The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Månedslønna skal være årslønna delt på 12 månadar. Ikkje bland inn feriepengegrunnlaget, det gjer det berre meir komplisert. Det kan være relevant å ta det med om du skal rekne ut eksakt kva du kjem til å få utbetalt frå arbeidsgivaren din i løpet dette kalenderåret, men månadslønna di skal være årslønn delt på 12 månadar, altså 45 833 kr. Om du har bruttolønn på 44 500 kr så mangler det 1333 kr. Kan dette være lønnstrekk? Til dømes fagforeiningskontigent eller forsikringar?
-
Eg tenker at eg ikkje har spesielt mykje meir tillit til ein lege, kirurg eller pilot som eg veit er god til korrekt sitere sine kjelder når dei skriv rapport. Å sitere korrekt er viktig i forskningssamanheng, men for yrkesutføringa det må vel være ein av dei minst nyttige kompetansene ein har tilegna seg? Eg synes det er litt absurd at ein lege som sparte seg litt tid ved å stjele tekst frå ein tidlegare student i sin hovedoppgåve blir straffa på heilt same måte som ein "lege" som har juksa seg gjennom alle eksamenane. Openbart så bør det være veldig ulik straff og konsekvens på dei to tilfella. Det bør være stor forskjell på om det er juksa i det som er fagleg viktig, og det som ikkje er viktig. At piloten min var heilt elendig på diktanalyse og derfor juksa på den prøva for mange år sidan betyr fint lite i dag, men det stiller seg sjølvsagt annaleis om det viser seg at piloten ikkje har lært engelsk og derfor ikkje forstår kva som blir sagt over radiosambandet.
- 873 svar
-
- 1
-
Også i dagens rettssak har ein uttalt at mangelen på DNA ikkje betyr VK er uskuldig. Isolert sett så er det sjølvsagt sant at det å ikkje finne bevis ikkje er bevis for at VK ikkje kan ha vært der likevel, det er likevel litt vel søkt å skulle fronte det synet når dei no har analysert 230 DNA prøver på nytt utan å finne anna enn meir treff på JHA. Skal ein legge så stor vekt på at mangel på DNA bevis ikkje nødvendigvis betyr at ein er uskuldig, så slår ein vel beina rundt mykje av DNA bevisa i seg sjølv? At ein finn masse DNA frå JHA treng ikkje å bety at JHA er skuldig, for kanskje har jentene sittet på ein stein som JHA hadde runka på tidlegare den dagen og at det er der DNA spora stammar ifrå? DNA er ikkje ei bevis på skuld eller uskuld, men det er ei stor vekt i vektskåla der ein må vurdere det som heilt usannsynleg at DNA spor etter JHA har blitt avsatt på jentene av andre grunnar enn at JHA var til stades ved ugjerninga. Når ein då har knytt JHA til åstaden samtidig som jentene var der, så blir neste vurdering å vurdere sannsynlegheita for at JHA som einaste personen som beviseleg har vært der også kan stå bak ugjerninga.
- 936 svar
-
- 3
-
Tenker også at det å gå vegen om frivillig vergemål kanskje er den beste løysinga, også fordi ting kan endre seg i framtida. Sjølv om personen i dag hadde brukt heile arva på alkohol så betyr ikkje det at det same er sant om X år. Ein måte å gjere det på kan kanskje være å kreve vergemål, om ikkje så blir pengane gitt vekk før det går til arv.
- 5 svar
-
- 3
-
Funkis eller tradisjonelt hus på ei flate?
