar og du har forplikta deg til å jobbe disse 150 timane. Skal du jobbe mindre enn dette så må dykk bli einige om det, same kven sitt forslag det er at du jobbar mindre. Når det ikkje er avtalt korleis du skal jobbe så kan timane fordele seg litt ulikt frå dag til dag. Om du får betalt ei fast månadslønn utifrå at du gjennomsnittlig jobbar 7,5 time per dag, eller om ein tell time for time er også noko som må avtalast. Eg tenker i alle fall at i ein slik jobb der arbeidet kan fordele seg litt ulikt så er det mest korrekt å føre timar og kreve betalt utifrå dei timane du faktisk har jobba. Du skal ha betalt for minst 150 timar, men har du jobba meir så skal du sjølvsagt ha betalt for alle timane du har jobba.
- 2 svar
-
- 1
-
Her mangler det openbart mange opplysningar. Det er generalforsamlinga som fastsetter fellesutgiftene, også slike forslag om eingongsbetaling. Det virker underleg at burettslaget ikkje får lån i ein slik størrelseorden, men ettersom det er to andelseigarar som ikkje klarer å skaffe eit slikt beløp og derfor vil ha det på felleslån så kan det være at det styret finn krevande er å ta opp lån som heile burettslager er solidarisk ansvarlege for når to andelseigarar indirekte seier at dei ikkje kan betene eit slikt lån. 50 000 er ikkje eit større beløp enn at kvar enkelt andelseigar bør kunne ta dette inn i sitt private boliglån. For dei som har råd til å betale dette så er låneopptak berre ein fordyrande prosess.
-
Burde vi senke den kriminelle lavalderen?
The Avatar svarte på Japemperor sitt emne i Oppslagstavlen
Det blir feil å senke den kriminelle lavalderen ovanfor barn som i mindre grad forstår konsekvensane. Når ein er over den kriminelle lavalder så blir man i praksis dømt som voksen. Det er likevel nokre reglar i FN sin barnekonvensjon om at mindreårige ikkje bør sone før dei er myndige, og i alle fall ikkje sone saman med voksne. Men det burde nok utreda å ha ein meir glidande overgang. Kanskje barnevernet burde overta delar av jobben til fengselsvesenet ovanfor barn som er dømde for kriminalitet. Jo eldre barnet er, jo meir bruk av tvangsmidler burde kunne aksepterast Det burde også sjåast nærmare på kva politiet skal få lov til, som blant anna å vurdere om barn skal kunne varetektfengslast i ei kortare periode.- 24 svar
-
- 1
-
Trur kanskje det har med elsyklar å gjere. Det er nok ei viss moment av latskap som gjer at syklistar ikkje vil bremse ned ved raudt lys. Ellers så har eg konkludert med at alle trur dei kan trafikkreglane og derfor køyrer slik som dei trur er rett. Sjå berre til alle diskusjonane om rundkøyringar, eller enkle ting som flettefelt. Det er nok mange som ikkje har eit bevisst forhold til vikeplikt ved feltskifte når det ikkje er snakk om å krysse ei køyrebane.
-
Arbeidspsykologiske tester i forbindelse med jobbintervju?
The Avatar svarte i et emne i Jobb og karriere
Trur dette kokar ned i økonomi. Mange sjefar ser berre på at det er billegare med opent kontorlandskap enn med cellekontor, og at produksjonen og effektiviten er akseptabel. Kostnaden med å erstatte tilsette som sluttar ser ein enten ikkje på eller krysserbfingrane og håper at dei tilsette ikkje seier opp. Ei stor utfordring ved rekruttering er at det er veldig vanskeleg å sjekke kompetansen utover å sjå på karakterar og spørre om arbeidsutføringa ved referansesjekk. Då fell ein fort tilbake på å vurdere det sosiale. -
Det kan være fare for arr om du kjem under overhuda, men samtidig må du godt ned i neste hudlag for at det skal bli arr. Kloring vil typisk sett ikkje være veødig djupe sår, og dermed liten fare for arr. Det viktigaste er uansett godt sårstell, desinfiser og dekk til. Ikkje pirk på eventuelle skorper. No når vi går mot sommartid så er det også verdt å nemne at såret bør tildekkast eller innsmørast med solkrem då soling kan gjere eventuelle arr tydelegare.
