Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    19 719
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Ulike nasjonar og befolkning har ulikt verdisyn, og sjølv om det sikkert er veldig mange ulike meiningar ute å går så må det vel ikkje feil å seie at den vestlege framgangsmåten er ein av dei betre samfunnstrukturane som ivaretek behova til den jamne innbyggaren. For fengselsvesenet så er den vestlege måten den måten som både gir best rettssikkerheit med tanke på bevisførsel, og er forholdsvis gode for å ivareta fanganes fysiske og psykiske helse under soning (sjølv om den nordiske behandlinga av fangar ligg ganske lang framfor til dømes USA sin medtode). Og i tillegg så har den vestlege metoden som mål å rehabilitere slik at dei straffedømte skal ha moglegheit for å kunne kome tilbake til samfunnet etter at dei har sona sin straff. Det El Salvador gjer med disse fengsela er veldig effektivt. Ved å låse inn alle poteniselle problemmakere så får ein redusert kriminaliteten. Utfordringa sett med vestlege auger er at ikkje alle fangane er dømde etter gode rettslege prosessar, så ein del av dei innsatte kan være uskuldige eller skuldige i mindre alvorlege lovbrot enn det dei er dømde for. El Salvador får også eit problem om og når fangane slepp ut sidan det ikkje er tatt omsyn til rehabilitering i det heile tatt, så dette er personar som i svært liten grad får moglegheita til å leve eit lovlydig liv etter fengselsopphaldet. Både fordi dei nok vil sleppe ut med ein stor avsky mot styresmaktene, og fordi det nærmaste dei har fått av utdanning er opplæring i vold og kriminalitet, og fordi eksfangar i El Salvador ikkje kan forvente å få tilbod om vanlege jobbar slik at dei då må ty til kriminalitet for å livnære seg etter fengselsopphaldet. Generelt er eg ikkje ueinig med trådstarter, det er ikkje gitt at vestleg styresett er fasiten i alle tilfeller. Skal ein ha eit velfungerande demokrati så krev det at befolkninga i sin heilheit er opplyste nok til å kunne stemme på dyktige leiarar. I vesten har vi hatt dette fordi det har vært ei kampsak å få stemmerett, fyrst frå menn som ikkje er landeigarar og seinare av kvinner. Denne kampen og viljen til å være med på å bestemme har også ført til at befolkninga har brukt tid på å sette seg inn i korleis dei vil bruke stemmeretten sin. Min litt dystre spådom er at demokratiet står for fall. Det blir vanskeleg å oppretthalde eit fungerande demokrati når dei som stemmer ikkje har peiling på politikk og kanskje enda verre ikkje stemmer utifrå fakta og gjennomførbar politikk. Ein kan seie mykje stygt om diktatorer, men den store fordelen med ein eineherskande leiar er at det er lett å få ting gjort utan å bruke åresvis på diskusjonar utan konklusjon.
  2. Det stemmer ikkje. Vaksinasjonsgraden i Europa var klart lågast i aust Europa, mykje fordi dei er utanfor EU/EØS og hadde dårlegare tilgang på vaksiner. I tillegg hadde vi i Norge store utfordringar med at folk ikkje ville vaksinere seg, og dei som sa seg villige til å vaksinere seg møtte ikkje opp slik at mange vaksinedoser måtte kastast. Smittevernutstyret som vart stoppa i tollen var utstyr med manglande dokumentasjon. I den fyrste fasen av pandemien så var det mangel på sertifisert verneutstyr for bruk i helsetenesta. Dermed vart munnbind som ikkje var tette nok stoppa i tollen. Det var fyrst mykje mykje seinare at befolkninga som ikkje var helsepersonell vart oppfordra til å bruke munnbind som ikkje nødvendigvis trengte å oppfylle same krava som ved bruk på sjukehus. Grunnen til at dei norske smittervernråda ikkje anbefalte bruk av munnbind var mykje på grunn av at det viktigaste var å sikre at ein hadde nok munnbind til helsetenesta.
  3. Kan ikkje vere mange åra til. For dei aller fleste er det nok ikkje verre å stikke innom postkontoret for å hente eit brev enn det er å hente ein pakke. Fyrste steget blir nok at utkøyring av post skjer på bestilling, og då kan folk like gjerne være heime for å ta imot posten personleg.