The Avatar svarte på bshagen sitt emne i Hus, hage og oppussing
Husk også å sjå nøye på planløysinga slik at den blir best mogleg. Blant anna bør du prøve å få på plass mest mogleg bodplass, helst med ei dør midt på den lengste veggen slik at du kan ha hyller og skap på tre av veggane. Boddøra kan med fordel svinge utover for best mogleg plassutnyttelse. Tenk også over kvar det blir montert tekniske installasjonar som varmtvannsbereder, sikringsskap, fordelerskap, ventilasjonsanlegg, osv. Typisk vil utbygger foreslå å plassere disse der det er lettast å kome til for å montere, men du bør vege dette opp mot utnyttingsgrad. Har du ei lita bod med tekniske installasjonar i kvart hjørne så er det ikkje mykje anna du får plass til i den boda. Tilsvarande bør du sjå nøye på størrelsen av soveromma. Pass på at det er nok plass til å plassere den senga du ser for deg du vil ha. Husk også at du heilt sikkert vil montere garderobeskap på soveromma så det må du også sette av areal til. Eg ville også sett litt på plassering av vindu og lettveggar. Det kan være greit å ha ein plan B der du ved å sette opp ein ny lettvegg kan bygge eit ekstra soverom dersom du får behov for det. Du kan fort få behov for fleire soverom om du får fleire barn enn planlagt, om du får behov for å ha eit eige rom for heimekontor, osv. Sjølv om det ikkje er optimalt med små rom så kan det være tilfeller der du vil ha moglegheita til å bygge om for å få fleire rom. Ved å unngå veldig breie vindu, og ved å ha litt god avstand mellom vindua så blir det lettare å dele opp til to rom enn dersom du har eit stort vindu langs heile veggen slik at du også må bytte vindu for å kunne lage fleire rom. Prøv også å unngå å bruke opp areal på korridorar. Det er greit å ha ein stor gang som både fungerer som vindfang og har plass til garderobeskap, men du bør unngå for mykje korridorar som også fort blir mørke.- 156 svar
-
- 1
-
Vil berre kommentere at det er dette skjer dessverre rett som det er. Ein del opplever å bli plassert inn i stilling som blir kalla særleg uavhengig stilling og med overtidsbetaling "innbakt" i årslønna. Vilkåra for å ha særleg uavhengig stilling er i utgangspunktet strenge men det blir ofte juksa med dette. I eit slikt tilfelle så går timeslønna i praksis ned jo fleire timar ein jobbar overtid sidan ein ikkje får ekstra betalt for dei timane.
- 19 svar
-
- 2
-
Funkis eller tradisjonelt hus på ei flate?
The Avatar svarte på bshagen sitt emne i Hus, hage og oppussing
Her går eg nok litt mot strømmen, men eg hadde også tenkte nøye over korleis det blir med vindusvask med slike høge trekanta vindu. Når ein har store vindusflater så krev det litt ekstra av vasking. Reint funksjonelt sett så hadde eg gjort nokre vurderingar på om du treng så store vindusflater. For å stå inne og sjå ut så treng du ikkje å ha ein heil vegg av glas for at synsfeltet ikkje skal bli innsnevra. Kor mykje du ser ut av vinduet har mykje med kor langt frå vinduet du står. Står du med nasen heilt inntil veggen så er det ikkje store glugga du treng for å sjå alt. Det er sjølvsagt mykje smak og behag, men personleg så hadde nok eg ikkje utnytta slike vindu fullt ut fordi eg hadde nok brukt solskjerming i store delar av året uansett. -
Den oppgitte årslønnen er lønna du får om du jobbar alle arbeidsdagar i året i 100% stilling. Det er kanskje lettare å forstå det når det betyr at dersom du hadde jobba 50% stilling så hadde årslønna for full stilling vært uendra men du hadde berre fått utbetalt halvparten så mykje. Dette kan være litt forvirrande, men det er etablert praksis på at oppgitt årslønn er lønna for 12 månedar, og at den måneden du tek ut ferie så får du ikkje utbetalt lønn men du får i staden utbetalt det du gjennom året har blitt trekt i feriepengar. Dette gjer også at dersom du får oppgitt ein månadslønn så skal du gange denne med 12 for å få årslønna sjølv om du berre jobbar i 11 månadar. For dei som jobbar overtid så medfører berre det at overtidsarbeidet aukar månedleg utbetalt og dermed også feriepengegrunnlaget. Forutsett her at dei som jobbar overtid får overtidsbetalt for arbeidet sitt. I dei aller fleste tilfeller så er årslønna basert på 100% stilling der ein berre jobbar avtalt arbeidstid. Overtidsarbeid skal kome i tillegg (og sjølv om det er mindre vanleg å snakke om, lønnstrekk dersom ein har jobba mindre enn avtalt arbeidstid). Det er med andre ord ikkje nødvendigvis slik at ei årslønn på 550 000 kr er fastlønn der det er beløpet du får utbetlat uavhengig av kor mykje eller lite du jobbar. Det kan være det i enkelte tilfeller der ein har særleg uavhengig stilling men det må i så tilfelle være særskilt avtalt.