- 9 svar
-
- 1
-
Overtid? Som fast ordning? Det vil ikkje være lovleg bruk av overtid. Men det er lov å avtale at dagleg arbeidstid er opp til 9 timar i løpet av 24 timar, korleis den tida blir betalt er opp til kva ein avtalar, men det vil i utgangspunktet ikkje være lov å jobbe overtid utan at det føreligg eit tidsavgrensa behov. Ei skiftordning er openbart ikkje eit tidsavgrensa behov.
- 14 svar
-
- 1
-
Det er ein ting at straffa ikkje oppleves som spesielt streng sett opp mot opptakta til biljakta der den dømte hadde mange muligheiter til å revurdere. Det sagt så er det lite objektiver holdepunkt for drapsforsøk. Sjølv om det openbart er farleg å presse nokon ut av vegen så er det ikkje godt å finne eksempel frå tilsvarande ulykker som har ført til dødsfall på utforkøyring langs motorveg utan bergknausar og liknande i grøfta. Ein påstand om drapsforsøk utan anna bevis enn sjølve handlingane vil medføre at ein kvar form for vold er drapsforsøk. Sjølv eit enkelt klapp i ansiktet kan føre til at offeret trakker utfor ei trapp og døyr. Grov kroppskrenkelse er korrekt lovanvendig sjølv om ein her landa på straff i det lågare skitekt. At det reint folkeleg høyres rart ut er ein heilt annan ting, men det er ikkje haldepunkt for at det var spesielt stor fare for å døy som resultat av utforkøyringa.
- 916 svar
-
- 2
-
Du skal ha pause i løpet av arbeidsdagen, arbeidsdagen kan verken starte eller slutte med pause då det ikkje er ei pause frå arbeidet. Unntaksbestemmelsen er der du ikkje kan forlate arbeidsplassen eller har tilgang til pauserom så skal pausa reknast som arbeidstid, men det medfører berre at behovet for pause må ordnast på anna måte. For mange medfører det at ein tek nokre minutt her og der til å ete lunsj og får kompensert for ordentlig samanhengande pause ved at pausa er betalt. Alternativet at ein tek matpause til dømes i bilen og får betalt for pausetida då bilen ikkje er godkjent pauserom. Du skal uansett ha pause, forskjellen er berre at det du ikkje har reelt arbeidsfri i pausa så skal du i tillegg ha betalt for pausetida.
- 14 svar
-
- 1
-
FrP vil returnere ukrainske menn i "stridsdyktig" alder..
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Politikk og samfunn
Ukraina må i alle fall bytte strategi om dei skal nyttegjere seg av motvillige soldatat, ei slik krigføringen fungerer berre om ein har nærmast utømmeleg tilgang på dårleg trente soldatar. Det er openbart veldig lite fordelar for Ukraina å sende eigne statsborgarar i kjøttkverna. Det er sjølvsagt lite tilfredsstillande med krigsnektere, men Ukraina må også tenke på det langsiktige målet om gjenoppbygging, og då treng ein ukrainarar av begge kjønn. -
Einaste likheita er at politiet fikk så einsidig fokus at dei hadde på skylappar og ikkje etterforska andre moglegheiter i tilstrekkeleg grad.
- 936 svar
-
- 1
-
FrP vil returnere ukrainske menn i "stridsdyktig" alder..