  4. Skal du ta ein lærdom frå denne saka så er det å ikkje legge ut bilde av oppfinninga på Facebook slik at dyrevernarorganisasjonane kan sjå den. Eg er heilt for at vi skal ha dyrevelferd, og ein skal sjølvsagt kunne straffast for å torturere dyr utan mål og meining. Men sett opp mot det å bruke gift eller skaffe fleire kattar så virker denne innretninga å være forholdsvis human. Ein skal også ivareta kva som er praktisk mogleg å gjere i ein slik situasjon. Det er ein grunn til at fiskeslakteri brukar straum for å bedøve store mengder fisk samtidig, men eg reknar med at det er gode grunnar til at slike straumførande innretningar ikkje er kommersielt tilgjengeleg for vanlege forbrukarar.
  5. Det er ikkje nødvendigvis at jakt er så veldig dyrevelferdsmessig forsvarleg måte å avlive dyr på heller. Blir nok krav til at elgen må fangast levande i snarefelle og berre kan skytast etter at elgen har blitt neddopa av vetrinær.
  6. Dei har lov til å ta imot søknad og CV på pair, GDPR regelverket stiller berre krav til forsvaleg oppbevaring. Mange bruker det likevel som unskuldning fordi det kan være enklare å holde kontroll på poteniselle søkarar om alle søker elektronisk i eit utlysningsverktøy. Om du møter opp personleg og får beskjed om å sende inn CV elektronisk så har du likevel oppnådd det vikitgaste. Poenget med å møte opp direkte er å gi den som skal tilsette eit ansikt å knytte til namnet, og for å vise at du er interessert og motivert til å få jobben. Det er også ein god muligheit til å få eit fortrinn ovanfor andre søkarar ettersom du kan bruke dette møtet til å gi eit godt fyrsteinntrykk slik at du kan spare inn litt tid på formalitetar og høfligheitsfraser når du kjem til sjølve internvjuet. Er du litt kreativ så kan du vurdere å lage deg visitkort eller liknande som du kan legge igjen sjølv om dei ikkje vil ha søknaden i papirversjon. Eit anna tips er å lage ein veldig kort jobbsøknad der du ikkje har med så mykje andre opplysningar enn namnet ditt, kontaktinfo og at du er jobbsøkande. Veldig ofte kan du berre møte opp og spørre etter sjefen. Særleg på litt mindre arbeidsplassar er det veldig enkelt. På større arbeidsplassar kan det være ein fordel å gjere avtale om at du kjem innom, det kan også være greitt å ha satt seg litt inn i leiarstrukturen i firmaet ettersom det ikkje nødevndigvis du får snakke med storsjefen når du dropper innom uanmeldt, så då er det greit å være orientert om den personen du snakker med er ein relevant mellomleiar eller om det er ein vanleg tilsett som berre har i oppgåve å ta imot søknaden og sende deg ut igjen.
  7. Det høgsterett skal ta stilling til er vel om denne fella er lovleg etter dyrevelferdslova: Då er det eigentleg to spørsmål. Det fyrste er om drukning er dyrevelferdsmessig forsvarlig, og for å vurdere om det er forsvarleg så er det vel rimeleg å sjå til kva alternative måtar som var tilgjengelege. Det andre spørsmålet er om avlivingsutstyret er egna eller ikkje. Det at fella var heimelaga skal nok ikkje ha så stor betydning, så det fell nok tilbake til det fyrste spørsmålet om ei drukningsfelle er lovleg eller ikkje. Det at det var innblanda frostvæske (glykol) i vatnet skal etter mitt sin ikkje bety stort. I beste fall så er glykol eit stoff som gjer at ein fell i djup søvn og at stoffet blir tatt hurtig opp via hudkontakt. Eg ser i store norske leksikon at dyreforsøk har vist at dyr tek mindre skade av stoffet enn mennesker, men eg vill nok argumentert at det er eit par hakk betre for dyrevelferden at musene drukner i ei væske som også er bedøvande enn om det hadde vært berre reint vatn. Og sjølv om vi på ingen måte har ein fasit så har det ofte blitt sagt at drukning er ein av dei mindre smertefulle måtane å døy på, om mekanisk knusingsskade er særleg meir human måte å drepe mus på kan nok diskuterast, men der er sjølvsagt ein raskare avlivingsmetode. Sjølv om høgsterett heilt sikkert ikkje kjem til å vurdere dette, så lurer eg på om det er slik at denne fella hadde vært heilt innafor lova dersom det ikkje var vatn i den, slik at musene berre vart fanga i bøttene og så drept på anna måte nokre dagar seinare?
