The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
19 719 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det handler nok mest med kva politiet vil prioritere å bruke tida si på. Reint juridisk så er det spørsmålet om det føreligg grunnlag til gjennomføre til dømes ei husransaking for å leite etter narkotika. Kravet for å ransake ein bustad er at det føreligg skjellig grunn og at lovbrotet gir grunnlag for fengselsstraff og ikkje berre bot.
- 5 svar
-
- 1
-
Mykje av pengane er også lovt vekk eller lagt krav på frå ulike støttepelarar som har jobba for å få til ein gjenopning av saka. Her er det både personar som krev regress for nedlagte arbeidstimar som har gått med til saka, men heilt sikkert også andre støttespelarar som VK frivillig vil donere delar av erstatninga til som takk for støtten. At kjæresten kan ha fått ein del pengar for å ha støtta VK er såleis ikkje usannsynleg.
- 936 svar
-
- 1
-
Det er absolutt eit poeng, utfordringa er at gevinsten er kortvarig. Det er mogleg at har fulstendig misforstått Trump sin utanlandspolitikk, men mitt inntrykk er at Trump verdsetter kortvarig gevinstar og handelsavtalar framfor varig stabilitet. Slik er det vel i dei fleste konflikter mellom ulike folkegrupper? Det er fyrst når ei folkegruppe tek til kraftig motmele at ein kan oppnå anerkjennelse som eigen sjølvstendig stat, så og seie alle nasjonar som har blitt splitta har blitt det gjennom borgarkrig eller voldelege demostrasjonar. Slik er det også i Norge om Samane eller Vestlendingane vil ha sin eigen stat. Regjeringa kjem aldri til å godta å splitte Norge og dermed miste areal og befolkning, men det kan være at den norske Regjeringa blir tvungne til å godta at Vestlandet blir eit sjølvstendig land dersom folket på Vestlandet kastar ut representantar for den norske staten og sluttar å betale skatt til Norge. Då vil regjeringa svare med å sende inn politi og kanskje også militæret for å tvangsinnkreve skatten og straffe dei som nektar å betale skatt til Norge. Resultatet av dette blir då enten avisoverskrifter om at Norge har slått ned eit lokalt opprør, eller avisoverskrifter om at Norge har trekt seg ut av Vestlandet. Eit anna døme er Taiwan. Taiwan vil aldri bli anerkjent som sjølvstendig stat så lenge dei ikkje tek eit oppgjør med Kina og kutter sine band, resultatet av ei slik handling blir ikkje meklingar rundt eit møtebord. Palestina har ingen muligheit til å forhandle med Israel om å bli sjølvstendig nasjon så lenge Israel ikkje ønsker å gi avkall på sin råderett over det aktuelle området. Det er kun to ting Palestina eventuelt kan tilby Israel, det fyrste er tilnærma umogleg med det hadde vært å kjøpe seg ut av Israel ved å tilby Israel ei stor nok betaling til at Israel gir avkall på eigedomsretten for all framtid. Dette har Palestina for det fyrste ikkje råd til, og for det andre er det uansett uaktuelt for Israel så lenge dette handlar meir om ideologi enn om politikk. Den andre moglegheita som Palestina har er å bedrive terror, borgarkrig eller frigjeringskrig alt etter kva ein vil kalle det, og på den måten prøve å tvinge Israel til å akseptere til å gi Palestina sjølvråderett for å få stopp på drap og øydeleggingar. Så lenge Israel er militært overlegne så er det liten grunn for Israel å ikkje prøve å oppnå det same ved å ta militær kontroll av heile det palestinske området.
-
Eg er heilt einig, eg berre poengterer den store svakheita i argumentet om at det må være VK som er gjerningsmann nummer to basert utelukkande på JHA sin forklaring, og med det nærmaste av handfaste bevis er at ein har funnet delvis DNA som kan stamme fram VK eller ein av dei andre 12 personane som deltok i etterforskninga og eit mobilbevis som ein ikkje har klart å gjenskape. Med mindre ein legg til grunn ein teori om at VK har fått nokon andre til å bruke mobiltelefonen hans i nærheita av Eg A så kan ikkje mobilbeviset sjåast på som noko anna enn eit bevis for at VK ikkje var gjerningsmann nummer to.