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Politikk og samfunn
Dette forslaget er i praksis ikkje mogleg å iverksette ettersom vi via flyktningkonvensjonen har forplikta oss til å ikkje returnere flyktningar til farlege områder. Uansett korleis ein argumenterer rundt at Ukraina er trygt nok så kjem ein ikkje unna at å returnere flyktningar med det formålet at dei skal ut i krig er å sende dei til eit farleg område. Vi kan heller ikkje returnere dei til områder der dei blir forfulgt, noko dei blir om dei returnerer til Ukraina og prøver å undra seg militærteneste. Flyktningkonvensjonen er tatt inn i utlendingslova. Dette forslaget er ikkje gjennomførbart utan å fyrst endre utlendingslova, og deretter trekke oss frå FNs flyktningkonvensjon. Sjølv med full politisk støtte så vil dette ta tid.- 60 svar
-
- 1
-
For dei som vil stjele så er det ikkje eit nevneverdig stort problem at ein går via ei manuell kasse, ein kan jo stikke unna varer utan å legge dei på båndet uansett. Eg huskar når det fyrst var snakk om sjølvbetente kasser, då var eit av temaene at ein skulle ha innveging slik at delar av betalingskontrollen var om handleposen hadde rett vekt i forhold til det som var registrert og betalt for. Dette kontrolltiltaket vart nok tatt vekk av omsyn til kostnadar, men det er nok absolutt relevant å innføre eit slikt system igjen. Mitt inntrykk er likevel at dei aller fleste butikkar er fornøgde med løysinga og har fått auka omsetting fordi mange kundar synes det er både raskt og enkelt å stikke innom butikken for å handle når ein slepp å stå i kø i vanleg kassakø. Dei butikkane som slit med tjuveri og svinn er så vidt eg har fanga opp butikkar som uansett slit med stort tjuveri.
-
Bokstavkombinasjoner på kjøretøy -> trafikkstasjon
The Avatar svarte på importViking sitt emne i Bil og motor
Utanom at bileigaren sjølv kan ha aktivt valgt bokstavkombinasjonen CF så er den mest nærliggande forklaringa at bileigaren har kjøpt bilen heilt ny av ein forhandlar som har Lillestrøm som sin nærmaste trafikkstasjon. Veldig mange av nye bilar kjem sjøvegen via Drammen, og blir deretter frakta på vegen ut til bilforhandlarane. For ein som bur på Finnsnes så kan det nok tenkast at vedkommande ikkje har tatt seg råd til å få bilen levert på Finnsnes då det sjølvsagt kostar å få bilen transportert. Særleg om bileigaren uansett hadde eit ærend i Oslo så kan det fort være like praktisk å hente bilen der for å køyre den heim i staden for å sitte på Finnsnes og vente på at bilen skal bli frakta dit. Elles så stemmer det at det blir brukt mindre salt i Nord-Norge men det blir salta der også, særleg i kystnære strøk. Der det er meir stabilt kaldt lenge så brukes det mest sand. Eg er noko usikker på i kor stor grad dette har betydning for om bilane rustar. For ein av grunnane til at det blir brukt mykje vegsalt i sør-norge er jo også fordi mykje av saltet blir forsvinn på grunn av regn og generelt trafikk. I Nord-Norge så vil saltet fort kunne få ligge i ro lenger slik at det ikkje er behov for å etterfylle med salt like ofte, men det er forsatt salt i vegbana. -
Som nødverge er det lovleg å avverge rettsstridige angrep, også ovanfor andre enn seg sjølv. I tillegg må handlinga være forsvarleg sett opp mot farlegheita av det rettsstridige angrepet. I praksis er forsøk på å stoppe voldsbruk frå politiet problematisk ettersom politiet i mange tilfeller har lov til å bruke vold. Det vil typisk være veldig vanskeleg for publikum å vurdere om politiets voldsbruk er lovleg eller ikkje i det aktuelle tilfellet. Dersom du som publikummer vurderer feil så er ikkje lenger din bruk av nødverge straffefri, den er straffeskjerpande som vold mot mot offentleg tenestemann. Sjølv om politiet har voldsmonopol så er ikkje det eit frikort for å få utøve rettsstridig vold utan hinder. Dreg vi den langt så er det rimeleg openbart at dersom ein politimann står og skyter inn i barnetoget på 17 mai så vil det være både lovleg og rettmessig å stoppe politimannen sidan den voldsbruken heilt openbart ikkje er rettmessig.