  8. Tråden handler ikkje om covid-19 sjølv om det er den openbare samanlikninga sidan det er derifrå vi har den nyaste erfaringa. Tråden handler om ein potensiell ny pandemi utan kur og med høg dødelegheit. Ved ein slik pandemi så vil det einaste som nytter være å unngå å bli smitta fram til ein kan bli vaksinert mot viruset. Dette er svært mykje som kan seiast om måten Covid-19 vart handtert på, men sjølv om vi i dag veit fasiten så meiner eg det var heilt rett å innføre umiddelbare tiltak for å redusere omfanget av smitte i staden for å krysse fingrane og håpe at pandemien ikkje blir så veldig dødeleg. Det som er nytt med pandemiar i dag er at det er svært mange personar som reiser svært mykje over heile verden på kort tid. Dersom vi får ein ny svartedauden så må vi også anta at smitten har blitt spredt til alle kontinent før vi i det heile tatt har oppdaga at vi har ein pandemi. Min personlege meining om Covid-19 handteringa er at den var særdeles vinglete. Dersom ein går for å isolere befolkninga så må ein ta steget fullt ut og akseptere at isolasjon har ein pris, både på psykisk helse for befolkninga men også får økonomi og arbeidsliv. Heile poenget med å isolere seg er å holde seg isolert til dei som alt er smitta ikkje lenger er smittsomme, det nytter ikkje å holde seg isolert på kvardagane, for deretter inviterte til folkefest i helga, og når smittetalet går opp så innfører ein ny isolasjon fram til neste helg eller ferie. Isolasjonsstrategien kunne også ha vært innført langt meir skånsomt dersom ein hadde kunne forby folk å reise rundt omkring i landet. Nordnorge hadde omtrent vært heilt fri for Covid-19 om det hadde vært innført innreiseforbod. Det vart forsøkt ei søringkarantene men det var ikkje lov så det måtte ein slutte med. I tillegg var stengte landegrenser, men også det hadde avgrensa med effekt når helsearbeidarar fekk reise inn frå land med mykje smitte og reise omtrent rett inn på sjukeheimen eller sjukehuset der dei aller mest sårbare oppheld seg. For ikkje å snakke om alle dei teite reglane som vart innført slik som at sjenkeplassar som også serverte tomatsuppe eller pølse i brød fekk holde opent medan reine sjenkeplassar ikkje fekk holde opent sjølv om det er ein brun pub med separate sittegrupper og klientell som ikkje danser på bordet. Alt i alt så var dei norske tiltaka såpass inngripande at det fekk store negative konsekvensar, samtidig som at ein ikkje holdt på tiltaka lenge nok til at det var effektivt. Hadde fyrste isolasjonsrunda vart ei veke eller to til så hadde vi truleg sluppet alle dei påfølgande nedstengingane. Alternativt burde ein gått langt mildare til verks og berre hatt anbefalingar.
  9. Det korte svaret er nei. Det nærmaste du kjem er å opphalde deg i internasjonalt farvatn der ingen nasjonar har jurisdiksjon, men også der er mykje regulert gjennom internasjonale avtaler. I praksis vil det alltid være ein stat som avkrev deg for skatt og avgifter. Dersom du ikkje klart både oppheld deg og bur i same staten så kan du fort risikere at det er fleire statar som avkrev deg for skatt. Det vil også være ulovleg for ein stat å ta frå deg statsborgarskapet om du ikkje har skaffa deg anna statsborgarskap. Det er fleire som har prøvd å etablere sin eigen nasjon, men det er ingen som anerkjenner nasjonen som ein sjølvstendig stat. Mange har fått late som at dei bur i ein sjølvstendig stat utan at myndigheitene bryr seg så lenge ein fortsetter å betale skatten sin, men dersom ein sluttar å betale skatt så blir ein til slutt arrestert for skatteunndragning. Sjølv om du til dømes flytter til Halaib-triangelet så er det ikkje gitt at norske myndigheiter rekner deg som utflytta.