- 19 svar
-
- 1
-
Funkis eller tradisjonelt hus på ei flate?
The Avatar svarte på bshagen sitt emne i Hus, hage og oppussing
Det er som regel tryggast å gå for tradisjonelle hus med løysningar som har vært testa mange gongar før. Det er for all del også gode funkishus, men det er ein stor fare for å velge noko som ein arkitekt har sittet å tegna og som ingen har bygd og budd i før. Då er det også større fare for at du etterkvart oppdager uheldige løysingar. Flatt tak gir større fare for vanninntrenging, også fordi du er meir avhengig av at dreneringa til ei kvar tid fungerer og ikkje har blitt tett. Mange næringsbygg har flate tak, men det er fordi det er fordi flate tak gir maksimalt bygningsvolum til ein lav pris, og at næringsbygg ikkje nødvendigvis har som formål å skulle vare i minst 50 år. -
Det er ein sikkerheitsventil for å opprettholde Eurovision som ein sangkonkurranse. Det er problematisk når fagjuryen er heilt i ulage med folket, men hensikta er at det er mindre sjans for at ein jury beståande av fagfolk lar seg distrahere av politikk, kostymer, og andre ikkje-musikalske innslag. Med berre publikumsstemmer så vil mange av landa stemme i blokk slik at stemmene hovudsakleg går til naboland litt uavhengig av musikkvalitet.
-
I Eurovision er det litt 50/50 om vinnaren er vanleg pop-låt eller om det er noko litt sært. Det å blande pop med folkemusikk har vist seg å være ein suksess. I forhold til kven som vinn i år så blir det nok veldig avhengig av fagjuryen i år. Folkestemmene vil nok drukne i politiske stemmer, litt slik som i forfjor når Ukraina fekk mykje sympatistemmer frå folket sjølv som juryen ikkje var like begeistra.
-
Er eigentleg usikker på om ein kjem til å få gjennomført konkurransen. Nå har det tilspissa seg såpass mykje at eg trur at mange av deltakarane kjenner presset på at dei må ta sine minutt i rampelyset til å protestere for å blidgjere sine viktigaste fans på heimebane. Eg ser for meg at det blir mange muta mikrofonar for å hindre deltakarane i å rope ut bodskap før og etter gjennomføringa.
-
Ja det trur eg også dei som støtter Israel kjem til å stemme på Israel uavhengig av musikken, dei som er imot Israel kjem til å boikotte, og EBU kjem ikkje til å gå ut med detaljar om stemmegivinga så vi vil aldri få vite kor mange som faktisk boikotta. Er stor fare for at dette blir siste Eurovision i alle fall i denne forma. Det skal veldig mykje til for at Israel kjem til å kunne arrangere, og det kan være vanskeleg å få deltakarane til å reise til Israel. Får vi nok eit Eurovision som må arrangerast i eit anna land så blir heile poenget med at vinnarlandet skal arrangere borte.
-
For meg var største problemet at hobbit filmane hadde tegnefilmfysikk med actionsscener som ikkje gir meining. Det var ein del andre manusmessige ting også, og då kanskje særleg at sjølv med tre lange filmar så fekk vi aldri bli kjent med dvergane, då var det berre forvirrande med så mange karakterar.