- 936 svar
-
- 1
-
Det er i alle fall uryddig ettersom dette er pengar som ikkje enda er vedtatt skal utbetalast, for som du seier så kunne generalforsamlinga ha vedtatt ein lågare sum eller ingenting. I så tilfelle så ville forskotet på styrehonorar vært ei feilutbetaling som må betalast tilbake. Om det er ulovleg eller ikkje kjem ann på dette faller innafor eller utanfor styrets plikt til å forvalte lagets midlar på forsvarleg måte. Veit du om pengane er faktisk utbetalt før vedtaket er fatta? Det er ein moglegheit for at styrehonraret er ført på denne måten ettersom styrehonoraret eigentleg høyrer heime på fjorårets budsjett då mesteparten av jobben vart utført i fjor, og at ein derfor i rekneskapet fører honoraret som forskuttert ettersom det er mest truleg er denne summen som bli vedtatt og utbetalt etter årsmøtet? Dette er ei typisk sak som det bør stillast spørsmål ved under årsmøtet, då kan også generalforsamlinga gjere justeringar i forslaget, som til dømes å trekke eit beløp tilsvarande ei fornuftig lånerente på tida mellom utbetaling og vedtak. Eller så kan det være at styret/forretningsfører har ei fornuftig forklaring.
- 11 svar
-
- 1
-
Med fare for å gå alvorleg off-topic, er du sikker på at alibiet ditt held? Det kan ikkje utelukkast at dette er eit falsk alibi, for du kan ha returnert midlertidig til Norge under falsk namn eller ved uregistrert grensepassering, og deretter returnert til utlandet for å reise heim med returbilletten. Vi kan aldri vite 100% sikkert at du ikkje var i Kristiansand dette året. Viggo Kristiansen kan ha gått fram og tilbake mellom åstaden og inn i teoretisk dekningsområde for å både sende og motta SMS, at Telenor ikkje klarte å få kontakt med basestasjonen Eg A seinare er jo ikkje nødvendigvis bevis for at ikkje VK klarte å få dekning på grunn av uforklarlege værfenomen denne dagen.
- 936 svar
-
- 2
-
Det vanlige er at styrehonoraret er ein sum som styret sjølv fordeler internt, typisk då at styreleiaren får største summen, sekretæren nest størst, og dei øvrige medlemmane ein litt mindre sum. Styrehonoraret er eigentleg lønna til dei som gjer jobben og tek på seg ansvaret som følger med. Årsmøtet kan også vedta kven i styret som skal få kva sum, men årsmøtet har ofte lite innsyn i kven i styret som har gjort mest og fortener mest. Det sagt så er det også ofte slik at styrehonoraret blir bevilga for fjoråret, så forslaget om forskuddtering er nok for å sikre kontinuitet og gjere det enklare å rekruttere. Det er vanskelegare å rekruttere inn til styret når du ikkje ein gong er garantert å få betalt for jobben.
-
Den du har avtale med må nesten forholde seg til den kontaktinfoen du har oppgitt. Det blir like gale dersom fakturaene blir sendt digital og du forventer å få dei i postkassa. Likevel har fleire og fleire aktørar tatt i bruk digitale utsendingar der ein fyrst prøver å sende til elektronisk postkasse om mottakaren har det, og dersom ikkje brevet blir opna digitalt innan nokre få døgn, så gjer ein jobben med å printe ut og putte i konvolutt. Det beste er å opprette digital postkasse om du ikkje alt har det, og endre kontaktopplysningane til epost i staden for postadresse hos dei aktørane som ikkje sender til digipost eller liknande. Særleg i din situasjon med mykje flytting så burde der være best å få mest mogleg tilsendt digitalt. Ofte er det billegare med digitale fakturaer også.