  10. Det er relevant for kva som er aktuelle jobbar, og om ein i det heile tatt kan ha ein vanleg jobb. Eg er heilt einig i at alle må kunne stå i kjedelige jobbar, det som ofte kan være utfordringa for personar på autismespekteret er at autistar har synes andre ting er kjedelig. Der andre arbeidstakarar vil ha størst mogleg variasjon i arbeidsdagen så vil autistar typisk fokusere på ein ting om gangen.
  11. Sidan det står turnus så er det nok snakk om todelt skiftordning der du enkelte dagar jobbar 8 til 16, og andre dagar 10 til 18.
  12. Eg tenker at det er lite hensiktsmessig å ta eit årsstudium berre for å prøve å finne ut om dette er eit fagområde som du skal ta meir utdanning. Særleg om det i tillegg er på ein privatskule slik at du i tillegg må betale for det. Eit årsstudium i IT passar best for dei som alt har eit yrke der ein har fått ei vridning i arbeidsoppgåver slik at ein treng litt overflatisk IT kompetanse. Som f.eks. om du fortsetter med helsejobben din men får meir administrative ekstraoppgåver med datsystem så kan eit årsstudium i IT være ein fornuftig utviding av eksisterande kompetanse. Eg ville nok anbefalt å forsøke å finne ut om dette er eit aktuelt nytt yrke på andre måtar, også fordi at formalutdanning ikkje nødvendigvis gir godt innblikk i kva du kan forvente som arbeidskvardag i praksis.
  13. Paradoksalt nok så er denne framgangsmåten ein god måte å handtere pandemiar på for å unngå at menneskeheita blir utrydda. Hadde dette vært ein veldig dødeleg pandemi og ein hadde valgt å spre vaksinene heilt rettferdig og likt fordelt utover heile verdens befolkning så hadde vi kunne risikert at alle land får stor avfolking og dei få gjennlevande er for få og spredt utover for stort område til at ein kan få folketalet oppigjen. Då er det mykje enklare om ein verner eit tilstrekkeleg stort geografisk område som då kan overleve pandemien med samfunnsstrukturen i orden, og så kan etterkommarane av disse reise rundt i og spre menneskeheita til alle verdenshjørner. At nesten alle land valgte sine eigne tiltak var også ein stor suksess med tanke på å forhindre mulig utrydding. Fleire ulike strategiar aukar sannsynlegheita for at i alle fall nokon av strategiane hadde fungert. Hadde alle land hatt same tiltak som ikkje fungerte, og pandemien hadde vært veldig dødeleg så hadde vi kunne risikert at så mange mennesker døyde at menneskeheita blir utrydda. Det einaste som hadde vært meir optimalt om vi skal tenke stort på det er at FN eller liknande organisasjon burde bestemt kva tiltak kvart enkelt land skulle innføre slik at absolutt alle tiltak vart forsøkt. Alt frå veldig få tiltak som sikrar at landet kan opprettholde produksjon og økonomi til tross for stor risiko for smitte, til dei mest ekstreme tiltaka med fullstendig isolasjon der eit land eller område stoppar all kontakt med andre mennesker og overlever på hermetikk og tørrvarer til pandemien går over. Det er likevel fullt forståeleg for at ingen land vil frivillig gå for å innføre tiltak som ein ikkje ser fornuften i, berre for at det er ein veldig liten sjans for at det er berre disse tiltaka som fungerer. Sjølv om det er bra for menneskeheita at ein nasjon runierer sin eigen økonomi og forsvarsevne for at ikkje heile menneskeheita skal døy av sjukdom, så er nok folk flest vel så opptatt av at dei skal ha eit liv som er verdt å leve også etter pandemien, meir enn at ein skal overleve for ein kvar pris.
  14. Sitter med inntrykket av at utviklinga ikkje går heilt rette vegen. Ikkje fordi eg ikkje liker AI-verktøy men fordi software utviklinga går mykje fortare enn hardware utviklinga. Ein mobiltelefon er dårleg egna til å køyre tung bilde- og videoredigering. Sjølv med kraftig nok hardware så får ein problem med varmeutvikling om mobiltelefonen også skal få plass i lomma. Særleg når ein også skal lage mobiltelefon vatn og støvtett. Android rulla nyleg ut ei oppdatering full av nye AI funksjonar, eg er spent på kor mykje disse funksjonane reduserer batteritida. Det er fint å ha ein supercomputer i lomma som kan gjere alt som ein stasjonær-PC kan gjere, men ikkje når baksida er at telefonen må ladast anna kvar time.