- 21 svar
-
- 4
-
Folk har også ulike behov, særleg i ulike livssituasjonar. For meg er det heilt unødvendig å bruke opp ein fastlegeplass når det ikkje er det eg treng. Eg går sjeldan til lege, og når eg gjer det er det fordi eg treng ei legeerklæring, fordi eg har skada meg og treng nokon som kan sy kutt, eller fordi eg har fått noko som krev reseptbelagte legemiddel. Neste gong eg treng lege så er det stor sannsynlegheit for at den legen uansett har slutta slik at eg likevel må snakke ned ein framand lege. Det er litt annaleia om eg hadde hatt kroniske lidingar, då er det sjølvsagt ein fordel med fastlege for å ikkje trenge å bruke tid på å forklare heile historikken min til ein tilfeldig legevaktlege kvar gong.
-
Krev attest uansett. Sjølv om du ikkje har tenkt å sette denne jobben på CVen no, så kan det være aktuelt å gjere det i framtida. Ein dokumentasjon på at du har hatt denne jobben er uansett fornuftig å ha. Til dømes ved utrekning av ansiennitet i ein framtidig jobb så kan dokumentasjon på denne jobben være det du treng for å kome opp eit lønnstrinn. Det kan til og med være at du i framtida vil ha dokumentasjon på at du har erfaring frå ei varslingssak. Så krev attest, og krev at attesten er nøytral. Så kan du legge attesten i ei skuff til du eventuelt får bruk for den.
- 30 svar
-
- 1
-
Sant nok, men er det faren for jordfeil som er begrunnelsen for at dette ikkje er lov?
-
Begge delar, oljen skal primært smøre motoren. I tillegg har oljen ein sekundærfunksjon som kjølemiddel slik at motordelar ikkje blir for varme. Når oljen blir gamal så kan den skille seg, særleg ved at fuktigheit frå lufta kondenserer seg og blander seg med oljen. For å overdrive veldig så kan du med veldig gamal olje risikere at det som blir pumpa rundt som smøremiddel nesten berre er vatn, medan alt det smørande fettet i oljen har skilt seg og ligg igjen i botnen. For deg betyr det at du bør skifte olje for å sikre at oljen ikkje har skilt seg og fortsatt er effektiv som kjøle og smøremedium. Hadde du køyrt mykje så skal også oljen byttast med jamne mellomrom, då fordi oljen blir skitten av smuss og metallstøv som kjem av slitasje, og av den grunn blir dårlegare. Lite køyring kan fort være nesten like problematisk som mykje køyring ved at ting blir øydelagt av for lite bruk. Eg ville nok fortsatt å følgje anbefalte serviceintervall, men kanskje ikkje fullt like slavisk som då bilen var ny. Eg ville nok også kutta bruk av merkeverkstad om du ikkje alt har gjort det, jo eldre bilen blir jo mindre har du eigentleg igjen for å betale litt ekstra for å utføre servicen på merkeverkstad. I tillegg er det også eit spørsmål om kor lang levetid du ynskjer å få ut av bilen, og kva som er viktig for deg. Er du ute etter å bruke minst mogleg pengar på bilen så kan du til dømes kutte servicen på airconditionanlegget då dette ikkje er ein spesielt kritisk bilfunksjon. Kanskje særleg for deg som køyrer så korte turar at cupeen uansett ikkje rekk å bli kald om sommaren og varm om vinteren. EU-kontrollen er ikkje ei erstatning for service og anna vedlikehald, men samtidig så er kontrollintervalla på EU-kontrollen tilpassa slik at veldig alvorlege manglar som utslitte bremser og likande blir oppdaga før det går alt for lang tid.
-
Du blir ikkje formelt satt opp på fastelegelista før den fyrste i måneden ettersom listene berre blir oppdatert ein gong i måneden. Om du har bytta til ein lege som har ledig plass på lista si så er det mest ein formalitet at du ikkje blir formelt satt opp på lista før 1 juni. I mellomtida så er det mogleg å bestille legetime og be spesifikt om å få den legen som blir din nye fastlege. Det er uansett ikkje noko å vente med å sende inn førespurnad om ny fastlege, jo tidlegare jo betre.