- 7 svar
-
- 1
-
Det som fungerte dårleg med BankID på mobil var at ein svindlar då berre trengte tilgang til mobiltelefonen og PIN koda. PIN koda kunne trykkast inn sjølv om telefonen var låst, så eventuell biometrisk lås på telefonen var til ingen nytte. Slik svindel var særleg problematisk der ein vart svindla av venner og familie. Sidan mange bruker same PIN-kode til mange ulike ting så er det ofte ikkje så vanskeleg å få tak i PIN koda, og tilgang til mobiltelefonen til vennar og familie får ein lett når vedkommande forlater rommet utan å ta med mobiltelefonen. Mulig BankID på mobil var tryggare for svindel frå utanlandske hackere sidan det er knytt til eit SIM-kort, men BankID på mobil hadde sine ulemper i forhold til meir lokale svindelforsøk. Alt det sagt så synes eg ikkje at BankID appen er god nok heller. Kravet om å bruke personleg passord i tillegg er ofte tungvindt, særleg når skal logge inn med mobiltelefonen og må skrive inn passordet på mobiltelefonen og ikkje på PCen, særleg om du har eit langt og komplisert passord slik som du bør ha. I tillegg så er det ein ulempe når du skriver passordet på mobilen at det er lettare for ein tredjeperson å sjå deg over skuldra og fange opp kva bokstavar du trykker på. Er det så vanskeleg å knytte Appen opp mot biometrisk lås på telefonen? Det må vel være vel så bra som eit personleg passord at du må bekrefte at du prøver å logge på med å scanne fingeravtrykket på mobilen, kontra å bli bedt om å oppgi passord?
- 68 svar
-
- 2
-
For at leigeinntektene skal være skattefrie så må den delen du leiger ut ha lågare utleigeverdi enn den delen du sjølv bruker. Normalt er dette kravet oppfylt dersom du sjølv bruker minst halvparten av bustaden, men andre forhold enn kan spele inn på leigeverdien. Så om du bytter rundt og sjølv bur i utleigedelen så må du skatte 22% av leigeinntektene frå hovuddelen. Om det fortsatt er rekna som primærbustad slik at du kan selge skattefritt finn eg ikkje svar på, men eg antek at både hovuddel og utleigedel er ein og same bustad og at det derfor ikkje blir rekna som at du bur ein annan stad om du flytter ut av hovuddelen. Det du kan tross alt ikkje selge hovuddelen utan å også selge utleigedelen. Dete er det som er relevant å vite opp mot skatteetaten. Dei neste spørsmåla er då opp mot burettslaget. Hovudregelen er at du må innhente løyve frå styret for å kunne leige ut, får du eit løyve til å leige ut så treng du ikkje å forholde deg til unntaka i burettslagsloven, så eit velvillig styre gjer alt mykje enklare. Om du ikkje får løyve frå styret så må du sjå på unntaka. §5-4 opner for at dersom du sjølv bur i bustaden så kan du overlate bruken av delar av bustaden til andre, då blir det eit definisjonsspørsmål om utleigedelen er definert som ein del av bustaden. I burettslag med dedikerte utleigedelar så vil dette typisk være regulert i vedtektene. Det som nok var tenkt når burettslagslova vart skreven var at ein andelseigar kunne leige ut til dømes gjesterommet i same leilegheita dersom ein sjølv budde og brukte resten av bustaden. Så der er litt rom for usikkerheit på om utleigedelen er ein del av bustaden eller om det er noko anna. Det andre relevante unntaket er at du kan leige ut i opptil 3 år dersom du har budd der minst 1 år i løpet av dei siste 2 åra. Du må fortsatt innhente løyve frå styret, men slik godkjenning kan berre nektast med sakleg grunn. Merk også at det frå burettslagets side så er det nok ikkje ynskjeleg med utleige av hovuddelane.