  15. Som også @Tussi skriv så er det ikkje frivillig å jobbe (om ein ikkje lever på eigne sparepengar). Alle skal jobbe og tene pengar til livsoppholdet til seg sjølv og sin familie. Så er det ein del som som ikkje kan jobbe, og dei får uføretrygd fordi dei også har levekostnadar sjølv om dei er for sjuke til å jobbe. Det som nok provoserer folk du snakker med er at du legg lista for kva du er villig til å jobbe med særdeles høgt. Du vil ikkje ha ein triveleg jobb, ein interessant jobb, eller utfordrande jobb. Du seier du berre vil ha ein jobb du brenner for, det er sterke ord. Eg vil påstå at det er særdeles få som faktisk brenner for jobben sin, sjølv dei mest spennande jobbane har kjedelige arbeidsoppgåver. Dei fleste som liker jobben sin gjer det fordi dei totalt sett er fornøgde med jobben sjølv om enkelte aspekt av jobben er veldig kjedelig. Det er veldig få som har oppriktig lidenskap for å jobbe på lager, i butikk eller som reinhaldar, men det er ofte slike jobbar ein ender opp med å måtte ha fordi ein treng ei inntekt. Hadde du moderert deg eit par hakk så trur eg nok du hadde fått mykje meir støtte for at du treng ein jobb du er motivert for dersom du skal klare å holde ut i jobben. Som sagt så er "brenner for" og "lidenskap" eit i overkant sterkt uttrykk. Det er også ei kategorisering som det i praksis er umogleg å oppfylle, det vil i praksis være heilt umogleg å finne ein jobb du verkeleg brenn for, og sjølv om du finn ein slik jobb så vil nok også du oppleve at også denne jobben blir mindre engasjerande etter ei stund. Å jobbe etter evne er ei samfunnsplikt. Klarer du å finne ein jobb som du også liker så er også sjansen stor for at du gjer ein god jobb, som igjen er bra for både deg og arbeidsgiver. Men om du ikkje får drømmejobben din så må du akseptere å bruke din arbeidsevne i ei anna stilling til du får jobben. Det er nok få trikkeførere som har lidenskap for jobben, men det er nok mange trikkeførere som priser seg lykkelig for at dei får jobbe under tak på regnværsdagar eller for at dei får ha ein stillesittande jobb utan å være innelåst på eit kontor. Dei elsker ikkje alle sider med jobben, men dei er glade i jobben sin fordi det er eit fint kompromiss mellom ein jobb som er samfunnsnyttig og ein jobb som ikkje er ubehageleg å utføre. For deg så er det store spørsmålet om du er arbeidsfør eller arbeidsufør. Med autisme så vil din "sjukdom" være usynlig og mange vil nok dømme deg for å være lat og "entitled" fordi dei får inntrykk av at du tek eit aktivt valg om at dersom du ikkje får fast stilling som astronaut så er du ikkje villig til å ta andre jobbar. Systemet med uføretrygd er basert på at dersom du er i stand til å jobbe så skal du jobbe, uføretrygd skal du berre få dersom det er dokumentert at du ikkje er i stand til å jobbe. Dersom du kan jobbe men berre velger å ikkje jobbe så får du ikkje uføretrygd. Sidan Norge er ein velferdsstat så vil du i staden få sosialstønad, altså at du får akkurat så mykje frå staten som du treng for å dekke dei aller mest nødvendige kostnadar med mat og husleige.
  16. Sidan du nemte Sporty24 så tok eg å søkte opp ordensreglane. Sporty24 kallar ordensreglane sine for medlemsreglar. Utanom ein notis om normal oppførsel og at ein tek hensyn til andre så finn eg ikkje dei utfyllande medlemsreglane på nettsidene. Det eg finn på nettsida er at medlemsreglane blir jamnleg oppdatert og at du finner dei på nettsidene og som info-plakatar på treningssenteret. Det er mulig du kanskje må være pålogga for å finne medlemsreglane.