-
Det er fleire moment i dette. Ein bustad som blir tvangssolgt vil typisk bli solgt for ein lågare sum enn ved vanleg salg. Dete er fleire grunnar til det, både at huset må selgast med ein gong og ein ikkje har muligheit til å vente til ein finner den rette kjøparen som er villig til å betale mykje, fordi at eit hus solgt på tvangssalg medfører litt høgare risiko for kjøparen, og fordi eit tvangssalg der eigaren ikkje er samarbeidsvillig typisk vil måtte gjennomføre visningar i eit urydda og uvaska hus som ikkje er styla opp til å vise seg frå sin beste side av den eksisterande eigaren. Banken får stort sett alltid pengane sine med mindre at du har mislegholdt gjelda di særdeles grovt og heller ikkje lenger har inntekt slik at det ikkje finnes pengar som banken kan ta. Det som banken kan tape på er dersom salgssummen ikkje er stor nok til å dekke heile lånet, for då må banken legge arbeid i å kreve inn det resterande beløpet på vanlege måte. Ideelt sett så bør det være slik at huset er verdt 5 mill, blir tvangssolgt til 4,5 mill og så blir disse pengane brukt til å gi banken dei 3 millionane som banken skal ha, restbeløpet på 1,5 mill går då til huseigar. Når det fungerer slik så går det stort sett veldig greit for seg, ofte vil då også huseigaren være samarbeidsvillig ettersom jo betre pris banken får for huset, jo meir sitter huseigaren igjen med etter at banken har fått sitt. Det som ofte er problemet er når huslånet nærmere seg verdien av huset, noko som kan skje dersom ein har fått eit stort huslån som ein ikkje har klart å betale og derfor har bådratt seg ekstra kostnadar ved. Har i tillegg huset gått ned i verdi så kan ein havne i ein situasjon der tvangssalget ikkje klarer å dekke heile huslånet. I slike tilfeller blir huset tvangssolgt og så sitter huseigar igjen med restlånet som usikra lån.
-
Både og. Det er openbart urealistisk å sjekke vedtaka kva som er vedtatt fartsgrense. Samtidig er det nettopp dette som skjer etter eit trafikkuhell der det er ueinigheit om det er vikepliktsbrudd. Då baserer ein seg ikkje på berre det førarane fysisk kunne sjå, men i stor grad på kart og planverk som seier noko om kva som formelt var planlagt. I dette tilfellet så vil ein kollisjon i praksis bety at både politi og forsikringsselskap starter å leite i sakspapira for å finne ut kva som var søkt om då denne private vegen vart bygd. At vikeplikta ikkje var skilta og at vegmerkinga med vikepliktslinja var slitt vekk eller nedsnødd er ikkje nødvendigvis ei unskuldning.
- 49 svar
-
- 1
-
Ja mangel på bevis er ikkje bevis for at det ikkje kan ha skjedd. Men på eit eller anna tidspunkt så må ein nesten legge teorien til sides. Når all leiting etter bevis som ein vil ha berre fører til forsterka bevis for det motsette så må ein nesten legge fra seg teorien. Det er meiningslaust å fortsette å tru at månen er ein gul ost betre fordi ein ikkje kan utelukke at amerikanerne landa på ein støvete gul ost.