- 7 svar
-
- 2
-
Heilt einig, om fråvær av bevis ikkje er bevis på fråvær, så blir det slutt på fellande dommar ettersom den sikta alltid kan kaste ut påstand om at nokon andre utførte ugjerninga, og ettersom politiet sjeldan kan bevise med 100% sikkerheit at det ikkje har vært andre tilstades så er det rimeleg tvil i skuldspørsmålet og dermed må den sikta gå fri uansett kor gode dei øvrige bevisa er. Ps. du har feilsitert meg på siste avsnitt der du eigentleg meinte å sitere WiiBoy.
-
Eg er eigentleg einig med deg, berre at min konklusjon er heilt motsatt. Eg meiner at både sykkelvegar og trafikkreglar er utarbeida med tanke på førre generasjon syklistar, den gong dei som sykla var enten små barn eller voksne som sykla på tur med handlekorg hengande på styret. Den syklistgruppa som er i aldersgruppa 30-60 år som sykler i kondomdrakt og som sykler i vegbana fordi det går for sakte om dei skal bruke kombinert gang og sykkelveg ettersom dei då må vike for alle fotgjengere, er det i liten grad tatt omsyn til. Etter mitt syn så burde det både lovmessig og infrastrukturmessig vært eit klart skille mellom dei som bruker sykkelen i gangfart og oppfører seg som fotgjengere, og dei som bruker sykkel som eit transportmiddel og oppfører seg som bilistar. Den gruppa som sykler fort på sykkel har i dag veldig få fornuftige plassar å sykle utanom reine sykkelvegar. Dei syklar for fort til at dei kan dele vegen med vanlege fotgjengarar og dei syklar for sakte til at dei kan dele vegen med billistar.
-
I teorien er det vel ei muligheit dersom det skulle kome heilt nye bevis mot VK. Det eg likevel er litt usikker på er om det er avgrensingar på kor mange gangar ei drapssak kan gjenopnast. Ei gjenopning av ei gjenopning av ei drapssak med med fellande dom har eg aldri høyrt om før. Ei eventuell tilståing frå VK vil ha mykje same utfordringa som forklaringa til JHA, ei tilståing åleine utan fysiske bevis er ikkje nødvendigvis tilstrekkeleg for at ein kan dømmast. I denne saka så kan ein nok heller ikkje samanlikne ei hypotetisk tilståing frå VK mot forklaringa til JHA for å finne likheiter i forklaringa som kan brukast som bevis på at den hypotetiske tilståinga er sann. Til det så kjenner VK alt for godt til JHA sine forklaringar, så dersom VK av ein eller anna grunn skulle ville kome med ein falsk tilståing så er det enkelt å tilpasse ei tilståing til JHA sine forklaringar. Dersom det likevel skulle kome bevis og dom mot VK så vil tilbakebetaling av uriktig erstatningssum bli ein del av kravet, realistisk sett så blir nok det i praksis eit regresskrav mot ein enkeltperson som ikkje kan betale tilbake til staten, så sjølv om det skulle kome heilt nye bevis mot VK som er sterke nok til å både gjenopne gjenopningssaka og gi ny dom så er det lite sannsynleg at erstatningspengane vil kome tilbake i statskassa. Sterkaste beviset mot JHA for at han står bak begge drapa er vel at begge drapa har blitt utført på same måte, og at ettersom JHA har tilstått drapet på Stine Sofie så veit vi at det drapet er utført av JHA og ein kan såleis samanlikne direkte mot måten drapet på Lena har blitt utført på for å finne likheiter. Her blir det eit spørsmål tolking av bevisa og vurdering av kva retten finn sannsynleg. For strengt tatt om vi skal ta omsyn til all tvil uavhengig av kor usannsynleg det er så har vi ikkje bevis for at JHA har drept, vi har berre JHA sitt ord på at han har drept den eine og deretter (vært med på) å gjeme begge lika. Det som det er bevis for er at JHA har begått voldtekt og avsatt DNA på begge jentene. Heilt heilt hypotetisk så kan sjølvsagt JHA ha utført overgrepa og deretter stukket av med begge jentene i live og så har ein heilt ukjent tredjeperson tilfeldigvis kommet innom og utført begge drapa. Utanom det så er all bevisførsel knytt til at JHA kan koplast til åstaden, og at han er den einaste som det er bevist var der både på bakgrunn av DNA og eiga tilståing. Det derfor er usannsynleg at det har vært fleire på staden, og ettersom drapa har skjedd i det aktuelle tidsrommet så må spørsmålet som retten tek stilling til bli "Om ikkje JHA begikk drapet på Lena, kven andre kan det ha vært?".