  17. Også basert på loggen så er eg etter forholda fornøgd med at nødvarselet ikkje blir for mykje misbrukt. Eg er ikkje heilt fornøgd med at varselet om "vanleg" ekstremvær blir sendt ut som nødvarsel, særleg nå ekstremværet handlar mest om faren for oversvømmelse og anna materielle skader meir enn liv og helse så synes eg kanskje at nødvarselet blir brukt heilt rett. Det er ikkje som at ein før ringte i kyrkjeklokkene og blåste i tyfonane ved ekstremvær så kvifor innføre slikt varsel no når det er elektronisk? Det sagt så synes eg at nødvarsel om så akutt rasfare at ein har starta med evakuering, væpna politiaksjonar og gasslekkasjer er heilt korrekt bruk av nødvarselet.
  18. Det er eit godt poeng. Respekt må krevast! I morgen møter du litt tidlegare på jobb og tisser i skoa til din nye sjef. Så kan du stå der og smile og le når sjefen trakker nedi skoa fulle av urin. Er du Alpha Dog så oppfører du deg som Alpha Dog! *voff voff*. Ikkje hør på nokon som prøver å få deg til å kue deg for å få ein velfungerande arbeidsplass, du er der berre 40 timar i veka så kven bryr seg om den tida alltid blir utriveleg?
  19. Synes det er litt tidleg å gå til "krig" over ein slik kommentar. Sidan det berre har skjedd ein gong så er det ikkje heilt utenkeleg at du har mistforstått kva som var meint. Å spørre om du har depresjon er litt vel direkte, og kanskje litt vel dristig som spøk ovanfor nokon som ein akkurat har møtt for fyrste gong. Men fyrste delen med å prøve å finne ut om du er ein person som vil ha litt tid for deg sjølv akkurat ved arbeidsdagens start kl 5, eller om du liker å starte dagen full av energi er jo i utgangspunktet eit sympatisk trekk for å lære seg sine kollegaer å kjenne. Med mindre dette skjer fleire gongar så er det ingen grunn til tenke at dette er hersketeknikk, det kan like gjerne være eit litt famlande forsøk på å få til ein god tone med sine nye kollegaer.
  20. Tupperware og hudprodukter er produkt som typisk blir solgt via multi-level marketing, så det tyder nok på at det er brukarar av treningssenteret som tek seg til rette og bruker treningsstudioet til å kome i kontakt med potensielle kundar, og ikkje at det er satt opp ein skikkelig butikk i butikken. Så det er nok stor sannsynlegheit for at dei som driv med slik salg ikkje har spurt eigaren av treningssenteret om lov. Det som kan utgjere ein praktisk utfordring er at med mindre den som selg slike produkter har med seg produkta inn på treningssenteret så kan det være vanskeleg å forby dei trenande frå å diskutere f.eks. Tupperware. Dei aller fleste treningssenter har ordensreglar/trivselsreglar og slik oppsøkande salg ovanfor treningskundane vil normalt være brot på dei vilkåra om det oppleves som plagsomt.
  21. Spørsmålet er vel heller kvifor vi deler opp idretten slik vi gjer? Det å ha herre- og kvinneklasser er ein særdeles grov inndeling, så ein burde vel vurdere om ein enten skal fjerne kjønnsinndelinga og gjere alle konkurransene opne for alle, eller så burde ein gå i andre retninga og opprette fleire klasseinndelingar for å på den måten få flest mogleg jamne konkurranser der det er spennande å sjå kven som stikker av med seieren. For også med tradisjonell inndeling i herre- og kvinneklasse så er det ikkje all idrett som er like spennande når alle deltakarane ser ut til å kome frå same støypeform. Dette kunne fort vært vel så interessant å følge ein basketliga for personar under 1,70 som ein liga der alle er 2 meter høge. Det er jo dette som gjer sjukamp interessant ettersom at utøvaren som har ein kropp som er tilpassa kulestøt også må klare å hevde deg seg i lengdehopp.