-
Hvorfor er det håpløst å få tak i egg i Oslo?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Politikk og samfunn
Ja det synes eg. Poenget er ikkje at folk ikkje skal ha råd til å kjøpe egg, men at det fort blir kostbart å skulle hamstre egg som kanskje ikkje ein gong blir spist. Det er forskjellig tålegrense på ei prisstiging alt etter om ein kjøper seg ein 6-pakning med egg for å bake kake til 17 mai, og på det å kjøpe fire brett "for sikkerheits skuld" i tilfelle det skulle bli tomt. Mykje av hensikta med ei slik prisstigning er at alle som vil ha egg får muligheit til å kjøpe egg fordi det ikkje har blitt utsolgt. Eg ser ikkje at det er spesielt mykje meir urettferdig enn at nokre få hamstrarar har meir egg enn dei klarer å gjere seg nytte av medan dei som ikkje kan handle tidleg på formiddagen ikkje får tak i eit einaste egg. Om ein vil ha meir sosial profil så kan ein kombinere ei prisaukning på matvarer det er mangel på med eit priskutt på andre varer, som anna festmat. Er det for lite egg til at alle kan bake kake så kan ein sette opp prisen på egg og sette ned prisen på kremost slik at det å bytte ut bløtkaka med ei ostekake blir eit rimeleg og fullgodt alternativ å sette fram på kakebordet.- 55 svar
-
- 2
-
Det ser ikkje ut til å finnes klar heimel for at det ikkje er lov å bruke aggregat under køyring utanom meir generelle krav til at køyretøyet ikkje skal utgjere ein trafikkfare. Om eit aggregat i drift under køyring utgjer ein trafikkfare må vel då være ei konkret vurdering av kvart enkelt aggregat basert på kva som står i bruksanvisning og produktinformasjonen? Skal det være eit generelt forbod så må det koplast til ein paragraf. Dersom politi og vegvesen tolkar det slik at eit kvar form for utstyr som er i bruk under køyring krev eigen dokumentasjon på at det er lov så vil vel det også få betydning for masse anna ekstrautstyr som er påkopla under køyring, alt frå kjølebokser til ekstralys? Eller gjeld dette utelukkande forbrenningsmotorar? Kan denne "regelen" omgåast ved å ha eit gamalt elbilbatteri som batteribank i staden for aggregat i drift under køyring?
-
Hvorfor er det håpløst å få tak i egg i Oslo?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Politikk og samfunn
Så vidt eg fekk med meg så vart det ikkje oppfordra til hamstring, men det er sjølvsagt det som skjer når avisene gjengir Nortura sine uttaler om at det er mindre egg tilgjengeleg enn etterspørselen og at dersom ingen hamstrer så får alle kjøpe litt egg. Det var ingen oppfordring om å hamstre men samtidig var det gjort veldig klart at det ikkje er nok egg til alle. Alternativet til hamstring er då å bruke mindre egg enn normalt, men særleg inn mot påska så er det vanskeleg å skulle få folket til å droppe egg-tradisjonane sine for at alle skal kunne ha egg til frokost ein eller to gongar i løpet av påska. Avisene kunne ha formulert seg annaleis, men det har avisene ingen interesse av ettersom dei treng å få ordet "krise" eller "sjokk" inn i overskrifta for å generere klikk. Ein tørr artikkel om at Nortura har bomma på det stippulerte eggbehovet selg ikkje aviser. Det store spørsmålet som eg sitt igjen med er om ikkje ein burde løyst eggmangelen ved ei prisendring. Beste måten å unngå hamstring og overforbruk av ein vare som det er mangel på er å auke prisen slik at forbrukarane reduserer forbruket sitt.- 55 svar
-
- 1
-