- 936 svar
-
- 1
-
Eg tenker at når ein ikkje finn DNA frå VK, ein finn berre meir DNA frå JHA så må det på eit eller anna tidspunkt være innafor å konkludere med at enten var ikkje VK med, eller så var var den einaste av dei som brukte hansker, kondom og hårnett, eller så kan det tenkast at han var der men med berre ei så passiv rolle at han ikkje la igjen DNA. Sjølv om det beste hadde vært om ein fant udiskutabele DNA spor frå begge to på stadar som ikkje kan bortforklarast med passiv overføring av genetisk materiale, så taler den totale mangelen på DNA frå VK samtidig som det var så mange DNA treff frå JHA for at dette må kunne betraktast som eit utelukkelsesbevis for at VK var på åstaden.
- 936 svar
-
- 3
-
Det spørs litt kva du legg i å stole på utrekninga. Å rekne ut bremselengda er ikkje 100% korrekt, så sånn sett så kan du ikkje stole på at det svaret du fekk ved utrekning også vil være 100% likt reint fysisk. Formelen for bremselengde er ikkje ei nøyaktig skildring av kva som skjer fysisk, formelen er ein modell som forklarer det vi fysisk observerer. Formelen er utrykt som v² / ( 2 * µ * g) der µ er estimert gjennomsnittleg friksjon. Kva som er den reelle friksjonen mellom dekk og underlag gjennom heile nedbremsinga er ein stor usikkerheitsfaktor, men for dei fleste formål så er det nøyaktig nok å anta at µ = 0,9 eller 1 på tørr asfalt. Reelt sett så veit vi at dette ikkje stemmer, det kjem ann på overflata på både dekk og vegbane og ved bremsing så blir gummien varm som igjen påvirker frisksjonen. Formelen for bremselengde har heller ikkje med seg andre faktorar som om oppbremsinga skjer i ein bakke, kva vindretninga er, korleis luftmotstanden er, osv, osv. Derfor stemmer ikkje formelen for bremselengde og du kan faktisk ikkje stole på den, men det er ein god nok matematisk modell for å kunne forutsjå kva som skjer når ein bil bremser til ei nøyaktigheit som er akseptabel. Er du ein våghals som skal utføre eit stunt der du køyrer mot stupet og bråbremser i siste liten slik at bilen stopper heilt ute på kanten slik at nokre få centimeter til eller frå er forskjellen på liv og død, ja då er ikkje denne formelen nøyaktig nok. Då må du også ta høgde for ei rekke andre faktorar som kan påvirke bremselengda.
- 50 svar
-
- 1
-
Det er som med fartsgrensene, du kan ikkje stole på at skilta er rett. Du må sjølvsagt sjekke opp om det føreligg gyldig vedtak om fartsgrense på strekninga. Det er vedtaket om lokal forskrift som er styrande for kva kva som er rett skilting. Finnes ein del eksempel på situasjonar der UP har hatt fartskontroll basert på skilta, der ein i ettertid har måtte betale tilbake bøtene fordi det har mangla gyldig skiltvedtak. Når det gjeld kva som bør gjerast med krysset så spørs det kva ein vil oppnå. Dersom eg forutsetter at det er meint å oppretthalde at dei som kjem frå Kabelgata har vikeplikt så burde det leggast ned ei stripe til med kantstein eller malast på ei kvit linje for å tydeleggjere at fortauet fortsetter rett fram og at bilane som kjem frå Kabelgata krysser fortauet og derfor har vikeplikt. For å være enda tydelegare så burde det også vært malt vikepliktslinje samt satt opp eit skilt om vikeplikt. Det sagt så ser det ut som at dette krysset er så trafikkert og med så mange butikkar og slikt som har dette som tilkomstveg at heile krysset bør endrast for å framheve at Kabelgata er open for alminneleg ferdsel og at alle bør ha vikeplikt frå høgre i dette krysset. Med dagens utforming så er det enklast å gjere ved å fjerne den nedsenka kantsteinen og la heile krysset være asfaltert. For sjølv om Kabelgata er ein privat veg så er den så open for alminneleg ferdsel at eg vil argumentere at det her burde være eit vanleg kryss.
- 49 svar
-
- 1