-
Einig. Synes også påstanden mangler substans, men det eg antek at mora til JHA meiner er at saka blir hengande i lufta dersom JHA ikkje blir dømt for drapet på Lena Sløgedal Paulsen og det i dag manglar bevis mot VK slik at dette drapet blir ståande som uoppklart. For saka blir vel ikkje hengande i lufta om og når JHA blir dømt også for dette drapet? Det burde også vært gravd litt nærmare i at grunnen til at "alle veit at han var der" er jo fordi alle har blitt lurt av JHA forklaring, som i tillegg til å ikkje være særleg tillitsvekka også er prega av at JHA etter eige utsagn har "blackout" og berre huskar delar av handlingane på åstaden. Og kva meiner ho eigentleg med å legge lokk på det? Altså at når ein ikkje finner bevis for at VK var på staden så ikkje VK blitt dratt inn i saka i det heile tatt? I så tilfelle er eg heilt einig. VK har ingen fornuftig rolle i denne rettssaka der JHA er tiltalt for drapet på Lena Sløgedal Paulsen. Det finnes ikkje bevis for at VK var på staden så då har han lite fornuftig å forklare for retten angåande drapshandlinga, og det å bruke VK som karaktervitne for å forklare at JHA er ein slem mann er vel ikkje nødvendig når han alt er dømt for drap og voldtekt i denne saka. Det einaste temaet i denne rettssaka er jo om det finnes bevis for at JHA utførte begge drapa og ikkje berre det eine.
- 936 svar
-
- 1
-
Det som er problemet er at sykkelvegane er konstruert utifrå opplevd risiko og ikkje reell risiko. Dei aller fleste syklistar kjenner seg tryggare når dei sykler på opphøgd sykkelveg, då er risikoen mykje mindre for at ein billist kjem inn i sykkelfeltet og kolliderer med ein syklist. For dei fleste syklistar så er det dette som er den store skrekken. Realistisk sett så er den største ulykkesrisikoen at syklisten velter, og i den samanhengen utgjer opphøgd kantstein ein ekstra fallrisiko. På den andre sida igjen så kan det likevel være heilt rett med oppheva sykkelfelt ettersom dei mest alvorlege sykkelulykken må vel være ulykkene der ein uvitande sykklist blir meia ned av eit køyretøy? Så dersom målet er å førebygge dødsulykker på sykkel så er det ikkje gitt at sykkelstiar i same høgde som vegbana er det beste. Sjølv om det er litt urasjonelt så kjenner nok dei fleste syklistar seg tryggare når eventuelle ulykker er sjølvforskylt ved at ein velter, for det som er mest skummelt er å bli påkøyrd utan moglegheit til å avverge situasjonen. Dersom ein er redd for å velte så kan ein kompensere ved å sykle saktare, men ein kan ikkje sjølv gjere tiltak for å ikkje bli påkøyrt av ein bil som mister kontrollen. Ei heilt anna problemstilling er at bygging av opphøyde sykkelvegar også er dyrare enn å berre bygge vegen litt breiare og male ei stripe, så ved å bygge opphøyde sykkelfelt så får vi også færre meter med sykkelfelt i året fordi det blir for dyrt. Min umiddelbare tanke er at opphøyde sykkelfelt blir ei kompromissløysing som fungerer dårleg for dei aller fleste. Ein kantstein på ca 10 cm er ikkje spesielt effektiv for å hindre at køyretøy køyrer opp på gang- og sykkelvegar, mister bilisten kontrollen så stopper ikkje kansteinen eit køyretøy. Det einaste ein oppnår med kantstein er at billistane held avstand for å ikkje øydelegge felgane. Samtidig så utgjer kantsteinen ein fare for syklistar som då er "fanga" i sykkelfeltet og i liten grad kan entre vegen utan å velte i vegbana. Så dersom ein skal verne syklistane så burde ein vel også hatt heilt fysisk hindring som autovern eventuelt solide stolpar med jamne mellomrom dersom det ikkje er ynskjeleg med full avstenging av sykkelvegen. Ulempen med fysisk hindring er at det utgjer ei utfordring med snøbrøyting og anna vedlikehald.