Stikkprøver er ein heilt grei måte å gjennomføre kontroll på, spørsmålet i denne saka går meir på om universitetet har rett (kanskje også plikt) til å gjennomføre stikkprøver tidlegare avlagte masteroppgåver. Normalt sett så er det eit krav om at det må føreligge heilt nye opplysningar for å gjere om eit vedtak, i denne saka så er det rom for å diskutere om det ved hjelp av digitale hjelpemiddel har blitt funnet nye opplysingar eller om ein berre har funnet meir av det som sensor opprinneleg kjente til og vurderte til å ikkje være juks ved fyrste gongs sensur. Grunnen til at eg synes at saka er interessant er ikkje fordi det er feilt å luke ut dei som har juksa, det er meir det at finn det interessant kva som eventuelt blir etablert praksis på området. Denne saka etablerer ein praksis på at det å ta ny vurdering av tre år gamle oppgåver er innafor, vidare blir det då eit spørsmål om dette er noko som alle kan kreve? Kan ein arbeidsgivar be om at graden til sine tilsette blir vurdert på nytt av universitetet? Kor ofte kan ein vurdere slike saker på nytt før dei blir forelda? Og kan slik ny vurdering gjerast utifrå dagens praksis eller må ein bruke same vurderingskriterier som ved opprinneleg sensur? Vil ny vurdering av ei masteroppgåve berre være for å vurdere om det har blitt juksa slik at graden skal annullerast eller er det også rom for ny karaktervurdering? Ved gjennomføring av fartskontroll så slepp du ustraffa unna dersom du køyrer for fort dei dagane det ikkje er stikkprøvekontroll i form av fartskontroll. Ein går aldri tilbake for å vurdere om køyreturen du hadde for 3 år sidan ville ført til fartsbot dersom det hadde vært fartskontroll den dagen. Heile premisset bak stikkprøvekontroll er at ein aksepterer at ein ikkje kan ta alle, men i staden så gir ein ekstra høge fartsbøter både for å være avskrekkande og for å til ei viss grad kompensere for at dersom du får fartsbot så har du nok også køyrt for fort tidlegare også utan å bli tatt. For universiteta så er stikkprøvekontroll ganske likt. Universitetet tek ein kalkulert risiko ved at juksarar kan sleppe unna, men at dette er ein akseptabel risiko i forhold til ressursbruken til universitetet måtte ha lagt ned for å være heilt sikre på at alt er i orden før det blir skrevet ut vitnemål.
- 873 svar
-
- 2
-
Vil også legge til at du skal ha ein attest etter arbeidsforholdet som ikkje skal innehalde meir enn dei faktiske opplysningar om namn, kva arbeidet har bestått av (noko som er mykje meir enn berre stillingstittel) og varigheit på arbeidsforholdet. Meir utfyllande attest skal være avtalt, men det er likevel ein fare for at din arbeidsgiver velger å bruke sluttattesten til å svare ut din argumentasjon i oppseiinga. Så også av den grunn så er det enkle det beste. Og ja, du har rett i at når det står at oppseiingsfristen er rekna frå oppseiingsdatoen så startar oppseiingstida å løpe med ein gong. Dersom du har 14 dagars oppseiingstid og leverer oppseiinga i dag så har du siste arbeidsdag 24 mai. Reknar med at du kanskje ikkje jobbar måndag til fredag, i så tilfelle skal du følgje oppsatt arbeidsplan slik at siste arbeidsdag også kan være tidlegare om du ikkje er satt opp på jobb den 24 mai. Det kan være litt forvirrig rundt eksakt kva som er siste arbeidsdagen så då er det ryddig at du presiserer at du har din siste arbeidsdag er 24 mai. Merk at sjølv om det står at det er oppseiingsdagen ( i praksis datoen) som er tellande så bør du vurdere å også informere munnleg, via SMS eller til og med skrevet ut på fysisk papir i tillegg berre for å forsikre deg mot at det blir noko tull med at arbeidsgivar påstår at oppseiinga ikkje har komt fram eller liknande.
-
Om det ikkje er avtalt noko anna slik at ein følgjer arbeidsmiljøloven så tell oppseiingstida frå den fyrste i komamde måned. Elles er det avhengig av kva som står i arbeidsavtalen om oppseiingstid. I det offentlege er det ikkje uvanleg med dato til dato fristar. Det kan derfor være greitt å dobbeltsjekke oppseiingstida, har ein dato til dato så treng ein ikkje å vente til juni før oppseiingstida startar å telle.