  22. Destilasjon er per definisjon å koke opp vatnet og fange opp dampen som kondenseres tilbake som væske for å på den måten bli kvitt ureinheiter som ein ønsker å skille ut. Det aller enklaste for heimebruk er å koke vatnet og samle opp dampen ved hjelp av eit destillerinsapparat. Men om du tenker på å desinfisering for å gjere vatnet trygt å drikke så har du fleire måter. Den aller enklaste måten er nok å gi vatnet eit oppkok, sidan målet berre er å drepe mikroorganismer så treng du ikkje å samle opp dampen, dampen kan fint kondensere tilbake i gryta. Du får også kjøpt vannrensetabletter, det er kanskje det som er aller enklast sidan du ikkje treng varme, men det krever sjølvsagt at du har tablettar for å rense vatnet kjemisk. Du kan også rense vatnet ved hjelp av filtrering, det er også veldig enkelt men tek litt tid. Så spørsmålet er helst kva du ønsker og oppnå? Og deretter om du med praktisk meiner raskaste måte, enklaste måte, billegaste måte, osv?
  23. Kontantar er eignentleg ikkje sporbare sjølv om det i enkelte saker kan nyttast både fingeravtrykk, DNA og serienummer for å spore kven som har vært i kontakt med pengane. Det som i praksis er sporbart er dersom du bruker penger som du ikkje kan forklare opphavet på. Som nemt så vil større kontantkjøp kunne bli registrert som mistenklege transaksjonar, kjøp med verdi på til saman over 40 000 kr skal ikkje butikken ta imot etter kvitvaskingslova. Det er heilt lovleg å ta ut eigne pengar som kontantar å oppbevare pengane heime. Når du då handler med kontanter og det blir spørsmål om kvar pengane kjem frå så kan du enkelt dokumentere at pengane kjem frå kontantuttak frå konto. Du vil likevel lage litt praktiske utfordringar for deg sjølv om du har veldig store beløp i kontantar. Det som ikkje er lovleg er når du tek ut pengane i kontanter med det formål å skjule pengane, enten det er å skjule penger frå kreditorer eller for å unndra seg formueskatt. I praksis er det ingen forskjell om ein skjuler pengane sine ved å ta dei ut som kontantar eller overfører pengane til andre kontoar i utlandet. Det er ikkje transaksjonen i seg sjølv som er ulovleg, det er formålet med å skaffe seg uberettiga vinning som er ulovleg. Dersom du tek ut kontantar for å gjemme i madrassen samtidig som du opplyser til kreditorane dine om at pengane er brukt opp på forbruk så er det ikkje lov. Men du kan sjølvsagt fint velge å bruke kontantar så lenge formålet ikkje er å skjule kor mykje pengar du faktisk har. Ein tilsvarande "svindel" er dei som tømmer sparekontoen sin i romjula for at det skal stå 0 kr på konto den 1 januar i eit forsøk på å undra seg formueskatt.
  24. Som mobile999 skriv så har du rett på erstatning også i andre tilfeller. Du har heilt rett i at dersom du har betalt for ei feriereise så er erstatningskravet veldig enkelt, då skal erstatninga være kostnaden ved å bestille ein tilsvarande tur dei vekene du ender opp med å få ferie. Forsinka utbetaling er også ein slik heilt konkret kostnad som du har rett til å få erstatta. Merk også at ferielova opner for at du skal kunne kreve ei rimeleg erstatning for velferdstap, her kan du nok ikkje forvente den heilt store utbetaling men det at du ikkje får tatt ferie når du hadde planlagt er også ein verdi som skal erstattast. Eg vil også påpeike at det ikkje nødvendigvis er slik at det er berre det som står i appen som er gjeldande. Slik som du legg det fram her så kan det nok argumenterast for at du har fått ferien innvilga ettersom du har søkt i god tid og i samråd med når det passa best for leiar at du tok ferie, når sjefen då heller ikkje har protestert på din søknad så kan du argumentere at feriesøknaden er godkjent sjølv om appen ikkje er oppdatert. Etter ferielova så skal du uansett være oppført på minst 3 veker ferie i tidsrommet 1 juni til 30 september, så på ein arbeidsplass der det er viktig for sjefen å ha kontroll på at ikkje alle tek ferie samtidig så må ein kunne forvente at dei tilsette blir tildelt aktuelle ferieveker.
  25. Ser i loggen: https://www.nodvarsel.no/tidligere-varsler/ at dei siste tre vekene er det sendt ut tre testvarsel som ikkje har blitt annonsert. Er ikkje heile poenget med å ha to faste testdagar i året (andre onsdag i januar og juni) nettopp at ein skal kunne gjennomføre slike testar når befolkninga er opplyste om at det kjem ein test?
×
×
  • Opprett ny...