-
Dette er vel vanleg praksis når ein har fått ei dom i saka og ikkje lenger ser på bevisa som relevante, eg har forståing for at det ikkje er uendeleg med lagringsplass for bevis. I saka mot JHA og VK så var nok alle såpass overbevist om at det var riktig dom, så ei ny vurdering av bevismaterialet var det nok ingen som tenkte på. I tillegg så handlar det vel om at ein ikkje nødvendgvis forstår kva ein kan få ut av bevismaterialet med framtidig teknologi. Gjenopninga av denne saka er vel eigentleg på flaks, slurv eller ordrenekt ettersom DNA-prøvene var meldt som destruerte før ein mange år seinare fant DNA-prøvene i ei fryseboks likevel. Det var tydelegvis meininga at også DNA-prøvene skulle vært destruert etter rettssaka. Det er verre når ein destruerer bevismateriale i saker der ein ikkje har fått ein dom, vi har jo nokre eksempel på det der ein mange år seinare får ein ny mistenkt men manglar bevismateriale som den mistenkte kan sjekkast opp mot. Eg håper at ein i dag er flinkare til å ta vare på biologisk materiale som bevis i dei fleste saker då det burde være openbart at DNA teknologien berre går framover slik at ein kan hente ut DNA profil frå prøver som ein før ikkje klarte å hente ut fullverdig profil frå. Eg reknar med at i framtida så kan ein også få meir informasjon ut av ein DNA-profil, ikkje berre sannsynleg hår og augefarge men kanskje også anna genetisk informasjon som kan beskrive personen. Tenk om ein i framtida kan sjå på DNA-profilen og sjå at den mistenkte har ein far som er utsatt for ein bestemt type kreft slik at denne informasjonen kan kryssjekkast mot pasientar som har motteke slik behandling og som har ein sønn med bestemte genetiske eigenskapar. Om teknologien og kunnskapen går den vegen så vil ein med gamle DNA-profilar også kunne leite seg fram til mistenkte og ikkje berre passivt samanlikne profilane med eventuelle mistenkte.
-
Ein sykkel slit på underlaget på ein heilt anna måte, problemet er ikkje den vertikale belastninga ved kvart skritt men den horisontale krafta som lager gjørmete stier ved at sykkelhjulet går rundt. Du får tilsvarande slitasje med vanleg sykkel, men med elsykkel blir det meir kraft i hjulet bevegelse. Dette speler ingen rolle på etablere grusvegar, men det har stor betydnig for stiar som blir veldig gjørmete for andre turgåarar.
-
Hovedforskjeller mellom FrP og Høyre?...
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Politikk og samfunn
Kommunene får sine tilskot frå staten, så sjølv om det ikkje er direkte samanheng mellom statleg styrt straumpolitikk og kommunenens økonomi, så er det slik at når staten får mindre pengar inn så er det mindre pengar å betale ut til kommunane. Sjølvkostprinsippet er vel og bra det, men i praksis så er heller ikkje sjølvfinansierte kommunale tenester i eit vakuum som er uavhengig presten av komnuneøkonomien. -
Hovedforskjeller mellom FrP og Høyre?...
The Avatar svarte på Skeptikus sitt emne i Politikk og samfunn
Legg gjerne merke til at FrP er flinke til å foreslå korleis ting skal bli billegare, men dei manglar forslag på kva som skal fjernast for at AS Norge skal ha nok inntekter til å holde tenestenivået oppe. Det hjelp lite at straumprisen går ned om det fører til at renovasjonsavgifta går opp. Høgre er mindre populistiske og meir realistiske. Det gir ofte utslag i at dei klarer å drive politikk gjennom heile perioden, men dei har litt mindre krutt i kanonen når det er valgår. Som til dømes eksempelet ditt med at Høgre ikkje blankt avslår samarbeid med MDG. Om alt det koster H å støtte MDG i nokre enkeltsaker så vil det fort være fornuftig når ein då kjem i posisjon til å også utøve høgrepolitikk. Frp er ofte i opposisjon og nekter å samarbeide med andre parti slik at dei kjem i posisjon. Det gjer at FrP ofte er i mindretal i alle saker, men samtidig er det trygt å kunne fritt kritisere partia som har politisk makt utan å sjølv må stå til ansvar for negative sider ved politikken. For FrP så er det kanskje best å være i mindretal med ein tydeleg politikk på at avgiftene må ned, utan å faktisk måtte utøve den makta og bestemme at for å finansiere avgiftskuttet så må til dømes trygdeutbetalingane reduserast eller at nokre sjukehus må leggast ned. -
AI-generator lager musikk med vokal
The Avatar svarte på Diskusjon.no sitt emne i Diskuter artikler (Tek.no)
Eit interessant spørsmål er korleis det vil stille seg rundt opphavsrett dersom ein artist AI genererer ein heil sang og deretter kopierer AI sangen og lager ein heilt ny versjon med same lydbilde. For då er det ikkje eit orginalt åndsverk lenger, men samtidig er det eit åndsverk utan opphavsperson og som aldri har blitt publisert før. -
Ja, det er ingenting å tene på å varsle om feilen. Det einaste du kan oppnå er negative ting som at sensor blir oppmerksom på feilen og må då reagere på den. Sannsynlegheita for at du kan redde inn ein redusert karakter eller i verste fall ein styrk ved å peike it feilen og be sensor om å ikkje sjå på den er i beste fall liten. Det er mykje større sjans for at du snakker deg til ein reaksjon. Som plagiatsaka har vist så kan sensor velge å sjå mellol fingrane på slike feil, men ikkje når feilen blir påpeikt.
- 6 svar
-
- 1
-
Det kjem heilt ann på om Leathermanen blir vurdert som eigna til å forårsake kroppsskade. Det er uansett bæring av kniv uavhengig av om du har den i lomma eller gjemt i botnen av ryggsekken. For at kniven skal bli rekna som lovleg så må du ha eit aktverdig formål, og det blir også ei vurderingssak. Det er ikkje gitt at du blir trudd på at du treng kniven for å opne chips posen når du er i byen, og i alle fall når det nærmer seg kveld. Så kvar du fysisk befinner deg har også betydning, lommekniven som er heilt OK når du skal på skogstur treng ikkje å være OK når du er på vei til pubben.
-
Vanlegvis er det langt mindre alkohol, typisk nærmare 0,4. Grunnen til at det står 0,7% på flaska er at dette er maksimalt alkoholinnhold for at ølet skal være klassifisert som alkoholfritt. Neste klasse er lettleste som kan være opp frå 0,7 til 2,7 %. 0,7% er forøvrig same alkoholinnhold som kulturmjølk.
- 41 svar
-
- 2
-
Husk også eplejuice er alkoholfri vin og vatn er alkoholfri vodka. Særleg smaksatt øl slik som radler (som eg antek er meint med øl med ulike smakar) så er det mest brus. Hadde det blitt solgt som brus med naturleg sødme frå malt så hadde folk kjøpt det fordi det er sunt. Smaksatt øl har ellers ikkje så mykje til felles med anna øl.
-
Er det bevist at VK faktisk hadde på seg disse klærne og ikkje husker feil? Sjølv om VK meiner å huske kva klær han hadde på så er det ikkje gitt at han faktisk husker rett. Om det er rart at han husker dette kjem heilt ann på kva som er omstendigheitene, som at t-skjorta var ny eller at han brukte denne arbeidsbuksa kva dag.
- 936 svar
-
- 1